Gjennom ord blir verda stor GOD LESESTART! Tips til nynorske barnebøker

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Gjennom ord blir verda stor GOD LESESTART! Tips til nynorske barnebøker"

Transkript

1 Gjennom ord blir verda stor GOD LESESTART! Tips til nynorske barnebøker

2 Gjennom ord blir verda stor - kampanje for meir nynorsk i barnehagen Noregs Mållag arbeider for at barnehagane skal gje ungane eit best mogleg utgangspunkt for å lære både bokmål og nynorsk. Gjennom lokallaga våre tek vi no eit krafttak for nynorsken retta mot ungane i barnehage over heile landet Finst det ein betre måte å bli kjend med nynorsken enn gjennom gode leseopplevingar? Det finst mange gode nynorske barnebøker som berre ventar på å bli lesne! Dette er ein del av ein kampanje for nynorsk i barnehagen. Vi ynskjer å syne noko av den moderne nynorske barnebokskatten, i tillegg til å gje nokre tips om korleis du kan finne fram vidare. Dette er bøker både ungane og kritikarane elskar. Bøker som kan gje ungane ein god start på lesinga. For berre det beste er godt nok for ungane våre! God lesestund! Beste helsing Mållaget

3 For dei minste Påls potte Av Barbro Lindgren og Eva Eriksson (ill.) Dette er historier for dei aller minste. Pål må gjere mange ting for fyrste gong. Og det er ikkje alltid like lett å sitje på potte, bade eller låne bort smokken sin. Men saman med hunden Vovven kan Pål klare litt av kvart. Det er laga fem bøker om Pål. Bø og bæ Av Olof og Lena Landström Til saman finst det sju bøker om sauene Bø og Bæ. Når dei skal ordne noko, blir det oftast ugreitt. Dei blir forundra, men til slutt ordnar det seg likevel utan at Bø og Bæ heilt veit korleis det har gått til. Desse sauene er det lett å like. Endelig regn! Av Camilla Lundsten Dette er heilt ferske bøker i ein sjarmerande peikebokserie om Veslefanten, Makkus og Kanina. Desse bøkene vil bli mange born og foreldres favorittar. Tre nye bøker er klare: Endelig mat!, Endelig god natt! og Endelig fest!.

4 For dei minste Torbjørn Isbjørn Av Titus Kodzoman og Anne Angelshaug Ska l d Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire labbar, to søte små øyre og likar å symje i havet, er det noko som ikkje er som det skal vere. Ei humoristisk bok om identitet, om å høyre til og om å vere litt annleis. Gabba gabba hey! Av Frode Grytten og Gry Moursund (ill.) Boka handlar om Knut som er livredd for tivoli. Men kva gjer du når du har ein far som elskar tivoli? Kva gjer du når far din har ein einaste ting i hovudet: tivoli. Dette er eit fyrverkeri av ei bok, som både fedrar og søner, tivolielskarar og tivolihatarar kjem til å elske. Finn! Av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby Pappaen til Finn seier at tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at alt går an. Han veit at toget hans kan gå kvar det skal vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den aller beste tingen.

5 Karl Oscar i hardt vêr Av Eli Kari Gjengedal og Ingunn Elida Wiken (ill) Ska l d Brått tek ein kastevind tak i katten Karl Oscar og slengjer han langt av stad. Han brukar eit heilt år på å finne vegen heim. Ei morosam og annleis vêrbok skriven av Eli Kari Gjengedal, kjend som vêrdame på TV2. Himmelspringaren Av Sissel Horndal Man g s c h o u På ein gard blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Men utpå sommaren får Gammelsauen dra til fjells, og Lilla får bli med. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris Jakob og Neikob Av Kari Stai Jakob og Neikob er to gode vener som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For medan Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike? Fekk Kulturdepartementet sin debutantpris i Flekkmonsteret bygger harefelle Av Hallgeir Opedal og Per Dybvig (ill) Også som lydbok! Ein dag finn det vesle Flekkmonsteret ut at han vil byggje ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, men kvar blir det av haren? Og kvifor ristar jorda slik?

6 For dei minste Haustvrimlebok Av Rotraut Susanne Berner Det er spennande oppdagingsreiser for biletlesaren som kan følgje kvar person frå bilete til bilete og sjå kva som skjer i Vrimleby. Bileta vrimlar av detaljar, men er samtidig klåre og tydelege, i sjarmerande og fargeglad teiknestil. Bøker som barn kan sitje med i lange stunder og stadig oppdage noko nytt. Her finst bøker om vinter, vår, sommar og haust, i tillegg til ei eiga natt-vrimlebok. Prikk og Flekk ser stjerner Av Lotta Geffenblad Man g s c h o u Lotta Geffenblad har skapt eit sjarmerande univers der innbyggjarane er dei to artige kaninane Prikk og Flekk. Dei er til å bli forelska i. I dei fem bøkene som er komne på norsk, får vi vere med i ulike små forteljingar som både er spanande, artige og uventa. Her finst det ei heil verd å utforske. Frosken og skatten Av Max Velthuijs Også som lydbok! Dette er bøkene om den populære Frosken og venene hans. Frosken er ein fyr det er lett å like, og både små og store kan kjenne seg att i situasjonane i bøkene om Frosken. Korleis er det å bli kjend med ein ny ven, å finne ut kva som gøymer seg i skogen eller å bli forelska? Går også på NRK Super som tv-serie.

7 Den kjempestore småstilige Dustefjertboka Av Rune Belsvik Også som lydbok! Cap p e l e n Boka inneheld alle dei seks historiene om Dustefjerten og venene hans frå det vesle landet ved bekken. Det vesle landet er ein plass for små hendingar og store tankar. Bøkene om Dustefjerten er moderne klassikarar. Pablo møter naboane Av Hannah Giffard NRK Ak t i v u m Vi kjenner igjen revane frå NRK Super. Dei tre små revekvalpane Pablo, Rita og Rusken vil finne ut korleis det er å leve med menneska. Så dei legg i veg for å spørje katten Muskin, og undervegs utforskar dei kjøleskåpet, leikar i sofaen og flyktar frå eit skummelt udyr. Det er også kome ei bok som heiter Pablo går på jakt. Eg vil ha middagen min! Av Tony Ross NRK Ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen min! vil ho ha både det eine og det andre, og lærer seg å seie takk. Tony Ross tek utgangspunkt i situasjonar ungane kjenner seg att i, og formidlar dei med masse sjarm og humor. Ikkje merkeleg at bøkene om Vesle Prinsesse har klassikarstatus i Storbritannia og er omsette til mange språk. I tillegg finst boka Eg vil heim!.

8 For dei litt Eldre Godnattboka Også som lydbok! Ska l d Dette er den fyrste godnattboka med berre nynorske forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar og debutantar. Boka er gjennomillustrert og har fått strålande kritikkar. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris Eventyrboka Ska l d Har du høyrt om trampetrollet som ville danse? Visste du at dodidodidyret helst berre ville klemme heile dagen? Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, andre har skrive heilt nye. Dei fyrste eventyra i boka passar for dei yngste. Utover i boka vert eventyra meir avanserte. Farvel, Rune Av Marit Kaldhol og Wenche Øyen (ill.) Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd. Sara leikar ved dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar, og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette, sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis ho klarar å leve vidare.

9 Tonje Glimmerdal Av Maria Parr og Åshild Irgens (ill.) Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen. Tonjes besteven er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to venene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyri si bok Heidi og ikkje minst Astrid Lindgren sitt univers. Boka fekk i 2009 Bragepris, Kritikarpris og Nynorsk barnelitteraturpris. Vaffelhjarte Av Maria Parr og Bo Gaustad (ill.) Også som lydbok! Også som lydbok! Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevenen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevenen til Lena Lid. Boka følgjer to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2005.

10 Faktabøker Den vesle stavkyrkjeboka Av Reidar Solberg, Björk Bjarkadottir og Grete Letting Ska l d Bli med på ei reise nesten 1000 år tilbake i tid, til då stavkyrkjene vart bygde. Saman med den grøne draken kan du finne mange løyndommar under golvet, på taket, i veggene og i bakken. Raudt, blått og litt gult Av Bjørn Sortland og Lars Elling (ill.) Boka fortel om moderne målarkunst til born. I museet opplever Oda kunsten på sin eigen måte. Ho går inn og ut av bileta, og samtalar med kunstnarane: Frå Munch og Picasso til Pollock og Andy Warhol. Kunstboka som har vekt internasjonal oppsikt og som førebels har kome ut på fransk, tysk og dansk. Boka er sjølvsagt illustrert. Mitt atlas Av Benoît Delalandre og Jéremy Clapin For kvart kontinent finn du eit landskapskart, eit utbrettkart som viser landa, ei side som viser dyrelivet og eit stort bilete frå folkelivet. Så følgjer fleire sider frå dei ulike landa på kontinentet, med byar og kjende stader og fenomen. Det følgjer med ein stor plakat med verdskartet, med ei mengd artig tilleggsinformasjon. Her er det mykje å lære for store og små!

11 Klare sjøl Av Reidunn Otterdal Sel j a Små og store i Hornindal barnehage i Nordfjord inviterer oss med på å lage mat av det vi kan dyrke og sanke sjølve. Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter, der måla er oppgjevne i kopp og skei. Rikt illustrert med foto og teikningar. Fint å ha far av Erna Osland og Marvin Halleraker (ill.) Man g s c h o u Små, nydeleg illustrerte faktatekstar om farskap i dyreverda om ulvar, fiskar og froskar som har livsviktige omsorgsfunksjonar for ungane sine. Visste du til dømes at hyenehundar er av dei mest omsorgsfulle foreldra i dyreverda? Eller at bladhønefedrar er åleineforeldre? Tekstane høver godt for høgtlesing. Mitt dyreatlas Av Éric Mathivet, Benjamin Chaud og Jéremy Clapin Denne boka er ein fantastisk introduksjon til dyreartar på heile jorda. Visste du at oldenborren døyr berre nokre veker etter at han er ferdig utvaksen? Eller at strutsehannen har fleire koner, men alle legg egg i same reir? Dette og mykje anna kan du lese om i det rikt illustrerte dyreatlaset.

12 Faktabøker Ordleiksboka Av Stina Langlo Ørdal og Olaf Husby Ska l d Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg, men kva med ein fallskjermjeger? Visste du at det første talet som inneheld a, er atten, det neste er milliard? Og veit du kva pesshesta er for noko? Bli med på ei oppdagingsferd i språkverda ei verd full av merkverdige og spennande ord og bokstavar, og ein leikeplass med overraskingar på kvar side. Mine små leksikon: Kroppen Av A. Vandewiele og F. de Guibert Har du lyst til å lære litt meir om korleis born blir til, om dyra i skogen eller livet på bondegarden? Då er Mine små leksikon midt i blinken for deg. Til no har det kome atten bøker i serien, mellom anna Dyra på savannen, Delfinar og andre kvalar, Dinosaurer, Brannmenn, På fjellet og I dyrehagen. Bøkene er rikt illustrerte og lettlesne. Mi første blå ordbok nynorsk Monica Kaasa, Anne Stuhaug og Bodil Aurstad Kun n s k a p s f o r l a g e t Endeleg kjem denne populære ordboka frå Kunnskapsforlaget i nynorsk utgåve. Mi første blå ordbok gjev alle born i førskulealderen ei morosam innføring i alfabet og lesing. Ordboka inneheld over 300 oppslagsord, og utvalet er kvalitetssikra av pedagogar i grunnskulen. ABC, ordbok og biletbok i eit, ein leik med bokstavar frå om lag 3 til 6 år.

13 Mi første blå ordbok engelsk/nynorsk Clare Kirtley, Brita Engebakken og Janne Olden Kun n s k a p s f o r l a g e t Bli med på oppdagingsferd i ei samling med 300 engelske ord og uttrykk. Boka gjev hjelp til born som nettopp har byrja med engelsk på skulen, og har eigne sider med uttrykk, dagar, tal og fargar. Kvart einaste ord har ein eigen illustrasjon, noko som gjer at boka òg fungerer som peike-/biletbok. Barnas store blå ordbok nynorsk Monica Kaasa, Anne Stuhaug og Bodil Aurstad Kun n s k a p s f o r l a g e t Ordboka inneheld over 2000 oppslagsord, frå A til Å, med stavemåte og bøyingsmønster. Kvart oppslagsord er illustrert, og blir forklart i enkle setningar henta frå borns kvardag. I tillegg kjem ekstrainformasjon i form av sitat, rim og synonym. Barnas store blå ordbok engelsk/nynorsk Brita Engebakken, Emma Chichester Clark og Janne Olden Kun n s k a p s f o r l a g e t Ordboka har same perspektiv og vinkling av det engelske språket som det skulen legg opp til. Lesaren skal oppdage gleda av å kunne forstå og praktisere eit anna språk enn norsk. I denne ordboka er oppslagsorda omsette til norsk, mens definisjonar og døme er på engelsk.

14 Klassikarar Også som lydbok! Det er mange som har veldig gode minne frå leseopplevingar som liten. No er nokre av dei mest kjende og kjære bøkene av forfattarar som Roald Dahl og Astrid Lindgren omsette til nynorsk. Dette er ein fantastisk bokskatt. Her er nokre døme: Charlie og Sjokoladefabrikken (Gy l d e n d a l) Georgs magiske medisin (Gy l d e n d a l) Den store vesle boka om Barbapapa (Sc h i b s t e d) Karius og Baktus (Cappelen) Mio, min Mio (Da m m ) Meisterdetektiven Blomkvist (Da m m ) Norske folkeeventyr (Sa m l a g e t) Med tigeren og bjørnen til Panama (Sa m l a g e t)

15 Songbøker Songfuggel i karmen Odd Nordstoga Ei skattkiste for alle songglade Nordstoga-fans! Songboka inneheld 40 songar av den populære artisten, alle med notar og gitargrep. Her finn du hits som Heim te mor, Frøken Franzen og Kveldssong for deg og meg, men også dei populære songane frå Svingen-serien på barne-tv. Song for deg og meg Odd Nordstoga (red.) 123 songar for førskule og barneskule på nynorsk og dialekt - dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyskrivne songar, songar til skjemt og høgtid. Syng sjøl Geirmund Johnsen (red.) Meland Mållag og Selja Dette er ei songbok for born, laga saman med born og som tek born på alvor. Songane er både norske og utanlandske, men alt er på nynorsk. Alle songane har notar og gitargrep. Eit utval av songane i boka er å finne på ein CD som born frå 6 barnehagar i Nordhordland har sunge inn saman med elevar frå musikkskulen i Meland. Syng sjøl følgjer årstidene og inneheld 114 songar.

16 Gode nettstader Blåmann barnebokklubb / Få nynorske barnebøker rett i postkassa! Bokdykk.no / Nynorsk nettbokhandel. Nynorskbok.no / Fleire tips til gode nynorskbøker for barn. Sorter bøkene etter alder eller sjanger. Tunkatten / Forteljingar, lydbøker, nettspel, songbok og mange andre aktivitetar. Pirion / Kulturavis for tilsette i barnehagar og skular. Les for meg! / Nynorske animasjonsfilmar og bokstavleikar. Eigne vaksensider. Norsk Barneblad / Verdas eldste barneblad. Noregs Mållag Gjennom ord blir verda stor Vil du vite meir om kampanjen Gjennom ord blir verda stor? Ta gjerne kontakt med lokallaget eller ring Noregs Mållag på tlf /34 eller send e-post

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Gjennom ord blir verda stor. kampanje for meir nynorsk i barnehagen. Aksjonskokebok

Gjennom ord blir verda stor. kampanje for meir nynorsk i barnehagen. Aksjonskokebok Aksjonskokebok Gjennom ord blir verda stor kampanje for meir nynorsk i barnehagen Noregs Mållag er oppteke av kva slag kultur- og språkmangfald borna møter i barnehagen. Denne kokeboka gjev konkrete framlegg

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 33 og 34 Tre på rad kap.1 Finna stoff til eigne skrive- og biblioteket og internett.

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN S K A L D E N N Y N O R S K E B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T EI GOD BOK FOR DEN DET GJELD Men da den egentlige bruker

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Denne månaden har me jobba med tema tog. Me har lagt opp til varierte erfaringar for læring. Dei store har lekt med det fine toget dei har laga av banan-øskjer. Det

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14

3 52 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 52 2014-10-14 15:08:14 5 Sinus 1P Y > Algebra Book Sinus 1P-Y-nyn.indb 5 014-10-14 15:08:14 Algebra MÅL for opplæringa er at eleven skal kunne forenkle fleirledda uttrykk og løyse likningar av første grad og enkle potenslikningar

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar...

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... 16 1 HEILSETNINGAR Ordstilling I ei norsk setning kjem orda i ei bestemt

Detaljer

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

VEDLEGG TINDRA - 1.07H.131 EVENTYR. Ordforklaringer: bold = tapper uforsakt = ubekymret. Inger Hagerup (1905-1985)

VEDLEGG TINDRA - 1.07H.131 EVENTYR. Ordforklaringer: bold = tapper uforsakt = ubekymret. Inger Hagerup (1905-1985) Inger Hagerup (1905-1985) EVENTYR Det var en gang en ridder bold, en skjønn prinsesse og et troll. Prinsessen var i trollets makt, men ridderen var uforsakt. Han sprengte frem i veldig trav, og hugget

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv...

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv... Innhald 1. Fritid og bibliotek... 1 2. Hos legen... 7 3. Høgtider... 12 4. Mattradisjonar... 18 5. Sunnheit og kosthald... 25 6. Arbeidsliv... 30 7. Jobb i sikte... 35 8. Skule og utdanning... 40 9. Familie

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Gjennom ord blir verda stor. kampanje for nynorsk i barnehagen. Aksjonskokebok

Gjennom ord blir verda stor. kampanje for nynorsk i barnehagen. Aksjonskokebok Aksjonskokebok Gjennom ord blir verda stor kampanje for nynorsk i barnehagen Noregs Mållag er oppteke av kva slag kultur- og språkmangfald borna møter i barnehagen. Dette hefte gjev konkrete framlegg til

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn Framleis rom for lesing heime Leseutviklinga held fram Dei første skuleåra lærte barnet ditt å lese. Men lesedugleik er ikkje noko som blir utvikla

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!

Detaljer

ØYSTESE BARNESKULE ÅRSPLAN FOR FAG

ØYSTESE BARNESKULE ÅRSPLAN FOR FAG ØYSTESE BARNESKULE ÅRSPLAN FOR FAG Skuleår: 2010-2011 Fag: Norsk Trinn: 4 Grunnbok: Zeppelin lesebok, Zeppelin arbeidsbok til lesebok, Zeppelin språkbok, Zeppelin arbeidsbok til språkbok Mål frå læreplanen

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal sikre progresjon, heilskap

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra Styringsdokument for Vik barnehage er Lov om barnehagar med Rammeplan. Desse finn ein på internett www.lovdata.no eller www.kunnskapsdepartementet.no. Vik

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer