Årsmelding for Hordaland fylkeskommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Årsmelding for Hordaland fylkeskommune"

Transkript

1 Årsmelding for Hordaland fylkeskommune 2009

2 2 FYLKESORDFØRAREN FYLKESORDFØRAREN 3 Viktige hendingar i 2009 Rekordstor vekst i folketalet i 2009: nye innbyggjarar i Hordaland. Byggjestart på Hardangerbrua. Arbeidet med tilførselsvegar starta 26. februar Stortinget godkjende Vossapakko, Kvammapakka og Bømlopakka. Start på grunnarbeidet for Amalie Skram videregående skole og Begen kommune sitt nasjonale stupe- og symjeanlegg. Som første fylke i landet har Hordaland vedteke fylkesdelplan for småkraftverk. Bokbåten sitt 50-årsjubileum vart markert over heile fylket. Handlingsprogram for det nye fylkesvegnettet med 2905 km fylkesveg vart vedteke. Fylkeskommunen investerte 92,5 mill. kr i bybanevogner. Den første vogna kom til Bergen 7. desember. Fylkeskommunen investerte for nær 1,2 milliardar kroner i Lånegjelda auka med 900 mill. kr til vel 3,6 mrd. kr. Hordaland eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk vestlandsregion. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Krafttak for skule og kollektivtrafikk For Hordaland fylkeskommune var 2009 eit år med stor satsing på skuleutbygging og kollektivtrafikk. Frå fekk fylkeskommunen nye store oppgåver, særleg innan samferdsel og regional utvikling. Den store satsinga på nybygg for dei vidaregåande skulane våre, som vi alt har vore i gang med i nokre år, skaut ytterlegare fart i Heile 543 mill. kr vart det investert for i fjor, nesten ei dobling frå Knarvik vidaregåande skulle kunne ta i bruk eit flott stort tilbygg til skulestart. Under bygging og klare for opning komande haust er den nye Nordahl Grieg videregående skole, nybygg for Osterøy vidaregåande skule og store tilbygg ved Austevoll, Kvinnherad og Stord vidaregåande skular. I godt samarbeid med Bergen kommune starta i fjor haust utbygginga av fellesprosjektet som skal romma Amalie Skram videregående skole og Bergen sitt nasjonale symjeanlegg. Kollektivsatsinga vår heldt fram med full styrke i Vi gjorde grunnlagsinvesteringar for busstilbodet og Bybanen for 462 mill. kr. Forvaltingsreforma frå 1. januar 2010 Frå 1. januar 2010 vart forvaltingsreforma gjennomført. Fylkeskommunane fekk overført ansvaret for ei rekkje ulike oppgåver. Nokre er reine forvaltningsoppgåver, medan fleire av dei inneber samordning av viktige funksjonar i offentleg sektor. Den største einskildoppgåva er at fylkeskommunane har fått ansvaret for om lag 80% av riksvegnettet med tilhøyrande ferjesamband. I Hordaland omfattar det km riksveg og 15 ferjesamband. Ifølgje kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vert fylkeskommunane den viktigaste offentlege aktøren for verdiskaping og etablering av arbeidsplassar. Kort oppsummert er dette dei nye oppgåvene/funksjonane: ansvar for ca. 80 prosent av riksvegnettet med tilhøyrande ferjestrekningar lovfesta ansvar for arbeid med mellom anna koordinering av arbeidet med folkehelse i fylket drifts- og finansieringsansvaret for fagskulane, mellom anna ved å gje tilskot til dei som er drivne i privat regi regionalt ansvar for ålment friluftsliv, mellom anna sikring av friluftsområde ivareta friluftsinteresser i fylkes- og kommuneplanlegging, ivareta allmannretten og motivera til friluftsliv forvalta delar av tilskotsordningane til friluftstiltak og vilttiltak forvalting av visse viltartar og innlandsfisk Anbodsutsetjing av bussruter i Nordhordland vart gjennomført frå hausten Eg peikte i årsmeldinga for 2008 på at omleggingar vil krevja tid for å gå seg skikkeleg til. I Nordhordland var det utfordringar ved oppstarten både knytt til ruteomleggingar og nytt billetteringssystem vart på mange måtar eit år for å gjera seg klar til storsatsinga Bybanen som startar opp i juni Heilt på slutten av 2009 kom den første bybanevogna til Bergen som eit teikn på at det vi har venta lenge på, nærmar seg ein realitet. Fylkeskommunen har finansiert bybanevognene og fylkestinget har vedteke å kjøpa fleire slik at materiellet er klart til oppstart og også til forlenging av Bybanen i første omgang frå Nesttun til Lagunen. Fjoråret vart også eit førebuingsår til forvaltingsreforma som vart gjennomført ved årsskiftet Særleg på veg- og ferjesektoren har fylkeskommunane fått eit mykje større ansvar og vi har no høve til å sjå heile samferdselssektoren i fylket i samanheng på ein heilt annan måte enn før. Dette skal vi nytta oss av og visa at fylkeskommunen vil klara dette heilskapsansvaret minst like godt som om vedtaka vart fatta i Oslo. Eg vil takka medarbeidarane i heile fylkeskommunen for god innsats i Dykkar arbeid og innsats er avgjerande for dei gode tenestene vi yter hordalendingane! utvalde fylkeskommunar, mellom dei Hordaland, overtek rolla som vassregionstyresmakt og skal mellom anna utarbeida regionale vassforvaltingsplanar ansvar for verkemiddel knytt til rekruttering, kompetanseheving og likestilling i landbruket overtek retten til å gje fråsegn i landbruks politiske saker, som før låg til fylkeslandbruksstyret mynde til å avgjera søknader etter akvakulturlova og visse andre oppgåver på marin sektor mynde til å treffa vedtak i konsesjonssaker om mini- og mikrokraftverk inntil 1 MW samarbeid gjennom sju nyoppretta regionale forskingsfond med ein fondskapital på seks milliardar kroner til saman skal fylkeskommunane ha ein eigardel på 49 % i Innovasjon Norge ansvar for å fordela spelemidlar til kulturbygg etter kvart som midlane vert fristilte frå pågåande prosjekt medverka til kvalitetsutviklingstiltak innan grunnopplæring for å få god samanheng mellom grunnskule og vidaregåande opplæring Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Frå har fylkeskommunen ansvar for 17 av 19 ferjesamband i Hordaland. Over 80% av riksvegvegnettet vart frå same tid fylkeskommunen sitt ansvar.

3 4 INNHALD Om årsmeldinga Årsmelding 2009 viser resultat som er oppnådde i Hordaland fylkeskommune i løpet av året. Meldinga gjev oversikt over den fylkeskommmunale tenesteproduksjonen i dei ulike sektorane. Det er lagt vekt på å visa kva ressursane vert brukte til, korleis utviklinga er over tid og korleis driftsresultatet er i høve til budsjettet. Ein del tal frå KOSTRA er tekne inn for å samanlikna Hordaland fylkeskommune med nabofylket Rogaland og landsgjennomsnittet for fylkeskommunane utanom Oslo. For Hordaland er det teke med KOSTRA-tal for både åra , men ver obs på at tala for 2009 er førebelse. Det er første gong det er teke med så lang tidsserie for KOSTRA-tal. For dei som ønskjer meir detaljinformasjon om fylkeskommunen si verksemd i 2009, viser vi til årsrekneskap, revisjonsmelding og årsmeldingar frå avdelingar m. fl. Årsmeldinga er også tilgjengeleg på internett: Produksjon, foto m.m.: Ansvarleg: Fylkesrådmannen. Redaktør: Informasjonssjef Stanley Hauge. Tekstgrunnlag: Avdelingane i fylkesadministrasjonen. Redigering: Stanley Hauge, Svein S. Amundsen og Bente Utne. Grafikk, oppsett, utforming: Stanley Hauge. Utforming forside: Geir K. Lien. Foto/kart: Avisa Hordaland (s. 22), Asle Birkeland (s. 32), Øyvind Braaten (s. 15), Geir Brekke (s. 19), Rune Jensen (s. 35), Egill Danielsen (s. 3), Bjarte Brask Eriksen (s. 14, 15, 18, 26), Stanley Hauge (s. 2, 3, 10, 12, 34, 41, 42, div. fylkestinget ), Per Egil Larsen (s. 13), Bjørn Arve Lunde (s. 29), Oddmund Lunde (s. 46, fylkestinget), Lars Opstad (s. 31) Marit Rødseth (s. 24), Silje Monsen Solsvik (s. 31), Simon Sortland (s. 9, 21, 23, 30), Liv Sundheim (s. 24), Hallvor Solheim (s. 37), Ann Steindal (s. 30), Agder Teater (s. 32), Charlotte Lillefjære Tertnæs (s. 27), (s. 29), Tormod Valaker (s. 16). Redaksjon en avslutta 31. mars 2010 Opplag: 1500 eks. Trykkeri: Utgjevar: Hordaland fylkeskommune Fylkesrådmannen Postboks Bergen Gateadr.: Agnes Mowinckels gate 5 Tlf.: Telefax: Intenettadr.: Årsmelding for Hordaland fylkeskommune 2009 Foto framsida: Markeringa av 50-årsjubileet for bokbåten, her frå Hjellvikvåg på Osterøy. Foto: Elin Golten, Hordaland fylkeskommune. Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune FYLEKSORDFØRAREN Krtafttak for skule og kollektivtrafikk... 2 Forvaltingsreforma frå FYLKESRÅDMANNEN Nye oppgåver nye mål... 5 ØKONOMISK OVERSYN Kutt i driftsmidlar til investeringar og bruk av fond sikra 0-resultat... 6 Driftsrekneskap Driftsutgifter og driftsinntekter spesifiserte sektorvis... 7 KOSTRA-tal Investeringsoversikt Balansen OPPLÆRING Skuleinvesteringar på over ein halv milliard kroner i Viktige opplæringshendingar KOSTRA-tal i vidaregåande opplæring TANNHELSE Betre tannhelse for 5- og 12-åringar, ny tannhelseplan utarbeidd KOSTRA-tal tannhelse REGIONAL UTVIKLING Mål: Eit attraktivt og konkurranse dyktig Hordaland Viktige hendingar innan regional utvikling mill. kr til næringsutvikling Prioriterte satsingar «Hordaland ski heile året» Regional planlegging, partnarskap og samarbeid Auka ansvar for folkehelse Ny internasjonal strategi Vestlandsrådet KULTUR OG IDRETT Kulturelt utviklingsprogram - nytt verkemiddel i kulturpolitikken Viktige kultur- og idrettshendingar KOSTRA-tal kultur SAMFERDSEL Rekordstore investeringar for kollektivtrafikken i Viktige samferdselshendingar Kollektivreisande KOSTRA-tal samferdsel Bompengeinntekter i Hordaland ORGANISASJON Nye planar og strategiar, klar for nye oppgåver Nøkkeltal Likestillingsbarometer Miljørapport Administrativ organisering FYLKESTINGET Politisk organisering Fylkestingsvala Saker i dei politiske organa Representantfordeling Utskiftingar i fylkestinget Fylkestinget - oversikt medlemer Politiske leiarar, oversikt utvalsmedlemer Fakta om Hordaland Nøkkeltal

4 FYLKESRÅDMANNEN Nye oppgåver nye mål 5 Vissa om at regionreforma skulle innførast i 2010 har i løpet av det siste året utan tvil styrkt fylkeskommunen sin posisjon både i forhold til andre styresmakter og i publikum sine augo. Ein sterkare posisjon er viktig for å kunna få til noko og dermed også for å kunna bety noko for samarbeidspartane våre og for innbyggjarane i Hordaland. I løpet av 2009 bygde fylkeskommunen fysisk og organisatorisk infrastruktur for å kunna ivareta dei nye oppgåvene våre i kollektivtrafikken og dei som regionreforma fører med seg. Gode medarbeidarar har sytt og syter for at dette arbeidet går stødig framover og at vi no har nødvendig kompetanse og kapasitet til dei nye oppgåvene. Særleg når det gjeld den eine nye store oppgåva samferdsel vert det avgjerande viktig å visa at fylkeskommunen faktisk betyr ein forskjell i positiv forstand. Frå vår side har vi lenge streka under det viktige i at vi er ein god partnar for kommunar og andre lokale aktørar. Men for å vera ein god partnar for kommunane, er det også vesentleg at vi styrkjer samarbeidet med sentrale statlege styresmakter. Utan ei målretta samarbeidsline med statlege styresmakter, vil vi få til mindre og vi vil ikkje verta ein fullgod partnar lokalt. Mange organisasjonar vert frå tid til anna hefta med økonomiske problem, samarbeidsvanskar eller rett og slett av feil som einkvan har gjort. Vi har vore heldige i 2009 og sloppe å bruka energi på slike hendingar. Rekneskapsresultatet vårt er likevel ikkje godt nok og driftsproblema i kollektivtrafikken har vore for store. Begge delar er forhold som vi skal retta på i tida som kjem. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Eit gledeleg poeng når det gjeld personalet, er at lønsskilnaden mellom kvinner og menn er vorten mindre og at likestillinga på dette punktet har teke eit steg framover. Når vi no framover skal forvalta ein endå større del av fellesskapet sine verdiar, er det viktig at vi forstår rolla vår nettopp slik. Vi må gjera gode og framtidsretta vedtak ut frå fellesskapet sine interesser og vi må setja inn hensiktsmessige tiltak som samsvarar med dei måla som er sette. I denne rolla kan og skal alle frå sin plass i organisasjonen bidra.

5 6 ØKONOMISK OVERSYN Grafen viser utviklinga av netto resultatgrad for Hordaland fylkeskommune samanlikna med landsgjennomsnittet for fylkeskommunane utan Oslo. Kutt i driftsmidlar til investeringar og bruk av fond sikra 0-resultat Rekneskapen kom i 2009 for andre år på rad ut med 0 som resultat. For å unngå rekneskapsmessig underskot var det nødvendig å stryka budsjetterte overføringar frå driftsrekneskapen til finansiering av investeringar. I tillegg vart det inntektsført midlar frå disposisjonsfond. Til saman vart det stroke overføringar og inntektsført disposisjonsfond for 65,2 mill. kr for å koma ut i balanse. Netto resultatgrad fylkeskommunar Både inntekter og utgifter viser sterk vekst frå 2008 til Driftsinntektene auka med 13,4% og driftsutgiftene med 12,7%. Ei medverkande årsak til at tala viser så sterk vekst er omlegging innan kollektivtrafikken. Ved utsetjing av rutepakker på anbod nyttar ein bruttokontraktar. Det vil seia at fylkeskommunen betalar bruttoutgiftene for å køyra rutene og mottar billettinntektene. Tidlegare betalte fylkeskommunen ut eit netto tilskot til ruteselskapa. Inntektene fylkeskommunen hadde frå bilruter auka med om lag 90 mill. kr frå 2008 til Om ein korrigerer for dette, ville tala visa ca. 2% lågare vekst. Tiltaka som vart sette i verk i samband med finanskrisa har gjeve eit godt bidrag til veksten i inntekter og utgifter. Fylkeskommunen fekk i overkant av 100 mill. kr frå staten, som er nytta til kulturminnevern og vedlikehald av skular og fylkesvegar. Det er desse områda som har hatt den sterkaste utgiftsveksten i Veksten i frie inntekter (skatt og rammetilskot) var meir moderat med 6,9%. Brutto driftsresultat betra seg med vel 50 mill. kr frå 2008 til Men dette gjekk nesten med til å dekka auken i renter og avdrag, som var på nær 43 mill. kr. Auken i renter og avdrag skuldast kraftig vekst i lånegjelda som følgje av høgt investeringsnivå. Tabellen gjev oversikt over Hordaland fylkeskommune sitt driftsrekneskap for åra Meir detaljert rekneskap og notar til rekneskapen går fram av «Rekneskap 2009 Hordaland fylkeskommune» som er trykt i eige hefte. Driftsrekneskap Tal i mill. kr. Løpande prisar Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Budsjett Skatt 1 908, , , , ,9 + Rammetilskot 1 105, , , , ,3 + Driftsinnt. ekskl. renter 906,5 933, , , ,8 Sum driftsinntekter 3 919, , , , ,0 Sum driftsutgifter (ekskl. avskr.) 3 504, , , , ,5 Brutto driftsresultat 415,0 193,6 149,8 200,1 180,5 + Renteinntekter 20,6 27,1 57,9 43,5 28,8 Renteutgifter 58,8 65,0 98,8 107,0 110,1 Avdrag 69,5 89,9 99,9 120,1 120,1 Netto driftsresultat 307,3 65,8 9,0 16,5-20,9 Til ubundne avsetjingar 176,8 135,5 36,1 42,0 0,0 Til bundne avsetjingar 79,8 87,4 93,7 112,2 0,0 + Bruk av ubundne avsetjingar 107,2 139,6 74,8 45,7 3,0 + Bruk av bundne avsetjingar 25,1 66,4 48,3 94,2 62,6 Driftsmidl. til investeringar 62,2 41,2 2,3 2,2 44,7 Rekneskapsmessig meir/ mindre forbruk 120,8 7,7 0,0 0,0 0,0

6 Netto driftsresultat Netto driftsresultat er eit av dei mest sentrale nøkkeltala i kommunale rekneskapar. Netto driftsresultat viser kva ein har att etter at alle driftsutgifter, inklusive renter og avdrag er dekka. Eit positivt netto driftsresultat kan nyttast til å finansiera investeringar eller avsetjast til seinare bruk, noko som gjev handlefridom og evne til å tola svingingar i økonomien. Netto driftsresultat for Hordaland fylkeskommune vart 16,5 mill. kr i Dette utgjer 0,3 prosent av driftsinntektene. I 2008 var netto driftsresultat 9 mill. kr, eller 0,2 prosent. Netto driftsresultat har altså halde seg nokså stabilt frå 2008 til 2009, men ein balanserer hårfint over 0. Gjennomsnittet for fylkeskommunane var til samanlikning 4,4% i Det er vanleg å rekna at kommunesektoren bør ha eit netto driftsresultat på minst 3% av driftsinntektene for å vera reelt i balanse. Grunnen til at det ikkje er tilstrekkeleg å ha netto driftsresultat lik null er at avskrivingar ikkje inngår. I staden vert driftsrekneskapen belasta med avdrag. Sidan avskrivingane er høgare enn avdraga, må ein, for å bevara formuen, ha eit netto driftsresultat som er minst så stort som differansen mellom avskrivingar og avdrag. Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune viser i ,1 mill. kr i avdrag og 166,6 mill. kr i avskrivingar. Om ein nyttar avskrivingar i staden for avdrag til å rekna ut eit «korrigert netto driftsresultat», får ein minus 30 mill. kr. Driftsresultatet er dermed ikkje godt nok til å bevara formuen. Budsjettavvik Innsparingar og overskridingar fordelte seg slik: Tal i mill. kr, minus før tal viser overskriding Skatt og rammetilskot 29,9 17,9 Kultur 0,7 1,2 Opplæring 21,6 29,4 Tannhelse 0,0 2,2 Samferdsel 44,4 61,6 Regional utvikling 1,2 1,7 Konsesjonskraft 11,5 3,1 Politiske organ og adm., fellesfunksjonar 18,7 2,3 Momskompensasjon frå investeringar 16,6 2,9 Renter 16,1 6,5 Stryking av driftsmidlar til investering 42,5 Strykningar / bruk av disp.fond 27,5 22,7 Overskot 0,0 0,0 ØKONOMISK OVERSYN Driftsutgifter og driftsinntekter spesifiserte sektorvis Tal mill. kr. Løpande prisar. Rekneskap 2008 Rekneskap 2009 Utgifter Inntekter Utgifter Inntekter Kultur 206,0 105,3 259,1 154,5 Opplæring 2 375,8 438, ,6 511,0 Tannhelse 241,7 73,4 256,4 73,4 Samferdsel 992,8 95, ,3 242,9 Regional utvikling 208,6 259,4 234,8 297,8 Politiske organ og adm. 239,0 30,9 271,0 33,0 Fellesfunksjonar m.m. 121,5 102,4 152,1 161,7 Sum 4 385, , , ,3 meir enn budsjettert. Skatteveksten i høve til 2008 var for Hordaland 3,4% medan gjennomsnittet for fylkeskommunane var 2,1%. Dei to største sektorane, opplæring og samferdsel, synte relativt store budsjettoverskridingar. 17 vidaregåande skular hadde underskot på til saman ca. 22 mill. kr. I tillegg til skulane var det overskriding på budsjettet for spesialundervisning. Samferdselssektoren hadde ei overskriding på 61,6 mill. kr. Det var store overskridingar både for bilruter, båtruter, vidaregåande skuleskyss og spesialskyss for grunnskulen. For bilrutene som er sette ut på anbod, har ein god kontroll med kostnadssida. Her var det passasjerinntektene som viste svikt i høve til budsjettet. Ein har hatt for lite informasjon om korleis inntektene fordeler seg på dei ulike områda, og dermed var budsjetteringa vanskeleg. Dette vil retta seg etter kvart som fylkeskommunen tek over inntektsansvaret for heile fylket. For båtrutene var etterbetaling av høge drivstoffutgifter ei viktig forklaring på overskridinga. Det kan vera grunn til å nemna at netto driftsutgifter for samferdselssektoren ikkje auka med meir enn 5,1%. Når den kommunale kostnadsdeflatoren er anslått til 4,1%, tilseier dette ein realvekst på om lag 1%. Ein greidde altså ikkje å redusera utgiftene, slik det var Netto driftsresultat Tabellen gjev nærare spesifikasjon av driftsutgifter og driftsinntekter etter sektor for 2008 og Grafen viser netto driftsresultat for Hordaland fylkeskommune dei siste ti åra. Talet for 2002 er korrigert for ekstraordinære føringar i samband med staten si overtaking av spesialisthelsetenesta. I skatt og rammetilskot kom det inn 17,9 mill. kr

7 8 ØKONOMISK OVERSYN lagt til grunn i budsjettet, men på den andre sida har det heller ikkje vore nokon vesentleg utgiftsvekst for sektoren samla sett. Forskrift om årsrekneskap og årsmelding har i 9 reglar om pliktige strykingar for å unngå rekneskapsmessig underskot. Ved rekneskapsavsluttinga vart det stroke 42,5 mill. kr av driftsmidlar til finansiering av Sektorfordeling 2009 Under er vist fordelinga av brutto driftsutgifter etter sektor (Sektorfarge, sjå til venstre.) 52,3 % av brutto driftsutgifter i 2009 gjekk til vidaregåande opplæring. Samferdsel med 24,0 % er den nest største sektoren målt etter driftsutgifter. investeringar. Det må dermed takast opp tilsvarande meir i lån for å finansiera investeringane. I tillegg var det behov for å stryka 22,7 mill. kr av avsetjingar til disposisjonsfond. Fylkesrådmannen har tilrådd at ein nyttar avsetjinga til Hardangerbrua. På denne måten får skulane avsetja overskot fullt ut, i samsvar med innarbeidd praksis. Midlane frå Hardangerbrufondet må løyvast på nytt seinast i KOSTRA KOmmune-STat-RApportering er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde 15. mars ureviderte tal for Reviderte tal vert lagde ut 15. juni I tabellen nede på sida er vist nokre nøkkeltal, der Hordaland fylkeskommune vert samanlikna med gjennom snittet for fylkeskommunane (utanom Oslo). KOSTRA-oversikta viser utviklinga i Hordaland fylkeskommune For 2009 vert Hordaland også samanlikna med Rogaland fylkeskommune og gjennomsnittet for fylkeskommunane utan Oslo. KOSTRA-tal Langsiktig gjeld er høgare enn landsgjennomsnittet. Avdraga er lik landsgjennomsnittet, men når ein ser på renteutgifter, er det stor skilnad. Fleire fylkeskommunar har utbytte og renteinntekter som overstig renteutgiftene. Landsgjennomsnittet viser netto renteinntekt på 0,8% av brutto driftsinntekter, medan Hordaland har ei netto renteutgift på 1,2%. Arbeidskapitalen er eit mål på likviditeten. Denne må seiast å vera god både for Hordaland og for landsgjennomsnittet. Hordaland fylkeskommune ligg under landsgjennom snittet når ein ser på brutto driftsutgifter og brutto driftsinntekter per innbyggjar. Dette er ei følgje av inntektssystemet, som legg til grunn eit vesentleg høgare utgiftsbehov i Nord-Noreg og Sogn Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt land land land land land u Oslo Finansielle nøkkeltal i prosent av brutto driftsinnt. Netto driftsresultat...7,8 1,6 0,2 0,3 3,9 4,4 Avdragsutgifter netto...1,8 2,2 2,2 2,3 1,8 2,3 Renteutgifter netto...1,0 0,9 0,9 1,2 0,3 0,8 Netto lånegjeld...42,9 47,1 52,1 58,9 58,4 44,3 Arbeidskapital...17,4 16,7 17,9 15,8 11,9 16,9 Finansielle nøkkeltal i kroner pr. innbyggjar Brutto driftsutgifter Brutto driftsinntekter Frie inntekter Netto lånegjeld Brutto driftsutgifter til administrasjon og styring Fordeling av brutto driftsutgifter (prosent) Adm, styring og fellesutg...4,2 4,6 4,2 3,4 4,7 5,5 Vidaregåande opplæring...60,1 56,8 54,1 53,2 57,6 53,6 Tannhelsetenesta...5,4 5,1 5,0 4,7 3,5 4,3 Fys. planl./kult.minne/natur/nærmiljø...2,7 3,8 3,2 3,9 2,0 2,6 Kultur...4,6 4,7 4,1 4,2 5,0 4,8 Samferdsel...16,4 17,9 23,1 24,3 21,3 19,9 Næring...2,8 2,9 2,5 2,3 2,2 4,6

8 ØKONOMISK OVERSYN 9 og Fjordane. Når ein ser på utgifter til administrasjon og styring, ligg Hordaland under landsgjennomsnittet. Dette er naturleg sidan Hordaland er mellom dei største fylkeskommunane. Utgiftsbehovet varierer ikkje fullt ut i takt med folketalet. Om ein ser på fordelinga av brutto driftsutgifter mellom ulike sektorar, er det samferdsel som skil seg ut. Hordaland brukar ein god del meir til samferdsel enn landsgjennomsnittet og mindre til administrasjon, styring og fellesutgifter og næring. For dei andre sektorane er det ikkje så store skilnader mellom Hordaland og landsgjennomsnittet. Investeringar Investeringane var rekordhøge i Det vart investert 919 mill. kr i eigedomar og utstyr. Fleire store skuleprosjekt er i gang. Mest midlar gjekk med til Nordahl Grieg vgs. med 176,9 mill. kr, Kvinnherad vgs. 96,1 mill. kr, Knarvik vgs. 73,9 mill. kr og Osterøy vgs. 53,1 mill. kr. I samferdselssektoren var det bybana som stod for dei største utgiftene. Bergen kommune har hatt ansvaret for første byggetrinn, men fylkeskommunen har stått for innkjøp av vogner. 92,5 mill. kr vart brukt til dette i Ein er også i gang med å førebu andre byggetrinn frå Nesttun til Lagunen. Det vart brukt 74,5 mill. kr til m.a. kjøp av grunn. Innføringa av nytt billetteringssystem held fram. Det vart brukt 46,9 mill. kr i I tillegg til investeringane i eigedomar og utstyr vart det nytta 264,2 mill. kr til utlån og aksjekjøp. 223,9 mill. kr er lånt ut til HFK Bussanlegg AS, 10 mill. kr Investeringsoversikt Investeringsrekneskapen: OVER: Tabellen viser samla oversikt over investeringane i åra og korleis investeringane er finansierte. SPESIFIKASJON av investeringar i eigedomar/ utstyr: UNDER: Tabellen viser korleis investeringane i åra fordeler seg etter sektor Investeringar i eigedomar/utstyr 322,2 296,2 621,0 919,0 Aksjar og utlån 72,2 4,4 3,7 264,2 Avsetjingar 62,0 10,4 30,4 14,5 Årets finansieringsbehov 456,4 311,0 655,1 1197,7 Bruk av lånemidlar 187,2 161,9 553,8 1031,5 Inntekt frå sal av anleggsmidlar 62,2 2,0 3,3 1,7 Avdrag på utlån / sal av aksjar/andelar 5,0 25,8 15,0 Tilskot og forskotteringar m.m. 49,4 12,8 18,1 121,6 Overført frå driftsrekneskapen 62,2 41,2 2,3 2,2 Bruk av avsetjingar 95,4 88,1 51,8 25,7 Sum finansiering 456,4 311,0 655,1 1197, Kultur 25,9 4,5 9,4 2,5 Opplæring 155,1 176,0 289,9 543,6 Tannhelse 11,8 11,9 6,7 6,0 Samferdsel 117,1 85,3 297,3 339,3 Politiske organ og adm. 3,6 5,0 4,1 9,9 Fellesfunksjonar 8,7 13,5 13,6 17,7 Sum 322,2 296,2 621,0 919,0 Nordahl Grieg videregående skole skal opna hausten Fylkeskommunen brukte 177 mill. kr til dette nybygget i Totalkostnaden er ca. 470 mill. kr

9 10 ØKONOMISK OVERSYN Knarvik vidaregåande skule tok hausten 2009 i bruk eit større tilbygg. Fornyinga omfatta også ein del ombygging og opprusting av dei eksisterande lokala. NOTAR TIL REKNESKAPEN: Meir detaljert rekneskap og notar til rekneskapen går fram av «Rekneskap 2009 Hordaland fylkeskommune» som er trykt i eige hefte. til Bystasjonen AS og 15 mill. kr vart nytta til kjøp av aksjane i Bystasjonen AS. Det aller meste av investeringsutgiftene (86%) vart finansierte med lån. Bruk av lånemidlar passerte 1 milliard i Andre byggetrinn av bybana vart finansiert med bompengar i I tillegg til summane som er viste i investerings- Balansen Balanse pr Anleggsmidlar Faste eigedomar 3 222, , , ,3 Utstyr, maskiner, transportmidl. 117,4 170,0 284,4 433,0 Aksjar, andelar, utlån 247,0 69,9 43,9 282,4 Pensjonsmidlar 2 975, , , ,6 Sum anleggsmidlar 6 561, , , ,3 Omløpsmidlar Kortsiktige fordringar m.m. 296,5 396,6 741,2 538,1 Premieavvik 95,9 101,6 138,7 218,8 Kasse, bank 739,9 774,2 644,9 713,2 Sum omløpsmidlar 1 132, , , ,1 SUM EIGEDELAR 7 694, , , ,4 Eigenkapital Bundne fond 449,0 377,0 413,3 427,2 Frie fond 231,1 266,3 225,4 210,4 Rekneskapsmessig mindreforbr. 120,8 7,7 0,0 0,0 Annan eigenkapital 842,7 776,6 801,3 932,1 Sum eigenkapital 1 643, , , ,7 Gjeld Langsiktige lån 1 957, , , ,0 Pensjonsforpliktingar 3 641, , , ,5 Sum langsiktig gjeld 5 599, , , ,5 Kortsiktig gjeld 451,3 588,3 713,7 656,2 Sum gjeld 6 050, , , ,7 oversynet, kjem bompengeprosjekta E39 over Stord, E134 Rullestadjuvet og Årsnes ferjekai. Hordaland fylkes kommune har teke på seg oppgåva som bompengeselskap for desse prosjekta. Balanse Balansen gjev oversyn over fylkeskommunen sine eigedelar og gjeld. Bokført verdi av eigedomar og utstyr auka med 713,5 mill. kr i 2009, noko som avspeglar det høge investeringsnivået. Fylkeskommunen har i 2009 gjeve lån til eigne aksjeselskap. Det største utlånet er til HFK Bussanlegg AS med nær 224 mill. kr. Bankinnskot utgjorde ved årsskiftet 713,2 mill. kr, mot 644,9 mill. kr ved førre årsskifte. Av kortsiktige fordringar på 538,1 mill. kr utgjorde 317,8 mill. kr plasseringar i pengemarknadsfond. Premieavviket er kome opp i 218,8 mill. kr. Premieavvik er skilnaden mellom betalt pensjonspremie og bokført kostnad. Differansen vert kostnadsført over 15 år. Ulike typar fondsmidlar summerer seg til 637,6 mill. kr, om lag det same som i Fondsmidlane kan inndelast slik: Bundne investeringsfond Ubundne investeringsfond Bundne driftsfond Disposisjonsfond 21,1 mill. kr 14,2 mill. kr 406,1 mill. kr 196,2 mill. kr Langsiktige lån utgjorde 3 663,0 mill. kr ved utgangen av 2009, mot 2 757,7 i 2008 ein auke på 905,2 mill. kr på eitt år. 88 mill. kr av låna vedrører riksvegprosjekt, der fylkeskommunen har teke på seg oppgåva som bompengeselskap. Kortsiktig gjeld var 656,2 mill. kr. SUM GJELD OG EIGENKAP , , , ,4

10 Skuleinvesteringar på over ein halv milliard kroner i 2009 OPPLÆRING 11 Hordaland fylkeskommune si storstilte satsing på nybygg, tilbygg og opprusting av dei vidaregåande skulane heldt fram for fullt i Samla investeringar til skulane var på over ein halv milliard kroner 543,6 mill. kr det meste til bygningar. Knarvik vgs. innvigde eit stort nybygg i I Bergen opnar Nordahl Grieg vgs. i På Osterøy vil ny skule stå klar til skulestart i Det same vil tilbygg til Austevoll, Kvinnherad og Stord vidaregåande skular. Fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring var i 2009 på 2 582,6 mill. kr, rundt 206,8 mill. kr meir enn i Rekneskapen viser eit underskot på om lag 29,4 mill. kr. Dette skuldast netto driftsunderskot for dei vidaregåande skulane og meirforbruk på spesialundervisning. Løn er den klart største utgiftsposten for dei vidaregåande skulane, og utgjer over 80 % av brutto driftsutgifter. For skulane samla vart det underskot på ca. 22 mill. kr i Av dei 48 einingane (inkludert OT/PPT og Ulriken skolesenter) hadde 17 underskot, 12 gjekk i balanse og 19 kom ut med overskot og sette av 19,5 mill. kr til disposisjonsfond. Ved utgangen av 2009 hadde 30 skular i alt 71,6 mill. kr til rådvelde på fond, medan 18 skular hadde 34,1 mill. kr i akkumulerte underskot. I 2009 har mange skular brukt fondsmidlar til opprusting og tiltak. Skulebygg Nordahl Grieg videregående skole på Sørås i Bergen vil står klar til skulestart i Det same gjeld nybygget til Osterøy vidaregåande skule. Grunnarbeidet på Amalie Skram vidaregående skole starta i Viktige opplæringshendingar 2009 Færre lærlingar, fleire elevar Alle elevar har eigen pc Vidare satsing på digitale læremiddel Satsing på fagskuleutdanning Mange tiltak for å motverka fråfall Satsing på yrkesrettleiing og informasjon Elevane skal få betre tilbakemeldingar (elevvurdering) 30 skular har 71,6 mill. kr avsett på fond. Knarvik vidaregåande skule tok i bruk stort nytt tilbygg og ombygde lokale Utbygginga av Amalie Skram videregående skole på Nyårdstangen, Bergen, starta 1200 personar nytta «vaksenretten» til vidaregåande utdanning Elevtal I 2009 gjekk elevar på dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen, mot året før. Dette er ein auke på 606 elevar. På dei private vidaregåande skulane i Hordaland var det elevar i 2009, 12 fleire enn året før. Elevinntak personar søkte plass ved fylkeskommunen sine vidaregåande skular i Dette var ein nedgang på 408 søkjarar samanlikna med Alle med ungdomsrett fekk tilbod om skuleplass. * Kolonna viser rekneskapsmessig avvik i 2009 i høve til nettobudsjett. viser overskridingar Fylkeskommunen har òg i gang større utbyggingar ved dei vidaregåande skulane i Kvinnherad, Austevoll og Stord. Desse vil også stå ferdige hausten Nybygget ved Knarvik vidaregåande skule stod ferdig i Bygget som er på 4200 m 2, kosta 138 mill. kr. Prosjekt ved Laksevåg vidaregående skole og Bergen kate dralskole vart finansierte med midlar frå ombyggingskontoen. Det same galdt prosjekt ved Årstad og Stend vidaregåande skular og Manger folkehøgskule. Fylkeskommunen sine skular har eit samla areal på m 2 fordelt på 275 bygningar. Brutto driftsutgifter opplæring Tal i millionar kroner. Løpande prisar. Avvik* Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto bud. 09 Vidaregåande skular: Lønsutgifter 1 404, , , ,2 Utstyr og vedlikehald 82,9 106,8 87,8 126,1 Andre driftsutgifter 196,6 219,1 239,1 229,1 Overføringar 76,3 82,9 90,6 87,0 Sum vidaregåande skular 1 760, , , ,4 21,6 Lærlingopplæring 187,2 200,5 212,3 240,9 1,7 Spesialundervisning 66,7 62,2 62,1 81,9 18,5 Opplæring av vaksne 86,4 89,9 91,8 101,4 9,1 Sum brutto driftsutgifter 2 101, , , ,6 29,3

11 12 OPPLÆRING KNARREN. Gymnastikksalen i det som i si tid var gymnaset i Knarvik er bygd om til eit flott amfi den nye storstova til Knarvik vidaregåande skule. Både fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og rektor Inge Alver (innfelt foto) og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (fremst til venstre under opninga) er godt nøgde med resultatat. Grafen viser utviklinga i tal formidla lærekontraktar, nye lærekontraktar og på avlagte fagprøvar i åra Det var særleg dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i Vg2 som hadde lågare søkjartal. Dette heng saman med at det i 2008 vart teke inn færre elevar til Vg1 i ein del utdanningsprogram, særleg restaurantog matfag og bygg- og anleggstekniske fag. Desse utdanningsprogramma har også relativt mange sluttarar i skuleåret. Det vert dermed færre søkjarar til Vg2- tilboda, noko som så fører til reduksjon i elevtalet og nedlegging av tilbod ved ein del skular. Søkjartalet til studiespesialiserande utdanningsprogram var stabilt, både samanlikna med 2008 og tidlegare år. I Bergen er det sterk konkurranse om elevane både med dei private vidaregåande skulane og dei offentlege skulane seg i mellom. Mange av skulane våre gjer eit svært godt arbeid for å marknadsføra seg til aktuelle søkjarar. Det er også positivt at bydelsskulane klarar seg betre i konkurransen med sentrumsskulane. Fleire bydelsskular har ei nedre poenggrense som er like høg som dei populære skulane i Bergen sentrum. Fritt skuleval vart innført i Dei første par åra vart det eit større søkjarpress på skulane i Bergen sentrum, men dette har jamna seg ut til alle utdanningsprogram. Konklusjonen er at bydelsskulane/nærskulane står sterkt både i Bergen og i resten av Hordaland. Hordaland er framleis det einaste fylket i landet som har sentral oppfylling av ledige plassar etter skulestart. Ordninga gjeld av praktiske grunnar berre bergensskulane. Etter at inntakskontoret har fått oversyn over ledige plassar, vert desse lagt ut på internett. Dei som ønskjer å nytta seg av desse plassane, får tildelt ny plass etter «først til mølla»- prinsippet. Sjølv om talet på elevplassar som vert fordelte etter skulestart er relativt lite samanlikna med det totale talet på elevplassar, kan denne ordninga vera med på å motvirka talet på sluttarar i skuleåret fordi fleire får plass på skular/ utdanningsprogram som dei ønskjer. I 2009 fekk rundt 180 elevar nye tilbod på dei to «bytedagane» etter skulestart. Fagopplæring Opplæring i bedrift er ein del av tilbodet innan vidaregåande opplæring. Som hovudregel vert fag- og yrkesopplæringa gjennomført med to år i skule og to år i bedrift, men også alternative opplæringsløp innan fag- og yrkesopplæringa vert valde. Ved utgangen av 2009 var det løpande lærekontraktar i Hordaland (4 348 pr 2008). Nedgangen på vel 4% kan i hovudsak forklarast med situasjonen i sysselsetjinga. Frå 2008 til 2009 gjekk talet på nye lærekontraktar ned med ca. 10%. I 2009 behandla fagopplæringskontoret 2057 søknader om læreplass, og godkjende 1956 nye lærekontraktar. Av desse utgjorde kvinner 33%, mot 30% i lærekontraktar vart av ulike årsaker heva i 2009 (333 i 2008).

12 I 2009 tok 2732 lærlingar fag- og sveineprøvar (2677 i 2008). Av desse var 28% kvinner. Oversikt over strykprosent på praktisk fag-/sveineprøve: Type Lærlingar 7,9 10,5 11,4 10,0 Elevar med sluttopplæring i skule (VKII) 39,7 38,5 24,4 34,0 Praksiskandidatar 8,9 5,7 11,3 5,0 217 lærlingar gjekk opp til andre gongs fag-/sveineprøve. Av desse var det 85% som stod til prøven. Fagopplæringskontoret arrangerte kurs i gjennomføring og kvalitetssikring av fag-/sveineprøvar for alle medlemmer i prøvenemndene, totalt 640 personar. Alle tilsette var involvert i ein detaljert gjennomgang av sakshandsamingsrutinane på fagopplæringskontoret. Rutinane er nedfelte i kvalitetshandbok for sakshandsaming. Eksamenskontoret Eksamenskontoret i Hordaland arrangerer privatisteksamenar i heile fylket. I tillegg har det òg ansvar for gjennomføring av sentralt gjeven skriftleg prøve for praksiskandidatar og lærlingar. Oppmelding til eksamen skjer via internett på Privatist-Web. I 2009 hadde eksamenskontoret ca oppmelde i ca ulike eksamenar i om lag 500 ulike fag. KOSTRA-tal vidaregåande opplæring OPPLÆRING I Bergen har dei fleste munnlege eksamenane vore haldne ved Bergen katedralskole og Bergen maritime videregående skole. Skriftlege eksamenar i Bergen vert haldne i idrettshallar, skular og forsamlingslokale. Utanom Bergen har eksamenar vore haldne på Voss, Stord, Kvinnherad, Norheimsund, Austevoll og Odda. For å gjennomføra eksamenane har eksamenskontoret knytt til seg eit korps av sensorar og vakter. Vaksenopplæring Fylkeskommunen har ni vaksenopplæringssentra som tilbyr vaksne gratis karriererettleiing, kartlegging/ realkompetansevurdering og vidaregåande utdanning. Dei studieførebuande faga og helsefaga har størst søknad. Tala viser at det er flest kvinner som tek ut vaksenretten sin. Vi registrerte samstundes aukande interesse frå vaksne i dei tradisjonelle yrkesfaga, og frå verksemder som ønskjer hjelp i arbeidet med fagutdanning av sine ufaglærte. Om lag vaksne gjekk i 2009 på vidaregåande opplæring særskilt lagt til rette for målgruppa. Opplæringsavdelinga styrka marknadsføringa av vaksenretten i Aktiviteten gav resultat og vil verta vidareført i Fengselsundervisning Hordaland fylkeskommune gjev opplæringstilbod til domfelte i samarbeid med kriminalomsorga. Opplæringa i fengsla er lagt opp på same måte som for skuleverksemda i samfunnet elles. Åsane videregående skole har ansvaret for undervisninga. I Hordaland har 13 KOSTRA-oversikta viser utviklinga i Hordaland fylkeskommune For 2009 vert Hordaland også samanlikna med Rogaland fylkeskommune og gjennomsnittet for fylkeskommunane utan Oslo. Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt land land land land land u Oslo Brutto investering til vidaregåande opplæring, per innbyggjar Netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring, per innb år Prosent netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring av samla netto driftsutgifter...69,2 63,9 61,1 62,3 63,4 62,3 Ungdom år i Hordaland Elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skular i Hordaland Elevar ved private vidaregåande skular i Hordaland Prosent år som er i vidaregåande opplæring...92,5 92,0 92,5 93,0 90,5 90,8 Prosent i vidaregåande opplæring som er elevar...82,3 81,3 81,1 83,1 79,5 83,7 Prosent i vidaregåande opplæring som er lærlingar...17,7 18,7 18,9 16,9 20,5 16,3 Prosent elevar og lærlingar i studieførebuande utdprog/studretn...45,4 46,4 47,2 47,2 43,7 46,6 Prosent elevar og lærlingar som er i yrkesfaglege utdprog/studretn...54,6 53,6 52,8 52,8 56,3 53,4 Prosent elevar som har fått oppfylt førsteønskje til skule og kurs...75,1 82,8 77,9 73,0 75,9 78,6 Prosent lærlingar som har fått oppfylt førsteønskje om læreplass...55,7 73,8 87,9 68,0 72,8 70,3 Korr brutto driftsutg vidaregåande opplæring i skule, per elev Korr brutto driftsutg fagopplæring i arbeidslivet, inkl. kjøp frå private, per lærling/lærekandidat Korr brutto driftsutg studieførebuande utdprog/studretn, per elev Korr brutto driftsutg yrkesfaglege utdprog/studretn, per elev Elevar per skule, fylkeskommunale skular Elevar per lærarårsverk, fylkeskommunale skular...8,5 8,4 8,4 8,3 9,7.. Prosent beståtte fag- og svenneprøver...91,5 91,5 90,4 90,0 90,3 91,3 Prosent elevar som har slutta i løpet av året alle årstrinn...4,0 4,4 5,4 5,5 4,2 4,6

13 14 OPPLÆRING Bergen maritime videregående skole er ein av mange vidaregåande skular i fylket som har tett og godt samarbeid med næringslivet. Rolls Royce Marine på Hordvikneset er ei av verksemdene Bergen maritime vgs. samarbeider med. Elevane Ina Bøe Johannessen og Eirik Birkeland synest det er fint med praksis på dieselmotorar. ein også tilbod om opplæring etter soning ved ein oppfølgingsklasse. Bergen fengsel hadde over 400 elevar i 2009, medan avdelinga ved Ulvsnesøy hadde omlag 100 elevar. Ulriken skolesenter Denne skulen gjev undervisningstilbod til elevar i sosiale og medisinske institusjonar. Elevane er enten pasientar ved Helse Bergen eller ungdomar frå Bufetat. Teoriopplæring for lærlingar med full opplæring i bedrift For elevar som vel feil, som droppar ut av skulen eller som i det heile ikkje maktar å ta fatt på vidaregåande skule, opnar opplæringslova 3 for unntak frå den fastsette opplæringsordninga. Unntaket inneber at størsteparten av opplæringa kan gå føre seg i bedrift, og med teoriopplæring t.d. ein dag i veka. Til saman har ca. 550 lærlingar med full opplæring i bedrift fått teoriopplæring på 21 vidaregåande skular eller private opplæringsinstitusjonar i Dei største utfordringane i planleggings- og koordineringsarbeidet av teoriopplæringa er å få til gode læringsmiljø også for dei «små» faga og for lærlingar som bur i distrikta. Den digitale skulen Ordninga med eigen berbar elev-pc er no gjennomført for alle elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland fylkeskommune. Opplæringsavdelinga gjennomførte våren 2009 ei stor spørjeundersøking blant lærarane som eit ledd i ei tilbakemelding undervegs i høve satsinga på den digitale skulen. Den synte at det framleis er eit stort ønske om og trong for kompetanseheving trass i at det har vore satsa mykje på kompetanseheving innan IKT dei siste to åra. Undersøkinga synte òg at lærarane er høgt motiverte i høve til å nytte digitale verktøy i undervisninga. Utvikling av innhaldet i den digitale skulen held fram mellom anna gjennom innkjøp av lisensar og eigenproduserte ressursar. Stadig fleire elevar nyttar digitale læringsressursar, anten som hovudlæremiddel eller som supplement til trykte læremiddel. Oppdragsverksemd Oppdragsverksemda hadde ein samla omsetnad på 31,2 mill. kr. Det er om lag 3 mill. kr meir enn i Overskotet var på 8,0 mill. kr. Skulane har tradisjonelt nytta overskot frå oppdragsverksemda til å halda vedlike og fornya inventar og utstyr. Størst omsetnad hadde Stord vidaregåande skule og Bergen maritime videregående skole. Kompetanseutvikling, etter- og vidareutdanning Plan for kompetanseutvikling med strategi og tiltak for 2009 vart vedtekne av fylkestinget hausten Planen femner om alle grupper som arbeider innan vidaregåande opplæring. Opplæringsavdelinga gjennomførte regional skulering av skuleleiarane med avdelingsleiarane som primær målgruppe. Den praksisnære skuleringa er den viktigaste, og skulane tek sjølv ansvar for fagleg utvikling og erfaringsutveksling på eigen skule (lærande organisasjonar). I 2009 fekk 100 lærarar støtte til å ta vidareutdanning med studiepoeng. Elevvurdering Forskrift til opplæringslova vart endra hausten 2009, og legg no stor vekt på at vurdering skal vera eit ledd i elevane si læring. Dei faglege vurderingane skal

14 OPPLÆRING 15 medverka til å betra elevane sin kompetanse. Alle skulane skal no ha vurdering av elevane si læring som eitt av måla i utviklingsplanane, med tilhøyrande tiltak. Forsking viser at målretta tilbakemeldingar gjev auka læring hos elevane. For å skapa ein vurderingskultur som har fokus på tilbakemeldingar, har opplæringsavdelinga i samarbeid med Universitetet i Bergen starta eit toårig prosjektet «Vurdering for læring» ved seks skular. Rettleiingsheftet «Elevvurdering» kjem i ny utgåve våren Føringane som vert gjevne her, må følgjast opp av den einskilde skule. Fagskuleutdanning Fagskuleutdanning ei tertiærutdanning på nivå med høgskule og universitet. Utdanningane er yrkesretta vidareutdanningar som byggjer på fullført vidaregåande opplæring (fagbrev). Utdanningstilboda skal vera knytt til trong for kompetanse i lokale og regionale verksemder. I Hordaland er fagskuleutdanningane utvikla i nært samarbeid med eit vidt spekter av bransjar og verksemder. Hordaland fylkeskommune har om lag 20 godkjente fagskuleutdanningar fordelt på åtte fagskular. Utdanningane er knytte til helse- og sosialfag, tekniske og maritime fag. I 2009 hadde fagskulane om lag 1000 studentar som tok utdanning på heiltid, deltid eller nett. Talet på studentar auka i dei fleste faga. Dei fylkeskommunale fagskulane i Hordaland har studentar frå heile landet. I 2009 starta fylkeskommunen fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag i Bergen. I tillegg har ein tilbod på dei vidaregåande skulane i Fusa og Fitjar. Dette tilbodet vert utvida i 2010, både med omsyn til fagtilbod og lokalisering. Hordaland fylkeskommune har jobba tett med grøntnæringa i landet i fleire år, og i august 2009 fekk vi godkjent landets første fagskuleutdanning i arboristfag (trepleie). Denne har planlagt start på Hjeltnes gartnarskule hausten Oppfølging av skulane I februar 2009 vart «Styringsdokument » og «System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane» sendt ut til skulane. Desse to dokumenta stettar ein del av krava som i Opplæringslova set til skuleeigar om å ha eit «forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte.» System for verksemdbasert vurdering vart sett ut i livet i Alle dei vidaregåande skulane har levert pålagde plandokument, og opplæringsavdelinga har gjeve tilbakemelding på desse. Våren 2009 samla ein skulane regionalt for å gå igjennom systemet, sjå på krav og forventingar frå skuleeigar og på kva måte skulane kan møte desse. I løpet av skuleåret får alle skulane besøk frå opplæringsavdelinga der ein vil ha hovudfokus på planlegging, resultatvurdering og rapportering. Hordaland fylkeskommune satsar på entreprenørskap i den vidaregåande skulen. I NM for ungdomsbedrifter 2009 vart Hardanger Tradisjon og Kultur frå Odda vgs. nummer tre. Elevane er frå venstre: Livar Høyland Opedal, Kathrine Moe, Marianne Bosdal og Terje Opedal. To vidaregåande skular i Hordaland har oppretta fagskulefilialar i Bergen. Det er Fitjar og Fusa vidaregåande skular. Bakgrunnen er at Fitjar vgs. i 2008 fekk godkjent fagskuleutdanning i eldreomsorg og Fusa vgs. fekk godkjent fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid. Studentane på fagskulen i eldreomsorg har lokale i den tidlegare kokk- og stuertskulen i Bergen som fylkeskommunen no nyttar til lokale for Bergen tekniske fagskole.

15 16 OPPLÆRING I 2009 gjennomførte Hordaland fylkeskommune for tredje året på rad sommarskule i samarbeid med Bergen Røde Kors. Om lag 60 elevar deltok. Anders Sveen er her godt plassert mellom Seyt frå Tjetsenia og Stian Mogen. Diagrammet viser utviklinga i talet på elevar i vidaregåande opplæring tilvist til OT/PPT i perioden fordelt etter kva hovudvanske eleven hadde. Nedgangen i tilvisingar i lese- og skrivevanskar og psykososiale vanskar, viser at skulane har jobba målretta med dette. Satsing mot fråfall Fylkeskommunen har gjennomført ulike tiltak for å styrkja rådgjevarkompetansen på skulane. Lærekandidatordninga er eit alternativ til full fagopplæring, og vert avslutta med eit kompetansebevis for lærekandidaten. Opplæringsmåla kan endrast under vegs, og kontrakten kan gjerast om til full lærekontrakt med fag-/sveinebrev som mål. Bedrifter som tar inn lærekandidatar har dei siste åra fått eit starttilskot på kr. Dette har resultert i ein auke i ordninga med 35 nye kontraktar i Forsøk med fleksibel opplæring er vidareført i Tilbodet vert gjeve ved dei vidaregåande skulane på Sandsli, Åsane, Fitjar og Askøy. 32 elevar og 11 lærlingar er no inne i ordninga. Tiltaket omfattar ei prøveordning med kombinasjon skule-bedrift med utplassering i bedrift frå første skuleår, og med høve til større del av opplæringa i bedrift. Opplegget sikrar også tettare oppfølging under opplæringa. Det har vore stor interesse for tiltaket, målgruppa er elevar som har valt yrkesfagleg utdanningsprogram. Hovudføremålet er å motverka fråfall i denne gruppa. Tiltak for minoritetsspråklege elevar: Tiltaket med leksehjelp vart utvida i Det var tilbod om sommarskule i matematikk og norsk med eksamensrett. Tiltaka vart arrangerte i samarbeid med Røde Kors Hordaland. Forsøk med fadderordning heldt fram. Informasjonsmøte for føresette til elevar i grunnskulen vart gjennomførte med to samlingar i Bergen og fekk svært god oppslutning. Senter for yrkesrettleiing (SYR) Med utgangspunkt i faga utdanningsval og prosjekt til fordjuping er SYR i gang med å utvikla og etablera eit webbasert koordineringsverktøy for elevar, rådgjevarar og bedrifter. Koordineringsverktøyet skal samla det lokale arbeidslivet sitt tilbod til ungdomsskular i tillegg til dei vidaregåande skulane sitt tilbod til ungdomsskulane. SYR har tett dialog med både grunnskulen og vidaregåande skular, like eins nær kontakt med det lokale arbeidslivet i fylket vårt. Også opplæringskontor og bransje- og bedriftsorganisasjonar er viktige samarbeidspartnarar. SYR bidrar til at det vert etablert formaliserte samarbeid lokalt i fylket vårt. Internett og nettstaden er ein effektiv og viktig informasjonskanal. Nettstaden skal ha eit regionalt fokus, og skal visa utdannings- og yrkestilbod i Hordaland. SYR har saman med fagopplæringskontoret utarbeidd ein søkbar database der ein finn godkjente lærebedrifter i Hordaland innan alle lærefag. Fylkestinget vedtok i 2009 at den direkte, individretta rådgjevingstenesta til elevane og NAV-brukarane skal skje desentralisert, på skulane, i ressurssentra og i NAV sine lokale. Det individuelle samtaletilbodet ved SYR rettar seg difor primært til vaksne utan tilknyting til NAV, men senteret er samstundes eit supplement som NAV kan nytta ved behov. Oppfølgings- og pedagogisk/ psykologisk teneste (OT/PPT) Ei av dei lovpålagte hovudoppgåvene er å driva systemarbeid i skulane. På den måten vert talet på individsaker med sakkunnig vurdering redusert. Som grunnlag for dei vidaregåande skulane sine vedtak om spesialundervisning, har OT/PPT frå 2009 fått i oppgåve å vera sakkunnig instans for alle som søkjer om spesialundervisning ved inntak til vidaregåande skole. OT/PPT er også ansvarleg for sakkunne til spesialundervisning når det gjeld born og unge i barnevernsinstitusjonar. Gjennom to kursrekkjer har det regionvis vore gjeve informasjon og opplæring i temaet tilpassa opplæring og spesialundervisning til alle dei vidaregåande skulane. OT/PPT møter fast i ressursteama på alle dei vidaregåande skulane, 46 fylkeskommunale og 14 private. Eit viktig mål i 2009 har vore å få ressursteamet til å verta ein endringsarena der fokuset er å utvikla arbeidet med tilpassa opplæring og fullføring. OT/PPT har over tid invitert skular til regionale ressursteamtreff, og vil utvida dette arbeidet til alle ressursteama i fylket i OT/PPT har koordinert og vore rettleiar i prosjektet Læringsmiljø og Pedagogisk analyse (LP-modellen) som vart starta opp på to vidaregåande skular i Dette er ein analysemodell som hjelper lærarar til betre å forstå og handtera utfordringar i eigen praksis. Saman med NAV i Hordaland skipa OT/PPT til ein stor samarbeidskonferanse i september. Målet var å følgja opp overordna målsetjingar i samarbeidsavtalen på fylkesnivå som vart inngått i Hovudmålet er å sikra at det tverretatlege arbeidet fungerer for at ungdom som ikkje er i opplæring kan oppnå ein kompetanse. OT/PPT har innført «Open dag» kvar veke på alle kontora i Hordaland, for at ungdom som ikkje er i opplæring skal ha låg terskel for kontakt.

16 TANNHELSE Betre tannhelse for 5- og 12-åringar, ny tannhelseplan utarbeidd Den positive tannhelseutviklinga for 5- og 12-åringar heldt fram i For 18-åringane har det berre vore marginal betring dei siste fem åra. Det er framleis vanskeleg å rekruttera nok tannlegar til distrikta, særleg Hardanger og Sunnhordland. Ny tannhelseplan for Hordaland vart utarbeidd og sendt på høyring i Tannhelsetenesta hadde i 2009 brutto driftsutgifter på 256,4 mill. kr, ein auke på 14,7 mill. kr frå året før. Driftsinntektene var 73,4 mill. kr som i Pasientinntektene svikta med 5,6 % samanlikna med Tannhelsedistrikt vest var det einaste av dei fem distrikta som auka pasientinntektene i Ved utgangen av 2009 hadde tannhelsetenesta fond på i alt 16,6 mill. kr (2008: 19,5 mill. kr). Tannhelseutviklinga Tannhelsa til 5-åringane betra seg for åttande året på rad og har sidan 2007 vore like god som landsgjennomsnittet. I 2009 hadde 79,4 % av 5-åringane feilfrie tenner og det er tett på målet på 80 % i tannhelseplanen Men sjølv om det berre er halvparten så mange born med tannrote i dag som for 5 år sidan, har stadig mange 5-åringar omfattande skader på tennene. Tannhelsa til 12-åringane har utvikla seg positivt dei siste fire åra. 12-åringane i Hordaland hadde i 2009 i gjennomsnitt 1,5 DMFT (tenner med hol eller fylling), og 43,7 % av årskullet hadde feilfrie tenner. Målet i tannhelseplanen er 50 %. Tannhelsa til 18-åringane har ikkje endra seg særleg dei siste 5 åra. 10,4 % av 18-åringane i Hordaland hadde feilfrie tenner i Det er eit godt stykke fram til målet på 20 % kariesfrie 18-åringar i Ein viss overgang til vatn som tørstedrikk gjev von om betring. Tannklinikkar I 2009 vart tannklinikken i Øygarden lagt ned. Personell og pasientar vart samstundes flytta til den utvida Viktige tannhelsehendingar 2009 Ny tannhelseplan vart utarbeidd 79,4 % av 5-åringane er utan hol i tennene tannhelsemål på 80 % nesten nådd Tannhelsetenesta har tilsette frå 15 nasjonar Nesttun tannklinikk vart miljøfyrtårn tannklinikken på Ågotnes. Grunngjevinga for endringa var å skaffa folket i Øygarden betre tannhelsetilbod. Tannlegevakta Fylkeskommunen driv tannlegevakta i Bergen. Tannlegevakta er open kvar dag året rundt både på dag- og kveldstid. Det var konsultasjonar i 2009, prioritert klientell og vaksne. Angst for tannbehandling Alle tannhelsedistrikt i Hordaland har tilbod om tannbehandling med lystgass ved til saman 10 klinikkar. Talet pasientar som får behandling i lystgass går ned fordi fleire får hjelp ved andre metodar. Tannbehandling i narkose til prioritert klientell vert gjeven ved Haukeland universitetssjukehus og Stord sjukehus (i alt 173 pasientar i 2009, 30 færre enn i 2008). Fylkeskommunen har inngått avtale med Senter for odontofobi i Bergen om at to tannlegar i ein fireårsperiode skal arbeida i 20 %-stilling ved senteret. Tannhelsetenesta vil med dette få tilført verdifull kompetanse innan fagfeltet. Folkehelsearbeidet Helsefremjande og førebyggjande arbeid i forhold til pasientar, pårørande og eigne tilsette var i fokus i Nærare 90 % av dei tilsette i tannhelsetenesta deltok i første periode av «Aktiv bedrift», eit mosjonsopplegg som Noregs bedriftsidrettsforbund står for. Målet er å motivera flest mogleg til å vera fysisk aktive minst 30 minuttar kvar dag. Tannhelsetenesta arbeider med å få sett folkehelse- KOSTRA-tal tannhelse 17 KOSTRA-oversikta viser utviklinga i Hordaland fylkeskommune For 2009 vert Hordaland også samanlikna med Rogaland fylkeskommune og gjennomsnittet for fylkeskommunane utan Oslo. Horda- Horda- Horda- Hordal- Roga- Gj.snitt land land land land land u Oslo Netto driftsutgifter tannhelsetenesta i prosent av samla netto driftsutg...5,2 4,8 4,9 4,8 4,4 4,8 Netto driftsutgifter tannhelse pr. innbyggjar i kroner Brutto investeringsutgifter tannhelse pr. innbyggjar i kroner Brutto driftsutgifter tannhelse pr. innbyggjar i kroner Prioriterte personar, prosent undersøkt/behandla...64,9 59,6 62,9 62,2 66,9 62,6 Avtalte tannlegeårsverk (offentleg og privat) pr innbyggjarar...0,98 0,93 0,96 0,91 0,90 0,83 Barn og ungdom 3-18 år, prosent undersøkt/behandla...65,0 65,3 66,5 65,6 68,4 66,9 Prioriterte personar undersøkt/behandla pr. off. tannlege- og tannpl.årsverk Prosent ledige tannlegestillingar, offentleg tannhelseteneste...3,2 2,5 2,1 0,0 4,6 8,6

17 18 TANNHELSE Forklaring til gruppeinndelinga: Gruppe A: Born og unge 0-18 år Gruppe B: Psykisk utviklings-hemma over 18 år. Gruppe C: Pasientar i heimesjukepleie(c2) og i institusjon (C1) (C1=meir enn 3 mnd samanhengande, minimum 1 gong kvar veke.) Gruppe D: Ungdom år. Gruppe E: Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritera. Gruppe F: Vaksne, betalande. Pasientar ferdigbehandla og under tilsyn i 2009: Tal personar Tal personar Tal personar Samla tal undersøkt og planlagt ikkje ikkje møtt Gruppe behandla innkalla eller takka nei Etterslep Gruppe A Gruppe B Gruppe C Gruppe C Gruppe D Gruppe E Gruppe E Gruppe F arbeidet i system. Kvar klinikk utarbeider ein årsplan for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet dei skal gjennomføra. Sjå også eige kapittel om folkehelse på side 25. Personell Samla var det 352 tilsette i tannhelsetenesta ved utangen av 2009, fordelt med 343 i distrikta og 9 ved tannhelseavdelinga. Av dei tilsette er 9 % under 30 år og 57 % over 50 år. I fylkestannlegen si leiargruppe er 28% kvinner. 68,5 % av tannlegane er kvinner. I dei andre yrkesgruppene arbeider berre kvinner. I alt er 86,7 % av dei tilsette i tannhelsetenesta kvinner. I 2009 vart det tilsett 11 tannlegar i fast stilling og 13 i vikariat,19 kvinner og 5 menn. 36 % av dei som vart fast tilsette hadde utanlandsk bakgrunn. Pr hadde fylkeskommunen si tannhelseteneste tilsette frå 15 nasjonar. Det er få søkjarar til tannlegestillingar i distrikta, og dei fleste som tek imot slike stillingar flyttar til sentrale strok av fylket etter kort tid. I Hardanger og Sunnhordland er det i hovudsak rekruttert tannlegar med utanlandsk bakgrunn. Ny tannhelseplan Tannhelseplan for vart utarbeidd i Planen vart sendt på høyring i september Endeleg handsaming var i fylkestinget 9. mars I planen er det forslag om å leggja ned tannklinikkar dei komande fire åra. Fylkestinget vedtok at før eit tilbod vert lagt ned, skal kvar enkelt klinikk vurderast som eiga sak. Nesttun tannklinikk vart miljøfyrtårn i Byråd Lisbeth Iversen i Bergen kommune stod for tildelinga av sertifikatet. Grafane til venstre viser utviklinga av tannhelsa til 5-, 12- og 18-åringar i Hordaland samanlikna med landsgjennomsnittet. For femåringar er det prosent med feilfrie tenner som vert samanlikna, medan det for 12- og 18-åringar er utviklinga i tal tenner med hol eller fylling som er målt. 5-åringar 12-åringar 18-åringar

18 REGIONAL UTVIKLING Mål: Eit attraktivt og konkurranse dyktig Hordaland 19 Hardangerbrua er planlagt som ei tofelts hengebru med gangog sykkelveg. Brua får eit hovudspenn på 1310 m og ei total lengde på 1380 m. Hardangerbrua vil bli den lengste hengebrua i Norge. Bygging av tilførselsvegar starta 26. februar Bygging av brutårn starta 7. oktober Bilete frå arbeidet på Vallaviksida. Hordaland fylkeskommune disponerte i 2009 over 180 mill. kr til regional utvikling. Fylkeskommunen har eit overordna politisk ansvar for å medverka til ei god utvikling i Hordaland. Dette omfattar både å stimulera til næringsutvikling og innovasjon, å fremja gode lokalsamfunn og til ei berekraftig ressursforvalting. Målet er at Hordaland skal vera attraktiv og konkurransedyktig, slik at folk ønskjer å arbeida og bu i fylket. Dette krev innsats på mange område, og krev samarbeid med mange aktørar. Viktige faste fora er Regional næringsforum, som er eit fast partnarskapsorgan for næringsutvikling leia av fylkeskommunen, og planforum. Planforum er eit organ der kommunane kan leggja fram planar som er under arbeid, til drøfting med relevante regionale styresmakter. Næringsutvikling, distrikts- og regionalpolitiske satsingar er sentrale i regionalt utviklingsarbeid. Vidare har også tiltak innan samferdsel, kultur og vidaregåande opplæring mykje å seia for å fremja vekst og utvikling i fylket. Verkemidla for dette er utforming av regional politikk, utarbeiding av planar for regional utvikling, gjennomføring av større utviklingsprosjekt, tilskot til prosjekt og satsingar. Vidare har fylkeskommunen eit ansvar for å fremja regionale interesser og ei berekraftig areal- og ressursforvalting. Viktige hendingar innan regional utvikling 2009 Ny plan- og bygningslov tok til å gjelda frå 1. juli Fylkestinget vedtok forskingsstrategi for Hordaland. Rekordhøg folkevekst med personar. I 2009 var det folkevekst i Hardanger for første gong på fleire år. Bygginga av Hardangerbrua starta. Vossapakko, Kvammapakka og Bømlopakka vart vedtekne av Stortinget. Fylkeskommunen førebudde seg på iverksetjing av forvaltningsreforma som tok til å gjelda frå Fylkeskommunen oppretta Kulturelt utviklingsprogram. Vestlandsrådet utarbeidde ei ny samarbeidsavtale som fekk tilslutning i dei fire fylkestinga.

19 20 REGIONAL UTVIKLING 156 mill. kr til næringsutvikling I 2009 disponerte fylkeskommunen om lag 156 mill. kr til næringsrelaterte prosjekt og tiltak, ein auke på 7,7 % frå året før. Auken skuldast i første rekkje større overføringar frå staten. I 2009 fekk fylkeskommunen overført 75,0 mill. kr i øyremerkte statsmidlar til regional utvikling, 9,0% meir enn i Midlane gjekk til utviklingstiltak under Regionalt utviklingsprogram. Til å realisera måla i dette programmet, løyvde fylkesutvalet ytterlegare 2,9 mill. kr ein auke på 1,5 %. Fylkeskommunen løyvde vidare 12,9 mill. kr til næringsføremål retta mot innovasjon, som støtte til meir langsiktige prosjekt, og som mellombels driftsstøtte til utvalde institusjonar. Distriktspolitisk verkemiddelstatus for kommunane i Hordaland resulterte i overføringar til ordninga «Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift» på 47,1 mill. kr, 9,7 % auke frå I dette beløpet ligg 4,5 mill. kr til vidare utbygging av breibandsnettet og annan infrastruktur i fylket. Også for 2009 løyvde fylkesutvalet midlar til regionale utviklingstiltak frå sal av konsesjonskraft. Sju strategisk viktige og svært ulike prosjekt fekk til saman 15,0 mill. kr. Midlar til næringsutvikling 2009 Regionalt utviklingsprogram (RUP) kr Bedriftsretta verkemiddel Av desse er i 2009 kr forvalta av Innovasjon Norge til bedriftsretta tiltak Bransjesatsingar - Energi - Marine næringar - Maritime næringar - Reiseliv - Kulturbaserte næringar Entreprenørskap og innovasjon Internasjonalisering Livskraftige lokalsamfunn, inkludert tettstadutvikling Næringsretta kompetanse NCE Subsea VRI-programmet Regionale næringsfond Omstilling og nyskaping Til rådvelde for Regionalt næringsforum Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift Regionale utviklingstiltak (kompetanse og infrastruktur) kr Breibandutbygging i Hordaland kr Utviklingsmidlar kr Kompetansesenteret for avansert maskinering kr Trallebana Skjeggedal kr Kunstnarhuset Fartein Valen sitt landskap kr Historisk grunn - Onarheim kr Business Region Bergen kr Os kunst og kultursenter kr Utbetring FV 381 Matre - Stordalen kr Fylkeskommunale midlar til næringsføremål utanom RUP kr Frie midlar til rådvelde for næringsføremål Driftskostnader/innovasjonstiltak Prosjekt/institusjonar med førebelse driftstilskot Andre næringsrelaterte satsingar kr Program for lokalsamfunnsutvikling kr Program for samarbeid mellom vidaregåande kr skule, næringsliv og lokalsamfunn Professorstilling ved HiB kr TOTALT kr Regionalt utviklingsprogram (RUP) 2009 Etter tilråding frå Regionalt næringsforum vedtok fylkesutvalet Regionalt utviklingsprogram Programmet bygde på Fylkesplan for Hordaland , og fastsette prioriterte innsatsområde for arbeidet med næringsutvikling. Programmet fastsette også mål og retning for andre offentlege aktørar sin bruk av næringsretta verkemidlar i Hordaland. Regionalt utviklingsprogram 2009 fastsette følgjande satsingsområde : A. Næringar med særlege føremoner (energi, marine næringar, maritime næringar, reiseliv, kulturnæringar). B. Livskraftige lokalsamfunn C. Næringsretta kompetanse D. Entreprenørskap E. Innovasjon og internasjonalisering Desse satsingsområda vart prioriterte ved tildeling av prosjekt- og tilskotsmidlar. Midlane vart fordelte mellom bedriftsretta og tilretteleggjande tiltak. Innovasjon Norge forvalta dei bedriftsretta midlane på vegner av fylkeskommunen, og fekk overført 40 mill. kr. Dette er ein auke på 6,3 % i høve til 2008, og utgjorde 53,3 % av dei statlege overføringane i budsjettåret. Verkemidlane under Regionalt utviklingsprogram resulterte i oppstart av 103 utviklingsprosjekt. Det var stor overvekt av prosjekt med regionale/fleirkommunale engasjement. Regionale næringsfond auka elles med 7,1%, frå 7 mill. kr i 2008 til 7,5 mill. kr i Desse vart fordelte slik: Sunnhordland: kr Hardanger: kr Nordhordland: kr Osterfjorden: kr Bjørnefjorden: kr Voss: kr Sund/Fjell/Øygarden: kr Mellom dei største næringsrelaterte satsingane i 2009 var områdetiltak/omstilling i ulike delar av fylket med ei samla ramme på 9,0 mill. kr. Største einskildpostar var Ålvik Vekst med 3,0 mill. kr, «Industrielt knutepunkt Sunnhordland»/Atheno med kr og «Flytt til Hardanger» med kr. Andre store løft var «Sykelturisme i Hordaland» og «Smak av kysten» som begge fekk 1,5 mill. kr av RUP-budsjettet. Nye nettverksprosjekt i Hordaland Hordaland fekk i 2009 eit nytt prosjekt innafor Norwegian Centre of Expertice (NCE) programmet og to nye prosjekt innafor Arena programmet. NCE-programmet er eit klyngeutviklingsprogram som tilbyr finansiell og fagleg støtte til gjennomføring av langsiktige og målretta utviklingsprosessar i inntil 10 år. NCE Tourism Fjord Norway er eit resultat av det lengste og mest vellukka regionale samarbeidet innan reiseliv i Noreg. Fjord Noreg-modellen er vorten ein referanse for andre regionar i inn- og utland. Aktørane i klynga har i ei årrekkje stilt seg bak visjonen om å posisjonera Fjord Noreg som verdas mest attraktive destinasjon for natur- og opplevingsferiar.

20 REGIONAL UTVIKLING 21 For å sikra at reiselivsnæringa får eit ytterlegare løft er NCE Tourism Fjord Norway etablert som eit innovasjonssenter som systematisk utforskar potensialet for foredling av landsdelen sine unike «råvarer» i form av nye opplevingsprodukt. Satsinga skal styrkja Fjord Noreg-regionen sin posisjon som eit berekraftig og attraktivt reisemål, medverka til eit meir heilårlig reiseliv og betre tilrettelegging for betalingsdyktige kundegrupper. Arenaprosjekta Arena-programmet er ei felles satsing mellom Innovasjon Norge, Norges forskningsråd og SIVA. Godkjente prosjekt får fagleg og finansiell støtte. MediArena har den langsiktige målsetjinga at mediebyen Bergen skal verta eit nasjonalt leiande og internasjonalt høgt verdsett miljø for utvikling av innovative løysningar for produksjon og formidling av digitalt innhald. MediArena skal medverka til å vidareutvikla næringsmiljøet sine samar beidsrela sjonar, deira kollektive kompetanse og gjennomføringsevne på ein måte som vil gje auka innovasjon, verdiskaping og vekst. Bergen har eit mangfaldig og kreativt miljø av bedrifter i skjeringspunktet mellom mediebasert innhaldsproduksjon og teknologi. MediArena skal styrkja nettverka mellom aktørane for å auka samarbeidet om innovasjon, produktutvikling og profilering. Prosjektet skal medverka til å utvikla og gjera tilgjengeleg kompetanse på område som teknologi, tenestemodellar, forretningsmodellar og marknadskunnskap. Hovudfokus er nettverksbygging, arbeid for utvikling av FoUog utdanningstilbod og kompetansebygging. Arena NOW Frå det breie energirelaterte industri- og forskingsmiljøet i Hordaland og Rogaland har det vakse fram ei innovativ og vekstkraftig bedriftsklynge som satsar breitt og ambisiøst internasjonalt på offshore vindkraftproduksjon. Marknaden for offshore vind er i rask vekst og Arena NOW si hovudmålsetjing er å etablera eit utstillingsvindauge for norsk offshore vindkraft for å bidra til å sikra leveransar av norsk havvindsteknologi til Europa. Offshore-vindklynga er ung, men tel alt over 50 aktørar. Fleire leverer alt til utbyggingsprosjekt i UK, Tyskland, Baltikum, USA og BeNeLux. Arena NOW skal gje auka konkurransekraft og verdiskaping i offshore vindklynga på Vestlandet. Prosjektet skal medverka til å utvikla ekspertise og samarbeid i klynga, mellom anna gjennom pilotinstallasjon av eit komplett norskprodusert offshore vindturbinanlegg i Kvinnovasjon Prosjektet Kvinnovasjon skal auka ambisjonsnivået blant kvinner som startar eigne bedrifter. Kvinnovasjon er ein del av regjeringa sitt arbeid med å styrkja entreprenørskap blant kvinner. Då prosjektet starta som pilotprosjekt i 2006, vart berre 32 prosent av nye bedrifter i landet starta av kvinner. I 2013 er målet til Stortinget auke til 40 prosent. I Hordaland har fylkeskommunen, SIVA og Inunet (næringshagane/inkubatorane i Hordaland) gått saman om kvinnovasjonssatsinga. Gjennom regionale aktivitetar ved industiinkubatoren i Sunnhordland Atheno, FoU-inkubatoren i Bergen Nyskapingsparken Inkubator, Voss Næringshage, Mongstad Næringshage og Næringshagen i Odda ønskjer ein å mobilisera og motivera fleire kvinner til å starta for seg sjølv, og til vidare utvikling av allereie etablerte bedrifter. Ein ønskjer å skapa sterke regionale nettverk, auke ambisjonsnivået, gje inspirasjon, motivasjon og kompetanse til å gjera draum til røyndom for kvinner både i by og i distrikta. Ved å etablera ulike regionale aktivitetar vil ein kunne få til erfaringsutveksling, samarbeid, kunnskapsformidling på tvers av regionane og slik finna fram til nye verkty og nettverksfellesskap. Gjennom auka samhandling er ambisjonen at ein klarar å skapa gode rammevilkår for kvinneleg innovasjon i alle delar av fylket. Prioriterte satsingar Reiseliv Reiselivsstrategien har som visjon at Hordaland skal vera best i Norden innan natur- og kulturbaserte opplevingar. Målet er at vi gjennom samarbeid og innovasjon skal utvikla berekraftige tilbod innan natur- og kulturopplevingar som bidreg til økonomisk levedyktige reiselivsbedrifter og lokalsamfunn. Samla kommersielle overnattingar i Hordaland (SSB) viser nedgang på 4 % frå 2008 til Den sterkaste nedgangen var 11,6 % i utanlandstrafikken. Den norske marknaden hadde oppgang på 0,3 % for Hordaland, men eit fall på 1,2 % for regionen Fjord Noreg samla. Nedgangen i totale overnattingar er i tråd med venta utvikling i forhold til finanskrisa. Reiselivsstrategien for Hordaland skal vera retningsgjevande for reiselivsutviklinga i fylket og bidra til god koordinering og effektiv ressursutnytting. Strategien skal leggja til rette for at bedriftene og lokalsamfunna vert i stand til å møta utfordringane og gripa dei moglegheitene dei står overfor. Strategien er Oppfinnarprisen Fylkeskommunen sin oppfinnarpris for 2009 vart tildelt Sverre Andreas Holbye og firmaet Include AS i Bergen som har utvikla produktet TextPilot eit program som hjelper brukarane med rettskriving, ordval og opplesing i alle program der dei arbeider med tekst. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg stod for overrekkinga av prisen på kr