Kåre Rugesæter, Else Berit Kyte og Lorentz Reitan
|
|
- Axel Bø
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Avdeling for lærerutdanning Møtereferat Dato: Tilstades Rådets medlemmar: Torstein Selvik, leiar Randi Moe Oddrun Hallås Jeanette Haukeland Bakke Hege Mari Støfring Marius Eidem Per Arne Michelsen Elles møtte: Eli Borsholm (Sak 34 13/14) Marianne Røskeland (Sak 34 13/14) Ida Austgulen (Sak 34 13/14) Tone Nybakken (Sak 35 13/14) Nina Grieg Viig (Sak 36 13/14) Forfall Referent Kåre Rugesæter, Else Berit Kyte og Lorentz Reitan Håvard Ulstein Gjeld Referat avdelingsråd AL Sak 2008/3955 Møtetid Møtestad: A337 Sak 31 13/14 Godkjenning av møteinnkalling. Godkjenning av saksliste. Sak 32 13/14 Godkjenning av referat frå møtet (Vedlegg 1). Sak 33 13/14 Orienteringssaker. Orientering ved dekanen. Orientering ved studentrepresentantane. Sak 34 13/14 Tema: Praksis og praksisorganisering. Sak 35 13/14 Rekneskap 2013 og budsjett Sak 36 13/14 FoU-tildeling.
2 Sak 37 13/14 Eventuelt. Sak 31 13/14 Godkjenning av møteinnkalling og saksliste. Møteinnkallinga og sakslista vart godkjent. Sak 32 13/14 Godkjenning av referat frå møtet Referatet vart godkjent med ein merknad om at namnet på den nye masteren i fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø var skrive feil i sakspapira som var sendt ut. Det stod fysisk fostring, medan det rette er fysisk aktivitet. Sak 33 13/14 Orienteringssaker Dekanen orienterte om: Utnemning av phd-utval. Styret godkjente to phd-utval i sist møte, eit sentralt for HiB og eit for AL. Apparatet er dermed på plass og ein kan starte planlegging for oppstart i januar Ein del av finansieringa til HiB/AL er øyremerka stipendiatar. Det er eit fastsett tal på stipendiatar, så når ein blir ferdig kan ein lyse ut ny. Dekanen viste til at fleire stipendiatar ser ut til å bli ferdig i løpet av rimeleg kort tid og at ein i dag har to utlyste stipendiatstillingar. Det er stor sjanse for fleire i januar. Det lokale phd-utvalet blir leia av professor Thorolf Krüger. Utvalet er professorstyrt og det er satte kriterium for kven som skal vere med. Utvalet har allereie starta arbeidet. Det sentrale phd-utvalet. Her har AL ein professor og ein phd-student med. Dei skal ta føre seg dei store spørsmåla som t.d. reglar for kven som skal få starte på ein phd. I diskusjonen vart det spurd om avdelinga kan risikere å binde opp professorane til phd-utdanninga i så stor grad at dei ikkje blir tilgjengelege for lavare nivå og ulike forskargrupper. Her viste dekanen til at det er ei viss fare for det i og med at
3 kvar stipendiat skal ha 30 sp undervisning gitt av ein professor og 200 timar rettleiing. Samtidig har avdelinga eit prinsipp om at professorane skal nyttast på alle utdanningsnivå. Kronstad/Møllendalsveien. Innplassering. Fagmiljøa vart plassert for lenge sidan. Direktøren har plassert administrasjonen. Stipendiatane vart flytta til Møllendalsveien og studieadministrasjonen på avdelinga tok over lokalet stipendiatane hadde. Det er ei bekymring knytt til om det er nok plass til avdelingsadministrasjonen og prosessar er sett i gong for å finne ei funksjonell ordning. Skal plassere så mange som mogleg, men i følgje direktøren vil det kome nokre ad.hoc.-løysingar. På lengre sikt blir det fleire plassar i Møllendalsveien. Onninen-bygget og nokre andre lokale skal vere klare til nyttår. Situasjonen ved studiestart er framleis litt uklar. Høgskulen har fått overrekt nøklane, men alt er ikkje klart endå. Det kan få ringverknadar, særleg for dei som skal installere AV-utstyr og liknande. I diskusjonen kom følgjande fram: - Svømmehall? Svømmeundervisning skal starte opp i august, men det er framleis uvisst kvar. Dekanen nemnde at det kan vere aktuelt at høgskulen leiger svømmehallen på Landås fram til nyttår. Han skulle undersøke dette nærare. - Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. I følgje avtalen HiB har med departementet, skal dette senteret bli plassert på Kronstad. No er det plassert i Møllendalsveien. - Plassering av avdelingsadministrasjonen i landskap. Bekymring knytt til at dei fleste av dei som er plassert i landskap skal ha studentsamtalar på ein dagleg basis. Korleis det skal skje er eit uavklart spørsmål. - Nytilsette/vikarar. Dei nytilsette og vikarane som kjem har ein ikkje oversikt over. Nye studietilbod har kome til. Kvar skal desse ha kontor? Brakker? Studentrepresentantane orienterte om: Studentrådet har valt nytt styre. Ida Austgulen blir ny leiar og Hege Mari Støfring nestleiar. NSO kjem til å vedta eit dokument om digitalisering av eksamen.
4 Sak 34 13/14 Praksis og praksisorganisering Avdelingsrådet har ønskt å ta føre seg nokre hovudtema kvart år. Denne gongen var temaet praksis og praksisorganisering, eit tema som dei fleste har eit forhold til. Praksiskontorets leiar, Eli Borsholm, skreiv grunnlagsdokumentet i sakspapiret og heldt hovudinnlegget i møtet. I tillegg til Borsholm heldt Marianne Røskeland og Ida Austgulen kvar sine innlegg frå sine ståstadar som profesjonsrettleiar i GLU og som student. Dei hadde fått følgjande føringar: Kor viktig er praksis? Kva gjer ein praksis god? Spenningsfeltet mellom praksis og høgskulen som læringsarena. Eli Borsholm tok først føre seg praksiskontoret og jobben dei gjer. Det er fem tilsette i fulle stillingar i tillegg til ein tilsett i 40% stilling. Dei administrerer all praksis på avdeling og har i den ordinære praksisopplæringa 19 utdanningar. Det er om lag 2500 studentar som skal ut i praksis kvart studieår, fordelt på 220 praksisinstitusjonar og ca praksisrettleiarar. Alle vegar går gjennom praksiskontoret, men alt kan ikkje silast og fortolkast av dei. Dermed er dei avhengige av at dei ulike samarbeidspartnarane, alt frå faglærarar til institusjonar, i tillegg til den informasjonen ein legg på nett. Ho tok deretter føre seg ulike dilemma, utfordringar og moglegheiter i arbeidet. Omfang og standardisering. Det er eit stort omfang, der ein må systematisere og standardisere for å kunne få gjennomført praksis for alle. Det er ikkje alt som kan standardiserast med like stort hell. Dei store utdanningane har stordriftsfordelar, men er mindre fleksible. På dei mindre utdanningane er samarbeidet mellom dei ulike aktørane lettare. Knappheit på praksisplassar. Gjeld dei fleste utdanningar og det er vanskeleg å løyse. AL konkurrerer både med andre lærarutdanningsinstitusjonar og mellom utdanningane på AL om praksisplassane. Ungdomsskuleplassane er der det er mest kritisk, særleg på GLU5-10. Frå neste år av skal også PPU inn i ungdomstrinnet. Praksiskontoret klarer å skaffe praksisplassar, sjølv om det kan kome tett opp til praksisperiodane. I eit så stort apparat vil kvaliteten på praksisplassane nødvendigvis variere noko. Det fører til ulike utfordringar og dilemma. Med ALs store behov, kor sterkt skal ein presse praksisinstitusjonane? Er det betre med ein
5 grei praksis enn ingen praksis? Kor strenge skal ein vere når ein ser at det fungerer litt dårleg på den enkelte praksisplass? Kvart år kjem det nokre bekymringar og klager, men spørsmålet er om ein skal og kan presse endå meir? Det er tolv år sidan ein gjekk over til praksisskulane og praksisbarnehagane som praksisarena. Mange har tatt heilskapstenkinga det inneber til seg, men nokre tenker framleis individuelt og «den motiverte praksislærar». Informasjon og samarbeid. Årssyklusen for praksisorganisering er ujamn. Praksiskontoret prøvar å få det meste på plass på våren, men ting skjer ofte i løpet av sommaren. Når hausten startar, kjem tidsklemma der informasjon, praksislister, osv. kan kome seinare enn kva ein skulle ønskje. Samtidig ønskjer faglærarane å vite kven dei skal samarbeide med, og dermed er det motstridande arbeidsprosessar som gjer det vanskeleg å få til den gode informasjonsflyten. Mange fagmiljø og praksisstadar samarbeider godt, men det er framleis delvis personavhengig som igjen gjer det utfordrande å sette samarbeidet i system. Kvalitetssikring. Praksiskontoret arbeider mykje med kvalitetssikring, men det vil alltid vere noko som sviktar samanlikna med intensjonane. Kvalitetsheving. Borsholm framheva kvalitetsheving som viktig for framtida, då ein i dag ikkje har tid og rom nok til å gjere det som må til. Marianne Røskeland tok deretter føre seg praksis og praksisorganisering ut frå profesjonsrettleiarperspektivet. Ho er og har vore profesjonsrettleiar i GLU5-10 og har vore i praksisbesøk i dei fleste andre utdanningane. Praksis er heilt klart viktig. Det er ein augeopnar for dei som ikkje veit kva dei går til, dei som trur at dei enten har kome på rett plass eller motsett, osv. Det er viktig fordi det er i praksis lærarstudentane ser samanhengane mellom det dei lærer på høgskulen og den jobben dei utdannar seg til som lærar. Kva gjer ein praksis god? Essensielt er praksis i faga studenten har. Reiseveg er mindre viktig enn god praksis. Praksisgruppene må ha same faga. Det er vanskeleg når alle deler valfag 1, men ikkje valfag 2 i den same gruppa. Tid er ein nøkkelfaktor. Forstår at det er vanskeleg å få ut informasjon om praksis tidleg slik at praksislærarane og faglærarane kan planlegge ut frå at dei skal ha studentar. Når informasjonen kjem til skulane og skulen informerer sine lærarar, fungerer det ofte godt. Kommunikasjon er viktig. Rektorane er ofte litt fråverande for høgskulelærarar og profesjonsrettleiarar. Informasjon frå praksiskontoret går til rektorane, noko som fører til at det ikkje alltid når fram til dei som utfører jobben. Det er også ei utfordring at det er for mange som informerer om dei ulike sidene ved praksis. Det kan verke forvirrande for praksislærarane. Mange ser på profesjonsrettleiarane som hovudkontakten, men det er ikkje alt ein har fått vite.
6 Det er viktig å ha god kontakt mellom praksislærar, faglærar og profesjonsrettleiar for å få ein god praksis. Det er viktig at opplegget blir planlagt godt og at alle er med og veit kva dei skal gjere ut frå dei ulike plandokumenta. Ida Austgulen tok til slutt føre seg studentperspektivet og ho starta med det som hadde eit sjølvsagt svar, ja praksis er viktig. Det er studentanes møte med yrket. God praksisoppleving er viktig og ein ser samanhengen mellom det som skjer på høgskulen og det som skjer i praksis. Kva som gjer ein praksis god? Austgulen understreka at aktørane på skulen og studentane må vere likeverdige. Der det ikkje skjer, er det viktig at HiB følgjer opp. Innanfor GLU sakna ho eit aspekt, lærarpraksisen. Det er eit sterkt fokus på fag og fagpraksis, men tema som relasjonskompetanse og liknande som ligg i lærarkompetansen, blir litt skadelidande. Det siste ho tok opp var kvalitetssikring av praksisskule og praksislærarar, der ho la vekt på at studentane må få god rettleiing i praksis. Hovudmoment i diskusjonen: Kvalitetssikring. Rådsmedlemmane var opptatt av kvalitetssikring på fleire ulike måtar. Det handla om felles evaluering på It s Learning av praksis og å nytte seg av avvikshandlingssystemet som skal kome. Det kom fram at alle praksisplassar blir plotta manuelt, men at ei prosjektgruppe i USIT arbeider med eit alternativ. Tidsfaktoren. Det vart vist forståing for dei marginale tidsfaktorane i rådet. Det vart vist til tidsfaktoren som ei konflikt mellom faglærarar, studentar, praksisstadar og målsetningar, og det vart stilt eit retorisk spørsmål om ein bør tenke meir realistisk og mindre idealistisk. Andre lurte på om det er mogleg å organisere praksis på andre måtar. Kan endringar føre til det betre? Knappheit på praksisplassar. Det vart i rådet stilt spørsmål om knappheit på praksisplassar er eit teikn på at praksisstadane ikkje ser det som verdifullt å ha studentar i praksis. At det ikkje blir sett på som eit løft å ha praksisstudentar. Samtidig så vil referat frå ulike praksismøte vise at skulane ser på det som eit løft, føresetnaden om at studentane også er gode. Informasjon og kommunikasjon. It s Learning bør vere tilgjengeleg for praksislærarane i alle utdanningane. Det kom også eit ønskje om ei felles, digital plattform for all informasjon slik at studentar og praksislærarar ikkje har for mange informasjonskanalar. Informasjon som blir sendt ut frå praksiskontoret kan stoppe hos rektor på den enkelte institusjon sjølv om informasjonen blir sendt ut i god tid. Praksiskontoret har derfor ei meir direkte kopling til praksislærarane i planleggingsfasen.
7 Arbeidsfordeling mellom praksisstadane og HiB. Det handlar om å stille krav til praksislærarar, der eit minimum er at skule og barnehage er innstilt på å ta imot og legge til rette. Profesjonsrettleiarane må også ha profesjonskunnskap og rettleiingskompetanse. Arbeidsfordelinga mellom høgskulen og praksisstaden handlar om å finne balansen mellom kven som definerer kva studentane skal lære gjennom oppgåver gitt av faglærarar og praksislærarar. Fagpraksis i GLU. Det vart vist til at fagpraksisen ein har i GLU5-10 kanskje er for ambisiøs, sjølv om den har blitt betre dei siste åra. Det er særleg valfag 2 som blir skadelidande, der studentane følgjer valfag 1 i praksis og endar opp til dels svært fragmentert i valfag 2. Praksisstadane som lærarutdannarar. Kva lagar kvalitet i praksisen? Ei av dei største utfordringane handlar om at skulane og praksislærarane ikkje definerer seg som lærarutdannarar. Dei fleste gjer ein god jobb, men dialogen med praksisfeltet blir viktig. Dette gjeld også den andre vegen. Her vart det av andre vist til at dette også handlar om ressursar. Det kom eit krav for fleire år sidan om at praksislærarane skal ha rettleiingskompetanse, men det er ikkje heilt der endå. Skule- og barnehageeigar. Forventningar til skule- og barnehageeigar var eit sentralt tema i diskusjonen, der det var fleire som peika på at her var det eit stort forbetringspotensiale. Men det handla om at utfordringa må møtast på øvste hald. Bergen kommune vart trekt fram som eit døme på ei kommune som har så mange satsingsområde at dei ikkje vil/kan vere fleksible når det kjem til praksis for lærarstudentar. Sak 35 13/14 Rekneskap 2013 og budsjett 2014 Dokument i saka Vedlegg 4: Regnskapskommentarer Vedlegg 5: Budsjett 2014, totalramme. Vedlegg 5b: Budsjett 2014 (presentasjonen til Tone Nybakken) Kontorsjef Tone Nybakken kom og orienterte rådet om den økonomiske situasjonen ut frå rekneskapen for 2013 og budsjettet for Der kom det fram at AL hadde eit mindreforbruk i 2013 på 2,4 millionar. Samtidig vil ein del av midlane til fagseksjonane gå over studieåret og ikkje kalenderåret, noko som fører til ei forskyving av utgifter for AL til I tillegg kjem praksisutgifter på 1,7 millionar frå fjoråret og bundne
8 prosjektmidlar. I sum har AL med seg 2,4 millionar frå fjoråret, men 4,2 er i bundne midlar. Nybakken viste til totalfordelinga som er på 757 millionar på høgskulen til fordeling på dei ulike einingane og deretter til budsjettfordelingsmodellen. Ho peikte særleg på at basisfinansieringa er redusert, noko som fører til ein reduksjon på 7-8 millionar for avdelinga. Samla har AL fått ei budsjettramme på 174,8 millionar, noko som er ei realauke på 0,4% samanlikna med året før. Samtidig aukar praksisutgiftene med 3,5 millionar og lønn med over 10 millionar. Det er forventa høgare EVO-overføringar på ca. 3 millionar over fjoråret. Nybakken fortalte at ho er engsteleg for auka utgifter på Kronstad/Møllendalsveien, då signala avdelinga har fått er at alle skal vere med på å dekke fellesutgiftene. Økonomidirektøren har varsla ei revidering av budsjetta andre halvår i Ho konkluderte til slutt med at HiB har eit greitt budsjett, men for AL er det stramt. Sjå elles presentasjonen Nybakken heldt i vedlegg 5a. Sak 36 13/14 FoU-tildeling Dokument i saka Vedlegg 6: Informasjonsskriv om FoU-søknad. Vedlegg 7: Søknads- og rapporteringsskjema FoU-tid 2014/15. Vedlegg 8: Veiledning/kriterier FoU-tid 2014/15: Forskningsprosjekt/kunstnerisk utviklingsarbeid. Vedlegg 9: Veiledning/kriterier FoU-tid 2014/15: Utviklingsprosjekt. Vedlegg 10: Presentasjonen til Nina Grieg Viig. Prodekan for forsking, Nina Grieg Viig, kom til rådet og orienterte om FoU-tildelingane. Ho fortalte at fristen for å søke om FoU-ressursar ligg i februar, der ein også skal rapportere kva ein har gjort med den førre tildelinga. Dei tre avdelingane har ulike variantar. AL har flat tildeling, medan dei andre har ei meir spissa tildeling. Utfordringa for ALs variant er at den relativt sett mindre ressursen den enkelte får, kan føre til at den blir «spist opp» av andre gjeremål. Felles for dei tre avdelingane er fristen for søknad og søknadsprosedyre, der FoU-utvalet får tilbakemeldingane.
9 Grieg Viig gjekk deretter gjennom årshjulet for forskingsfeltet på avdelinga, der målet m.a. er at dei to forskingssentra (SeKKK og SUF) arrangerer minst to store forskingsseminar i året. Når det gjaldt FoU-søknadar kunne Grieg Viig fortelje om ei nyvinning på avdelinga, då det no er mogleg med treårige tildelingar. I det ligg det ein tanke om at den enkelte som får tildeling over tre år, sjølv kan sørgje for å fordele ujamt. Det igjen fører til at ein kan planlegge lengre forskingsperiodar. Kriteria for å kunne få eit treårig løp er at ein har tydelege milepælar i søknaden. Det trengs ei tydeleggjering av korleis desse skal jobbast fram, noko som også skal vere med i den årlege rapporteringa. Retningslinjer. AL har følgd retningslinjene for vurdering av FoU-søknadar med unntak av kravet om ekstern fagfelle. I 2014 har ein funne ei løysing, der eksterne har lese gjennom eit representativt utval. Ho presiserte også at FoU-tida skal ha eit klart hovudtema og ikkje gå utover 50% av arbeidet som blir utført av den enkelte. Auke. Grieg Viig kunne rapportere at AL har hatt ei auke i publiseringar og i publikasjonspoeng dei siste åra. Ein del av dette kan takast til inntekt for tildelingsmodellen. Sjå elles presentasjonen Grieg Viig heldt (Vedlegg 10). Rådet var i diskusjonen samstemte i at ei treårig tildeling er eit godt tiltak. Dei var vidare opptatt av at samarbeidet med seksjonsleiarane er viktig, men at det også vil måtte gjelde samarbeidet med programansvarlege sidan det fort kan ende i eit krysspress.
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerEVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER
DetaljerBRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR
TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer
DetaljerMØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE
Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym
DetaljerTid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU
Til: Fra: Styret Erik Waaler, prorektor for FoU Tid for forskning Kort saksfremstilling Styret ved NLA Høgskolen vedtok i 212 ny ordning for tildeling av FoU tid. Dette skjedde etter tilråding fra strategisk
DetaljerÅrsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
DetaljerÅrsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
DetaljerRapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerKONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT
Masfjorden kommune KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato, 23.09.2013 Stad: Masfjorden kommunehuset Kl.: 09.15 13.15 Tilstades: Vigdis Søvik (leiar), Jan Otto Daae (nestleiar) og
DetaljerSTIMULERINGSMIDLAR FOR 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013
DetaljerKONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT
Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 10.02.2015 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 12.35 Tilstades: Arild Tveranger leiar, Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten, Oddmund
Detaljer«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering
DetaljerMed spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart
Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til
DetaljerSakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 10.04.13 Kl.: 12.00 14.00 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 12/13 19/13 MØTELEIAR Johan Inge Særsten (Frp) DESSE MØTTE Jens Arne Stautland (Krf) Kristin
DetaljerMøteinnkalling for Administrasjonsutval
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla
DetaljerReferat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
DetaljerJuridisk studentutvalg Det juridiske fakultet
Juridisk studentutvalg Det juridiske fakultet Referat frå møte i Juridisk studentutvalg JSU-kontoret 23.april 2012 klokken 1815 Valg av referent Ørjan Nordheim Skår valt Godkjenning av referat Godkjenning
DetaljerINFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon
DetaljerVurdering av allianse og alternativ
Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no
DetaljerFelles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:
Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For
DetaljerKJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK
KJØP AV AKSJE I FINNØY NÆINGSPAK Innkalling til ekstraordinært årsmøte er annonsert i Øyposten 24/4 i samsvar med vedtektene, 16 d. Kvar er Coop Finnøy SA om 10-20 år? Er me i dei same lokala, eller har
Detaljer«Ny Giv» med gjetarhund
«Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på
DetaljerTokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:
Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,
DetaljerEleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08
Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom
DetaljerReferat fra møte i Samordningsutvalget for praksis i grunnskolen
Høgskolen i Bergen, Avdeling for lærerutdanning Samordningsutvalg for praksis i grunnskolen Referat fra møte i Samordningsutvalget for praksis i grunnskolen Tidspunkt: Onsdag 18. februar 2015 kl. 08.30
DetaljerNOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020
NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan
DetaljerVi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden
0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har
DetaljerStrategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
DetaljerBRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato
DetaljerMØTEBOK Tysnes kommune
MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 16.12.08 Arkivsak : Arkivkode: 08/453 111 - Sakshandsamar: Audun Hovland/Helge Drange Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 02.12.08
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerReferat Studenttingsmøte 2011/2012
Referat Studenttingsmøte 2011/2012 Tid 28. mars 2012, klokka 17.00 Stad Tilstades med stemmerett Tilstades utan stemmerett Rokken, konferanserommet AMF: Siri R. Jerndahl, Julie A. Lie Pau, Runa Røed (f.o.m.a
DetaljerForfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.
MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon
DetaljerSpørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
DetaljerPLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
DetaljerHøringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet
1 2 3 4 5 6 7 8 Lakkegata 3 / 0187 Oslo T: 22 04 49 70 F: 22 04 49 89 E: nso@student.no W: www.student.no 9 10 11 12 13 Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising
DetaljerOpning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
DetaljerMøteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00
Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.
DetaljerPROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009
1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.
DetaljerTIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
DetaljerSoknerådsmøte FOK 14. november 2013
Soknerådsmøte FOK 14. november 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Helen Hetland Mori Ragnhild Vaage Astrid
DetaljerMÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.
Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag
DetaljerMØTEPROTOKOLL (revidert 13.05.16) Strategisk studienemnd
MØTEPROTOKOLL (revidert 13.05.16) Strategisk studienemnd Møtedato: 13.04.2016 kl. 14:30 Møtestad: BK 201 Arkivsak: 15/00520 Møtt: Jens Standal Groven Aud Folkestad Arne Myklebust Tormod Daae Smedsvig Carien
DetaljerSparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert
Sparetiltak Tiltak Stipulert sparesum Reduserte kostnader 1 Frukt og grønt i skulen, budsjettert med kr 4,-pr elev/dag 300 000 Dette er i tråd med sentrale føringar. Samla utgjer det kr 610 000,- Alternativt
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn
Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?
DetaljerI lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):
VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar
DetaljerMånadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
Detaljer- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling
Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller
DetaljerMelding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje
Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist
DetaljerSamnanger kommune Møteprotokoll
Samnanger kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 23.02.2016 Tidspunkt: 14:00 18:15 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Brigt
DetaljerNedbemanning/ omstilling. Stranda kommune
Nedbemanning/ omstilling Stranda kommune Status ved utgangen av rekneskapsåret 2012 Lånegjeld inkl. KF: 888 mill. Lånegjeld pr. innbyggar: 193.000. Akkumulert meirforbruk på totalt 50.650.000,- (Skjerpa
DetaljerFORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post
Kvinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 11.09.12 Kl.: 09.30 14.00 Stad: Møterom Samfunnskroken Saknr.: 28/12 35/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Sigmund
DetaljerKrav ved godkjenning av lærebedrifter
OPPLÆRINGSAVDELINGA Fagopplæringskontoret - OPPL AVD Notat Dato: 20.01.2015 Arkivsak: 2015/727-1 Saksbehandlar: aseloh Til: Yrkesopplæringsnemnda Frå: Fagopplæringssjefen Krav ved godkjenning av lærebedrifter
DetaljerBRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010
Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet
DetaljerVEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG
VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1 1 Formål Volda
DetaljerStyresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte 01.06. 2011
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 11.05.2011 Sakhandsamar: Carina Paulsen Saka gjeld: Psykisk helsevern for barn og unge - ventetider og fristbrot Arkivsak 2008/351/ Styresak
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 23.02.2009 Frå: 18.00 til 19.30
OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 23.02.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn
DetaljerForord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET
ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå
DetaljerDu kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
DetaljerOm utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1
Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen
DetaljerOppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen
DetaljerForslag frå fylkesrådmannen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr
DetaljerBirger og bestefar På bytur til Stavanger
Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,
DetaljerRettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular
Rettleiing - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular Reknearket for refusjon er å finne på: www.hisf.no For praksisfeltet (øvst i skjermbildet). Klikk vidare til Grunnskulelærarutdanning 1-7/5-10.
DetaljerKONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.
KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: LENGING AV TORVMYRVEGEN - ALTERNATIV TRASE TILRÅDING
DetaljerStyresak. Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006
Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato: 30.01.2006 Sakbehandlar: Saka gjeld: Hilde Rudlang Fokusområde 2006 Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006 Bakgrunn Formålet med fokusområde
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerPLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE
Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle
DetaljerInnbyggjarundersøking Kommunereforma
Innbyggjarundersøking Kommunereforma Undersøkinga er gjennomført for kommunane Fjell, Øygarden og Sund Spørsmål 6 (koda/kategorsiert): «Har du noko du med eigne ord du vil seia om ein ny kommune?» Overlevert
DetaljerUndersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
DetaljerUke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08
Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09
DetaljerINFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for
DetaljerKvalitetsplan mot mobbing
Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar
DetaljerSeljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14
Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 1 Innhold 1. Forord..3 2. Plan for overgang mellom barnehage og skule årshjul....4
DetaljerStyresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.03.2014 14659/2014 Henny Margrethe Haug Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 Ny pensjonsordning for folkevalde frå
DetaljerMelding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.
Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast
DetaljerBarnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
DetaljerEndringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/2-69 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hordaland fagskulestyre 27.01.2015 Endringar i studentreglementet for Fagskolane
DetaljerInnspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL
Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar
DetaljerSakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet
Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 25.05.10 Kl.: 12.00 18.30 Stad: Formannskapssalen Saknr.: 08/10 22/10 MØTELEIAR Amram Hadida (Ap) DESSE MØTTE Odd Martin Myhre (FrP) Ola Malvin Lomheim
Detaljer6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur
SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet
DetaljerMØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN
Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING
DetaljerFra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord
Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Sak til komité for levekår 05.10.04 1.0 Bakgrunn Komité for levekår vedtok 09.04.02 i sak 0008/02 å opprette eit prosjekt retta mot unge langtidsmottakarar
DetaljerHabilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015
Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00
MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE
Detaljer5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat
5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp
DetaljerNotat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte 04.09.
Notat Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 17.08.2012 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Kjetil Lunde Utvikling av kostnadar til gjestepasientar Styresak 58/12 O
DetaljerInnkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning
AVDELING FOR LÆRARUTDANNING Innkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning Møtestad: Campus Kronstad, møterom A720. Møtetid: Tysdag 28.10.2014, kl. 12.15 15.00 Saksliste Sak 08 14/15
DetaljerGodkjenning av rekneskap for 2014
Sak 3, forberedt av kasserer Andreas-Johann Østerdal Ulvestad Godkjenning av rekneskap for 2014 I 2014 var økonomiarbeidet todelt. Ocon Regnskap AS, eit statsautorisert rekneskapsbyrå, har stått for sjølve
DetaljerNynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse
Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal
DetaljerSAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN
SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande
DetaljerLOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02
DetaljerÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:
ÅRSRAPPORT 2008 1. Miljøinformasjonslova og klagenemnda for miljøinformasjon Miljøinformasjonslova 1 tok til å gjelde 1. januar 2004. Lova gjev alle rett til å få miljøinformasjon om tilhøve ved offentlege
DetaljerKOMPETANSE I BARNEHAGEN
Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan
Detaljer