Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter"

Transkript

1 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: /2018 Geir Løkhaug Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter Bakgrunn Ei hovudmålsetting for fylkeskommunen med omsyn til vidaregåande opplæring er at alle elevane skal ha eit tilbod på ein vidaregåande skole og at elevane får ei opplæring innafor ramma til vidaregåande opplæring sine utdanningsprogram. På den måten kan ein best sikre likeverdige tilbod uansett kor ein bur i fylket og utvikle undervisningstilbod med høg kvalitet og relevans for elevane. Tøndergård skole og ressurssenter (TSR) er ein interkommunal spesialskole for elevgruppa frå første til tiande klasse i grunnskolen. Fylkeskommunen nyttar imidlertid TSR sitt tilbod om vidaregåande opplæring ved at vi til no har hatt ein avtale om tenestekjøp til nærare namngitte elevar. Formålet med fylkeskommunen sitt tenestekjøp ved TSR var å sikre at fylkeskommunen sitt ansvar for å tilby og levere opplæring for den aktuelle målgruppa vart oppfylt. Då avtalen opprinneleg vart inngått hadde fylkeskommunen verken tilstrekkeleg kompetanse eller kapasitet ved dei fylkeskommunale skolane til å følgje opp elevgruppa på ein god nok måte. På den bakgrunn vart det avtalt eit tenestekjøp for å sikre at elevgruppa fekk ei god nok opplæring. Avtalen som vart inngått i 2013 avløyste tidligare avtaler og omfatta kjøp av 17 skoleplassar. Avtalen er prolongert fram til 1. august Innhaldet og storleiken på tenestekjøpet blei ikkje endra ved prolongeringa. Bakgrunnen for prolongeringa i motsetnad til ein ny «langsiktig avtale» var i hovudsak at ein ønska å sjå korleis utbygginga av Romsdal vgs med auka kapasitet i lokala for særskilt tilrettelagt opplæring ville påverke inntaket. Fylkesrådmannen ønska og å sjå på dette i samanheng med det arbeidet som er gjort på dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal opp mot denne elevgruppa. Poenget var å få ei avklaring om vi no er budd til å ta imot og legge til rette gode undervisningstilbod ved eigne skolar også for denne elevgruppa i vidaregåande opplæring. Med bakgrunn i denne kunnskapen ville ein då ha eit godt grunnlag for å vurdere behovet for eit eventuelt tenestekjøp frå TSR. Denne tilnærminga var og samanfallande med Utdanningsutvalet si uttrykte forventning om at administrasjonen kontinuerleg skulle vurdere behovet for tenestekjøp frå TSR. Dei aller fleste elevane som har fått eit tilbod på TSR er tekne inn etter 6-17 i forskrift til Opplæringslova om fortrinnsrett for søkarar med sterkt nedsett funksjonsevne:

2 «Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg1 etter føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren. Søkjaren har rett til eit av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.» Elevar har rett til inntak på eitt av tre søkte utdanningsprogram på Vg1. Dei vidaregåande skolane skal kunne gi tilpassa opplæring og spesialundervisning for elevar etter behov, uavhengig av kva utdanningsprogram eleven søker og blir gitt eit tilbod på. Tøndergård skole og ressurssenter gir opplæring innafor utdanningsprogrammet studiespesialisering. Elevene ved TSR får undervisning der målet i dei aller fleste tilfelle er grunnkompetanse med mellom anna opplæring i grunnleggande ferdigheiter, dokumentert gjennom eit kompetansebevis. Fannefjord vgs har ansvaret for, i samarbeid med TSR, å utarbeide og skrive ut kompetansebevisa til elevane. Fylkesrådmannen er i sak Ud-24/12 og gitt mynde til å avtale kjøp av internatplassar ved Tøndergård skole og ressurssenter. Avtalen blir nytta slik at elevar som ikkje bur i pendlaravstand til skolen får dekt internatplass av fylkeskommunen. I skoleåret 18/19 er det 4 elevar som får tilbod om internatplass. Det er viktig å vere merksam på at dette er ei teneste som ikkje fell innafor retten til vidaregåande utdanning, men er etter sin art eit kommunalt ansvar etter helseog omsorgstenestelova. Fylkesrådmannen har i fleire saker til Utdanningsutvalet gjort greie for tilbodet/ retten til spesialundervisning mellom anna sak UD 5/17 «Orientering om og evaluering av spesialundervisning i vidaregåande opplæring». I saka står dette: «No er alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal budde til å ta imot og legge til rette gode og tilfredsstillande undervisningstilbod for alle søkarar i vidaregåande opplæring. Ei hovudmålsetting for fylkeskommunen er at alle elevar skal ha eit tilbod på ein vidaregåande skule og ei opplæring innafor ramma til vidaregåande opplæring sine utdanningsprogram. På den måten kan ein best sikre likeverdige tilbod uavhengig av kor ein bur i fylket, ha tilbod med høg kvalitet og relevans for elevane, slik at dei får ei opplæring som dei kan gjere seg nytte av seinare i livet. Det er fritt skuleval i Møre og Romsdal, og det er eit grunnleggande prinsipp at alle søkarar også skal kunne velje fritt mellom dei utdanningsprogramma/ programområda som finst. Eit val dei kan gjere ut frå interesse, eigne muligheiter og motivasjon.» Lokal inntaksforskrift for Møre og Romsdal fylkeskommune slår fast at det er fritt skoleval. Dette gjeld alle elevar. Det er viktig å ha klart for seg at retten til fritt skoleval ikkje inneber at elevane har rett til inntak på ein bestemt skolen. Retten inneber rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram på Vg1 som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring innanfor dette utdanningsprogrammet.

3 Søkjarar som etter kapittel 5 i Opplæringslova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt utdanningsprogram på Vg1, har rett til inntak til eit særskilt utdanningsprogram etter forskrift fastsett av departementet. Eit av vilkåra for å få innvilga et særskilt utdanningsprogram er at eit slikt inntak aukar sjansen for at eleven fullfører og består vidaregåande opplæring. Inntak etter denne bestemminga kan føre til at ein skole vert vurdert som særleg tenleg for eleven. Tidligare relevante vedtak. I sak T-78/12 som omhandla byggeprogrammet for Romsdal vgs vart det vedteke å bygge ei avdeling for «Alternativ opplæring» ved skolen. Arealet vart bestemt til 627 kvadratmeter og skulle utanom undervisningsrom og ulike grupperom mellom anna innehalde multiverkstad, treningsrom, musikkrom og sanserom. I avdelinga er det og tilrettelagt for rullestolbrukarar. Avdelinga var planlagt for å ta i mot om lag 25 elevar. Avdelinga er no ferdig og tatt i bruk. Det er i skoleåret 2018/ elevar ved avdelinga. I sak UD-5/17 «Orientering om og evaluering av spesialundervisning i vidaregåande opplæring» der mellom anna tilbodet til elevar med særleg behov var behandla, gjorde utvalet samrøystes slikt vedtak: «Utdanningsutvalet vil understreke viktigheta av at elevar med særskilde behov for tilrettelegging og spesialundervisning har krav på eit godt psykososialt læringsmiljø på lik linje med alle elevar i samsvar med opplæringslovas paragraf 9a. Utvalet ber administrasjonen ha eit særskilt fokus på dette ved tilrettelegging av tilbodet for denne elevgruppa mellom anna ved ei vidareføring av samarbeidet med Tøndergård skule. Paragraf 9a-1 lyder: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.» Opplæringslova sitt Kapittel 9A om elevane sitt skolemiljø gjeld alle elevane i vidaregåande opplæring der 9A-2 og 9A-3 slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skolane våre skal ha nulltoleranse mot krenking, vald, diskrimering og trakassering. Skolane skal arbeide kontinuerlig og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane for å oppfylle krava om eit trygt og godt elevmiljø. Dette er et arbeid som har høg prioritet i våre skolar. Mellom anna er det laga ei elevhandbok som fastset rutinar, internkontroll og dokumentasjon som gjeld, både for det systematiske arbeidet og i arbeidet med enkeltsaker. Desse retningslinene gjeld alle elevar, også dei elevane som blir tekne inn etter forskrifta til opplæringslova Skolane har etter 9A-4 ei aktivitetsplikt, og dei har eit skjerpa ansvar for å ivareta elevar med ei særskilt sårbarheit. I sak T 35/18 vart følgande vedteke i fylkestinget: «Fylkestinget ber administrasjonen for komande og seinare skuleår handsame søknadar om skuleplass ved Tøndergård VGS i tråd med prinsippet om fritt skuleval.» Fritt skoleval gjeld for alle elevar som søker til ein vidaregåande skole. Tøndergård skole og ressurssenter er ein interkommunal grunnskole. Slik sett fell TSK alt av

4 denne grunn formelt sett utanfor regelverket. Fylkeskommunen har likevel med bakgrunn i dei vedtak som er gjort i utdanningsutvalet og fylkestinget praktisert prinsippet om «fritt skoleval» og i høve TSR. Vi minner likevel om det som vi alt har gjort greie for ovanfor at; «.Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.» Det er elevar i denne gruppa som i all hovudsak er blitt tekne inn på TSR, jfr. sak Ud 24/12. I tillegg har dei elevane som ikkje har normal pendlaravstand til skolen, som alt nemnt, fått innvilga internatplass av fylkeskommunen, sjølv om dette er ei teneste som ikkje fell innafor retten til vidaregåande utdanning.. Arbeidet med ei behovsanalyse Før ein eventuell ny avtale om tenestekjøp frå TSR vert inngått må fylkesrådmannen klargjere grunnlag og behov. Det er difor gjort ei behovsanalyse for å kunne sette rett kapasitet på eit eventuelt kjøp av tenester til elevar med store hjelpebehov. Analysen skulle mellom anna svare ut desse spørsmåla: Kva var søkinga og inntaket dei siste åra? Kva er status for desse elevane no? Ei vurdering av «1.-oktober-meldingane» 2018 frå kommunane om elevar med store hjelpebehov, kva kan desse seie om framtidig behov for tenestekjøp? Kva kompetanse er tilgjengeleg på skolane våre/ kapasitet ev. behov for nybygg? Kva kompetanse har Tøndergård skole og oppvekstsenter knytt til vidaregåande opplæring? Korleis er dette løyst i andre regionar der vi ikkje kjøper kommunale tenester. Søkinga og inntaket Søkinga og inntaket til TSR frå dei 3 siste åra er gjennomgått. Skoleåret 16/17: 3 søkarar, alle fekk plass Skoleåret 17/18: 8 søkarar, 7 fekk plass Skoleåret 18/19: 7 søkte, 1 elev fekk plass i kombinasjon med eit tilbod på Romsdal vgs. Søkarane som har fått plass har framleis eit tilbod på TSR på Vg2 og Vg3-nivå. Nokre av elevane får etter søknad tilbod om utvida tid. (Eit 4. og i nokre tilfelle eit 5. år). Retten til eit 4. og eit 5. år blir vurdert av fylkesutdanningssjefen etter sakkunnige vurderingar frå PPT. Denne vurderinga er lik for alle med rett til spesialundervisning etter 5-1 i opplæringslova. Søkarane som søkte TSR, men fekk eit tilbod på ein av dei vidaregåande skolane våre er no elevar på Vg1, Vg2 og Vg3-nivå på desse skolane. Elevane blir følgt opp og rapportert om på vanleg måte. PPT er og involvert i dette arbeidet. 1. oktobermeldingane For å vurdere behovet framover har ein sett på meldingane utdanningsavdelinga får frå kommunane om elevar med store hjelpebehov. Meldingane gir ein god peikepinn på behovet for tilbod til elevgruppa neste skoleår.

5 Saksbehandlinga om inntaket for desse er ikkje fullført, men ei foreløpig vurdering frå utdanningsavdelinga tilseier at alle elevane som har TSR som eit av sine ønsker, vil få eit tilfredstillande og minst like godt tilbod ved skolane våre. Møte med skolane var det eit møte med dei vidaregåande skolane i Romsdalsregionen. I møtet blei skolane utfordra på om dei hadde lærarkompetanse og romkapasitet til å ta i mot den aktuelle elevgruppa. Skolane er i hovudsak budd til å ta imot og legge til rette gode undervisningstilbod for alle søkarar i vidaregåande opplæring. Romsdal vgs har ledig kapasitet. Det same gjeld Fræna vgs, Gjermundnes og Rauma vgs, om enn i noko mindre grad. Skolane har etter kvart god kompetanse på spesialpedagogikk, men kva kompetanse som trengs for den enkelte elev varierer. Det vil difor kunne vere naudsynt å komplettere kompetansen for å kunne gje den enkelte elev eit tilfredstillande utbytte. Dette vil likevel først bli endeleg kvalitetssikra når dei individuelle opplæringsplanane (IOP) er utarbeidde. Dei vidaregåande skolane i Romsdalsregionen har et breitt utdanningstilbod med fleire utdanningsprogram. Alle elevar har, som nemnt, rett til å bli tatt inn på eitt av tre søkte utdanningsprogram. Skolane vektlegg å få til integrering for elevgruppa og å få til god bruk av verkstadar og fagleg kompetanse innan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Møte med PPT-leiarane var leiarane for PPT- kontora i Romsdalsregionen invitert til å svare på dei same spørsmåla som skolane fekk i møtet : Har våre skoler 1) kompetanse 2) kapasitet og 3) rom til å gi eit forsvarleg opplæringstilbod til elevar som elles kunne ha fått eit tilbod om opplæringa helt eller delvis på TSR? PPT-leiarane er einige med skolane våre om at dei no har kompetanse og lokalitetar slik at alle elevar kan få eit tilfredstillande opplæringstilbod der. PPT-leiarane meiner skolane har teke store steg i å utvikle både kompetanse og lokalitetar for å kunne gje også denne elevgruppa eit godt tilbod. Dei legg og vekt på at det er lettare å få til integrering og å få til god bruk av verkstadar og fagleg kompetanse innan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved dei vidaregåande skolane i regionen. PPT-leiarane legg vidare vekt på at det er viktig at kompetansen og lokalitetane også finns på distriktsskolane. Det er viktig når eleven skal få eit varig tilbod i heimekommunen. PPT-leiarane meiner at det fortsatt må satsas på kapasitet og kompetanse, mellom anna knytt til utfordringar med åtferd. Andre regionar Ønska om få tilbod ved TSR har i all hovudsak vore i frå søkarar i Romsdalsregionen, men og i nokon grad frå andre delar av fylket. Av dei 13,5 plassane vi kjøper tenester dette skoleåret er 9,5 plassar brukt av elevar frå Romsdalsregionen, 3 er frå Nordmøre og 1 frå Sunnmøre. Av dei som søkte TSR til skoleåret 18/19 var 6 frå Romsdalsregionen og ein frå andre delar av fylket. I all hovudsak greier skolane i dei andre regionane å gje elevane eit tilbod på nærskolen. Dette gjer skolane innafor dei ordinære rammene for tildeling av ressursar til spesialundervisning.

6 Handsaming av søknadar Elevar med store hjelpebehov blir gitt eit tilbod om vidaregåande opplæring i eit tidleg inntak. Det gjeld og elevar som i søknadsskjemaet har merkt av at Tøndergård skole og ressursstsenter er eit av ønska. I søknadsarbeidet blir det vurdert kva for utdanningsprogram og kva for ein skole som kan gje eleven eit tilbod som er best. Om inntaket og vurdering av utdanningsprogram I ei sak til klagenemnda sommaren 2018 fekk ein elev medhald i klaga si om plasseringa på utdanningsprogram. I vurderinga blei det lagt vekt på at også søkarane med store hjelpebehov har rett til inntak på eit av tre utdanningsprogram. Utgangspunktet skal vere at desse ungdomane skal ha opplæring etter læreplanane for det utdanningsprogrammet dei blir tekne inn på, sjølvsagt tilpassa sitt nivå, men likevel slik at det er snakk om opplæring i faget. Klagenemnda skriv mellom anna: «På denne bakgrunn må søkjarane få tilbod om eit utdanningsprogram som så langt det er mogleg, samsvarer med søkjars læreføresetnader med sikte på at vedkomande kan kome i eit arbeid som ho/han har anlegg og interesse for. Ved denne vurderinga er det utan betydning om søkjar kan få karakter i faget eller korleis opplæringa må organiserast for at søkjar skal få tilfredstillande utbytte.» Dette vedtaket gjer at ein ved inntaket må gjere ei grundig vurdering om til kva utdanningsprogram elever skal få eit tilbod og at undervisninga så langt råd er skal vere knytt til utdanningsprogrammet eleven har fått eit tilbod på. Dette gjeld og elevar som har store hjelpebehov. Tøndergård skole og ressurssenter er bedt om å seie noko om sin kompetanse på det spesialpedagogiske området og lærarane sin fagkompetanse for å kunne gje vidaregåande opplæring. Kompetansekravet for tilsetjing i vidaregåande opplæring er regulert i forskrifta til Opplæringslova Lærarane som skal tilsetjast og undervise i vidaregåande opplæring må oppfylle eit av 3 krav. I punkt a og b er dei fagspesifikke krav lista opp. I punkt c går det fram at lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande 60 studiepoeng er eit av tre krav, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til eleven gjer det ønskeleg. I kommentarane til loven er det likevel presisert at om ein skal fråvike fagkrava i punkt a og b må det gjerast greie for dette og grunngjevast i enkeltvedtaket som ligg til grunn for spesialundervisninga. Tøndergård skole og ressurssenter rapporterer at alle lærarane ved skolen har minst 60 studiepoeng vidareutdanning i spesialpedagogikk. Det er meir uklart om aktuelle lærarane har undervisningskompetanse i vidaregåande opplæring når det gjeld krava til fagkompetanse i 14-4 punkt a og b. Dette kan gjelde ulike programfag i utdanningsprogrammet studiespesialisering. Skolen har i ein epost datert gjort greie for kompetansen ved skolen. Vurdering av behovet for tenestekjøp. Etter ei samla vurdering av søkinga dei siste åra og vurdering av kapasitet og kompetanse til dei fylkeskommunale vidaregåande skolane, er det fylkesrådmannen si vurdering at fylkeskommunen ikkje lengre har trong for å kjøpe opplæringstenester ved TSR. Vurderinga er tvert imot at vi gjennom å gje eit opplæringstilbod i eigne skolar vil gje elevane eit minst like godt tilbod som fylkeskommunen i dag tilbyr ved TSR. Det som fylkeskommunen ikkje vil tilby i

7 framtida er internatplass eit tilbod som uansett ikkje fell innafor retten til opplæring i den vidaregåande skolen. Elevane som er tekne inn etter 6-17 og 6-30 i forskrift til Opplæringslova har rett til å fortsetje på same skole. Fylkeskommunen ønsker difor å kjøpe tenester/ skoleplassar frå TSR i skoleåret 2019/2020 og skoleåret 2020/2021. Om nokre av desse elevane søker og eventuelt får innvilga eit 5. skoleår vil det og vere aktuelt å kjøpe tenester skoleåret 2021/2022. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune innleier tingingar med Tøndergård skole og ressurssenter om kjøp av skoleplassar i skoleåret 2019/2020, 2020/2021 og eventuelt skoleåret 2021/2022. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef