Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet"

Transkript

1 Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet Vedteken av styret 9. mai Forskrifta trer i kraft 1. august Kapitteloversikt: Innhald Kapitteloversikt:...1 Kapittel 1 Verkeområde og definisjonar Verkeområde Definisjonar... 5 Kapittel 2. Gradar og utdanningar Gradar og utdanningar Krav til samansetjing av graden bachelor Krav til samansetjing av graden master Krav til graden philosophiae doctor (ph.d.) Krav til innhald og samansetjing av fellesgradar Krav ved tildeling av ny grad som byggjer på ein fullført grad Tillegg for namn for gradar Andre utdanningar Internt fagleg overlapp Godskriving og fagleg godkjenning... 9 Kapittel 3. Studieprogram og studieplanar Studiestruktur og studieplan Oppnemning av studieplankomité Godkjenning av nye studieplanar Etablering av nye studieprogram Endring av studieprogram og studieplanar Nedlegging av studieprogram Kvalitetsutvikling av studieprogram og emne Kapittel 4. Studierett Opptak Studierett Semesterregistrering... 13

2 4-4. Lengd på studieretten Poststudierett Semesteravgift og andre studentavgifter Utdanningsplan og studieprogresjon Studierett på emne Tap av studierett Kapittel 5. Permisjon Dokumentert permisjon Ikkje dokumentert permisjon Nedre grense for permisjon Frist for å søke permisjon Under permisjonen Etter permisjonen Kapittel 6. Privatist Eksamensrett for privatistar Eksamensforsøk for privatistar Undervisning for privatistar Kapittel 7. Tilrettelegging Rett til tilrettelegging Val av tilretteleggingstiltak Tilrettelegging av undervisning Tilrettelegging av arbeidskrav Tilrettelegging av eksamen Tilrettelegging av praksis Tilrettelegging av lesesalsplass Dokumentasjon Kapittel 8. Undervisning Studieåret Timeplanar Litteraturlister Arbeidskrav Undervisningsspråk Utstyr Arbeidsomfang Skikkavurdering Kapittel 9. Vurdering... 23

3 9-1. Vurdering og eksamen Vurderingsformer Ekstern evaluering av vurderingsordningane Kapittel 10. Praksis Vilkår for å gå ut i praksis Særlege krav til studentar i praksis Politiattest Politiattest med merknad Vurdering av praksis Oppmøte Ved tvil om studenten består praksis Ikkje bestått praksis utan varsel på førehand Farlege handlingar eller åtferd Konsekvensar av ikkje bestått praksis eller gyldig fråvær Gyldig fråvær frå praksis Talet på forsøk i praksis Kapittel 11. Eksamen Eksamensstad Tidspunkt for eksamen. Eksamensplan Vilkår for å gå opp til eksamen Oppmelding til eksamen Eksamensforsøk Teljande eksamensforsøk Trekk frå eksamen Gyldig fråvær til eksamen Ordinær eksamen Ny eksamen (kontinuasjonseksamen) Rett til utsett eksamen ved fødsel Eksamen i utgått emne Vurderingsstart Skriftleg skuleeksamen Munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen Gruppeeksamen Heimeeksamen, mappe og oppgåver Bachelor- og masteroppgåve Oppattaking av bacheloroppgåve, masteroppgåve og andre oppgåver... 37

4 Målform og språk i oppgåvetekstar Målform i eksamenssvar Anonymitet Kapittel 12. Fusk Fusk og forsøk på fusk Mistanke om fusk Konsekvensar av fusk Kapittel 13. Sensur og klage Sensur Sensurfrist Oppnemning av sensorar Kvalifikasjonskrav for sensorar Ekstern sensor Godkjenning av eksamensoppgåva, sensorrettleiing Gjennomføring av sensur Vesentleg karakteravvik ved klagesensur Karakterskala. Utrekning av endeleg karakter Kunngjering av eksamensresultat Rett på grunngjeving av karakter Klagefrist på karakterfastsetjing og trekkfrist Ny vurdering ved klage på karakterfastsetjing Klage på formelle feil Kapittel 14. Vitnemål og karakterutskrift Grunnlag for vitnemål Utskriving av vitnemål Karakterutskrift Kapittel 15. Iverksetjing og overgangsordningar Iverksetjing Overgangsordning for studie og emneplanar Overgangsordning for sjølvvald bachelorgrad... 46

5 Heimel: Fastsett av styret ved Høgskulen på Vestlandet 9. mai 2019 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) 3-2, 3-3, 3-5, 3-6, 3-7, 3-8, 3-9, 3-10, 3-11, 4-1, 4-2, 4-5, 4-6, 4-7, 4-8, 4-9, 4-10, 4-15, 5-1, 5-2 og 5-3, forskrift 16. desember 2005 nr om grader og yrkesutdanninger, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høyskoler, forskrift 1. desember 2005 nr om krav til mastergrad, forskrift 21. desember 2018 nr om godskriving og fritak av høyere utdanning, forskrift 7. februar 2017 nr. 137 om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning og forskrift 22. juli 2008 nr. 828 om studentsamskipnader. Kapittel 1 Verkeområde og definisjonar 1-1. Verkeområde (1) Forskrifta gjeld for studentar som har fått opptak ved Høgskulen på Vestlandet, for privatistar som tek eksamen etter universitets- og høyskoleloven 3-10 og for studentar under studieopphald i tilknyting til utvekslingsavtalar. (2) Det kan gjelde andre reglar for fagskuleutdanning i yrkesdykking, jf. forskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved Høgskulen på Vestlandet. (3) Forskrifta gjeld for forkurs og realfagskurs for ingeniørutdanning, så langt den passar utan å kome i konflikt med nasjonale føresegner for denne utdanninga. (4) Forskrifta gjeld ikkje for doktorgradsstudium, med unntak av 3-2 til 3-7 og føresegner som gjeld eksamen og fusk i arbeid som går inn i opplæringsdelen av ph.d.-programmet, jf. forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet. (5) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar. Avvik frå denne forskrifta skal gå fram av samarbeidsavtale og studieplan for fellesgraden, jf. 2-5 (4). (6) Styret kan gjere unntak frå paragrafar i denne forskrifta for studium med ekstern finansiering. Eventuelle avvik skal gå fram av studieplanen. (7) Mål, innhald og organisering av nautikkutdanninga er regulert i forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk. (8) Forskrift om rammeplanar og andre nasjonale styringsdokument er overordna denne forskrifta Definisjonar (1) Grunnutdanning er studieprogram der opptak ikkje føreset anna grunnlag enn generell studiekompetanse med eventuelle fagkrav eller godkjent realkompetanse og relevant arbeidspraksis. (2) Vidareutdanning er studiepoenggjevande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå som til vanleg byggjer på fullført grunnutdanning. Dette kan vere spesielt tilrettelagde enkeltemne eller vidareutdanningsprogram på lågare eller høgare grads nivå.

6 (3) Studieprogram er ei samling emne på 30 studiepoeng eller meir med eit samla læringsutbytte som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak og studierett til, og som fører fram til ei fullført utdanning, grad eller yrkesutdanning jf. kap. 2. (4) Emne er den minste eininga som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbytte som er fastsett i ein emneplan. Emne skal som hovudregel ikkje ha mindre omfang enn fem studiepoeng. (5) Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar. Studieplanen er bindande. Studieplan blir ved Høgskulen på Vestlandet òg nytta som namn på fagplan og programplan etter departementet sin definisjon i nasjonale rammeplanar, jf. 3-1 (2) og (3). (6) Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom student og institusjon. Utdanningsplanen skildrar høgskulen sine plikter og ansvar ovanfor studenten, og studenten sine plikter og ansvar ovanfor høgskulen og medstudentar. Utdanningsplanen synleggjer den planlagde faglege progresjonen og gjennomføring av studiet for den enkelte student. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen, jf (7) Rammeplanar er nasjonale forskrifter som fastset mål, innhald og organisering av visse utdanningar, og emne som inngår i ei utdanning. Kapittel 2. Gradar og utdanningar 2-1. Gradar og utdanningar (1) Høgskulen på Vestlandet tildeler følgjande gradar: a. Bachelor, normert studietid 3 år. b. Master, normert studietid 2 år. c. Master, normert studietid 5 år. d. Philosophiae doctor (ph.d.), normert studietid 3 år. (2) Høgskulen på Vestlandet tildeler følgjande yrkesutdanningar: a. Grunnskulelærarutdanning for trinn og trinn, normert studietid 4 år. b. Faglærarutdanning, normert studietid 3 år Krav til samansetjing av graden bachelor (1) Graden bachelor blir tildelt på grunnlag av eksamen i studieprogram, fag og emne med eit samla omfang på 180 studiepoeng. Grunnlaget for graden skal omfatte eitt av følgjande: a. Fullført 3-årig studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng som ifølgje nasjonal rammeplan gir bachelorgrad.

7 b. Fullført 3-årig studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen på Vestlandet gir bachelorgrad. (2) Sjølvvald bachelorgrad blir tildelt på grunnlag 180 studiepoeng med følgjande samansetjing : a. Fordjupingseining: Minimum 80 studiepoeng som er ei samla eining fordjuping i fag, emne eller studieprogram. Fordjupingseininga må vere innan eit fagområde som blir tilbydd ved HVL og kan ikkje ha inngått i ein bachelor- eller mastergrad tidlegare. b. Breiddeeining: Minimum 30 studiepoeng som ei samla eining i anna fag, emne eller studieprogram enn fordjupingseininga. c. Frittståande emne: Inntil 30 studiepoeng kan vere frittståande emne. Kvart emne må ha eit omfang på minimum 5 studiepoeng. d. Sjølvstendig arbeid: Fordjupingseininga må innehalde eit sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng i form av ei bacheloroppgåve, anna teoretisk-, praktisk- eller kunstnarleg arbeid, individuelt eller i gruppe. Dette skal utgjere eitt emne og kan ikkje setjast saman av fleire mindre einingar. e. Minimum 60 studiepoeng som inngår i graden må vere avlagt ved HVL, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning 3. f. Dekan for fakultet ved Høgskulen på Vestlandet som har relevant fagområde for fordjupingseininga, avgjer kva fag, emne eller studieprogram som kan godkjennast som fordjupings- og breiddeeining i graden sjølvvald bachelorgrad Krav til samansetjing av graden master (1) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad i samsvar med forskrift 1. desember 2005 nr om krav til mastergrad. (2) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad med eit omfang på 120 studiepoeng på grunnlag av studieprogram som er akkreditert av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), eller akkreditert av høgskulen sjølv. (3) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad med eit omfang på 300 studiepoeng på grunnlag av fullført master i grunnskulelærarutdanning for trinn og trinn. (4) Masteroppgåva skal vere av eit omfang på studiepoeng Krav til graden philosophiae doctor (ph.d.) Krav til graden ph.d. går fram av forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet, fastsett av styret for Høgskulen på Vestlandet.

8 2-5. Krav til innhald og samansetjing av fellesgradar (1) Ein fellesgrad er eit samarbeid mellom to eller fleire institusjonar, der desse i fellesskap opprettar og tilbyr eit studieprogram. Deltakande institusjonar har felles ansvar for opptak, undervisning, rettleiing og tildeling av vitnemål for fullført grad. (2) For fellesgrad gjeld dei same krava til samansetjing av graden som til grad tildelt av Høgskulen på Vestlandet. (3) For fellesgrad kan det gjerast unntak frå tilknytingskravet etter 14-1 (1). (4) Ved etablering av fellesgrad skal det vere utarbeidd og godkjent studieplan og ein samarbeidsavtale som regulerer fagleg samarbeid, administrasjon og økonomiske forhold. (5) Rektor godkjenner samarbeidsavtalar med andre institusjonar om etablering av fellesgradar Krav ved tildeling av ny grad som byggjer på ein fullført grad (1) Når ein student er kvalifisert for vitnemål for ei utdanning/grad og denne byggjer på tidlegare vitnemål for utdanning/grad, må studenten ha tatt minst 60 nye studiepoeng som ikkje er med i grunnlaget for tidlegare vitnemål. For nokre utdanningar kan det vere krav om 90 nye studiepoeng for å få tildelt nytt vitnemål, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning 3. (2) Sjølvvald bachelorgrad som byggjer på ein fullført grad a. Når ein sjølvvald bachelorgrad byggjer på utdanning som inngår i tidlegare tildelt vitnemål for grad ved Høgskulen på Vestlandet, må studenten ha tatt minst 80 nye studiepoeng som ikkje inngår i anna vitnemål for grad, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning 3. b. Fordjupingseininga kan ikkje ha vore del av ein tidlegare tildelt bachelor- eller mastergrad ved Høgskulen på Vestlandet eller ved ein annan institusjon. c. Ingen kan få tildelt meir enn ein sjølvvald bachelorgrad ved Høgskulen på Vestlandet Tillegg for namn for gradar (1) Grad som blir tildelt på grunnlag av fullført 3-årig studieprogram på lågare grads nivå (1. syklus) får normalt namnet «bachelor i <namn på studiet>», med eventuelt tillegg av namn på linje, studieretning eller liknande. Andre tillegg til namnet blir fastsett i samband med godkjenning av studieplanen. (2) Grad som blir tildelt på grunnlag av sjølvvald bachelor får namnet «sjølvvald bachelorgrad», utan andre tillegg. (3) Grad som blir tildelt på grunnlag av fullført studieprogram på høgare grads nivå (2. syklus) får normalt namnet «master i <namn på studiet>», med eventuelt tillegg av namn på linje, studieretning eller liknande. Andre tillegg til namnet blir fastsett i samband med godkjenning av studieplanen.

9 (4) Engelsk namn på gradar ved Høgskulen på Vestlandet blir fastsett i samband med godkjenning av studieplanen for studieprogrammet Andre utdanningar (1) Høgskulen tilbyr årsstudium og andre kortare utdanningar som byggjer på generell studiekompetanse eller tilsvarande. (2) Høgskulen tilbyr vidareutdanningar som byggjer på avslutta 3-årig, 4-årig eller 5-årig grunnutdanning, jf. 1-2 (2). (3) Høgskulen tilbyr yrkesutdanning som føl lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven): Yrkesdykkarutdanninga har normert studietid på 1 år Internt fagleg overlapp (1) Fagleg overlapp mellom emne ved Høgskulen på Vestlandet skal gå fram av emneplanane i form av talet studiepoeng fagleg overlapp omfattar (studiepoengsreduksjon). Dette gjeld òg fagleg overlapp med utgåtte emne. (2) Dekan fastset studiepoengsreduksjon mellom emna i tråd med forbodet om dobbel utteljing for same faginnhald i same grad, jf. universitets- og høyskoleloven 3-5 (1) Godskriving og fagleg godkjenning (1) Høgskulen på Vestlandet godskriv beståtte emne, eksamenar eller prøvar tekne ved annan institusjon i den utstrekning dei oppfyller dei faglege krava for eksamenar, gradar eller utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven 3-5 (1). Godskriven utdanning skal gå inn i grad tildelt frå Høgskulen på Vestlandet. (2) Det blir ikkje godskrive emne til erstatning for emne ved HVL som studenten allereie har bestått. (3) Studentar som har fått godskrive emne frå tidlegare utdanning, men likevel tek tilsvarande emne ved HVL og ønskjer dette på vitnemålet i staden, må sjølv be om oppheving av godskrivingsvedtaket innan to veker før vitnemål skal skrivast ut, jf Det er ikkje mogeleg å oppheve godskrivingsvedtak om emnet er avlagt som del av graden på utvekslingsopphald.

10 Kapittel 3. Studieprogram og studieplanar 3-1. Studiestruktur og studieplan (1) Studium ved Høgskulen på Vestlandet er organisert som studieprogram og emne, jf. 1-2 (3) og (4). Alle studieprogram og emne blir tilbydde på grunnlag av godkjend studie- eller emneplan. (2) Studieplanar blir utarbeida i samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning (studiekvalitetsforskriften), forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (studietilsynsforskriften), forskrifter om nasjonale rammeplanar, og malar for studie- og emneplanar med retningsliner vedtekne av Høgskulen på Vestlandet. (3) Studieplanen skal fastsette: a. namn på studieprogrammet med eventuelle studieretningar b. tal på studiepoeng c. opptakskrav d. læringsutbytte, innhald og oppbygging e. fagleg samanheng mellom emne f. arbeids- og vurderingsformer g. ordningar for studentutveksling og internasjonalisering h. eventuelle ordningar for praksisopplæring i. eventuelle krav om at visse emne eller praksis må vere fullført for å fortsetje studieløpet (progresjonskrav) j. emneplanar for alle obligatoriske og valfrie emne (4) Emneplanen skal fastsette: a. namn på emnet b. tal på studiepoeng c. forkunnskapskrav d. fagleg overlapp e. læringsutbytte, innhald og oppbygging f. undervisnings- og læringsformer g. arbeidskrav h. vurderingsformer i. lovlege hjelpemiddel til eksamen j. litteraturliste (5) Studieretning er ei fagleg spesialisering i eit studieprogram, slik ho er definert i studieplanen. (6) Normal studieprogresjon i ein studieplan skal vere 60 studiepoeng per år for eit heiltidsstudium, jf. 8-7.

11 3-2. Oppnemning av studieplankomité (1) Styret nemner opp studieplankomité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye ph.d.-program. (2) Dekan nemner opp studieplankomité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye bachelor- og masterprogram. (3) Dekan nemner opp studieplankomité og gir mandat til arbeid med nye studieplanar for studieprogram og emne til og med 60 studiepoeng på bachelornivå. (4) Studentar og tilsette skal vere representert i alle studieplankomitear. Studieplankomitear for studieprogram på meir enn 60 studiepoeng skal i tillegg ha ekstern representasjon Godkjenning av nye studieplanar (1) Utdanningsutvalet ved HVL gjer vedtak om godkjenning av nye studieplanar med eit omfang på over 60 studiepoeng. (2) Programutvalet gjer vedtak om godkjenning av nye emne i etablerte ph.d.- program. (3) Dekan gjer vedtak om godkjenning av nye studie- og emneplanar med eit omfang på til og med 60 studiepoeng, og alle nye emne i bachelor- og masterprogram Etablering av nye studieprogram (1) Styret sjølv gjer vedtak om etablering av nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng. Styret gjer vedtak på grunnlag av godkjent studieplan og ei vurdering av studieprogrammet i høve krav til akkreditering av studium i studietilsynsforskriften kapittel 2. (2) Dekan sjølv gjer vedtak om etablering av studieprogram og emne med eit omfang på til og med 60 studiepoeng. Dekan gjer vedtak på grunnlag av godkjent studieplan og ei vurdering av studieprogrammet i høve krav til akkreditering av studium i NOKUT si studietilsynsforskrift kapittel 2. (3) Alle studieprogram skal vere knytt til eit fakultet, eit studieprogramråd og ha ein studieprogramansvarleg med eit definert ansvar. Når eit studieprogram er sett saman av emne frå fleire fakultet, skal organet som treff vedtak om etablering avgjere kva fakultet som skal ha det samla faglege ansvaret Endring av studieprogram og studieplanar (1) Det skal gjerast ein årleg revisjon av alle studie- og emneplanar ved Høgskulen på Vestlandet. Dekan gjer vedtak om godkjenning av studieplanane innan 15. mars kvart år. Eventuelle endringar i studie- og emneplanar gjeld frå påfølgjande studieår. Vedtaket kan omfatte oppretting eller nedlegging av emne i eksisterande studieprogram.

12 (2) Utdanningsutvalet ved HVL gjer vedtak om endring av namn på vedtekne, gradsgjevande studieprogram. (3) Høgskulen sine studieplanar og emneplanar for kommande studieår skal publiserast på høgskulen sine nettsider innan 1. april. Sjå 3-6 (4) for unntak for ikkje-obligatoriske valemne. (4) Ved endring i studieprogram for studentar i normert løp, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at det samla læringsutbyttet for studiet blir vidareført, og at studentane får fullført på normert tid Nedlegging av studieprogram (1) Dersom høgskulen i samband med gjennomgang av studieportefølje vurderer å leggje ned eit studieprogram, eller avvikle studieprogrammet på ein av studiestadane, skal dekan sikre medverknad både frå studentar, fagmiljø og samfunns - og arbeidsliv. (2) Styret sjølv vedtek nedlegging av studieprogram over 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utskriving av vitnemål, slik at studentane får fullført på normert tid. (3) Dekan sjølv vedtek nedlegging av studieprogram til og med 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utskriving av vitnemål. (4) Dekan kan etter fristen 1. april avlyse valemne som ikkje er obligatoriske i eit studieprogram, om studenttalet er lågt eller det ligg føre andre særlege grunner. Dekan fastset frist for avlysing Kvalitetsutvikling av studieprogram og emne Høgskulen på Vestlandet skal arbeide systematisk med kvalitet på institusjons- og programnivå. Arbeidet skal sikre og utvikle god utdanningskvalitet ved høgskulen, og sikre at høgskulen oppfyller krava i studietilsynsforskriften og andre nasjonale og internasjonale krav. Kapittel 4. Studierett 4-1. Opptak (1) For opptak av studentar til studium og emne gjeld forskrifter fastsett av departementet og forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet. (2) På førespurnad frå høgskulen må studentar leggje fram originaldokument som grunnlag for opptak til studium eller for utskrift av vitnemål ved Høgskulen på Vestlandet. Studentar som ikkje legg fram desse originaldokumenta for kontroll, kan miste studieretten. Karakterutskrift og vitnemål frå Høgskulen på Vestlandet blir halde att til dei etterspurde dokumenta er lagd fram og kontrollert.

13 (3) For studium som tilbyr alternative opptaksvegar, der studentar kan oppfylle opptakskrava gjennom tilpassa kurs i studieprogrammet, kan studieplanen fastsetje krav om at desse kursa må vere bestått innan gitte fristar for å kunne fortsetje på studiet Studierett (1) Studierett er rettar knytt til det å vere tatt opp som student ved eit studieprogram eller emne og ha studentstatus. Studieretten gjev rett til å følgje lukka undervisning, gjennomføre praksis, kurs og seminar og gå opp til eksamen i samsvar med gjeldande studieplan. (2) Studieretten er knytt til studieprogram eller emne på den studiestaden studenten har fått opptak til. Dekan kan avgjera at særskilde emne kan vere opne for programstudentar ved andre studiestader ved høgskulen Semesterregistrering (1) Studenten må fullføre semesterregistrering kvart semester for at studieretten skal vere gyldig. Fristen for semesterregistrering er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. For vidareutdanningar med oppstart utanfor ordinær studiestart, er fristen innan 14 dagar etter oppstart. (2) Innan fristen må alle studentar: a. registrere seg på Studentweb b. godkjenne utdanningsplan for studieprogram dei er tekne opp til c. melde seg opp til undervisning og vurdering for emne dei skal ta i det aktuelle semesteret d. betale semesteravgift, jf (3) Studenten pliktar å halde seg oppdatert på relevant regelverk for studium og eksamen, og om organiseringa av studiet, arbeidskrav, tidsfristar og annan relevant informasjon. Studenten pliktar òg å halde seg orientert om meldingar som blir gitt via høgskulen sin læringsplattform, og informasjon som blir sendt frå høgskulen til studenten sin e-postadresse ved lærestaden Lengd på studieretten (1) Studentar blir tildelt studierett tilsvarande normert studietid for studieprogrammet dei er tatt opp til. (2) Studentar som er tatt opp til studieprogram med to års normert studietid eller kortare, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. 4-7 (4), få utvida studieretten inntil eitt år ut over normert studietid. (3) Studentar som er tatt opp til studieprogram med tre års normert studietid eller lengre, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. 4-7 (4), få utvida studieretten inntil to år ut over normert studietid.

14 (4) Studentar som er tatt opp til studieprogram med fem års normert studietid, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. 4-7 (4), få utvida studieretten inntil tre år ut over normert studietid. (5) Deltakarar på eigne kvalifiseringskurs for studium, til dømes forkurs og realfagskurs, kan ikkje utvide studietida. (6) Avgrensinga i studieretten gjeld ikkje for utsett studiestart, permisjonar etter 5-1 og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i klagenemnda. (7) Når studieretten er brukt opp, fell han bort. Studenten må søke nytt opptak for å kunne fullføre utdanninga. (8) Studieretten fell òg bort når studieprogrammet er fullført og bestått. Det same gjeld emnestudentar når eksamen er gjennomført Poststudierett (1) Studentar som har fullført eit studieprogram, har rett til poststudierett i inntil to semester etter fullføring, for å forbetre karakter på individuell eksamen i emne der dette er mogleg, sjå (2) Søknadsfrist for poststudierett er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. (3) Forbetra karakterar blir dokumenterte med karakterutskrift Semesteravgift og andre studentavgifter (1) Alle studentar skal kvart semester betale semesteravgift, jf. lov om studentsamskipnader 10, og kopi- og læremiddelavgift. Styret fastset kopi- og læremiddelavgift. Fristen for å betale er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. (2) Studentar som er tatt opp til eit studieprogram med eit normert løp på mindre enn 15 studiepoeng per semester, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift berre i semester med eksamen, jf. forskrift om studentsamskipnader 17 (2). Studenten kan velje å betale semesteravgift i semester utan eksamen. (3) Studentar som tek utdanning ved fleire institusjonar under universitets- og høyskoleloven, skal betale semesteravgift til utdanningsinstitusjonen der dei tek flest studiepoeng, jf. forskrift om studentsamskipnader 15 (2). (4) Studentar som reiser på utveksling til utlandet, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet, dersom ikkje anna går fram av samarbeidsavtalen med institusjonen i utlandet. (5) Studentar som kjem til Høgskulen på Vestlandet gjennom ein utvekslingsavtale (Nordplus, Erasmus+ og bilaterale avtalar), betaler semesteravgift til heimeinstitusjonen. Internasjonale

15 studentar som ikkje er knytt til ein utvekslingsavtale, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet, dersom det ikkje eksisterer nokon avtale om fritak. (6) Studentar på oppdragsbaserte studieprogram som er finansiert med eigenbetaling frå oppdragsgivar eller studenten sjølv, betaler ikkje kopi- og læremiddelavgift. Høgskulen kan bestemme at deltakarane på eit oppdragsbasert studieprogram får fritak frå semesteravgift, når det etter ei samla vurdering av undervisninga sitt omfang, undervisnings- og eksamensstad og andre forhold ikkje verkar rimeleg å rekne deltakarane som studentar, jf. forskrift om studentsamskipnader 17 (6). Ved tvil skal høgskulen rådføre seg med studentsamskipnaden. Deltakaren kan likevel velje å betale semesteravgift. (7) Semesteravgifta må vere betalt før studenten kan få studentkort og studentbevis. (8) Deltakarar på etterutdanningskurs og andre kurs det ikkje er knytt studiepoeng til, betaler ikkje semesteravgift. (9) Privatistar skal i tillegg til semesteravgifta betale vederlag til høgskulen, jf. universitets- og høyskoleloven 3-10 (4). Rektor fastset vederlaget. (10) Studentar som har betalt semesteravgifta, men trekkjer seg innan frist for semesterregistrering, kan få semesteravgifta refundert, jf. forskrift om studiesamskipnader Utdanningsplan og studieprogresjon (1) Utdanningsplanen er ein individuell avtale mellom studenten og høgskulen som viser planlagt fagleg progresjon og gjennomføring av studiet. Utdanningsplanen byggjer på studieplanen for studieprogrammet som studenten er tatt opp til, og er grunnlaget for grad og vitnemål. (2) Studentar som blir tatt opp til studium på 60 studiepoeng eller meir, skal ha ein utdanningsplan, jf. universitets- og høyskoleloven 4-2. Utdanningsplanen skal vere sett opp slik at studenten skal gjennomføre planlagt studieløp på normert tid som heiltids- eller deltidsstudent. (3) Studieplanen kan setje krav til progresjon. Studentar som ikkje oppfyller progresjonskrava vil som hovudregel bli flytta ned eit kull, og få ein tilpassa utdanningsplan. (4) Alle endringar i utdanningsplanen må skje innanfor rammene i 4-4 og studieplanen, og innan fristen for semesterregistrering. (5) Studentar som ikkje følger normert progresjon for studieprogrammet, må rekne med å følgje gjeldande studieplan og eksamensordningane som går fram av denne. (6) For studentar med lågare progresjon enn normert, permisjon etter 5-1 eller andre opphald i studiet, kan forkunnskapskrav fastsett i emneplan gjere at tidlegare fullførte emne må takast på nytt Studierett på emne (1) Emne med ledig kapasitet kan lysast ut som enkeltemne.

16 (2) Emnestudentar har opptak til eitt eller fleire enkeltemne utan å ha studierett til studieprogrammet emnet høyrer til. Dei skal følgje ordinær undervisning med dei same rettane og pliktene på emnet som programstudentar. (3) Opptak til enkeltemne blir regulert i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet. (4) Studierett på emne gjeld berre det eller dei semestera det er gitt opptak til. Dersom eksamen ikkje er bestått, kan studenten melde seg opp til påfølgjande ny eksamen. (5) Emnestudentar må oppfylle vilkåra i 4-3 (2) punkt a, c og d, betale kopi og læremiddelavgift etter 4-6 (1) og eventuell anna fastsett avgift for emnet, jf. forskrift om eigenbetaling ved universitet og høgskular 3-2 (2) Tap av studierett (1) Studentar som ikkje fullfører semesterregistrering etter 4-3 innan fristen, eller ikkje møter til semesterstart på nytt program jf. forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet 8-2, taper studieretten. (2) Studentar som har brukt alle forsøka på å fullføre eit emne, eksamen eller praksisperiode utan godkjend resultat og dermed blir stoppa av progresjonskrav, jf og 11-5, taper studieretten. (3) Studentar som har tapt studieretten etter andre ledd, får først nye forsøk ved eit eventuelt nytt opptak tidlegast 5 år etter avslutta studierett. (4) Studentar som ikkje oppnår studiepoeng i eit program i to semester på rad, taper studieretten til programmet. I desse to semestera inngår ikkje innvilga permisjonar, opphald i progresjon som går fram av utdanningsplanen og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i høgskulen si klagenemnd. (5) Studierett som er stengd kan bli gjenopna innan eitt år etter han er stengd, om det ligg føre særlege grunnar og stenginga rammar studenten utilsikta og uforholdsmessig hardt. Fakultetet avgjer søknad om å opne stengd studierett, og set opp ny utdanningsplan med nytt sluttpunkt for studieretten. Studierett kan berre bli gjenopna for same studieprogram. Kapittel 5. Permisjon 5-1. Dokumentert permisjon Studentar kan få permisjon frå studieprogram på grunnlag av dokumentert sjukdom, verneplikt, krevjande verv i studentdemokratiet og studentorganisasjonar, eller andre særleg tungtvegande tilhøve. Sjå også 5-6 (2). Rett til foreldrepermisjon går fram av universitets- og høyskoleloven 4-5. Permisjonstida kjem i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. 4-4.

17 5-2. Ikkje dokumentert permisjon (1) Studentar som er tekne opp til studieprogram med tre års normert studietid eller kortare, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil to semester. Slik permisjon blir ikkje innvilga første semester etter opptak. Permisjonstida kjem ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf (2) Studentar som er tekne opp til studieprogram med fire års normert studietid eller lengre, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil fire semester. Slik permisjon blir ikkje innvilga første semester etter opptak. Permisjonstida kjem ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf (3) Emnestudentar kan ikkje søke permisjon. Sjå også 5-6 (2) Nedre grense for permisjon Permisjon blir innvilga for eitt eller to semester. Det blir ikkje innvilga permisjon for kortare periodar enn eitt heilt semester anna enn i særlege tilfelle. Ved utdanningar der organisering av praksis eller anna tilseier det, blir det ikkje innvilga kortare permisjon enn eitt år Frist for å søke permisjon Frist for å søke permisjon er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Dersom det oppstår behov for permisjon med dokumentert grunnlag etter fristen, må studenten søke så snart som mogleg. Betalt semesteravgift blir ikkje refundert når søknad kjem inn etter fristen Under permisjonen (1) Studentar i permisjon skal ikkje betale semesteravgift, stadfeste studieretten eller ta eksamen, jf (2) Studentar som har permisjon på grunn av fødsel og omsorg for born, jf. 5-1, kan etter søknad ta eksamen i permisjonstida og skal då betale semesteravgift, jf (3) Ved permisjon med dokumentert grunn kan studenten velje å betale semesteravgift Etter permisjonen (1) Etter permisjonen blir studenten plassert i eit kull med tilsvarande progresjon. Studenten må gjennomføre studiet i samsvar med gjeldande studieplan, når han eller ho tek opp att studiet, jf. 4-7 (5).

18 (2) For studieprogram med opptak av berre eitt kull, eller der det av andre grunnar er uklart om, når eller kvar neste kull blir starta opp, blir det ikkje innvilga permisjon. Studentar på slike program med permisjon etter 5-1 vil berre kunne halde fram med studiet etter permisjon der dette er mogleg og innafor rammene av kapittel 7. Kapittel 6. Privatist 6-1. Eksamensrett for privatistar (1) Personar som dekkjer opptakskrav og andre krav for å gå opp til eksamen i eit emne ved Høgskulen på Vestlandet, har rett til å gå opp til eksamen, jf. universitets- og høyskoleloven 3-10 (1). (2) Personar med eksamensrett ved høgskulen etter universitets- og høyskoleloven 3-10 (1), som ikkje har opptak til emnet som student eller emnestudent, er privatistar. (3) For å kunne ta eksamen, må privatisten: a. Dekkje opptakskravet til studieprogrammet som emnet høyrer til, jf. forskrift om opptak ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 2. b. Dekkje eventuelle forkunnskapskrav for emnet. c. På fastsett måte og innan fastsett frist søke om å få ta eksamen i emnet. Fristen for å søke er 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret. Dokumentasjon av generell studiekompetanse og eventuelle tilleggskrav skal leggjast ved søknaden. (4) Privatistar skal innan fastsett frist betale semesteravgift og vederlag til høgskulen, jf. 4-6 (9). Vederlag som er betalt av privatist blir ikkje tilbakebetalt Eksamensforsøk for privatistar (1) Privatistar kan ikkje ta eksamen i same emne meir enn 3 gonger ved høgskulen, inkludert eventuelle forsøk han eller ho har gjennomført i det same emnet tidlegare, jf og (2) Privatistar som ikkje trekk seg frå eksamen eller ikkje har dokumentert gyldig fråvær under eksamen har brukt eitt forsøk på eksamenen, jf (3) Privatistar har ikkje rett på ny eksamen ved stryk, ugyldig fråvær eller gyldig fråvær. Ved stryk eller ugyldig fråvær må ein søke om oppmelding på nytt, betale nytt vederlag og semesteravgift ved nytt semester, jf Ved gyldig fråvær skal privatisten betale nytt redusert vederlag og semesteravgift ved nytt semester Undervisning for privatistar (1) Privatistar har berre tilgang til open undervisning i emnet og til å gå opp til eksamen.

19 (2) Privatistar som ikkje har følgt obligatorisk undervisning eller gjennomført arbeidskrav i emnet, kan bli nekta tilgang til eksamen, jf. universitets- og høyskoleloven 3-10 (2) og kapittel 8 i denne forskrifta. Kapittel 7. Tilrettelegging 7-1. Rett til tilrettelegging Studentar med funksjonsnedsetting og særskilte behov sin rett til tilrettelegging følgjer av universitets- og høyskoleloven 4-3 (5). Rett til tilrettelegging gjeld også ved sjukdom og graviditet. Tilrettelegging for studentar med verv i høgskulen sine vedtekne organ og utval samt tillitsvalde i studentdemokratiet går fram av samarbeidsavtalen med Studenttinget på Vestlandet. Tilrettelegging for studentar med toppidrettsstatus går fram av avtale med Olympiatoppen Val av tilretteleggingstiltak (1) Studenten skal få eigna individuell tilrettelegging. (2) Tilrettelegginga er avgrensa til tiltak som ikkje er urimeleg ressurskrevjande for høgskulen, sett i høve til kor mykje tiltaket bygger ned hindringar for personar med funksjonsnedsettingar. (3) Tilrettelegginga kan ikkje føre til senking av dei faglege krava til studiet. Kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i læringsutbyttet som går fram av studie- og emneplan kan ikkje falle bort. Desse krava kan heller ikkje setjast til side av avtale. (4) Tilrettelegging av utdanningsplan må skje innafor ramma av Tilrettelegging av undervisning (1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av undervisning skal sendast høgskulen seinast innan 1. september i haustsemesteret eller 1. februar i vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegging oppstår. (2) Høgskulen utarbeidar eigna tilrettelegging innafor ramma av Tilrettelegging av arbeidskrav (1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av arbeidskrav skal sendast høgskulen snarast mogleg etter at arbeidskravet er kunngjort for studentane, eller straks behovet for tilrettelegging oppstår.

20 (2) Høgskulen utarbeider eigna tilrettelegging innafor ramma av Tilrettelegging av eksamen (1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av eksamen skal sendast høgskulen seinast innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegging oppstår. (2) Høgskulen utarbeidar eigna tilrettelegging innafor ramma av 7-2. (3) Utvida tid til skriftleg skuleeksamen blir gitt som 10 minuttar pr. eksamenstime, men kan ikkje gå over 1 time totalt. Tid til amming kjem i tillegg. (4) Utvida tid til heimeeksamen blir berre innvilga i særlege tilfelle, der sjukdom eller andre tungtvegande tilhøve gjer at studenten ikkje kan arbeide i lengre tidsrom under eksamen. For heimeeksamen som varar åtte timar eller kortare gjeld same regel som for skuleeksamen, sjå punkt 3. (5) Det blir ikkje gitt utvida tid til munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen. (6) Studentar med eit anna morsmål enn norsk kan få bruke tospråkleg ordbok utan ordforklaring, med mindre faglege omsyn talar mot dette. Ordboka blir kontrollert. (7) Ved tungtvegande helse- eller sosiale grunnar kan studentar gjennomføre skriftleg skuleeksamen utanfor institusjonen. Høgskulen kan etter søknad godkjenne at eksamen blir avvikla utanfor institusjonen, når dette kan skje under forsvarleg kontroll. Eksamensstaden skal godkjennast av høgskulen på førehand. Frist for søknad er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, eller straks etter behovet for tilrettelegging oppstår. (8) Utvida tid til master- eller bacheloroppgåve blir berre innvilga i særlege tilfelle, inntil to veker eller til neste semester sin frist for innlevering. Utviding med eitt semester blir berre gitt to gonger Tilrettelegging av praksis (1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av praksis sendast fakultetet seinast innan 1. april for praksis som startar i haustsemesteret eller 1. oktober for praksis som startar i vårsemesteret. Ved praksis i løpet av første semester er søknadsfristen ved studiestart. Dette gjeld også søknad om å få gjennomføre praksis på ein særskilt stad, jf. tredje ledd. Ved situasjonar som har oppstått akutt blir søknad handsama jamleg. (2) I samråd med praksisstaden utarbeidar høgskulen eigna tilrettelegging innafor ramma av 7-2. (3) Søknader om å gjennomføre praksis på særskilt stad blir tildelt innafor ramma av 7-2, og vurdert etter følgjande vilkår i prioritert rekkefølgje: a. åleineansvar for born under 18 år b. sjukdom som krev behandling på ein bestemt stad c. dagleg omsorg for born under 12 år

21 d. funksjonsvanskar eller alvorleg sjukdom i nær familie e. toppidrettsstatus eller utøvar på landslaget f. utøvar i øvste divisjon i lagidrett g. enkeltutøvar på nasjonalt nivå h. verv i studenttinget, studentrådsstyret eller høgskulestyret 7-7. Tilrettelegging av lesesalsplass (1) Studentar med behov for særskilt utforming av lesesalsplass, som spesialmøblar eller skjerming, kan søke om reservert lesesalsplass eller eige kontor. Dokumentert søknad skal sendast høgskulen seinast innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegginga oppstår. (2) Høgskulen utarbeidar tilrettelegging av lesesalsplass innafor ramma av Dokumentasjon (1) Dokumentasjon på særskilt behov for tilrettelegging skal vere skrive ut av lege, psykolog eller annan sakkunnig person. (2) Dokumentasjonen må syne dei vanskane studenten har med å oppnå læringsutbyttet, eller med å gjennomføre undervisning, praksis eller eksamen. (3) Dokumentasjonen kan gje døme på tilretteleggingstiltak som kan vere eigna. Kapittel 8. Undervisning 8-1. Studieåret (1) Studieåret ved Høgskulen på Vestlandet er på 40 veker. Studieåret tek til medio august og blir avslutta ultimo juni. Rektor fastset undervisningsterminar, jf. universitets- og høgskulelova 3-8. (2) Undervisning og ordinær eksamen skal avviklast innanfor studieåret. (3) Forkurs, deltidsstudium, studieprogram i tresemesterordning, eksterne sertifikatkurs og eksternt finansierte tilbod kan ha avvikande studieår Timeplanar (1) Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisingsaktivitetane skal vere tilgjengelege på høgskulen sine nettsider innan fastsette fristar.

22 (2) Dersom det er nødvendig å endre tid og stad for undervisning etter publisering, skal endringa kunngjerast så snart som mogeleg. (3) Når det på grunn av omstende utanfor høgskulen sin kontroll er nødvendig å endre tidspunkt for obligatorisk læringsaktivitet skal endringa kunngjerast så snart som mogleg og ikkje seinare enn 2 veker før nytt undervisningstidspunkt. Dersom det ikkje er mogeleg å halde fristen på 2 veker, må studentane få tilbod om alternativ læringsaktivitet for å dekke læringsutbyttet Litteraturlister Litteraturlister skal vere publiserte innan starten av kvart semester Arbeidskrav (1) Arbeidskrav er alle obligatoriske læringsaktivitetar som er sett som vilkår for å ha rett til å ta eksamen eller gå ut i praksisstudium. Arbeidskrav blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent og inngår ikkje i endeleg karakter. (2) Arbeidskrav blir fastsett i emneplanen. (3) I emne med obligatorisk deltaking i undervisninga er kravet til frammøte 80 prosent om ikkje emneplanen seier noko anna. (4) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjent arbeidskrav gyldig utan tidsavgrensing. (5) Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vere fullført. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk på ikkje godkjende arbeidskrav, før godkjende og ikkje godkjende arbeidskrav skal registrerast. (7) Faglærar er ansvarleg for å registrere godkjende og ikkje godkjende arbeidskrav seinast 2 veker før eksamen tek til. I emne som avsluttar undervisninga tett opp til eksamen skal arbeidskrava vere registrerte ein dag etter siste undervisningsdag. Alle arbeidskrav skal vere godkjende før eksamensdagen eller før datoen for siste innlevering av skriftleg arbeid. (8) Vurdering av arbeidskrav er ikkje del av karaktergrunnlaget i emnet Undervisningsspråk (1) Undervisningsspråket ved Høgskulen på Vestlandet er som hovudregel norsk eller eit anna skandinavisk språk. (2) Dersom situasjonen tilseier det, kan dekan fastsetje at undervisningsspråket i heile eller delar av eit emne skal vere engelsk. Dersom undervisningsspråket ikkje er skandinavisk, skal det informerast om det så tidleg som mogeleg.

23 8-6. Utstyr Studenten skal disponere eigen berbar datamaskin til undervisning, jf. forskrift om eigenbetaling 3-3 (3). Studenten er sjølv ansvarleg for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre studium og eksamen Arbeidsomfang (1) Tal på studiepoeng skal gi uttrykk for arbeidsomfanget i studiet. Eitt års heiltidsstudium svarar til 60 studiepoeng. (2) Til grunn for emnestorleiken skal det reknast eit arbeidsomfang for studenten på timar per studieår Skikkavurdering (1) Det skal gå fram av studieplanen om studieprogrammet har krav om at studentane er skikka for yrket, jf. forskrift om skikkavurdering i høgre utdanning. (2) Om det blir reist sak for skikkavurderingsnemnda, har studenten rett til å få dekka bistand frå advokat, jf. universitets- og høyskoleloven 4-10 (5). Kapittel 9. Vurdering 9-1. Vurdering og eksamen (1) Vurdering omfattar all formell prøving, både vurdering undervegs og til slutt i eit emne. Vurderingsforma i eit emne går fram av emneplanen. (2) Eksamen er prøving der resultatet anten vil stå på vitnemålet/karakterutskrifta eller skal reknast inn i ein samla karakter som skal stå på vitnemålet/karakterutskrifta. (3) Eksamen er individuell med mindre noko anna går fram av emneplanen Vurderingsformer (1) Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsformer emnet har. Dersom det er fleire vurderingsdelar innanfor eit emne, er dette deleksamenar. Når eit emne har deleksamenar, skal emneplanen synleggjere dei ulike deleksamenane, og korleis deleksamenane blir vekta i den endelege karakteren.

24 (2) Individuell prøving skal utgjere minst 50 prosent av vurderingane i det einskilde studieprogrammet. Masteroppgåva blir halden utanfor denne utrekninga. (3) Det skal gå fram av emneplanen kva som er lovleg hjelpemiddel til eksamen, jf. 3-1 (4) bokstav i. (4) Studieprogrammet skal ha vurderingsformer som er eigna for å vurdere om læringsutbyttet er oppnådd, og som er tilpassa studieprogrammet sitt innhald og læringsaktivitetar. Det blir nytta følgjande vurderingsformer ved Høgskulen på Vestlandet: Skriftleg skuleeksamen Skriftleg eksamen arrangert i eksamenslokale under tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Tal timar skal gå fram av emneplanen. Etterprøvbar Heimeeksamen Eksamen der studentane blir tildelt oppgåve på eit fastsett tidspunkt, og med fastsett frist for innlevering. Tal på timar eller eksamensdagar skal gå fram av emneplanen. Heimeeksamen kan vere eit skriftleg arbeid, lyd- og videoopptak, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller andre element som er etterprøvbare. Etterprøvbar Oppgåve (prosjektoppgåve, rapport, semesteroppgåve, bacheloroppgåve eller masteroppgåve) Skriftleg innlevering utan fastsett dato for utlevering av oppgåve, men med fastsett innleveringsfrist. Etterprøvbar Mappe Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar, prøvar eller andre produkt som blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vere fullført til fastsett frist. Berre skriftlege arbeid, eller andre arbeid der vurderinga let seg etterprøve, kan gå inn i ei mappe. Mappa skal dokumentere ei kontinuerleg fagleg utvikling over tid hjå Etterprøvbar

25 studenten. Prosess, refleksjon kring utval av arbeid og progresjon i arbeidet kan vere ein del av vurderinga. Mappevurdering kan byggjast opp som ei samla mappevurdering eller delast i ei læringsmappe med påfølgjande vurderingsmappe: a. Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som er produserte gjennom ein viss periode. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine faglege refleksjonar og utviklinga i kompetanse. b. Vurderingsmappe er eit utval av element frå læringsmappa som dannar grunnlag for fastsetjing av karakter. Det skal gå fram i emneplanen kva for og kor mange element frå læringsmappa som inngår, og korleis utvalet blir gjort. Vurderingsmappa får ein samla karakter. c. Dersom studenten klagar på karakteren må heile vurderingsmappa sendast til ny sensur. Ordning for ny eksamen skal gå frem av emneplanen. Munnleg eksamen Munnleg eksamen der studenten/-ane blir eksaminerte av minimum to sensorar. Tal på timar skal gå fram av emneplanen. Ikkje etterprøvbar Justerande munnleg eksamen Ein munnleg eksamen som har ein særleg tett samanheng med eit føregåande skriftleg eller utøvande arbeid og som difor ikkje kan gjennomførast før karakter i det arbeidet er Ikkje etterprøvbar

26 Praktisk eksamen Praksis protokollført. Eksamenskandidaten skal hovudsakleg prøvast i emne som er behandla i det føregåande skriftlege eller utøvande arbeidet og karakteren kan maksimalt justerast med ein karakter opp eller ned i høve karakteren på det skriftlege eller utøvande arbeidet, jf Justerande munnleg skal alltid vere ein deleksamen med omsyn til studenten sin klagerett. Vurderingsform der studentar skal løyse praktiske oppgåver og bli prøvd i ferdigheiter i emnet. Det kan vere utøvande aktivitetar, som til dømes framvising av eit undervisningsopplegg, ei utstilling, ein konsert, eller behandling av pasientar. Eksamen kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon. Tal på timar eller eksamensdagar skal gå fram av emneplanen. Studenten/-ane blir eksaminerte av minimum to sensorar. Ein rettleidd og vurdert del av utdanninga som går føre seg i eit relevant yrkesfelt. Praksis følgjer reglane i kapittel 10 og eventuell nasjonal forskrift om rammeplan for utdanningsprogrammet. Ikkje etterprøvbar Ikkje etterprøvbar 9-3. Ekstern evaluering av vurderingsordningane Ekstern evaluering av vurderingsordningane, jf. universitets- og høyskoleloven 3-9 (1), kan gjennomførast for delar av eit studieprogram eller for eitt eller fleire studieprogram samla. Innanfor