Referat frå møte i fagleg brukarråd språk og tale

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Referat frå møte i fagleg brukarråd språk og tale"

Transkript

1 Referat frå møte i fagleg brukarråd språk og tale Dato/Stad: 6. februar /Brukarkonferansen Deltakarar: Brukarrepresentantar: Hogne Jensen Guro Bergseth Elin Langdahl Torbjørn Bull-Njaa Oscar Aaslund Hovin Frå Statped: Marit Bollingmo Mari Kalvø Magne-Bjarte Hatlem Forfall: Marianne Brodin Gabriella J. Ottesen Martin Aaasen Wright Afasiforbundet Norge Dysleksi Norge Handikappedes Barns Foreldreforening (HBF) Munn- og halskreftforeningen Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS) møteleiar og leiar språk- og taleavdeling 2 i region sørøst leiar språk- og taleavdeling 1 i region sørøst referent og koordinator for leiarnettverk språk og tale (vara) Afasiforbundet Norge Leppe-ganespalteforeningen (vara) Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS) Sak: 01/2019 Godkjenning av saksliste ok. 02/2019 Møteplan for fagleg brukarråd språk og tale 2019 Oppdatert møteplan per 5. mars 2019 (sjå vedlegg 1) Lenke til møteplan framlagt 6. februar 03/2019 Orienteringar frå brukarorganisasjonane Munn- og halskreftforeningen: Bekymra for at Statped sitt fokus meir og meir blir flytta vekk frå dei vaksne. Bekymra for at den spesialpedagogiske kompetansen på området skal forsvinne, då det er få (4-5 personar) som blir operert i dag kontra for 20 år sidan. Det er eit stort behov for logopedteneste for dei som er nyopererte. Ønsker at Statped set seg i stand til å gjennomføre ei djupare rettleiing for dei som treng stemmetrening etter å ha fått fjerna 1

2 stemmebanda. Slik kan dei det gjeld komme seg opp på eit kvalitativt høgare kommunikativt nivå. Ønsker at stemmetreningstilbodet til Statped skal marknadsførast betre. Afasi Norge: Brukarane til Afasi Norge er først og fremst godt vaksne brukarar. Afasi Norge ønsker derfor at det blir snakka meir om vaksenopplæring i fagleg brukarråd. Jobbar med å få klarheit i kven som skal utføre tenestene til afasiramma. Afasi Norge er bekymra då regelverket ser ut til å vere for lett å tolke som at kommunen ikkje har noko ansvar for afasiramma. Jobbar opp mot Helsedirektoratet om pakkeforløp for oppfølging av hjerneskadde. Ønsker at privatpraktiserande logopedar skal kunne søke hjelp hjå Statped, då mange afasiramma får tenestene sine frå privatpraktiserande logopedar. Held på å oppdatere oversikt over logopeddekninga no. Skulle gjerne hatt forskingsavdelinga til Statped med på dette arbeidet. Afasi Norge er bekymra for at dei interne endringane Statped gjer på afasifeltet skal gå utover eksisterande fagmiljø i sørøst. Dei meiner at ingen i regionane er klar over det regionale afasitilbodet til Statped, og at dette er årsaka til at ingen søker. Vidare ønsker Afasi Norge at dei får komme tidlegare inn i saker som påverkar brukargruppa deira i Statped, og er lite glad i orienteringssaker. Ønsker å sjå søknadar til Extrastiftelsen frå Statped om telemedisin/videokonferanse. Ønsker å ha eit tett samarbeid med Statped, men opplever at endringane i Statped gjer at dei må søke i staden for å ta ein telefon for å få nokon frå Statped å halde eit foredrag. Afasi Norge opplever at det er blitt større avstand mellom Statped og brukarorganisasjonane. Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS): Jobbar mykje med arrangementa som dei skal ha framover, generell opplysning til sine medlemmar og opp mot dei ulike lokallaga. NIFS har følgt opp sak 04/2018 punkt 1 om HELFO og fagleg vurdering av stamming. HELFO har hatt ulik intern informasjon om korleis desse sakene skulle behandlast men hadde eit avklaringsmøte i desember for å tydeleggjere retningslinjene sine. Dei brukarane som har fått avslag med krav om spesialistuttale har fått dette på grunn av at fastlegen har brukt diagnosekodar som ikkje har vert godkjente. Blir det nytta rett diagnosekode om 2

3 stamming eller løpsk tale så vil søknaden bli innvilga. NIFS har ikkje blitt kontakta av nokon fleire om dette. NIFS har informert taleflytteamet og logopedlaget. Som Afasi Norge, ønsker NIFS at privatpraktiserande logopedar skal kunne søke hjelp hjå Statped. Har tru på at lågterskelpiloten som Statped presenterte tidlegare i dag kan bli eit godt tilbod. NIFS meiner det er viktig å tenke igjennom kven som skal drive dette tilbodet i Staped, om det skal vere generalistar eller om det vil vere mogleg å treffe spesialistane direkte. Det er ønskeleg å treffe den høgspesialiserte delen av Statped gjennom tilbodet. NIFS meiner at digitaliseringssatsinga til Statped vil gjere Statped meir tilgjengelege. Dysleksi Norge: Jobba mykje med høyringssvar knytt til fritak frå framandspråk på vidaregåande. Har arbeidd med å utvikle informasjonshefter knytt til faga matematikk og engelsk, i tillegg til handbok for dysleksi. Dei har utvikle ein rettleiar for utredning av dysleksi, og skal til på dyskalkuli. Planlegg årets perspektivkonferanse som har spesifikke språkvanskar som tema. Dato for denne er 9. september. Dysleksi Norge har informert om spesifikke språkvanskar i 20 år, likevel opplever dei at få veit kva dette er. Statped: Internasjonalt er omgrepsbruken i endring, noko som påverkar oss her i Noreg òg. Det kan sjå ut til at utviklingsmessige språkvanskar kjem til å erstatte spesifikke språkvanskar. Dei har ei fin ungdomsgruppe med eige styre som er flinke til å få til veldig mykje. Handikappedes Barns Foreldreforening (HBF): Mange av HBF sine brukarar treng Statped tidleg inn. HBF opplever at kommunane ikkje gir tilbod om ASK tidleg nok, og at kommunane ikkje kan ASK godt nok. Derfor meiner HBF at det er viktig å få Statped tidleg i prosessen. HBF opplever at det er ulikt mellom regionane om Statped går inn på systemnivå eller ikkje. 04/2019 Orienteringar frå Statped 1. Endringar på afasifeltet Statped vedtok i januar framlegget til endringar på afasifeltet slik det blei beskrive i sak 07/2018 punkt 1 frå sist møte i fagleg brukarråd. Statped har starta arbeidet med å avklare moglege samarbeid for å gjennomføre 3

4 systematiske praksiserfaringar. Statped har mål om å inngå ein første intensjonsavtale i nær framtid. Afasi Norge minner Statped om bekymringane som dei spelte inn i utarbeidinga av endringsforslaget og i sist møte, knytt til avvikling av afasitreff og ei oppleving av større avstand til Statped. Afasi Norge ønsker at det skal gjennomførast evaluering av systematisk praksiserfaring så snart som mogleg. Afasi Norge ønsker vidare at Statped kan gjennomføre tematiske kurs i dei ulike regionane. 2. SCIP - Social Communication Intervention Project. Prosjekt på skissestadiet. Omsetjing av tiltaksmateriell utvika for barn i alderen 6-11 år med språkvanskar og sosiale vanskar. Statped og Dysleksi Norge vil sjå på moglegheitene for eit potensielt samarbeid om prosjektet. Det bør vurderast om ein bør søke Ekstrastiftelsen om midlar til prosjektet. 05/2019 Orientering og drøfting: Samhandling og oppgåver i fagleg brukarråd språk og tale Korleis kan brukarrepresentantane medverke med råd og innspel på fagområdet språk og tale? 1. Reviderte retningslinjer for brukarmedverknad. Mandatet til fagleg brukarråd går fram av punkt i retningslinjene: «De faglige brukerrådene er rådgivende organer for ledernetteverkene på Statpeds fagområder. Brukerrådene skal bidra inn i diskusjoner om hvordan Statpeds tjenesteyting best bør gjennomføres for å ivareta behovene til Statped ulike brukergrupper. De skal involveres i prosesser hvor fagutvikling og FoU-prosjekter planlegges, gjennomføres og evalueres. De skal også involveres når tjenestetilbudet innenfor fagområdene vurderes endret.( )»(s. 8). 2. Leiarnettverk språk og tale informasjon om organisering, mandat og arbeidsoppgåver, prioriterte områder i Leiarnettverk språk og tale skal sørge for at koordinering av drifta på fagområdet utviklar seg samla på tvers av regionar og sørge for at utviklinga av tenestene går i den retninga som det er forventa i styringsdokumenta til 4

5 Statped. Dei ulike leiarnettverka har i lag ansvar for utvikling av tenester og arbeidsformer på tvers av fagområde. Fagleg brukarråd meiner at det er ein fordel at deltakarane spelar inn saker på førehand slik at ein har moglegheit til å førebu seg. Statped utarbeidar saklista basert på aktuelle tema og innspel frå brukarrepresentantane. Statped prøver likevel å fange opp signal utan at det må vere formalisert som ei sak på saklista. Punktet Orientering frå brukarorganisasjonane har for eksempel ein slik funksjon. Brukarorganisasjonane kjem med ei oppfordring om at Statped brukar dei endå meir aktivt for å styrke det spesialpedagogiske området. 06/2019 Mellom system og individ - drøfting (les forskingsrapporten) Eit studie av Statpeds oppdrag, tenester og ressursdisponering for fagområda syn, samansette lærevanskar og språk og tale. HBF stiller spørsmål ved om det er realistisk å flytte all kompetansen ut til kommunane, då dei meiner det då er stor fare for at kompetansen forsvinn. Munn- og halskreftforeningen meiner ein sentral mangel ved rapporten er at det ikkje finst noko i rapporten om vaksne. Dette er Dysleksi Norge, Afasi Norge og NIFS einige i. Dette er noko som òg er poengtert internt i Statped. Fleire av brukarorganisasjonane ønsker at dei skal få rapportar som vi skal drøfte i fagleg brukarråd i fysisk versjon. 07/2019 Eventuelt 5

6 Vedlegg Møteplan for fagleg brukarråd språk og tale 2019 Møta blir lagt rett i forkant av møte i nasjonalt brukarråd, slik at fagleg brukarråd kan gi innspel til sakene til nasjonalt brukarråd. Datoar for møte i nasjonalt brukarråd er derfor sett opp i tabellen attmed møtedato i fagleg brukarråd. Møta vil bli gjennomført på video. Fagleg brukarråd Dato for møte i Nasjonalt brukarråd 22. mai kl mai 4. september kl september 28. november kl desember 6