SKODJE SOKN. Mål, grunnlag og organisering. Hovedmål for trusopplæringa BORN OG UNGE SKAL FÅ HJELP TIL Å UTVIKLE TRUA PÅ JESUS.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SKODJE SOKN. Mål, grunnlag og organisering. Hovedmål for trusopplæringa BORN OG UNGE SKAL FÅ HJELP TIL Å UTVIKLE TRUA PÅ JESUS."

Transkript

1 SKODJE SOKN Mål, grunnlag og organisering Hovedmål for trusopplæringa BORN OG UNGE SKAL FÅ HJELP TIL Å UTVIKLE TRUA PÅ JESUS. Gjennom trusopplæringa oppleve at dei høyrer til den lokale kyrkja, at dei er viktige og at dei kan bidra med sine evner og ressursar der. Dei skal ha med seg ein god basis kristendoms-kunnskap slik at dei har eit grunnlag å bygge trua på, kunnskap om den treeige Gud, Bibelen, om misjon og diakoni gjennom teneste for andre. Når det gjeld haldningar ynskjer vi at born og unge skal ha ei positiv forståing av at dei har ein kristen identitet samstundes som dei respekterer andre som har ein annan bakgrunn og ei anna tru. Dei skal ha med seg haldningar som gjer at dei ser nytten og verdien av å dele og ta vare på miljø og fellesskap. Delta i gudsteneste eller andre kristne samlingar med sine evner og ressursar, vite korleis dei kan be og finne fram i Bibelen, kunne dele goder med andre. Born og unge skal gjennom oppveksten få med seg nokre opplevingar av fellesskap og høgtid som vil følgje dei som viktige verdiar vidare i livet. Dei skal vite at dei høyrer til i ei kyrkje som formidlar håp og tru og gir dei mot til å leve. Vedlegg: IMG_5338.JPG (/Files?fileID=f2ce7fe0-994c-4fd8-87c7-d6ae085bfeb0) Grunnlag og særpreg kommune har hatt ein sterk folkevekst dei siste åra. Omlag 60% av innbyggjarane er under 40 år. har kortast veg til flest andre kommunesentra i fylket, og har også kort veg til Ålesund og flyplass. E39 går tvers gjennom kommunen. Halvparten av dei arbeidsføre har arbeidet sitt utanfor kommunen. Kommunen har variert næringsverksemd, med mellom anna industri, oppdrett og jordbruk. Meir enn halvparten av kommunen sin innbyggjarar bur i bygda, medan resten bur i bygdene Glomset, Valle, Brusdal, Utvikbygda, Stette, Fylling og Engesetdal. Her er tre kommunale skular; Valle skule, Stette skule, barneskule og ungdomsskule. I tillegg har vi Møre barne-og ungdomsskule, ein kristen privatskule, førebels lagt til Brusdal sitt gamle skulebygg. Her er fire kommunale barnehagar: Prestemarka barnehage, barnehage, Stette barnehage og Valle barnehage. Her er ein privat også, det er Plassebakken barnehage. Kyrkja har eit godt samarbeid med skulane og barnehagane. (Sjå vedlegg.) har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Kommunen har eit rikt kulturliv, med mange idrettslag, kor og musikkorps. Golf, trial, skyttarmiljø, dykking, skiaktivitet og musikkfestival trekkjer også folk utanfor kommunen hit. har markert seg som ein verdikommune i mange år, med verdiprosjektet "BRUER" og vennskap med kommunen Voi i Kenya. bruene i Saltvasstraumen er teke med i kommunevåpenet. Det er svært mange lag og organisasjonar i kommunen. sokn er eit av mange sokn i Storfjorden kyrkjelege fellesråd, som igjen er delt opp i Indre og Ytre Storfjorden. Her er seks tilsette i sokn, og av dei arbeider fire i alle dei tre sokna i Ytre Storfjorden. kyrkje vart bygd i 1860 og har 350 sitjeplassar. Behovet er stort for meir tenlege lokale til kyrkjelyden, og særleg trusopplæringa sine aktivitetar. Det er difor sett i gong planarbeid for å bygge ei kyrkjestove i tilknyting til kyrkja.

2 Kontinuerleg arbeid som kyrkjelyden driv sjølv er kyrkjekor, babysang, kyrkjeklubb for psykisk utviklingshemma, mannsmisjonsgruppe og bibelgrupper. Fem søndagsskular i soknet, barnekoret Jubalo, speidartropp med tilknyting til KFUK-KFUM og KRIK reknar seg sjølve med i den nasjonale trusopplæringa. Soknet har 4 bedehus; i sentrum, på Valle, på Glomset og i Engesetdal. Her er fleire misjonsforeiningar for både barn og vaksne. Kyrkjelyden har Himalpartner som misjonsprosjekt, og fleire misjonærar har vore utsendt frå gjennom tidene. Kyrkjelydsarbeidet har hatt ein opptur etter nokre vanskelege år. Soknet har hatt tre NaMu spørjeundersøkjingar, (Naturleg kyrkjevekst) der vi har fått stadfesta at vi har auka engasjement og tilknyting til kyrkja. Smågrupper og kurs er starta opp i tillegg til kyrkjeklubben og babysangen. Kyrkjekaffi på kvar gudsteneste har betra samhaldet. Trusopplæringsarbeid og diakonalt arbeid har fått auka merksemd, og vi er godt i gong med utviding av tiltak innanfor begge desse områda. Diakonien skal vere tydeleg i alt arbeid. Vi vil signalisere at vi er ei kyrkje som særleg vil kome i møte menneske som har vanskar, både usynlege og synlege. Vi vil legge til rette for at alle som har ei funksjonshemming lett skal kunne delta i tiltaka. Vi har laga eit informasjonsskriv om dette som skal ligge m.a. på heimesida. Deltaking i gudstenestene er ein viktig del av arbeidet med å fornye trusopplæringa. Vi har arbeidd med å verte tydelegare på innhaldet, med vekt på sentrale delar av vår kristne tru. Vi ynskjer at det skal vere levande og variert formidling og involverande deltaking av born og unge i gudstenester og samlingar. Vi tenkjer at nokre tiltak kan stå utan tilknyting til gudsteneste. Eit døme på det er Familieturen som tiltak for småbarnsfamilier. For å utvide tiltaka til å gjelde alle aldersgrupper, må fleire friviljuge oppmuntrast til å kjenne ansvar for at born og unge skal få opplæring i den kristne trua. Vedlegg: Kjernesongar og kjernesalmar i trusopplæringa.docx (/Files?fileID=3f11e47f-d62d-48d6-ad54-8d462c09e32d) Kjernetekstar i trusopplæringa, vedlegg.docx (/Files?fileID=b0e59822-d b41eca5fefe) Samarbeid kyrkje og bhg og skule vedlegg til trusopplæringsplanen.docx (/Files?fileID=e b ae66c848ee04) Organisering, rammer og ansvar Den tidlegare styringsgruppa for trusopplæring for Ytre Storfjorden er no lagt ned, og trusopplæringsutvalet og soknerådet har i samarbeid med diakonen arbeidd fram planen i fleire runder, etterkvart har stab og særleg kateket jobba med den og etter tilbakemelding frå biskop med påfylgjande korrigering, vart endeleg vedtak gjort av soknerådet i november Dei to tilsette som har mest med trusopplæringsarbeidet å gjere, er diakon og kateket. Diakonen har ansvaret for trusopplæringa for born opp til konfirmantalder, og kateketen for konfirmantane og dei som er litt eldre. Diakonen har ansvar for oppfylgjing av trusopplæringsutval og diakoniutval. Saman med dei andre i staben og friviljuge medarbeidarar, skal desse to gjennomføre oppgåver og tiltak i trusopplæringa. Sokneråda skal i framtida ha ansvaret for at arbeidet vert utført etter planen. Kyrkjeverja har hovudansvar for den økonomiske delen av trusopplæringa, og økonomirapportane. Sentrale dimensjoner Samarbeid med heimen og familien Den beste trusopplæringa skjer i heimen. Vi vil utvide kontakta med heimen for å kunne gje hjelp og støtte til denne opplæringa. I dåpssamtalen blir foreldra presentert for kyrkjelyden sin plan for trusopplæring.

3 Sentralt innhald skal gå igjen slik at borna får kjenne att og lære desse delane opp gjennom oppveksten. På den måten vil kyrkjelyden i samarbeid med foreldra gje borna opplæring i bibelfortjingane, bøner og salmar som vi ynskjer dei døypte skal få med seg. Når dei er små er det naturleg at foreldra er med, men også seinare er det fint å kunne invitere foreldre,besteforeldre og fadrar til tiltaka. Invitere foreldre med i tiltaka som medhjelparar og involvere foreldrerepresentantar der det er naturleg i utforming, gjennomføring og evaluering av trusopplæringstiltak. Medverknad frå barn og unge Born og unge har rett til medverknad og må få lære å ta ansvar. Dei er førebels ikkje representert i vedtaksføre organ i kyrkja lokalt. Vi vil i framtida prøve å inkludere born og unge i råd og utval. Unge som har leiaroppgåver i kyrkjelyden og i det friviljuge arbeidet, kan få medverknad og høve til å utvikle forståing for demokrati. Ved å utfordre og utruste gjennom leiarutviklingskurs og praksis vil vi la dei få medmerknad. Born og unge får vere med å førebu gudstenester på fleire av trusopplæringstiltaka. Det vert lagt vekt på at born har ulike læringssansar, og kreative uttrykk som drama, film, musikk, song og biletkunst og visualisering er viktig. Born og unge får vere med å kome med forslag til gudstenesteopplegget, når dei er aktivt deltakande, t.d. på gudstenesteverkstad under LysVaken, Tårnagenthelg og konfirmant - weekend. Inkludering og tilrettelegging Opplegga våre må tilretteleggast slik at alle har utbyte av det, uansett behov. Kyrkjebygget eller dei lokala vi nyttar skal til ei kvar tid vere tilrettelagt slik at alle kan vere med. Dette vert kunngjort i alle invitasjonar til trusopplæringstiltak og på heimeside. Likevel er det viktig å få oversikt over behov for særskild tilrettelegging i opplegg og fysisk utforming av lokala, såvel som mat og drikke. Teamet på kvart tiltak bør vere stort nok (evt. ha god nok kompetanse) m.o.t. tilrettelegging for born med særleg store funksjonsvanskar. Tolk/døvetolk eller spesialpedagog kan vere slik kompetanse. Innvandrarbarn som ikkje kjenner godt språk, kultur og kristendomen treng tilrettelegging frå vår side. Vi vil inkludere flyktningar som kjem til kommunen. Diakonen har naturleg samarbeid med flyktningtenesta, helsetenesta, barneverntenesta og sosialtenesta både førebyggande og i høve enkelte born og unge som har ekstra behov for hjelp. Vi må «fremje likestilling og likeverd, sikre like muligheiter og rettar" og hindre diskriminering. Gudstenester Born og unge høyrer med i gudsteneste-fellesskapet. Gudstenestene er ein viktig arena for trusformidling og oppleving. Vi vil utvikle fleire gudstenester der born og unge er med og skaper innhald i gudstenesta. Gudstenesteverkstad i forkant som fast arbeidsmåte på Tårnagenthelg, Lysvakenhelg og ungdomsgudstenester. Songen og musikken må vere variert, slik at borna og ungdomane opplever at musikken er tilrettelagt også for dei, og ikkje berre vaksne. Born og unge kan delta som medliturgar, i preika, under nattverden, lese tekstar og bøner, delta med song, dans og evt. spele instrument. Gjennom sentrale ledd som Fadervår, truvedkjenninga, bønene og velsigninga møter born og unge sentrale trusuttrykk som ikkje høyrer berre søndagsgudstenesta til, men også kvardagen. Kyrkjeåret sine tekstar i preika kan ofte høve som forkynning for born, men det er viktig at trusopplæringsplanen sine kjernetekstar som borna skal lære gjennom oppveksten vert brukte. Diakoni Diakoni - både lokal og internasjonal diakoni - er ein viktig del av trusopplæringa. Mange tiltak har sitt utgangspunkt i eit diakonalt tiltak. Diakonien sine hovudområde er: Inkluderande fellesskap, nestekjærleik, vern om skaparverket

4 og kamp for rettferd. Desse må vere gjennomgåande også i trusopplæringa. Dei lokale diakoni- og trusopplæringsplanane må korrespondere. Gudstenestene og dei andre samlingane er for ALLE, uansett funksjonsevne, kulturbakgrunn, kjønn, språk m.m. Det skal vere eit system som gjer det lett å inkludere barn, unge og i stor grad også medhjelparar. Tilrettelegge alle sider under våre møte med kvar enkelt, slik at ho/han opplever å høyre til i fellesskapet. Livet sine vanskelege spørsmål og opplevingar som gjev kjensle av sorg og tap må vi ta på alvor både i forkynninga og i møte med enkeltmennesket. Det kan kome av kriser i samband med alvorleg sjukdom, samlivsbrot i familien, omsorgssvikt og dødsfall, men også av mobbing eller mangel på å vere verdsett av vaksne. Tilbod om samtalegrupper for born og unge, samtale med diakon, prest eller spesialhelseteneste er viktig å tilby når livet vert for vanskeleg. Samarbeid med barne- og ungdomsorganisasjoner Vi vil samarbeide med og støtte opp om det kristne barne- og ungdomsarbeidet som er i funksjon. Når det gjeld barnearbeidet er det KFUK-KFUM sitt speidararbeid, barnekoret Jubalo som er medlem av Norges KFUK-KFUM, dei 5 søndagsskulane som er medlem av Søndagsskolen Norge. Når det gjeld ungdomsarbeid er det lokal KRIK - gruppe som er medlem i KRIK Norge. Vi samarbeider med Himalpartner om kyrkjelydens misjonsprosjekt i Nepal og konfirmantlaurdagen. Her er også NMS U og Israelsmisjonen med. NMS U og KFUK - KFUM er samarbeidspartar i leiarutviklingsarbeid, og Kirkens Nødhjelp under fasteaksjonen. Der det ligg til rette for lokalt samarbeid om særskilde arrangement med andre organisasjonar i kommunen om tiltak for barn og unge, vil vi ta initiativ til det. Det kan m.a. vere Brusdalsheimen leirstad som ligg i, der mange born frå soknet reiser på leir. Kommunikasjonsarbeid Vi sender ut invitasjonsbrev til alle døypte og tilhøyrande (mor eller far medlem) i ei aldersgruppe til alle aldersbestemte tiltak. Vi får henge opp eller dele ut invitasjonar i dei kommunale barnehagane og skulane, slik at også andre born kan få vere med. Annonser i avisene nyttar vi ikkje, men vi skriv gjerne ein omtale med bilete, noko lokalavisene Bygdebladet og Nordre gjerne tek gjerne imot. Bruke og gjere kjent på heimesida (ny frå 2016) har vi som ei viktig målsetjing. Dette gjeld også sosiale medier. Brosjyrer om trusopplæringstiltak er laga og vert delt ut til dåpsforeldre. Dei må til ei kvar tid fornyast og leggast i kyrkja, på Rådhuset og evt. andre stader. Vi må lyfte fram trusopplæringa i alle samanhengar, og synleggjere måla vi har som kyrkjelyd. MEN det viktigaste informasjonsarbeidet skjer i direkte kontakt med folk.bruke og gjere kjent heimesida. Musikk og kultur Kantor har det overodrna ansvar for musikken i gudstenesta og elles i kyrkjelydsarbeidet. I den grad det er praktisk mogleg vil vi invitere han/ho også på trusopplæringssamlingar utanom gudstenesta. Kyrkjemusikalsk plan er ikke handsama enno, men vi har utarbeidd ein rådgjevande plan med songar og salmar i kvart enkelt aldersbestemt tiltak frå 0-18 år. Vi har babysang i kyrkja annakvar veke og vi legg opp til aktiv deltaking av born og unge med både biletkunst, song og musikk i gudstenestene. Bilete og visuelle uttrykk brukar vi på powerpoint på alle barnegudstenestene for å understreke evangeliet, og la bileta tale til dei som ikkje kan å lese.

5 Vi vil vidareutvikle samarbeidet med barnekoret Jubalo, kyrkjekor og musikk- og songkrefter elles i bygdene. Vi vil også ha fokus på kyrkjemusikk, biletkunst, og andre synlege trusuttrykk frå andre kulturar. Misjon Misjon som sak er viktig å få fram i trusopplæringa, for det er det oppdraget Jesus ga oss. Kyrkjeåret sine tekstar handlar ofte om misjon. kyrkjelyd har misjonsavtale med Himalpartner om eit misjonsprosjektet i Nepal. Misjon vil vere tema på dei fleste samlingar i trusopplæringa. Døme: I Tårnagentlabyrinten er det lagt inn misjonsglimt, og misjonskontakta, misjonærar eller andre kan vere med. Den årlege konfirmantlaurdagen i Ytre Storfjorden er ein misjonsdag, der repesentantar frå Israelsmisjonen, Det Norske Misjonsselskap (NMS) og Himalpartner deltek. Vi har ei misjonsgudsteneste som avslutning på dagen. Tilbod om tur til misjonsprosjekt i utlandet vert gjeve til fjorårskonfirmantane i Ytre Storfjorden. Tverrfaglig samarbeid Det skal helst vere team som arbeider med trusopplæringa. Ikkje alltid lett å få vere tverrfaglege, ofte er det ein tilsett og friviljuge. Kateket og diakon har mest samarbeid på plannivået, og ikkje på gjennomføring. Begge har nært samarbeid med prestane om gudstenestearbeid primært, men noko planarbeid og noko arbeid på kveldstid/laurdag. Kantor er mest med i gudstenestearbeidet, men vi vil utvide samarbeidet om andre ting også. Kyrkjetenar, dagleg leiar og sekretær er med på tilrettelegging på ulikt vis,både administrativt og praktisk. Vi har oppretta eit fagutval i Ytre Storfjorden for diakon, kateket, prestar, kantor og prest. I dette tverrfaglege utvalet vert det teke opp trusopplæringstema med jamne mellomrom. I prostiet har dei same yrkesgruppene også oppretta eit trusopplæringsforum, men det er sjeldnare møter her. Frivillig medarbeiderskap Rekruttering av folk til trusopplæringsutvalet er soknerådet sitt ansvar. Rekruttering av nye friviljuge til komitear i trusopplæringsarbeidet er ei viktig og stadig pågåande satsing som tilsette og friviljuge må hjelpe kvarandre med. Dei som har vore med lenge må få avlasting når dei ynskjer det, og nye trengst til nye tiltak. Utrusting i tenesta i form av kurs, rettleiing og støtte på ulikt vis er viktig. Utrusting, takking og verdsetjing av friviljuge må tilsette og sokneråd gjere i fellesskap. Trusopplæringsutvalet møter min. 2 møter pr. år for å gjennomgang av planar, sjå på neste halvårs tiltak, få oversikt for behov for friviljuge og engasjere folk til teneste. Evaluering av planen er også deira oppgåve. Arbeidsmøter er nyttige for dei som er saman om eit tiltak, der ein går gjennom oppgåver, mål, forventningar og utfordringar. Ingen skal kjenne seg åleine i oppgåva.

6 Tiltak Antall aktive tiltak: 18 Totalt antall timer: 337 Babysong 1 Skape song og musikkglede for dei minste. Gjere foreldra trygge som formidlarar av kristne songar/salmar og kveldsbøner. Knyte band etter dåpssamtale og dåp/gudsteneste. Sosialt fellesskap med andre i same livsfase. La nyinnflytta bli kjende med andre småbarnsforeldre og tilsette i kyrkjelyden. 18 Samlingar/samvær 36 Timer totalt Diakon Babyar/føresette kan kome inn i gruppa kontinuerleg dersom der er plass. Gje ord og tryggleik til å praktisere tru heime og i kyrkja. Gje foreldre kompetanse og tryggleik på gode samspelsmetoder ut frå kristen grunntenkjing. Jesus lyfte fram borna som fullverdige menneske. Kveldsbøn og andre bøner gjev tryggleik/tillitsfulle born. Songen gjev glede og hjelp også i små barns liv, når orda ikkje er lært enno. Leiken gjev hjelp til livstolking og livsmeistring.leik og kontakt mellom spebarn. Lære foreldre og barn bøner med og utan melodi. Songar frå barnesalmeboka og andre barnesangbøker, CD`ar og anna materiell frå m.a. IKO. Setje fokus på barnet som krona på skaparverket. Musikk står sterkt i gudstenesteliturgien og andre kristne samanhengar. Gjennom song og samtale. La borna vere i sentrum som aktive deltakarar etter kvart som dei meistrar. Formidle det doble kjærleiksbodet. Barnet er skapt og elska av Gud. Difor er dei i stand til å elske tilbake, elske sine foreldre og sine medmenneske. Lengt etter Gud ligg i alle skapte, også dei minste. Lære foreldra om barneeigenskapane slik at foreldra er i stand til å hjelpe barnet med trusutviklinga deira. Motivere til godt samspel mellom foreldre og born. Diakoni og trusopplæring i eitt.

7 Felles sangstund. Songen sentral. Sitje på matta, synge med og utan rørsler til songane. Bruke rytmeinstrument. Former og symbol. Danse i ring. Vandre til musikk i kyrkjeromet og observere kyrkja sine symbol og tente lys, blomar på altaret. Tenne lys sjølve i lysgloben. Leik på matta. Måltidsfellesskap. Samtale. Vedlegg: BABYSANG plakat haust 2015.docx (/Files?fileID=4ee dd-4a30-92ff b962f) Dåp og foreldrekontakt 1 Ta imot barnet inn i Guds kyrkjelyd på jorda. Skape tilknyting til kyrkja og trua. Knyte kontakt mellom heim og kyrkje. Informere om dåpen og gudstenesta. Invitere til tiltaka vi har i trusopplæringsarbeidet og kristne barneaktivitetar. Knyte kontakt mellom heim og kyrkje. 2 Samlingar/samvær 3 Timer totalt Prest. I invitasjon til dåp får dei ei lokalt laga brosjyre med kveldsbøn. Dåpssamtalen: Møte mellom foreldre, dåpsbarn og prest. Foreldra får høve til å reflektere saman med presten over deira ynskje om å døype barnet. Presten får orientere om kyrkja sitt mål med dåpen. Gjere dåpsbodet kjent for foreldra. Dåpen i kyrkja: La foreldre, dåpsbarn og fadrar kjenne at dei er velkomne i den kristne kyrkjelyden lokalt og i Guds rike på jorda. Dåpsbodet. Dåpsliturgien. Jesus og borna. Truvedkjenninga. Fadervår og kveldsbøn. I kyrkja: Liturgien og salmane. Dåpshandlinga. Bøn for barnet. Fadervår. Lystenning. I heimen: Kveldsbøn og bordbøn. Kristne barnesongar. Biletbøker med pedagogisk og kristen vinkling. Godt samspel mellom foreldre og barn. Skape tillit og tryggleik. Dåpssamtalen.

8 Dele ut brosjyrer om kyrkja sine trusopplæringstiltak. Invitere til babysang spesielt. Informere om dei kristne tilboda for born i soknet, særleg søndagsskulane. Reklamere for Tripp Trapp, IKO sitt tilbod til trusopplæring i heimen. Syne konkrete eksempel. Dåpen: Tilrettelegge slik at dåpsfamilien kjenner seg velkomne i kyrkja og inkludert i kyrkjelyden. Invitere til aktiv deltaking ved t.d. lesing av tekst under dåpsliturgien, lystenning, delta i prosesjon. Dåpslys og dåpslysestake får dei med heim. Dåpsdagshelsing 1-3 Påminning om dåpen og feiring av dåpsdagen. Motivere til trusopplæring i heimen, og invitere foreldre og born til kyrkja og kyrkjelyden sine aktivitetar for å gje foreldra hjelp ut frå dåpslovnaden. 0 Samlingar/samvær 0 Timer totalt Kontorsekretær Motivere og myndiggjere foreldra til kveldsbøn, bordbøn, song og lesing av bibelforteljingar/kristne barnebøker. Be for borna. Lære borna kveldsbøn. Biletbøker med kristent innhald. Kulturelle uttrykk, bilete av Jesus, sjå på kunst som er inspirert av Bibelen og den kristne trua. Bøn. Bordvers. Kome til kyrkja og oppleve gudstenesta sine uttrykk, orgelmusikk, song, lys og symbol. Rundt eit, to- og treårsdagen for dåpsdagen vert det sendt ei helsing for å minnast dåpen. 4-åringstreff og utdeling av 4 - årsbok 4 La borna bli kjend med Jesus som besteven.få kjennskap til nokre bibelhistorier og barnesongar. La borna kome til kyrkja og oppleve kyrkjebygget som eit spanande hus. Bli kjend med nokre av dei tilsette og friviljuge i kyrkja.

9 3 Samlingar/samvær 4 Timer totalt Diakon, friviljuge, prest. Lære og undre seg over kva ein ven er, og få høyre forteljingar om Jesus som ein ven vi kan stole på. Lære om Jesus som vår ven. Høyre forteljingar frå Bibelen: Skapinga. Sauen som vart attfunnen. Jesus stiller stormen. Jesus og borna. Nohas ark. Andre forteljingar og songar frå 4- årsboka. Høyre forteljingane. Lære ei kveldsbøn. Synge bordbøn til måltidet. Skape noko, gjerne med tema frå 4 - årsboka. Delta på gudstenesta med song. Oppleve dei ulike ledda i enkel liturgi. Sjå bilete, kyrkjekunst og høyre salmane. Kveldssamlingane: Høyre ei bibelforteljing på kvar samling. Synge nokre av songane og salmane frå 4 - årsboka. Leike litt. Skape triveleg fellesskap under formingsaktivitet og måltid. Forme noko som gjerne kan synast fram på gudstenesta. Lystenning og bøn. Førebu dei litt til gudstenesta søndag, fortelje born og foreldre kva som skal skje då. Gudstenesta: Oppleve gudstenesta og delta aktivt ved å sjå bilete på powerpoint som understrekar liturgien, gjerne også bilete frå kveldssamlingane. Observere den faste kyrkjekunsten. Høyre orgelspel, evt. andre instrument og salmesong. Opptre med eit par av songane frå 4 - årsboka og ta imot boka under utdelinga i gudstenesta. Kyrkjekaffi/saft og kaker. Familieturen 5 La borna få oppleve Guds fantastiske skaparverk gjennom vandring i naturen ilag med sysken, foreldre, fadrar og andre. Møte ei bibelforteljing undervegs i form av "undrestasjonar" eller "gjerestasjonar". Undring og refleksjon. Markere verdien av å vere i Guds skaparverk. Oppmuntre korleis vi skal ta vare på naturen og bruke den. 2 Samlingar/samvær 6 Timer totalt

10 Diakon I Friluftslivets år starta vi eit nytt tiltak som vi vil halde fram med kvart år. Variasjon av tiltak kan vere det å bruke naturen i staden for kyrkjeromet. Vi inviterer 5-åringane, men samtidig kan dette vere eit arrangement som er ope for alle familier. Oppleve felleskap. Samarbeid. Identitet. Oppleve glede over naturen og Guds skaparverk. Jesus bryr seg om alle. Forteljinga om Sakkeus står i fokus på denne turen som vi kallar "Klatreturen". Reflektere over historia om Sakkeus. Jesus vil møte alle (små og store, rike og fattige, ærlege og uærlege). Familieturen (tips frå boka Familieturen frå IKO) Legge opp ulike turar, t.d. ein sommartur og ein vintertur. Om oppslutninga er stor kan ein oppmuntre til fleire turar gjennom året. Undervegs i vandringa vil dei møte "personar" eller forteljingar frå Bibelen. Bål og grilling. Leikeprega fellesaktivitet. Legge vandringa til stiar der rullestolar og barnevogner kjem lett fram. Vedlegg: Invitasjon til 5 - åringar i 2015, Familieturen.pdf (/Files?fileID=0eb587f2-406f-4be9-81ef-d64c4996f9ea) Dåpsskule for 6-åringar 6 Målet er at 6-åringane skal bli kjend med Gud og Jesus og lære om dåpen. Samlingane i forkant skal stå som sjølvstendige og verdifulle samlingar, men er også ei lita førebuing til gudstenesta der dei får utdelt 6 - års boka. Borna skal kjenne seg trygge i kyrkja, og bli kjend med kyrkjebygninga og dei ulike symbola. Bli kjend med nokre av dei tilsette og friviljuge medarbeidarane. 3 Samlingar/samvær 4 Timer totalt Diakon, friviljuge, prest.

11 Borna skal bli kjend med symbola i kyrkja og undre seg over dåpen og nokre av forteljingane frå Bibelen: Den miskunnsame samaritan. Bartimeus. Formidle for borna at Jesus og bibelforteljingane er relevante i deira liv. Bli kjend i kyrkjebygninga, kunst og symbol. Lære om dåpen som er Guds gåve til alle. Bibelforteljingar. Varierte formidlingsmåtar. Oppdage litt av liturgien under gudstenesta. Songar, bilete og forteljingar frå 6 - årsboka. Bordvers til måltidet. Lære ei kveldsbøn. La dei få høyre Fadervår. Velsigning. På samlingane: Høyre ei bibelforteljing frå 6 - årsboka på kvar samling. Lære nokre av songane og salmane i 6 - årsboka. Leik. Oppleve dåp: Leikedåp på samlinga, ekte dåp viss det er dåp på gudstenesta. Evt. dåpspåminning. Bruke dei fire byggesteinane:sjå,gjere,høyre og smake. Skape ting, gjerne med utgangspunkt i bibelforteljinane. Bordvers. Måltidsfellesskap. Lystenning og bøn til slutt. Gudstenesta: Delta på nokre liturgiske ledd, gjerne med rørsle til velsigning og bøn. Opptre med song. Utdeling av boka. Kyrkjekaffi/saft og kaker. Vedlegg: Invitasjon til 6 - åringar i 2015.pptx (/Files?fileID=b3bcca7d-8ddb-474d-b70d-4146d8372bc2) Jubalo, barnekor 7 Gje tilbod om eit trygt og godt fellesskap, der dei unge får høyre om Jesus. Koret sine leiarar ser på seg sjølve som ein viktig del av trusopplæringa, der dei gjennom song og ord kan formidle kristen tru og inspirere til sangglede og fellesskap gjennom sang,dans og leik. Koret opptrer på bedehuset, i kyrkja og Gomerhuset. Koret er tilslutta Norges KFUK - M, og er difor med på den årlege Triangeldagen ilag med andre kor i Møre. 18 Samlingar/samvær 36 Timer totalt

12 Friviljuge barnekorleiararar Oppleve felleskap. Oppleve sangglede. Identitet. Samarbeide på øvingar og prosjekt. Lære å ta vare på vener. Få kunnskap om kristne barnesongar. Bibelkunnskap. Oppleve at dei er ein del av det kristne felleskapet i bedehus og kyrkje. Forteljingar frå Jesu liv. Skapinga. Høgtidene. Samlingar med song, andakt, bøn, leik og moro. Lære å synge, lære å be, lære å lytte til Guds ord. Lære å syne omsorg for sin neste. Vere eit inkluderande felleskap. Korøving annakvar veke. Oppvarming, leik, korsang der gruppa vert delt i to ut frå alder. Alder frå 2. klasse og oppover, vi reknar berre fyrste året i statistikken, for det er best prosentvis oppmøte og kan reknast som eit breiddetiltak. Deltek på gudstenester med song, tekstlesing og bøn. Opptrer på kyrkjebasar, bedehusbasar og julemesse. Konsertar i samarbeid med kyrkjekor, triangeldag i krinsen m.m. KFUK - KFUM Speidargrupper 8 Formålet til Norges KFUK-KFUM speidarar er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Dei vil hjelpe menneska å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og i mellommenneskeleg forståing, samt utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt. 40 Samlingar/samvær 80 Timer totalt Friviljuge speidarleiarar Speidarane i 3. klasse har speidarsamling kvar veke, og dei har stor oppmøteprosent og kan reknast som eit breiddetiltak for både jenter og gutar. 4. klasse har også speidarsamling kvar veke, men litt mindre oppmøteprosent klasse, dei som er eldre har meir turopplegg, leirar m.m.

13 Å kjenne at dei høyrer til det kristne fellesskapet. Å kjenne si rolle i vennskap og relasjonar. Lære å ta vare på seg sjølv og andre. Samarbeide og lære å meistre det å vere ute i naturen i all slags ver og bruke det naturen har å gje. Oppleve at dei er ein del av kyrkja. Delta på gudstenester og samlingar i kyrkja. Lære å be. Bibelforteljingar. Omsorg. Skapingshistorie. Jesu liv. Høgtider. Bli sett av kyrkja og kristenfolket sine friviljuge medarbeidarar. Andakt. Speidarbøna. Utforske Guds skaparverk. Vandring og aktivitet i naturen. Delta på 17. mai - gudsteneste i kyrkja og på friluftsgudstenester. Alle speidarsamlingar foregår utandørs, i skog, ved sjø. Turar på fjellet. Speidarbøn, og andakt og song på kvar samling. Lese tekstar, flaggborg m.m. i kyrkja 17. mai. Tilrettelegge og delta på friluftsgudstenester. Tårnagent - helg 8 Borna skal kome til kyrkja med forventing og spenning til det å vere tårnagentar. Leite og finne skattar i kyrkja og i Bibelen. Oppleve at kyrkja er ein stad med historisk grunn, der menneska gjennom tidene har funne felleskap med Kristus og kvarandre. Oppdage kyrkja frå kjellar til tårn. Oppleve felleskap med jamaldringar og kyrkja sine tilsette og friviljuge. 2 Samlingar/samvær 6 Timer totalt Diakon, friviljuge, prest.. Skape kunnskap om kyrkja og kyrkja si historie. Kjenne at vi høyrer til i Guds hus, i fellesskap med kyrkjelyden. Lære om og kjenne ansvar for misjon. Tenkje over si rolle i vennskap og andre relasjonar. Få kjennskap til 1. trusartikkel. Dei fyrste kristne. Den rike bonden. Det daglege brødet for dei andre. Misjonsbodet. Fadervår. Nattverd.

14 Høyre og dramatisere bibelforteljingar. Synge salmar og songar. Velsigning. Be bøner. Tenne lys. Erfare å gje, fadderbarn eller ofring. Gje tilbod om bønevandring og nattverd. Laurdag: Skattejakt. sporleiting etter skattane i kyrkja og i Bibelen. Samtale, undring. Gudstenesteverkstad med dramtisering av tekst, skrive og teikne bøner på esker til bønetårn.tenne lys. Oppdage kjellaren, om kyrkja står på sand- eller steingrunn. Klatre i tårnet og sjå utsikta frå fugleperspektiv. Kyrkja sin plass i lokalmiljøet. Måltidsfelleskap. Nattverdkurs. Leik. Gudstenesta:Deltaking med dramatisering av preiketekst el. anna tekst. Tekstlesing. Lese opp bøner frå bønetårnet. Lystenning.Delta på nattverd. Bønestasjonar. Vedlegg: Agenda TÅRNAGENT kyrkje 14. februar 2015.docx (/Files?fileID=09554d32-11cc-4fa6-bc36-ad48d2f013b4) Gudsteneste kyrkje Tårnagent 2015.docx (/Files?fileID=628a234e-22cc af6b6c) Vil du vere tårnagent i kyrkja februar 2014 brev sendt ut til heimane.pdf (/Files?fileID=dd1d6814-2ac9-42d5-b6c3-c795baa4906c) Bursdagsfeiring og friluftsgudsteneste, Ørskog 9 Å gje kunnskap om Kristi himmelfartsdag og om pinsa som høgtid. 1 Samlingar/samvær 2 Timer totalt Diakon. Prest. Friviljuge. Tiltak under arbeid Tiltak under arbeid Tiltak under arbeid Friluftsgudsteneste på Tøsse for Ørskog sokn og sokn. Familiegudsteneste. Grilling. Natursti. Bygdevandring.

15 (Utdeling av den "Usynlige vennen", Kari Vinje) LysVaken 11 Invitere borna til ei LysVaken - helg der dei skal få lære Jesus, verda sitt lys betre å kjenne. Få oppleve eit trygt og godt fellesskap i mørketida. Vere lys vakne for Gud, seg sjølve og for kvarandre. Overnatte i kyrkja, få ei spesiell oppleving ilag med jamaldringar og trygge vaksne. 1 Samlingar/samvær 16 Timer totalt Diakon. Prest. Friviljuge. La borna få oppleve at kyrkja er deira hus. Oppleve at det er trygt og kjekt å overnatte i kyrkja ilag med jamaldringar og vaksne. Oppleve at dei vert høyrt og sett av vaksne, og bli oppfordra til å sjå og høyre kvarandre. Jesus 12 år i tempelet. Borna på tempelplassen. Johannesprologen. Adventstid. Lucia. Det du vil at andre skal gjer mot deg. Medarbeidar i gudstenesta. Lage bøner. Utforske skattane i Bibelen. Utfordring til diakonal praksis gjennom bibelforteljingane og historier knytt til Bibelen, t.d. Papa Panov, inspirert av domssøndagens tekst i Matt. 25. Felles bli - kjendsamling, øve på LysVakensongen. Gudstenesteverkstad, bønesamling og bibelforteljing. Refleksløp til bedehuset med ord om lys frå bibelen på postane. Aktivitesstund med forming, frileik og spel. Felles måltid. Filmstund med snop i kyrkja.overnatting i kyrkja. Deltaking i gudstenesta med song, dramapreike, forbøn og lystenning. Kyrkjekaffi/saft og kake. Ungdomsgudsteneste, med kro og aktivitetar Å lage gudstenester som er for og med ungdomar, med deira uttrykk og deira form.

16 8 Samlingar/samvær 24 Timer totalt Sokneprestar, kantor, kateket, øvrig stab, ungdomskomité, frivillige Gudstenestene vil vere viktigast, men vi vil også satse på kro, aktivitetar, fellesskap og muligheit til å møtast og samtale i forlenging av gudstenesta. Vi håper at desse vil kunne bli ei trekkplaster, noko ein ser fram til og prioriterer.. Trusopplæringa for alderen etter konfirmasjonen har tema "Vegen, Sanninga og Livet". Vi ynskjer at desse tema skal spegle seg i ungdomsgudstenestene. Målet vårt er ei gudsteneste i kvart semester, der den eine har besøk av ytre musikalske gjestar, gjerne eit kor. Vi tenkjer at vi vekslar desse tema framover, og tek eit kvart år. Altså over to gudstenester. Gudstenestene vil vi forsøke å arbeide ei eigen form fram, men bygd på dei liturgiske elementa som alle gudstenestene er bygd opp på. Gudstenestene skal innehelde tilbeding, syndsvedkjenning, bøn og høyring av ordet. Vi tenkjer også at nattverden er viktig i desse. Gudstenester, men der vi vil forsøke å få med band og forsangerar. Kro og fellesskapstiltak etter kvar gudsteneste. Konfirmasjonstida Å undervise i krisen tru, og å syne at Jesus, kyrkjas Herre er verdt å lytte til, og å følgje etter. La dei møte ei kyrkje som bryr seg om dei, som dei høyrer til. 27 Samlingar/samvær 60 Timer totalt Kateket. Prest, øvrig stab, konfirmantføresette og andre frivillige deltek. Konfirmantarbeidet har funne ei form som fungerer godt for tida, men som heile tida må evaluerast og vidareutviklast.

17 Sjå vedlagt plan. Sjå vedlagt plan. Sjå vedlagt plan. Sjå vedlagt plan. Vedlegg: konfirmantplan 2015.pdf (/Files?fileID=f0470ef1-997a-400b-92e2-54bb04fd3c86) Kvitekrist og vikingane Invitere berre gutar. Målet er ein dag i det fri der fokus er brytningstida mellom gamal tru og den nye. Ein dag der alt gjerast på "viking måte". Målet er også den gode samtalen som kan kome i samarbeid, og i ein felles oppleving 1 Samlingar/samvær 12 Timer totalt Kateket, eigen komite. Vi ynskjer å samarbeide breitt med lag og organisasjonar for å lage ein dag som gjev historisk kunnskap, kunnskap om natur, og ikkje minst kunnskap om vår kristne arv. Å gjere, gjev oppleving av å meistre. Å gjere i lag gjer meistringsopplevinga også til nokke ei gruppe ei gruppe kan kjenne på. Her skal vi lage nokke ute på måtar som er gamle tradisjonar, men som nok er nytt fordi det er så gammalt for mange av dei unge gutane. Her er også målet å være gutar i lag rett og slett fordi vi håpar at samtale om nokre vanskelege og viktige ting er lettast når vi er "likemenn". Ved å sjå på brytinga mellom gamal og ny tid då kristninga av Noreg var kan også nyttast til å sjå på den brytinga som er i landet vårt framleis er i. Kyrkja har vore, og er ein tradisjonsberar, vi kan sjå på om tradisjonar har same funksjonen enda. Samarbeid og samhandling gjer at vi kan gjere i lag nokke vi ellers ikkje ville ha vore mulig.

18 Målet vil vere eit måltid som vi nyttar dagen til å lage på vikingmaner, ute. Vi vonar at speidar, historielag og andre tradisjonsberarar vil kunne møte dei unge for å gje dei ei god oppleving av å gjere dette i lag. Vi ønskjer også at dei som er knytt til denne dagen kan gje oss innsikt i og kunnskap om denne brytingstida, også om mulig geografisk. Finast der forteljingar, stader og kunnskap historia i vårt lokalsamfunn? Leir, for dei som vil ha litt meir., Ørskog, Stordal 16 Å invitere dei konfirmantane som ikkje fekk nok i konfirmantåret til litt meir. Ikkje litt meir leir, men ei helg som tek oss litt djupare ned, og litt lengre inn i trua, kyrkja og fellesskapet. Målet vert å gje lyst til også å vere med i kyrkja sitt arbeid vidare. 1 Samlingar/samvær 20 Timer totalt Kateket, sokneprestar, ungdomsutval. Trua modnast mykje i konfirmasjonsåret. For å halde kontakten vidare trur vi at eit tilbod om ei helg må kome gjerne på forsommaren. Konfirmantane har ein helgetur i undervisningsåret, her får dei eit tilbod om ein leir, tur, for dei som vil ha litt meir. Dei står heile tida i ei spenning der mange vil ha kontakt med dei, og aller helst ha heile dei. Vi håper å kunne bygge vidare på ei kontakt med dei der ungdomane kan få hjelp til ein tryggare kristen identitet, også i heile deira liv. For å lykkast med det treng vi å leie dei djupare inn i trua, i kontakt med han som er vegen. Difor har vi Vegen som eit gjennomgåande tema i første året etter konfirmasjonsåret. Ungdomane reiser til England for å besøke, og knytte kontakt med arbeid som NMS driv i England. Den kristne trua kom til Noreg derifrå, no gjev vi den tilbake til eit sekularisert land. Misjonsarbeidet er sterkt diakonalt arbeid, og møtet med dette gjev gode og viktige impulsar om ei tenande kyrkje. I og med at "vegen" er det gjennomgåande temaet så er hovudfokuset kva det vil seie å vere ein som går på vegen, og som følgjer etter han som er Vegen, saman med alle dei andre som går på den same vegen. Vi tenkjer å invitere alle som kan tenke seg meir til ei helg på fjellet, med ulike aktivitetar og samlingar med vegen som eit tema. Muliges så kan vi nytte deler av pilegrimsvegen i Norddal, men det må vi arbeid meir meg. Vi avsluttar turen med kyrkjegang. Vi tenkjer at tiltaket skal vere rekrutterande til MILK kurs. MILK kurs, Ørskog, Stordal

19 16 Å ha få til ein jamnare kontakt med dei frå "leir, for dei som vi ha litt meir" leiren, som er mest motivert til å lære meir, og til å delta litt i kyrkja sine aktivitetar slik som t.d. som hjelpeleiar. Formålet med tiltaket er også at det skal rekruttere til Englandsturen for å besøke NMS sitt arbeid som ein del av opplegget. Eit delmål er også å invitere dei mest motiverte til å delta i bispedømmet sitt leiartreningskurs. 5 Samlingar/samvær 12 Timer totalt Kateket, andre tilsette og frivillige. I utgangspunktet tenkjer vi å bruke KFUK-KFUM sitt kursopplegg for MILK-kurs (minileiarkurs). Vi ynskjer å utvikle, utfordre og hjelpe til å utfalde evner og anlegg dei har, slik at dei kan ta ansvar både for seg sjølve, men også for andre i kyrkja sitt arbeid. Ungdomane er ein ressurs, men det er viktig at dei får sjølve oppleve at dei vert høyrt når vi utfordrar dei. Også her er "Vegen" eit gjennomgåande ord, og vi fører dei meir inn i kristen tru, men også er det viktig at dei også får sjå på og møte fortelingar om personar, menn og kvinner som har betydd mykje i kyrkja sin historie. Den kristne tru kan levast aleine, men best saman med andre. Kyrkjelydane ønskjer å arbeide for at ungdomar kan få eigne arenaer for å leve si tru ut, men også å gje dei bevisstheit om at dei høyrer til i heile kyrkja sitt liv. Vi ynskjer å oppmode og å setje dei i stand til at dei sjølve kan lese i Bibelen og be. Gjennom gruppesamlingar, men også gjennom praktisk deltaking. Vi vil også ha turen til England som ein del av kursopplegget, viss vi får plass til alle på den. Om det ikkje er mulig så må vi ta ei utveljing av deltakarane til den. Å snakke sant om Ei tid for endring. Ikkje all endring i livet gjer godt. "Sannheten", å snakke sant om livet. Også om utfordringar som ein helst skulle ønskje ikkje var der. Målet er å dyktiggjere ungdommane til å ta tak i sider som gjer vondt å sjå, og å innsjå. det er mykje verre å oversjå dei, og forsøke å ignorere dei. Vi som tidligare nemnt så ønskjer vi å ha ulike hovudtema for dei ulike nivåa etter konfirmasjonen. Vi nytter Eg er vegen, sanninga og livet som eit kjernevers, men vi utvidar det litt stil eg er vegen, til sanninga om livet. Å leve eit sant liv gjerast best saman med han som ønskjer å vere til stade i alle delar av livet, også i dei smertefulle og utfordrande.

20 4 Samlingar/samvær 6 Timer totalt Kateket, diakon, sokneprestar, "gode hjelparar". Sjølv om mange snakkar om utfordingar i livet, så er det viktig at kyrkja også gjer det. Vi vil søke samarbeide med kommunale og frivillige organisasjonar for å gjere kjent kva tilbod som er til stede til ungdomar som har utfordringar, store eller små i liva sine. Vi vil arrangere temakveldar, eller andre samlingar der vi tek opp tema frå undervisningsopplegget "Tap, livsmog og Håp" som kateketen er medutviklar til. Tap og sorg kan vere kjelder til mange utfordringar for dei unge, og ikkje minst så er det mange grunner til slike følelsar. Det å sjå utfordingane er viktige, men for å møte dei er det ulike verktøy vi kan ta i bruk. Nokre er gode andre er dåregare. Vi ynskjer å hjelpe dei til å velje gode verktøy i møtet med livssmerte. Kyrkja sin diakoni er viktig for menneske som slit, ikkje berre i form av ei skulder å gråte mot, men også som ein som gjer hjelp til å møte det vonde. Når livet er utfordra er den kristne trua og fellesskap ei viktig hjelp for mange. Å oppleve at ein ikkje er, eller står åleine med utfordingar er ei viktig støtte. Livet inneheld utfordringar og smerte, å snakke om det er delar av sanninga om livet. Temasamlingar, samtale, møte med menneske som har opplevd ulike sider ved livet, samt å møte organisasjonar og "hjelparar" som vil godt for dei unge. På eigne bein Her er vi i det tredje ordet i frå Johannes 14.6, livet. Livsglede, livsval, dyktiggjering til livet og fellesskapet. 3 Samlingar/samvær 10 Timer totalt Kateket, resten av staben, andre frivillige. Å leve med ansvar for meg sjølv. Åleine, og saman med andre.

21 På ein fest heilt på slutten av kurset og trusopplæringa, får en utdelt "brevet" som dei skreiv til seg sjølv då dei var konfirmantar. Starta i Festen sluttar med kyrkjegang. Målet med heile vår trusopplæring er jo at ein skal "meistre" livet. I andre året var temaet sanninga om det litt utfordrande livet, i år er temaet om livet og fellesskap med andre i det. Dette gjeld i den private "samlivssfæra", men også i samfunnet elles. Kyrkja har vigselsrett, og vil må kunne gje gode råd til eit godt samliv. Desse er unge, kva kan vere lurt å gjere, og kan noko vere lurt å vente med? Ei av desse samlingane må være ein moralsk refleksjon rundt samfunn, fellesskap, ansvar, forbruk, etiske spørsmål knytt til desse. Her vil ein kunne trekke inn ulike personar og organisasjonar for å høyre deira meining. Ikkje for å kome fram til einigheit, men rett og slett for å sjå og høyre at der faktisk er ulikt syn på så mangt. Tre samlingar der den eine er ein samtalekveld, ein er eit samlivskurs og ein er ei felles tillaging til ein felles fest. For å feire at vi står på eigne bein. Nesten...i hvert fall.

22 Øvrige tiltak Utvikbygda søndagsskule 0-10 JESUS TIL BARNA er søndagsskulen sin visjon. Søndagsskulen ser på søndagsskulearbeidet som kyrkja sitt mest grunnleggande arbeid. Jesus sette borna i sentrum, vi vil derfor kalle og utruste medarbeidarar til denne viktige tenesta for borna. SØNDAGSSKOLEN NORGE vil gje JESUS TIL BORNA gjennom å forkynne Guds ord, gje kristen kunnskap og føre dei inn i eit kristent felleskap. Friviljuge søndagsskuleleiarar Engesetdal søndagsskule 2-13 JESUS TIL BARNA er søndagsskulen sin visjon. Søndagsskulen ser på søndagsskulearbeidet som kyrkja sitt mest grunnleggande arbeid. Jesus sette borna i sentrum, vi vil derfor kalle og utruste medarbeidarar til denne viktige tenesta for borna. SØNDAGSSKOLEN NORGE vil gje JESUS TIL BORNA gjennom å forkynne Guds ord, gje kristen kunnskap og føre dei inn i eit kristent felleskap. Friviljuge søndagsskuleleiarar søndagsskule 3-11 JESUS TIL BARNA. Søndagsskulen ser på søndagsskolearbeidet som kyrkja sitt mest grunnleggende arbeid. Jesus sette borna i sentrum, vi vil derfor kalle og utruste medarbeidarar til denne viktige tenesta for borna. SØNDAGSSKOLEN NORGE vil gje JESUS TIL BORNA gjennom å forkynne Guds ord, gje kristen kunnskap og føre dei inn i eit kristent felleskap. Friviljuge søndagsskuleleiarar Stette søndagsskule

23 3-11 JESUS TIL BARNA er søndagsskulen sin visjon. Søndagsskulen ser på søndagsskulearbeidet som kyrkja sitt mest grunnleggande arbeid. Jesus sette borna i sentrum, vi vil derfor kalle og utruste medarbeidarar til denne viktige tenesta for borna. SØNDAGSSKOLEN NORGE vil gje JESUS TIL BORNA gjennom: å forkynne Guds ord, å gje kristen kunnskap og å føre dei inn i eit kristent felleskap. Friviljuge søndagsskuleleiarar Valle barneforeining (søndagsskule) 3-11 JESUS TIL BARNA er søndagsskulen sin visjon. Søndagsskulen ser på søndagsskulearbeidet som kyrkja sitt mest grunnleggande arbeid. Jesus sette borna i sentrum, vi vil derfor kalle og utruste medarbeidarar til denne viktige tenesta for borna. SØNDAGSSKOLEN NORGE vil gje JESUS TIL BORNA gjennom å forkynne Guds ord, gje kristen kunnskap og føre dei inn i eit kristent felleskap. Friviljuge søndagsskuleleiarar Vårsol barneforeining 4-12 Gjev jenter tilbod om andakt, song og musikk, handarbeid og måltid. Lære borna om Jesus. Ein annan viktig del av Vårsol sitt arbeid er misjonsarbeid og å hjelpe menneske i andre land. Gjennom basar samlar Vårsoljentene inn gåver til misjonen, m.a. å finansiere eit suppekjøkken på Kola-halvøya i Russland. Foreininga var 85 år i 2014! Friviljuge leiarar KRIK KRIKs formålsparagraf: "Kristen Idrettskontakt ynskjer å bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og kyrkjelyd".

24 KRIKs 6 hovedmål: - Bevisstgjere til kristent liv - Vinne menneske for Kristus - Veilede omkring tru, etikk og idrett - Skape idrettsglede - Utfordre til å ta oppgåver og ansvar innan idrett og kyrkje - Utvikle personkontakt og vennskap KRIK har aktivitetar for ungdom kvar fredag på Gomerhuset. Friviljuge KRIK - leiarar

25 Passive tiltak (gjennomførast ikkje i år) Agent for rettferd - samling for 9 - åringar 9 Borna få innblikk i verda si urettferd, og kva vi kan gjere i kampen for rettferd. Kunnskap om fattigdom, kven som vert ramma hardast under naturkatastrofar. Dei store klimaendringane. 1 Samlingar/samvær 2 Timer totalt Diakon. Friviljuge. Under arbeid Under arbeid Under arbeid Lage til ei laurdagssamling, enten i samband med TV -aksjonen eller frittståande samling, gjerne i friluft. Bibelkurs for 10 - åringar 10 Lære borna å bruke Bibelen. Formidle Jesu bodskap, lære borna å slå opp i Bibelen og leite etter skattane som ligg gøymt der. 1 Samlingar/samvær 2 Timer totalt Kateket og prest

26 Filmsamtale, med kro Å sjå film saman som kan spore til den eksistensielle samtalen. 6 Samlingar/samvær 20 Timer totalt Kateket, filminteressert ungdom Tema avhengig av filmen innhald. Tema avhengig av filmen innhald. Tema avhengig av filmen innhald. Film, mat og samtale.