ÅRSMELDING SKOGSELSKAPET MØRE OG ROMSDAL

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "ÅRSMELDING 2008. SKOGSELSKAPET MØRE OG ROMSDAL"

Transkript

1 ÅRSMELDING SKOGSELSKAPET MØRE OG ROMSDAL

2 Leiaren har ordet Årsmeldinga som styret legg fram viser at Skogselskapet har hatt ein god snuoperasjon i økonomien og at vi er på rett veg. Det negative er utviklinga innan aksjar, andelar og aksjefond som i år er satt til marknadsverdi, noko som gjer at vi får eit underskot på rekneskapen også i år. Året har vore aktivt på fleire områdar, plantesalet har auka noko, men vi har lang veg å gå før vi er på dei høgder vi var før den brutale nedgangen i plantesalet kom. I 2006 blei statstilskot til planting gjeninnførd utan at dette har gitt oss ein vonleg auke i plantinga i åra etter innføring. I 2007 blei det selt plantar og i 2008, ein auke på planter. Med ein liten auke i plantesalet er vi kome opp på pluss sida i rekneskapen. Det blei arbeidd med eit samarbeid mellom skogselskapa på vestlandet om ein felles informasjonsmedarbeidar med kontorstad på Stend. Men dessverre kom vi ikkje i hamn med finansieringa av ein slik felles medarbeidar. Skogselskapet i Møre og Romsdal og Skogselskapet i Sogn og Fjordane arbeider no med eit opplegg med felles medarbeidar, arbeidet er i gang og ein har som plan og søkje om eksterne midlar til i Skogselskapet bør arbeide meir med å finne ein felles plattform for verksemda, kanskje det er på tide med ei samanslåing til Skogselskapet i Noreg? Då kunne ein få ein betre struktur på eigedomsforvaltning og ein betre ordning for dei tilsette når det gjeld avløning og ikkje minst gode pensjonsordningar. Prosjekta i Skogselskapet regi er sluttført, dette gjeld Frå kratt til kroner og Furu prosjektet, prosjektet Fiskarbonden sin arv går fram til august Prosjekta som er avslutta kan vi seie oss godt nøgd med og gode resultat er oppnådd, noko som kan gje oss ei fin utvikling som vi kan hauste av i åra som kjem. Dei mange år vi no har lagd bak oss med negativ utvikling er no avløyst med ein viss optimisme, eg tenkjer då spesielt på Kystskogmeldinga som blei lagd fram i Bergen i februar Det er håp og tru at vi skal få ein vekst i tråd med meldinga som kan gje skogbruket ein god utvikling økonomisk. I det politiske miljø er det blitt ein breiare forståing av kva skogen gir i forhold til Co2 binding m.m. Det er langt fleire som ser at det bærekraftige skogbruket er ein svært positiv bidragsytar i det globale miljø. Eg vil avslutte som tidlegare år å oppfordre til auka skogplanting, vi har også i 2009 godt med plantar av god kvalitet, dei treng å kome i jorda nå til våren. Difor ber vi alle skogbrukarar om å gjere ein innsats på planting og skogkultur generelt i Til slutt vil eg på vegne av styret takke alle for eit godt samarbeid i året vi no har lagd bak oss. Terje Kolstad -styreleiar-

3 Styret Har i 2007 og frem til årsmøtet i 2008 hatt disse medlemmene: Terje Kolstad. Vanylven leiar Kari Marie Jenstad. Sunndal - nestleiar Magne Reiten. Midsund oppnemt av Dns Ola Tjelle. Eidsvåg styremedlem oppnemdt av Fylkestinget Gøril Bakken. Rindal styremedlem Ole Martin Lingen. Molde 1 vara Eilert Hovden. Ørsta 2 vara Modulf Aukan. Tustna vara Dns Ansatt: Dagleg leiar / planteskolebestyrer Tore Dønheim. Tilitsvalgt i Det norske Skogselskap. Harald Nymoen. Molde, - styremedlem

4 ÅRSMØTET 2007 Årsmøtet ble holdt i Ørsta stemmeberettige medlemmer inkl. styret var tilstede. Leder Terje Kolstad ønskte velkommen til årsmøtet. Årsmøtet: Valg av møteleder: Terje Kolstad ble valgt Valg av referent: Tore Dønheim ble valgt Valg av 2 personer til å skrive underprotokollen: Gudmund Heggem og Kolbjørn Snekvik ble valgt. Innkalling og årsmelding: Innkalling og utsending av årsmelding enstemmig godkjendt. Regnskapet: Regnskapet ble gjennomgått av dagleg leiar og ble enstemmig vedtatt. Valg: Valkomiteen la fram innstilling til årsmøtet. Leder i valgkomiteen Dag Audun Eliassen la fram valgnemda sitt forslag. På valg sto: Terje Kolstad. leder Kari Marie Jenstad styremedlem Ole Martin Lingen 1 varamedlem

5 Eilert Hovden. 2 varamedlem Valgkomiteen har vurdert styret si sammensetning og geografiske represantasjon. Komiteen har prøvd å finne ei høveleg blanding av kontiunitet og rekruttering. Det nye styret har følgende samensetning: Styremedlemmer Terje Kolstad valgt av årsmøtet leder for 1 år Magne Reiten oppnevnt av Dns nestleder for 1 år Ola Tjelle oppnevnt av Fylkestinget styremedlem Gøril Bakken valgt av årsmøtet styremedlem Hjørdis Asphol valgt av årsmøtet styremedlem NY Ottar Arve Bjørkedal valgt av årsmøtet varamedlem. NY May Karin Meisingset. valgt av årsmøtet varamedlem. NY Knut Baarset oppnevnt av Dns varamedlem Utsendingar til landsmøtet: Styreleiar og dagleg leiar ble valgt til utsendingar til landsmøtet. Revisor: Inter-revisjon Møre ble gjenvalgt som revisor for 1 år.

6 Møtegodtgjersle: Satsene for styrehonorar og møtegodtgjersle ble vedtatt uendret. Satsene er: Fast årlig godtgjersle er: Styreleiar kr Medlem i arbeidsutvalget utanom styreleiar kr Møtegodgjersle for styremedlemmer og varamedlemmer: Fysisk styremøte kr Telefonmøte kr Medlemskontigent: Medlemskontigenten ble uendrea og det ble enstemmig vedtatt. Satsen for årlig betalende medlemmer er kr pr år. Det er ikkje lenger mulig å teikne livsvarig medlemskap.de livsvarige medlemmene vi har pr.dato, oppfordres til å betale ei informasjonsavgift på kr pr år. De som ikkje betaler denne informasjonsavgifta vil bli å betrakte som ``passive medlemmer``, og vil ikkje få tilsendt bladet Skog og Miljø. Ein vil heller ikkje få medlemsfordeler som invitasjoner til fagturar og lignende. Valkomite: Valkomiteens leder går ut og nr 2 rykkjer opp til ny leiar. Som nytt medlem i valkomiten ble Magne Per Fylling foreslått og enstemmig valgt.

7 Valkomiteen ble da slik: 1. Magnar Solheimdal. Leiar 2. Per Egil Rønning. 3. Magne Per Fylling. Styret i Det norsk Skogselskap ser slik ut etter landsmøtet i 2008: Styreleder: Johan C. Løken Nestleder: Hans Olav Lahus, Telemark Skogselskap Styremedlemmer: Harald Nymoen, Skogselskapet i Møre og Romsdal Aud Irene Vatland, Skogselskapet i Vest-Agder, Helge Strætkvern, Skogselskapet i Hedmark, Hans Chr. Brede, Skogselskapet i Trøndelag (valgt fra de ansatte) og Kirsti Haagensli, Nord-Trøndelag Styret i Det norske Skogselskap består av Harald Nymoen (f.v.), Hans Olav Lahus, Kirsti Haagensli, Johan C. Løken, Aud Irene Vatland, Hans Chr. Brede og Helge Strætkvern.

8 MEGARDEN PLANTESKULE Det ble sådd 760 brett furu og 8800 brett gran i vår, dette er økning fra i fjor, da vi nå produserer alle gran og furuplantene her på megarden. Plantesalget i år hadde en økning fra i fjor på planter til planter, og det positive er at også i år er alle plantene levert her i Møre og Romsdal. Til våren 2009 har vi ca planter klar til levering. Vi leier ut lokaler til : Posten Norge as. lokaler til postombæringa Halsabygda vassverk, garasje og utelager Halsa Kommune, garasje til brannbil Norsk Traktorutleie. Kontor Pikhaugen. as Kontor Nistuå.as Kontor Nordmøre og Romsdal Felleskjøp. Lager Vinterlagring av båter og campingvogner. Det er blitt utført maling av hele drifsbygningen, og det er montert ny port i garasjen som Halsabygda Vassverk leier. Det er innkjøpt tannstenger og tannhus til luftelukene i drivhuset, disse blir skiftet i Varebilen er skiftet ut med en større og nyere modell. Posten har no vært leietaker i et år, og dette fungere greit hva samarbeid og bruk av areal angår. Har også i år mange båter og campingvogner i drivhuset for vinterlagring. Kjøleromma er også fulle av bobiler biler båter, dette er en fin utnyttelse av ledige arealer i vinterhalvåret.

9 Ellers har jeg vært utleid en del til Midtnorgebil.as i ledige stunder, for tjene penger til planteskulen. Innmarka har også i år vært utleid til grasproduksjon. Jakta på eigendommen er i år som tidligere utleid. Det er i år foretatt planting av 38 da, suppleringsplanting av 5 da, og mekanisk etterarbeid på 13 da på eiendommen vår på Halsa. Prosjekt Frå kratt til kroner Prosjektet Frå kratt til kroner har i perioden hausta erfaringar med rydding av skog i det vegnære kulturlandskapet. Gjennom arbeidet har ein sett nærare på areala langs veg som ein ressurs med tanke på bioenergi, framtidig virkesproduksjon, penare landskap og tryggare vegar. Skogselskapet i Møre og Romsdal har vore prosjekteigar, mens Møre og Romsdal fylke ved landbruksavdelinga har hatt det faglege og daglege ansvaret for prosjektet. Andre samarbeidspartar i prosjektet har vore Statens Vegvesen, Møre og Romsdal bondelag og prosjektkommunane Halsa, Surnadal, Sunndal, Nesset, Rauma, Volda og Vanylven. Det har i alt blitt rydda ca 37 km med skog langs vegane i prosjektkommunane i prosjekttida. Kommunane har vore oppdragsgjevar og organisert ryddinga. Ryddekostnaden er avhengig av skogbilde, driftsterreng, ryddebredde, behov for trafikktryggingstiltak under rydding, opprydding av hogstavfall og transportavstand for nyttbart virke. Gjennomsnittskostnaden ved skogrydding langs veg gjennom prosjektet eksklusiv administrative kostnader og meirverdiavgift er 35 kr/m, variasjonsbredda er mellom 10 kr/m 80 kr/m. Ryddebredde frå vegkant har i snitt vore ca 15 meter. Ryddinga har vore finansiert gjennom eit spleiselag mellom Statens Vegvesen og kommunane. Erfaringane gjennom prosjektet viser at ein er avhengig med rydding av areala utafor Statens Vegvesen sin grunn for oppnå ønskja effekt i høve til utsikt og trafikksikkerheit. Ryddinga har vorte utført av både grunneigarar og entreprenørar. Gjennom prosjekttida har fleire mindre entreprenørar med bakgrunn i landbruket etablert næringsverksemd innanfor skogrydding i det vegnære kulturlandskapet.

10 Eit opent vegnært landskap gir mange positive effektar; auka trafikktryggleik, reduksjon i tal viltpåkjørslar, det forenklar drifts- og vedlikehaldsarbeidet og gir betre utsikt og trivsel ved ferdsel langs vegane. Langs viltutsette strekningar der hjorteviltet nyttar vegen som transportkorridor og kantvegetasjonen som beiteområde gir skogrydding gode resultat i høve til tal viltpåkjørslar. Erfaringane gjennom prosjektet og Statens Vegvesen si handbok om vegar og dyreliv viser til at tal viltpåkjørslar reduserast med meir enn 50 % etter utført rydding. Prosjektet har fått mange positive tilbakemeldingar etter rydding av attgrodde strekningar som skjermar for utsikt. Bygdeforskning har utført spørjeundersøkingar blant deltakarane i prosjektet. Resultata viser at eit opent vegnært landskap skaper trivsel for både fastbuande og turistar. Prosjektet har arbeid med å nytte virket frå vegkanthogst som råstoff til brenselproduksjon og for oppretting av fleire forbrenningsanlegg i fylket. Potensialet for innhausting av virke frå vegkanthogst til brenselproduksjon er berekna til ca fm 3 eller ca 86 GWH ved 6 meter ryddebredde langs offentlege vegar i prosjektkommunane. I 3 av prosjektkommunane har deler av virket blitt nytta til produksjon av brenselflis. Erfaringane viser at sjølv om virket blir nytta til brenselproduksjon så kan ikkje dette finansiere ryddekostnaden. Ved skogrydding i det vegnære landskapet og i yngre produksjonsbestand der virket ofte er av mindre dimensjonar vil uttak av heiltre (stamme inklusive greiner og topp) effektivisere og redusere hogstkostnadene. Uttak av heiltre vil i tillegg føre til ein meirverdi i uttak av råstoff med mellom % samanlikna med uttak av stammer. I tillegg vil det føre til eit ryddig landskap etter utført rydding. For å oppnå betre lønnsemd i produksjon av brenselflis frå heiltre er ein avhengig av effektive verdikjeder og gode logistikkløysningar. Heiltre sett krav om flishoggarar med rist og effektiv innmating for rasjonell produksjon av brenselflis. Virke frå vegkanthogst inneheld ofte grus og støvpartiklar frå vegbanen som gjer at oskeinnhaldet ved forbrenning og slitasjen på hogstutstyr og flishoggarar er større enn ved bruk av vanleg skogsvirke. Virke frå vegkanthogst tilsvarar ofte GROT kvalitet, der innhaldet av mindre dimensjonar og hogstavfall er stort. Sjølv om større trommelhoggarar montert traktor blir nytta, så er erfaringane frå prosjektet at flisingskostnadene blir høge. Flisingskostnadane har vore opp til 85 kr/lm 3. Dette gjer at lønnsomheita ved produksjon av brenselflis er dårleg, sjølv om ryddinga er finansiert. Ei effektivisering av verdikjeda er derfor nødvendig for at virke frå vegkanthogst

11 kan bli eit konkurransedyktig råstoff til brenselproduksjon i framtida. I tillegg må prisnivået for skogsflis aukast. For at eit forbrenningsanlegg skal fungere optimalt og gi god lønnsemd er ein avhengig av at brenselkvaliteten samsvarar med kvalitetskrava som anlegget har til brensel. Spesielt mindre forbrenningsanlegg sett store krav til brenselkvaliteten. Dei viktigaste kvalitetskriteria er fuktinnhald og tal stikkarar. Mindre tørrflisanlegg har ofte krav om brensel med lågare fuktinnhald enn %. Prosjektet har i samarbeid med Skog og Landskap sett nærare på gevinsten med naturleg tørking av heiltre under vestlandforhold med store nedbørsmengder. Det vart oppretta to forsøk i Vanylven kommune der det eine vart starta opp på våren, mens det andre vart satt i gong på seinhausten. Erfaringane viser at ved naturleg tørking av heiltre på opne plassar som har god solinnstråling og lufttilgang, så vil fuktinnhaldet reduserast til ca 35 % over ein sommar uavhengig av om virket er felt på våren eller hausten. Ved å la virke tørke over to somrar reduserast fuktinnhaldet til under 30 %. Ved å tildekke velta med dekkpapp vil fuktinnhaldet i velta holdast relativt stabilt gjennom vinteren, mens fuktinnhaldet i virke som ikkje er tildekt vil nærme seg utgangsfuktigheita for fersk virke. Gevinsten ved tildekking er ca 10 % og kan vere avgjerande for om virket gir tilfredsstillande kvalitet ved eit forbrenningsanlegg. Kunstig tørking av flis er ein metode for å sikre tørr flis, prosjektet har i samarbeid med landbruksavdelinga på fylket sett nærare på bruk av mindre tørkeanlegg med solfangaranlegg til tørking av flis. Det er prosjektert eit kombinert lager og tørke for brenselflis med ei grunnflate på ca 360 m 2. Ved bruk av solfangaranlegg under ein vanleg sommardag vil reduksjonsfaktoren i tørketida vere ca 1,7, mens under ein solrik og varm sommardag vil reduksjonsfaktoren vere ca 2,2 pga høgare tørketemperatur. Ved oppretting av mindre tørkeanlegg vil det vere lønnsamt å etablere universaltørke med køyrbart golv som kan nyttast til tørking av både høy, korn, ved og brenselflis. Samtidig vil investering i solfangaranlegg vere lønnsamt. Forslag til handlingar som følgje av prosjektet Oppretting av faste budsjettpostar for utsiktrydding Utveljing av lengre samanhengande strekningar for utsiktsrydding som gir auka estetisk oppleving ved ferdsel langs vegane Samarbeid mellom kommunane og Statens Vegvesen ved utveljing av strekningar som skal ryddast pga utsikt og fare for viltpåkjørslar Uttak av heiltre ved virke av mindre dimensjonar uavhengig av eigedomsgrensar

12 Vidareutvikling av effektive verdikjedar for uttak av råstoff til brenselproduksjon frå vegkanthogst Val av brenselanlegg i høve til tilgjengeleg råstoff til brenselproduksjon og oppretting av brenselstandardar ved forbrenningsanlegg Vurdere val av våtflisanlegg der skogsflis er planlagt brukt som brensel Oppretting av tilskottsordningar for uttak av virke med mindre dimensjonar som råstoff til brenselproduksjon Prosjekt FISKARBONDEN SIN ARV Prosjektet har i 2008 arrangert kurs i stell og hald av utegangarsau i Averøy kommune. I tillegg vart det arrangert kurs i lyngheiskjøtsel for andre år på rad. I Herøy er det starta opp eit forprosjekt som tek for seg samarbeid om vidareforedling av utegangarsau på Sunnmørskysten. Prosjektet deltek i planlegging av tilretteleggingsprosjekt i viktige kulturlandskapsområde i fleire av samarbeidskommunane Averøy, Fræna, Giske, Haram og Herøy. Felles for fleire av prosjekta er at dei kombinerer ferdsel, skilting og skjøtsel gjennom beiting. I andre regionalt eller nasjonalt viktige kulturlandskapsområde, som er i ferd med å gro att, blir det arbeid med å få til meir beiting med husdyr gjennom utleigeavtaler, eller oppstart av nye beitelag. Prosjektet vert avslutta 1. august 2009.

13 Plantesalg i Møre og Romsdal PLANTESALGET I MØRE OG ROMSDAL ÅR GRAN SITKA FURU ANDRE SALG

14 Leverte planter til skogkultur 2008 fordelt på kommuner KOMMUNE GRAN FURU SITKA BJØRK FJEGR ANDRE SUM AVERØY EIDE FRÆNA GJEMNES HALSA HARAM HAREID HERØY MOLDE NESSET NORDDAL RAUMA SN.RINDAL SANDE SKODJE STORDAL STRANDA SUNNDAL SN.SURNADAL SYKKYLVEN TINGVOLL SN AURE/TUSTNA SN SØNDRE DIST ULSTEIN 0 VANYLVEN VESTNES VOLDA ØRSKOG ØRSTA SUM SKOGK

15 FASTE EIGEDOMAR Megarden gnr. 11, bnr. 4 i Halsa ble kjøpt av Skogselskapet til planteskoledrift i Eigedomen er på 50 da dyrka mark, 55 da myr, 534 da produktiv og 67 da uproduktiv skogsmark. Skogselskapet er medeigar i ein skogsbilveg saman med noen naboar. Eigedomen har god vegdekning. Noe av skogarealet er bortleid til skytebane. Reiten, gnr. 23, bnr. 3 i Halsa, kjøpt 1972, har om lag 85 da dyrka mark, 537 da skogsmark, av dette er 410 produktivt. Tidligare er det bygd 700 m bilveg. Det meste av dyrkamarka leies bort til grasproduksjon. På eigedomen står et forsøksfelt med bjørk som var planta i Det er satt i gang oppstart av juletredyrking på ca 5 dekar av dyrkamarka, der det er planta 2500 juletreplanter. Svartløken I 1965 kjøpte skogselskapet Svartløken i Ørskog kommune. Eigendomen er på om lag dekar, mykje av areala er myr, det er tørrlagd om lag 250 dekar og det er tilplanta om lag 700 dekar som no er i god vekst i stort sett Hkl. III. Om lag 210 dekar er gammal furuskog i Hkl 6. Valdet har fellingsløyve for hjort og rådyr. Aktivt Skogbruk har brukt området til øvingar med instruktørane. Hausten 2007 blei det satt opp ein natur sti på området vårt av Ole Martin Lingen og Terje Kolstad. Drifts bygningen var ferdig i 2000 og er eit flott bygg som blir brukt alt for lite. Her må det gjerast ein innsats slik at utleige kjem opp på eit nivå slik at vedlikehald m.m blir sjølvfinansierande. Vi har lagd vekt på at uteområde skal vere i god stand, slik at mange trivlege kveldstimar rundt bålet og grillen kan nytast i kveldssola. Terje Kolstad har oppfølginga av eigedomen og står for utleige. Vi har ingen andre eigedomar på Sunnmøre og det er difor naturleg at det vert satsa på eigedomsutvikling på Svartløken i åra framover.

16 Bergheim gnr. 60 bnr.1 I Surnadal eiger Skogselskapet garden BERGHEIM, kjøpt i Utmarksarealet er på 1710 da. Av dette er bare 230 da aktuell for skogproduksjon. Innmarka er regnet til 45 da og er bortleid. Den produktive delen av skogen er godt dekt med veger. Vi har inntekt på fiskeretten og reguleringserstatning langs Surna WIDTH ENDRESENS FOND Det er styret i Det norske skogselskap som forvalter fondet og som bestemmer hva midlene skal brukes til. Den 18. november.2008 stod annonsen i Sunnmørsposten. Ved søknadsfristens utløp var det kommet inn tre søknader, da skogselskapet var av søkerene ble søknadene oversendt Dns uten at det lokale tildelingsstyret har hatt møte og lagd innstilling. Etter opplysninger fra Dns var det til fordeling kr dette året. Søkere / formål tildelt Snipsøyrdalen Grendalag. Natursti over Alskleiva kr Skogselskapet Møre og Romsdal Informasjonsarbeid kr Skogselskapet Møre og Romsdal Natursti / skogsti på Svartløken kr

17

18

19

20

21

22

23

24

25

26

27