Bestandsplan

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Bestandsplan"

Transkript

1 1 Askvoll Bestandsplanområde Bestandsplan

2 2 Føreord Dette er bestandplanen for Askvoll Bestandsplanområde for treårsperioden Planen er førd i pennen av Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane Skogeigarlag SA på oppdrag for Askvoll Hjorteutval som er ansvarleg for planen. Planen er ei skildring av hjorteførekomst i tillegg til tiltak for å nå ynskja målsetting. Ein vil likevel nemna at det er valda som får tildelt løyva frå kommunen som før. Jakta føregår i valda slik den har gjort før og dette vil ikkje verte endra på. Ein kan likevel om ein vil, legge opp til flytting av løyver internt i bestandsplanområde, men då må det ligge føre ein skriftleg avtale. 2

3 3 Innhald Føreord 1. Bestandsplanområdets avgrensing og storleik Planperiode Målsetting Organisering, drift og økonomi Status Arealbruk og områdeavgrensing Bestandsutvikling og status Irregulær avgang Handlingsdel Avskytingsmodell Fordeling av kvoten Avgjerslegrunnlaget Rullering av planen

4 4 1. Bestandsplanområdets avgrensing og storleik Askvoll bestandsplanområde dekkjer Askvoll kommune og ein legg til grunn dekar teljande areal. Det er total 18 godkjende hjortevald innafor planområde i varierande storleik. Valdnavn Teljande areal i dekar Askvollholmen Dalsfjorden Førdefjorden Stongfjorden Værlandet og Melværen Gjervik 4243 Grane 3921 Lervåg - Grov 2213 Vilnes 2270 Sætre 1553 Vilnes - Sætre 4200 Høyvik 7034 Laukland 2608 Fauskevik 871 Herland 3590 Stavestrand 2510 Alden 3553 Tviberg 3588 Sum Tabell 1: Valdoversikt Askvoll Bestandsplanområde Som det går fram av tabellen er 5 av valda monaleg større enn dei andre og utgjer med dette omlag 78 % av det teljande arealet i kommunen. Årsaka til dette er at dei organiserte seg i storvald i 2004 gjennom prosjekt Målretta Hjorteforvaltning. Dei andre mindre valda ligg fordelt over heile kommunen, men dei fleste ligg på Atløyna. Avgrensinga av planområde er gjort ved bruk av data frå Merkjeprosjektet i Sunnfjord og lokalkunnskap om hjortens områdebruk. Askvoll Bestandsplanområde meiner med grunnlag i dette at avgrensinga i høve hjortebestand er god. 4

5 5 Figur 2. Kart over Askvoll bestandsplanområde 2. Planperiode Askvoll bestandsplanområde søkjer om godkjenning av ein treårig plan for tidsrommet for forvaltning av hjorten i område. 3. Målsetting For at ein skal kunne styre mot ei ynskja utvikling er det naudsynt med konkrete, målbare og tidfesta målsettingar. Måla skal og ta omsyn til offentlege krav og føringar som ligg tilgrunn for hjorteforvaltning. Askvoll bestandsplanområde ser det likevel som viktig av planen er basert på lokalt forankra målsettingar, ein legg difor tilgrunn at det kan vere ulike ynskjer mellom medlemma i bestandsplanplanområde. Forskrift om forvaltning av Hjortevilt har krav om at grunneigaranes bestandsplanar skal ta omsyn til offentleg målsettingar. Askvoll kommune har laga eit måldokument for hjorteforvaltninga i kommunen. Og hovudmålet i denne er sett opp under: "Hovudmålsettinga med hjorteforvaltninga i Askvoll er å ha ei sunn hjortestamme som gjev eit haustbart overskot sett i høve til leveområda sin produktivitet og mangfald. Forvaltninga skal vidare sikre ein bestandsstorleik som ikkje fører til uakseptable skadar knytt til skogbruk, jordbruk, trafikk og andre samfunnsinteresser" Hovudmål: Hovudmålet for denne planperioden er å stabilisere hjortestamma på dagens nivå i tal. Dette skal gjerast innafor berekraftige rammer for landbruket, skogbruket og andre 5

6 6 samfunnsinteresser. Ein legg vidare til grunn ei målsetting om ein forutsigbar bestandsutvikling til gode for hjorteforvaltninga og andre samfunnsinteresser Delmål: - Halde på eit godt kjønnsforhold i bestanden, og målet for planperioden 1,5 til 2Kolle/bukk - Legge tilrette for eit uttak lokalt i valda som tek omsyn til lokale ynskje og behov - Auke alderen på dyra i bestanden - Auka slaktevekt på kalvar og ungdyr - Høg produktivitet i bestanden, og målet er at kalv per kolle ikkje skal verte lågare enn 0,6 kalv per kolle 4. Organisering, drift og økonomi Det er valda i område som er medlem i Askvoll Bestandplanområde, og vert representert gjennom valdsansvarleg representant. Bestandsplanområde skal driva med hjorteforvaltning innafor område, og medlemma har skrive under på samarbeidsavtale om dette. Det er valda som får tildelt løyva frå kommunen etter godkjend bestandsplan. Fordelinga er beskrive seinare i planen. Om det er trong for det, kan løyver flyttast mellom vald, om slik avtale er skriftleg mellom partane. Det er valda som skal rapportere fellingsresultat og bestandsdata til kommunen. Styret utgjerast av ein representant frå alle vald som er større enn deka, og styret driv planområdet etter vedtekter og vedtak fatta i årsmøte. Bestandsplanområde engasjerer eigen sekretær for den faglege oppfølging av planen, rapportering og eventuelle justeringar undervegs. Arbeid med dette skal konkretiserast i Bestandsplanområdets arbeidsplan og budsjett. Det vil og verte trong for arbeid knytt til informasjonsarbeid, kompetanseheving og auka oppslutnad. 5. Status Den grunneigarstyrde lokale hjorteforvaltninga skal vere kunnskapsbasert. Mål og tiltak må difor vere basert på best tilgjengeleg kunnskap til ein kvar tid. Askvoll kommune var med på prøveprosjekt sett - hjort i frå 1999 og metoden er difor godt etablert i heile bestandsplanområde. Kapittelet om status er laga med grunnlag i sett hjort, fellingsdata, merkjeprosjekt og lokalkunnskap. 6

7 7 5.1 Arealbruk og områdeavgrensing Askvoll bestandsplanområde legg til grunn ei områdeavgrensing for planområde som tilsvarar Askvoll kommune. Dette er gjort med grunnlag i data frå merkjeprosjekt og lokalkunnskap. Topografien med "Askvoll- halvhøya" gjer til at ein har naturlege skilje i nord og sør. Vi valde å trekkje grensa i aust ved kommunegrensa. Om det skulle syne seg at denne grensa i aust ikkje er rett, er planområdet innstilt på å endre dette. Hjorten nyttar arealet i planområde noko ulikt og til dømes i grender med aktiv drift innmarka til gras er tettleiken større enn i andre delar. Der det er uakseptabel skade på næringsdrift (jord-og skogbruk) skal partane i valdet arbeide saman for å redusere skaden innafor valdets kvote. 5.2 Bestandsutvikling og status Grunnlaget for bestandsutvikling og status i bestanden finn vi fellingsdata, sett hjort, merkjeforsøk og lokalkunnskap. Askvoll kommune fekk og laga en fagrapport frå Norsk Hjortesenter i 2006 som beskriv utviklingstrekk i bestanden og eit bestandsestimat. Når det gjeld sett hjort, har Askvoll kommune vore med som forsøkskommune med oppstart med registreringar i Det er Sogn og Fjordane skogeigarlag som har handsama og lagt inn data frå registreringane. Ein legg til grunn at kvaliteten på data som er lagd inn i basen er god sidan feilføret skjema ikkje vart lagd inn. I frå 2004 er over 90% av dei skotne dyra registrert i sett hjort materiale for kommunen, og (Fagrapport 2/2006- Norsk Hjortesenter) meiner då at materialet kan seiast å vere representativt for kommunen. Det er og god grunn til å tru at kvaliteten på dette materialet sett i lys av dette er god. Under føl ei samanstillinga av data frå sett hjort registreringane. 7

8 8 Figur 3. Syner utvikling av sett hjort per jegerdag, kolle per bukk og kalv per kolle for perioden I fagrapporten frå Norsk Hjortesenter legg ein tilgrunn bestandsvekst fram til Sett hjort per jegerdag indikerar at denne veksten haldt fram i eitt år til før bestanden har flata ut etter Det er ikkje store skilnadar på desse tala for innmark eller utmark. Eit av måla i hjorteforvaltninga i Askvoll har vore å stabilisera hjortestamma innafor eit passande nivå sett i høve til andre samfunnsinteresser. Trenden frå 2007 til 2014 har vore utflating til reduksjon i stamma mål i sett hjort. For denne planperioden er målet, i største delen av området, stabilisering på dagens nivå, og ein må sjå på om dagens avskytingsprofil vil vere relevant i høve til dette. Bestandsplanområde har i denne planen lagt til grunn sett hjort per jeger dag, men har funne ut at trenden er den same på sett hjort per jegertime. Trenden for kolle per bukk har endra seg lite sidan 2001 og er i 2014 målt til å ligge på 1,99 kolle per bukk. Dette er etter vår vurdering eit godt tal og noko vi ynskjer å vidareføre i åra som kjem. 8

9 9 Figur 4: Syner utvikling av slaktevekter på kalv dei siste åra. Kalv sett per kolle fortel noko om variasjon i kalveproduksjon, og kan, om ein koplar dette saman med vekter vere eit godt mål på kondisjon/kvalitet i bestanden. For Askvoll sin del har dette talet lege på omlag 0,63 kalvar per kolle i åra vi har tal for. Dette er innfor det ein kan sei er normalt for ein hjortebestand i grei kondisjon. Slaktevektene på kalv er sett opp over og syner tal ein kan venta for området. Det er utvikling av denne over tid som er interessant å følgje med. Det er resultatet av avskytinga dei siste åra ein ser i bestanden i dag, og når ein veit at jakta står for nærare 90% av dødlegheita i bestanden så er dette viktig med fokus på kva slags dyr som vert skote. Under er det sett opp ein oversikt over kva som er skote dei siste åra. Figur 5: Utvikling av felte dyr dei siste åra 9

10 10 Tal felte kalvar går oppover medan uttak av spesielt eldre hanndyr og hodyr går nedover dei siste åra. Figur 6: Syner avskyting av hanndyr vs hodyr og vaksnedyr vs tilvekst Det er skote meir tilvekst (Ungdyr/Kalv) dei siste åra, og ei ligg i dag på omlag 60% unge dyr og kalvar og 40 % vaksne. Ein ser vidare at ein har skote tilnærma kjønsnøytralt i alle år 5.3 Irregulær avgang Irregulær avgang i hjortebestanden har ikkje vore noko stor utfordring til no. Til tross for ein relativt tett hjortebestand har ein få møter mellom hjort og bil, men ein har likevel område som peikar seg ut hjortepåkøyrsler. Omfanget ligg årleg på omlag 10 påkøyrslar 10

11 11 Figur 7: Viser fallvilt i Askvoll sidan 2000 Oppsummering: Askvoll bestandsplanområde meinar avgjerslegrunnlaget for planen er godt med grunnlag i kva ein har gjort med sett hjort og valdsstruktur dei siste åra. Vi meiner hjortestamma er sunn og frisk og at det er samsvar med det ein kan lese i talmaterialet og det vi ser i skogen. Bestanden har etter vårt syn stabilisert seg dei siste åra og det har vorte meir vaksen bukk i bestanden. Vekten på dyra er etter vårt syn gode, og vi vil følgje med på denne utviklinga i åra som kjem. Det vil likevel vere ei utfordring å halde på dette nivået i stamma, og ein legg her til grunn trenden ein har sett dei siste åre med meir kalvar og ungdyr i uttaket. Askvoll bestandsplanområde har som mål å auke alderen på dyra i bestanden. Ein legg opp til å måle dette ved å gjennomføre tannsnitting av dyra ein gong i planperioden. Dette skal gjerast ved innlevering av tenner, og det skal søkjast om økonomisk bistand frå viltfondet i Askvoll til gjennomføring av dette. Askvoll bestandsplanområde legg tilgrunn at det er ulikskap mellom områda innafor planområde når det gjeld mengd hjort og samansetting av bestanden. Nokre område har, målt i sett hjort, tildømes meir hanndyr enn andre. Medan andre igjen har meir hjort sett per innsats enn andre. Målet med den lokale forvaltninga er å ta høgde for desse skilnadane 11

12 12 samstundes som ein skal jobbe for ein heilskapleg forvaltning av hjortens årsleveområde innafor planområde. 6. Handlingsdel Handlingsdelen i planen skal legge rammene for avskytinga i Askvoll Bestandsplanområde, det er likevel grunn til å nemne at det er litt ulike tilhøve knytt til hjortemengd type dyr og skadeproblematikk på ulike stadar i bestandsplanområde. Planen vil ta høgde for dette, og har fokus på at totalen skal vere rett. Det er valda/medlemma som er den juridiske eininga og som får tildelt løyver etter fordelinga i denne bestandsplanen. Gapet mellom tildelte og felte dyr har dei siste åra vorte større. Vi meiner likevel at det for inneberande planperiode er trong for like mange løyve som ein har i område dei siste år. Årsaka til det er auka fokus på avskyting av tilvekst i bestanden, og at ein då må fella monaleg fleire dyr enn om fokuset hadde vore meir på kapital i uttaket. Ved å velja denne strategien meiner vi at vi kan auke alderen i bestanden, og difor auke/betre produksjonspotensialet i bestanden. Høgre uttak av kalvar vil og lette arbeidet med kjønnsbalanse i bestanden. Valde avskytingsmodell meiner vi er den beste i høve målsettinga med stabilisering og kvalitetsforbetring av bestanden. Sjølv om ein legg tilgrunn at bestanden innafor område er sunn og frisk, har ein dei siste åra sett ein trend med lågare vekter og produksjon. Dette vart dokumentert gjennom helseovervakingsprogrammet. Vi legg difor opp til minimumsverdiar på dei dyregruppene vi meiner må beskattast hardast for å sikre at denne trenden ikkje held fram. Høgre uttak av tildømes kalvar vil gje høgre alder i bestanden, og dermed større produksjon. Det vil og verte lettare å klare kjønnsbalanse i det totale uttaket sidan det er tilfeldig om ein skyt ein hannkal eller ein hokalv. 6.1 Avskytingsmodell Askvoll bestandsplanperiode søkjer om godkjenning av ein bestandsplan for treårsperioden med ei årleg kvote på 635 dyr, til saman 1905 løyve for heile planperioden. Fordelinga av kvoten på kjøn og alder skal vere som følgjer: - Minimum 60 % ungdyr og kalv, av dette skal minimum 20% vere kalvar - Maksimum 40 % eldre dyr - 50 % hanndyr og 50 % hodyr 12

13 13 Dette kan avvikast einskildår og på valdnivå, det er sluttsummen for bestandsplanområde som skal gjelda. 6.2 Fordeling av kvoten Valda/medlemma får tildelt heil kvoten for heile planperioden etter følgjande oppsett: Vald Tal løyve Kalvar Ungdyr Vaksen Hann Vaksen ho Askvollholmen Dalsfjorden Førdefjorden Stongfjorden Værlandet og Melværen Gjervik Grane Lervåg - Grov Vilnes Sætre Vilnes - Sætre Høyvik Laukland Fauskevik Herland Stavestrand Alden Tviberg Sum 6.3 Avgjerslegrunnlaget For at avgjerslegrunnlaget for forvaltning av hjort i bestandsplanområdet skal verte godt vil ein løpande ha fokus kvaliteten på sett hjort registreringane, vårteljinga og slaktevektregistreringane. Det er laga ei handbok med rettingsliner for føring av sett hjort, og denne skal distribuerast til valda, og ein skal arbeide for at slaktevektene vert registrert så likt som mogeleg i heile planområde. Det er varmevekta utan skinn, hovud og bein inkl nyrar som skal registrerast. Skotskada kjøt skal ikkje takast bort før veging. Det er vidare viktig at ein rapporterar rett i høve dei skotne dyra. Ein legg her til grunn at ein sjekkar tenner nøye om ein er i tvil om dyret er 1,5 år eller eldre. 13

14 14 7 Rullering av planen Styret/hjorteutvalet skal lage framlegg til ny plan i god tid før siste årsmøte i planperioden. Denne skal sendast ut på høyring til valda, før den vert handsama på årsmøte før endeleg godkjenning. 14

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort 217-22 Vedteken på skipingsmøte. 217. 1 Føreord Dette er bestandplanen for Bestandsplanområde i kommunane Naustdal, Flora, deler av Bremanger og deler vav

Detaljer

Aurland Bestandsplanområde

Aurland Bestandsplanområde Aurland Bestandsplanområde Bestandsplan 2015-2017 Føreord Dette er bestandsplanen for Aurland Bestandsplanområde for treårsperioden 2015-2017. Fyrste utkastet til planen er førd i pennen av Utmarksavdelinga

Detaljer

ÅRDAL BESTANDSPLANOMRÅDE

ÅRDAL BESTANDSPLANOMRÅDE HJORT Forvaltning av hjort er eit felles ansvar uavhengig av vald og kommunegrenser. Hjorteviltbestanden skal vere til nytte og glede for grunneigarar, jegerar og ålmenta. Plan og retta avskyting er vegen

Detaljer

Bestandsplan

Bestandsplan Aurland Bestandsplanområde Bestandsplan 2018-2020 Føreord Dette er Aurland hjorteutval sin plan for Aurland Bestandsplanområde for treårsperioden 2018-2020. Planen er ei skildring av status, i tillegg

Detaljer

BESTANDSPLAN. ovreguddal.storvald.com

BESTANDSPLAN. ovreguddal.storvald.com BESTANDSPLAN Øvre Guddal Storvald 2011 2013 Innhaldsliste: Del 1: Innleiing...3 Planområde...3 Areal...3 Medlemmar...3 Planperiode...4 Hovudmål og delmål...4 Del 2: Status og vurderingar...5 Hjorteviltstammens

Detaljer

Gulen/Masfjorden Bestandsplanområde Område 39

Gulen/Masfjorden Bestandsplanområde Område 39 Gulen/Masfjorden Bestandsplanområde Område 39 Foto: Brosvika Gard Bestandsplan 2016 2018 Revidert 27.04.2017 1 Innhald 1. Bestandsplanområdets avgrensing og storleik...3 2. Planperiode...4 3. Målsetjing...5

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT

BESTANDSPLAN FOR HJORT BESTANDSPLAN FOR HJORT INSTEDALEN STORVALD 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 1.1 Planområde.3 1.2 Planperiode.3 1.3 Hovudmål og delmål...3 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR 2.1 Hjorteviltstammas utbreisle og trekkforhold...3

Detaljer

Utviklingstrekk for hjortebestanden I Bestandsplanområde 13 Jølster Aust Basert på Sett Hjort og fellingsstatistikk

Utviklingstrekk for hjortebestanden I Bestandsplanområde 13 Jølster Aust Basert på Sett Hjort og fellingsstatistikk Utviklingstrekk for hjortebestanden I Bestandsplanområde 13 Jølster Aust Basert på Sett Hjort og fellingsstatistikk Fagrapport 3-215 1 Forord Utmarksavdelinga til Vestskog As takkar for oppdraget og vonar

Detaljer

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 4 april 2016 Leiar :Morten Torvund morten.torvund@hoyanger.kommune.no Områdeavgrensing Bestandsplanen har

Detaljer

Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort

Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte Rosendal 25 april 2016 Lars Børge Sæberg leiar for bestandsplanområdet lbs@knett.no Områdeavgrensing

Detaljer

Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort

Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 25 april 2016. Per Ivar Lomheim per.ivar.lomheim@sfj.no Områdeavgrensing Det har gjennom prosjektarbeid med arbeidsmøter

Detaljer

Retningslinjer, målsetjing for hjorteforvaltning i Norddal kommune.

Retningslinjer, målsetjing for hjorteforvaltning i Norddal kommune. Retningslinjer, målsetjing for hjorteforvaltning 2014-2018 i Norddal kommune. Innleiing. Vedtekne i viltnemnda 30/4.2014 I samband med ny forskrift om hjorteforvalting FOR-2012-02-10-134 3 må kommunen

Detaljer

Hjorteforvaltning i Jølster. Finn Olav Myhren

Hjorteforvaltning i Jølster. Finn Olav Myhren Hjorteforvaltning i Jølster Finn Olav Myhren Om Jølster Ca 3000 innbyggere Viktigste næringen er landbruk. 11 millioner liter melk. 8 9000 sau på beite 196 000 dekar tellendeareal. Årlig kvote på ca500

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT

BESTANDSPLAN FOR HJORT BESTANDSPLAN FOR HJORT LEIKANGER STORVALD 2012-2014 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING...3 1.1 Planområde..3 1.2 Planperiode..3 1.3 Hovudmål og delmål...4 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR 4 2.1 Hjorteviltstammas

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 039/15 Plan og utvikling

Saksnr. Utval Møtedato 039/15 Plan og utvikling AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 039/15 Plan og utvikling 18.06.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/390-15/4364 K2 - K46, K3 - &30 Øi Knut Fredrik 93059637 08.06.2015 Søknad om

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT

BESTANDSPLAN FOR HJORT BESTANDSPLAN FOR HJORT Manglar foto MIDTRE NAUSTDAL STORVALD 2011-2013 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 1.1 Planområde..3 1.2 Planperiode..3 1.3 Hovudmål og delmål...3 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR 2.1 Hjorteviltstammas

Detaljer

Velkommen til hjortakveld

Velkommen til hjortakveld Velkommen til hjortakveld Måndag 1. september Uggdal, Tysnes Opning: Velkomen til Hjortakveld! Hjortejakta 27: Oppsummering, resultat m.m. Hjortejakta 28: Avskytingsprofil, målsetjingar m.m. Forvaltningsplan

Detaljer

Retningsliner og målsetjing for hjorteforvaltning i Stranda kommune.

Retningsliner og målsetjing for hjorteforvaltning i Stranda kommune. Retningsliner og målsetjing for hjorteforvaltning 2014-2018 i Stranda kommune. Innleiing. Vedteken i viltnemnda 25/4-2017. I samband med ny forskrift om hjorteforvalting FOR-2016-01-08-12 3 må kommunen

Detaljer

PLAN FOR FORVALTNING AV HJORTESTAMMA I FJALER

PLAN FOR FORVALTNING AV HJORTESTAMMA I FJALER PLAN FOR FORVALTNING AV HJORTESTAMMA I FJALER Høyring Ny plan - 2 - PLAN FOR HJORTEFORVALTNINGA I FJALER KOMMUNE INNLEIING Planen vart vedteken i 2001, K-sak 03/01. Første rullering var i 2005, K-sak 027/05

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 099/15 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 15/431-18

Saksnr. Utval Møtedato 099/15 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 15/431-18 Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 099/15 Formannskapet 09.06.2015 Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 15/431-18 Søknad om oppretting av Lærdal Bestandsplanområde og

Detaljer

Overordna strategi for hjorteforvaltning i Høyanger kommune

Overordna strategi for hjorteforvaltning i Høyanger kommune Overordna strategi for hjorteforvaltning i Høyanger kommune 216-219 Innhold Rammer for forvaltning av hjortevilt i Høyanger kommune... 1 Naturmangfaldlova og viltlova... 1 Strategi for forvaltning av hjortevilt...

Detaljer

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA I BALESTRAND 2011-2013 Ei nasjonal omlegging av forvaltning av vilt- og fiskeressursane har pågått dei siste åra. Den langsiktige målsettinga er at innan 2006 skal

Detaljer

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført ) VEDTEKTER FOR SANDE NORD STORVALD (ajourført 07.04.2008) 1 Sande Nord storvald Sande Nord storvald er ein samanslutning av rettshavarar innafor område som går fram av paragraf 3. Medlemmane har avgrensa

Detaljer

Informasjonsmøte før jakta 2019

Informasjonsmøte før jakta 2019 Informasjonsmøte før jakta 2019 Dalsøyra 22. august 2019 Halvor L. Brosvik Konsulent vilt, skog- og jordbruk, Gulen kommune Agenda: 1. Forvaltningsplan for hjort, Gulen kommune 2019 2023. 2. Minsteareal

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 028/18 Plan og utvikling

Saksnr. Utval Møtedato 028/18 Plan og utvikling AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 028/18 Plan og utvikling 04.06.2018 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 18/342-18/3425 K1-233, K2 - K40 Øi Knut Fredrik 57641200 24.05.2018 Søknad frå

Detaljer

MELDING OM VEDTAK. Søknad om godkjenning av bestandsplan for Vik hjorteviltområde Vik Vest Storvald

MELDING OM VEDTAK. Søknad om godkjenning av bestandsplan for Vik hjorteviltområde Vik Vest Storvald Vik Vest Storvald Dato Saksbehandler Vår ref. Deres ref. 25.06.2019 Wenche Hauglum 19/424-20 MELDING OM VEDTAK Søknad om godkjenning av bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2019-2021 Kommunestyret - 041/19:

Detaljer

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR?

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR? KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR? I DAG Basert på bestandsplanane som er godkjente i Hareid, Herøy og Ulstein: Prega av å vere utforma under lovverk av 1989 Enkelte problem med omgrepa Kan verte betre

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT

BESTANDSPLAN FOR HJORT BESTANDSPLAN FOR HJORT MIDTRE NAUSTDAL STORVALD 2014-2016 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 1.1 Planområde..3 1.2 Planperiode..3 1.3 Hovudmål og delmål...3 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR 2.1 Hjorteviltstammas

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 070/16 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K46 Arkivsaksnr. 15/319-16/5535

Saksnr. Utval Møtedato 070/16 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K46 Arkivsaksnr. 15/319-16/5535 Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 070/16 Formannskapet 14.06.2016 Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K46 Arkivsaksnr. 15/319-16/5535 Søknad om godkjenning av Årdal Bestandsplanområde

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 079/18 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 18/51-17

Saksnr. Utval Møtedato 079/18 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 18/51-17 Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 079/18 Formannskapet 07.06.2018 Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 18/51-17 Søknad frå Lærdal bestandsplanområde for hjort - bestandsplan

Detaljer

BEST ANDSPLAN FOR HJORT. Foto (Per Holen)

BEST ANDSPLAN FOR HJORT. Foto (Per Holen) BEST ANDSPLAN FOR HJORT Foto (Per Holen) LElKANGER STORY ALD 2009-2011 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 3 1.1 Planomrade 3 1.2 Planperiode 3 1.3 Hovudmal og delmal..4 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR 4 2.1 Hjorteviltstammas

Detaljer

Til jaktlaga i Flora kommune

Til jaktlaga i Flora kommune Til jaktlaga i Flora kommune Oppsummering av jakta i 2011 Av ei tildeling på tilsaman 894 dyr vart det felt 679 dyr som gjev ein fellingsprosent på 76 %. Dette var ein liten oppgong frå året før då det

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT VEVRING

BESTANDSPLAN FOR HJORT VEVRING BESTANDSPLAN FOR HJORT VEVRING STORVALD 2011-2013 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 1.1 Planområde..3 1.2 Planperiode..3 1.3 Hovudmål og delmål....3 DEL 2 STATUS OG VURDERINGAR..............4 2.1 Hjorteviltstammas

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 08.03.2017 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 16.03.2017 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Gjere ei justering i rekkefølgja på saker. Vi handsamar klage

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 29.05.2019 34/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Tore Henrik Øye FA-K40, TI-&00

Detaljer

Forvaltning av hjortebestand Utmarksavdelinga Vestskog Arve Aarhus

Forvaltning av hjortebestand Utmarksavdelinga Vestskog Arve Aarhus Forvaltning av hjortebestand 2013-2017 Utmarksavdelinga Vestskog Arve Aarhus Forvaltning av hjortebestand 2013-2017 Bruke kunnskap og kartfeste hjorten sin områdebruk årsleveområde Leggje til rette for

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 03.03.2015 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT

BESTANDSPLAN FOR HJORT BESTANDSPLAN FOR HJORT VEVRING STORVALD 2014-2016 (Husdyra til Anders, Foto: Gunnar Vassbotten) 1 INNHALDSLISTE DEL 1 INNLEIING 1.1 Planområde..3 1.2 Planperiode..3 1.3 Hovudmål og delmål....3 DEL 2 STATUS

Detaljer

Dokument: 1. Brev frå Øvrebygda Storvald. Ang. fastsetjing av areal for tildeling av hjorteløyve, datert 29.08.08

Dokument: 1. Brev frå Øvrebygda Storvald. Ang. fastsetjing av areal for tildeling av hjorteløyve, datert 29.08.08 04/09 Oppstart av prosess - endring av minsteareal for tildeling av fellingsløyve på hjort i Fitjar kommune Sakshandsamar: Turid Verdal og Ole Kristian Trondsen Dokument: 1. Brev frå Øvrebygda Storvald.

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 012/17 Formannskapet Revisjon av Forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune

Saksnr. Utval Møtedato 012/17 Formannskapet Revisjon av Forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune Bremanger kommune JournalpostID: 16/11898 Sakshandsamar: Bjørn Henry Marthinussen Dato: 14.11.2016 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 012/17 Formannskapet 18.01.2017 Revisjon av Forvaltningsmål for hjortebestanden

Detaljer

Forvaltning av hjort i Jølster

Forvaltning av hjort i Jølster Forvaltning av hjort i Jølster 216-22 Innhald INNLEIING 3 MÅL FOR FORVALTNINGA 4 1.1. HOVUDMÅL 4 1.2. DELMÅL 4 1.2.1. BESTANDSSTORLEIK 4 1.2.2. BESTANDSSAMANSETJING 4 1.2.3. BESTANDSPLANOMRÅDE 5 1.2.4.

Detaljer

Status og utfordringar i den kommunale hjorteviltforvaltninga i Hordaland

Status og utfordringar i den kommunale hjorteviltforvaltninga i Hordaland Status og utfordringar i den kommunale hjorteviltforvaltninga i Hordaland FoU ansvarleg Stein Joar Hegland Norsk Hjortesenter www.hjortesenteret.no Spørjeundersøkinga 23 av 26 kommunar svarte på om lag

Detaljer

DRIFTSPLAN. for HJORT. HOVDA UTMARKSLAG SA Org. Nr

DRIFTSPLAN. for HJORT. HOVDA UTMARKSLAG SA Org. Nr DRIFTSPLAN for HJORT HOVDA UTMARKSLAG SA Org. Nr. 988 283 118 2015, 2016 og 2017 1 Forord Det er no ni år sidan Hovda Utmarkslag vart skipa, tre (treårige) driftsplanar er tilbakelagt. Dette er den reviderte

Detaljer

Denne presentasjonen er lagt til rette av

Denne presentasjonen er lagt til rette av Denne presentasjonen er lagt til rette av e-post: post@naturdata.no tlf. 74 33 53 fax. 74 33 53 Sett hjort i 17 21 Sett hjort-metoden er eit hjelpemiddel for å oppnå ei kunnskapsbasert hjorteforvalting.

Detaljer

Kommune : Halsa Art: Hjort og rådyr Vald: Halsabygda storviltvald

Kommune : Halsa Art: Hjort og rådyr Vald: Halsabygda storviltvald Kommune : Halsa Art: Hjort og rå Vald: Halsabygda storviltvald Hjort Interkommunalt utmarksråd for Aure, Halsa og Hemne Tellende areal Minsteareal Tildeling etter minsteareal Handlingsrom, ant. 53900 550

Detaljer

Viltnemnda i Ulstein kommune var kalla inn i samsvar med kommunelova 32, pkt. 2 Medlemmane har vorte skriftleg varsla.

Viltnemnda i Ulstein kommune var kalla inn i samsvar med kommunelova 32, pkt. 2 Medlemmane har vorte skriftleg varsla. Ulstein kommune Møteprotokoll Utval: Viltnemnda i Ulstein kommune Møtestad:Søre Sunnmøre Landbrukskontor Dato: 29.04.2014 Møtet tok til:17.00 Møtet tok slutt: 19.25 Viltnemnda i Ulstein kommune var kalla

Detaljer

KOMMUNAL PLAN FOR HJORTEFORVALTNING Norddal kommune Viltnemnda

KOMMUNAL PLAN FOR HJORTEFORVALTNING Norddal kommune Viltnemnda KOMMUNAL PLAN FOR HJORTEFORVALTNING Norddal kommune Viltnemnda. 2009. Norddal viltnemnd har i møte 28.07.04. som sak 025/04 gjort slikt vedtak: 1. Norddal viltnemnd vedtek planen slik den ligg føre. 2.

Detaljer

Driftsplan Hjort Ytre Hatlestrand Hjortevald

Driftsplan Hjort Ytre Hatlestrand Hjortevald Driftsplan Hjort 2015-2018 Ytre Hatlestrand Hjortevald Plan skriven av Hans Bertin Hjortland 1 Innleiing 1.1 Grunnlag for bestandsplan Ytre Hatlestrand Hjortevald er ei samanstilling av privateigde jaktareal

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Onsdag 29.02.2012 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent utan merknader Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

ASKVOLL KOMMUNE Landbruk Askvoll og Fjaler

ASKVOLL KOMMUNE Landbruk Askvoll og Fjaler NOTAT ASKVOLL KOMMUNE Landbruk Askvoll og Fjaler Dok. ref. Arkiv: Dato: JAF 18/32-1 K2 - K46 13.2.218 Utkast - Kommunalt måldokument for forvaltning av hjortevilt 218-221 1. Innleiing Etter Forskrift om

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR ELG OG HJORT

BESTANDSPLAN FOR ELG OG HJORT BESTANDSPLAN FOR ELG OG HJORT - 2017-2019 AVTALEPARTER: Bamble Kommune Rørholt Bestandsplanområde. BESTANDSPLANPERIODE: Bestandsplanen er utarbeidet for perioden 2017-2019 Skal være sendt kommunen innen

Detaljer

MELDING OM VEDTAK. Vedtak - Godkjenning av områdebestandsplan for Vik hjorteviltområde

MELDING OM VEDTAK. Vedtak - Godkjenning av områdebestandsplan for Vik hjorteviltområde Interimstyret for Vik bestandsplanområde hjort v/ Tore Røyrvik 6893 VIK I SOGN Dato Saksbehandler Vår ref. Deres ref. 21.06.2016 Veronika Seim Bech 16/687-18 MELDING OM VEDTAK Vedtak - Godkjenning av områdebestandsplan

Detaljer

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Lærdal bestandsplanområde for hjort sitt årsmøte gjorde 10. mai samrøystes vedtak om å auka tal fellingsløyver på

Detaljer

Bruk av innsamla data i hjorteforvaltninga:

Bruk av innsamla data i hjorteforvaltninga: Bruk av innsamla data i hjorteforvaltninga: a quick guide to bestandstettheit og struktur FoU leiar på Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland www.hjortesenteret.no Kva data har vi? Fellingstatistikk: ALLE

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 07.03.2019 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

DRIFTSPLAN FOR

DRIFTSPLAN FOR DRIFTSPLAN Vw* 'ff"ç j_í.iífíif%~ í " Lfffíflffi ~ ~ «mmu 5 :z 12015 l %\*%?! ; f> å FOR NUTEN HIORTEVALD 2015-2017 HATTEBERG JAKTFELT DEN WEIS-ROSENKRONSKE STIFTELSE (DWRS) BARONIET MALMANGER/SKEIE/SEGLEM

Detaljer

Melding om vedtak - Bestandsplan og avskytingsplan 2015 for Setesdal Austhei villreinområde

Melding om vedtak - Bestandsplan og avskytingsplan 2015 for Setesdal Austhei villreinområde Sete DYKKAR REF: VÅR REF: SAKSHANDSAMAR: ARKIVKODE: DATO: 2015/218-9 Jørn Trygve Haug K40 05.05.2015 Melding om vedtak - Bestandsplan 2014-2018 og avskytingsplan 2015 for Setesdal Austhei villreinområde

Detaljer

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA I BALESTRAND 2011-2013 ( planutkast som vedteke i utvalet 07.06.2011, i sak 18/11) Ei nasjonal omlegging av forvaltning av vilt- og fiskeressursane har pågått dei

Detaljer

Kommunalt måldokument for forvaltning av hjortevilt i Fjaler - for perioden

Kommunalt måldokument for forvaltning av hjortevilt i Fjaler - for perioden Kommunalt måldokument for forvaltning av hjortevilt i Fjaler - for perioden 2019-2022 Godkjent av Fjaler kommunstyre den 29.04.2019, sak 048/19. 1. Innleiing Etter Forskrift om forvaltning av hjortevilt

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 06.03.2014 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent utan merknader Sak 2: Val av 2 personar til å skrive

Detaljer

Søknad om godkjenning av nye bestandsplaner for elg og hjort

Søknad om godkjenning av nye bestandsplaner for elg og hjort Lesja kommune Forvaltning og utvikling Arkivsak: 2017/391-2 Arkiv: K46 Saksbehandler: Marit Svanborg Dato: 23.05.2017 Saksutredning Utv.saksnr Utvalg Møtedato 41/17 Forvaltningsstyret 06.06.2017 Søknad

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 03.03.2011 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent utan merknader Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

Forvaltning av hjortebestand

Forvaltning av hjortebestand Forvaltning av hjortebestand 2013-2017 Utmarksavdelinga Vest 1 Kven er vi? Utmarksavdelinga Vest driv utmarksarbeidet i skogeigarandelslaga Sogn og Fjordane Skogeigarlag SA og Vestskog SA Primærarbeidsområde

Detaljer

INFORMASJON JAKT 2009

INFORMASJON JAKT 2009 Tresfjord 06.09.2009 INFORMASJON JAKT 2009 Utdrag av de viktigste regler for jakt frå Tresfjord Storviltvald 2009 Jaktperioden er 10.september til 23.desember 2009. Ekstra kvote for dyr med lav slaktevekt,

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR 2019 HJORTEVILT ÅRDAL KOMMUNE

BESTANDSPLAN FOR 2019 HJORTEVILT ÅRDAL KOMMUNE BESTANDSPLAN FOR 2019 HJORTEVILT - 2021 ÅRDAL KOMMUNE HJORTEVILT Forvaltning av hjortvilt er eit felles ansvar uavhengig av vald og kommunegrenser. Hjorteviltbestanden skal vere til nytte og glede for

Detaljer

Bestandsplan for hjort. Lesja elgutvalg

Bestandsplan for hjort. Lesja elgutvalg Bestandsplan for hjort Lesja elgutvalg 2017-2021 Forord Bestandsplanen for 2017-2021 er en oppfølging av forrige bestandsplan. Målet for det meste av viltforvaltningen er å ha bestander som er stabile.

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Eva Nilsen Huke Arkivsaksnr.: 10/ Plan for forvaltning av hjortevilt i Sogndal

Saksframlegg. Sakshandsamar: Eva Nilsen Huke Arkivsaksnr.: 10/ Plan for forvaltning av hjortevilt i Sogndal Saksframlegg Sakshandsamar: Eva Nilsen Huke Arkivsaksnr.: 10/3813-5 Arkiv: K42 Plan for forvaltning av hjortevilt i Sogndal 2011-2015 * Tilråding: Forvaltningsutvalet vedtek plan for forvalting av hjortevilt

Detaljer

BESTANDSPLAN FOR HJORT ÅRDAL KOMMUNE

BESTANDSPLAN FOR HJORT ÅRDAL KOMMUNE 2016-2018 BESTANDSPLAN FOR HJORT ÅRDAL KOMMUNE V HJORT Forvaltning av hjort er eit felles ansvar uavhengig av vald og kommunegrenser. Hjorteviltbestanden skal vere til nytte og glede for grunneigarar,

Detaljer

Adaptiv hjorteforvaltning. Arve Aarhus Utmarksavdelinga Vestskog/SFSkog

Adaptiv hjorteforvaltning. Arve Aarhus Utmarksavdelinga Vestskog/SFSkog Adaptiv hjorteforvaltning Arve Aarhus Utmarksavdelinga Vestskog/SFSkog Foto Dagh Bakka Barkskader Foto: National Park Service, USA Forvaltning av hjort Me skjønar at me treng å styra ressursen Viltlov

Detaljer

Forval tni ngsmål for hjorten på H augal andet

Forval tni ngsmål for hjorten på H augal andet Forval tni ngsmål for hjorten på H augal andet 2018-2023 Sveio, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal Kommune Målsetjing for bestandsutviklinga framover: Auke gjennomsnittsalderen

Detaljer

Ny målsetting om forvaltning av

Ny målsetting om forvaltning av Ny målsetting om forvaltning av hjortevilt i Averøy kommune Med ny forskrift om minsteareal for jakt på hjortevilt i Averøy kommune Dagens program Hvorfor målsetting? Hva skal målsettingen brukes til Lovhjemler

Detaljer

Aldersfordeling på felte hjort i Bremanger kommune 1991 til 2014

Aldersfordeling på felte hjort i Bremanger kommune 1991 til 2014 Vedlegg grafar, tabellar og bildar K unnskapsgrunnlaget Figuren viser alderen på i alt 43 542 dyr felt i Flora, Bremanger og Stryn frå 1991 til 2014. Dette representerer ein så stor del av d ei felte dyra

Detaljer

SørHjort 23 mai 2019

SørHjort 23 mai 2019 SørHjort 23 mai 2019 Forvaltning av hjortebestand Privat forvaltning - bestandsplan Kommunal forvaltning kommunale mål Arve Aarhus Utmarksavdelinga Vestskog Forvaltning av hjortebestand 2013-2017

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Moe Arkiv: K46 Arkivsaksnr.: 14/1297

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Moe Arkiv: K46 Arkivsaksnr.: 14/1297 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Moe Arkiv: K46 Arkivsaksnr.: 14/1297 Fellingskvotar for hjort i Luster kommune 2014 Rådmannen si tilråding: Talet på løyve fylgjer av minsteareal fastsett i lokal forskrift

Detaljer

Førde, 16. april Erik Lund Direktoratet for naturforvaltning

Førde, 16. april Erik Lund Direktoratet for naturforvaltning Førde, 16. april 2012 Erik Lund Direktoratet for naturforvaltning Naturmangfoldloven 8 Kunnskapsgrunnlaget Offentlige beslutninger skal så langt det er rimelig bygge på: Vitenskapelig kunnskap om arter,

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 011/15 Areal- og forvaltningsutvalet PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 011/15 Areal- og forvaltningsutvalet PS Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kleppa, Torborg K2 - k40 14/182 Saksnr Utvalg Type Dato 011/15 Areal- og forvaltningsutvalet PS 28.01.2015 FASTSETTING AV MÅL FOR FORVALTNING AV ELG, HJORT OG

Detaljer

Kommunale målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord kommune

Kommunale målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord kommune Kommunale målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord kommune 219 221 Foto: Torunn Raftevold Rue Vedteke av plan, miljø og teknisk utval i Seljord kommune den 12.6.219 i sak 17/19 1 Innhald 1. Definisjonar...

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 25.02.2009 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent utan merknader Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Nemnd for vilt, fiske og friluft. Landbrukskontoret, Dato: Tid: 17:00 18:30

MØTEPROTOKOLL. Nemnd for vilt, fiske og friluft. Landbrukskontoret, Dato: Tid: 17:00 18:30 MØTEPROTOKOLL Utval: Stad: Nemnd for vilt, fiske og friluft. Landbrukskontoret, Dato: 30.05.2018 Tid: 17:00 18:30 Medlemer som møtte: Sigurd Voldsund Nygard Leder H Knut Tandberg Nestleder H Bente Storvik

Detaljer

Felles Landbrukskontor ÅLA

Felles Landbrukskontor ÅLA Felles Landbrukskontor ÅLA Administrativt vedtak Saksnr Utval Møtedato 080/17 Formannskapet Saksansvarleg: Knut Fredrik Øi Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 17/49-45 K2 - K40 Knut Fredrik Øi, 16.06.2017

Detaljer

BESTANDSPLAN

BESTANDSPLAN BESTANDSPLAN 2019 2021 GULEN MASFJORDEN BESTANDSPLANOMRÅDE INNHALD 1. Bestandsplanområdet sin avgrensing og storleik 2. Planperiode og art 3. Målsetjing 4. Organisering, drift og økonomi 5. Status 6. Minsteareal

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Plan- og kommunalteknisk utval

Tilleggsinnkalling av Plan- og kommunalteknisk utval OSTERØY KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Plan- og kommunalteknisk utval Møtedato: 24.05.2018 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: 13.00-17.00 Eventuelle forfall må meldast til Bente Skjerping

Detaljer

Styremøte Øvre Guddal Storvald

Styremøte Øvre Guddal Storvald Styremøte Øvre Guddal Storvald Dato: Onsdag 22.02.2017 Stad: Telefonmøte Frammøtte: Arne Heggheim, Sture Dingsøyr, Roald Ødemark Sak 1/2017: Årsmøte 2017 Det vert halde Årsmøte i Øvre Guddal Storvald på

Detaljer

Hjorterapport for Etne kommune

Hjorterapport for Etne kommune Hjorterapport for Etne kommune Alle foto: Roar Bævre Data frå Hjorteviltregisteret av Naturdata AS Tema Info frå kommunen Bestandstorleik Avskyting Jakttrykk Produktivitet Kjønnssamansetjing Slaktevekter

Detaljer

Forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune 2013-2016

Forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune 2013-2016 Forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune 2013-2016 Vedteken av kommunestyret 26.04.2013, KST-sak 022/13 Framsidefoto: Narve Botnen Alle foto inni heftet er tekne av Bjørn H. Marthinussen.

Detaljer

Møtereferat styremøte

Møtereferat styremøte DET INTERKOMMUNALE HJORTEVILTUTVALET Kontaktperson: Dagfinn Torstveit Tlf. 92265604 Møtereferat styremøte 12.12.2017. Møtet vart halde i Møtelokalet til Tveit Regnskap på Liaheia og tok til kl. 12.3o.

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 051/19 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 19/4-19/6260

Saksnr. Utval Møtedato 051/19 Formannskapet Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 19/4-19/6260 Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 051/19 Formannskapet 06.06.2019 Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi Arkiv: K2 - K40 Arkivsaksnr. 19/4-19/6260 Søknad om godkjenning av bestandsplan for hjort,

Detaljer

Resultater fra storviltjakta 2018 Averøy kommune

Resultater fra storviltjakta 2018 Averøy kommune Resultater fra storviltjakta 2018 Averøy kommune Foto: Dag Bjerkestrand Rapport fra jakta på hjort og rådyr i Averøy kommune 2018 Utarbeidet av skogbrukssjef/miljøvernleder Dag Bjerkestrand 23.01.2019

Detaljer

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Viltnemnd Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: Tid: 19:00

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Viltnemnd Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: Tid: 19:00 Møteinnkalling Utval: Viltnemnd Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 12.03.2019 Tid: 19:00 Grunngjeve forfall vert å melda til kundetorget på tlf 53 45 85 00, som syt for innkalling av varamedlemar.

Detaljer

Søknad om fornying av Driftsplan for Melsdalen Hjortevald

Søknad om fornying av Driftsplan for Melsdalen Hjortevald Kvinnherad Kommune Kommunal Viltforvaltning v/terje Natland 5470 ROSENDAL Arkivkodf: Kopi Stava nger 19.02.2011 Søknad om fornying av Driftsplan for Melsdalen Hjortevald Viser til vedlagt driftsplan og

Detaljer

"FORVALTNINGSPLAN FOR HJORTEVILT I HOLE KOMMUNE 2014-2018".

FORVALTNINGSPLAN FOR HJORTEVILT I HOLE KOMMUNE 2014-2018. "FORVALTNINGSPLAN FOR HJORTEVILT I HOLE KOMMUNE 2014-2018". Vedtatt i plan- og miljøstyret 10.01.2014. Kommunens rolle i viltforvaltningen: Ivareta viltinteressene som en viktig del av det biologiske mangfoldet

Detaljer

Stranda kommune Næring og teknisk

Stranda kommune Næring og teknisk Stranda kommune Næring og teknisk Saksbehandlar: Asle Johan Bergseth Konnerth Melding om vedtak Øvre Sunnylvsbygda Hjortevald v/knut Sundgot 6218 HELLESYLT Vår ref.: Dykkar ref.: Arkiv: Dato: 2018000151-2

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 12/2017 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS Kommunestyret

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 12/2017 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS Kommunestyret Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 12/2017 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 30.01.2017 Kommunestyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Tore Henrik Øye FA - K40 16/155 ENDRINGSFORSKRIFT

Detaljer

Kommune : Halsa Art: Hjort og rådyr Vald: Lerviklandet, Rodal og Engdal utmarkslag

Kommune : Halsa Art: Hjort og rådyr Vald: Lerviklandet, Rodal og Engdal utmarkslag Kommune : Halsa Art: Hjort og rådyr Vald: Lerviklandet, Rodal og Engdal utmarkslag Interkommunalt utmarksråd for Aure, Halsa og Hemne Tellende areal Minsteareal Tildeling etter minsteareal Handlingsrom,

Detaljer

MIUETDALEN VILTLAG 201 1-2015. Jaktfeltene: Ytre Mittet Indre Mittet Sletfjerding Grovanes Dale Staurset

MIUETDALEN VILTLAG 201 1-2015. Jaktfeltene: Ytre Mittet Indre Mittet Sletfjerding Grovanes Dale Staurset 1 MIUETDALEN VILTLAG 201 1-2015 Jaktfeltene: Ytre Mittet Indre Mittet Sletfjerding Grovanes Dale Staurset I Bakgrunn Bakgrunnen for denne planen er dels de foregående planene for Mittetdalen viltiag, dels

Detaljer

FRAMLEGG TIL STRATEGI FOR HJORTEFORVALTNINGA I FUSA, OS OG SAMNANGER I PERIODEN

FRAMLEGG TIL STRATEGI FOR HJORTEFORVALTNINGA I FUSA, OS OG SAMNANGER I PERIODEN FRAMLEGG TIL STRATEGI FOR HJORTEFORVALTNINGA I FUSA, OS OG SAMNANGER I PERIODEN 2010-2020 Innleiing Hjorten er eit dyr som flyttar mykje på seg og ein hjortebestand er ikkje enkel å avgrensa geografisk.

Detaljer

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Faunautvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 11:00

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Faunautvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 11:00 VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Faunautvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: 18.08.2008 Tidspunkt: 11:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Edvin Lindset Leiar

Detaljer

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite kultur, næring og miljø. Bestandsplan for elg og hjort Skjelstadmark Driftsplanområde

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite kultur, næring og miljø. Bestandsplan for elg og hjort Skjelstadmark Driftsplanområde STJØRDAL KOMMUNE Arkiv: K46 Arkivsaksnr: 2013/3149-3 Saksbehandler: Stian Almestad Saksframlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite kultur, næring og miljø Bestandsplan for elg og hjort 2013-2015 Skjelstadmark

Detaljer

Utfordringar i den framtidige forvaltninga av norske hjortebestandar

Utfordringar i den framtidige forvaltninga av norske hjortebestandar Utfordringar i den framtidige forvaltninga av norske hjortebestandar Vebjørn Veiberg Kort oversikt Det juridiske og organisatoriske rammeverket Bestandsmessig utvikling og behov for nytenking Forventa

Detaljer