1 Bakgrunn. Norrønt språk

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1 Bakgrunn. Norrønt språk"

Transkript

1 1 Bakgrunn Norrønt språk 1 Avgrensing og inndeling. Norrønt er det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island i mellomalderen, forutan i dei andre norrøne busetnadene (Grønland, Færøyane, Shetland, Orknøyane, og delar av Hebridane, Man, Irland, Skottland og Nordvest-England). Bakover i tid blir grensa trekt rundt år 700 mot det eldre språksteget, urnordisk, og framover i tid mot mellomnorsk rundt år 1350 (svartedauden). Då den nye generasjonen av skriveføre etter svartedauden først overtok rundt 1370, har også dette årstalet vore brukt som grense mellom gammalnorsk og mellomnorsk. På Island, der språket utvikla seg mindre enn i Noreg, blir norrønt rekna like fram til 1500-talet. I vikingtida var det langt på veg eit felles språk i Norden, dǫnsk tunga, eller dansk tungemål, som det er kalla hos Snorre Sturlasson. Enkelte dialektskilnader var det likevel, og vi skil såleis mellom ei austnordisk og ei vestnordisk grein av nordisk språk. Til austnordisk høyrer gammaldansk og gammalsvensk, og til vestnordisk høyrer gammalnorsk og gammalislandsk, som vist i fig. 1:1. Heilt fram til byrjinga på 1400-talet var den språklege og litterære fellesskapen mellom Noreg og Island så klar at det er naturleg å tale om eit felles norrønt språk og ein tilsvarande felles litteratur. Etter kvart auka derimot avstanden til dansk språk, og frå rundt 1100 kan vi truleg rekne med ei ny inndeling av dei nordiske språka. Dansk skilde seg då såpass klart frå dei andre nordiske språka at ein kan skilje mellom ei sørnordisk grein (dansk) og ei nordnordisk grein (islandsk, norsk og svensk), som vist i fig. 1:2. Dette var situasjonen i høgmellomalderen, altså i perioden Det er frå denne tida vi har dei fyldigaste litterære kjeldene. Det er også på denne tida at vi talar om klassisk norrønt språk. 2 Runealfabetet. Vår kjennskap til norrønt språk byggjer på ei rik samling av skriftlege kjelder, særleg etter innføringa av det latinske alfabetet på slutten av 1000-talet. Før ca har vi likevel ikkje overlevert anna enn runeinnskrifter. Det eldre runealfabetet på 24 teikn gjekk av bruk på 700-talet og vart skift ut med

2 10 Kap. 1 Fig. 1:1 Inndeling av dei nordiske språka før ca eit alfabet på berre 16 teikn, det yngre runealfabetet. Dei eldste norrøne tekstane er på få unntak nær skrivne med dette alfabetet. Eggja-steinen, der innskrifta er i eldre runer, medan språket må kallast norrønt, står i ei mellomstilling. Frå 1000talet av vart ein del teikn i det yngre runealfabetet forsynte med punkt (punkterte eller stungne runer), slik at talet på runeteikn auka og på lag fall saman med bokstavteikna i det latinske alfabetet. Det yngre runealfabetet vart brukt gjennom heile den norrøne språkperioden, noko ei rekkje funn frå Bryggen i Bergen viser. 3 Innføringa av det latinske alfabetet. I Noreg vart det latinske alfabetet teke i bruk for å skrive norrønt språk ein gong på 1000-talet, kan hende i styringstida til Olav Kyrre (konge ). Innføringa skjedde truleg noko seinare på Island; vinteren veit vi at islendingane skreiv ned lovene sine, men det kan vere at det latinske alfabetet også her vart teke i bruk noko før Engelsk hadde då vore skriftfest med latinske bokstavar i fleire hundre år. Den norrøne skriftfestinga skjedde under engelsk påverknad i samband med den kristne misjonen. I gammalengelsk vart alfabetet utvida med to teikn, som også vart overtekne i nor-

3 Bakgrunn 11 Fig. 1:2 Inndeling av dei nordiske språka ca rønt. Det første av desse, þ ( thorn ), vart lånt frå runealfabetet. Det var ein ustemt dental frikativ, som i moderne engelsk thing, norrønt þing. Det andre teiknet var ð ( eth eller stungen d ), ein stemt dental frikativ, som i moderne engelsk that, norrønt stað. Både i engelsk og norrønt vart aksentar (lengdestrekar) brukte for å markere lang vokal, t.d. á. I norrøn skrift vart det også innført eit særleg vokalteikn, ǫ ( o med kvist ) for ein låg, bakre, runda vokal med uttale om lag som moderne norsk å. 4 Bruksområde for alfabeta. I høgmellomalderen vart runene hovudsakleg brukte i daglegdagse samanhengar, til å risse inn eigarmerke og korte meldingar på ulike tregjenstandar. I det skriftlege materialet elles er det det latinske alfabetet som er brukt. Dei to alfabeta ser ut til å ha hatt kvart sitt virkefelt runealfabetet til den daglege bruk, der kniven var nærast for hand, og det latinske alfabetet for større og varigare tekstar. Det latinske alfabetet vart skrive med penn og blekk på pergament, slik brev og bøker vart laga i utlandet. Det finst nokre få pergamenthandskrifter som er skrivne med runer, men det var reine unntak.

4 12 Kap. 1 5 Normalisert og unormalisert ortografi. Det fanst ingen instans som la ned strenge normer for skriftspråket i norrøn tid. Skrivekunsten var ikkje allmenn, men avgrensa til enkelte skriftsentra, i tilknyting til kloster og andre kyrkjelege sentra i og utanfor byane, statsapparatet rundt det kongelege kanselliet og ein og annan storgard. Sjølv om kvart skriftsenter heldt oppe ei viss standardisering av skriftspråket, viser likevel handskrifts- og brevmaterialet ortografisk og språkleg variasjon på mange punkt. I dei unormaliserte tekstutgåvene er ortografien i kvart handskrift kopiert nøyaktig. Kjeldekritiske krav gjer at språkforskarar og historikarar gjerne brukar slike utgåver, om dei ikkje då studerer sjølve handskriftet, anten i original eller i fotografi (faksimileutgåve). Ulempa er at desse utgåvene er vanskeleg tilgjengelege og gjev lesarane lita hjelp på vegen. Av praktiske grunnar har det derfor nedfelt seg ein normalisert ortografi for norrønt språk. Dette skjedde på og 1800-talet under påverknad av nyare islandsk ortografi, og det er denne ortografien vi møter i grammatikkar, ordbøker og dei fleste tekstar. 6 Uttale. På Island og i fleire andre land er det tradisjon for å lese norrønt med nyislandsk uttale. I Noreg har det vore vanleg å bruke ein tilpassa moderne norsk uttale. Det er faktisk slik at vokalsystemet i norsk har endra seg mindre enn i islandsk, og såleis dannar eit brukande, om ikkje fullgodt utgangspunkt. Konsonantsystemet krev derimot litt ekstra innsats, for her må vi vere særleg merksame på teikna þ, ð, f og g (sjå nedanfor). Den beste løysinga er likevel å ta sikte på ein historisk korrekt uttale, så langt denne lèt seg rekonstruere. Vi reknar at den norrøne normalortografien gjev eit svært dekkjande bilete av uttalen då det latinske alfabetet vart innført og i fleire hundre år framover, herunder den klassiske perioden på 1200-talet. Som hovudregel kan ein uttale norrønt i samsvar med skriftbiletet, men med følgjande avvik: á som moderne norsk å (runda uttale av a). ð som opningslyden i engelsk that. ey som moderne norsk øy (jf. den nyare skrivemåten Frøya for gudinna Freyja). f i framlyd (fara) og ved dobbelskriving (offra) som moderne norsk f. i innlyd (sofa) og utlyd (líf) som moderne norsk v. g i framlyd (gera), ved dobbelskriving (liggja) og etter n (langr) som moderne norsk g, dvs. som lukkelyd (plosiv). elles i innlyd og utlyd som g i nyislandsk saga, dvs. som frikativ (prøv å uttale norsk g utan fullt lukke). h som i moderne norsk, bortsett frå føre l, n, r og v, då vi reknar med at han hadde frikativ uttale.

5 Bakgrunn 13 j som moderne norsk j, men med separat uttale også i konsonantsamband (kj, sj, skj, stj, tj). o bør uttalast som ein mellomhøg, bakre vokal, om lag som den kontinentale o i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som sopp og voks. Denne uttalen gjeld både o og ó. r som rulle-r. Skarre-r var ukjend i norrøn tid, anna enn kan hende som talefeil (lyden kom truleg inn i norske dialektar frå 1700-talet av). þ som opningslyden i engelsk thing. u bør uttalast som ein høg, bakre vokal, om lag som den kontinentale u i tysk. I moderne norsk har dei fleste dialektar denne uttalen i ord som ung og bukk. Denne uttalen gjeld både u og ú. ǿ som moderne norsk ø. ǫ som ein låg, bakre, runda vokal om lag som moderne norsk å, kan hende ikkje fullt så låg (jf. utviklinga av orda ǫsp > osp og ǫl > øl det første ordet har i dei fleste dialektane fått ein å-lyd, [ɔsp], det andre ein ø-lyd, [ø:]). I norrøn tid skal vi likevel rekne med at vokalen hadde låg uttale. To konsonantsamband blir som oftast noterte med berre eitt teikn: x z svarar til konsonantsambandet ks, t.d. lax = laks m. laks. svarar til konsonantsambanda ts, ds og ðs, t.d. brauzk = brautsk (av brjóta st.vb. bryte ), helzk = heldsk (av halda st.vb. halde ) og kvezk = kveðsk (av kveða sv.vb. kvede, seie ). Utover uttalen av dei enkelte lydane skal ein også vere merksam på stavingsforholda i norrønt. I trykktung stilling kunne stavingane vere korte, normallange og overlange: vera kort vokal + kort konsonant = kort staving bít lang vokal + kort konsonant = normallang staving skinn kort vokal + lang konsonant = normallang staving nátt lang vokal + lang konsonant = overlang staving I dag har dei aller fleste norske dialektar berre lange stavingar i trykktung stilling. For å få til ei kort staving kan vi gjerne jamføre med engelsk uttale, t.d. av city. Dei fleste dialektane har elles overlange stavingar i enkelte innlånte ord, t.d. påske, og dei har også overlange stavingar dersom ein reknar med bøyingsendingar, t.d. leigd, lånt o.l. 7 Lydskrift og fonemskrift. I dette og det neste kapitlet blir IPA-lydskrift brukt for å forklare uttalen av enkelte språklydar. Lydskrift står alltid i hake-

6 14 Kap. 1 parentesar, t.d. [ø:]. IPA-lydskrifta følgjer langt på veg ortografien i dei europeiske språka som brukar det latinske alfabetet, t.d. kan det norske ordet gata attgjevast som [ga:ta] i IPA-lydskrift, der det berre er lagt til eit kolon for å vise at den første vokalen i ordet er lang. Men det er også ein del teikn som treng nærmare forklaring. I denne grammatikken gjeld det desse teikna: ɔ låg, runda vokal, tilsv. å i moderne norsk ɣ frikativ g, dvs. g uttalt utan fullt lukke, framleis brukt i islandsk ɡ plosiv g, dvs. g med fullt lukke, tilsv. g i gate i moderne norsk ç palatal frikativ, tilsv. kj i standard norsk kjenne (før samanfallet med skj-lyden i skjenne, som no skjer i mange norske dialektar; framlyden i skjenne blir notert med teiknet ʃ i IPA-lydskrifta) ʁ uvular frikativ, tilsv. skarre-r i moderne norske dialektar ʋ labial approksimant, tilsv. w i engelsk water ŋ velar nasal, tilsv. ng-lyden i moderne norsk lang r alveolar trill, dvs. ein r-lyd uttalt med rulling, tilsv. dei fleste norske dialektar ɾ alveolar tapp, dvs. ein r-lyd uttalt med berre eitt slag : markering av lengd på føregåande vokal eller konsonant ˈ primærtrykk, plassert føre stavinga, t.d. ˈkaste i moderne norsk ˌ sekundærtrykk, også dette føre stavinga, t.d. ˈraudˌvin i moderne norsk Eit fullt oversyn over IPA-alfabetet finst i ei rekkje innføringsbøker, og kan lett lastast ned frå nettet ved å søkje på The International Phonetic Alphabet. Vi brukar ikkje fonemisk notasjon med skråstrekar i denne boka, ettersom den norrøne normalortografien har eit nesten perfekt samsvar med den fonematiske analysen av norrønt. I staden brukar vi kursiv; såleis er Konsonanten /g/ kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ] formulert slik her: Konsonanten g kunne uttalast både [ɡ] og [ɣ]. I attgjeving av urnordiske ord blir teiknet ʀ brukt, t.d. i 17.2, *sofiʀ > søfr. Denne lyden er dels tolka som ein r-lyd og dels som ein stemt s, [z]. Under alle omstende fall han saman med den ordinære r mot slutten av urnordisk tid, slik at norrønt berre har lyden r. Vidare er teiknet w brukt i urnordisk; det er ein labial approksimant, [ʋ], som i norrønt er attgjeven med v, jf. 17.1, *wigan > vega.

Norrøn grammatikk i hovuddrag

Norrøn grammatikk i hovuddrag Norrøn grammatikk i hovuddrag Odd Einar Haugen Norrøn grammatikk i hovuddrag Preliminær utgåve Bergen 2009 Odd Einar Haugen 2008 2009 Preliminær utgåve, 15. september 2008 Revidert utgåve, 16. juni 2009

Detaljer

2 Lydlære. Det samtidige blikket. Vokalsystemet

2 Lydlære. Det samtidige blikket. Vokalsystemet 2 Lydlære Det samtidige blikket 8 Synkroni. Den synkrone fonologien tek sikte på å gje ei samtidig framstilling av lydsystemet i norrønt. Men då den norrøne språkperioden strekkjer seg over mange hundre

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Fonetikk og fonologi Oppgåver

Fonetikk og fonologi Oppgåver Fonetikk og fonologi Oppgåver Oppgåver til s. 19 Forklar dei viktigaste skilnadene på fonetikk og fonologi. Skilnader på språklydar kan delast i tre typar: lydstyrke, tonehøgd og klangfarge. Forklar kva

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

S1-eksamen hausten 2017

S1-eksamen hausten 2017 S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE Veteranfiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy kommune blir sendebod for Gulatinget Tusenårsstaden for Sogn

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Nynorsk i nordisk perspektiv

Nynorsk i nordisk perspektiv 1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av

Detaljer

Morfologioppgåva om klassisk gresk

Morfologioppgåva om klassisk gresk Morfologioppgåva om klassisk gresk Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 3, oppgåve 1. Merknader skrivne av Rolf Theil 1. Innleiing Vi skal analysere nominativ og genitiv eintal av ni klassisk greske

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

11. Bøker og bokomsetning

11. Bøker og bokomsetning Kulturstatistikk Gro Kamfjord. og bokomsetning I blei det avlevert over 0 000 nye boktitlar til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket registrerte også blant anna om lag 300 millionar vevdokument i.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

13. Sendetida på TV aukar

13. Sendetida på TV aukar Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven Fra: Sandnes Mållag [sandnes.maallag@epost.no] Sendt: 13. mai 2008 10:05 Til: postmottak; Sandven, Britt I. Emne: Rett skriving av stadnamn Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven Bydelsutvala er høyringsinstans

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med ARBEIDSMÅTAR Aktuelle arbeidsmåtar i faget VURDERING Veke 34-52 Munnleg kommunikasjon

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

Last ned Grunnbok i norrønt språk - Odd Einar Haugen. Last ned

Last ned Grunnbok i norrønt språk - Odd Einar Haugen. Last ned Last ned Grunnbok i norrønt språk - Odd Einar Haugen Last ned Forfatter: Odd Einar Haugen ISBN: 9788205281097 Antall sider: 320 Format: PDF Filstørrelse: 27.13 Mb Boka gjev ei innføring i norrønt språk,

Detaljer

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen Arbeidsutvalet Utvalg: Møtested: Telefon Dato: 22.03.2013 Tid: 10:00 11:30 Del 2 1 Saksliste Saksnr Innhold Lukket PS 9/13 Arild Fallingen. Søknad om bruk av snøskuter - retur av utstyrskasser. 2 Saksutredning

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 3, 4, 7 og 8 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett

Detaljer

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Samandrag Om lag 46 400 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 2. kvartal 2007. Dette er ein nedgang frå 1. kvartal i år då 69 700 hushaldskundar skifta leverandør.

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.05.2014 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:

Detaljer

Eksamen 29.11.2011. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 29.11.2011. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 29.11.2011 REA3028 Matematikk S2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Del 2 skal

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

Informasjon og brukarrettleiing

Informasjon og brukarrettleiing Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret 2016-2017

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret 2016-2017 til videregående opplæring skoleåret 2016-2017 Søkere med annet morsmål enn norsk og samisk, defineres som minoritetsspråklige søkere De aller fleste av søkerne med annet morsmål enn norsk, er som alle

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010 Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

8. Museum og samlingar

8. Museum og samlingar Kulturstatistikk Liv Taule 8. I var det 34 millionar sgjenstandar og fotografi, 9 millionar besøk, 2 660 utstillingar og 4 765 kulturhistoriske bygningar i dei 88 seiningane som er inkluderte i sstatistikken.

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 06.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring - Stønad til helsetenester mottatt i eit anna EØS-land- Gjennomføring av pasientrettighetsdirektivet

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

Plan for selskapskontroll 2012-2016

Plan for selskapskontroll 2012-2016 Forsand Kommune Plan for selskapskontroll 2012-2016 Vedteke av kommunestyret 28. november 2012 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS Innhaldsliste 1 Innleiing... 3 1.1 Avgrensing organisasjonsformer som

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-27 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 24.05.2013 11.06.2013-12.06.2013 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL

Detaljer

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9 Eksamen 29.05.2015 NOR1049 Norsk som andrespråk for språklige minoriteter NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar Overgangsordning Vg3, elever og privatister/elevar og privatistar Oppgaver

Detaljer

Eit språkhistorisk prosjekt på 2. og 3. trinn på Våland skole i Stavanger 2009/2011

Eit språkhistorisk prosjekt på 2. og 3. trinn på Våland skole i Stavanger 2009/2011 FRÅ NORRØNT TIL NYNORSK. MED 4 FAMILIAR GJENNOM SPRÅKHISTORIA. Eit språkhistorisk prosjekt på 2. og 3. trinn på Våland skole i Stavanger 2009/2011 Eit prosjekt med tidleg start av nynorsk som sidemål,

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. Tevling i Bygdekjennskap Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. NORGES BYGDEUNGDOMSLAG 1992 Dette er ikkje nokon tevlingsregel, men heller ei rettesnor og eit hjelpemiddel for lokallag som ynskjer

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!

Detaljer

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar Ole Røsholdt Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar ei fagbok om Gulatinget Nynorsk Mangschou Bergen 2009 INNLEIING Dette heftet er laga for å gi læraren nokre praktiske tips om korleis boka om Gulatinget

Detaljer

Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap

Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap Bakgrunn Doktoravhandling om språkbruken i spontan tale

Detaljer

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk 2009. Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk 2009. Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang . Bøker Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang.. Nokre resultat I 2009 blei det pliktavlevert 45 nye boktitlar som er lese inn på lydbok. Det er 62 færre innleverte titlar enn i

Detaljer

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE. Vår ref. Vår dato NVE 9800452-5 02 09 98 MM/AVE/912-653.4 Dykkar ref. Dykkar dato Tussa Nett AS Dragsund 6080 GURSKØY Sakshandsamar: Arne Venjum, MM 22 95 92 58 Tariffering av kundar med lang brukstid

Detaljer

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland

Detaljer