Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Vidar Vindal i sak 19/1 Birgit Johanne K Olsnes i sak 19/7

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Vidar Vindal i sak 19/1 Birgit Johanne K Olsnes i sak 19/7"

Transkript

1 Tokke kommune Møteprotokoll Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 08:30 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Tone Dale Solvang Varaordførar SP Kjell Magne Grave Medlem AP Birgit Johanne Kovajord Medlem SP Olsnes Thor Arne Heggtveit Medlem SP Hilde Alice Vågslid Medlem AP Vidar Ragnvaldson Vindal Medlem AP Jarand Felland Ordførar SP Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Vidar Vindal i sak 19/1 Birgit Johanne K Olsnes i sak 19/7 Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling John Kleiv Rådmann Niina Personalsjef Laaksonen Gunhild Plan, næring- og teknisk sjef Austjord Tjøstov Djuve Økonomisjef Protokollunderskrifter:

2

3 Saksliste Utvalssaksnr Innhald Referatsaker RS 19/1 Søknad om tilskot - gardsaktivitetar VTM 2019 RS 19/2 Svar på søknad om massedeponi E134 Politiske saker til behandling PS 19/1 Klage på tildeling av driftstilskot til fysioterapi - Pål Fostervold X PS 19/2 Budsjett Økonomiplan og handlingsprogram budsjettprosess 2019 PS 19/3 Planlegging av Rui - spel 2019, finansiering PS 19/4 Revisjon av Tokkebrosjyra 2019 PS 19/5 PS 19/6 PS 19/7 PS 19/8 PS 19/9 FG Racing - økonomisk støtte til skilt Søknad om støtte til etablering av bedrift 72/40 - Søknad om kjøp av tilleggsareal - Tokke begravelsesbyrå Areal til kontainerbyteplass Høydalsmo - Jordstøyl eigedom AS 89/9 - Søknad om dispensasjon frå arealformål i Kommuneplanens Arealdel PS 19/10 Eigarskapsmelding for Tokke kommune 2019 Lukka

4 Referatsaker RS 19/1 Søknad om tilskot - gardsaktivitetar VTM 2019 RS 19/2 Svar på søknad om massedeponi E134

5 Politiske saker til behandling PS 19/1 Klage på tildeling av driftstilskot til fysioterapi - Pål Fostervold Klage frå Pål Fostervold på tildeling av driftstilskot vert ikkje teke til fylgje. Klagenemnda sluttar seg til den grunngjeving for denne konklusjonen som kjem fram av utvida grunngjeving frå etaten (vedlegg 6) og saksutgreiinga her. Vidar Vindal stilte spørsmål om ugildskap. Formannskapet vedtok samrøystes, med 6 stemmer at Vindal var ugild. Vindal deltok ikkje i avrøystinga. Rådmannen si tilråding vart vedteke samrøystes (med 6 røyster). Klage frå Pål Fostervold på tildeling av driftstilskot vert ikkje teke til fylgje. Klagenemnda sluttar seg til den grunngjeving for denne konklusjonen som kjem fram av utvida grunngjeving frå etaten (vedlegg 6) og saksutgreiinga her. PS 19/2 Budsjett Økonomiplan og handlingsprogram budsjettprosess Budsjettarbeidet for 2020 og ØP/HP blir lagt opp i samsvar med figur 1 i pkt. 2, budsjettprosess Kommunestyret skal i juni 2019 vedta førebelse budsjettrammer for og dette skal vera grunnlaget for det vidare budsjettarbeidet i hovudutval og andre råd og utval. 2. Budsjettprosess 2019: Figur 1 :

6 BUDSJETTPROSESS Budsjett, ØP HANDLINGAR TID 1 Drøfting av budsjettprosessen 2019 i leiargruppa 21.jan 2 Drøfting av budsjettprosessen sak i formannskapet - oppstart budsjett jan 3 Drøfting av budsjettprosessen sak i kommunestyret - vedtak budsjettprosess 12.feb 4 Utfordringsnotat til budsjettrammer i hovudutvala Mars-mai 5 Budsjettdrøftingsmøte - k.styret, gruppe-/hovudutvalsleiarar, etatssjefar, kyrkjeverje, tillitsvalde 15.mai 6 Budsjettsak i f.skapet - førebelse budsjettrammer jun 7 Budsjettsak i k.styret vedtak førebelse budsjettrammer budsjett jun 8 Framskriving av budsjettal - nye lønsbudsjett m.m. 09.sep 9 Budsjettdrøfting i leiargruppa - endelege prioriteringar 09.sep 10 Kontaktmøte tillitsvalde, drøfting av endelege prioriteringar 11.sep 11 Statsbudsjettet 07.okt 12 Rådmannens framlegg til budsjett 2020 og ØP/HP okt 13 Førebels innstilling i formannskapet 23.okt 14 Handsaming og fråsegner hovudutval, andre råd og utval Veke Endeleg innstilling i formannskapet 20.nov 16 Offentleg gjennomsyn 20.nov 17 Endeleg vedtak i kommunestyret 10.des 18 Oversending til fylkesmann Det vert røysta over rådmannen si tilråding. Rådmannen si tilråding vert samrøystes vedteken 1. Budsjettarbeidet for 2020 og ØP/HP blir lagt opp i samsvar med figur 1 i pkt. 2, budsjettprosess Kommunestyret skal i juni 2019 vedta førebelse budsjettrammer for og dette skal vera grunnlaget for det vidare budsjettarbeidet i hovudutval og andre råd og utval. 2. Budsjettprosess 2019:

7 BUDSJETTPROSESS Budsjett, ØP HANDLINGAR TID 1 Drøfting av budsjettprosessen 2019 i leiargruppa 21.jan 2 Drøfting av budsjettprosessen sak i formannskapet - oppstart budsjett jan 3 Drøfting av budsjettprosessen sak i kommunestyret - vedtak budsjettprosess 12.feb 4 Utfordringsnotat til budsjettrammer i hovudutvala Mars-mai 5 Budsjettdrøftingsmøte - k.styret, gruppe-/hovudutvalsleiarar, etatssjefar, kyrkjeverje, tillitsvalde 15.mai 6 Budsjettsak i f.skapet - førebelse budsjettrammer jun 7 Budsjettsak i k.styret vedtak førebelse budsjettrammer budsjett jun 8 Framskriving av budsjettal - nye lønsbudsjett m.m. 09.sep 9 Budsjettdrøfting i leiargruppa - endelege prioriteringar 09.sep 10 Kontaktmøte tillitsvalde, drøfting av endelege prioriteringar 11.sep 11 Statsbudsjettet 07.okt 12 Rådmannens framlegg til budsjett 2020 og ØP/HP okt 13 Førebels innstilling i formannskapet 23.okt 14 Handsaming og fråsegner hovudutval, andre råd og utval Veke Endeleg innstilling i formannskapet 20.nov 16 Offentleg gjennomsyn 20.nov 17 Endeleg vedtak i kommunestyret 10.des 18 Oversending til fylkesmann PS 19/3 Planlegging av Rui - spel 2019, finansiering Formannskapet løyver kr ,- til Rui spel i Midlane vert løyvd frå konto OKI etaten løyver tilsvarande kr ,- frå kulturområdet. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. Formannskapet løyver kr ,- til Rui spel i Midlane vert løyvd frå konto OKI etaten løyver tilsvarande kr ,- frå kulturområdet. PS 19/4 Revisjon av Tokkebrosjyra 2019 Formannskapet løyver kr ,- til revidert brosjyre og opptrykking av 5000 eksemplar.

8 Midlane vert løyvd frå næringstiltak, konto Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. Formannskapet løyver kr ,- til revidert brosjyre og opptrykking av 5000 eksemplar. Midlane vert løyvd frå næringstiltak, konto PS 19/5 FG Racing - økonomisk støtte til skilt 1. Tilskot til FG racing vert ikkje innvilga då bedrifta ikkje registert i Tokke kommune. 2. et er gjeldande for alle andre eventuelle søknader om tilskot til bedrifter registrert i andre kommunar. Framlegg frå Jarand Felland, nytt pkt 1 1. Tokke kommune gjev SG-Racing kr ,- i støtte til skilt. 2. Midlane vert løyvd frå konto Framlegget fall med 2 mot 5 stemmer. 1. Tilskot til FG racing vert ikkje innvilga då bedrifta ikkje registert i Tokke kommune. 2. et er gjeldande for alle andre eventuelle søknader om tilskot til bedrifter registrert i andre kommunar.

9 PS 19/6 Søknad om støtte til etablering av bedrift 1. Tokke kommune løyver tilskot på kr til etablering og kr til investering i ny etablering av «Åsen kafè» på Høydalsmo. 2. Midlane vert løyvd frå næringstiltak, konto Vilkår for stønad jfr. næringsplanen, gjeld. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Tokke kommune løyver tilskot på kr til etablering og kr til investering i ny etablering av «Åsen kafè» på Høydalsmo. 2. Midlane vert løyvd frå næringstiltak, konto Vilkår for stønad jfr. næringsplanen, gjeld. PS 19/7 72/40 - Søknad om kjøp av tilleggsareal - Tokke begravelsesbyrå 1. Tokke kommune ynskjer ikkje å selje omsøkt tilleggsareal på del av tomt 2 Høydalsmo næringsområde, med bakgrunn i vedtekne tildelingskriteriar for sal av næringsareal. 2. Tokke begravelsesbyrå bli tilbydd inntil 100m 2 tilleggsareal på vestre side av tomta. 3. Deling og sal av tilleggsareal kan fyrst skje etter at tomta er ferdig opparbeidd, som etter planen skal skje i Framlegg frå Tokke SP, Thor Arne Heggtveit: 1. Tokke begravelsesbyrå får kjøpe omsøkt tilleggsareal på omlag 0,5 dekar frå del av tomt 2 på Høydalsmo næringsområde. 2. Deling av sal av tilleggsareal kkan gj etter at tomta er ferdig opparbeida, som etter planen skal skje i Det vert fyrst røysta over rådmannen si tilråding. Ikkje vedteken Då vert det røysta over framlegg frå Thor Arne Heggtveit Framlegg frå Thor Arne Heggtveit vert samrøystes vedteke.

10 1. Tokke begravelsesbyrå får kjøpe omsøkt tilleggsareal på omlag 0,5 dekar frå del av tomt 2 på Høydalsmo næringsområde. 2. Deling av sal av tilleggsareal kkan gj etter at tomta er ferdig opparbeida, som etter planen skal skje i PS 19/8 Areal til kontainerbyteplass Høydalsmo - Jordstøyl eigedom AS Tokke kommune avslår søknad frå Jordstøyl eigedom AS om kjøp av tilleggsareal for kontainerbyteplass på del av tomt 2 - Høydalsmo næringsareal. Framlegg frå Tokke AP; Tokke kommune går i dialog med Jordstøyl eigedom får finne anna eigna areal til kontainerbyteplass Framlegg frå Jarand Felland, SP: Tokke kommune går i dialog med Jordstøyl Eigedom knytt til anna eigna areal til næringsutvikling. Det vart fyrst røysta over tilråding frå rådmann. Ikkje vedteken Då vart det røysta over framlegg frå Tokke arbeiderparti mot framlegg frå Jarand Felland. Framlegg frå Tokke AP vert vedteken 5-1 Tokke kommune går i dialog med Jordstøyl eigedom får finne anna eigna areal til kontainerbyteplass. PS 19/9 89/9 - Søknad om dispensasjon frå arealformål i Kommuneplanens Arealdel I medhald av Plan og bygningsloven 19-2 vert det gjeve dispensasjon i frå Spreidd bustad og yrkesbygg formålet (SBY2) i Arealdelen av kommuneplanen, til at eigedom og bygningar på gnr/bnr 89/9 kan nyttast til fritidsbustadformål. Det er ein føresetnad for løyvet at ein søknad om bruksendring på bygningane oppfyller krav som er i Teknisk forskrift (TEK10/17).

11 Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. I medhald av Plan og bygningsloven 19-2 vert det gjeve dispensasjon i frå Spreidd bustad og yrkesbygg formålet (SBY2) i Arealdelen av kommuneplanen, til at eigedom og bygningar på gnr/bnr 89/9 kan nyttast til fritidsbustadformål. Det er ein føresetnad for løyvet at ein søknad om bruksendring på bygningane oppfyller krav som er i Teknisk forskrift (TEK10/17). PS 19/10 Eigarskapsmelding for Tokke kommune Eigarskapsmeldinga vert vedteken slik den ligg føre. 2. Eigarskapsmeldinga vert oppdatera ved behov og vert elles rullert i løpet av første år av kvar kommunestyreperiode. Framlegg frå Hilde Alice Vågslid: Formannskapet tek saka til vitane. Saka reviderast etter endringar i kommunelova og kjem til ny handsaming etter kommunevalet Framlegget vart sett opp mot rådmannen si tilråding. Framlegget frå Vågslid vart samrøystes vedteke. Formannskapet tek saka til vitande. Saka reviderast etter endringar i kommunelova og kjem til ny handsaming etter kommunevalet 2019.