MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember 2012. Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul"

Transkript

1 MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 5 / desember 2012 Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul

2 BUNADSUTSTILLING I KNARVIK SENTER 22.september hadde Bunadsnemnda i Nordhordland Husflidslag utstilling i Knarvik Senter. Me ville vise fram dei fine bunadane våre og gje rettleiing og svare på spørsmål frå interesserte. Det vart demonstrert korleis roggeband vert vevd og me viste òg perlevev og korleis perlesnor vert laga. Oddny Røyset demonstrerte kvitsaum og monterte ein lygar. Torill Geelmuyden viste bilder frå datamaskin. Randi Nedreås hadde på seg festbunaden, Aud Walde hadde mørk bunad og Anne Karin Rustad gjekk i grøntrøyebunad. Brudedrakta og dei andre bunadane hadde me på byster. Me kunne tenkt oss litt fleire folk i senteret denne dagen, men dei som stoppa opp, viste stor interesse. Oddny Tovekurs i Hillesvågen september med Ingvild Skår. Det var ni ivrige og lærevillige damer som møtte opp til dette kurset. Tema var "Å male med ull". Det skulle berre brukast norsk C1 ull. Motivet var blomar. Elevane utfolda seg med blomar i ulike fargar og fasongar.vi bygde opp bileta lag for lag. Det gjekk nokre timar med til kvart bilete. Veldig bra resultat. På bildet til høgre har deltakaren først lagt ut eit einsfarga grønt underlag, tatt på såpevatn og jobba litt før bakgrunnen vart lagt på. Starta med lyst oppe og mørkare fargar nedover, tova litt på det. Så kom stilkar og til slutt blomane. Deretter starta sjølve tovinga. Epleblomar i arbeid. Vart rulla inn i bobleplast og handklede og strekt ut med jamne mellomrom. Stemorsblomster og fiolar 2 To ferdige arbeid vakkert

3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig og intensivt kurs hvor all tid ble nytta til øvelse og innstudering av fletteteknikken. All applaus til en dyktig lærer med god erfaring i å vite hvor skoen trykker i denne sammenheng. Vi fikk ekstra øvelse i de vanskeligste deler og da vi ikke var så mange deltakere fikk hver enkelt god hjelp. Det var vi veldig glad for. Vi reiste hjem med en god følelse av at vi har lært en for oss ny teknikk, og det skal bli mer enn et par sokkeband for oss. Det er jo litt fantastisk at vi kan reise til Nordhordland for å delta på kurs og lage sokkeband til Sunnfjordbunad. Samtidig var det imponerende for oss å se hvor aktivt laget deres arbeider. Vi fikk oppleve klubbhuset i Hillesvågen og vevstova til Aud Marit. Det var en god opplevelse som dere kan være stolte av. Tusen takk til Aud Marit for godt kurs. Hilsen Gerd Nesbø og Maren Erland Førde, 24. september Det mørke bandet skal nyttes til tofarga strømper (hvit og sauesvart mønster) Det lyse bandet brukes til kvite strømper. LEFSEKURS Me tenkte at me kanskje kunne nå dei litt nord i fylket og i Gulen på kurset i haust. Difor valde me å ha kurset i Austrheim. 10 deltakarar er me svært godt nøgde med. Oppskrift på Fløyelslefser: 6 egg 4 dl sukker 400 gram smelta smør 1 boks sirup 2 ts hjortetakk 1 liter kefir kveitemjøl til passe deig (dvs ca 2,5 kg) Pisk egg og sukker til eggedosis, smelt smøret og ha sirupen i det smelta smøret. Ha surmelk og hjortetakk i eggedosisen saman med smør/ sirupblandinga og tilsett mjøl. Om ein ynskjer det, kan ein tilsetja 4 ss anis. Bak ut tynne lefser, steik dei på middels høg varme. Desse treng ikkje dynkast. Legg dei i eit laken eller dynetrekk, då held dei seg mjuke. Smør dei med det du likar best:-) eg føretrekkjer ei blanding av melis, smør og seterrømme. 3 Arild

4 Husflidsmessa til Nordhordland Husflidslag for veteranar og nye utstillarar Laurdag 3.november arrangerte Nordhordland Husflidslag den tradisjonelle husflidsmessa på Knarvik vidaregåande skule. Over 40 utstillarar hadde tinga plass til glede for dei vel 500 vaksne og born som besøkte messa. Veteranar og nye utstillarar hadde eit godt utval av ulike husflidsprodukt. Anna Fammestad, 92 år må reknast blant veteranane. Ho har vore medlem av Nordhordland Husflidslag sidan 1974 og deltatt på alle julemesser med unntak av 5 6 gongar då arrangementet her i Nordhordland kolliderte med tilbod om utstilling på Oljemessa i Stavanger og deltaking på messer arrangert av Fana Husflidslag. Ho minnast invitasjonen ho fekk til denne etter at NRK hadde hatt eit innslag om åklevevnaden hennes på Norge Rundt. Sjølv reknar ho med at dette er siste julemessa ho deltek på. Den store veven har Nordhordland Husflidslag fått, og arbeida i den små veven er snart ferdige. Då har ho planar om å ta fatt på bildevev, ho har eit halvferdig bilde ståande og vil gjerne arbeide vidare med dette. Det var og med bildevev det heile starta. Det er ikkje ofte ho sel åkle på messer, ofte kjem folk for å sjå og så tek dei kontakt att seinare for kjøp. Første gong på julemessa er to blide damer frå AUFERA. Veronika Lavik i raudt og Oddrun Helgø i kvitt. Dei vier korleis lefser skal bakast ut og salet går strykande både av frosne og nylaga lefser. Lefse produksjon er ei viktig inntektskjelde for AUFERA og i snitt lagar dei om lag 80 lefser til dagen opp i 100 har dei og klart om «alt går greitt». Dei bakar no fire ulike typar, fløyelslefsa med og utan anis, Solund lefsa og Aufera lefsa. Magrethe Neeraas Fjæren frå Bergen deltek også for første gong på julemessa. Ho har alltid vore opptatt av handarbeid og det er særleg strikking av ulike ull produkt med garn frå Hillesvågen ho viser fram. Her er både tova og stikka ull produkt for å halde føtene varme. Like viktig som å selje produkta synes ho det er å få formidle glede og nytta ved å drive med handarbed. Alma Kjærland frå Fitjar deltek og for fyrste gong på julemessa med englane sine laga i Tiffany teknikk. Ho lærte seg teknikken for fem år sidan og kvar engel har sitt eige uttrykk, og i dag er dette et arbeid som gjev mykje glede. Då ektemannen låg for døden snakka dei om framtida og kva ho kunne gjere for å klare seg som minstepensjonist. Han sa då til henne: «Englar skal lage englar», ikkje noko meir. Då ho vart enke tok ho i ferd med å lære seg arbeidet som sidan har gjeve ei god ekstrainntekt. 4

5 Nye på messa i år er også firmaet «Fru Espeland» som er etablert av to venninner som begge kjem frå Frekhaug og har gifta seg til Espeland namnet, Silje Espeland og Marianne Espeland. Førebels syr dei klede og utstyr til baby og småborn på hobbybosis og prøvar seg fram om det er ein marknad for dette i Nordhordland I tillegg til å delta på messar finst produkta deira på nett, Ei lita symaskin som og er finne på logoen deira, sjå bilde, fekk mykje merksemd. Også i år var det aktivitetar for born Karl Johan og Benjamin Litleskare viser fram nålefilta snømann og snor. Demonstrasjon hjå Husfliden i Bergen Bergen Husflidslag har demonstrasjon av handarbeidsteknikkar hjå Husfliden ein laurdag i månaden. I mangel på dugnadsfolk ynskjer dei at folk frå andre lokallag kan vera der stundom. Nordhordland Husflidslag fekk spørsmål om å delta laurdag 6.oktober. Det takka me ja til. Grete Vetås og Aud Marit Halland stilte med demonstrasjon av brikkevev, bandvev og brigding av sokkeband. Denne laurdagen var det haustferie i skulen,så det var mykje folk innom butikken. Dorthe Skappel gensaren var det mange som kjøpte garn til, men det var og nokre som hadde tid til å sjå kva me dreiv med. Interessa for bunadane våre var stor. Jenter i års alderen sette pris på å prøva brikkeveving. Shopping i Bergen fekk venta til ein annan dag,då brikkeveven var meir spanande. Ein slik laurdag i Husfliden var ein god arena til å få presentert teknikkar,bunadane våre,og ikkje minst laget vårt på. Grete og Aud Marit MINNEORD I haust døydde Anna Østerbø. Anna var medlem i husflidslaget og kom frå Masfjorden. Me møtte henne på husflidsmessene. Ho hadde sviing som sin hobby. På fat og skåler svidde ho inn landskap, tre og blomar. Mang ei flat fjøl omskapte ho til gåver og pynt. Ho måla med svipennen og la mykje av natursynet ned i arbeidet sitt. Trestammar og lauv i ulike variantar vart dekor på veggklokkene. På hytta si heldt ho samlingar der plantefarging var tema. Ho gav av sin kunnskap, men var også oppteken av å læra noko nytt. Ei positiv dame med eit godt blikk og smilande andlet som spreidde glede og smil til oss. Nordhordland Husflidslag Rannveig og Jorunn 5

6 Mange takk til ho Anna Anna Fammestad kontakta leiar for laget fordi ho hadde bestemt seg for å gje den store åkleveven sin til Husflidslaget. Den skulle nyttast på vevkursa på Dale. Ho følte at helsa ikkje strakk til lenger for å veva på den og at ho klarte seg med ein mindre vevstol ho hadde. Grete Vetås og Aud Marit Halland reiste til Anna for å hente veven. Det var ei fantastisk dame som tok imot oss med heimelaga betasuppe og bær frå hagen til dessert. Etter demontering av veven var kaffien og sjølvlaga kake komen på bordet. Det vart ei triveleg stund med mykje god vevprat. No er veven montert opp på Dale, og den første renninga er komen på. Det skal bli gode varme sjal. Så mange takk, Anna, for at me fekk veven din. Grete og Aud Marit JULEMØTET Meir enn 30 personar deltok på julemøtet måndag 26.november i Hillesvågen. Etter song, julegraut med mandel og kaffe og julekaker, skulle me læra å hekla julelykt. Ingrid Hopland hadde laga oppskrift og rettleia dei som trong hjelp. På framsida av bladet er bilde av Ingrid si lykt, som ho hadde laga før møtet. Me hadde og lotteri, med mange fine gevinstar, blant anna ein del gjenstandar me har fått etter Anna Østerbø. Ein triveleg kveld med avslutning før jul. Hekla lyslykt Legg opp 55 luftmasker, set saman til ein ring, med ei kjedemaske. Hekla 4-5 omgangar med fastmasker. Deretter 4 stavar i same hol = 1 stav-vifte. Hopp over 4 masker (stikk nåla ned i den 5.m) og hekle stav-vifter omgangen rundt, slutt med ei kjedemaske i fyrste vifte. Begynn neste omgang med tre luftmasker (=fyrste stav i vifta). Hekla så mange omgangar du vil, slutt med 4-5 omgangar fastmasker. Lykke til Ingrid Hopland Årsmøtet vert avvikla 18.februar 2013 Saker må vere styret v/leiar ihende seinast 6 veker før møtet. 6

7 KURS VÅREN 2013 Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Vikingsmykke i sølv Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 17. Dale jan Grendahus kr Pilfletting Lise Dyrhovden og Helg feb Hillesvåg kr 830 Flatbrødbaking Arild Hagenes og 10. Austrheim Helg mars vid skule kr 740 Kurs i skinnfell Kjersti Børilden Helg jan/feb Austrheim kr Kvinnebunad Linda Rongved Nordhordlandsbunad Aud Marit Halland Dag/Fred jan Hillesvåg kr Herrebunad Airin Espelid 14. Nordhordlandsbunad jan Hillesvåg kr Strikkekurs og Ingrid Hopland 6. Dale heklekurs feb Grendahus kr 920 Bilde i merinoull Ingvild Skår og Helg april Hillesvåg kr 650 Spinning med Vigdis Valde 11 håndtein (rokk) Helg ja Hillesvåg kr 695 Tauverk Kaspar Hansen mars/apr Flatøy kr 875 Materialutgifter kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. Påmelding til kursleiar seinast 10 dagar før kurstart 7 Påmelding til kvinnebunadskurs kan og sendas på mail til lrongve@yahoo.no

8 Me ynskjer alle våre medlemar og sympatisørar ei god og fredfull julehelg, samt eit godt nytt husflidsår. Minner samstundes om neste handarbeidstreff måndag 7. januar 2013 Kl i Husflidens Hus, Hillesvågen.Då tar me for oss nålebinding. Neste handarbeidstreff vert måndag 4.februar Årsmøtet vert avvikla 18.feb. Saker må vere styret v/leiar ihende seinast 6 veker før møtet. Helsing Styret POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf , e-post: kjehau1@ hfk.no Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf / , e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim 8

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juli Frå eit av arbeida som Broderinemda hadde med på utstillinga på Torgdagen i Hillesvågen.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juli Frå eit av arbeida som Broderinemda hadde med på utstillinga på Torgdagen i Hillesvågen. MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 2 / juli 2016 Frå eit av arbeida som Broderinemda hadde med på utstillinga på Torgdagen i Hillesvågen. I sist nummer av Primstaven gløymde vi å få med at valnemda

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / juni 2009 Resultatet frå plantefargingskurset på Årås 19.-21. juni Framme frå v: Anne Grete Breisnes (kursleiar), Grete Vetås, Beate Skag Storheim. Bak v:

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Ute mat Korleis laga god mat UTE Ute mat Korleis laga god mat UTE Sigrid Henjum- 03. desember 2013 1 Taco - ein favoritt også på tur. 4 pers Ingrediensar: 600-800 g kjøtdeig av storfe, hjort, kylling eller svin 1 boks mais 1 paprika i

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2012

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2012 MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / januar 2012 JULEMØTET 2011 Siste møtet før jul vart avvikla i Hillesvågen den 5.desember. 25 deltakarar var med. Nytt i år var quiskonkurranse, - alle like

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / mars 2015

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / mars 2015 MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / mars 2015 Årsmøte og val Årsmøte vart halde 2 februar 2015 med 25 medlemmer til stades. Under finn de oversikt over dei forskjellige styrer og nemder, kven

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / nov 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / nov 2016 MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / nov 2016 Laurdags kafeen i Hillesvågen. Nordhordland Husflidslag starta i 2009 opp med Laurdagskafé i Husflidens Hus i Hillesvågen. Laget hadde då inngått

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com SIGNES VOTTAR Lusevottar med konststrikka kant, middels damestorleik. Strikkinga kan varierast på mange måtar. I denne oppskrifta er det strikka kile til tommelen for å få god passform. Mønsteret er i

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember 2013. Me ynskjer ei god og fredfull jul og eit godt nytt husflidsår for alle våre medlemar

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember 2013. Me ynskjer ei god og fredfull jul og eit godt nytt husflidsår for alle våre medlemar MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 5 / desember 2013 Me ynskjer ei god og fredfull jul og eit godt nytt husflidsår for alle våre medlemar Damene på stova. Kulturberarar med nål og tråd! Medlemene

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juni 2017

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juni 2017 MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 2 / juni 2017 Spinnekurs 3-4-9 mai 2017 med Vigdis Valde Neste gong det er spinnekurs bør det vera kø!!!!!! Me var 4 stk. på eit fantastisk inspirerande og lærerikt

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 6 / desember 2014. Me ynskjer alle ei God og fredfull Jul og eit retteleg Godt Nytt år.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 6 / desember 2014. Me ynskjer alle ei God og fredfull Jul og eit retteleg Godt Nytt år. MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 6 / desember 2014 Me ynskjer alle ei God og fredfull Jul og eit retteleg Godt Nytt år. Kjære alle medlemmar i laget LEIAREN HAR ORDET Eit år går altfor fort!

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012 Årsrapport 2012 Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen Årsrapport bygdeutvikling 2012 I 2012 har hovedstyret i BU Instedalen hatt 7 styremøter. Styret har sett ned arbeidsgrupper til dei forskjellige prosjekta,

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus

Detaljer

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / juni 2017 Nordhordland Husflidslag var godt representert i Peer Gynt-paraden som gjekk gjennom Bergens gater. Spinnetreff Den 4 september hadde me det første

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID. RAPPORT. SOGNDAL FOLKEHØGSKULE 2003. NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. Bakgrunn. Sogndal kommune har i de seinare åra teke i mot mange flyktningar

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Årsmelding for O-gruppa 2015

Årsmelding for O-gruppa 2015 HOVUDSTYRET Årsmelding for O-gruppa 1. ADMINSTRASJON OG LEIING 1.1 Styreverv Leiar Nestleiar Skrivar Kasserar Styremedlem Trude Bråten Pål Augland Bernt Heggøy Ann Merete Handegård Lars Andreas Een 1 år

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim Slik går du frem: 1. Velg deg en ramme. 2. Du skal nå lage et vakkert bilde

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo - Glytten 23. årgang Januar 2014 Helsing frå Lyngmo Når du mottek Lyngmoglytten denne gangen er det travelt arbeid i gang på kjøkkenet

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Ein god marmelade, "sunt" påskegodteri og to deilige dessertar får du servert av meg i dag. Sjokolade er det klassiske påskesnopet,

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Formannskapet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 13.01.2016 Tid: 15:00

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no

Vegvisar til vilbli.no Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer