Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Strategiplan for Nordhordland Indremisjon 2011-2020"

Transkript

1 Strategiplan for Nordhordland Indremisjon Vi vil DISIPPELGJERE ved å vinne, utruste og sende! Denne strategiplanen er vorten til for at vi saman skal verte inspirerte og utfordra til å gå vidare i ei felles retning, der vi ser at mottoet vårt «Med Guds ord til folket» vert verkeleggjort! 0

2 Innleiing Nordhordland Indremisjon ønskjer gjennom denne strategiplanen å invitere dei som er ein del av arbeidet vårt til å tenkje større, breiare og lengre om indremisjonsarbeidet. Strategiplanen er vorten til for at vi saman skal verte inspirerte og utfordra til å gå vidare i ei felles retning, der vi ser at mottoet vårt, «Med Guds ord til folket», vert verkeleggjort. Denne strategiplanen inneheld inga ny lære eller nye lovar, men skal vere eit verkemiddel for eit fruktbart og målretta arbeid framover. Guds ord oppmodar til planlegging: «Planar vert det ingenting av utan rådlegging, men der det er mange rådgjevarar, har dei framgang.» Ordtøka 15,22. Difor har denne strategiplanen vorte utarbeidd, men vi stiller oss audmjuke til at sjølv om planar vert lagde, er det Gud som styrer: «I hjertet tenker mannen ut sin vei, men det er Herren som styrer skrittene hans. Ordsp16,9 Når Gud er med i reknestykket må vi vere førebudde på at Gud kan overraske på måtar vi ikkje hadde tenkt, og stake ut nye vegar vi ikkje har sett. Difor vil denne strategiplanen verte tatt opp til evaluering på kvart årsmøte fram mot 2020, slik at den kan verte endra ut frå Guds leiing. Ein vil også utarbeide ein handlingsplan i tråd med vedtekne strategiplan, slik at ein oppnår at strategiplanen vert verkeleggjort. Før årsmøtet 2012 har det første utkast til strategiplan vore sendt ut til indremisjonsfolk i Nordhordland til høyring. Etter høyringa er planen på fleire punkt blitt revidert. På årsmøte vart strategiplanen vedtatt utan endring mot ein stemme. Avgjerande for alt arbeid vi driv står i Salme 127: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånytte. Vi ønskjer at arbeidet vårt skal bere preg av at dette er Herrens verk. Vi er difor heilt avhengige av Hans leiing, kraft og visdom framover slik at vi i enno sterkare grad ser at Guds gjerningar skjer i Nordhordland Indremisjon sitt område, utover Noreg og til folkeslag som enno ikkje har høyrt om Jesus. Det er også viktig å presisere i starten at ingen lokale foreiningar kjem til å verte pålagt å følgje i den retninga strategiplanen legg opp til. Det er dei lokale foreiningar som avgjer kva retning dei ønskjer å gå i. 1

3 Historie Nordhordland Indremisjon er, som andre organisasjonar og rørsler, prega av historia si. Det er difor viktig at vi spør oss kva prinsipp i historia vår som er bibelsk viktige å ta vare på når ein skal møte ei tid og eit arbeid som er i endring? Teltmøte vart mykje brukt i tidligare tider. Fem prinsipp frå historia vår I historia vår er det fem prinsipp som må vere tydeleg framme i medvitet vårt når kursen for arbeidet skal verta utforma. 1. Grunnlaget - Nordhordland Indremisjon byggjer sitt arbeid på Bibelen og Den evangelisk lutherske vedkjenninga. Dette er eitt av dei viktigaste kjenneteikn på rørsla vår. 2. Takksemd til Jesus - Takksemd til Jesus for nåden og kjærleiken hans har prega indremisjonen si historie. 3. Nauda for at nye menneske skal verte omvendt og frelst Dette har alltid vore hovudmotivasjonen for alt vi har gjort. Alle tiltak og arbeidsmåtar må forståast ut frå denne drivkrafta. 4. Forkynninga av Guds ord - Indremisjonen har i heile si historie hatt fokus på forkynninga av Guds ord, både ved lov og evangelium. Dette har bore rike frukter i arbeidet vårt, og kome til uttrykk på ulike måtar som tradisjonell møteverksemd, barne- og ungdomsarbeid, bedehusa, leirarbeid, Nordhordland Folkehøgskule, barnehagar, diakoni, vitneteneste osb. 5. Bygd nedanfrå og opp - At arbeidet vårt er bygd nedanfrå og opp var eit viktig punkt i den strategiske tenkinga i den første indremisjonstida. Dette kjem mellom anna av vektlegginga av det allmenne prestedømme der nådegåvene er i funksjon. Den einskilde krins, forsamling og foreining står heilt fritt til å velje sin eigen kurs for arbeidet. 2

4 Avhengig av Guds leiing Gud ynskjer å leie oss i arbeidet vårt. Før vegen for det vidare arbeidet vert forma er det difor viktig å tenkje gjennom følgjande: Er det noko Gud har leia oss til dei siste åra som viser oss noko av retninga for arbeidet vårt? Kan det registrerast nokre signal frå Gud der Han ønskjer å kalle oss i ei tydeleg og kanskje ny retning? Nokre eksempel på det vi trur kan vere Guds leiing: Leiarskulen I ulike kontaktpunkt med lokale leiarar kom det fram at leiarsituasjonen på bedehusa var ei utfordring. Med den bakgrunnen vart oppstart av leiarskulen vedteke, og saman med ImF og ImF-ung vart leiarskulen utforma. Nye forsamlingar Sidan 2004 har vi sett nye forsamlingar vekse fram i vårt område. Nokre eksempel på dette er: IM-Kirken, Åsane, vart i 2004 meld inn i Nordhordland Indremisjon som ei forsamling. Dei har seinare vorte registrert som ein sjølvstendig frikyrkjelyd. Inri-fellesskapet i Øygarden vart etablert i 2006 som ein ny type fellesskap i distriktet vårt. Inri-fellesskapet er ei fleirgenerasjonsforsamling med menneske frå heile Øygarden. Dei har nådd nye menneske ved ulike utadretta tiltak. I Osterfjorden skjer det same i 2011med etablering av ny forsamling på Eknes. Igjen trer konturane av nye fellesskap tydeleg fram. Andre stader har det skjedd ei revitalisering av det lokale bedehusarbeidet. Dette gjeld til dømes Frekhaug, Vaksdal, Leknes, Lone, Ytre Arna og Haugland. 3

5 Ny generasjon Det veks fram ein ny generasjon unge, medvitne kristne i arbeidet vårt. Det er viktig at vaksengenerasjonen er til stades for dei, gjev dei rom, rettleiar og hjelper dei vidare. Gud har vist kor naudsynt det er å formidle evangeliet gjennom barne- og ungdomsarbeidet, då dette har resultert i at fleire er vorte kristne gjennom denne delen av arbeidet vårt. Bøneår Ein viktig del av strategiarbeidet er utan tvil bøn for Nordhordland. Juni 2011 starta vi eit bøneår for Nordhordland. Det er viktig at dette har eit sterkt fokus også framover. 4

6 Visjon fram mot 2020 I spørreundersøkinga som vart gjennomført i 2010 kom det tydeleg fram at ein ønskjer meir levande kristendom, større Jesus-fokus og varmare fellesskap. Ein ønskjer nådegåver i funksjon og kjærleik til Bibelen, og ein ønskjer å nå menneska i dag med evangeliet. Nordhordland Indremisjon ønskjer å vere bygd opp av varme og inkluderande fellesskap. Gjennom arbeidet ønskjer vi å sjå menneske forandra til overgjevne Kristus-etterfølgjarar som ønskjer å følgje Guds ord. Med bakgrunn i dette og med utgangspunkt i misjonsbefalinga ynskjer vi at fylgjande ord skal vere retningsgjevande for arbeidet vårt framover: Vi vil DISIPPELGJERE menneske - ved å vinne, utruste og sende Disippelgjere: Å disippelgjere er det same som å gjere til disippel jfr. Matt 28, 19 og Apgj. 14, 21. Det siste Jesus befalte var at vi skulle gjere alle folkeslag til disiplar, ved å døype dei, og lære dei å halde alt det han hadde befalt. Å lære å halde det Jesus har befalt handlar om alt det som står i Bibelen. Ein vert ein disippel den dagen ein vert vunnen for Jesus. Disippelgjering er å verte meir lik Jesus, og difor er dette ein prosess i kvar einskild truande som varer livet ut. Vi ønskjer å hjelpe menneske til å leve som disiplar gjennom å vinne, utruste og sende: Vinne: Vi ønskjer å kalle menneske i vårt område til omvending og tru slik av dei vert vunne for Kristus. Utruste: Vi ønskjer å utruste dei som trur gjennom rettleiing og undervisning frå Bibelen. Vi ønskjer å hjelpe dei truande til å bruke nådegåvene sine, og til å leve kristenliv der Bibelen vert forvandlande for liva. 5

7 Sende: Vi ønskjer å sende menneske til svake område av krinsen, til andre landsdelar og land for å vinne nye for Kristus. Dei som ikkje vert sendt er med på å sende gjennom bøn og gjevarteneste. Det er trong for å utvide forståinga av mottoet vårt: Med Guds ord til folket. Dette handlar om meir enn arbeidet på bedehuset. Det handlar og om det livet som vert levd saman med medmenneska våre utanfor bedehuset. Gud ønskjer å gjennomsyre oss med ordet sitt slik at det får noko å seie for haldningane våre og for kva vi seier og gjer. Då vert den einskilde kristne det levande Guds ord som allereie er ute blant folket. Gjennom dette kan Nordhordland Indremisjon vere ein misjonsorganisasjon som er med på å endre Noreg. Vi kan gjenerobre og fornye noko av det som ligg i historia vår: Vi ønskjer å byggje livskraftige fellesskap som sender menneske ut med evangeliet, både i nærområde, andre delar i Noreg og til unådde folkeslag. Alt vi har av aktivitetar og arbeid må prøvast ut frå dette. 6

8 Satsingsområde fram mot 2020 Bibelen må alltid få vere rettesnor for dei prioriteringar og val som vert gjort. Samstundes må spørsmålet om kva som er føremålstenleg ut frå målsetjinga vår vere tydeleg framme i avgjersler. Vi ønskjer å sjå på korleis vi kan vidareutvikle det som allereie er av verksemd slik at visjonen fram mot 2020 vert verkeleggjort. Samstundes må ein sjå om delar av arbeidet skal leggjast ned for at noko nytt skal få spire fram. Bøna og Ordet Mål fram mot 2020: Bøna er ein integrert del av den einskilde sitt liv og fellesskapa våre. Ordet vert forkynt livsnært og aktuelt for alle aldrar. Løna og uløna forkynnarar får tilbod om årlege kurs om forkynning. Bønearbeidet vil vere avgjerande i tida som kjem for at visjonen og måla fram mot 2020 skal verte røyndom. Når vi spør Gud, bed han om leiing og kraft, får vi sjå meir av at hans gjerningar skjer. Vi ønskjer difor å løfte bøna fram som viktigaste faktor for at riket hans veks. Ordet skal vere grunnlag og utgangspunkt for all forkynning, og må formidlast i eit språk dagens menneske forstår. Forkynninga må også setje fokus på visjonen om å disippelgjere ved å vinne, utruste og sende. Utrusting og leiarskap Mål fram mot 2020: Alle som har tilknyting til arbeidet vårt får hjelp i sine forsamlingar til å leve som disiplar både i heim, på fritida og i forsamlinga. Familiearbeid: Vi ønskjer at forsamlingane har fokus på familien som ein integrert del av arbeidet. Vi ønskjer at foreldre vert utrusta til å leve godt med Gud, i samlivet og med borna sine. 7

9 Rådgjeving og rettleiing: Krinsen ønskjer å vere ein ressurs inn mot forsamlingane slik at ein kan utvikle leiarskap som vidare hjelper den einskilde kristne til å verte disippelgjort. Leiarskule: Leiarskulen vil fortsetja som ein reiskap for å utrusta det lokale leiarskapet. Evangelisering og misjon Mål fram mot 2020: Evangelisering og misjon er ein integrert del av den einskilde sitt liv og fellesskapa i arbeidet vårt. På kvart årsmøte kan vi melde om mange nye som er blitt kristne, fleire av desse gjennom personleg evangelisering. 20 forsamlingar har engasjement for andre delar av Noreg. Alle forsamlingar har eit engasjement for ytremisjon. Evangelisering: Forsamlingane og einskildpersonar har eit engasjement for at fleire skal verte kristne i nærområdet. Forsamlinga kan drive ulike tiltak dei finn formålstenleg for at dette kan skje. Einskildpersonar kan be for menneske som ikkje har kristen vedkjenning. Det er viktig å byggje naturlege relasjonar til desse, bry seg om deira livssituasjon, og invitere dei heim. Vere saman med dei, be for konkrete ting i liva deira, dele bønesvar med dei, og dele evangeliet med dei. Forsamlinga og den einskilde sitt liv vert på ein slik måte evangeliserande. Misjon: Forsamlingane våre vert oppmoda om å ha engasjement utanfor sitt eige nærområde. Ein kan støtte andre ved å sende ressursar som menneske og midlar, og ein kan vere med i forbøn. Det er viktig å vere bevisst at dette kan gjelde både andre delar av krinsen og Noreg, og ut i heile verda. Vi oppmodar til å knyte seg til ytemisjonsprosjekt andre misjonsorganisasjonar driv. 8

10 Fellesskap Mål fram mot 2020: Kvart fellesskap har funne ein god måte å organisere seg på, og slått seg saman med eit nærliggande bedehus dersom dei ser det formålstenleg. Fem nye forsamlingar er etablert eller revitalisert. 70 mindre fellesskap er registrert. Krinsen er i stadig dialog med fellesskapa for å være ein ressurs inn mot barne- og ungdomsarbeidet, slik at også dette arbeidet er ein integrert del av forsamlingsarbeidet. Målet med Indremisjonsarbeidet må vere at det vert bygd fellesskap der den einskilde kan vekse som kristen. Vi ønskjer fellesskap der menneske kan verte disippelgjort ved å vinne, utruste og sende, og at fellesskapa våre kan vere ein naturleg plass å invitere ufrelste inn i. Nordhordland Indremisjon ønskjer difor å gje rom for eit mangfald av ulike former for fellesskap så lenge det ikkje går ut over det Gud seier gjennom Bibelen. På denne måten kan vi nå lengre ut og inkludere fleire i indremisjonsfellesskapa våre. Det er gjeve innspel frå fleire av dei som har tilknyting til arbeidet vårt at ein ønskjer ein annan bedehusstruktur. Ein ser for seg mindre fellesskap som samlast i heimane der dei nære relasjonane vert bygde, og som igjen inngår i eit større fellesskap som samlast regelmessig til forkynning, fellesskap, lovsong og feiring. At bedehusstrukturen vert endra inneber ikkje at indremisjonsarbeidet vert mindre offensivt, men at ein organiserer det på ein måte som er meir slagkraftig. Krinsen ønskjer, så langt det er mogleg, å hjelpe dei forsamlingar som ønskjer rådgjeving og rettleiing i slike prosessar. Barne- og ungdomsarbeid vil framleis vere ein viktig del av arbeidet vårt, og vi ønskjer å vidareutvikle dette. Det bør difor arbeidast med korleis vi på ein enno betre måte kan tenkje heilskapleg om arbeidet frå barn til vaksen, og på ein slik måte integrere alle aldrar i våre fellesskap. 9

11 Vidare må ein på ein god måte utnytte ressursen Raknestunet ønskjer å vere inn i lokalt barne- og ungdomsarbeid, og arbeide saman for gode løysingar her. Institusjonar Mål fram mot 2020: Barnehagane: Vi tilrår at styra ser på kva punkt i strategiplanen vår det er naturleg å implantere i barnehagane sin strategi. Nordhordland Folkehøgskule: Disippelgjere ved å vinne, utruste og sende vert ein integrert del av folkehøgskulen sin strategi. Nordhordland Folkehøgskule vil framleis vere vår forlenga arm, også til andre landsdelar med bodskapen om Jesus. Barnehagane i Knarvik og på Ulset står i eit viktig såarbeid som vi ser som vesentleg for at barn, både i den tida dei går der og på eit seinare tidspunkt i livet, kan verte kristne. 10

12 Avslutning Til avslutning er det viktig å understreke innleiinga om kor avhengige vi er av Guds leiing i dette arbeidet. Grunnlaget for denne strategiplanen er at vi ynskjer å sjå Gud gjere sitt verk i Nordhordland, der vi opplever at mange menneske vert frelst! Ved å gje «Guds ord til folket» gjennom oss sjølv som enkeltpersonar, og som forsamlingar, kan dette få verte ein realitet. Då Jesus for opp til himmelen gav han oss oppdraget om å gjere menneske til disiplar, og det ønskjer vi at skal skje ved å vinne, utruste og sende enkeltpersonar gjennom våre forsamlingar. Denne strategiplanen set fokus på område vi kan arbeide med for å nå dette oppdraget Jesus gav oss. For å hjelpe kvarandre med å halde fokus på visjonen og arbeidet med den fram mot 2020 ynskjer Nordhordland Indremisjon ein kort årleg oppdatering frå dei ulike forsamlingane våre. På denne måten kan krinsen enklare fange opp det Gud gjer i fellesskapa våre, og formidle dette vidare til andre til oppmuntring. Motsett kan også krinsen fange opp ulike utfordringar forsamlingane treng hjelp til, og dermed få vere ein positiv ressurs inn i arbeidet. Gud signe arbeidet du står i måtte vi alle få oppleve å bli disippelgjorte truande i oppdrag for Jesus! 11

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2011-2013 Strategidokument_Varhaug_Misjonshus_2011-2013_v1-0.doc Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2010-2015 Innhold 1.Om Varhaug Misjonshus...3 1.1.Visjon...3

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

inn i Guds framtid Strategiplan for ImF 2013-2020

inn i Guds framtid Strategiplan for ImF 2013-2020 inn i Guds framtid Strategiplan for ImF 2013-2020 inn i Guds framtid KVA VIL VI SJÅ DEI NESTE 10 ÅRA? 1. Vi ser ei rørsle av unge og eldre som saman veks og modnast som Jesu disiplar, former nye fellesskap

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Rop det ut med hjertets jubel, gledesbudet fra ham selv: Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er synd og gjeld! Ordet vitner høyt og hellig om hans kjærlighet og makt.

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

NLM Ung 2013-2018. Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent

NLM Ung 2013-2018. Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent NLM Ung 20132018 Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent Jesus trådte fram og talte til dem: «Jeg har fått all makt i himmelen og på jorden. Gå derfor og gjør alle folkeslag til

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet 1 2 3 4 5 6 7 8 Lakkegata 3 / 0187 Oslo T: 22 04 49 70 F: 22 04 49 89 E: nso@student.no W: www.student.no 9 10 11 12 13 Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

Vår grøne. kyrkjelyd

Vår grøne. kyrkjelyd Vår grøne kyrkjelyd Vår grøne kyrkjelyd ønskjer å medverke til glede, takksemd og undring i kyrkjelydane over å vere ein del av skaparverket, og å forløyse engasjement og kreativitet til å ta vare på den

Detaljer

Gå ut og gjer disiplar

Gå ut og gjer disiplar Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

ROS-analyse i kommuneplan

ROS-analyse i kommuneplan ROS-analyse i kommuneplan Interkommunalt skredsamarbeid Møte måndag 6. desember 2010 Inge Edvardsen Fylkesmannen i Hordaland 1 Risikoanalyse kva og kvifor? Ein systematisk tilnærming til arbeidet med samfunnstryggleik

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.00 Møtedato: 27.08.14

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.00 Møtedato: 27.08.14 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.00 Møtedato: 27.08.14 Frå saksnummer: 50/ 14 Møtestad: Høgaleitet 36, heime hos Nicolai Til saksnummer: 59/ 14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.

Detaljer

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivilligforum 27.05.2008 Synnøve Valle Frivillig sektor: Sentral i samfunnsbygginga? Ja! Den frivillige innsatsen utgjer 5 6 % av antal personar i kommunen

Detaljer

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Strategiplan ImF 2020

Strategiplan ImF 2020 Strategiplan ImF 2020 kva SER VI DEI NESTE 10 åra? Vi ser ei rørsle av unge og eldre som saman veks og modnast som Jesu disiplar, former nye fellesskap og forsamlingar, og misjonerer i Norge ved å dele

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/701-8031/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 13.04.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Komité for drift Uttale til høyringa - NOU 2015:2 Å høyre til.

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland Eigarskapspolitisk plattform for Aurland AURLAND KOMMUNE Motiv og mål med offentleg eigarskap Ein eller fleire a dei fem kategoriane nedanfor skal leggjast til grunn for utforming av mål og motiv for selskapa

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus

Detaljer

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker

Detaljer

Strategiplan 2014-2018

Strategiplan 2014-2018 Strategiplan 2014-2018 HOVUDVISJON: Rosendal Turnlag skal utvikle ein brei aktivitet, med fokus på god helse, allsidigheit, samhald og glede. Vi skal utvikle sunne og gode haldningar for dei som ynskjer

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon Uansett om elevane skal svare på den individuelle oppgåva skriftleg eller munnleg, kan læraren og elevane avtale når og korleis det kan vere formålstenleg med tilbakemeldingar. Læraren kan bruke undervegsvurderinga

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR KONFIRMASJON ORDNING FOR KONFIRMASJON NYNORSK INNHALD KVA ER KONFIRMASJONEN?... 2 MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGA... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovudstyret mai 2011. 1

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Framtidige behov for hjelpemiddel

Framtidige behov for hjelpemiddel Framtidige behov for hjelpemiddel AV SIGURD GJERDE SAMANDRAG Hjelpemiddelformidling er ein stor og viktig del av hjelpetilbodet for alle med funksjonsvanskar. Samfunnet satsar store ressursar på formidling

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

om å holde på med det.

om å holde på med det. j Livet som Gud har kallet oss til, er ikke et vanlig eller naturlig liv. Det er overnaturlig, fylt med kraft, tegn, under, mirakel og andre mektige gjerninger. Jesus, som gikk på vannet, gjorde vann om

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009 SAK 05-09 UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009 Saksopplysningar Bakgrunn Fjellregionsamarbeidet er ein samarbeidsorganisasjon mellom dei fem fylkeskommunane Oppland, Hedmark, Buskerud,

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer