Som nemnt er diktet relativt kort, og eg gjengjev det her i si heilheit.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Som nemnt er diktet relativt kort, og eg gjengjev det her i si heilheit."

Transkript

1 Kvardag er tittelen på eit lite dikt av Olav H. Hauge, som på lavmælt vis teikner opp eit tilvære prega av nærvær i enkle oppgåver og ein stille refleksjon. Eg vil i det følgjande sjå på korleis forfattaren har brukt bilete og andre verkemiddel for å formidle meining. Eg vil óg vise korleis diktet både peikar ut over seg sjølv og reflekterer over seg sjølv, og at dette er med på å berike tydinga av diktet. Som nemnt er diktet relativt kort, og eg gjengjev det her i si heilheit. Kvardag Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leva i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers. Gamle Laertes skar klunger og grov um fiketrei, og let heltane slåst ved Troja. (Stegane et. al., 2010, s. 541) Kvardag er henta frå samlinga Dropar i austavind som kom ut i 1966, i den delen av Hauges forfattarskap som ofte blir beteikna som modernistisk, minimalistisk eller nyenkel (Andersen, 2001, s. 447). Som mange andre modernistiske dikt, er Kvardag skreven som såkalt frie vers (Janns og Refsum, 2010, s. 60), utan strofar, enderim eller fast metrum. Det er vanskeleg å identifisere noko mønster i rytmen, for i dette relativt korte diktet finn vi både lange og korte setningar og vers. Denne tilsynelatande tilfeldige komposisjonen og rytmen kan seiast å vere med på å bygge opp under temaet kvardag ved at diktet snakkar til lesaren i et nær kvardagsleg språk. Spesielt den første og dei to siste setningane er bygd opp som vanlege, ikkje kunstige, setningar (med unnatak av linjedelinga). Men om komposisjonen er kvardagsleg og språket tilsynelatande enkelt, er innhaldet rikt på bilete og tettpakka med meining, noko som vi skal sjå vidare. s1/6

2 Diktet henvender seg til eit du som går igjen gjennom stort sett heile teksten. Kven du er, må tolkast. Som lesar kan ein tenkje at diktet talar direkte til ein. Dette er sjølvsagt ikkje mogleg, sidan diktaren ikkje kjenner lesaren, og det dessutan vil finnast mange forskjellige lesarar. Du blir såleis ein representant for alle lesarar, med ei implisering av at diktet inneheld ein almengyldig bodskap. Samstundes er bruken av 2. person eit verkemiddel som kan gjere at lesaren identifiserer seg sterkare med diktet enn om det hadde nytta 1. eller 3. person. Du representerer dermed både lesaren og alle lesarar på ein gong, med ein personleg, men almengyldig bodskap. Samstundes er det eit personleg dikt, der det er naturleg å tenkje at diktaren tek utgangspunkt i si eiga erfaring, og du blir i så fall ein representasjon for diktaren sjølv, eller i alle høve diktets lyriske eg. Desse tre tolkingane av du står kanskje tilsynelatande i motsetnad til kvarandre, men lever side om side i Kvardag. Å setje likskapstegn mellom forfattar og dikt-eg er ein feilslutning ein bør unngå. Men med ein viss kjennskap til Olav H. Hauges liv og forfattarskap, blir det svært nærliggjande å anta at duet i diktet i stor grad refererer til forfattaren sjølv. Til tross for manglande formell estetisk utdanning, var han ein belest autodidakt og svært internasjonal i sin intellektuelle og estetiske orientering, og han interesserte seg blant anna for kinesiske dikt (Andersen, 2010, s. 446). Heile sitt liv levde han som fruktgarntar i Ulvik i Hardanger. Når du først utfører tradisjonelt jordbruksarbeid for deretter å ete tradisjonell bondekost ( flesk ) og lesa kinesiske vers, er det ikkje vanskeleg å forestille seg at dette er glimt frå Hauges eigen kvardag. Kvardag består kun av 19 vers og er ikkje delt inn i tydelege strofar. Innhaldsmessig går det allikevel an å dele inn diktet på forskjellig vis, og det kan synast naturleg å sjå i alle høve dei første sju versa i samanheng, som ei skildring av fortida til den du som diktet henvender seg til. Det var dei store stormane då du ikkje tenkte over kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, men berre var. Dette er noko du har attum deg - eit bilete på ein tid og kanskje ein livsfase som er tilbakelagt. kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk kan tolkast som eit bilete på fortid og framtid, men også meir filosofisk som spørsmåla om korleis vi er skapte og kva som skjer med oss når vi dør. Uansett handlar det om lite refleksjon rundt dette, til fordel for å leve i nået: du berre var i stormen, var i elden. Stormar og eld må tolkast metaforisk og kan antyde ei stormfull og turbulent ungdomstid, men kan også tenkjast å omfatte både ungdomstid og vaksenliv. Vaksenlivet kan jo også vere nokså hektisk, med mykje jobb og mindre tid til refleksjon. Uansett er det snakk s2/6

3 om den første delen av livet, ein fase som du no har lagt bak seg. Det er lett å tenkje seg at dette er ein fase der du må ha vert ung og sterk. Storm og eld er kraftfulle naturbilete, og ein som står i storm og eld må antakeleg vere sterk. Kontrasten kjem så i dei neste sju versa om kvardagen, som blir teikna som den grå stille dagen. Dette synest ikkje å vere den hektiske varianten av kvardagen som mange av oss kanskje lever i, den kvardagen vi kjenner med tidsklemme og stress. Tidsklemme-kvardagen kan nok betre plasserast saman med stormen og elden i første del av diktet. Den kvardagen som målast opp for lesaren her, er ein kvardag med tid til mangt å tenkja på. Kvardagen kan her tolkast som eit symbol på ein annan og seinare livsfase enn det som blir skildra i starten av diktet. Kanskje er det (seint) vaksenliv, kanskje (tidlig) alderdom. Kanskje har ikkje alder så mykje med det heile å gjere - forskjellen ligg gjerne meir i det mentale. det gjeng an å leva / i kvardagen òg står det i diktet, og dette må seiast å vere ei underdriving, som understrekar at vi no går inn i ein meir lavmælt del av diktet, då diktet som heilskap gjev eit inntrykk av at kvardagen er ein svært god livsfase å vere i. Her finn ein ro og refleksjon i dei små rutineoppgåvene: setja potetor, raka lauv / og bera ris. Her kjem plass for tanken, og kanskje ei erkjenning om eiga forgjengelegheit, at tida vår er begrensa: eit manneliv strekk ikkje til. Dei siste fem versa kan tolkast som nok ein livsfase Etter strævet. No har alderdomen komen og det er tid for kvile og rekreasjon: steikja flesk / og lesa kinesiske vers. Eventuelt er desse siste versa kun ei utdjuping av kvardagen som blei beskreven i dei foregåande sju versa: Dagane er rolegare enn i starten av diktet, men består av både arbeid ( setja potetor, raka lauv / og bera ris ) og kvile ( lesa kinesiske vers ). Arbeid blir også nemnt i denne siste delen av diktet ( skar klunger / og grov om fiketrei ), og dette saman med tittelen kvardag gjer at eg heller mot denne siste tolkinga, altså at alle dei 12 siste versa i diktet handlar om den same kvardagen. Denne todelinga av livet støttast òg av kontrasten på slutten av diktet, mellom Laertes som lever i kvardagen, medan heltane slåst ved Troja. Vi kan seie at diktet deler livet inn i kun to fasar, ein tidleg, dramatisk fase og ein sein, stille fase; kvardagen. Dei siste tre versa kan lesast som ein minimal versjon av diktet som heilheit, men der rekkefølgen er motsett fordi den startar med den seine livsfasen og endar med den tidlege. I diktet som heilheit er det dei sju første versa som handlar om den tidlege livsfasen, og som danner ein kontrast til resten av diktet som handlar om kvardagen. s3/6

4 Som tidlegare nemnt talar diktet til oss i eit kvardagsleg språk, og dette blir særleg tydeleg mot slutten. I starten av diktet finn vi alliterasjon ( Dei store stormane / har du attum deg. / Då spurde du ikkje, kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk ) og anaforar (t.d. var i stormen, / var i elden.. Her er språket manande og kanskje meir kunstig eller poetisk. Bileta som vert brukte i denne delen er som allereie nemnt kraftfulle naturbilete, og til saman gjer dette denne delen av diktet meir høgstemt, dramatisk og kanskje meir tradisjonelt lyrisk. Mot slutten blir setningane vanlegare og bileta meir nøkterne og kvardagslege (t.d. setja potetor, steikja flesk ). Dette er ikkje lenger analogiskapande metaforar, men snarare synekdoker, der eksempel som bera ris og lesa kinesiske vers står som utheva bilete på ein kvardag av liknande aktivitetar. Igjen ser vi altså at (mangel på) språklege verkemiddel harmonerer med bileta som er brukte og understreker det kvardagslege motivet i dei 12 siste versa. Nyenkel lyrikk er nettopp kjenneteikna ved kvardagslege motiv og enkelt, direkte språk (nyenkelhet, ), og dette diktet med tittel kvardag og ein nyenkel stil (i alle høve i dei siste 12 versa), må difor kunne seiast å ha eit tydeleg anstrøk av sjølvrefleksivitet, altså at diktet formidlar ei innsikt i den doble referansen diktet har til sitt eige prosjekt og samstundes til all tidlegare diktning (Janns og Refsum, 2010, s. 34). Denne sjølvrefleksiviteten forsterkast av fleire referansar til annan lyrikk, både til kinesiske dikt og til Homers Odysséen (Laertes var far til Odyssevs i Homers Odysséen (Stegane et. al., 2010, s. 541)). Kvardag må kunne seiast å vere eit dikt med ekstreme kontrastar. Fra stormane til grå stille dagen, fra var i elden til raka lauv. Og der diktet startar med høgstemt dramatikk i første del og tar oss ned til nøktern kvardag i siste del, rundar det av i siste vers med å ta opp att det dramatiske, men no på trygg avstand, når det står at Laertes let heltane ståst ved Troja. Her blir det kvardagslege ( skar klunger / og grov um fiketrei ) brukt som kontrast til ein av dei mest dramatiske hendingane i verdslitteraturen, nemleg slaget ved Troja. Og på snedig vis blir det kvardagslege og nyenkle no blanda saman med ein av dei største klassiske legendane vi har ved å bruke Odyssevs gamle far som eksempel på nettopp den kvardagen diktet vil formidle. Og det er ein kvardag som nok ser enkel ut på overflata, med sine enkle, men naudsynte aktitivtetar ( setja potetor, raka lauv / og bera ris ), men som samstundes muleggjer eit indre liv som er svært rikt. Når det står i byrjinga at Då spurde du ikkje / kvi du var til, / kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, impliserast det at det er nettopp dette diktets du får tid til i kvardagen. det er so mangt å tenkja på her i verdi står det i 13. strofe, og det skin gjennom at det er nettopp tankane som får god plass s4/6

5 blant kvardagsoppgåvene. Kvardagen beskrivast jo ikkje som beståande berre av arbeid, men også nyting. Steikja flesk kan sjåast som arbeid, men like gjerne som ein metonymi for å eta flesk, som ein beløning Etter strævet. Det er imidlertid ikkje berre flesk som er løna for strevet, men også lesing av kinesiske dikt. Som tidlegare nemnt kan alle desse aktivitetane sjåast som synekdokar for ein kvardag som består av mange forskjellige aktivitetar, slik at diktlesinga kan tolkast som bilete på ein intellektuell overflodsaktivitet som det er tid og rom for i kvardagen. Igjen ser vi korleis det kvardagslege ( steikja flesk ) og det opphøgde ( kinesiske dikt ) blir sett saman i ein antitese, men no som forskjellige element i den same kvardagen. Kvardagen er altså ikkje nødvendigvis så kvardagsleg som han gjev seg ut for å vere, men har plass til både det store og det vesle - både dei små kvardagsoppgavene og filosofering over dei store spørsmåla. Tradisjonelt har Hauges dikt, og særskilt dei seinare dikta, blitt tolka med vekt på ei direkte lesemåte, der bileta ikkje tolkast symbolsk eller allegorisk (Olav H Hauge, ). Kvardag slik eg har analysert og tolka det her, er full av synekdoker og metonymiar, men eg tolker likevel diktet sett under eitt temmeleg direkte. Diktet gjev seg ut for å fortelje om korleis det er å leve i kvardagen, og slik tolkar eg det også. Kvardagen er ikkje ein allegori for noko anna. Samanstillinga steikja flesk / og lesa kinesiske vers er nok eit eksempel på diktets sjølvrefleksivitet, og denne samanstillinga peiker også i ein slik tolkningsretning, der dei konkrete tinga steikja flesk blir sett saman med diktlesing. Eg voner eg med dette har klart å syne korleis Kvardag er eit dikt med mange lag. Tilsynelatande er det eit enkelt dikt om å leve i ein sille kvardag, men kvardagen viser seg altså å femne om eit rikt indre liv med plass til filosofi og refleksjon som gjer dei ytre sett store og dramatiske hendingane mindre vesentlege. Ved hjelp av referansar både til seg sjølv og til annan litteratur og ved å setje det store både opp mot og saman med det vesle, oppvurderer diktet ein kvardag som på overflata kan synast grå og stille og hjelper oss å med å sjå det store i det vesle. Litteraturliste Andersen, Per Thomas (2001). Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget AS Janss, Christian og Refsum, Christian (2010): Lyrikkens liv. Innføring i diktlesning Oslo: Universitetsforlaget. (1. utgave 2003) nyenkelhet( ). I Store norske leksikon. Hentet fra: s5/6

6 Olav H Hauge( ). I Store norske leksikon. Hentet fra Olav_H_Hauge/utdypning Stegane, Vinje og Aarseth (2010). Norske tekster. Lyrikk. Oslo: Cappelen. (Første utgave 1998, heftet utgave 2007, 2. opplag 2010) s6/6

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Store dokument i Word

Store dokument i Word Store dokument i Word versjon 2007 av Kjell Skjeldestad Hjelp til betre organisering av skrivearbeidet august 2009 Ved skriving av store dokument er det viktig å få god oversikt over dei ulike delane av

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu 15.10.

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu 15.10. Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga Ola Svein Stugu 15.10.2009 Min tese: Historie er viktig Historia ikkje er nøytral

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Vurdering for læring Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Dei fire prinsippa: 1: Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir forventa av dei 2: Elevane skal ha tilbakemeldingar

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

8 tema for godt samspel

8 tema for godt samspel PROGRAM FOR FORELDRERETTLEIING BUF00032 8 tema for godt samspel Samtalehefte for foreldre og andre vaksne PROGRAM FOR foreldrerettleiing Dette heftet inngår i ein serie av materiell knytta til foreldrerettleiings

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9 Eksamen 29.05.2015 NOR1049 Norsk som andrespråk for språklige minoriteter NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar Overgangsordning Vg3, elever og privatister/elevar og privatistar Oppgaver

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201202564-2 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.04.2012 HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR SAMANDRAG

Detaljer

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0 EasyPublish Kravspesifikasjon Versjon 1.0 Endringshistorie Dato Versjon Kommentarar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast Jesro Christoffer Cena Innhald 1 Innleiing...4 1.1 lsetjing... 4 1.2 Omfang... 4

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje Samansette tekstar Aina, Linn og Silje Innleiing Vi vil i denne oppgåva først presentere kva ein samansett tekst er og kvifor dei samansette tekstane er eit av hovudområda i norskfaget. Deretter vil vi

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Kva er vilbli.no? vilbli.no er søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal søkjarane til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Tiltaksforum. - Etablerartilskot Tiltaksforum - Etablerartilskot 11. November 2014 Vi gjev lokale idéar globale moglegheiter Vår strategi 2013-2016 Føremål: Innovasjon Noreg sitt føremål er å vere Staten og Fylkeskommunane sitt verkemiddel

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Frå tre små til ein stor.

Frå tre små til ein stor. Frå tre små til ein stor. TO PARALLELLE PROSESSAR: SKULESAMANSLÅING OG PALS. PALS - kon nferansen 2010 FRÅ FLEIRE PERSPEKTIV Skuleeigar Leiinga ved skulen Tilsette og PALS-teamet sine erfaringar Tilbakemeldingar

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer