INTEGRERINGSPLAN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "INTEGRERINGSPLAN 2016-2019"

Transkript

1 INTEGRERINGSPLAN Vedtatt i kommunestyret sak 15/67 1 Avdeling for Levekår, helsestasjonen, tlf:

2 Innhald 1. Innleiing Bakgrunn for planen Mandat og utarbeiding Avgrensing Omgrepsavklaringar Integrering i Åseral Overordna målsetting Status i dag Organisering Roller og ansvar Ressursgruppe Tolk Styringsdokument Overordna planverk Lovgrunnlag Forskrifter og rettleiarar Økonomi Integreringstilskot til kommunen Skuletilskot til kommunen Introduksjonsstønad til deltakar Tiltaksplan Busetting Bustadar Fasar i busettinga Barnehage, skule og utdanning Introduksjonsprogram, kvalifisering og arbeid Helse Idrett, kultur, fritid og frivillighet

3 1. Innleiing 1.1 Bakgrunn for planen Mandat og utarbeiding Eining for skule og integrering er av rådmannen beden om å utarbeide ein plan for integrering i Åseral kommune. Kommunen har ikkje tidlegare utarbeidd ein slik plan. Det går ikkje fram av kommunal planstrategi, (vedtatt av kommunestyret sak 12/44 den 28/6 2012), at kommunen skal ha ein slik plan. Utfordringar og behov lokalt, og i samfunnet elles, gjer at ein likevel ser det naudsynt å få på plass ein plan for integrering. Planen er ein temaplan under kommuneplanens samfunnsdel. Etter avtale med ordføraren vart det orientert om planarbeidet for kommunalutvalet i møte 27/ Kommunalutvalet ville ha planen til handsaming i kommunestyret innan utgangen av desember Det vert tatt stilling til rullering av planen i samband med utarbeiding av kommunal planstrategi. Integrering er eit felles kommunalt ansvar, og godt forankra og tverrfagleg innsats er avgjerande for å få dette til på ein god måte. Eining for skule og integrering har hatt hovudansvar for utarbeiding av planen. Undervegs i prosessen har integreringskonsulenten vore i kontakt med integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), andre kommunar og sentrale lokale aktørar for å sikre eit godt grunnlag for eit planforslag. NAV, Åseral Industrier AS og frivilligsentralen samt alle dei ulike kommunale einingane har hatt planen til høyring, før den var tema i utvida leiargruppe. Det har i tillegg vore gjennomført samarbeidsmøte med frivilligsentralen og eining for helsehuset i etterkant av utvida leiarmøte Avgrensing Planen skal danne grunnlaget for eit best mogeleg samarbeid, for å sikre gode tenester ut til den einskilde brukar. Det ligg ikkje føre tidlegare plan for denne tenesta i kommunen, og denne planen skal såleis bidra til å få på plass gode rutinar og system for integreringsarbeidet. Denne planen omhandlar alle minoritetar som kjem til Åseral. Nokon vil i større grad ha behov for hjelp enn andre. Flyktningar vil ha eit særskilt behov for hjelp når dei kjem til Noreg og planen vil i stor grad omhandle flyktningarbeid og introduksjonsloven. Det kan vere store skilnader på kva den einskilde flyktningen treng av hjelp og støtte for å kunne klare å lage seg eit nytt liv i eit framand land. I skrivande stund skjer ein av dei største flyktningkrisene verda har sett. Syria er øydelagt av borgarkrig og 4 millionar syrarar har reist ut av Syria. IMDI ber om at kommunane buset syriske flyktningar i perioden og ber kommunane om å ta ansvar for framtidig integrering. Dette set alle kommunane under press, og kravet om ein velfungerande, planlagt og konkret integrering av flyktningar er viktig. 3

4 1.1 Omgrepsavklaringar Flyktning: Ein person som har fått politisk asyl, er overføringsflyktning eller har fått opphald på humanitært grunnlag, samt familiegjenforente til desse. Integrering kjem frå det latinske ordet integrare som tyder å gjere heil. Kvoteflyktning: Ein person som får kome til Noreg etter eit organisert uttak av utlendingsdirektoratet (UDI) og FNs Høykommisær for flyktningar (UNHCR). Den årlege kvota som kjem til Noreg vert fastsett av Stortinget etter forslag frå Regjeringa. Formelt omtalt som overføringsflyktning. Asylsøker: Ein person som spontant kjem til eit land utan på førehand å vere anerkjent som flyktning. Bakgrunnen for søknaden om asyl er vanlegvis grunna i politiske, etniske og religiøse årsaker. Innvandrar: Personar som sjølv har innvandra, og dei som har to utanlandskfødde foreldre. Familieinnvandring: Med familieinnvandring meinest at eit familiemedlem i utlandet får kome til Noreg for å bu saman med eit familiemedlem som allereie bur i Noreg, vert ofte omtala som familiegjenforening. For å få innvilga søknad om dette vert det stilt krav både til dei utanlandske familiemedlemma og til den som allereie bur i Noreg. Det er eit krav at personen som er busett i Noreg disponerer bustad og kan forsørgje familien. Arbeidsinnvandring: Dei som har fått jobb i Noreg. Stadig fleire av dei som har fått arbeidstillating ynskjer å ta med seg sin familie. Auka arbeidsinnvandring inneber auka familieinnvandring. Opphaldsløyve: Ein som søkjer asyl kan få opphaldsløyve. Opphaldsløyve på humanitært grunnlag: Nokon som får opphald i Noreg på grunn av sterke menneskeleg omsyn eller fordi vedkommande har sterk tilknytning til Noreg. Viss ein asylsøkar ikkje oppfyller krava som flyktning vil UDI og utlendingsnemnda(une) vurdere om han/ho oppfyller krava om opphaldsløyve på humanitært grunnlag. Permanent opphaldsløyve: Då kan du bu og arbeide i Noreg på ubestemt tid. Du har også ekstra vern mot å bli utvist. For å kunne søkje om permanent 4

5 opphaldsløyve, må du ha hatt opphaldsløyve i Noreg i minst tre år og fylle nokre fleire krav. IMDi: Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er gjennomføringsorgan for integreringspolitikken, underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD). IMDi er eit forvaltingsorgan og kompetansesenter som skal styrke blant anna kommunane sin kompetanse på integrering og mangfald. IMDi sine hovudoppgåver er blant anna: å samarbeide med kommunane om busetting, norskopplæring og grunnleggjande kvalifisering av flyktningar å følgje opp introduksjonslova å forvalte viktige økonomiske verkemiddel innanfor integrerings- og mangfaldsarbeidet UDI: Utlendingsdirektoratet er den sentrale etaten i utlendingsforvaltninga. UDI skal setje i verk og bidra til å utvikle innvandrings- og flyktningpolitikken til regjeringa. UDI skal legge til rette for ynskja og lovleg innvandring og sørgje for at dei som oppfyller vilkåra får kome til Noreg. Samtidig har dei ein kontrollfunksjon og skal sjå til at systemet ikkje vert misbrukt. Dei handsamar søknadar om beskyttelse (asyl), besøksvisum, familieinnvandring, opphaldsløyve for å arbeide og studere, statsborgarskap, permanent opphaldsløyve og reisedokument. Dei fattar også vedtak om bortvising og utvising. I tillegg har dei ansvar for at alle asylsøkarar får tilbod om ein stad å bu medan dei venter på at UDI skal behandle søknaden deira og for å finne gode løysningar for dei som vil reise tilbake til heimlandet sitt. I denne planen vil innvandrar omfatte alle som skal integrerast. Ordet flyktning vil vert nytta om dei som er på introduksjonsordninga, for som oftast er det denne gruppa som fell under introduksjonsloven. Kjelder: Justis- og beredskapsdepartementet, Statistisk sentralbyrå, Utlendingsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet 2. Integrering i Åseral Kommuneplanen si målsetting er at alle i Åseral skal oppleve god livskvalitet og vera godt rusta til å møte framtida. «Integrering av innvandrere handler konkret om kvalifisering, utdanning, arbeid, levekår og sosial mobilitet; innflytelse i demokratiske prosesser; deltakelse i sivilsamfunnet; og tilhørighet, respekt for forskjeller og lojalitet til felles verdier. Det er resultatene, altså hva som oppnås langs disse dimensjonene, som avgjør hvor vellykket integreringen er.» (Inkluderingsutvalget, 2011) 5

6 Å vere trygg er eit viktig utgangspunkt for å kunne finne seg til rette og utvikle seg. Brukarane treng rettleiing og hjelp til å orientere seg i det norske samfunnet og støtte i det å etablere seg på nytt i ein framand kultur. 2.1 Overordna målsetting Likeverd og sjølvstende Empowerment, hjelp til sjølvhjelp og ansvar for eige liv skal vere bærande i Åseral kommune sitt arbeid med dei som vert busett som flyktningar og deltakarar i introduksjonsprogrammet. Me ynskjer å la deltakarane behalde ansvaret sjølv. Saman skal vi finne løysningsforslag, vurdere alternativ og gi deltakaren støtte til å ordne opp og klare seg mest mogeleg sjølv. På denne måten set ein den einskilde i stand til å meistre eige liv. Ei forståing av å kome til eit framandt land: Flyktningar som har flykta frå heimlandet sitt ber ofte på traumar dei har vore gjennom. Å måtte forlate alt det trygge og kjende i heimlandet og å kome til eit nytt og ukjend land, med framand språk og ingen nettverk, kan i seg sjølv vere traumatisk. Flyktningane ber på ein tragedie, der livet dei hadde skapt seg, måtte avbrytast til fordel for å overleve. Flyktningane gjer eit stort mentalt arbeid både om dagen og om natta for å forstå, tilpasse og bearbeide det dei har vore gjennom. For mange er gleda og lettelsen stor når dei kjem til eit trygt land, og dei får alt dei treng. Men så byrjar ein ny fase der dei skal tilpasse seg språk, kultur og klima. Brått kan mat, reglar og vær, og til tider kan alt,kjennast håplaust ut, og dei innser at dei ikkje kan flykte frå minna dei ber med seg. For minna vil alltid vera ein del av dei. Sakn og ynskje om å vera ein del av eit menneskeleg fellesskap, er noko som vil stå sterkt. Det kan vere ei utfordring i norsk kultur, å finne likesinna og nokon som har same forståing som dei har. Kjelde: Tidsskriftet Agora 01-02/2014: Eksil i fremmedfryktens og traumatiseringens skygge av Sverre Varvin Utfordringane beskrivne i utdraget over syner berre noko av det den einskilde opplever. Kan hende er dette eit endå større problem i ein liten kommune som Åseral, der ein ikkje har så mange å velje mellom. Behovet for hjelp til å handtere minna og gå vidare i livet kan difor bli større på enkelte område. Det blir difor ei viktig oppgåve for integreringstenesta å koordinere aktuelle tilbod og tenester for å bidra til at den enkelte vert sett i stand til å skape sitt eige, sjølvstendige liv. 2.2 Status i dag Det er innvandrarar i Noreg. Dette er folk frå heile verda. Polakkar er klart den største gruppa med innvandrarar. I Åseral har me 109 innvandrarar. 37 av desse 6

7 er flyktningar busett i kommunen. To av dei er inne i introduksjonsprogrammet. I tillegg til desse går fire på vaksenopplæringa. To av desse har rett og plikt til norskopplæring. Åseral kommunestyre har fatta vedtak om at rådmannen kan busette inntil 15 nye flyktningar i kommunen i perioden (sak 12/55). Til no har kommunen tatt inn ein familie på fire i denne perioden. en har vore i kontakt med IMDi i høve til nytt inntak knytt til vedtaket for perioden Det er no bestemt at kommunen skal ta inn to familiar over nyttår. Desse vil gå på vedtaket for perioden Kommunen har fått plantal frå IMDI knytt til perioden I denne perioden er kommunen beden om å ta inn 10 flyktningar i året, men tala er aukande og siste oppmoding er på 15 personar i Det er stor pågang av asylsøkarar som kjem til Noreg i dag. For tida har ikkje kommunen asylmottak eller akuttmottak. Private aktørar kan opprette dette også i vår kommune. Dei kommunane som får asylmottak pliktar å gje asylsøkjarane enkelte kommunale tenester. 2.3 Organisering skule og integrering Barnehage Rådmann Eining for oppvekst og levekår Einig for drift og utvikling Pleie, rehabilitering og omsorg Helsehuset NAV Etter ny organisering er integrering del av skulen si eining. Dette for å knyte integreringsarbeidet opp mot opplæring og kunne skape god og tett dialog med vaksenopplæringa. 7

8 2.3.1 Roller og ansvar en si viktigaste oppgåve er å rettleie flyktningar og andre innvandrarar og å koordinere tenestene. en skal ha kunnskap om lovverk og rammar, og om kva kommunen og samarbeidspartane kan tilby den einskilde. Skulen har ansvar for vaksenopplæringa. Vidare skal integreringskonsulenten samarbeide tett med frivillige og skape seg nettverk utanfor kommunen for å bygge kompetanse og hauste gode erfaringar og idear som kan nyttast i Åseral. Frå starten vil integreringskonsulenten ha ei viktig rolle i livet til deltakarane, men etter kvart som deltakarane lærer seg det norske samfunnet å kjenne, vil integreringskonsulenten si rolle bli fasa ut. Brukaren vert då meir ansvarleg for å forhalde seg til andre aktørar som arbeidsgjevar, opplæringsinstitusjon, helseetaten, NAV, frivillige organisasjonar og liknande. Dette vil vere ynskjeleg for å gje dei eit likeverdig og sjølvstendig liv. Helse Lag og foreiningar Skule/ utdanning/ karriere Brukarar NAV Barnehage Arbeidsplass Arenaer for den einskilde brukar Fagmiljø Helse Tolk UDI/ IMDi Frivilligsentralen Arbeidsmarknad NAV Skule/ utdanning/ karriere Vaksenopplæring Frivilligsentralen en - eit knutepunkt for samarbeid og koordinering av tenester 8

9 2.3.2 Ressursgruppe I arbeidet med å integrere flyktningar vil me i Åseral kommune ha ei ressursgruppe. Dette for å kunne fordele ansvar, og for at det tverrfaglege samarbeidet skal fungere optimalt. Ressursgruppa skal ha jamne møter, og drøfte korleis integreringa i kommunen går. Denne gruppa skal ha seks møter i 2016, sidan fire møter i året. Ressursgruppa vil bestå av følgjande: - (leiar) - Representant frå NAV - Representant frå skule og vaksenopplæringa - Representant frå barnehage - Representant frå helsestasjon/skulehelsetenesta - Representant frå psykisk helseteneste - Dagleg leiar av frivilligsentralen - Dagleg leiar av Åseral Industrier - Representant frå kultur - Eventuelt andre I samband med mottak av nye flyktningar vil ressursgruppa bli supplert med følgjande: - Kommuneoverlege - Kommunelege - Representant frå DRU Frivilligsentralen vil ha ei sentral rolle i forhold til mange oppgåver og vere ei kontaktflate ut mot dei frivillige organsisasjonane. Utover ovannemnde samarbeidsgruppe, vil integreringskonsulenten opprette aktuelle møteforum kring den einskilde brukar sin individuelle plan. 2.4 Tolk Å forstå og å gjere seg forstått er grunnleggjande for all god kommunikasjon. Det gir også mykje av grunnlaget for tryggleik og utvikling. Kommunen har opplysningsplikt, og dermed er det offentlege ansvarleg for å skaffe tolk. Bruken av tolk er skjønnsmessig forankra etter situasjon og individuell vurdering. Tolken skal vere kvalifisert. Å bruke tolkar frå nasjonalt tolkeregister med minimum nivå 5 gir oss ei kvalitetssikring. Det kan nyttast telefontolk eller frammøtetolk. Familiemedlemmer (særleg born) og vener skal ikkje nyttast som tolk. Ved besøk hos legen, eller i møte med andre viktige instansar, skal tolk tingast og betalast av kommunen. 9

10 Regjeringa startar no arbeidet med ein eige tolkelov. Lova skal tydeleggjere offentlege tenesteytarane si plikt til å sikre ein god kommunikasjon. 3.0 Styringsdokument Integreringsarbeidet i Åseral er omfatta av både nasjonale, regionale og kommunale planar, lovar og reglar. Det finst ei rekkje lovar, reglar og planar som gjeld for alle innbyggarar i kommunen. Desse gjeld òg i høve til gruppa omtala i denne planen. I tillegg er det nokre regelverk og rettleiingar som gjeld særskilt for denne gruppa, desse vil vi kort nemne her. 3.1 Overordna planverk «Stortingsmelding 6 ( ) En helhetlig integreringspolitikk, Mangfold og fellesskap» - gjev føringar for korleis me kan få til ei god integrering. «Regionplan Agder 2020» har jobba med eit program som heiter Global future. Global Future ynskjer å nytte ressursane i innvandrargruppene. Det er eit ynskje å inkludere innvandrarane i større grad, både i utdanning og arbeidsliv. Mangfald skal vere ei styrke for denne landsdelen. Kommuneplan for Åseral bygger på verdiane Særprega, Venleg, Aktiv og Romsleg. Nokre av desse speglar integreringsarbeidet på ein god måte. Særprega Fordi vi vil ta vare på tradisjonane Fordi vi tør skilja oss ut Fordi vi trur særpreg gjer oss attraktive Venleg Fordi vi skal vera best på service Fordi vi bryr oss om kvarandre Fordi vi ønskjer nye tankar og folk velkomne Fordi vi er gjestfrie Aktiv Fordi vi vil at noko skal skje Fordi vi har ressursar til å yte Fordi vi saman skapar utvikling Fordi vi saman formar framtida Romsleg Fordi vi tolererer ulikskap Fordi vi har respekt for kvarandre Fordi vi trur mangfald gjev utvikling 10

11 I kommuneplanens kapittel 4 vert kommunen som attraktiv bustadkommune omtala. Også i dette kapitlet finn ein mål og strategiar som byggjer opp under eit godt integreringsarbeid. Målsetting Åseral skal bli lagt merke til som kulturkommune Strategiar Åseral har eit aktivt og variert miljø innan kultur og idrett Minne er den naturlege møteplassen for bygdefolk og tilreisande og skal spegle kulturmangfaldet i Åseral I Åseral er det særeigne og livskraftige festivalar og kulturarrangement. Åsdølane er vidgjetne for sitt gode vertskap Målsetting Alle trivst og dugnadsiveren blømer Strategiar Vi er gode på framsnakking Vi bygger våre tenester på respekt og samarbeid Kommunen legg vekt på førebygging gjennom tidleg innsats og opptrening Alle kan bidra og føler seg velkomne Målsetting Åseral har høg trivsel, god læring og attraktive fagmiljø Strategiar Alle gjennomfører minimum eit 13-årig skuleløp 50 % av ungdom i Åseral ønskjer å ta høgare utdanning 3.2 Lovgrunnlag Utlendingsloven handlar om utlendingane sin adgang til Noreg og deira opphald her. Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrer, heimlar arbeidet rundt busetting av flyktningar. Opplæringslova 2-8. Særskilt språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar heimlar rettane elevar i grunnskulen har til særskilt norsk, morsmål og tospråkleg fagopplæring 11

12 Lov om rituell omskjæring skal sikre at rituell omskjering av gutar vert utført på ein forsvarleg måte, samt sikre at eit tilbod om rituell omskjering er tilgjengeleg. 3.3 Forskrifter og rettleiarar Forskrift av 16.desember 2011 nr om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket Rundskriv Q-20/2015 Rundskriv til introduksjonsloven IS-1022 (2010) Veileder om helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente NOVA rapport 9/05: Omsorgstjenester med mangfold 4.0 Økonomi 4.1 Integreringstilskot til kommunen Integreringsarbeidet i kommunen vert finansiert av staten. Kommunen mottar integreringstilskot ved busetting av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag, samt personar i familieinnvandring med desse. Integreringstilskotet skal dekke kommunen sine utgifter til busetting og opphald dei fyrste 5 åra flyktningen er busett i kommunen. Tilskotet vert redusert etter flyktningen si tid i kommunen. Integreringstilskotet vert søkt straks etter ny busetting i kommunen og blir overført til kommunen. Utbetaling av integreringstilskot skjer automatisk dei påfølgjande åra. Integreringstilskot Sats Busettingsår: år 1 Kr (vaksen) Kr (born) Kr (einsleg vaksen) Kr (einsleg mindreårig) År 2 Kr År 3 Kr År 4 Kr År 5 Kr Barnehagetilskot Kr (eingongstilskot) Eldretilskot Kr (eingongstilskot) Særskilt tilskot einslege mindreårige Kr Personar med kjende funksjonshemmningar Tilskot 1 Tilskot 2 Kr (eingongsstilskot) Inntil kr i inntil 5 år 12

13 4.2 Skuletilskot til kommunen Staten yter skuletilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Grunntilskot: låg sats (1-3 pers.) kr ,- og høg sats (4-150 pers.) kr ,- Persontilskot vert gjeve i 5 år med ulik sats avhengig av nasjonalitet og butid. 4.3 Introduksjonsstønad til deltakar Flyktningar som deltar i introduksjonsprogrammet mottar introduksjonsstønad frå kommunen. Stønaden utgjer 2G per. år. (per utgjer 1G kr årleg) Stønaden vert tildelt inntil 2 år, men kan forlengast til 3 år etter særskilt vurdering. Utover dette mottek flyktningane økonomiske ytingar på lik linje med resten av kommunen sine innbyggjarar som har behov for det, til dømes statleg bustønad og barnetrygd. Deltakarane får trekk i stønaden om dei har fråvær frå introduksjonsprogrammet. 5.0 Tiltaksplan For å kunne drive godt integreringsarbeid i kommunen har me utarbeidd ei rekke mål for å sikre kvaliteten. Måla skal vere tydelege, konkrete og målbare. Det er lagt vekt på at integreringsplanen skal vere eit verktøy som kan nyttast konkret i arbeidet med innvandrarane. Me har delt tiltaksplanen inn i ulike område og knytt mål til kvart område. Kvart mål har eit eller fleire tiltak med ansvarlege og aktuelle samarbeidspartnarar presentert. I etterkant vil det vere lett å evaluere om ein har oppnådd måla. Det vil vere viktig å heile tida evaluere praksisen opp mot integreringsplanen, så ein kan gjere justeringar. 5.1 Busetting Busetting av flyktningar er frivillig for kommunane. Når ein kommune har sagt ja til busetting, er det i stor grad opp til kommunen sjølv å bestemme korleis dei skal gjennomføre integreringa. Denne planen skal vise korleis me i Åseral vil arbeide for å bidra til busetting og ei god integrering Bustadar Husbanken er staten sitt sentrale organ for gjennomføring av bustadpolitikken. Banken bidrar til å framskaffe bustad for bustadslause, flyktningar og andre vanskelegstilte, og har tilbod som reduserer buutgiftene for særskilte grupper. Kommunen kan nytte ordninga til nybygg av bustad til flyktningar. Ut over nybygg, er det aktuelt for kommunen å bruke andre kommunale bustadar fleksibelt, samt ut på 13

14 den private leigemarknaden, i periodar med store behov. Det er ei viktig målsetting å bidra til at den einskilde sjølv kan skaffe seg eigen bustad innan utgangen av introduksjonsperioden. Kommunen skal tilby tilfredstillande bustad, om flyktningane ikkje er nøgd, må dei sjølv ordne annan bustad. MÅL: Skaffe bustad til flyktningar som kjem til kommunen Nybygg av flyktningebustadar med Sentraladministrasjon støtte frå husbanken Frigjere kommunale bustadar ved at NAV fleire ordnar seg eigen bustad Leige private bustadar Sentraladministrasjon MÅL: Overgang til eigen bustad Innarbeide plan for overgang til NAV eigen bustad i individuell plan Økonomisk rettleiing - finansiering NAV MÅL: Tilsette skal ha kunnskap om kultur og religion for å yte gode tenester Kompetanseheving av personell gjennom kurs IMDi Kristiansand Fasar i busettinga Arbeid med busetting av flyktningar kan delast inn i fire fasar: 1. Utsøkingsfasen Omfattar perioden frå Åseral kommune mottar oppmoding om mottak frå IMDI, til flyktningane fysisk er busett i kommunen. 2. Busettingsfasen Mykje praktisk tilrettelegging med installering i bustad, barnehagestart, skulestart, helse m.m. Kartlegging vert føreteke i denne fasen, og det vert lagt til rette for introduksjonsprogram og individuell plan. 3. Introduksjonsfasen Introduksjonsprogram varer vanlegvis i 2 år, men kan forlengast til 3 år etter individuell handsaming. 4. Oppfølgingsfasen Etter avslutta introduksjonsprogram er ei oppfølgingstid ein naturleg prosess for mange. Det kan vere hjelp med jobbsøking, utdanning og liknande. Den viktigaste læringa er at den einskilde flyktning sjølv har hovudansvar for eige liv i nytt samfunn 14

15 Fasen der flyktningane kjem til kommunen og skal inn i bustaden er spesielt viktig å få til å fungere, slik at flyktningane opplever minst mogleg stress. Det er stress nok å koma til eit nytt land. Busettingsfasen krev mykje praktisk tilrettelegging og planlegging. MÅL: At den einskilde opplever ein god oppstart og vert sett i stand til å handtere dagleglivet i samband med busetting Gjennomføre møte i utvida Utvida ressursgruppe ressursgruppe, fordele ansvar ved mottak. Bu- og kosthaldsrettleiing Frivilligsentral Helsestasjon 5.2.Barnehage, skule og utdanning Det skal vere fokus på born og bornefamiliar. Born av flyktningar skal ha like gode oppvekstvilkår som alle andre born i kommunen. I bornefamiliar skal heile familien takast omsyn til i utarbeiding av foreldra sin individuelle plan. Viss borna har det bra, vil det vera lettare for foreldra å kunne tilpasse seg, lære språk og ta inn ny lærdom. Elevar i grunnskulen har rett på særskilt norskopplæring, morsmål og tospråkleg fagopplæring til dei har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje den ordinære opplæringa. Kommunen skal tilby opplæring i norsk og samfunnskunnskap i tråd med introduksjonslova. I tillegg skal det tilbys grunnskuleopplæring for vaksne som ikkje har fullført slik opplæring. Nokre av dei unge deltakarane har rett på grunnskule og kan ta dette i introduksjonsprogrammet. Mykje av fokus no er å kunne nytte innvandrarane sin kompetanse. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) godkjenner utanlandsk utdanning og gir også kurs i å godkjenne utanlandske utdanningar. Det er eit ynskje i Åseral å nytte dei ressursane som bur i innvandrarane. «Det viktigste målet i regjeringens integreringspolitikk å sørge for at alle som bor i Norge får brukt ressursene sine og tar del i fellesskapet.» Stortingsmelding 6 ( ) En helhetlig integreringspolitikk 15

16 MÅL: Få ein rask og trygg oppstart på alle aktuelle arenaer Tiltak Ansvarlig Samarbeidspartnarar Familiar med born skal ha minimun fyrste veka saman på introduksjonsprogram Skule Barnehagen Born skal raskt få tilpassa plass i barnehage/skule/sfo (seinast innan 3 mnd) - Fokus på god og trygg tilvenning -Born av flyktningar skal prioriterast i introduksjonsperioden Skule Barnehage Kontaktlærar MÅL: Godt læringsutbytte og fullført 13-årig skuleløp Særskilt norskopplæring, Skule morsmål og tospråkleg fagopplæring Tilpassa opplæringsplan Skule Kompetansesenteret Leksehjelp Skulen Samarbeidsmøte med vidaregåande skule Vidaregåande skule, OT(oppfølgingstjenesten), Lindesneslosen og andre aktuelle aktørar MÅL: Utvikle gode norskkunnskapar og få kunnskap om det norske samfunnet Ha få og godt kvalifiserte Vaksenopplæring lærarar, så det ikkje vert mange å forhalde seg til Plan for norskopplæring vert utarbeidd som ein del av individuell plan (IP) i samarbeid med den einskilde Vaksenopplæring 5.3 Introduksjonsprogram, kvalifisering og arbeid NAV må involverast tidleg i introduksjonsprogrammet for å vere med på å lage ein karriereplan og medverke til utvikling av den individuelle planen. NAV vil då tidleg kunne formidle rettar og plikter til deltakarane. Ein vil gjennom dette sikre ein saumlaus overgang mellom introduksjonsprogrammet og sjølvstendig arbeid. 16

17 Det finst berre eit avgrensa tal arbeidsplassar i kommunen. Dette med kombinasjon av at ein er transportavhengig om ein skal ha jobb utanfor kommunen sine grenser, gir ei stor utfordring for å kunne gi flyktningane arbeid. Introduksjonsprogrammet varer inntil 2 år, ved særlege grunnar kan programmet utvidast inntil 3 år. Programmet skal minst innehalde norskopplæring, samfunnskunnskap og tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknytning til yrkesliv. Kommunen kan velje å tilby introduksjonskurs til innvandrarar som ikkje har rett til det, men kommunen vil ikkje få integreringstilskot for desse. Deltakarar på både norskopplæring og introduksjonsprogram har rett på individuell plan. Alle som har krav på introduksjonsprogram skal gjevast tilbod om dette innan 3 mnd. etter at dei kom til kommunen, jf. Introduksjonsloven 3, andre ledd. Introduksjonsprogrammet skal vera tilpassa den einskilde sitt behov, vera på fulltid og heilårleg og skal spegle arbeidslivet sine reglar for feriar og fridagar. Altså skal 47 vekers program være det normale. Ein viss grad av skjønn, fleksibilitet og alternative løysingar (t.d. kurs, avspasering, sommarjobb) kan nyttast. Slik kan innhaldet i eit introduksjonsprogram sjå ut, oppdelt i 4 fasar. 1. fase startar ved ankomst, overgang til neste fase avheng av den einskilde deltakar si utvikling. Det vil vere naturleg med ein oppfølgingsfase utover introduksjonsperioden i høve til overgang til eit meir sjølvstendig liv på alle område. Fase 1 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap Bli kjend i lokalsamfunnet Kurs i bruk av data og internett Igangsetje/fyljge opp godkjenningsprosedyrer og oversetting av aktuelle dokument Fase 2 Norskopplæring og samfunnskunnskap med fokus på kunnskap om utdanningssystem og arbeidsliv Språkpraksisplass Sjølvstudium Realkompetansevurdering Fase 3 Norskopplæring og samfunnskunnskap med fokus på kunnskap om utdanningssystem og arbeidsliv Jobbsøking Norsk kombinert med arbeidspraksis (samarbeidstiltak mellom kommune og NAV) Yrkesopplæring kombinert med arbeidspraksis Spesielt tilrettelagte tiltak for nyankomne i regi av NAV Fase 4 Ordinær utdanning Ordinære kvalifiseringstiltak Arbeid Tilrettelagte og ordinære tiltak i regi av NAV 17

18 MÅL: Introduksjonsprogrammet skal vere tilpassa den einskilde og vere fleksibelt Utarbeide IP i samarbeid med deltakarane, inkludert opplæringsplan Innarbeide alternative og sesongbetonte aktivitetar som ein del av opplæringa, t.d sumarjobb Økonomirettleiing skal vere ein del av individuell plan - Personleg økonomi Vaksenopplæring Arbeidsgjevarar NAV Arbeidsgjevar NAV NAV Vaksenopplæringa MÅL: Førebu og få deltakarane ut i sjølvstendig arbeid Gi ein god, variert og relevant Skule språkpraksis Finne gode plassar for arbeidstrening NAV Frivilligsentralen Einingsleiarar ÅK Næringsliv Åseral Industrier Lage karriereplan med mål om korleis deltakarane skal kome seg i ynskja jobb eller utdanning NAV Integrering er eit kriterium ein tek omsyn til, ved tildeling av kommunale lærlingeplassar Sentraladministrasjonen MÅL: Auka mobilitet Innarbeide førarkort som del av individuell plan Vaksenopplæring Frivilligsentralen Behovsprøvd stønad til førarkort og ev. busskort vert vurdert i høve til IP og karriereplan. Tilskot til førarkort vert utbetalt som refusjon ved bestått førarprøve. 18

19 5.4 Helse Alle flyktningar skal ha eit godt og tilpassa helsetilbod, både når det gjeld tannhelse, fysisk og psykisk helse. Kommunen skal kunne avdekke behov for psykososiale vanskar, og dei som har behov for det skal få tilbod om profesjonell hjelp på eit tidleg tidspunkt. Alle overføringsflyktningar skal gjennomgå statleg påkravde undersøkingar hos lege innan 1 mnd. etter at dei kjem til kommunen. Det vil vere viktig å få til eit godt samarbeid mellom dei forskjellege einingane i kommunen slik at undersøkingane kan skje fort etter ankomst til kommunen, og at undersøkingane kan skje samla/same dag/veke. Innvandrarane skal vere registrert i det norske helsesystemet, og vite kven dei ska ta kontakt med dersom det oppstår helsemessige situasjonar. Mål: Kartlegge og forebygge sjukdom og smitte Gjennomføre pålagte helsekontrollar ved ankomst Helsehuset v/einingsleiar Helsesøster Fysioterapi Psykisk helse Lege Opprette fastlege for den einskilde Helsehuset ved ankomst -fastlegen sitt ansvar er å henvise vidare til t.d. optikar, fysioterapeut og psykisk helse etter individuell vurdering Opprette kontakt med tannlege for den einskilde innan 3 mnd. Kartleggingssamtale av psykisk helse, innan 3 mnd. Psykisk helse Helsestasjon MÅL: Styrke nettverk for kvinner i fødselspermisjon Kvinner i fødselspermisjon vert Jordmor Helsestasjon sett i kontakt med aktuell barselgruppe og får tilbod om deltaking i aktivitetar der borna kan vere med Opprette støttekontakt periodevis og etter behov spesielt for einslege mødre NAV Jordmor 19

20 5.5 Idrett, kultur, fritid og frivillighet Å lære norsk språk og kultur er ikkje berre gjort på skulebenken, men også i fritida. Dermed er det viktig at flyktningane deltar på fritidsaktivitetar for å byggje sosialt nettverk, og å utøve norskkunnskap i praksis. Nye flyktningar skal informerast om kor viktig kultur- og fritidssektoren er for oppvekst, deltaking og medverknad i det norske samfunnet. Kulturskulen og frivilligheten i Åseral har eit breitt utval av aktivitetar. Det vert særleg lagt vekt på å gje foreldre forståing av kor viktig dette er for deira born og ungdomar. MÅL: Auka medvit om kor viktig deltaking i fritidsinteresser er Undervisninga i norsk og Vaksenopplæring samfunnskunnskap Opprette kontakt med aktuelle fritidstilbod ÅIL Frivilligsentralen FLIR Lag og foreiningar Biblioteket skal nyttast i undervisning Skulen Vaksenopplæringa Biblioteket MÅL: Alle skal ha eit nettverk og delta i fritidsaktivitetar Opprette fadderordning Frivilligsentral Lage møtearenaer Frivilligsentralen Lag og foreiningar Støttekontakt periodevis og etter behov Psykisk helse Lag og foreiningar Frivilligsentral Stønad til 1 fritidsaktivitet pr born i introduksjonsperioden Kulturskule FLIR Lag og foreiningar MÅL: Auka kulturforståing i lokalsamfunnet Internasjonal matmarknad Frivilligsentral Lag og foreiningar Næringsliv Kulturkveld ved ny busetting Frivilligsentral Kultur 20