Saksliste for a rsmøtet i Fotballgruppa

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Saksliste for a rsmøtet i Fotballgruppa"

Transkript

1 Saksliste for a rsmøtet i Fotballgruppa Onsdag kl Stad: Meland Aktiv 1. Velje møtedirigent. 2. Velje møtereferent. 3. Godkjenne årsmøteinnkallinga. 4. Godkjenne dagsorden. 5. Handsame årsmeldinga til gruppa, som seinare skal godkjennast av årsmøtet i hovudlaget. 6. Handsame rekneskap til gruppa i revidert stand. 7. Handsame innkomne forslag. 8. Handsame gruppa sitt budsjett. Gruppestyret utarbeider budsjett for komande år, og legg dette fram for gruppa sitt årsmøte. Gruppebudsjettet skal endeleg godkjennast av årsmøtet i hovudlaget. 9. Val på: a) Atle Haugen (på val) leiar, veljast på årsmøtet i hovudlaget b) Arnt Marius Omland forslag, nestleiar c) Gunhild Heldal (på val) d) Ove Henriksen forslag e) John Martin Jacobsen forslag f) Gunn Torill Berge - forslag g) Ida Hartveit (ikkje på val)

2 Arsmelding Kvernbit Fotball 2017 Styret i Fotballgruppa har i 2017 bestått av: Leiar: Nestleiar: Sportsleg leiar: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Atle Haugen Gina Blomberg Eirik Sagstad Ida Isabell Hartveit Jan-Otto Natland Gunhild Heldal Tom-Eirik Albrechtsen Ole Harald Johansen har vore materialforvaltar, Styret i fotballgruppa har halde jamlege styremøte. Styret har møttest ved åtte høve, og drøfta 47 saker. Styret har deltatt på foreldremøte på aldersbestemt nivå. Dette ønskjer vi å halde fram med, og vi oppmodar alle laga til å invitere oss i god tid! Styret ønskjer òg å takke Trond Egil og Grethe på klubbkontoret for det flotte arbeidet dei har lagt ned for medlemmane i Året 2017 sportsleg I sesongen 2017 har Kvernbit hatt 37 lag påmelde til seriespel i NFF Hordaland. Året var prega av pilot-prosjektet på ny spelformmatrise, frå NFF, som inneber trearfotball for seks- og sjuåringane, sjuarfotball for tiåringane og niarfotball for tolvåringane. Det meldast om at endringane har fungert godt for våre lag. Eit nytt kull med seksåringar starta opp i september, og allereie i oktober spelte gutane si første turnering på Fossemyra.

3 Vi har halde fram det gode samarbeidet med Eikanger og Nordhordland BK i klassane jenter 19 og damer senior. I klassane gutar 14, gutar 16 og gutar 19 har vi hatt samarbeidslag med Nordre Holsnøy. Vi hadde i fjor to lag i seniorklassen for menn, eitt i 6. divisjon og eitt («retrolag») i 7. divisjon. A-laget krona sesongen med opprykk, og vert å finne i 5. divisjon i Vi har òg stilla lag i klassen veteran over 40. Det vart gjennomført Tine Fotballskule i juni. Takka vere ein kjempeinnsats av tilsette og instruktørar, vart det eit flott arrangement. Under fotballskulen fekk deltakarane ta ulike dugleiksmerke. Totalt meldte vi inn 101 merke i Dette var fjerde best i Hordaland bak Arna Bjørnar, Vestsiden-Askøy og Bergen Nord, og vi hadde nest flest teknikkmerke, berre så vidt slått av Lyngbø. Både gute- og jentespelarar frå 2005 deltok på NFF Hordaland sin fotballskule. Vi har òg hatt spelarar med på ulike lag i spelarutviklingssamarbeidet i Nordhordland, Team Nordhordland. På tampen av sesongen vart Team Nordhordland organisert med ei styringsgruppe, der vi har fått inn vår representant, Ove Henriksen med ansvar for jentefotballen. Det vart arrangert møte med trenarar og lagleiarar før og etter sesongen. Ein stor takk sendast til alle våre frivillege for den store innsatsen som er lagt ned rundt laga våre i Representasjon Ivar Askeland har representert klubben som assistentdommar i OBOS-ligaen og fekk på tampen av sesongen nokre kampar i Eliteserien. Ivar krona sesongen med finale i NM G19 og opprykk på fast basis til Eliteserien i Kvernbit er stolte over innsatsen og gratulerer! Gina Blomberg sit i NFF Hordaland sin leiarkomité og har vore vara til kvalitetsklubbkomiteen. John Martin Jacobsen i fair play-utvalet i NFF Hordaland. Atle Haugen har vore sonekontakt for barnefotballen i Nordhordland. Ove Henriksen har representert Kvernbit i Team Nordhordland. I mai spelte J13-laget vårt Fair Play-kamp på Fossemyra mot Eidsvåg, og G19-laget spelte Fair Play-kamp mot Nordnes/Djerv. Styret i Fotballgruppa vil med dette takke for innsatsen i 2017.

4 Kvalitetsklubb I juni 2016 vart Kvernbit sertifisert som NFF Kvalitetsklubb på nivå 1. Sertifiseringa vart markert på sommarfesten til Kvernbit i juni, med utdeling av diplom, skilt og flagg. NFF har med dette sett sitt stempel på at det osar kvalitet av den jobben og aktiviteten som går føre seg på Fossemyra. Dette er ein fjør i hatten til alle i Kvernbit! Kvalitetsklubbprosjektet er eit system som vil vere retningsgjevande for det meste av utviklingsarbeidet som vert gjort i klubben vår. NFF introduserer kriterium på tre nivå som anerkjenner god kvalitet i klubbane. Dette byggjer vidare på «klubben som sjef»-filosofien, men representerer ein endå større heilskap og ein klar struktur. Som ein del av dette, er det laga rutinar for korleis det skal vere i Kvernbit. For å møte krava til sertifiseringa, har vi i 2017 utdanna mange fleire trenarar, dommarar og leiarar. Vi har fått i drift eit sportsleg utval og eit fair play-utval. John Martin har gjort ein fantastisk jobb med å dokumentere det arbeidet som går føre seg der. Fair Play Fair Play er fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Kvernbit har i 2017 vore sertifisert som Fair Play-klubb. Vi har eit eige fair play-utval, som har ansvaret for gjennomføringa av kampvert, haldningskontraktar med meir. Fair Play-utvalet har i 2017 bestått av: John Martin Jacobsen Cathrine Lie Benedikte Norheim Utvalet gjennomførte i haust ein refleksaksjon i samband med klubbkvelden med Atleten. Ein stor takk til John Martin, Cathrine og Benedikte for innsatsen i 2017! Jentesatsing I budsjettet for 2017, vart det sett av midlar øyremerkt til jentesatsingstiltak. Føremålet med desse tiltaka er å rekruttere fleire jenter og å halde på jentene, både til å spele fotball, og i roller som trenar, dommar og leiar.

5 Gjennom året, har vi hatt møte med jentelaga, og det vart i haust arrangert eit kosthaldsføredrag for jentene i ungdomsfotballen. I august kick-starta jentelaga år haustsesongen med ei treningshelg på Fossemyra - med stor suksess! Vi vil halde fram denne satsinga også i Dugnad I løpet av fjoråret vart det lagt ned eit monaleg tal på dugnadstimar frå spelarar, trenarar, leiarar, foreldre og andre tillitsvalte. Vi registrerer spesielt at fleire unge spelarar legg ned arbeid med dei aller yngste laga. Årets store arrangement har vore Kvernbit Cup. Under Kvernbit Cup var over 200 personar engasjert i ulike dugnadsvakter. Styret ønskjer å takke alle som stilte opp og hjelpte til. Små som store. Ein spesiell takk vert retta til Sissel Breivik, som gjorde ein siste innsats for Kvernbit, og resten av cupstyret, som forutan styret, bestod av Vibecke, Jan Tore, Stein Ove og Målfrid, for ein fantastisk jobb gjennom hele året. Andre dugnadar har i år òg vore juletresalet på Frekhaug senter og kiosksalet i Meland Aktiv. Dette har gitt oss pengar i kassa. Juletresalet bestod av nærare 120 vakter. Takk òg til alle som gjorde ein innsats for å få selt juletre til inntekt for fotballgruppa. Ein spesiell takk til Målfrid, Ida og Olav Tore, som har sørga for at juletresalet også i år gav gode inntekter til klubben. Styret ønskjer òg å rette ei stor takk til Johannes som har bidrege med uvurderleg hjelp til alle våre store arrangement gjennom året. Informasjon Informasjonsflyten i idrettslaget skjer hovudsakeleg via og på Facebook, som er brukt aktivt av trenarar, leiarar, spelarar og lokalpresse. Handbøker, retningsliner m.m. er publisert på nettet, men det står att endå mykje arbeid for å få foreldre, trenarar, leiarar og aktive til å bruke desse manualane. Det er også brukt e-post for å nå ut med informasjon til medlemmar og føresette. Takk til Eirik for jobben med nettsidene våre og til alle som har bidratt til at dette er ein levande side.

6 Økonomi I 2017 har vi kome ut i balanse. Mange lokale sponsorar har òg bidrege svært positivt, og det er gledeleg å sjå at vi aukar sponsorinntektene. Juletresalet og Kvernbit Cup er dei største bidragsytarane. Vi har i 2017 investert tungt i trearbanar, som vart kjøpt inn i lag med naboklubbane for å redusere kostnaden. Vi har søkt om utstyrsmidlar, som vil dekkje delar av kostnaden, men vil først kome til syne i Vi merkjer oss òg at materialkostnaden har auke meir budsjettert. Styret vil halde eit fortsett fokus på økonomistyring i Utdanning I samband med Kvernbit Cup vart det arrangert Klubbdommarkurs i Meland Aktiv. Om lag 30 medlemmar deltok her. NFF Hordaland stilte med instruktør. Dei nyutdanna dommarane gjorde ein kjempejobb under Kvernbit Cup. Med riktig pleie håper vi å få mykje glede av desse dommarane framover. Vi har òg fått fire nye rekrutteringsdommarar, som alle har vore aktive for fotballkrinsen. Mange trenarar har vore på kurs, og fokus på å auke trenarkompetansen vert halde fram i Vi har hatt fire stykk på leiarkurs i året som gjekk.

7 Frekhaug 7. mars 2018 Styret i Kvernbit Fotball, Atle Haugen (s) Gina Blomberg (s) Ida Isabell Hartveit (s) Gunhild Heldal (s) Jan-Otto Natland (s) Tom-Eirik Albrechtsen (s) Eirik Sagstad (s)

8 Budsjettforslag for 2018 Inntekter Budsjett 2018 Resultat 2017 Budsjett 2017 Kontingenter Sponsorer Kvernbit Cup: Annonser Påmeldingsavgift Kiosk Tine Fotballskole Kiosk, Meland Aktiv Juletresalg Tilskudd NIF og NFF Dugnad/eigendel cup Andre inntekter mai Sum inntekter Kostnader Budsjett 2018 Resultat 2017 Budsjett 2017 Lønn trenarar Ref. kontingent Reiseutgifter Lagsavgift/kamputgifter og liknande Utgifter samarbeidslag Materiale Sosiale tiltak Fair Play-tiltak Spelarutviklingstiltak Kurs Juletre Kvernbit cup Kostnader cuper Tine Fotballskole Administrasjonsutgifter Reinhald Inventar, banefor 2017, trearbaner Annan kostnad ,93 - Sum driftskostnader Driftsresultat før finans Finansinntekter 349 Årsresultat

9 Tabellen under viser korleis dei ulike aktivitetar vert finansierte. Aktivitet Sosiale tiltak Spelarutvikling Materiale Kurs Totalt Jentesatsing Fair Play Keeper Team Nordhordland Landslagsskolen Dommarar

10 RESULTAT Kvernbit IL :29 Side 2 av 4 Espen Fredriksen Driftsresultat Inntekter Sponsorstøtte avgiftspliktig , , Omsetning Kiosk Kvernbit Cup , , Juletre salg avg pliktig , , Sponsor Cup avg pliktig , , Diverse inntekter avg fritt , , Medlemskontingent -700, , Refundert kontingent 4 100, Medlemskontingent Fotball , , Kvernbit Cup - påmelding , , Annonser/støtte Kvernbit Cup , , Tilskudd NIF , , Tilskudd HFK/Idrettsforbundet , , Dugnadsinntekt , , Egenandel Fotballskole , , Egenandel cup/turnering , , Leieinntekter bane/klubbhus -500,00 Sum Inntekter , ,00 Varekostnad Påmeldingsavgift cup , ,00 Sum Varekostnad , ,00 Endring i beholdning og periodisering Andre avgifter cup/turnering , , Kostnad Voss Cup , , Kostnad Norway Cup , , Kostnad Tine Fotballskole , , Kostnad Dana Cup , Kostnad Kvernbit Cup , , Kjøp diverse 2 760, , Kjøp juletre , ,80 Sum Endring i beholdning og periodisering , ,60 Lønnskostnad Lønn under kr , , Ref.kontingent Kvernbit , ,00 Sum Lønnskostnad , ,00 Andre driftskostnader Renhold , , Bane utgifter 54, Dommer utgifter , , Hjemmside/e-post ,50 995, Administrasjon 489, Møte,kurs,oppdatering o.l , , Lagsavgift , , Overgangsgebyr , , Idrettsutstyr , , Utgifter samarbeidslag , , Spillerutvikling , , Sosiale arrangement , , Bilgodtgjørelse oppgavepliktig 2 789, , Reisekostnader ikke oppgavepliktige , , Reklamekostnader 2 737,50

11 RESULTAT Kvernbit IL :29 Side 3 av 4 Espen Fredriksen 7420 Gave fradragsberettiget 5 214, , Bank- og kortgebyrer 530,50 716, Gebyr online betalinger 1 424, , Annen kostnad, fradragsberettiget 5 046,93 953,16 Sum Andre driftskostnader , ,08 Driftsresultat , ,32 Finans og andre poster Renteinntekt finans -349,00-399,00 Sum Finans og andre poster -349,00-399,00-399,00 Årsresultat , ,32 Ikke disponert ,70 0,00 Overføringer 0,00 0,00

12 BALANSE Kvernbit IL :29 Side 4 av 4 Espen Fredriksen Eiendeler Kortsiktige fordringer Kundefordringer ,00 700, Fordring Hovedlag/Fotball , , Fordring kontingent mot Hovedlag 2 650, Annen kortsiktig fordring , ,00 Sum Kortsiktige fordringer , ,11 Kontanter og bankinnskudd Kontanter avdeling , Bank Kiosk , , Bank Fotball , , Bank Fotball , , Bank Cup , ,00 Sum Kontanter og bankinnskudd , ,00 Sum eiendeler 6 188, ,11 Egenkapital Og Gjeld Egenkapital Egenkapital Fotballgruppen ,93 Årets resultat, ikke disponert ,70 Sum Egenkapital , ,93 Leverandørgjeld Leverandør gjeld , ,18 Sum Leverandørgjeld , ,18 Skyldig offentlige avgifter Utgående mva (høy sats) , Fradrag for inngående mva (høys sats) , Oppgjørskonto mva , ,00 Sum Skyldig offentlige avgifter 4 052, ,00 Sum egenkapital og gjeld , ,11 Sum BALANSE 0,00 0,00