Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Magni Aa Berge SP Hege Lothe SV

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Magni Aa Berge SP Hege Lothe SV"

Transkript

1 Gloppen kommune Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-13:00 Møtebok Følgjande medlemar møtte Leidulf Gloppestad Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnfinn Jørgen Brekke Arnar Hans Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Frå SP SP KRF KRF KRF AP SD V Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Magni Aa Berge SP Hege Lothe SV Andre som møtte Anita Lothe, helse- og omsorgssjef i sak 123/17 Geir Liavåg Strand, organisasjonssjef i sak 123/17 Jan Kåre Fure, rådmann Jan-Kjetil Øygard, kultursjef i sak 123/17 Janne Storevik, økonomisjef i sak 123/17 Kjell Petter Solhaug, teknisk sjef i sak 123/17 Per Arne Strand, oppvekstsjef i sak 123/17 Rita Arlen Lilletvedt, personalsjef i sak 123/17 Ugilde Sak Følgjande varamedl. Merknad møtte Bjarte Gangeskar 126/17 Ingen Heimelen for inhabilitet er 6,1e i forvaltningslova. Møteleiar: Leidulf Gloppestad Underskrift: Leidulf Gloppestad

2 Sakliste Sak nr. Sakstittel 121/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 122/17 Referat og orienteringssaker 123/17 Årsbudsjett sluttbehandling 124/17 Vedtak om gebyr og betalingssatsar for sluttbehandling 125/17 Sandane Golfklubb - søknad om kommunal lånegaranti 126/17 Reed stadion - søknad om kommunal garanti 127/17 Sal av eigendom på Elvaneset - sluttbehandling 128/17 Rettsforlik om erstatning for areal til ny veg i Selvågane 129/17 Borgarleg vigsel i Gloppen kommune 130/17 Kommunen sitt delegeringsreglement - sluttbehandling 131/17 Vedtak - kommunedelplan for ferjefri kryssing - Anda - Lote 132/17 Kjøp av aksjar i Vitensenteret Sogn og Fjordane? Side 2

3 Gloppen kommune Arkiv: FE JournalpostID: 17/15039 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 121/17 Formannskapet Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: Protokoll - Formannskapet Ordføraren si tilråding: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 27. november Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 13. desember Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Formannskapet Behandling FOR- 121/17 Vedtak 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 27. november Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 13. desember Vedtaket var samrøystes. Side 3

4 Gloppen kommune Arkiv: FE JournalpostID: 17/15311 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 122/17 Formannskapet Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Orienteringssaker: Ordet fritt... Formannskapet Behandling Under ordet fritt... Bernt Reed stilte spørsmål om det er noko nytt i saka om - samarbeid/samanslåing mellom SFE og andre energiselskap - sentralisering av arbeidsplassane i Helfo. Arnfinn Brekke var glad for at Gloppen kommune har blitt ein Av-og-til-kommune, og håpte dette kunne bidra til ei breiare behandling av søknader om sals- og skjenkeløyve, der også andre sider av saka enn dei næringmessige blir vurderte. --- På slutten av møtet orienterte ordføraren kort om rådsmøtet i Nordfjord Havn IKS fredag den 15. desember om nye vedtekter, og minte om møtet i kommunestyret måndag den 18. desember kl 09:00 i Sandane kyrkje. FOR- 122/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4

5 Gloppen kommune Arkiv: FE - 151, HIST - 16/971 JournalpostID: 17/15301 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 123/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Årsbudsjett sluttbehandling Vedlegg i saka: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for Brev frå Hyen skule om rehabiliteringsstansen Sak 120/17 Årsbudsjettet for Kommundelplan for fv. 615 Hyen - Høgemuren Rådmannen si tilråding 1. Gloppen kommunestyre godkjenner formannskapet sitt framlegg til årsbudsjettet for 2018 slik dette framgår av f-sak 120/17. Kommunestyret gjev rådmannen fullmakt til å fordele eigendel på sjukepengar å fordele eventuell tilleggsrekning frå kommunen sitt pensjonsselskap å rette opp eventuelle budsjett-tekniske feilføringar i høve til rekneskapsforskriftene 2. Kommunestyret vedtek maksimalsatsane på inntekts- og formueskatt. Den generelle satsen for eigedomsskatt blir sett til 7, med unnatak av satsen for bustader og fritidseigedomar som blir sett til 4 3. Rådmannen får fullmakt til å overføre ubrukte budsjettmidlar inkl. finansiering i pågåande investeringsprosjekt til neste år, slik at desse vil inngå i samla investeringsbudsjett for Opptak av nye lån blir utsett til revisjonen av 2018-budsjettet. 4. Kommunestyret er klar over at årsbudsjettet er balansert med bruk av 7,9 millionar frå disposisjonsfondet, og vedtek derfor straks å setje i gang ein revisjon av 2018-budsjettet der denne bruken av disposisjonsfondet skal erstattast med utgiftsreduksjon eller inntektsauke. I tillegg skal 2018-budsjettet gjerast opp med eit overskot på om lag 4 millionar, som tilsvarar 1 % av samla ramme til sektorane. I gjennomgangen skal elles følgjande leggast til grunn: rehabiliteringa av Hyen skule/idrett skal vere med prosjekteringa av nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at vi ved revidert budsjett budsjett har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag representantskapen i Trivselshagen IKS blir beden om å gå gjennom den varsla auken i husleiga på nytt slik at auken frå 2017 for Gloppen kommune sin del ikkje blir større enn alle planlagde investeringar skal gjennomgåast med det formål å sjå på reduksjon og innsparingar det blir innført ein avgrensa tilsettingsstopp slik at ledige stillingar ikkje blir utlyste eller gjort tilsettingar i før det er avklara om stillinga kan stå vakant eller fyllast ved Side 5

6 omplasseringar eller omorganisering. Administrasjonsutvalet skal orienterast om praktiseringa av ordninga inntektssidene i budsjettet skal gjennomgåast det skal vurderast om gebyr/betalingssatsane kan aukast meir driftstilskotet til Firda fysikalsk-medisinske senter skal aukast i samsvar med alternativ 1 i budsjettdokumentet (jfr. budsjettvedtaket for 2017). Kommunestyret sluttar seg til formannskapet sin for å plan for gjennomgang av drifta og ny behandling av 2018-budsjettet. Saksutgreiing Når dette er skrive, er utleggingsperioden ikkje over. Dei innspela som er komne utanfrå så langt i budsjettprosessen ligg ved. Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 for kommunestyret den 13. november i år. Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år. Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn. Fakta i saka Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 er balansert ved å bruke 7,9 millionar av disposisjonsfondet. Det er likevel ei klar målsetting at det ikkje skal vere nødvendig å bruke dette beløpet til neste år. Dette føreset at rådmannen med sine leiarar, i fellesskap med dei folkevalde, i løpet av vinteren tar ein totalgjennomgang av kommunen si drift. Målsettinga må vere i første omgang å balansere 2018-budsjettet utan å bruke disposisjonsfondet til ordinær drift, og i tillegg sjå på ytterlegare tiltak som kan gje rom for dei investeringane som no er utsette. Tiltaka som skal balansere 2018-budsjettet må vere klare før påske. Det er fleire årsaker til at rådmannen ikkje har greidd å legge fram eit framlegg til årsbudsjett utan å legge inn bruk av disposisjonsfondet: Tilskotet/refusjonen for mottak og busetting av flyktningar går vesentleg ned i høve til 2017, både som følgje av at flyktningane våre no har budd her så lenge at tilskotet tar slutt, og som følgje av omlegginga av tilskotet til mindreårige asylsøkjarar. Vi har ikkje greidd å ta ned utgiftene så mykje som inntektsnedgangen på til saman 8,5 mill. tilseier. I 2017 kom det såkalla Myklebusttunet på Kleivedammen i drift. Føresetnaden som vart lagt til grunn både i budsjettet for 2017 og i sist vedtekne økonomiplan om drift av tilbodet har ikkje vore råd å gjennomføre. Drifta av det nye tilbodet kostar rundt 5 mill. i året. Vi har i ei årrekkje lagt alt for lavt tilskot til private barnehagar inn i budsjettet. I 2017 er feilbudsjetteringa rundt 6 mill. I framlegget for 2018 er dette korrekt budsjettert. Tenestene kommunane yter på oppvekstområdet og helse- og omsorgsområdet er i all hovudsak styrde av lovfesta rettar og sentrale reglar. Tilboda kan ikkje takast vekk eller reduserast med grunngjeving i manglande budsjettmidlar. Det er eit faktum at vi ikkje kan drive desse tenestene utan meir ressursar når talet på barn og elevar og behovet for kommunal omsorg aukar. Dette er hovudårsaka til at kommunebudsjetta landet rundt ikkje går i hop når Side 6

7 løyvingane ikkje aukar meir enn lønns- og prisveksten og knapt nok det. Tiltak og forutsetningar i rådmannen sitt framlegg I budsjettframlegget er det gjort tiltak og lagt inn fleire forutsetningar for å kome ned på den bruken av disposisjonsfondet som ligg no inne: Skatteveksten ut over det budsjetterte i 2017 (på 5,5 mill. per oktober) er vidareført til 2018 Tilbodet og tiltaka til tidlegare mottekne flyktningar er redusert noko, men ikkje så mykje som inntektsnedgangen tilseier Det er budsjettert optimistisk for lønnsveksten i % auke er lagt inn frå 1. mai Lønnskostnadene til nokre tilsette som jobbar mykje med prosjekt er ført på prosjekta. Samanlikna med 2017 er dette auka med 1,5 mill. Styret i Trivselshagen har lagt inn ein kraftig auke i husleiga i høve til For kommunen utgjer auken 1,3 mill. Berre auke for lønns- og prisvekst er lagt inn. Det betyr at styret for Trivselshagen må ta igjen sitt budsjett På grunn av seinare framdrift på nokre av investeringsprosjekta er det lagt inn seinare låneopptak og 1 mill. mindre i avdrag Det er budsjettert optimist på utbytte og på sal av konsesjonskraft Auken i eigedomsskatten på bustader og fritidseigedomar er lagt inn som forutsett i økonomiplanen. Utover dette er 2018-budsjettet i all hovudsak ei vidareføring av drifta frå 2. halvår Mottak av flyktningar Det er lagt til grunn at vi tar imot 15 nye flyktningar i 2018 slik staten har bede om. To av desse er mindreårige asylsøkjarar. I tillegg til dette kan kome familie til flyktningar som alt er busette her. Dette er ikkje lagt inn i budsjettet, verken på inntekts- eller utgiftssida. Gjennomgangen som Gloppen kommune har vore med på som ein del av berekningsutvalet sitt arbeid med å kartlegge kommunane sine inntekter og kostnader med mottak og busetting av flyktningar, viser at vi går om lag i balanse så lenge staten betalar tilskot. Med god intergering og sysselsetting bør vi då ikkje har ekstrautgifter på mottak av flyktningar. Vi er ikkje der i budsjettet, men målsettinga må vere å kome dit i den gjennomgangen som rådmannen varsla innleiingsvis. Nye stillingar I budsjettet for 2017 la vi for første gong inn ei oversikt over kor mange årsverk som ligg i budsjettframlegget og samanlikna dette med talet på årsverk i budsjettet frå året før. I årets budsjett ligg det vel 497 årsverk. Tilsvarande for 2017-budsjettet var vel 486 årsverk. Auken er altså nesten 11 årsverk. Mesteparten av dette er i helse og omsorg. I kap. 6 er endringane i årsverk kommentert og forklart. Auken i årsverk har i stor grad skjedd i løpet av budsjettåret Investeringsbudsjettet Sjølv om rådmannen gjer framlegg om å utsette rehabiliteringa av skuleanlegget i Hyen og bygginga av nytt omsorgsbygg, kjem framlegget til investeringsbudsjett for 2018 på nesten 116 mill. Oppsummert ser framlegget slik ut: Sum Finansiering investering Momskomp. Tilskot/ref. Fond Gamle lån Nye lån Sum finansiering Bustader og bustadfelt VAR-området Andre investeringar SUM Side 7

8 Samla låneopptak er 85,4 mill. Av dette beløpet er vel 25 millionar investeringar som ikkje gjev inntekter som dekkjer renter og avdrag. Dei største prosjekta er i 2018: Prosjekt Budsjettert kostnad Beløp i 2018 Merknad Nytt industribygg 26 mill 26 mill Leigeinntektene skal dekke alle utgiftene Renseanlegget på Byrkjelo 27,4 mill 23,4 mill Gebyret skal dekke alle utgiftene Heradshuset 27,8 mill 14 mill Forsikringa dekkjer 40% av totalsummen (27,8 mill) Ombygging av dagsenteret 12,5 mill 9,2 mill Gjev husleige for 4 nye husvære Oppdatert kostnadsoverslag for nytt omsorgsbygg er i underkant av 81,3 mill. Vi har ikkje oppdaterte tal for skuleanlegget i Hyen. I økonomiplanen er kostnaden lagt inn med knapt 53,8 mill. Oppsummering av den politiske behandlinga av årsbudsjettet så langt Rådmannen sitt budsjettframlegg har no vore behandla i hovudutvala (unnateke administrasjonsutvalet) to gonger, i eldrerådet og i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og i formannskapet ein gong. Alle vedtaka så langt har vore samrøystes til slutt. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (sak 28/17): Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er opptekne av at utsette grupper blir skjerma i nedskjæringar og gebyrauke. Eldrerådet (sak 19/17): Eldrerådet tek saka til orientering. Eldrerådet føresett at framdriftplan for nytt omsorgsbygg vert oppretthalde. Helse- og omsorgsutvalet (sak 47/17): Helse- og omsorgsutvalet legg til grunn at rådmannen legg fram ei sak, revidert budsjett 2018 som er i balanse. Til dette arbeidet kjem utvalet med følgjande innspel: 1. Prosjektering av rehabilitering av Hyen skule/ idrett og nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revisjon budsjett 2018 har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle investeringsprosjekta med det siktemål å sjå på reduksjonar/ innsparingar 3. For 2018 vert det innført full stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett legge fram budsjettvirkningane av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast 4. Rådmannen skal fram til handsaminga av revidert budsjett gå gjennom inntektsidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr og betalingssatsane 5. Rådmannen skal i samband med revidert budsjett legge fram eit forslag om å auke driftstilskotet til Firda fysikalsk-medisinsk senter i samsvar med alternativ 1 i budsjettdokumentet. I tilfelle formannskapet legg ut budsjettet med redusert bruk av disposisjonsfondet vil helse- og omsorgsutvalet ha eit ekstramøte på budsjettet. Oppvekstutvalet og MULTEK-utvalet har ikkje gjort formelle vedtak i budsjettsaka, men i oppvekstutvalet (sak 46/17) reiste Hege Lothe (SV) dette framlegget, som det ikkje vart røysta over: Oppvekstutvalet ynskjer å halde fast på orninga med 2 timar ekstra i veka til minoritetsspråklege barn dei to første åra i barnehagen, også etter sommaren Formannskapet har ikkje gjort formelt vedtak i budsjettsaka, men under behandling av saka (sak 109/17) vart desse framlegga reiste utan at dei vart røysta over: Side 8

9 Framlegg frå Magni Aa Berge på vegner av Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti: Arbeidet med Hyen skule skal leggast inn i budsjettet med oppstart i 2018 Formannskapet ber, på bakgrunn av det rådmannen skriv i årsbudsjettet 2018, styret i Trivselshagen IKS sjå på den varsla auken i husleige på nytt Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med innsparingar og kome med framlegg slik at budsjett for 2018 vert gjort opp med eit underskot på maksimalt kr 6,5 mill. ved endeleg vedtak på kommunestyremøte i desember Formannskapet legg til grunn at rådmann kjem attende innan utgongen av februar 2018 med eit budsjett som er gjort opp med 1,0 % i overskot, som vedteke i økonomiplan for I prosess med å få klart budsjett for 2018 vert det innført full stillingsstopp. Administrasjonsutvalet skal haldast fortløpande orientert om stillingar som vert ledige og om desse eventuelt kan haldast vakante Til formannskapsmøte 13. desember skal rådmannen/etatsleiarar orientere formannskap og økonomiutval om den pågåande prosessen med årsbudsjett for Vidare legg formannskapet til grunn at rådmannen orienterer kommunestyret 18. desember om arbeidet, i samband med behandling av årsbudsjett for Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Vi legg til grunn at rådmannen legg fram ei sak, revidert budsjett 2018 som er i balanse. Til dette arbeidet kjem Krf med følgjande innspel: 1. Prosjektering av rehabilitering av Hyen skule/ idrett og nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revisjon budsjett 2018 har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle investeringsprosjekta med det siktemål å sjå på reduksjonar/ innsparingar 3. For 2018 vert det innført full stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett legge fram budsjettvirkningane av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast 4. Rådmannen skal fram til handsaminga av revidert budsjett gå gjennom inntektsidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr og betalingssatsane. --- Rådmannen sin plan for gjennomgang av drifta og ny behandling av 2018-budsjettet Målsetting På kort sikt: Ta ned drifta/auke inntektene med 10 millionar på 2018-budsjettet På lang sikt: Ta ned drifta/auke inntektene med ytterlegare 10 mill. Lang sikt er Grupper Vi tar utgangspunkt i kvart hovudutval, men deler MULTEK-utvalet to grupper: kultur og teknisk/landbruk. Formannskapet sitt budsjettområde Ordførar og varaordførar, pluss ein til frå formannskapet Organisasjonssjefen og rådmannen Ein frå Fagforbundet og ein frå Delta. Oppvekstutvalet sitt budsjettområde Leiar og nestleiar, pluss ein til frå utvalet Oppvekstsjefen og ein til frå sektoren/administrasjonen Ein frå Utdanningsforbundet og ein frå Fagforbundet. Side 9

10 Helse- og omsorgsutvalet sitt budsjettområde Leiar og nestleiar. Utvalet har i tillegg plukka ut Vidar Sandal Helse- og omsorgssjefen og ein til frå sektoren/administrasjonen Ein frå sjukepleiarforbundet, ein frå FO og ein frå Fagforbundet. MULTEK-utvalet sitt budsjettområde landbruk og teknisk Leiar, Edgar Kvernevik og Solveig Lien Gusdal (plukka ut av utvalet) Teknisk sjef og ein til frå sektoren Ein frå NITO. MULTEK-utvalet sitt budsjettområde kultur Nestleiar, Kent Øystein Hjelle, Jan Asle Rustøen og Mariel Eikeset Koren (plukka ut av utvalet) Kultursjefen og ein til frå sektoren Ein frå organisasjonane. --- Økonomisjefen og personalsjefen blir trekt inn i arbeidet etter behov. Finansområdet Økonomisjefen og rådmannen. Timeplan Revidert 2018-busjett skal vedtakast av kommunestyret 28. februar I møteplanen er det lagt opp til at formannskapet sitt framlegg ligg ute til gjennomsyn frå 8. til 22. februar. Dette gjev slik timeplan: Innan 13. desember 2017: arbeidsgruppene skal vere etablerte Før årsskiftet: talmaterialet som skal gjennomgåast skal vere klart Innan 12. januar 2018: ein første gjennomgang av talmaterialet skal vere unnagjort i arbeidsgruppene 17. og 18. januar 2018: første utvalsbehandling av gjennomgangen så langt 24. januar 2018: formannskapet gjev kvart utval ramme for si kuttliste 29. januar 2018: Råda behandlar kuttforslaga 31. januar og 1. februar 2018: utvala «vedtek» sine budsjett 7. februar 2018: Formannskapet «vedtek» sitt utvalsbudsjett og legg eit samla framlegg ut på høyring 8. til 22. februar 2018: Høyringsperiode 28. februar: Formannskapet oppsummerer innkomne merknader og kjem med endleg innstilling til kommunestyret, som behandlar budsjettet seinare på dag. Strakstitak Fram til revidert budsjett er vedteke, gjeld følgjande: Ein «betinga» tilsettingsstopp blir innført Vedlikehald blir ikkje utført berre reine reparasjonar. Gjeld ikkje nødvendig snøbrøyting og strøing Løyvingane til tilskot blir ikkje «opna» (vedtak om tilskot blir ikkje fatta og tilskot som det ikkje alt er gjort vedtak om blir ikkje utbetalt) Ingen nye tiltak som ligg inn i førebels driftsbudsjett blir iverksett eller bestilt. --- Formannskapet gjorde i sak 120/17 den 27. november vedtak om utlegging av budsjettframlegget. I Side 10

11 saka la rådmannen fram denne tilrådinga: Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 ut til offentleg gjennomsyn med følgjande endringar:.... Høyringsperioden er frå 28. november til 12. desember Formannskapet sluttar seg til rådmannen sin for å plan for gjennomgang av drifta og ny behandling av 2018-budsjettet. Formannskapet si behandling og vedtak Gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte til å drøfte saka i finansutvalet. Hege Lothe møtte for SV. Framlegg frå Svein-Ottar Sandal på vegner av Sp og Krf: 1. Gloppen kommunestyre ber rådmannen legge inn rehabilitering av Hyen skule/idrett i revidert budsjett (januar 2018). Prosjektering av nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revidert budsjett budsjett (januar 2018) har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Gloppen kommunestyre ber, på bakgrunn av det rådmannen skriv i førebels årsbudsjett 2018, representantskapen i Trivselshagen IKS sjå på den varsla auken i husleiga på nytt 3. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle planlagde investeringar med det formål å sjå på reduksjon og innsparingar 4. For 2018 vert det innført stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett 2018 legge fram budsjettverknadene av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast. Administrasjonsutvalet skal haldast løpande orientert om stillingar som vert ledige og om desse ev. kan haldast vakante 5. Rådmannen skal fram til handsaming av revidert budsjett 2018 gå gjennom inntektssidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr/betalingssatsane 6. Til formannskapsmøte 13. desember skal rådmannen/etatsleiarar orientere formannskapet som økonomiutval om den pågåande prosessen med revidert budsjett for Vidare legg formannskapet til grunn at rådmannen orienterer kommunestyret 18. desember om arbeidet, i samband med behandlinga av årsbudsjettet for Formannskapet ber rådmannen vurdere om nokon av innsparingstiltaka som vert arbeidd med kan leggast fram på neste formannskapsmøte (13. desember) slik at desse kan innarbeidast i formannskapet si endelege innstilling til kommunestyret 8. Rådmannen skal i samband med revidert budsjett 2018 legge fram eit forslag om å auke driftstilskotet til Firda fysikalsk-medisinske senter i samsvar med alternativ 1 i budsjettdokumentet (jfr. budsjettvedtaket for 2017). Framlegg frå Magni Aa Berge (Sp): Gloppen kommunestyre tek til etterretning at vi har fått framlagt eit budsjettframlegg med ein underbalanse på 7,8 mill. Kommunestyret ber rådmannen legge fram eit revidert budsjettframlegg med minimum 1 % overskot til ny handsaming i kommunestyret 28. februar Det vart røysta slik: - Pkt 1-6 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal m.fl. vart samrøystes vedtekne Side 11

12 - Pkt 7 fekk ingen røyster - Pkt 8 vart vedteke mot fire røyster - Framlegget frå Magni Aa Berge vart vedteke mot fire røyster. Utleggingsvedtaket Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 ut til offentleg gjennomsyn med følgjande endringar: Gloppen kommunestyre tek til etterretning at vi har fått framlagt eit budsjettframlegg med ein underbalanse på 7,8 mill. Kommunestyret ber rådmannen legge fram eit revidert budsjettframlegg med minimum 1 % overskot til ny handsaming i kommunestyret 28. februar 2018, og vidare 1. Gloppen kommunestyre ber rådmannen legge inn rehabilitering av Hyen skule/idrett i revidert budsjett (januar 2018). Prosjektering av nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revidert budsjett budsjett (januar 2018) har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Gloppen kommunestyre ber, på bakgrunn av det rådmannen skriv i førebels årsbudsjett 2018, representantskapen i Trivselshagen IKS sjå på den varsla auken i husleiga på nytt 3. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle planlagde investeringar med det formål å sjå på reduksjon og innsparingar 4. For 2018 vert det innført stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett 2018 legge fram budsjettverknadene av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast. Administrasjonsutvalet skal haldast løpande orientert om stillingar som vert ledige og om desse ev. kan haldast vakante 5. Rådmannen skal fram til handsaming av revidert budsjett 2018 gå gjennom inntektssidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr/betalingssatsane 6. Til formannskapsmøte 13. desember skal rådmannen/etatsleiarar orientere formannskapet som økonomiutval om den pågåande prosessen med revidert budsjett for Vidare legg formannskapet til grunn at rådmannen orienterer kommunestyret 18. desember om arbeidet, i samband med behandlinga av årsbudsjettet for Rådmannen skal i samband med revidert budsjett 2018 legge fram eit forslag om å auke driftstilskotet til Firda fysikalsk-medisinske senter i samsvar med alternativ 1 i budsjettdokumentet (jfr. budsjettvedtaket for 2017). Høyringsperioden er frå 28. november til 12. desember Formannskapet sluttar seg til rådmannen sin for å plan for gjennomgang av drifta og ny behandling av 2018-budsjettet, med unnatak av målsettinga for gjennomgangen, som blir endra i samsvar med vedtaket om 1 % overskot på drifta i 2018 og punktet om 'betinga' tilsettingsstopp som blir erstatta med pkt 4 i vedtaket. Formannskapet vil kome tilbake til den politiske deltakinga i arbeidsgruppene. --- Som sagt innleiingsvis er ikkje utleggingsfristen ute når dette er skrive. Merknader og synspunkt som kjem inn fram til 12. desember i år vil bli lagde fram på møtet. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har inga ny vurdering av saka. Rådmannen tillet seg likevel litt omskriving av formannskapet sitt utleggingsvedtak slik at det ikkje framstår som om vi fram til revideringa av budsjettet køyrer fleire prosessar. Slik rådmannen ser det, er det også nødvendig med nokre presiseringar. Det gjeld m.a. bruken av omgrepet underbalanse og kva som ligg i stillingsstopp. Når det gjeld fastsetting av promillen på eigedomsskatten, kjem rådmannen med framlegg om 4 på bustader og fritidseigedomar og 7 elles. Ny takst på bustader og fritidseigedomar er ikkje klar, Side 12

13 men takseringa er komen så langt at ein skatteprosent på 4 vil gje den auken i inntektene på eigedomsskatten som er lagt inn i økonomiplanen. --- Til dei to merknadene som er komne inn uavhengig av høyringa, vil rådmannen kort seie: Til merknaden frå alle elevane på 8. trinn ved Hyen skule Dette har formannskapet teke omsyn til i sitt utleggingsframlegg. Til merknaden frå Midtvegen 615 AS Den strategien som det no blir arbeidd utifrå med etappevis utbetring av rasfarlege og dårlege parti, vil ikkje utløyse krav om nokon kommunedelplan, kanskje heller ikkje reguleringsplan. Uansett er det for tidleg å binde opp bruk av kommunale midlar til planarbeid før det er avklara med fylkeskommunen og vegvesenet kva som skal planleggast. --- Rådmannen ber som vanleg om fullmakt til å overføre unytta investeringsmidlar frå årets budsjettet (2017) til neste år på alle prosjekt som har seinare framdrift enn rekna med i budsjettet. I tillegg ber rådmannen om fullmakt til å rette opp eventuelle budsjett-tekniske feilføringar. Tilrådinga er gjort med atterhald om at det ikkje kjem inn godt grunngjevne merknader og endringsframlegg i resten av utleggingsperioden. --- Rådmannen stiller med heile si leiargruppe på formannskapsmøtet den 13. desember. Formannskapet Behandling Til behandlinga var gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne innkalla. Hege Lothe møtte som vara for Magni Aa Berge i formannskapet. Ingen møtte for Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne. Rådmannen si leiargruppe, pluss økonomisjefen, møtte i saka. Innkomne merknader for utleggingsperioden frå Midtvegen 615 AS og barnehagestyrarane i Gloppen vart lagde fram. Politisk deltaking i arbeidsgruppa for oppvekst: - Venke Kollbotn og Gunnvor Sunde (i tillegg til leiar og nestleiar i utvalet). Politisk deltaking i arbeidsgruppa for formannskapet sitt område: - Svein-Ottar Sandal og Bjarte Gangeskar (i tillegg til ordførar og varaordførar). Framlegg frå Bernt Reed (Sp): Rådmannen får i oppdrag å sørge for at kommunen har ledige barnehageplassar tidlegast råd frå årsskiftet og fram til nytt barnehageår. Innspel og framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Innspel: Side 13

14 - Overskotskravet på 1 % (4 mill.) blir sett opp som eige punkt slik at det kan stemmast særskilt over dette - Kan kommunen si forvaltning av likviditeten gje betre avkastning? Framlegg til nytt pkt 5: Kommunestyret viser til at Gloppen kommune skal ta imot 15 flyktningar i Samtidig er ein kjent med at etter budsjettforliket på Stortinget er det opna for at Noreg skal ta imot fleire kvoteflyktningar og at mindreårige asylsøkjarar skal kunne få ei ny vurdering av sitt utreisekrav. Kommunestyret vil med dette som bakgrunn be rådmannen vurdere om Gloppen kan ta imot fleire flyktningar i 2018 enn det som opprinneleg er planlagt. --- Spørsmålet om oppretting av ei stilling som trainee på økonomiavdelinga vart drøfta, og formannskapet var samde om at rådmannen legg fram ei eiga orienteringssak om dette til administrasjonsutvalet. --- Etter gruppemøte vart det røysta slik: - Pkt 1-3 i rådmannen si tilråding, som vart samrøystes vedtekne - Pkt 4 minus andre setning, som vart samrøystes vedteke - Nytt første kulepunkt i pkt 4, som lyder slik: 2018-budsjettet skal gjerast opp med eit overskot på om lag 4 millionar, som tilsvarar 1 % av samla ramme til sektorane, som vart vedteke med fem røyster - Første til sjuande kulepunkt i pkt 4 i rådmannen si tilråding, som vart samrøystes vedtekne - Siste kulepunkt i rådmannen si tilråding, som fekk fire røyster og fall - Framlegget frå Brent Reed, som blir nytt kulepunkt i pkt 4, vart vedteke mot ei røyst - Framlegget frå Svein-Ottar Sandal til nytt pkt 5, som vart samrøystes vedteke. Det vart ikkje røysta samla over framlegga. Formannskapet si fleirtalsinnstilling ser då slik ut: FOR- 123/17 Vedtak 1. Gloppen kommunestyre godkjenner formannskapet sitt framlegg til årsbudsjettet for 2018 slik dette framgår av f-sak 120/17. Kommunestyret gjev rådmannen fullmakt til å fordele eigendel på sjukepengar å fordele eventuell tilleggsrekning frå kommunen sitt pensjonsselskap å rette opp eventuelle budsjett-tekniske feilføringar i høve til rekneskapsforskriftene 2. Kommunestyret vedtek maksimalsatsane på inntekts- og formueskatt. Den generelle satsen for eigedomsskatt blir sett til 7, med unnatak av satsen for bustader og fritidseigedomar som blir sett til 4 3. Rådmannen får fullmakt til å overføre ubrukte budsjettmidlar inkl. finansiering i pågåande investeringsprosjekt til neste år, slik at desse vil inngå i samla investeringsbudsjett for Opptak av nye lån blir utsett til revisjonen av 2018-budsjettet. 4. Kommunestyret er klar over at årsbudsjettet er balansert med bruk av 7,9 millionar frå disposisjonsfondet, og vedtek derfor straks å setje i gang ein revisjon av 2018-budsjettet der denne Side 14

15 bruken av disposisjonsfondet skal erstattast med utgiftsreduksjon eller inntektsauke. I gjennomgangen skal elles følgjande leggast til grunn: 2018-budsjettet gjerast opp med eit overskot på om lag 4 millionar, som tilsvarar 1 % av samla ramme til sektorane rehabiliteringa av Hyen skule/idrett skal vere med prosjekteringa av nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at vi ved revidert budsjett budsjett har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag representantskapen i Trivselshagen IKS blir beden om å gå gjennom den varsla auken i husleiga på nytt slik at auken frå 2017 for Gloppen kommune sin del ikkje blir større enn alle planlagde investeringar skal gjennomgåast med det formål å sjå på reduksjon og innsparingar det blir innført ein avgrensa tilsettingsstopp slik at ledige stillingar ikkje blir utlyste eller gjort tilsettingar i før det er avklara om stillinga kan stå vakant eller fyllast ved omplasseringar eller omorganisering. Administrasjonsutvalet skal orienterast om praktiseringa av ordninga inntektssidene i budsjettet skal gjennomgåast det skal vurderast om gebyr/betalingssatsane kan aukast meir Rådmannen får i oppdrag å sørge for at kommunen har ledige barnehageplassar tidlegast råd frå årsskiftet og fram til nytt barnehageår Kommunestyret sluttar seg til formannskapet sin for å plan for gjennomgang av drifta og ny behandling av 2018-budsjettet. 5. Kommunestyret viser til at Gloppen kommune skal ta imot 15 flyktningar i Samtidig er ein kjent med at etter budsjettforliket på Stortinget er det opna for at Noreg skal ta imot fleire kvoteflyktningar og at mindreårige asylsøkjarar skal kunne få ei ny vurdering av sitt utreisekrav. Kommunestyret vil med dette som bakgrunn be rådmannen vurdere om Gloppen kan ta imot fleire flyktningar i 2018 enn det som opprinneleg er planlagt. Side 15

16 Gloppen kommune Arkiv: FE - 231, HIST - 15/139 JournalpostID: 17/15310 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 124/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Vedtak om gebyr og betalingssatsar for sluttbehandling Vedlegg i saka: Gebyr og betalingssatsar for Sak Renovasjonsgebyr ,5 prosent Gebyr for tenester etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonar Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova Rådmannen si tilråding Kommunestyret godkjenner formannskapet sitt framlegg til gebyr- og betalingssatsar for 2018 slik dette går fram av formannskapssak 119/17. Saksutgreiing Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka Som ein del av budsjettet for 2018 legg rådmannen fram forslag til gebyr og betalingssatsar i Fakta i saka I rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 er det lagt til grunn ein lønnsauke frå 2017 på om lag 3 % Dei fleste av betalingsområda i kommunen er lønnstunge. Det betyr at utgiftsveksten i all hovudsak vil følgje lønnsveksten. Dette ligg også til grunn for rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar. VAR-områda (Vatn, Avløp og Renovasjon) skal gå i balanse, altså skal brukarane betale det desse områda kostar. Husleigesatsane er auka i samsvar med auken i konsumprisindeksen frå september 2016 til september Dette gje ein auke på 1,6 %. I fjor gav tilsvarande indeksar ein husleigeauke på 3,6 % (september 2016 september 2017). Renovasjonsgebyret er i framlegget frå styret i Nordfjord Miljøverk auka med 6,5 % på grunn av auka kostnader utover rein lønns- og prisvekst. Frå 1. mars 2018 tek NoMil over slamtømminga i Gloppen. Dette vil gje endringar i gebyra for slam. Eiga sak om dette blir lagt fram tidleg i Fellesrådet i Gloppen ber om at avgifta for gravfeste blir auka frå 100,- til kr 150,- per år. Dette er med i gebyrheftet. I kap 3.2 under avsnittet om «Middag, tørrmat og opphald på dagsenter» er tidlegare «Råvarepris» på middag m/dessert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova for dei med inntekt under 2G endra til «Sjølvkostpris». Prisen er auka med 20 kroner i tillegg til det generelle påslaget. Desse 20 kronene dekkjer i tillegg til at prisen på matvarer har auka meir enn gjennomsnittleg prisvekst også embalasje, utstyr og straum, men ikkje arbeidet med å lage maten til. Side 16

17 Det er ikkje nye gebyr- og betalingsområde i 2017, men framlegget frå fellesrådet om å auke avgifta for gravfeste er altså teke med i regulativet. Reguleringsdato for alle endringar er 1. januar Økonomiske konsekvensar for kommunen Betalingssatsane er ein viktig del av kommunen sine inntekter, og avgjerande for å halde oppe tenestene på fleire område. I tillegg er kommunen pålagt å krevje inn dekking av utgiftene på avgiftsområda (kap 3.1 i regulativet). Rådmannen si vurdering Rådmannen håpar det vedlagde regulativet er oversiktleg og opplysande, og legg derfor ikkje opp til å kommentere framlegget særskilt. To forhold må likevel omtalast:: 1. Effekten av å endre «råkost» til «sjølvkost» på middagsserveringa gjev kommunen ei årleg meirinntekt på om lag Denne meirinntekta er ikkje lagt inn i rådmannen sitt budsjettframlegg. 2. Rådmannen har fått spørsmål om kor mykje 1 % ekstra i påplussing på betalingsområda vil utgjere i meirinntekter samla. Det er ikkje råd å seie dette nøyaktig. I budsjettframlegget ligg det inne om lag 68,6 mill på alle betalingsområde. Trekkjer vi frå dei områda der betalingssatsane på ein eller annan måte er regulerte (VAR-områda, husleigene, barnehagesatsane og brukarbetalinga på helse og omsorg) kjem beløpet ned i om lag 18,7 mill. 1 % blir då knapt ,-. Rådmannen si tilråding Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2018 ut til offentleg gjennomsyn fram til 12. desember Helse- og omsorgsutvalet , sak 46/17 Helse- og omsorgsutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. Oppvekstutvalet , sak 45/17 Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. MULTEK-utvalet , sak 96/17 Framlegg frå Mariel Eikeset Koren (MDG): Multek-utvalet registrerar at NOMIL legg opp til ei auke i renovasjonsgebyret for 2018 som ligg vesentleg over forventa lønns og prisvekst, dette var og tilfelle for Multek ynsjer derfor at Gloppen kommune signaliserer ei forventning til Nomil om at auken i renovasjonsgebyret for 2019 ikkje blir så stor. Framlegg frå Kent Øystein Hjelle (Sp): Multek-utvalet registrerar at NOMIL legg opp til ei auke i renovasjonsgebyret for 2018 som ligg vesentleg over forventa lønns og prisvekst, dette var og tilfelle for Multek ynsjer derfor at Side 17

18 Gloppen kommune signaliserer ei forventning til Nomil om at auken i renovasjonsgebyret for 2019 ikkje blir så stor. Framlegg frå Dagfinn Nyhammer (H): Til pkt 3.2 Utleige av Trivselshagen, bruk av hallane og klatreveggen: Leiga for heil hall (storhall) blir redusert til kr 6.345,- per dag (3 x enkelthall) Framlegget fekk tre røyster og fall. Det vart ikkje røysta over framlegget frå Mariel Eikeset Koren. Framlegget frå Kent Øystein Hjelle vart samrøystes vedteke. Vedtak: MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga, med slikt tillegg: MULTEK-utvalet registrerer at NoMil legg opp til ein auke i renovasjonsgebyret for 2018 som ligg vesentleg over forventa lønns- og prisvekst, dette var òg tilfelle for MULTEK-utvalet ynskjer derfor at Gloppen kommune signaliserer ei forventning til NoMil om at auken i renovasjonsgebyret for 2019 ikkje blir så stor. Vedtaket var samrøystes. Formannskapet , sak 119/17 Gruppeleiarane i Høgre, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte till å drøfte saka i finansutvalet. Hege Lothe møtte for SV. Vedtak: Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2018 ut til offentleg gjennomsyn fram til 12. desember Vedtaket var samrøystes. --- Høyringsfristen på framlegget til gebyr og betalingssatsar for 2018 er ikkje gått ut når dette er skrive. Rådmannen si tilråding er derfor skriven under føresetnad av at det ikkje kjem inn godt grunngjevne merknader på slutten av høyringsperioden. Formannskapet Behandling Til behandlinga var gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne innkalla. Hege Lothe møtte som vara for Magni Aa Berge i formannskapet. Ingen møtte for Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne. Ved ein feil har rådmannen si tilråding i saka ikkje kome med. Tilrådinga lyder slik: Kommunestyret godkjenner formannskapet sitt framlegg til gebyr- og betalingssatsar for 2018 slik dette går fram av formannskapssak 119/17. FOR- 124/17 Vedtak Side 18

19 Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 19

20 Gloppen kommune Arkiv: FA - D11, FE JournalpostID: 17/13097 Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard Saksnr. Utval Møtedato 103/17 MULTEK-utvalet /17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sandane Golfklubb - søknad om kommunal lånegaranti Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og gjev garanti for eit lån i Sparebanken Sogn og Fjordane på kr til Sandane Golfklubb fram til utbetalingstidspunktet for spelemidlar, og seinast til Det er ein føresetnad for vedtaket at garantiansvaret blir redusert i samsvar med nedbetalinga av lånet. Garantien er ein simpel garanti, og garantivedtaket må godkjennast av Fylkesmannen. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Sandane Golfklubb har søkt om kommunal lånegaranti på eit lån i Sparebanken Sogn og Fjordane på kr fram til utbetalingstidspunktet for spelemidlar, og seinast fram til slik at dei kan få lån på gode vilkår. Fakta i saka Sandane Golfklubb har sett i gang arbeidet med å bygge eit klubbhus ved golfbana på Eide. Bygget er i to plan med opphaldsrom, kjøkken, toalett, rom for golfsimulator og lager. Anlegget er kostnadsrekna til om lag 6 mill kr, og det blir finansiert med kommunalt tilskot på kr , div tilskot, stor dugnadsinnsats, spelemidlar og lån. Gloppen kommune har mange prosjekt som er søkt om spelemidlar til, og ventetida på utbetaling har såleis blitt noko lenger her enn i andre kommunar i fylket. Dette gjer at dette anlegget truleg ikkje får utbetalt spelemidlane før i Økonomiske konsekvensar for kommunen Sandane Golfklubb er eit veldrive lag som har ei god økonomistyring. Omsøkt garanti vil truleg ikkje føre til stor risiko for kommunen. Rådmannen si vurdering Kommunestyret gav i sak 42/16 Sandane Golfklubb eit tilsagn om kr i tilskot til bygging av dette klubbhuset. Som nemnt i saksutgreiinga i den saka meiner rådmannen at klubbhuset vil gje heile dette anlegget eit løft som vil auke attraksjonsverdien av anlegget og opplevinga av å spele golf. Golfklubben har ein godkjent søknad om spelemidlar som det vanlegvis tek 3-4 før ein får tilsagn om utbetaling, men i og med at kommunen har så mange søknader som er kvalifisert for spelemidlar og tildelte midlar til fylket også skal geografisk fordelast, har rådmannen fått signal frå fylkeskommunen om at det i denne saka vil ta noke lenger tid og at det såleis kan bli utbetaling så seint som i Med bakgrunn i dette bør den kommunale garantien også gå så langt. Side 20

21 Kommunen har vore positiv til søknadene om å stille garantiar for idrettslag som har byggeprosjekt på gang slik at dei får lånevilkår på gode vilkår i påvente av utbetaling av spelemidlar. Dette vart t.d. stadfesta av kommunestyret i 2011 i ei sak om kommunal deltaking i bygging av idrettsanlegg, sak 24/11, der det i pkt 3 vart gjort slikt vedtak: Gloppen kommune vil stille seg positiv til å gje kommunal garanti i samband med låneopptak. Om garanti vil bli gitt, må vurderast i kvart einskild høve basert på søknad frå utbyggar. Bakgrunnen for dette har vore at denne type saker har vore sett på som anlegg der det ligg føre «ei særleg kommunal interesse». Denne ordlyden er no teken ut av kommunelova, og avgrensinga no går berre på garanti knytt til næringsverksemd som blir drive av andre enn kommunen sjølv. Garantiforbodet her følgjer av 51, nr 2 i kommunelova. Etter sentrale forskrifter kan garantien gjevast både som simpel garanti og som sjølvskuldnargaranti. Skilnaden er forklart slik på Wikipedia: Det skilles her mellom to former for kausjon: selvskyldnerkausjon og simpel kausjon. Der det foreligger en selvskyldnerkausjon vil kreditor kunne gå på kausjonisten(e) med en gang et forsøk på å få betaling hos hovedskyldneren ikke fører frem, uavhengig av om vedkommende rent faktisk kan betale. Det kan således sies at kausjonisten garanterer både for debitors betalingsevne og betalingsvilje. Ved simpel kausjon er det derimot bare betalingsevnen det garanteres for. Her må kreditor før han kan gå på kausjonisten(e) gjennomføre visse tiltak for å få hoveddebitor til å betale, slik at det er på det rene at han ikke er i stand til å gjøre opp for seg. Rådmannen meiner at kommunale garantiar som hovudregel skal gjevast som simpel garanti. Vedtak om garantiar for beløp som større enn ,- skal godkjennast av Fylkesmannen. Eit positivt vedtak av kommunestyret i denne saka må derfor godkjennast av Fylkesmannen. Rådmannen har fått opplyst av lånegjevar at ein kommunal garanti gjev 1,5 % lavare rente p.a. for lånetakar. Rådmannen tilrår garantien. Det må sjølvsagt leggast til grunn at ganantien blir redusert i samsvar med nedbetalinga av lånet. MULTEK-utvalet Behandling KULT- 103/17 Vedtak MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. Formannskapet Behandling FOR- 125/17 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 21

22 Gloppen kommune Arkiv: FA - C21, HIST - 11/98 JournalpostID: 17/12393 Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard Saksnr. Utval Møtedato 104/17 MULTEK-utvalet /17 Formannskapet /17 Kommunestyret Reed stadion - søknad om kommunal garanti Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og gjev garanti for eit lån i Sparebanken Sogn og Fjordane på kr til Breimsbygda Idrettslag fram til Det er ein føresetnad for vedtaket at garantien gjev ein reduksjon i renta på lånet på minst 1,5 % p.a. Garnatiansvaret skal reduserast i samsvar med nedbetalinga av lånet. Garantien er ein simpel garanti. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Breimsbygda Idrettslag har søkt om kommunal garanti på restlånet på inntil 10 år i samband med utbygginga på Reed Stadion. Dei søkjer om ein garanti på kr Fakta i saka Denne saka har vore behandla av kommunestyret fleire gonger, sist den , og då vart det gjeve ein garanti på kr fram til BBIL har fått utbetalt kr i spelemidlar og dei har betalt ned på lånet slik at dette no er på kr Målet er ei rask nedbetaling vidare, men likevel med ei nedbetalingstakt som ikkje skal lamme drifta av laget, og dei har difor inngått ein avtale med nedbetaling over 10 år. Økonomiske konsekvensar for kommunen Breimsbygda Idrettslag er eit veldrive lag som har ein sunn og god økonomi og med ei rimeleg god økonomistyring. Omsøkte garanti vil truleg ikkje føre til stor risiko for kommunen Rådmannen si vurdering Kommunen har vore positiv til søknadane om å stille garantiar for idrettslag som har byggeprosjekt på gang slik at dei får lånevilkår på gode vilkår. Dette vart t.d. stadfesta av kommunestyret i 2011 i ei sak om kommunal deltaking i bygging av idrettsanlegg, sak 024/11, der det i pkt 3 vart gjort slikt vedtak: Gloppen kommune vil stille seg positiv til å gje kommunal garanti i samband med låneopptak. Om garanti vil bli gitt, må vurderast i kvart einskild høve basert på søknad frå utbyggar. Bakgrunnen for dette har vore at denne type saker har vore sett på som anlegg der det ligg føre «ei særleg kommunal interesse». Denne ordlyden er no teken ut av kommunelova, og avgrensinga no går berre på garanti knytt til næringsverksemd som blir drive av andre enn kommunen sjølv. Garantiforbodet her følgjer av 51, nr 2 i kommunelova. Side 22

23 Etter sentrale forskrifter kan garantien gjevast både som simpel garanti og som sjølvskuldnargaranti. Skilnaden er forklart slik på Wikipedia: Det skilles her mellom to former for kausjon: selvskyldnerkausjon og simpel kausjon. Der det foreligger en selvskyldnerkausjon vil kreditor kunne gå på kausjonisten(e) med en gang et forsøk på å få betaling hos hovedskyldneren ikke fører frem, uavhengig av om vedkommende rent faktisk kan betale. Det kan således sies at kausjonisten garanterer både for debitors betalingsevne og betalingsvilje. Ved simpel kausjon er det derimot bare betalingsevnen det garanteres for. Her må kreditor før han kan gå på kausjonisten(e) gjennomføre visse tiltak for å få hoveddebitor til å betale, slik at det er på det rene at han ikke er i stand til å gjøre opp for seg. Rådmannen meiner at kommunale garantiar som hovudregel skal gjevast som simpel garanti. Vedtak om garantiar for beløp som større enn ,- skal godkjennast av Fylkesmannen. Eit positivt vedtak av kommunestyret i denne saka er derfor gyldig utan godkjenning Fylkesmannen. Rådmannen har ikkje fått opplyst kva effekt ein kommunal garanti har på lånevilkåra, men legg til grunn at ein kommunal garanti gjev minst 1,5 % lavare rente p.a. for lånetakar, slik Sandane Golfklubb har oppnådd i ei anna garantisak som blir behandla i dette møtet. Det må sjølvsagt vere ein føresetnad at garantiansvaret blir redusert etter kvart som lånet blir betalt ned. MULTEK-utvalet Behandling KULT- 104/17 Vedtak MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. Formannskapet Behandling Bjarte Gangeskar gjekk frå som ugild sidan han er leiar i Breimsbygda IL. Formannskapet vedtok samrøystes at han er ugild i saka. FOR- 126/17 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 23

24 Gloppen kommune Arkiv: FE - 611, HIST - 16/188 JournalpostID: 17/15172 Saksbehandlar: Kjell Petter Solhaug Saksnr. Utval Møtedato 127/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sal av eigendom på Elvaneset - sluttbehandling Vedlegg i saka: Kjøpekontrakt - Elvaneset m/overtaking av bustad Kjøpekontrakt - Elvaneset m/kontaktoppgjer Rådmannen si tilråding Kommunestyret godkjenner for kommunen sin den vedlagde avtale med Fellesskapet Elvaneset AS, avtaleutkast H, med eit oppgjer knytt til overtaking av ein bustad. Saksutgreiing Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka Rådmannen orienterte formannskapet i sak 43/17 om ei mogeleg utbygging på Elvaneset, og rådmannen blei då beden om å arbeide vidare med saka. Det ligg no føre eit utkast til avtale mellom Gloppen kommune og Fellesskapet Elvaneset AS. Bak Fellesskapet Elvaneset AS står K-A Holding AS, org , og i styret for Fellesskapet Elvaneset AS, sit Kristian Aamund Petersen (styreleiar) og Jesper Melin Ganc-Petersen. Fakta i saka Kommunestyret behandla i sak 94/16 innløysinga av det tidlegare industribygget på Elvaneset, kor det i saksutgreiinga også blei opplyst om kostnaden for kommunen for å få hand om alt på Elvaneset. Etter desember 2016 har rådmannen jobba med ei utvikling av bustadområdet på Elvaneset, regulert gjennom ein intensjonsavtale med Jesper Meling Granc-Petersen, som representant for framtid kjøpar av området. Kjøpar har presentert eit forslag til utbygging av Elvaneset, som igjen dannar grunnlaget for arbeidet med denne avtalen. Området på Elvaneset er regulert til bustadformål i reguleringsplan planid Vonheim Storebrua. Sidan planen var vedteken er det fleire ulike aktørar som har gjort forsøk på å få til ei utbygging utan å lukkast. Det er truleg mange grunnar til dette, men ein av dei grunnane som er nemnd har vore store grunninvesteringar tidleg i prosjektet. Denne avtalen har prøvd å ta omsyn til nokre av dei faktorane som ofte kan ha negativ innverknad på oppstarten. Heile avtaleutkastet ligg som vedlegg til denne saka, slik at det nedanfor er berre medteke hovudelementa frå sjølve avtalen: Kommunen sel gnr. 77 bnr. 692 og 179 (inkl. fnr. 1), og eigedommen skal overtakast slik den er. Kjøpar skal dekke alle kostnader med opparbeiding av tomt, inkl. riving av eksisterande bygningsmasse og flytte trafo. Kjøpar har all risiko for reguleringsendringar Side 24

25 Som vederlag for tomta, skal kommunen overta ein bustad til ein marknadsverdi på minimum 4 mill. Kommunen stiller denne bustaden til disposisjon som ein visningsbustad for ein avtalt periode (maks 18 mnd.) Kommunen skal byggjer ut vatn og avløp i vegen frå Fv 615, til kaia. Kommunen har ansvaret for evt. forureining i grunn og sjøsediment. Overtaking er sett til 1. desember Kommunen har ein rett (ingen plikt) til å kjøpe tilbake eigedommen dersom det ikkje har vore byggestart innan tre år eller dersom det har vore stopp i byggearabeidet meir enn i to år. Dersom kommunen nyttar seg av denne retten, skal kommunen dekke alle dokumenterbare kostnader. Økonomiske konsekvensar for kommunen Som det går fram av k-sak 94/17 har Gloppen kommune brukt 4,04 mill. på å kjøpe tilbake eigendomane på Elvaneset. Denne avtalen vil gje kommunen eigedomsretten til ein bustad på området til ein marknadsverdi på minimum 4 mill. Kommunen sine kostnader med utbygging av vatn og avløp vil inngå i sjølvkostområdet. Rådmannen si vurdering Elvaneset som område er for fint til å ligge ubebygd, og rådmannen vurderer dette som eit godt og realistisk prosjekt som kan føre til at ei utbygging kjem i gang. I dei skissene som er presenterte er det vist i alt 14 bustader, men dette kan nok endre seg setter kvart som prosjektet blir utvikla. Eit prosjekt som består av fleire ulike einingar, opnar for at prosjektet kan byggast ut i etappar, som igjen reduserer risikoen for utbyggar. Denne avtalen prøver å ta høgde for dei faktorane som kan ha negativ innverknad på oppstarten av eit prosjektet, som til dømes framtunge betalingsplanar. Dette prosjektet går inn i rekka av andre kommunale bustadprosjekt, der målet er å prøve å få dekka kostnadene i prosjektet ved eit sal av eigendomen. Gevinsten ved at det blir gjennomført ei utbygging vil vere betydeleg større enn eit konkret sal av sjølve eigedomen. Rådmannen har ikkje gått breidt ut i marknaden i forkant av denne avtalen, men har forhandla med den aktøren som har teke kontakt og vist interesse for området. Rådmannen håpar at denne avtalen er det siste kapittelet i «soga om Elvaneset». Grunnen til dette er at det verkar for at det er ein stor positivitet i bustadmarknaden i og rundt Sandane, og kjøpar har frå andre område vist stor gjennomføringsevne. Ut ifrå dei skissene som er presenterte, ligg det føre planar om å tilby «noko nytt» til marknaden. Spennande bustader på ei flott tomt ved sjøen, har aldri vore feil. Utbyggar er ivrig etter å kome i gang. Rådmannen håpar derfor at formannskapet går med på å godkjenne avtalen etter 13 i kommunelova den såkalla hasteparagrafen. Rådmannen si tilråding Gloppen formannskap godkjenner for kommunen sin den vedlagde avtale med Fellesskapet Elvaneset AS. Vedtaket er gjort i medhald av 13 i kommunelova. --- Behandling i formannskapet Gruppeleiarane i Høgre, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte til å drøfte bruk av hasteparagrafen. Dagfinn Nyhammer møtte for Høgre. Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne hadde forfall. Side 25

26 Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug og juridisk rådgjevar Ann Mari Bjørlo var med på behandling av saka. Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap): Formannskapet vil ikkje behandle saka om sal av Elvaneset som ei hastesak. Gloppen formannskap godkjenner difor ikkje den vedlagte avtalen med Fellesskapet Elvaneset AS. Formannskapet ber om vidare forhandlingar med kjøpar med formål om å endre fylgjande deler av avtalen: 1. Kontantoppgjer på 4 MNOK i staden for bustad. Alle formuleringar om kommunen sine disposisjonar knytt til kommunal bustad vert teke ut av avtalen 2. Risiko for kostnader knytt til forureining i grunnen er av kommunen prisa inn i salssummen og må være kjøpar sin risiko 3. Det er ikkje nok at Kjøpar dokumenterer sine kostnader for å kunne krevje refundering frå Selgar dersom exit. Kjøpar må dokumentere at kostnadene representerer ein verdiauke for arealet før refusjon kan skje. Reforhandla avtale kan leggast fram for neste formannskapsmøte 27. november for tilråding og der etter leggast fram for kommunestyret for endeleg vedtak. Det vart ikkje røysta over framlegget. Framlegg frå ordføraren: Formannskapet vil ikkje avgjere saka etter 13 i kommunelova. Saka skal behandlast av kommunestyret den 18. desember i år. Formannskapet vil invitere utbyggar til møte 27. november eller 13. desember for å orientere som sine planar. Framlegget vart samrøystes vedteke. --- Vidare behandling I formannskapsmøtet den 27. november i år møtte Kristian Aamand Petersen i KA Bygg og orienterte om planane på Elvaneset, og formannskapet stilte spørsmål til avtaleutkastet. Konklusjonen på møtet var at punktet som avgrensar bruken av bustaden kommunen tar over som oppgjer, blir teke ut av avtalen det blir lagt fram eit alternativ med kontantoppgjer i staden for oppgjer i for av ein bustad spørsmålet om kven som har ansvaret for eventuelle forureiningar blir teke opp att. Etter formannskapsmøtet den 27. november i år har rådmannen på nytt vore i kontakt med kjøpar av området på Elvaneset, og drøfta moglegheitene for å kunne justere avtalen på enkelte punkt. Dette arbeidet har resultert i at det ligg no føre to ulike avtaleutkast og begge avtaleutkasta ligg ved denne saka. Det er generelt mindre endringar som er gjort og endringane er kort lista opp under: Avtaleutkast (H) med oppgjer med ein bustad: Punktet som avgrensar bruken av bustadene er teke ut av avtalen Det er gjort ei mindre justering i pkt. 2.2 på bakgrunn av diskusjonen i formannskapsmøtet Side 26

27 der kjøparsida stilte seg positiv til at visningsleilegheita kunne nyttast i samband med utprøving av kommunale tiltak knytt til velferdsteknologi. Avtaleutkast (I) med kontantoppgjer: 50 % av kjøpesummen skal betalast ved overtaking, dvs. 2. januar 2018 Resterande 50% av kjøpesummen skal betalast når alle bustadene er selde, men seinast 18 månader etter overtaking Pkt om oppgjer er revidert ut frå endra oppgjersform. For begge utkast gjeld vidare: Datoar knytt til overtaking 2. januar 2018 er justert, herunder også med omsyn til fjerning av brakker Seljar ønskjer å framheve plassering av ansvar og risiko knytt til planstatus, utan at det er tilsikta ei realitetsendring, jf. justering i pkt. 8.1 første avsnitt og pkt. 11 (vi) Pkt. (iii) er korrigert til også å fange opp eventuelle andre offentlege krav til vegen før mogeleg kommunal overtaking Ansvaret for forureining i grunn og sediment er ikkje endra. Rådmannen held fast på si tilråding om oppgjer i form av ein av bustadene. Dette er ei betre løysing for utbyggar som gjer det lettare å gjennomføre prosjektet. Avtalen legg no også til rette for å teste ut ny teknologi i bustaden, som vi vil ha nytte av i andre samanhengar. Det er ikkje noko som hindrar oss i å selje bustaden seinare viss vi konkluderer med at vi ikkje har bruk for denne. Formannskapet Behandling Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap): Kommunestyret godkjenner for kommunen sin del vedlagde avtale med Fellesskapet Elvaneset AS, avtaleutkast I, med eit kontantoppgjer. Kjøpesummen blir avsett til ubunde investeringsfond. Ved alternativ avrøysting fekk - framlegget frå Arnar Kvernevik fem røyster og - rådmannen si tilråding fire røyster. FOR- 127/17 Vedtak Framlegget frå Arnar Kvernevik vart innstilt med 5 røyster. Side 27

28 Gloppen kommune Arkiv: FE - 611, FA - Q14, HIST - 13/1917 JournalpostID: 17/14932 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 128/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Rettsforlik om erstatning for areal til ny veg i Selvågane Kort samandrag av saka Saka om fastsetting av erstatning for arealet til den nye vegen i Selvågane har vara i fleire år. No ligg det føre eit rettsforlik i saka, som rådmannen ber kommunestyret om å godkjenne. I forliket får grunneigar ei erstatning på kr 310,- per rutemeter, pluss kr i erstatning for ulempe og dekking av ugifter. Grunneigar skal på si side betale kommunen for fordelen den nye vegen, med tilgang til vatn og avløp, har på attverande eigedom. Beløpet skal betalast når resteigedomen blir seld eller teken i bruk. Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner for sin del rettsforliket som er inngått med eigarane av gbnr 77/44 i Gloppen i saka om erstatning for veggrunn m m i Selvågane på Sandane. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Ankesaka i Gulating lagmannsrett om fastsetting av erstatning for arealet til den nye vegen i Selvågane enda med rettsforlik den 28. november i år. For kommunen sin del skal rettsforliket godkjennast av kommunestyret seinast 30. januar Dette følgjer av pkt 6 i forliket. Fakta i saka Kort om prosessen fram til rettsforliket Tanken om å bygge ny veg mellom Åsavegen og fv. 615 i Selvågane har stått i dei kommunale planane i alle fall sidan 1988-utgåva av kommuneplanen. I 2001 kom vegen inn på reguleringsplanen for området Vonheim-Storebrua. Det gjekk likevel mange år før det vart sett av løyvingar til vegen. I 2013/2014 var det gjort forsøk på å kome fram til ein frivillig avtale om grunnavståing, men dette lukkast ikkje. Kravet kommunen den gong ikkje gjekk med på var kr 300 per rutemeter, pluss fritak for grunneigar for refusjonskrav/betaling for fordelen med vegen. Partane vart då samde om at erstatninga skulle fastsettast i eit avtaleskjønn. Motparten i avtalen er eigarane av gbnr 77/44 i Gloppen, Ingrid Marie Sandene og Steffen Sandene. Arealet kommunen skal overta er om lag rutemeter, og inkluderer i tillegg til sjølve vegen ein ny parkeringsplass ned mot fv Også eit mindre areal på nordaust-sida av vegen er med i avtalen slik at eigedomsgrensa mot seljar sitt attverande eigedom følgjer vegen. Fjordane tingrett avsa dom i avtaleskjønnet den 12. januar I skjønnet vart rutemeterprisen sett til kr 500,-. I tillegg skulle kommunen betale same grunnpris i erstatning for vegfyllinga som vart liggande att på grunneigar, fastsett til kr ,-. I skjønnet kravde kommunen frådrag for den Side 28

29 meirverdien vegen gav til attverande eigedom, som i reguleringsplanen er avsett til bustader. Tingretten fastsette denne verdien til kr ,-. Endeleg var partane samde om at det skulle betalast 2,5 % rente frå februar 2015 (som var tidspunktet for avtalen om frivillig skjønn) og fram til betaling. Formannskapet vedtok på møtet den 6. februar 2017, med fem mot fire røyster, å krevje overskjønn. Dette var i samsvar med rådmannen i tilråding, som igjen støtta seg på råd frå vår advokat (Stig J. Harris i Advokatfirmaet Harris). Rådmannen tilrådde overskjønn først og fremst på grunn av for høg «strøkpris» og for utrekningsgrunnlaget for «strøkprisen». Rettsforliket Overskjønnet vart behandla i Gulating lagmannsrett 27. og 28. november Etter innleiinga og bevisføringa første dag, vart det etter initiativ frå grunneigar innleia forhandlingar om eit forlik. Det er dette forliket som rådmannen no legg fram til godkjenning. Rettsforliket med atterhald om godkjenning har same rettsverknad som ein dom, og lyder slik: Rettsforlik mellom Gloppen kommune v/rådmann (heretter omtalt som Gloppen kommune) og Steffen Sandene fnr. ( ) og Ingrid Marie Sandene f.nr. ( ) som eiere av gnr. 77, bnr. 44 i Gloppen kommune (heretter omtalt som Grunneier) er det i dag inngått følgende avtale: 1. Bakgrunn Gloppen kommune tok ut skjønn for Fjordane tingrett den 20 mai Dette for å få utmålt erstatning for Gloppen kommunens erverv av areal og rettigheter fra gnr. 77 bnr. 44 i Gloppen kommune og som var nødvendig for å kunne etablere offentlig veganlegg - veg fra Åsavegen til FV 615 Sørstrandsvegen i samsvar med reguleringsplan Vonheim Storebrua vedtatt 20. juni Tingretten avsa skjønn 12. januar 2017 og Gloppen kommune begjærte overskjønn til Gulating Lagmannsrett den i sak nr SKJ-GULA/AVD1. Ved lagmannsrettens behandling var vegen bygget. Etter innledning og bevisføring for lagmannsretten er partene blitt enige om å inngå rettsforlik på de vilkår som følger av denne avtale. 2. Gloppen kommune betaler til grunneier kr. 310,- pr. m2 som fullt og endelig oppgjør for areal som erverves til eie (arealet) og rettigheter nevnt i pkt. 1, herunder for evt. anleggskader og ulemper og alle øvrige rettigheter som har vært nødvendig for det nå etablerte offentlige veganlegg. I tillegg betaler Gloppen kommune en engangssum på kr for den ulempe grunneiers eiendom er påført ved at kommunen har rett til å ha liggende vegfylling på gnr. 77, bnr. 44. Arealet og rettighetene overdras fri for pengeheftelser og andre sjenerende heftelser. Endelig betaler Gloppen kommune kr til dekning av utgifter grunneier har opplyst å ha hatt i forbindelse med saken. Beløpene over er faste beløp som ikke skal tillegges renter. Beløpene skal utbetales til klientkonto til advokat Jan Erik Mardal den 30. januar Er ikke arealet oppmålt til 30 januar skal 90 % av grunnerstatningen utbetales. Det resterende beregnet etter arealets størrelse utbetales innen 14 dager etter endelig oppmåling. 3. Side 29

30 Grunneier skal betale til Gloppen kommune kr ,- til dekning av den fordel som grunneier får ved kommunens etablering av veg, vann og avløp til ny tomtegrense for gnr. 77, bnr. 44 (refusjon). Refusjonsbeløpet som ble beregnet av tingretten skal indeksreguleres med 100 % av Statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks eller annen indeks som måtte erstatte denne, fra inngåelse av denne avtale til betaling skjer. Indeksregulert refusjon forfaller til betaling 14 dager etter det som kommer først av salg av hele eller deler av gnr. 77 bnr. 44 eller oppnådd igangsettelsestillatelse for tiltak på eiendommen. Grunneier skal straks varsle Gloppen kommune v/rådmannen ved salg/oppnådd igangsettelsestillatelse som nevnt. 4. Gloppen kommune skal for egen regning besørge arealet fradelt, oppmålt og overskjøtet til seg og får ved dette rettsforlik fullmakt til å igangsette og gjennomføre fradeling. Grunneier skal straks arealet er fradelt og klart for overskjøting, undertegne skjøte for overdragelse av arealet til Gloppen kommune og levere dette til rådmannen i Gloppen kommune. 5. Hver av partene har ansvar og risiko for vurdering av egen skatteposisjon som følge av forliket. 6. Forbehold Dette rettsforlik er ikke bindende for Gloppen kommune før det foreligger nødvendig kommunal godkjennelse. Slik godkjennelse må foreligge før den 30 januar Rådmann Jan Kåre Fure bekrefter ved sin underskrift på denne avtale at han vil tilrå slik kommunal godkjennelse. 7. Tinglysning Dette rettsforlik, så langt det gjelder rett til å ha fyllingsfot liggende på gnr. 77 bnr 44 og kommunens rett på refusjon jfr. pkt. 3 over, skal kunne tinglyses som hefte på eiendommen. Partene plikter til å medvirke til å få dette utført, evt. ved utarbeidelse av eget dokument om dette som tillates tinglyst. 8. Ved dette rettsforlik og gjennomføring av det er alle forhold tilknyttet kommunens erverv av areal og rettigheter omhandlet i Gulating lagmannsretts sak nr SKJ-GULA/AVD1 opp og avgjort og partene har ikke mer å kreve av hverandre i den anledning eller i tilknytning til det nå etablerte offentlige veganlegg fra Åsavegen til FV 615 Sørstrandsvegen. Sandane, den Gloppen kommune v/rådmann (sign.) Steffen Sandene (sign) Ingrid Marie Sandene (sign) Kort om rettsforliket Samanlikna med skjønnet frå tingretten, har kommunen oppnådd ein reduksjon i «strøkprisen» på 190 kroner per rutemeter. Grunneigar har på si side fått utsett betalinga av fordelen med vegen til bustadarealet anten blir seld eller bygd ut. Erstatninga for ulempe/betaling for å ha fyllingsfoten liggande på attverande eigedom er den same ( kroner). Punktet om 2,5 % rente frå februar 2015 er erstatta med eit eingongsbeløp på kr som kompensasjon for utgifter grunneigar har hatt. Dette er om lag halvparten av det samla rente ville ha utgjort (2,5 % rente av i tre år). Side 30

31 Økonomiske konsekvensar for kommunen Med oppgjeret for veggrunnen og kostnadene med overskjønnet kan veganlegget i Selvågane avsluttast. Rådmannen vil legge fram ei eiga sluttfinansieringssak på anlegget saman med framlegginga av 2017-rekneskapen. Kostnaden med rettsforliket kan oppsummerast slik: Grunnerstatning kr 310,- x kr ,- Ulempeserstatning " ,- Dekking av utgifter " ,- Sum kr ,- Arealet er ikkje endeleg oppmålt rutemeter derfor eit overslag. Til frådrag vil seinare kome ,- i refusjon for fordelen med vegen når bustadområdet blir seld eller utbygt. Dette beløpet skal indeksregulerast. Til slutt vil nettoutgifta då bli om lag kroner. Rådmannen si vurdering Rådmannen er glad for at saka no kan avsluttast. Som det går fram av rettsforliket har rådmannen i pkt 6 forplikta seg til å tilrå at kommunestyret for sin del godkjenner rettsforliket. Saka om grunnkjøp i Selvågane har teke lang tid, og prosessen har vore dyr for kommunen. Rådmannen vil likevel forsvare pengebruken. Det er viktig for ettertida å få ein rett strøkpris, og ikkje minst er det viktig at kommunen har fått gjennomslag for at det skal betalast refusjon eller kompensasjon for kommunale investeringar som ein privat eigar/utbyggar har fordel av. I samband med overskjønnet fekk kommunen utarbeidd ein takst på området frå Nordfjord Takst & Consulting AS. Dei konkluderte med ein rutemeterpris i området på kr 272,-. Dette var vårt utgangspunkt i forhandlingane om eit forlik. Rådmannen ber kommunestyret godkjenner rettsforliket. Viss ikkje går saka tilbake til lagmannsretten og det blir ei ny rettssak. Formannskapet Behandling FOR- 128/17 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 31

32 Gloppen kommune Arkiv: FA - C80 JournalpostID: 17/14773 Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand Saksnr. Utval Møtedato 129/17 Formannskapet /17 Kommunestyret /17 Ungdomsrådet Borgarleg vigsel i Gloppen kommune Vedlegg i saka: Retningslinjer for borgarleg vigsel i Gloppen kommune Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner retningslinjene for borgarleg vigsel i Gloppen kommune. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Stortinget har vedteke endringar i ekteskapslova. Borgarleg vigsel vert overført frå tingrettane til kommunane, og endringane trer i kraft frå 1. januar I følge lovendringa pliktar kommunane å ha eit kommunalt vigselstilbod for eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Norge. Denne saka omhandlar dei kommunale retningslinjene for borgarleg vigsel i Gloppen kommune. Fakta i saka Frå 1. januar 2018 skal kommunen stå for borgarleg vigsel. Dette kjem som følgje av endring i ekteskapslova. Lovendringa inneber at ordførarar, varaordførarar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret sjølv gir slik mynde skal gjennomføre vigslar. Ordførarar og varaordførarar får eit direkte mynde etter lova. I tillegg kan kommunestyret gje vigselsmynde til personar som er tilsette eller folkevalde i kommunen. Avgjerda om kven som skal ha vigselsmynde, i tillegg til ordførar og varaordførar, skal takast av kommunestyret sjølv og kan ikkje overlatast til andre. Økonomiske konsekvensar for kommunen Kommunen har fått overført 3000 kr som del av rammetilskotet for 2018 for å gjennomføre borgarleg vigsel. Kommunen vil få utgifter til tilrettelegging og oppfølging. Rådmannen si vurdering Rådmannen har utarbeidd framlegg til retninglinjer for borgarleg vigsel i Gloppen kommune. Rådmannen har lagt til grunn at det skal vere høgtid over seremonien og ønskjer å tilby kommunestyresalen som vigselstad. Rådmannen frårår at kommunestyret delegerer vigselsmynde. På denne måten vert det alltid ordførar eller varaordførar som står for seremonien. Rådmannen ønskjer å tilby gratis vigsel i kommunestyresalen. Dersom seremonien skal gjennomførast ein annan stad, må dette organiserast og betalast av dei som skal vigslast. Dersom brureparet har særlege ønskje om kven som skal stå for vigselen, er ikkje dette mogeleg innanfor lovverket. Det er ikkje opning i lova for at ordførar eller varaordførar kan delegere Side 32

33 vigselsmynde utan vedtak i kommunestyret og ei slik eventuell delegering må gjevast til tilsette i folkevalde i Gloppen kommune. Rådmannen sine oppgåve og mynde etter retningslinjene vil bli delgerte til leiar for servicetorget. Ungdomsrådet Behandling UNG- 010/17 Vedtak Ungdomsrådet godkjenner retningslinjene i tråd med rådmannen si tilråding. Formannskapet Behandling Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Gloppen kommunestyret gjev i tillegg til ordførar og varaordførar rådmann Jan Kåre Fure og kultursjef Jan-Kjetil Øygard vigselrett. Framlegget fekk tre røyster og fall. FOR- 129/17 Vedtak Med unnatak av spørsmålet om utvida vigselsrett, vart rådmannen si tilråding samrøystes innstilt. Side 33

34 Gloppen kommune Arkiv: FE - 044, HIST - 14/944 JournalpostID: 17/15175 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 130/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Kommunen sitt delegeringsreglement - sluttbehandling Vedlegg i saka: Delegeringsreglement for Gloppen kommune Rådmannen sin instruks - Gloppen kommune Retningslinjer for bruk av delegert mynde Kort samandrag av saka Dette er sluttbehandling av saka om delegeringsreglementet for Gloppen kommune. Saka vore gjennom alle hovudutvala og innom kontrollutvalet, og deira merknader går fram av saka. Delegeringsreglementet inneheld ikkje endringar i dei delegeringane som alt er gjevne, med unnatak av ny delegering av fullmakt etter 12-1 i plan- og bygningslova om oppstart av kommunalt reguleringsarbeid til formannskapet. Denne fullmakta blir også lagt inn i formannskapet sitt reglement. I saka blir rådmannen sin instruks frå 1994 oppheva. Rådmannen si tilråding 1. Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og 1. godkjenner for sin del delegeringsreglementet for Gloppen kommune slik det er presentert i saka 2. tar til orientering den delegeringa av oppgåver og mynde som rådmannen har gjort til sin administrasjon 3. opphevar rådmannen si instruks frå Fullmakta til formannskapet til å gjere vedtak om oppstart av kommunalt reguleringsarbeid etter 12-1 i plan- og bygningslova blir lagt inn i 2-5, nr 3 i formannskapet sitt reglement. 3. Kommunestyret viser til pkt 3 i sitt vedtak i sak 81/16 der tilrådingsretten i saker som blir lagt fram for folkevalde organ, blir lagt til rådmannen. Unntaket frå dette er saker til kontrollutvalet og saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. Saksutgreiing Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka Side 34

35 Etter 39, nr 2 i kommunelova skal kommunestyret sjølv «vedta reglement for delegasjon av avgjørelsesmyndighet og for innstillingsrett innen 31. desember året etter at kommunestyret og fylkestinget ble konstituert». Ei sak om dette vart lagt fram for kommunestyret den 26. september i 2016, og slikt vedtak vart gjort: 1. ( ) 2. Kommunestyret er innforstått med at rådmannen ikkje greier å legge fram eit delegasjonsreglement til politiske behandling innanfor den fristen kommunelova fastset, men ber rådmannen ha klart eit framlegg til politisk behandling seinast 1. mars Kommunestyret vidarefører ordninga med at rådmannen tilrår i alle saker som blir lagt fram for folkevalde organ, unnateke kontrollutvalet, og vidare unnateke i saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. 4. Kommunestyret er samd rådmannen i at saka om ny instruks for rådmannen blir utsett til ny kommunelov er vedteken. I samband med gjennomgangen av forvaltningsrevisjonsrapporten om saksgang og dokumenthandtering i kommunestyret den 15. juni i år vart fristen for å legge fram delegasjonsreglementet utsett til 31. desember Fakta i saka Rådmannen sitt framlegg til delegasjonsreglement er no klart. Reglementet er omfattande og er best tilgjengeleg på nettet under denne linken: Reglementet som ligg ved saka er ein utskriftsversjon, som ikkje er fullstendig. Reglementet brukar Kommuneforlaget sitt program KF Delegering. Dette programmet tar utgangspunkt i at det er mynde etter lovverket som skal delegerast. Rådmannen har supplert reglementet med det regelverket kommunen sjølv har vedteke slik at delegasjonsreglementet blir komplett. Til reglementet høyrer det ein framsidetekst som ikkje er med i papirversjonen, altså i vedlegget til saka. Denne ser slik ut: Dette er Gloppen kommune sitt delegasjonsreglement. I utgangspunktet er all kommunal avgjerdsrett lagt til kommunestyret. Fullmakter til administrasjonen frå folkevalde organ skal gjevast til rådmannen og ikkje direkte til andre tilsette. Dette følgjer av 23, 4. ledd i kommunelova. I reglementet ser du korleis avgjerdsretten er delegert. Delegering inndelt etter lovheimel finn du på venstre side og delegering inndelt etter organisasjonsstruktur finn du på høgre side. Sjå retningslinjene for bruk av delegert mynde. Sjå også - reglement for saksbehandling i folkevalde organ og - reglar for saksbehandling. Kommunen sin organisering Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under rådmannen: Nivå 1 er sektorleiarane og nivå 2 er einingsleiarane. Organisasjonssjefen har status som sektorleiar. Sektorleiarane er rådmenn for sine fagområde. Til saman utgjer rådmannen og sektorleiarane rådmannen si leiargruppe. Det er to typar «boksar» i organisasjonskartet: Boksar med heil strek rundt er ei organisatorisk eining, medan boksar med stipla linje anten er avdelingar eller funksjonar. Dei organisatoriske Side 35

36 einingane har sjølvstendig ansvar for eigen økonomi, administrasjon og personell. Leiaren har eige budsjettansvar med tilhøyrande tilvisingsrett i økonomisystemet og er plassert i kap (sektorleiarane) og (einingsleiarane) i hovudavtalen. Ansvar og oppgåver som etter lovverket er lagde til ein "institusjon" eller ei "teneste", t.d. ein skule etter opplæringslova eller til barnevernstenesta, er lagde til einingsleiar for "institusjonen" eller "tenesta", altså til rektor når vi snakkar om ein skule og til barnevernsleiar når vi snakkar og barnevernstenesta. Avdelingane og funksjonane i organisasjonskartet har som regel eigen fagansvarleg, men har ikkje sjølvstendig personal- eller økonomiansvar. Dette ansvaret litt til leiaren av eininga over. Spesielt om klage Reglane om klage og omgjering av vedtak følgjer av forvaltningslova. Klageorgan på enkeltvedtak etter særlov er Fylkesmannen. Dette gjeld uavhengig av kva kommunalt organ eller stilling som har gjort vedtaket. Ein klage skal først behandlast av den som har fatta vedtaket det blir klaga på. Dette er behandling av klagen i underinstansen. I administrative vedtak, der Fylkesmannen er klageorgan, er det aktuelle hovudutvalet underinstans i klagesaka, dersom klagen ikkje er ein brukar-, pasient-, klient- eller elevklage. Klage på avslag om skuleskyss skal likevel behandlast av oppveksutvalet som underinstans. Godkjenning og oppdatering Kommunestyret sjølv skal etter kommunelova 39, nr 2 vedta delegasjonsreglementet i kvar valperiode. Dette er sist gjort i k-sak xx/17. Delegasjonsreglementet blir oppdatert fortløpande av rådmannen. Siste oppdatering er 18. oktober Slik rådmannen ser det, er det ikkje laga noko «ny rett» i reglementet. Kva som er meint med formuleringa i 11 i rådmannen sin gamle instruks om at «rådmannen har ei generell fullmakt til å utføre oppgåver og fatte vedtak på kommunen sine vegne i alle kurante saker etter særlov, dersom oppgåvene ikkje etter lova er lagt til spesielle organ», er no konkretisert. Det går tydeleg fram kven som «er kommunen» i dei lovparagrafane som opnar for delegering. Viss ikkje noko er sagt, er det kommunestyret som er kommunen. Rådmannen er klar over at ikkje alt kommunalt regelverk er oppdatert, men legg ikkje opp til ein gjennomgåande revisjon av dette. Meininga er å ajourføre det lokale regelverket når ei sak gjer dette aktuelt. Det kommunale regelverket er samla i ein lokal «lovdata»-base, som er lett tilgjengeleg både på heimesida vår og på intranettet. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen som direkte følgjer av denne saka. Rådmannen si vurdering Rådmannen er sjølvsagt lei seg for at det har gått så lang tid før delegasjonsreglementet har vore klar til politisk behandling. Som det forhåpentlegvis går fram av saka, ligg det eit stort og omfattande arbeid bak det reglementet som rådmannen no legg fram. Dette er sjølvsagt årsaka til at reglementet ikkje har kome før. Rådmannen har forhøyrt seg med nabokommunane om deira syn på ein instruks for rådmannen. Ingen av Nordfjord-kommunane har oppdaterte instruksar for rådmannen, og fleire seier i si tilbakemelding av det er delegasjonsreglementet som gjeld og at dette erstattar behovet for ein rådmannsinstruks. Rådmannen tilrår at dette blir gjort på same måten i Gloppen. Eg tilrår derfor at kommunestyret Side 36

37 opphevar rådmannen sin instruks frå 1994 når delegasjonsreglementet no blir vedteke. Det følgjer av kommunelova 23, 4. ledd at folkevalde organ berre kan delegere fullmakter og oppgåver til rådmannen, og ikkje direkte til andre i administrasjonen. Når rådmannen no legg fram eit samla delegasjonsreglement til godkjenning, som også viser korleis rådmannen har delegert sine oppgåver og fullmakter, endrar dette sjølvsagt ikkje desse formalitetane. På same måte som folkevalde berre kan delegere til rådmannen, delegerer rådmannen ikkje forbi sine sektorleiarar. Når reglementet t.d. viser utmarksforvaltaren sine fullmakter, går det tydeleg fram at fullmakta går via teknisk sjef og landbrukssjefen ikkje direkte frå rådmannen til utmarksforvaltar. Rådmannen vil oppdatere reglementet forløpande, både når det kjem lovendringar og når det blir gjort nye delegeringsvedtak. For ordens skuld tar rådmannen med i tilrådinga punktet om tilrådingsrett/-plikt slik at saka samla omhandlar dei forholda som 39, nr 2 i kommunelova seier noko om. Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og 1. godkjenner for sin del delegasjonsreglementet for Gloppen kommune slik det er presentert i saka 2. tar til orientering den delegasjonen av oppgåver og mynde som rådmannen har gjort til sin administrasjon 3. opphevar rådmannen si instruks frå Kommunestyret viser til pkt 3 i sitt vedtak i sak 81/16 der tilrådingsretten i saker som blir lagt fram for folkevalde organ blir lagt til rådmannen. Unntaket frå dette er saker til kontrollutvalet og saker som gjeld val av folkevalde til verv og representasjon. Behandling i helse- og omsorgsutvalet , sak 37/17 Helse- og omsorgsutvalet har ingen merknader i saka. Vedtaket var samrøystes. Behandling i oppvekstutvalet og , sakene 35/17 og 42/17 Saka vart diskutert. Oppvekstsjefen orienterte. Det vart stilt spørsmål ved om det er realitetsendringar i høve tidlegare som følgje av reglementet og om kontroll på stillingsheimlane i lys av at tal årsverk aukar. --- Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. Behandling i MULTEK-utvalet , sak 90/17 MULTEK-utvalet tar rådmannen sitt framlegg til delegeringsreglement til orientering, med følgjande atterhald: Saksbehandlingsreglementet blir lagt fram som ei eiga sak, og er ikkje godkjent som følgje av at Side 37

38 delegeringsreglementet vert godkjent. Bakgrunnen for det er vurderingane av kva som er kurante saker, samt saksbehandlingsreglementet for saker som skal handsamast både som dispensasjon frå plan- og bygningslova og jordlova. Vedtaket var samrøystes. Behandling i formannskapet , sak 111/17 Rådmannen gjorde merksam på ei utegløyming i delegasjonen til formannskapet etter 19-2 i planog bygningslova. Ordlyden skal her vere: Formannskapet har fullmakt til å gje dispensasjon frå forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag og frå kommuneplanen. Dette følgjer av formannskapet sitt reglement 2-5, nr 6 og av k-sak 32/11. Framlegg frå ordføraren: Saka blir utsett til alle utvala har behandla saka. Framlegget vart samrøystes vedteke. Behandling i administrasjonsutvalet , sak 20/17 Rådmannen orienterte i saka. Administrasjonsutvalet er samd i rådmannen si tilråding. Behandling i kontrollutvalet Saka vart drøfta som meldingssak på kontrollutvalet sitt møte, utan at det vart gjort noko vedtak. --- Vidare behandling av saka På bakgrunn av behandlinga av saka, og forhold som har kome til i andre saker i perioden som har gått sidan rådmannen først skreiv si saksutgreiing, kjem rådmannen med desse endringane: 1. Delegeringsreglement i staden for delegasjonsreglement Kva vi skal kalle reglementet, har vore omsnakka både i MULTEK-utvalet og i kontrollutvalet utan at det er protokollert. Spørsmålet har også vore teke opp av ein annan kommune med Språkrådet, som svarar slik: «Det bør hete «delegeringsreglement». Delegering er ifølge Bokmålsordboka det å delegere, mens en delegasjon er utsendinger med fullmakt til å føre forhandlinger på vegne av en organisasjon, stat e.l. Tradisjonelt er delegasjon brukt mye om begge deler, men Språkrådet anbefaler å utnytte det skillet som grammatikken kan tilby på dette punktet, og skrive delegeringsreglement og delegering av myndighet. Ordet delegasjon kan altså reserveres for de nevnte utsendingene med fullmakt.» På bakgrunn av dette har rådmannen endra namnet på reglementet til delegeringsreglement. 2. Ny fullmakt til formannskapet i reguleringssaker Under behandlinga av oppstart av ei omregulering i Åsen (f-sak 116/17) vart det i formannskapet stilt spørsmål om heimelen for vedtaket. Det vart i saka vist til 12-1 i plan- og bygningslova, medan det i Side 38

39 delegeringsreglementet er vist til 12-8 når det gjeld kven som gjer vedtak om oppstart av kommunalt reguleringsarbeid. Delegeringane i plansaker som er lagde inn i delegeringsreglementet er ei avskrift av kommunestyresak 32/11. I denne saka var det ikkje sagt noko om delegering etter 12-1 som omhandlar kven som «sørge for at det blir utarbeidet reguleringsplan ( )». Det er sjølvsagt kommunestyret. Kven som gjer vedtak om oppstart, kan delegerast, også etter denne paragrafen, og det bør gjerast. Rådmannen har derfor lagt inn i reglementet at formannskapet gjer vedtak om oppstart av kommunal regulering. Slik 2-5 i formannskap sitt reglement er utforma, bør denne delegeringa også leggast inn i reglementet til formannskapet. Rådmannen tilrå at dette blir gjort i denne saka. Skilnaden på oppstart av reguleringsarbeid etter 12-1 og 12-8 kan kort forklarast slik: 12-1 regulerer spørsmålet om oppstart at kommunalt reguleringsarbeid, medan 12-8 regulerer oppstartsprosessen. 3. Retningslinjer for borgarleg vigsel er utarbeidde etter at den politiske behandlinga av delegeringsreglementet starta opp. Retningslinjene, som blir lagde fram til godkjenning i same møtet som dette reglementet, er no knytt opp i delegeringsreglementet. 4. Retningslinjer for bruk av delegert mynde Som ein del av delegeringsvedtaket har rådmannen samla tidlegare vedtekne og praktiserte reglar for bruk av delegert mynde i eigne retningslinjar. Desse forklarer m.a. omgrepet kurante saker som av og til skaper diskusjon når vi snakkar om delegering. Retningslinjene ligg ved. --- Papirversjonen/utskriftsfila av delegeringsreglementet som ligg ved saka, med unnatak av pkt 4 om retningslinjer for bruk av delegert mynde, er ikkje oppdatert med dei endringane som er omtala ovanfor (frå omtalen av kontrollutvalet si behandling). Formannskapet Behandling FOR- 130/17 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 39

40 Gloppen kommune Arkiv: FE - 141, FA - N0, HIST - 16/255 JournalpostID: 17/14512 Saksbehandlar: Birte Fossheim Saksnr. Utval Møtedato 131/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Vedtak - kommunedelplan for ferjefri kryssing - Anda - Lote Vedlegg i saka: Anda - plankart Høyringsuttalelse frå Statens vegvesen Kommunedelplan ferjefri kryssing Anda - Lote Rådmannen si tilråding Kommunestyret godkjenner med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) 11-15,jf. pbl. 9-3, interkommunal kommunedelplan for ferjefri kryssing av Nordfjorden ved Anda i Gloppen kommune, slik den ligg føre. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Kommunestyra i Eid og Gloppen vedtok i 2012 å utarbeide ein interkommunal kommunedelplan for ferjefri kryssing av Nordfjorden ved Lote i Eid kommune og Anda i Gloppen kommune. Planforslaget har vore ute til offentleg ettersyn, og er no klart for å bli lagt fram for endeleg vedtak. Sidan planen er interkommunal, så består kommunedelplanen av to plankart i tillegg til tilhøyrande plandokument. Det er utarbeidd eit plankart for Anda i Gloppen kommune og eit plankart for Lote i Eid kommune. Det går fram av plan- og bygningslova 9-3 at det er kommunestyra sjølv som treff det endelige planvedtaket for sitt område. Ved ein felles, samordna arealplan for fleire kommunar, må altså den enkelte kommune formelt vedta sin del av planen. Fakta i saka Kommunedelplanen er ein arealplan som regulerer nødvendig landareal for ilandføring av ulike brualternativ. Plankarta omfattar såleis berre noko areal i sjø, der bruene skal førast i land. Utover dette er det sett av linjer som syner noverande hovudveg og framtidige alternative vegtrasear både for bruer, tunnel og veg i dagen. Kommunedelplanen er utarbeidd av Asplan Viak. Undervegs i planprosessen har konsulentselskapet hatt dialog og arbeidsmøte med kommunane som oppdragsgjevar og med selskapet Nordfjordbrua AS, som arbeider for ei ferjefri kryssing ved Lote Anda. Dei nemnde representantane har også hatt møte med Statens vegvesen i planprosessen. Kommunedelplanen er ein overordna arealplan, som må følgjast opp med moglegheitsstudiar/konseptvalutgreiingar og detaljreguleringsplan. I tidlegare godkjent planprogram vart det skissert til saman seks moglege bruplasseringar. I planarbeidet har ein kome fram til tre moglege bruplasseringar (A, B og C), og ein har også peika på Side 40

41 kva type bruløysingar som kan vere aktuelle. Kort kan ein seie at alternativ A opnar for flytebru med seglingshøgde på 40 m, og med sluse for større skip. Alternativ B og C opnar for flytebru eller hengebru, med skipspassasje på 75 m. Kva slags vurderingar som ligg til grunn for dei ulike trasévala er for omfattande til å gje att i denne saksutgreiinga, og det vert difor vist til vedlagt planomtale som beskriver dette nærare. Skissene under viser elles endringa. Økonomiske konsekvensar for kommunen Eid og Gloppen kommunar har hatt avtale med Asplan Viak om utarbeiding av kommunedelplanen. Avtalen omfatta arbeid fram til offentleg ettersyn. Dette inneber at det er kommunane som no tek arbeidet med ferdigstilling av planarbeidet. Rådmannen si vurdering I samband med offentleg ettersyn har det kome inn merknadar frå følgjande: Fiskeridirektoratet Nordfjord Laks AS NVE Grunneigarar langs fylkesvegen mellom Vikaneset og Lote ferjekai Lote bygdekvinnelag Sogn og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fiskeridirektoratet Fiskeristyresmaktene er ansvarleg for forvaltninga av dei levande marine ressursane, fiskerinæringa og kontroll med akvakulturnæringa, og skriv i sitt brev av 7. juli følgjande: «Fiskeridirektoratet region Vest viser til vårt brev i saka av 7. april 2015 som svar på varsel om oppstart av planarbeid - der vi mellom anna viste til akvakulturlokalitet på Anda i Gloppen kommune eigd av Nordfjord Laks AS. Lokaliteten ligg nærme alle 3 brufeste alternativa i Gloppen, og det vil vere viktig at eigar av lokaliteten blir tidleg informert om arbeidet med brufeste. Slik kan ein unngår skade på biomassen under anleggsperioden t.d. ved bruk av sprengstoff og eventuell utfylling Side 41