Reguleringsplan Sjøholt sentrum PlanID Godkjent for offentleg ettersyn i KP-sak nr.35/19 i møte den

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Reguleringsplan Sjøholt sentrum PlanID Godkjent for offentleg ettersyn i KP-sak nr.35/19 i møte den"

Transkript

1 Ørskog kommune Reguleringsplan Sjøholt sentrum PlanID Godkjent for offentleg ettersyn i KP-sak nr.35/19 i møte den Planomtale Høyringsutkast 1

2 Innhald Samandrag... 4 Grunnlag og målsetting for planarbeidet... 5 Bakgrunn og mål... 5 Innsikt, tettstadanalyser og parallelloppdrag... 5 Planområdet... 6 Politiske vedtak... 7 Dette seier ungdommen... 7 Medverknad i planprosessen... 8 Området i dag, status og utfordringar... 9 Grøn mobilitet Restriksjonar som følgje av skred og flaum Havnivå Grunntilhøve Landbruk Kulturminne /freding Naturminne Natur og friluftsliv Eigedomstilhøve Planforslaget Reguleringsplankart Arealfordeling Visuelle kvaliteter Etablering av grøntanlegg langs E39/E Tydlegare vegstruktur Gåande og syklande Grønt/blågrønt Tilkomst og parkering Varelevering og renovasjon Universell utforming Restriksjonar som følgje av skred og flaum Bustader Næring

3 Trafikktryggleik, grøn mobilitet og mjuke trafikantar Tiltak langs E Parkering Støy Naturmangfald Landbruk Sjøområde og strandsone Flaum og overvatn Tilgjenge for alle Klima og miljøtiltak Estetikk, landskap og kulturmiljø Automatisk freda kulturminne Konsekvensar av planframlegget Konsekvensutgreiing (KU) Folkehelse Kostnadsfordeling teknisk infrastruktur

4 Samandrag Denne planomtalen gjeld reguleringsplan for Sjøholt Sentrum. Ørskog kommune vert ein del av nye Ålesund kommune Sjøholt er i dag kommunesenter, og intensjonsavtalen viser til Sjøholt som eit av sentera nye Ålesund skal satse på i framtida, dette skal planen legge til rette for. Dei nasjonale forventingane til planlegginga som kom i mai 2019 er heilt på linje med målsetningane i kommunen sin eigen planstrategi frå 2017om m.a. sentrumsutvikling. Reguleringsplanen skal legge til rette for ei klimavennleg utvikling av Sjøholt som spesielt vektlegg grøn mobilitet som t.d. gang og sykkelnettverk, fortetting og god handtering av overvatn. Reguleringsplanen skal legge til rette for ei utvikling av Sjøholt som ein sjølvstendig, grøn og vital fjordlandsby med ein tydeleg identitet. Sjøholt skal bruke det beste av alle sine muligheiter; opne sentrum opp mot fjorden, aktivisere kystlinja, styrke dei historiske linjene og ta vare på eldre, identitetsberande bygg frå alle delar av Sjøholt si historie og skape gode byrom der folk kan møtast. Eit mål med planen er at den skal speile innbyggjarane, næringslivet, politikarane og andre interessentar sine ønskjer, og slike legge til rette for at utvikling vil skje. Involvering og medverking har derfor vore svært sentralt i heile planprosessen. Folkemøter og verkstader, i kombinasjon med uformell medverking og dialog har vore viktig for å la aktørar frå ulike interesse- og samfunnsfelt komme til orde. Slik medverknad verkar mobiliserande gjennom å få aktørar i tale, gjere dei bevisste si eiga rolle og posisjon i lokalsamfunnet. Med den nye planen ønskjer vi å legge nødvendige føringar for å kunne skape den fjordlandsbyen innbyggjarane ønskjer seg. Målet er ein god balanse mellom nødvendige styringsgrep og fleksibilitet slik at næringslivet, grunneigarane, offentlege instansar og andre premissleverandørar vil kunne utvikle Sjøholt til ein trygg, funksjonell og attraktiv stad for alle. 4

5 Grunnlag og målsetting for planarbeidet Bakgrunn og mål Reguleringsplanen skal legge til rette for utvikling i samsvar med mål og prioriteringar nedfelt i kommunal planstrategi for Ørskog kommune , vedteken i K-sak nr. 24/17. Planprogrammet er vedteke i Ørskog Kommunestyre den 29. november Nasjonale forventingar 1 til regional og kommunal planlegging set rammer for reguleringsarbeid; Forventningane legg spesielt vekt på: Planlegging som verkty for heilheitleg og berekraftig utvikling Vekstkraftige regionar og lokalsamfunn i heile landet Berekraftig areal- og transportutvikling Byar og tettstader der det er godt å bo og leve Reguleringsplanen vert utarbeidd i tråd med Plan og bygningslova (Pbl.) kap.12. Innsikt, tettstadanalyser og parallelloppdrag Våren 2018 vart det utarbeidd både i fysisk og ei sosiokulturell stadanalyse. Der den fysiske stadanalysen først og fremst tek sikte på registreringar av landskap, bebyggelse og andre fysiske kvalitetar og utfordringar på Sjøholt, rettar den sosiokulturelle stadanalysen; Stedsbilder, i staden blikket mot menneska og aktivitetane i dette landskapet; dei sosiale og kulturelle dimensjonane til ein stad er av stor verdi for utforminga av planar og visjonar for området. Stedsbilder gir eit lettfatteleg og forståelig bilete av korleis Sjøholt er i dag; kva faktorar er førande og formande, og kvar utfordringane ligg. Den omhandlar forteljinga om dei viktige stadane, historiene, naturelementa, kulturminna, tradisjonane. Analysane viser også kva element og muligheiter som ein kan ta med seg, forsterke og bygge vidare på gjennom reguleringsplanen. Parallelloppdraget (2018) er ein del av tettstadsprosjektet og vart basert m.a. på tettstadanalysene (2018) og innsiktsarbeid og medverkingsprosessar som har vore utført sidan start av tettstadsprosjektet i november Parallelloppdraget var utført av arkitektfirma Lala Tøyen AS/Sanden+Hodnekvam og Agraff Arkitektur AS. Det vart halde tre seminar gjennom parallelloppdraget, og møta vart gode medverknadsverkstadar med særs godt oppmøte. Oppstartseminaret starta med omvising i Sjøholt sentrum og dialogmøte med representantar frå næringsliv, organisasjonar og grunneigarar, før folkemøte. I midtvegseminaret møtte arkitektane eit utvida ungdommens kommunestyre, før folkemøte med presentasjonar og gruppearbeid. Politikarar, grunneigarar og næringsliv hadde eigne dialogmøter med arkitektane. Sluttseminaret viste presentasjon av arkitektgruppene sitt arbeid. Forslaga blei presentert på folkemøte, og i tillegg stilt ut på rådhuset i fleire veker. Alt materiale er tilgjengeleg på kommunen sine nettsider

6 Parallelloppdraget har vore ein levande og god prosess med stort lokalt engasjement og utstrekt samarbeid både mellom arkitekt-gruppene, politikarar, grunneigarar/næringsliv og lokalbefolkninga. Kravet til medverknad i Pbl 5-4 er godt ivaretatt i planprosessen gjennom dette arbeidet. Over 100 engasjerte innbyggjarar møtte på kvart av folkemøta og fekk høyre presentasjonar, delta i idémyldring og workshop ilag med arkitektane, bylivsenteret, fylkeskommunen og planavdelinga. Statens vegvesen har også tatt del. Parallelloppdraget har resultert i framtidsskisser som syner korleis kommunen kan få til ei heilskapleg utvikling av Sjøholt sentrum i eit langsiktig perspektiv. Rapporten er publisert av Norske arkitekters landsforbund 2 Nr. 505 Parallelloppdrag «Sjøholt: Frå tettstad til fjordlandsbyen i nye Ålesund kommune». Utgjeven av Norske arkitekters landsforbund (NAL) på oppdrag av Ørskog kommune. Bylivsenteret har vore prosessrettleiar. Tettstadsprosjektet og parallelloppdraget er finansiert av Ørskog kommune med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og Miljødirektoratet /Klimasats. Tettstadsprosjektet med analysar og parallelloppdrag skal legge føringar for reguleringsplanen. Det er gjennomført flaumkartlegging (Asplan Viak ). Kartlegginga gir ei god oversikt over dei store utfordringane kring vatn på Sjøholt, både overflatevatn, elvane i sentrum og oppskylling etter ras frå Åkneset. Vi vil bruke vatnet som ein positiv ressurs, samtidig som vi minskar risiko knytt til flaum og havnivåstigning. Både flaumkartlegginga og paralelloppdraget viser til fordelar med å gjenopne bekkane. Planområdet Det regulerte området er på planen vist med plangrense. Arealet innanfor denne grensa er regulert etter Pbl som områderegulering og detaljregulering. Detaljregulering var planlagt innanfor området med heil svart line, men er utvida noko. Krav til detaljregulering er vist med omsynssone i plankartet. Det kjem fram av føresegnene kva planer som vert heilt eller delevis erstatta av denne reguleringsplanen. Reviderte faresoner for oppskylling flodbølge etter ras frå Åkerneset (januar 2018) er fastsett av NGI i samråd med NVE i januar 2018, desse er vist med blå linjer. 2 «Norske Arkitektkonkurranser (NAK) er den eneste publikasjon i sitt slag, der arkitektkonkurransene dokumenteres på en systematisk og profesjonell måte. Her presenteres både vinnerprosjektet og de øvrige premierte, innkjøpte og hedrede utkastene, samt de sentrale deler av juryens kritikk.» Utgitt av Norske arkitekters landsforbund. 6

7 Politiske vedtak Kommunestyret vedtok i KS- 54/17 i møte den at arbeid med reguleringsplan og tettstadsprosjekt av Sjøholt sentrum skulle starte opp. Prosjektleiar vart tilsett i november 2017, og reguleringsplanarbeidet starta i mars Planprogrammet for reguleringsplanen er vedteke i KS- 89/18 i møte den Parallelloppdraget vart avslutta med rapporten «Sjøholt: Frå tettstad til fjordlandsbyen i nye Ålesund kommune» og er forelagt kommunestyret i sak KS-15/19. Dette seier ungdommen Born og unge skal høyrast og takast omsyn til. Begge barnehagane har vore invitert til deltaking og ungdommens kommunestyre har vore ein viktig medspelar. Uttale om parallelloppdraget frå Ungdommens kommunestyre er gitt i møte den 4.februar 2019: «Det er særs viktig og motiverande for ungdomen i Ørskog å sjå at våre idear og tankar om sentrum si utvikling, blir høyrd og sett av arkitektane som har arbeida med parallelloppdraga. Som unge i dag, har vi utruleg mange vegar å gå og endelaust med valmoglegheiter. Og kanskje er det nettopp ei slik utvikling av sentrum som skal til slik at det blir attraktivt for oss å kome tilbake hit, etter vi har tatt utdanning og reist rundt i verda. Som ungdom, har vi fått oppleve tett på korleis det er å opphalde seg i sentrum utan sertifikat og utan bil. Difor er ungdomen glad for at det i stor grad blir satsa på gode moglegheiter for sykkel og gangvegar, og at desse gjer det meir attraktivt for alle å ta sykkelen framfor bilen, og at dei då får eit nærare forhold til den fine naturen vi er så heldige å ha her på Sjøholt. Samstundes er det viktig for oss unge at vi får eit tryggare sentrum med ein meir oversiktlig sentrumsstruktur, slik at det er trygt både for oss og foreldre, at vi unge kan opphalde oss i sentrum aleine. Vi ungdomen er stolte over heimbygda vår, og er opptekne av å ta vare på dei gamle tradisjonane og historiene som har vore med å gjort Sjøholt til den staden den har verte til i dag. Vi ønskjer å føre dette vidare, ved å ta godt vare på historiske bygg, som prestegarden og hotellet. Vi vil ta inspirasjon frå Sjøholt som det var i gamle dagar, og vi vil gjerne jobbe for å få til den gamle hotellhagen igjen. Samt ønskjer vi at nye bygg som skal bli bygd i sentrum, skal bli inspirert av fargane og formene til den arkitekturen som var på Sjøholt i gamle dagar. Vidare trur vi unge at om vi får være med på å bidra til utvikling og bygging av Sjøholt sentrum, vil vi få ei god og nær tilknyting til det som verte danna. Og dette vil vi igjen vidareføre til våre barn. Vi er opptekne av å ta nytte av den vakre naturen vi har her på Sjøholt, og ønskjer at mykje av verksemd skal leggjast ned til sjølinja. Det er stor tru på å gjer hamna til eit kjennemerke for Sjøholt, der folk kan møtast, gå tur, nyte utsikten eller kanskje ta seg ein kopp kaffi. Ungdommen ønsker å setje Sjøholt på kartet, og få vise fram kor vakker denne staden er. Sjøholt skal vere ein attraktiv og trygg stad, der folk kan slå seg til ro og bo. For at vi skal greie dette trur vi det er viktig å gjer Sjøholt til ein stad, ikkje berre eit industrifelt ein køyrer forbi. Ved å satse på å gro tre og grønt i sentrum og ved europavegen, vil vi sende eit signal til forbikøyrande om at her er ei bygd og at folk bur her. Vi trur at alle desse faktorane vil hjelpe til med å setje Sjøholt på kartet som ein vakker fjordlandsby, og Sjøholt vil vise seg som ei innbydande bygd. Vi har kanskje andre perspektiv på kva som er viktig for Sjøholt sentrum, enn andre. Men vi trur at med desse endringane, vil vi trekkje til oss fleire bedrifter, arbeidstakarar, og dermed fleire bebuarar. Men ikkje minst så vil vi danne ei trygg og god 7

8 bygd for alle, med gode moglegheiter for arbeid, bedriftsutvikling og heim. Vi trur og at fleire av oss unge vil flytte heim, og bu på Sjøholt, om vi ser ei slik utvikling av Sjøholt sentrum.» Medverknad i planprosessen Kommunen har eit særleg ansvar for å trekke innbyggarar og andre interesserte med i planarbeidet. Kommunen har tatt i bruk rettleiar 3 for medverknad som er utarbeidd regjeringa. Medverknad har gitt nyttige og viktige innspel som kunnskapsgrunnlag til områdeplanen. Medverknad gir kvalitetssikring, lokalkunnskap, eigarskap og demokratiutvikling til planarbeidet. Barn og unge har tatt del i prosessane. Ungdommens kommunestyre har gjort eigne vedtak og kome med konkrete innspel til planen. Det har vore gjennomført workshop på ungdomsskulen og hatt eigen møter der born og unge er spesielt invitert. Årøya barnehage har også kome med innspel for trygg kryssing mellom barnehage og rådhuset. Figuren viser verktøy som var nytta i workshop under tettstadsprosjektet 3 8

9 Området i dag, status og utfordringar Den fysiske stadanalysen, Stedsbilder Sjøholt 2018, gir eit oversiktleg bilete på det historiske Sjøholt, området i dag, status, utfordringar og anbefalingar. Tema som har vore spesielt viktig i utarbeidinga av reguleringsplanen er: Terreng og topografi Sjøholt sentrum er avgrensa av fjell og åsar mot nord og aust, Ørskogelva mot sør og fjorden mot vest. Terrenget og naturen skapar på denne måten ei naturleg avgrensing av sentrum i dalbotnen. Store delar av sentrum er utfylt sjøbotn; flatt og lågtliggande. Blå- og grønstruktur Dalbotnen og lisidene er gamalt kulturlandskap der det blir dyrka jord og drifta skog. Her går Wensellelva, Lielva og Pelars-elva frå nord mot sørvest, elvane er lagt i rør frå gamle Sjøholt sentrum til sjøen. Det finst få og små permeable flater i sentrum som overflatevatnet kan bli absorbert av. Dette skuldast dei store asfalterte og bygga i områda. Flaumfaren er stor og flaum har ved fleire høve stengt undergangen for kryssing av E39. Aust og sør for sentrum rammar skog, dyrka mark og naturområder inn tettstaden, og utgjer ein viktig del av landskapsrommet og identiteten. Det er aktive landbruksområde innan områdeplanen, med både gras- og kornproduksjon. Bygningsstruktur Sjøholt sentrum er todelt både visuelt og funksjonelt. Den historiske delen av Sjøholt ligg nord for E39 og er karakterisert av småskala bebyggelse lineært orientert mot vegen. Den «nye» delen (syd) av sentrum med rådhus, bibliotek, busstasjon etc. er prega av store frittståande bygg organisert i ein laus kvartalsstruktur på store, utflytande, asfalterte flater. Hotellet og kyrkja opptrer som fondbygningar i enden av vegane Sjøkanten og Elling O Wallbøesveg, og er såleis svært viktige for den overordna strukturen. Bustadområda er i hovudsak konsentrert i åssida nord for sentrum og organisert som lineær bebyggelse som ein følgje av terrenget, mens i flatare parti ser ein innslag av bygg organisert i klyngestruktur. Bebyggelsen langs sjøen skapar karakteristiske gløtt mot fjorden. Det er relativt få leilegheiter og bustadar i sjølve sentrum. Folketal Ørskog kommune har vekst i folketalet på 5-10%. Ved siste årsskifte var 2267 personar busett i kommunen. Det siste tiåret har folketalet i kommunen auka med 148 personar, som er ei endring på 7,0 prosent. Med fokus på bustadutvikling i Sjøholt, og som «bydel» i nye Ålesund, trur ein på vekst framover, og vil legge til rette for å auke talet på bustadar i planarbeidet. Europavegen er barriere Dei fleste bur på nordsida av E39, medan rådhus, treningssenter, barnehage, bibliotek, kafé og buss-stasjon ligg på sørsida. Dette medfører svært mange kryssingar av vegen kvar dag og stor interntrafikkmed bil pga. mangelfulle og utrygge alternativ for gåande og syklande. Trafikkmengda er på nesten 7000 bilar i døgnet, fartsnivået er høgt, og andelen tungtrafikk er heile 16%. Det er registrert mange ulykker ved avkøyrsler i sentrumsområdet. Så lenge 9

10 europavegen går gjennom sentrum vil den danne ei barriere og vere ei utfordring for trafikktryggleiken. Sjøholt er ein tettstad og eit sentrum, og vi vil legge til rette for staden skal kunne utvikle seg til ein god og trygg stad for dei som bor her. Om dette fører til at gjennomgangstrafikken må senke farta på den 350 m lange strekninga, meiner vi at det må aksepterast. Først når europavegen ikkje utgjer ei barriere i så sterk grad som i dag, kan Sjøholt utvikle seg til eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, i tråd med nasjonale føringar. Dei fleste skulebarna må krysse europavegen, og dei fleste andre må krysse den på veg til kollektivknutepunkt, offentlege tenester og fritidsaktivitetar. På Sjøholt har vi ein etablert undergang som sikrar trygg kryssing. Statens vegvesen har utført tiltak for å betre undergangen, og Ørskog kommune har gjort tiltak langs gang- og sykkelveg frå undergangen mot ny skule. Dette er den einaste tillate kryssingsmoglegheita for gåande og syklande, og svært mange spring no over vegen der det ikkje er verken merking eller særleg nedsett fart. Planen skal legge til rette for at alle, herunder eldre, skuleborn og dei med redusert funksjonsevne, skal vere viss på at dei kan krysse vegen trygt. Elderådet viser i brev til kommunen at kryssing av E39 hindrar dei til å komme seg mellom nord og syd. Undergangen stettar ikkje krav til universell utforming. Den er også utsett for flaum og har fleire gonger vore fylt av vatn. Det vert ikkje tatt stilling til kryssing i plan i reguleringsplanen, men omgivnadane til vegen vert bestemt i reguleringsplanen, og dette legg rammene også for framtidig kryssing. Grøn mobilitet Sentrale og regionale retningsliner gir føringar for gåande og syklande. Gåing og sykling gir positive helseeffektar og betre bymiljø og klima. Samfunnsøkonomisk er det svært lønnsamt at fleire vel å sykkel i staden for å ta bil. Tettstadsprosjektet viser stor mangel på gangvegar, fortau og koplingar mellom eksisterande gangvegar. Sentrum har mange utflytande areal utan avgrensing og skilje mellom soner for bil og gåande/syklande. I tillegg gir bildominans i sentrum ei dårlegare oppleving av å bevege seg til fots/sykkel. På grunn av manglande gangforbindelsar og uoversiktleg trafikk blir dei fleste barn (80%) på Sjøholt køyrt til fritidsaktivitetar og skole, syner undersøking frå På den andre sida har registreringa vist at Sjøholt har eit stort potensiale til å utvikle seg til ein trygg og oversiktleg tettstad med tydelege og trygge gangvegar/snarveger, fotgjengarovergangar, turvegar og parkar. Sjøholt har eit avgrensa og flatt sentrum med små avstandar og stort potensial for eit kompakt og gåbasert sentrum med parkering i randsonene. Det er gå og sykleavstandar innan planområdet. Ørskog kommune har fått klimasatsmidlar for å legge til rette for grøn mobilitet, og er i gang med å merke vegar, gang- og sykkelvegar og overgangsfelt på kommunale vegar. Tiltaka vil også bidra til betre universell utforming, og målet er å redusere bilbruken i sentrum. 10

11 Avstandane i sentrum er små, og her er flatt. Her bør det vere lett og trygt å gå og sykle! Parkering Sjøholt sentrum er prega av store samanhengande asfalterte flater. Enkelte områder er avsett til parkeringsføremål, andre flater er ikkje definert og er i større eller mindre grad blir brukt til parkering i forbindelse med næringslokale. I tettstadanalysen vart det registrert 514 parkeringsplassar, derav 44 for trailerar og næring. Alle dei spreidde parkeringsplassane fører til stor interntrafikk og lite hensiktsmessig arealbruk. Restriksjonar som følgje av skred og flaum Delar av sentrum har restriksjonar grunna faren for tsunami etter skred frå Åkneset. I området merka faresone flodbølge frå skred kan ein tillate tiltak i sikkerhetsklasse S2, men ikkje sikkerhetsklasse S3. Dette omfattar mellom anna bustadbygg med maks 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg der det maks oppheld seg 25 personar, men ikkje sårbare grupper. Sikkerheitsklasse S3 omfattar bygg der det oppheld seg meir enn 25 personar. I området merka med Flom kan en tillate tiltak i sikkerhetsklasse F2, men ikkje sikkerhetsklasse F3. Dette betyr at ein kan oppføre dei fleste byggverk for personopphald som bustad, kontor, industri og barnehage. Det kan ikkje tillatast bygg i sikkerheitsklasse F3, dette gjeld t.d. sjukeheim eller viktige samfunnsfunksjonar. Tiltak må etablerast i materialar som tåler krefter frå bølgjer som følgje av skredet frå Åkneset. Utbygging i sentrum må ta omsyn til grunnforhold, flaum, havnivåstigning og overvatn både ved fastsetting av høgde på grunnmur og bruk av etasjeplan over grunnmur. Havnivåstigning viser at ein ikkje bør legge tiltak lågare enn kote 2,6, og flaumkartlegging viser heilt opp til kote 3,5. Flaumkartlegging som er utført frå Asplan Viak, datert 22. mars Det er tre elvar som renn nord for E39 og er lagt i kulvert under vegen. Kommunen arbeider med å utbetre rørinntaket til Pe-Larselva. Havnivået utfordrar også røyrføringa for utløpet i havet ved småbåthamna, ved at røyret ligg lågt i terrenget og møter motstrøm frå havet. Ørskogelva er flaumutsett og det er vist til konkret tiltak med heving av terreng langs elvebredda for å minske skadeomfang som følgje av flaum. 11

12 Flaumutsette områder /Plassering bygg Kart med koter er vist under. Bygg som vert lagt med FG på kote 2.6 er vurdert i flaumkartlegginga å vere innanfor sikker sone. Flaumkartlegging skal leggast til grunn for tiltak i planområdet. Klimaendringar vil gi auka temperatur, meir nedbør, hyppigare episodar med styrtregn og hyppigare og større flaumar i små vassdrag. Elvar og bekkar frå nord og Ørskogelva verkar inn på flaumfare for Sjøholt. I tillegg vil klimaendring påverke havnivå og nivå for stormflo. For detaljar om utrekningane viser vi til NGI og NVE sine rapportar. Havnivå Havnivå til planlegging for sikkerheitsklasse F2, altså 200-års gjentaksintervall, er rekna til kote 2,56 med Statens Kartverkets sitt rekneverktøy. DSB anbefaler at høgda blir runda opp til nærmaste 10 cm for bruk i planlegging, som er kote, 2,6. 12

13 Grunntilhøve Kartgrunnlag under frå 1920 og 1840 viser Ørskog Vigen, og kva areal som kan ha vore sjøområder på den tida. Store delar av Sjøholt sentrum er oppfylt sjøbotn og grunntilhøve kan vere utfordrande. Dei fleste bygga er bygd med plate som grunnfundament som flyt på ei skorpe. Norconsult AS utførte grunnundersøking når bygget Ørskog Rådhus & Næringshage skulle byggast og konklusjonen var: «Undersøkelsen omfatter boring i 9 posisjoner til sikker bergpåvisning i alle posisjonene. Dybden til berg varierer mellom 9,3 og 27,5 meter. Løsmassene over berg kan deles inn i 5 karakteristiske lag. Det som dominerer grunnforholda er to lag av løst til middels fast lagret sand/siltig sand med varierende innslag av tynne lag med organisk materiale. Samlet mektighet på disse to lagene varierer mellom 6 og 18 meter. På grunn av faren for vedvarende setninger med tilhørende skeivsetninger av bygget, vart det ikkje å anbefale direkte fundamentering på såler eller hel plate, men fundamentering på betongpeler til berg eller fast grunn, kombinert med stålkjernepeler for opptak av eventuelle oppløftkrefter.» 13

14 Sjøholt næringsbygg er bygd på fast fundament ved hjelp av peling. Grunnundersøkingar skal i tråd med Plan og bygningslova avklarast før oppføring av tiltak 4. Landbruk Aust i Sjøholt sentrum er det landbrukseigedomar, og dei ligg innanfor planområdet med krav om detaljreguleringsplan ved evt. utbygging. Det er ikkje planar eller ønske om å bygge ned dette området. Fylkesmannen har også varsla motsegn om dette viktige og verdifulle matproduskjonsarealet vert nedbygd. Det er lagt til rette for turveg frå Steinholt til kollektivknutepunktet. Kulturminne /freding Aksen mellom Sjøholt Hotell og kyrkja dannar det tydeleg historiske sentrum med hotellet som midtpunktet, i tillegg til gamle Sjøholt handel (Johansenbuda) og nabohuset til hotellet som var bakeri i si tid. Kaihuset er samferdselsminne, og eit av få kaihus som står att og har stor verneverdi for samferdsel. Hansenbygget som ligg aust for kaia og kaihuset er ei funkisperle. Postvegen, Den Trondhjemske postvej, kryssar Prestegardsvegen ved prestegarden og følgjer langs austsida av Ørskogelva mot nordaust, opp til der Prestegardsvegen møter Storfjordvegen. Ørskog er einaste kommunen i fylket der ein kan gå heile postvegen. Prestegarden er også verna, denne hadde postkontor og var knutepunkt for postvegen. 4 Plan og bygningsloven viser til ansvar i byggesaker. «Tiltakshaver er ansvarlig for at tiltak utføres i samsvar med de krav som følger av bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov.» 14

15 Naturminne Sjøholt har ein del store og spesielle trær og alléar som er viktige for identiteten til bygda. Ørskog kyrkje og kyrkjegard ligg inntil planområdet i syd, og bjørkealleen ved kyrkja har ei spesiell historie og status. Julegrana ved Wensellelva er viktig å ta vare på. Det er fortsatt deler igjen av den gamle hotellhagen bak og ved sida av hotellet. «Portalen» ved Tomrenrekka er delar av den gamle alléen som gjekk frå Abelseth og gjennom heile bygda. Det er utarbeidd eit kart som syner trær som bør bevarast. «Snagen» ytterst ute på Måsøyra er ein spesiell formasjon som dannar basseng for fuglane, og som tidlegare var viktig for klippfisktørkinga. Osberget er statleg sikra friluftsområde. Natur og friluftsliv Sjøholt sentrum har særs lett tilgjengelege friluftstilbod som m.a. strandsone, bademoglegheiter, tilgjengeleg natur, elvasti, Måsøyra aktivitetspark og fjell nær sentrum. Om vinteren er det kort veg til skiløyper. Osberget er statleg sikra friluftsområde. Eigedomstilhøve Det er mange eigedommar innan planområdet, og det har vore kontakt med dei fleste eigarane i området. Det er relativt lite areal som er kommunal eller offentleg eigedom. Planforslaget Reguleringsplankart. Plankartet er utarbeidd med grunnlag i konklusjonane frå parallelloppdraget. 15

16 16

17 17

18 Arealfordeling Arealtabell Nr. 1 - Bygg og anlegg Areal (daa) Bustadbygg-frittliggande småhusbebyggelse (7) 17, Bustadbygg-konsentrert småhusbebyggelse (2) 24, Offentlig eller privat tenesteyting (3) Barnehage 5, Bensinstasjon/vegserviceanlegg 4, Andre typer bebyggelse og anlegg 0, Kombinert bebyggelse og anleggsformål (3) 11, Bustad/forretning/kontor (14) 60, Forretning/kontor (2) 6, Næring/tenesteyting 1, Kontor/industri (2) 7,6 Sum areal denne kategori: 145, Nr. 2 - Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Areal (daa) Kjøreveg (22) 31, Gang-/sykkelveg (9) 3, Gangveg/gangareal/gågate (25) 9, Annen veggrunn - tekniske anlegg 0, Annen veggrunn - grøntareal (52) 16, Kai 0, Molo (2) Kollektivterminal 2, Parkering (12) 5, Kombinerte formål for samferdselsanlegg og/eller teknisk infrastrukturtraseer 0,5 Sum areal denne kategori: 72, Nr. 3 Grønstruktur Areal (daa) Grønstruktur (6) 26, Blågrønstruktur (5) Naturområde (2) 19, Turveg (4) 3, Friområde (6) 27, Park (10) 8, Angitt grønstruktur kombinert med andre gitt hovudformål (6) 5,9 Sum areal denne kategori: 95, Nr. 5 - Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift Areal (daa) Landbruksformål (3) 60 Sum areal denne kategori: 60 18

19 12-5. Nr. 6 - Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone Areal (daa) Hamneområde i sjø 40, Småbåthamn 26, Naturområde i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone 39,2 Sum areal denne kategori: 106,6 Totalt alle kategorier: 480,4 I planprogrammet for reguleringsplanen la vi fram viktige spørsmål i planlegginga. Vi la også fram utfordringar knytt til gjennomgåande perspektiv. For å unngå for mykje gjentaking har vi no samla omtalane av desse Visuelle kvaliteter Vest-aust orientering med kontakt med sjøen for framtidig nye bygningar og struktur skal ein ta omsyn til siktlinjene mot sjø som knyt sentrum nærmare fjorden. Dette kan ein gjere gjennom grønblå strukturar ved å opne bekker og elvar. Døme er vist på bilete under. Volum og utnytting av tomta med ein klar tanke på kvar bygg vert plassert vil gi gode byrom og gode visuelle kvaliteter. Føresegnene gir krav om at bygg skal plasserast mot tilgrensande vegar/fortau og ikkje midt på byggjeområdet slik det er vist på figuren under. 19

20 Innan dei ulike planformåla vil varierande høgder på bygg gi kontakt med sjøen som bilete under syner, det er studie av høgder i sentrum og er ikkje utført i rett målestokk. Etablering av grøntanlegg langs E39/E136 Parallelloppdraget viser til etablering av grøntanlegg langs Europavegen. Dialog med Statens Vegvesen gjennom tettstadsprosjektet syner at slike tiltak er positive når ein vel miljøtilpassa løysingar langs europavegen i sentrumsområdet, og betre enn slik sidearealet er utforma i dag. Tiltak må utformast i tråd med krav i gjeldande Vegnormal. Statens vegvesen peikar på at løysingar må sjåast i samband med tiltak for å hindre ukontrollert kryssing over vegen. Tydlegare vegstruktur To avkøyrsler mot syd vert steng, og ein veg igjen opna. Mot nord vert avkøyrsle lengst mot vest innsnevra og FV104 flytta mot vest. Dette er grep som vil gi eit oversiktleg trafikkbilete og tydlegare vegstruktur. Det er lagt til grunn sjikane mot aust som skal verke inn på at fartsgrensa vert halde. Grøne tiltak langs vegen vil også vere fartreduserande. Bensinstasjonen har i dag tilkomst både frå aust og vest, samt intern kommunal veg som går syd på tomta. Ved å stenge vegen i vest, og opne opp at den tidlegare Kyrkjevegen/Elling O Wallbøes veg får sentrum eit heilskapleg og meir oversiktleg køyremønster. 50-sone gjer at endringane med kryssløysning er mogleg å gjennomføre. 50-sona er forlenga i sentrum ved at dagens skilt vert flytta 100 m mot aust, skiltvedtak er datert Gåande og syklande Det er gjort tiltak for gåande og syklande både med trygg skuleveg frå undergangen i syd og fram til skulen, og merking av gatestruktur og parkeringsplassar. Ungdommane viser til at oppmerking er gjort, og dei ser stor framgang for tryggleik i sentrum noko som står sterkt hos 20

21 ungdommen. Merkinga av sentrum var eit stort steg i riktig retning og har gjort det mykje tryggare allereie. Også bruk av planter og blomster har hatt stor innverknad både på tryggleik og på å gjere sentrum finare. Det er framleis ein veg å gå, for fleire unge kjenner seg utrygg når dei ferdast mellom for eksempel klubben og butikken. Dette på grunn av dårleg belysning. Dei ønsker om betre belysning i sentrum. Barnehagen har gitt tilbakemelding på at dei nytter tiltaka til gåtrening. Planen legg til rette for trygg kryssing for gåande og syklande gjennom heile planområdet. Grønt/blågrønt Områda for grøntstruktur skal bevarast som grøne område, slik dei ligg i dag. Det kan etablerast tursti og gangveg gjennom områda. Planen skal ta omsyn til behovet for opne vassveger, overordna blågrøne strukturar og forsvarleg overvasshandtering. Grønblåe områder er planlagt for open trasé for Pelars elva, med fordrøyningsbasseng i området der Lillevågen tidlegare låg. Arealet rundt den opne løysinga kan ha parkmessig opparbeiding med tilplanting, møblering, belysing, skulpturar, osb og skal være dimensjonert for å tåle oversvømming. Området skal legge til rette for eit breitt utval av aktivitetar for brukargrupper på tvers av generasjonar. Del av GB4 mot P9 og F/K2 kan opparbeidast med permeabel flate og nyttast til parkering. Det skal nyttast landskapsarkitekt/arkitekt ved omformingar av arealet. Tilkomst og parkering Tilkomst, parkering og siktsoner kjem fram av plankartet for området som vert detaljregulert, innan planområdet for områderegulering vil det vere krav til detaljregulering før utbygging og tilkomst og parkering vil komme fram i plankartet. Varelevering og renovasjon Areal til m.a varelevering og renovasjon kjem fram av plankartet for området som vert detaljregulert. Innan planområdet for områderegulering vil det vere krav til detaljregulering før utbygging og slike detaljar vil komme fram ved detaljregulering. Arealkrav til vendehammar for lastebil (L) i handbok N100 må tilfredstillast, slik at mellom anna bossbil kan snu inne på areal avsett til renovasjon. Universell utforming Store deler av Sjøholt sentrum ligg i eit tilgjengeleg og flatt område med nærleik til kollektivtilbod, rekreasjon, kulturtilbod og andre møteplassar. Undergangen er ikkje universell utforma og det er ikkje kryssing mellom syd og nord for dei som ikkje kan gjere seg nytte av undergangen. Det er i føresegnene stilt krav om at omsynet til universell utforming / tilgjenge for alle må ivaretakast i samband med detaljplanlegging og opparbeiding av føremåla i planområdet. Restriksjonar som følgje av skred og flaum Teknisk forskrift TEK17 set rammer og krav til tiltak ved søknad om tiltak. Utbygging i sentrum må ta omsyn til grunnforhold, flaum, havnivåstigning og overvatn både ved fastsetting av høgde på grunnmur og bruk av etasjeplan over grunnmur. 21

22 Restriksjonane kan tilseie mindre bygningsvolum nær sjøen, dette vil kunne gi betre utsikt til sjø for dei bakom. Bustader Det er ønskeleg å få fleire bustadar i sentrum. Planen skal ta høgde for ulike bustader for å dekke varierande bustadbehov for innbyggjarar i alle fasar av livet. Sjøholt er flatt og konsentrert og har slik eit godt utgangspunkt for å bli eit godt bustadområde også for eldre. Tilrettelegging av nye bustadområder i sentrumsområdet må planleggast med trygg og tilrettelagt tilkomst til mellom anna offentlege funksjonar, handelsområde og skule. Dei skal også planleggast på ein best mogleg måte med tanke på vegstøy. Planen legg til rette for mange nye og tilgjengelege bustader i sentrum, og at bustadar kan verte kombinert med næringsverksemd. Føresegnene viser til dei ulke formåla for bustad som reine bustadområder eller i kombinasjon med andre føremål. Næring Det er stor næringsaktivitet innan planområdet og det er både inn og ut pendling til og frå området. Næringa sjølv har vore ein viktig medspelar i tettstadsarbeidet, og er like viktig i planarbeidet. Ein skal legge vekt på ABC prinsippet i arbeidsplasslokalisering for å minske bilbruk. ABC-prinsippet går ut på at område for næringsverksemd vert klassifiserte som A-, B- eller C-område etter kor godt tilgjengelige dei er med bil, kollektiv transport og for gåande og syklande. Verksemder som tiltrekk mange menneske bør lokaliserast i A-område, dvs. område med god tilgjengelegheit med kollektiv og ikkje-motorisert transport. Verksemder med få tilsette eller besøkande, men med høy avhengigheit av bil for godstransport osv., bør kanaliserast til C-områda. I ein mellomkategori ligg B-områda, som er relativt godt tilgjengelige både med kollektiv transport og med bil. Her bør ein lokalisere verksemder som har forholdsvis mange tilsette eller besøkande, men som er avhengige av ein del varetransport. 22

23 Trafikktryggleik, grøn mobilitet og mjuke trafikantar Statlege og regionale føringar tilseier at vi skal legge til rette for grøn mobilitet. Også innspela til tettstadprosjektet tilseier at vi må gjere grep for å fremme dei mjuke trafikantane i heile planområdet. Vi skal legge til rette for gange og sykkel blir eit naturleg val framfor bil innan sentrum. og fram til kollektivknutepunkt. Turveg frå aust er lang syd europavegen. Eit samanhengande sykkelvegnett er sentralt i planområdet for at alle kan sykle til skulen. Planen prioriterer mjuke trafikantar framfor tilrettelegging for auka bilbruk. E39 som barriere fører til at mange køyrer med bil mellom syd og nord på Sjøholt. Kollektivhaldeplassen er tilrettelagt i tråd med universell utforming. Trygg tilkomst mellom nord og syd og til kollektivhaldeplass er eit sentralt tema i planen. Statens vegvesen viser til at av trafikktryggleiksomsyn må det planleggast for å begrense talet på avkøyrsler langs riks- og fylkesveg. Områder innanfor planen må i størst mogleg grad gjevast tilkomst frå felles, tilrettelagde avkøyrsler, og ein må vurdere å stengje/slå saman avkøyrsler der det er mogleg. Vi vil stenge to avkøyrsler mot syd, og opne opp att avkøyrsle i Elling O. Walleboes veg. Dette vil gje betre lesbarheit, og redusere intern bilbruk. Tiltak langs E39 E39 skal på sikt gå i ny trasé utanom sentrum; endringane som vi legg opp til i reguleringsplanane skal fungere også når dette skjer. Ørskog kommune skal gjennom planarbeidet finne dei beste samferdselsløysningar for Sjøholt. Grøne liner og andre miljøtiltak langs vegen vil mjuke opp vegstrekninga, og betre syne tettstaden som trafikantane køyrer igjennom på 350m av E39. Statens vegvesen hadde ein omfattande merknad til oppstartmeldinga. Dei ulike innspela er vurdert temavis i denne planomtalen. Vegvesenet konkluderer med «Vi vil ikkje kunne gje vår tilslutnad til ein plan som ikkje legg til rette for trygg kryssing over europavegen for mjuke trafikantar, og varslar at vi vil fremje motsegn til ein plan der dette ikkje er ivareteke». Vi har vidareført dei trafikkløysingane som vart valt i parallelloppdraget, der trygg kryssing av E39 og generelt gode trafikkløysingar for både køyrande, gåande og syklande var eit hovudfokus. Det har vorte sendt søknad om fråvik til Statens vegvesen for tiltak langs og på E39 gjennom Sjøholt sentrum. Svaret på denne søknaden er lagt til grunn for planforslaget. Statens vegvesen har kome med svar på innsendt søknad om fråvik for tiltak langs E39 datert den Konklusjonen frå Statens vegvesen er gitt under: «Vedrørende gangfelt er dette noe som skal behandles etter vegtrafikkloven. Videre er behovet for gangfelt ikke tilstrekkelig utredet med hensyn til antall kryssende, fartsreduserende tiltak mv. Et alternativ til gangfelt er tilrettelagte krysningspunkt. For å kunne ta stilling til dette, må man se hele sentrumsplanen i en helhet med tanke på kryssplassering og - utforming,lokalisering av funksjoner og lokaliseringen av krysningspunktene.» 23

24 Parkering Bilparkering knytt til bygg skal i hovudsak løysast gjennom parkeringsrom og/eller på felles parkeringsplassar. Parkering skal reknast med i utnyttingsgrad. Parkering i 1.et skal vere mot bakgård. Korttidsparkering kan løysast på bakken på eiga tomt. Det kan leggast til rette for definerte parkeringsplassar med sambruk. Minst 5 % av biloppstillingsplassane skal være reservert for rørslehemma og være plassert enkelt og nært målpunkt. Sykkelparkeringsplassar skal være plassert under tak og nær inngangsparti eller heis. Det vert sett minimumskrav til sykkelparkeringsplassar. Det er utført teljingar i mai 2018 som syner 350 passeringar for ein av lokalvegane som viser at mange køyrer til og frå internt i sentrum, og det er svært mange bilparkeringsplassar i sentrum. Sambruk, gå avstand og attraktive gå ruter bør minske behovet for parkering. Samtidig må ein planlegge for ny teknologi, og at transport vil endre seg vesentleg innan kort tid. Med manglande trygg kryssing mellom nord og syd vel mange å køyre mellom nord og syd for å ha ei kryssing som opplevast som tryggare enn å gå og sykle. Parkeringsplasser skal utformast og plasserast som anbefalt i kapittel E.6 i Handbok N100 Veg- og gateutforming frå Statens vegvesen Støy Sweco har på Oppdrag frå Nordplan gjennomført støykartlegging for planområdet. Støysonekart for vegtrafikk i høgde 4 m og 1,5 m over dagens terreng er vist i vedlegg. Delar av planområdet ligg i raud støysone, her bør det ikkje planleggast støyfølsame bygg. I gul støysone kan ein vurdera støyfølsam arealbruk gitt at avbøtande tiltak gjev tilfredsstillande støyforhold. E39 er den dominerande støykjelda i området. Det vert utgreia omlegging av Ev39 utanom Sjøholt, dette vil betra støysituasjonen betydeleg, men kan ikkje tas omsyn til i denne vurderinga då dette ligg langt fram i tid. Det eksisterer heller ikkje vurderingar av trafikksituasjonen gjennom Sjøholt gitt at Ev39 vert omlagt. Støysonekart er eit overordna planleggingsverkty for å sjå om støy er eit tema eller ikkje. Det er ikkje eigna til detaljerte vurderingar av ny bygningsmasse. På grunn av skjermingsforhold kan støyen i høgder over 4 m vera høgare enn det som kan lesast frå støysonekarta. Naturmangfald Naturmangfaldet skal oppretthaldast og utviklast gjennom opne vassvegar, bevaring av kantvegetasjon, store naturområde i aust og meir urbane byrom sentralt i området. Eksisterande strandlinje skal takast vare på, store tre er kartlagde og skal bevarast. Kartlegging og verdisetting av viktige friluftsområder i Ørskog kommunen er utført i 2018, det som gjeld planområdet er brukt som underlag for planen. Kommunen har ikkje forvaltningsplan for grøntområder, slik plan bør utarbeidast. Landbruk Matjord er ikkje ein fornybar ressurs og statleg politikk er eit strengt jordvern for å hindre nedbygging av dyrka og dyrkbar jord. Jordvern handlar om å sikre dagens befolkning samt våre etterkomarar moglegheit til å produsere mat lokalt, og har såleis både eit beredskap-, miljø- og berekraftperspektiv. Jordvern skal ha fokus når det skal vurderast behov for formålsendring på dyrka eller dyrkbar mark. I Planstrategi for Ørskog kommune står det i pkt. 3.3 at Kommuneplanutvalet ser det som naturleg at innan planavgrensinga 24

25 til sentrumsplanen bør landbruksomsyn og jordlova vike for å gje plass til ei utbygging i tråd med øvrige statlege, regionale og lokale føringar. Samtidig seiest det i pkt at fortetting og transformasjon av område som allereie er utbygd må prioriterast framfor å legge beslag på nye areal. Og pkt. 2.4: «Omsynet til naturmangfald, rekreasjon og naturen si bereevne gjer det nødvendig å nytte allereie nedbygd areal på ein meir effektiv måte.» Intensjonsavtalen for nye Ålesund gir at det skal arbeide for å sikre drivverdig landbruksjord med mål om å oppretthalde sjølvforsyninga av matproduksjon. Planarbeidet må også ta omsyn til føringar som er satt for bruk av dyrka mark. Det kongelige landbruks- og matdepartement sende ut brev om jordvern , der omdisponering av dyrka mark er stramma inn. Ved ønske om å endre formål er det satt krav om samtykke frå fylkesmannen. Sjøområde og strandsone Sjøholt ligg i sone 3, Revisjon av statlige planretningslinjer for differensiert strandsoneforvaltning, områder med mindre press på areala. Innan Nye Ålesund vil det vere stor forskjell på presset i kommunen, og Sjøholt vil behøve ei anna inndeling enn det bynære områder har. Det meste av næringsutvikling ligg innan 100-metersbeltet, og ein har ikkje alltid alternativ til tiltak i og nær strandsona. Det er tilgang til strandsona innan planområdet og planen legg til rette for å få til ein hamnepromenade og ein samanhengande «Fjordsti» langs strandlinja i sentrum for å sikre folk tilgang til sjøen. Sjøholt sentrum har lite press på privatisering i form av hytter, naust/sjøbuer og brygger. Samtidig er mykje av strandlinja nedbygd og privatisert, så det er viktig å ta vare på dei gode områda langs fjorden. Flaum og overvatn Flaumkartlegging som er utført frå Asplan Viak og datert Sjøholt sentrum ligg ved sjøen og ein må ta omsyn til havnivåstigning og flaumkartlegging i tillegg til stipulert auka nedbørsmengde. Flaumkartlegginga skal leggast til grunn ved utføring av tiltak innan planområdet og er ein del av plangrunnlaget. Omsynssoner er vist på plankartet. Det er tre elvar som renn nord for E39 og er lagt i kulvert under vegen. Det er under arbeid med Pe-Larselva som vil få utbetra innløp. Havnivået utfordrar også røyrføringa for utløpet i havet ved småbåthamna ved at røyret ligg lågt i terrenget og møter motstrøm frå havet. Ørskogelva er flaumutsett og det er vist til konkret tiltak med heving av terreng langs elvebredda for å minske skadeomfang som følgje av flaum. Føresegnene beskriv bygging av voll slik voll. For fleire detaljer om beregningane viser vi til NGI og NVE sine rapportar. 25

26 Tilgjenge for alle Det er eit krav å oppnå fullverdig tilgjenge slik at alle skal ha same høve til personleg utvikling, deltaking og livsutfalding. Likeverdig deltaking føreset at bygg og uteområde er utforma slik at ingen vert ekskludert. Føresegnene stiller krav om at omsynet til universell utforming må ivaretakast ved all detaljplanlegging. Undergangen stettar ikkje krav til universell utforming og det er diskriminerande, jf. Lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven). «Med likestilling menes likeverd, like moglegheiter og like rettigheter. Likestilling forusetter tilgjengelegheit og tilrettelegging.» Det er ikkje like moglegheiter til å krysse sentrum mellom nord og syd. Flaum har stengt undergangen utan at det finnast noko form for varsling eller ledesystem som leiar mjuke trafikantar mellom syd og nord. Kartlegging og verdisetting av viktige friluftsområder i Ørskog vart utført i 2018, registreringane ligg i Norgeskart. Klima og miljøtiltak Opning av bekker med fordrøyning og voll nord for Ørskogelva er konkrete tiltak som kan betre situasjonen innan planområdet. Opne løysningar er positivt både for som bymiljøtiltak og biomangfald. Tiltak for å auke talet på gåande og syklande vil ha stor innverknad på klima og miljø. Miljødirektoratet har tildelt Ørskog kommune klimasatsmidlar for Grøn mobilitet på Sjøholt. Merking av vegbane kan føre til at færre nyttar bilen for å bevege seg i sentrum, dette vil ha stor gevinst i klimaperspektiv. 26

27 Estetikk, landskap og kulturmiljø Planområdet inngår i eit område med særs fine natur- og kulturkvalitetar. Punkt om automatisk freda kulturminne er lagt inn i føresegnene. Planforslaget stiller krav om at bygningar skal gjevast ei estetisk god utforming med god arkitektonisk kvalitet. Visuelle kvaliteter og estetikk skal leggast vekt på både for nybygg, endring og transformasjon. Eit kvart tiltak etter kapittel 20 skal prosjekterast og utførast slik at det etter kommunen sitt skjønn har gode visuelle kvalitetar både i seg sjølv og i forhold til tiltaket sin funksjon og tiltaket sine bygde og naturlige omgjevnader og plassering. Det er i parallelloppdraget gjort greie for estetikkrettleiar og stilt spørsmål om det er behov for ein rettleiar innanfor planområdet. Vern av trær Oversikt av trær som skal takast vare på som det kjem fram i føresegnene

28 Automatisk freda kulturminne Kartlegging av automatisk freda kulturminne/fornminne vert oppstarta hausten 2019, og skal vere utført innan planen kan eigengodkjennast. Dersom gjenstandar, konstruksjonar eller andre funn vert oppdaga i samband med gravearbeid, skal arbeidet stanse omgåande og kulturmynda skal underrettast, jf Lov om kulturminne 8, 2. ledd. Dette går fram av føresegnene. Konsekvensar av planframlegget Konsekvensutgreiing (KU) Arealdelen av kommuneplan er vedteke i 2006, reguleringsplanar innanfor området er både eldre og nyare enn kommuneplanen. Endringar i planformål eller anna vesentleg endring skal konsekvensutgreiast. Forskrift om konsekvensutredninger 5 er lagt til grunn for KU. Konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse er utarbeidd i eigne dokument, av Nordplan AS, og følger som vedlegg til planomtalen. Det er utarbeidd to rapportar; Vegløysing- konsekvensutgreiing og ROS-analyse, og Konsekvensutgreiing og ROS-analyse, begge dokumenta er datert Vegløysing- konsekvensutgreiing og ROS-analyse konkludere med ei tilråding om rekkefølgekrav. Rapporten tilrår at E39 leggast utanfor sentrum før endringar knytt til E39 vert gjennomført. Det er ikkje lagt slike føringar på plankartet. Ørskog kommune er ikkje samde i denne konklusjonen, også med tanke på at regionale mynde og har gitt økonomisk støtte til å gjennomføre tettstadsprosjekt. Tildelingsbrevet frå Møre og Romsdal fylkeskommune viser til i grunnlaget for vedtaket om å tildele midlar til tettstadsporsjekt er etter nasjonale føringar for regionale utviklingsmidlar, fylkesplan for Møre og Romsdal og Handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping Når E39 vert lagt om vil direkte verknad for Sjøholt sentrum vere redusert trafikkmengda. Folkehelse Involvering og medverknad er folkehelse, og har gitt gode innspel til arbeidet. Planen vil bidra til å auke folkehelsa ved at den legg til rette m.a. for trygg ferdsel for gåande og syklande i heile planområdet. Uterom og sentrumsnær friluftsliv som kan nyttast av ålmenta er også med å bidra til auka folkehelse. Regjeringa set krav til medverknad i reguleringsplanlegging. Dette handlar sjølvsagt om å skape gode reguleringsplanar, der medverknad har også ein eigenverdi gjennom å auke folkehelsa. Det har vore brei medverknad gjennom heile prosessen. Barnetråkk er ikkje gjennomført, men kartlegging av barn og unge sin bruk av området er gjort gjennom workshop og invitasjon til medverknad. Konkrete innspel frå born og unge har vore med på resultatet av planen slik den ligg føre. Universell utforming er kartlagt vår sommar Kartlegginga har gitt opplysningar til planen for kva ein må ta omsyn til og har også verka inn på arbeidet med merking av gang og trafikkareal i sentrum. Det er gitt klimasatsmidlar til Ørskog kommune som skal nyttast m.a

29 til merking av gate og vegstruktur i Sjøholt sentrum for trygg ferdsel. Det er gitt tilbakemelding frå skulen og barnehagen at fleire går og syklar etter at merkinga er utført. Sløkkekapasitet Brannhydrantar i sentrum skal sikre sløkkevatn og vasstrykk ved ein brann. Eksisterande brannhydrantar er merka med raude kulepunkt i oversikt under. Kostnadsfordeling teknisk infrastruktur Sjøholt sentrum har store asfalterte flater og har godt utbygd vegnett. Infrastruktur med plassering av VA-leidningar kjem fram i kartgrunnlaget til Ørskog kommune. Det er ikkje utført eiga utgreiing for kva kapasitet VA-nettet innan planområdet har, eller kor stor auke det kan tåle innafor gjeldande anlegg. Det må påreknast utbygging for å stette krav til sløkkevatn og infrastruktur generelt, slik infrastruktur skal kostnadsfordelast innan planområdet. Føresegnene set krav og fokus på teknisk infrastruktur. I detaljreguleringar og byggesøknader skal terreng- og overflateutforming, grønstruktur, vegetasjon og handtering av overvatn samordnast. VA-rammeplan skal inngå i alle detaljreguleringsplaner. Rammeplanen skal angi prinsippløysningar for området, samanheng med overordna hovudsystem og dimensjonere vidare overvasshandtering og flomveger. Nedbør skal fortrinnsvis ha avløp gjennom infiltrasjon i grunnen og opne vassvegar. Detaljreguleringsplanar skal identifisere og sikre areal for overvasshandtering, og beskrive korleis løysningane kan gi nye miljø-, bruksmessige og visuelle kvalitetar i det offentlige rom.va-plan skal vere ein del av søknad om tiltak innan for område det ikkje er stilt krav om detlajreguleringsplan. Bygg og anlegg skal utformast slik at naturlege flaumvegar bevarast og tilstrekkeleg tryggleik mot flaum vert oppnådd. 29