Ikkje offentlege saker går berre til møtande styremedlemmer. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste 3

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Ikkje offentlege saker går berre til møtande styremedlemmer. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste 3"

Transkript

1 MØTEINNKALLING Høgskulestyret Dato: kl. 10:00 Sted: Klasserom Hornelen,1.etasje,HiSF Førde Arkivsak: 15/01012 Arkivkode: 011 Til dette møte har vi motteke forfall frå Inger Grøgard Stensaker. Andre forfall må snarast meldast til sekretariatet ved Britt Totland på e-post: eller telefon / Ikkje offentlege saker går berre til møtande styremedlemmer. SAKSKART Side 77/15 15/ Vedtakssaker Godkjenning av innkalling og sakliste 3 78/15 15/ Godkjenning av møtebok - Høgskulestyret /15 15/ Budsjett Høgskulen i Sogn og Fjordane 5 80/15 15/ Rapport om status i struktursaka 16 81/15 15/ Master i idrettsvitenskap ved HiSF - Oppnemning av studieplankomite 18 82/15 15/ Master in Climate Change Management: orientering om status for utviklinga av studiet 21 83/15 15/ Tilsetjing av professor ved avdeling for lærarutdanning og idrett - Unntatt etter offentlighetsloven Offl /15 Ymse 25 Orienteringssaker 40/15 15/ Framlegg til høyringsuttale frå Høgskulen i Sogn og 26 1

2 11 Fjordane til endringar i universitets- og høgskulelova 41/15 14/ Møtebok Læringsmiljøutvalet (LMU) Trond Ueland Styreleiar Rasmus Stokke Rektor 2

3 77/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 011 Saksbehandler Britt Totland Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Innkalling og sakliste vert godkjent 3

4 78/15 Godkjenning av møtebok - Høgskulestyret Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 011 Saksbehandler Britt Totland Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Møtebok frå møte i Høgskulestyret vert godkjent. Saksvedlegg: Møtebok for Høgskulestyret Vedlegg til sak: Møtebok Høgskulestyret

5 MØTEBOK Høgskulestyret Dato: kl. 10:00 15:30 Sted: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal Arkivsak: 15/01012 Møtte: Møtande varamedlemmer: Forfall: Administrasjonen: Referent: Trond Ueland (styreleiar), Hans Johan Breidablik Anneli Nesteng Åse Neraas Oddmund Løkensgard Hoel Inger Auestad Ole Tormod Kleiven Trine Ludvigsen Rygg Magnus Nordrum Brøste Ane Kristiansen Solbraa Jan Olav Fretland Inger Grøgard Stensaker Rektor Rasmus Stokke Wenche Fjørtoft SAKSKART Side 70/15 15/ Vedtakssaker Godkjenning av innkalling og sakliste til møte 26.november 2015 Feil! Bokmerke er ikke definert. 71/15 15/ Godkjenning av møtebok - Høgskulestyret Feil! Bokmerke

6 er ikke definert. 72/15 15/ Finansiering av handlingsplan for fou Feil! Bokmerke er ikke definert. 73/15 15/ Etablering av Personleg Trenar (PT) årsstudium Feil! Bokmerke er ikke definert. 74/15 15/ Budsjett hovudval Feil! Bokmerke er ikke definert. 75/15 15/ Orientering om Gymnasbygget 76/15 Ymse Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. 35/15 15/ /15 14/ /15 15/ Orienteringssaker Foreløpig tildelingsbrev - statsbudsjettet 2016, kap 260 post 50 - fordeling av studieplassar til PPU Supplerande tildelingsbrev Statsbudsjettet 2015 kap 260 post 50 -SAKS-midlar Vestlandet Fråsegn frå LO Sogn og Fjordane - Høgskulen i Sogn og Fjordane må framleis vere ei eining /15 15/ Referat møte i fou-utvalget /15 14/ Referat frå sentralt Informasjon, drøftings og forhandlingsmøte (IDF-møte)

7 70/15 Godkjenning av innkalling og sakliste Behanda av Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Votering Samrøystes Vedtak Innkalling og sakliste vert godkjent slik den ligg føre. 71/15 Godkjenning av møtebok - Høgskulestyret Behandla av Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Møtebehandling Framlegg til møtebok går til gjennomsyn til alle styremedlemmer med frist for å kome med korrigeringar. Møteboka vert deretter gjort tilgjengeleg på heimesida til høgskulen. Endeleg godkjenning av møteboka vert gjort i møtet. Votering Samrøystes Vedtak Møtebok frå møte i Høgskulestyret vert godkjent. 72/15 Finansiering av handlingsplan for fou Behandlet av Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Votering Samrøystes Vedtak Styret tek saka til vitande, og gjev rektor fullmakt til å arbeide vidare med finansieringa av Handlingsplan for fou ut i frå - rektor si prioritering av dei ulike strategiske målsettingane som ligg til grunn for handlingsplanen - at budsjettet for 2016 vil sette av meir midlar til strategiske tiltak

8 - at tildelinga av fou-ressurs i større grad vert differensiert mellom ulike stillingskategoriar, blir meir resultatbasert, og i større grad brukt for å understøtte strategiske målsettingar - at fagtilsette sin tidsbruk til administrasjon vert vurdert redusert for å styrke arbeidet med å nå strategiske målsettingar 73/15 Etablering av Personleg trenar (PT) årssstudium Behandla av Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Votering Samrøystes Vedtak Styret gjer vedtak om å etablere årsstudiet Personleg trenar (PT), 60 studiepoeng med sikte på oppstart av studiet studieåret Styret føreset at studiet kan realiserast innafor avdelinga si eksisterande ressursramme. Måltal for opptak til studiet er 25 studentar. Føresetnad for oppstart av studiet er at det vert utarbeidd ein fullstendig studieplan som vert godkjend av Utdanningsutvalet. 74/15 Budsjett 2016 Hovudval Behandla av Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Votering Samrøystes Vedtak Styret ber rektor arbeide vidare med budsjett 2016 i tråd med prioriteringane styret kjem fram til. 75/15 Orientering om gymnasbygget Behandla av Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Votering Samrøystes Vedtak Styret tek orienteringa om Gymnasbygget til vitande.

9 76/15 Ymse Årshjul for styret sitt arbeid vart delt ut i møte ORIENTERINGSSAKER: Saknr Arkivsak Tittel 35/15 15/ Foreløpig tildelingsbrev - statsbudsjettet 2016, kap 260 post 50 - fordeling av studieplassar til PPU 36/15 14/ Supplerande tildelingsbrev Statsbudsjettet 2015 kap 260 post 50 -SAKS-midlar Vestlandet 37/15 15/ Fråsegn frå LO Sogn og Fjordane - Høgskulen i Sogn og Fjordane må framleis vere ei eining 38/15 15/ Referat møte i fou-utvalget Referat møte i fou-utvalget /15 14/ Referat frå sentralt Informasjon, drøftings og forhandlingsmøte (IDF-møte) Referat frå sentralt Informasjon, drøftings og forhandlingsmøte Munnleg orientering ved rektor: Status for arbeidet i struktursaka Det blir felles styremøte med styra ved HiB og HSH 3. februar. Styremøtet 4. Februar blir i Bergen. Kunnskapsdepartementet inviterer styra i universitet og høgskulesektoren til felles styreseminar 13. Januar.

10 Styremøtet 19.mai kolliderer med representantskapsmøte i UHR. Det blir sendt ut framlegg til ny dato.

11 79/15 Budsjett Høgskulen i Sogn og Fjordane Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 113 Saksbehandler Ellen England Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Med atterhald om endringar i føresetnader i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet, fastset styret slike hovudrammer for budsjettet 2016: Avdeling (tal i tusen kr) 2016 AHF AIN ALI ASF Fellestenester og institusjonsnivå Sum Rektor får fullmakt til å disponere midlane innanfor dei hovudmål som ligg til grunn for budsjettframlegget for Styret føreset at rektor gjev underordna leiarar fullmakt til å disponere budsjettet for sine einingar og gjer rektorvedtak på fordeling av strategiske midlar. 2. Styret ber rektor vurdere ytterlegare innspel frå avdelingane til budsjett 2016 i samband med årsoppgjeret for Saksvedlegg: Budsjett 2016 Saksframstilling Saka har følgjande oppbygging: 1. Bakgrunn 2. Budsjettramme Framlegg til budsjett Oppsummering budsjett Tildeling til einingane 5

12 1. Bakgrunn Saka blir utarbeidd med utgangspunkt i: Stortingsprop. 1 S ( ) Statsbudsjettet for budsjettåret 2016 Strategiplan Handlingsplan for fou Strategi- og handlingsplan for utdanning Sak 66/15 Orientering om Statsbudsjettet 2016 og val av ressursfordelingsmodell Sak 74/15: Budsjett hovudval Sak 43/15: Studietilbod og opptakskapasitet Styret gjorde følgjande vedtak i sak 74/15 Budsjett 2016 hovudval: «Styret ber rektor arbeide vidare med budsjett 2016 i tråd med prioriteringane styret kjem fram til.» I diskusjonen i styremøtet kom det fram ulike synspunkt i saka, der dei viktigaste signala som fleire var opptekne av var: uro for eit kutt i undervisingsressursen på 5-10% vurdere storleiken på den føreslegne styrkinga av administrativ bemanning syne ein opptrappingsplan for å kunne finansiere tiltaka i handlingsplanane 2. Budsjettramme 2016 Forslag til statsbudsjett for 2016 vart lagt fram 7. oktober Samla får HiSF kr 377,1 mill i Statsbudsjett for Dette er ein auke på 3,8 % i høve til 2015, og ein realauke på 0,9 %. Etter forhandlingar om Statsbudsjettet for 2016 har vi fått signal om følgjande endringar: Kunnskapsdepartementet forslår å tildele midlar til 350 nye studieplassar til praktiskpedagogisk utdanning (PPU). Med atterhald om Stortingets vedtak har Høgskulen i Sogn og Fjordane fått tildelt 10 studieplassar frå hausten Dette tilsvarar kr 0,7 mill. Vedlagt som orienteringssak i tidlegare styremøte. Det er semje mellom samarbeidspartia på Stortinget om at reduksjonen for "Tiltak for å redusere byråkrati i og effektivisere offentlig sektor" skal aukast frå 0,5% til 0,6%. Denne reduksjonen i tildelinga utgjer kr 0,4 mill for HiSF. Det endelege Statsbudsjettet blir først vedteke i midten av desember, men vi har likevel valt i dette budsjettframlegget å ta utgangspunkt i ramma og endringane som er signalisert. Vi får då ei totalramme frå Kunnskapsdepartementet for 2016 på totalt 377,4 mill. Rektor legg fram eit budsjett for Vi har omarbeidd prognosen noko ut frå meir kunnskap om stoda enn vi hadde i november. 6

13 3. Framlegg til budsjett 2016 Rektor legg fram eit budsjettframlegg for 2016 som gir desse endringane samanlikna med budsjett 2015: Budsjett 2015 Budsjett 2016 Endring Løyving frå KD ,06 % Andre inntekter ,90 % Sum inntekter ,06 % Investeringar ,40 % Lønskostnader ,59 % Andre driftskostnader ,81 % Sum kostnader ,14 % Budsjettbalanse Tal i heile tusen Budsjettframlegget inneheld inntekter og kostnader som vedkjem den ordinære drifta av HiSF. Inntekter og kostnader frå bidrags- og oppdragsverksemda (BOA) skal budsjetterast for kvart enkelt prosjekt. Dekningsbidrag frå BOA-verksemda blir overført til den ordinære drifta og skal dekke indirekte kostnader som administrasjon og infrastruktur. Nedanfor vil vi gå gjennom hovudpostane i tabellen over. 3.1 Inntekter 2016 Inntektssida i budsjettet er samansett av: Budsjetterte inntekter i 2016 Løyving i Statsbudsjettet Fordring HiSF Oppdrag (studiepoengløyving) Dekningsbidrag Materialpengar 1000 Sum Tal i heile tusen Løyvinga i Statsbudsjettet 2016 er i samsvar mrd tildeling i framlagt budsjett av 7.oktober 2015, ekstraløyving til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og auke i reduksjon frå 0,5% til 0,6% for å redusere byråkrati i og effektivisere offentlig sektor. Fordring HiSF Oppdrag er studiepoengløyving som er opparbeidd i 2014 og inntektsført dette året for å avslutta utdanningsprosjekta. Sidan vi først får løyvinga to år etter at vi rapporterer avlagde studiepoeng, må vi redusere løyvinga for det vi har forskotert av inntekter. Dekningsbidrag og eigenfinansiering frå bidrags- og oppdragsverksemda (BOA) skal synleggjerast i budsjett og rekneskap. Budsjettert nivå på dette er det same som for Materialpengar er inntekter frå studentar for å dekke kopiering. 7

14 3.2 Kostnader Investeringar Investeringsnivået var i 2015 redusert med 1 mill kr. til IKT. Dette vart gjort i samband med innflytting i Høgskulebygget i Vi føreslår å auke investeringar til IKT med 0,5 mill då utskifting av IKT-utstyr må prioriterast. Det er behov for ei oppgradering av lokala i Førde, og det er difor løyva kr 1,7 mill til ombygging av festsalen (inkl nytt IT utstyr og møblar), der teleskopamfi skal kunne mogleggjere både bruk av salen som auditorium for om lag 130 personar, og å oppretthalde dagens situasjon med flatt golv for til dømes skriftleg eksamen. I Førde er det og behov for kontor då vi har dispensasjon til 1. september 2017 for kontorplassane i Lettbygget. I Statsbudsjettet for 2015 var det løyva 1 mill. til investering i lab utstyr for AIN og AHF. Dette var ei eingangsløyving og ligg ikkje i budsjettet for Lønskostnader Personalkostnadene utgjer om lag 62,7 % av kostnadsramma, og er den største enkeltkategorien i budsjettet, på 238,5 mill kr. I budsjettet ligg det inne ei auke på 5,6%. Lønsbudsjettet er bygd opp rundt stillingsramma til undervisnings- og forskarstillingar, teknisk/administrativt tilsette og leiarar. Stillingsramma til undervisning og forsking blir berekna i ressursfordelingsmodellen og det er eit måltal at vi skal prøve og ha ei fordeling på 70% undervisning og fou og 30% administrative stillingar. Med bakgrunn i stillingsramma nyttar vi gjennomsnittsløn for avdelingar og seksjonar pr 1. november 2015, med unnatak av leiarane som blir rekna i eiga gruppe. Endring lønskostander 2016 tusen kr Budsjett Budsjett Auke Budsjett for 2016 er basert på ny ressursfordelingsmodell (grøn modell) som fyrste gong vart teken i bruk i samband med fordeling av budsjettet for Denne legg opp til fordeling av ressursar med utgangspunkt i studiepoeng for utdanningane og kandidatproduksjon frå Styret vedtok i styremøtet i oktober at modellen skulle leggast til grunn i budsjettet. Det studieprogrammet som nå er foreslått for studieåret 2016/17 er i hovudsak i samsvar med studieprogrammet for 2015/16, men med nokre tillegg for utvida studieportefølje. 8

15 Samla oversikt over ressursramme 2016/2017 AHF AIN ALI ASF HiSF Samla undervisningsramme Av dette til timelærarar Undervisningsramme (stillingar) Fou-ressurs Fagleg/adm.arbeid Sum fagleg ressursramme Fagleg årsverkramme 32,15 23,38 58,74 44,76 159,03 På styremøtet vart det vedteke at ressursfordelinga for studieåret 2016/2017 skulle basere seg på grøn modell med avgrensa effekt, slik at tildelingane til avdelingane ikkje skulle gi store utslag samanlikna med tidlegare år. Det er difor lagt inn ein avgrensing i modellen som syter for at endringane på avdelingsnivå ikkje er meir enn 1% samanlikna med studieåret 2015/2016. For å frigjere midlar til å finansiere handlingsplanane for fou og utdanning hadde me i styresaka om hovudval i budsjettet for 2016 lagt inn eit forslag til reduksjon i undervisningsressursen på 5% til 10%. På bakgrunn av diskusjon i styremøtet, der det kom fram skepsis til store reduksjonar i ressurstildelinga, har vi valt å føreslå ein mindre reduksjon. Rektor kjem med forslag om ein generell reduksjon i undervisingsressursar på 2,5% i ressurstildelinga for 2016/2017. For studieåret vil dette gi ein reduksjon i tildelinga til undervisning med nesten 4 stillingar. Studieåret går over to budsjettår og effekten av denne reduksjonen blir først frå haustesemesteret Alle tilsette i undervisnings- og forskingsstillingar på HiSF har hatt ein 23% av stilling til prosent til fagleg oppdatering, kompetanseheving, fou og administrasjon. Denne tida vert som hovudregel fordelt med 8% til møte og administrasjon og 15% til fagleg oppdatering og fou. I nemnde styresak om hovudval i budsjett 2016 var det og framlegg om og redusere administrasjonstida til dei fagtilsette frå 8% til 6%. Denne reduksjonen er trekt frå undervisnings- og forskingsstillingar og er innarbeida i budsjettet. Totalt utgjer denne reduksjonen 4 stillingar. Sidan ressursfordelinga gjeld studieåret og ikkje kalenderåret, vil dette få effekt frå og med Denne reduksjon skal tilbakeførast til avdelingane for å styrke forskingstida for tilsette med første- og toppkompetanse. Det er lagt inn ressursar til følgjande som ikkje tidlegare har vore inkludert i ressursfordelingsmodellen: ASF får tildelt 873 arbeidstimar (AT) til Samfunnsfag 3. ALI for tildelt 897 AT til Outdoor Education and Nordic Friluftsliv. ALI får tildelt 795 AT til 10 ekstra studieplassar på PPU. ALI får tildelt 200 AT til forkurs i matematikk. AIN får tildelt 643 AT til Ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø som følgje av at HiSF har fått midlar frå KD til denne utdanninga. 9

16 Master i Climate Change Management er omtalt i styresaka om studietilbod for 2016/2017 og som sak i dette styremøtet, men det er ikkje funne midlar til dette i budsjettet for Endringa i den faglege årsverkramme til avdelingane frå ressursfordelingsmodellen vert slik: Avdeling 2015_ _2017 Endring AHF 33,35 32,15-1,20 AIN 23,67 23,38-0,29 ALI 58,20 58,74 0,54 ASF 46,15 44,76-1,39 Sum 161,37 159,03-2,34 Det er innarbeidd ein auke på to administrative stillingar i budsjettet. Dette gjev eit tilskot til å betre den administrative bemanninga som i dag ikkje er i samsvar med 70/30 delinga mellom fag og administrasjon. Sjølv om vi reduserer tildelinga til undervisning og til administrativ tid for tilsette i undervisings- og forskingsstillingar, vil vi ikkje få ein reduksjon i tal stillingar på avdelingane. Det skal gjennomførast ei omfordeling frå undervisnings- og administrativ tid til forsking. Fordeling av dei administrative stillingane skjer gjennom rektorvedtak. Andre driftskostnader Husleige og energi blir omtala i eige punkt. Likeeins vil fou og utviklingsmidlar bli omtala i eige punkt, sjølv om kostnadene dels høyrer heime under lønsutgifter eller andre driftskostnader. Endring andre driftskostander 2016 tusen kr Budsjett Budsjett Auke Husleige og energi Oversikt over endring i husleige og energi i høve til budsjett 2015: Endring husleige 2016 tusen kr Budsjettert leigebeløp 2015 (inkl kr 3 mill avsetnad Gymnasbygget) Budsjettert leigebeløp 2016 (inkl kr 3 mill avsetnad Gymnasbygget) Reduksjon Endring energi 2016 tusen kr Budsjettert straum Budsjettert straum Reduksjon -11 Husleigekostnadane er redusert frå 2015 til 2016 og skuldast at vi i 2015 flytta ut av lokala vi har leigd på Søreide kompetansesenter i Sandane. 10

17 Løyvinga frå KD på kr 3 mill til realisering av tredje byggesteg bli avsett inntil arbeidet med innflytting i Gymnasbygget startar. Energikostnadene er forventa å bli på same nivå som budsjettert i Det er innlagt ein forventa prisauke, men og ein reduksjon i høve til at vi har gått ut av lokale på Sandane. Styrking av fou Ressursar til fou til avdelingane skjer etter prinsippa i ressursfordelingsmodellen. Tabellen syner utvikling av avdelingane sin fou ressurs frå studieåret i tal arbeidstimar. Studieår Avdelingsressurs fou * ressurs til fagleg /administrativt arbeid er halden utanfor i desse tala. Avdelingsressursane til fou auka med 8,5 % i høve til inneverande studieår. Basisressurs (8,75 % av undervisningsmengde og talet på fyrstestillingar/professor/dosent) er auka frå 2015 då tal fyrstestillingar/professorar er auka med 10,5 stillingar. Det har vore ein auke i resultatressurs (endring i tal disputasar, publikasjonspoeng og inntekter frå NFR/EU) frå Desse endringane kanaliserer i seg sjølv meir midlar til fou. Auken i resultatressursen frå departementet gjennom resultatbasert omfordeling av midlar (RBO) gjev ei auke i løyving på kr 0,4 mill. Total resultatløyving til fou gjennom RBO er per i dag kr 3,9 mill for 2016 mot kr 3,5 mill for Styret har løyvd midlar for 2013 og 2014 til fire ulike fou-stipend med ei total kostnadsramme på totalt 3,8 millionar kroner. Det blir og løyvd strategiske fou-midlar til forskingsleiing og drift av fem strategiske forskingsprogram og eit senter på totalt kr 2,4 mill. I oppfølging av styresak om strategisk utvikling av fou frå juni 2014 blir det og løyvd totalt kr 1,3 mill til eit fond for infrastruktur, strategiske utviklingsmidlar og eit kompetansehevingstiltak i skriving. Totalt er dette ei satsing på 7,5 mill. 11

18 Utviklingsmidlar Rektor tilrår følgjande løyving for 2016: TILTAK Løyving 2015 Løyving 2016 Eigendel fou-prosjekt Driftspostar Justering uheldig effekt ny RFM Kompetanseheving/fou stipend Nye studium 2015 (friluftsliv/kroppsøving/samfunnsfag) Eitt åsverk labressursar AIN (0,5 N og 0,5 I) 550 Digital kompetanse Leiarutvikling Midlar biblioteket Tilbod til studentar med lese og skrivevanskar Fagleg oppdatering fellesadministrasjon 400 Estetisk utval, kjøp kunst 50 Auke dekking praksis IBSV Disponering til handlingsplanar Utviklingsmidlar - organisasjon Utviklingsmidlar - rektorposten Utviklingsmidlar - rektor Sum Rektor føreslår å auke utviklingsmidlar med kr 4,4 mill i Auken er finansiert gjennom omfordeling av midlar til undervisning. Desse utviklingstiltakta bør vidareføring frå 2015 og prioriterast for 2016: Eigendel fou-prosjekt Vidareføring av prosjektet «Digital kompetanse» Leiarutvikling som følgje av tilsetting av nye leiarar hausten 2015 Midlar til biblioteket relaterer seg til auke kostnader til databasar og liknande Tilbod til studentar med lese og skrivevanskar Utviklingsmidlar rektor vert sett til kr 1,2 mil og skal nyttast til å innfri tiltak det er søkt midlar til frå einingane i Endringane frå 2015 er: Justering av uheldig effekt ny ressursfordelingsmodell (RFM). I budsjettet for 2014 og 2015 blei det løyva kr 1,6 mill til ressursar utover ressursfordelingsmodellen som kompensasjon for uheldig effekt av ny ressursfordelingsmodell. Desse midlane var i 2015 omfordelt til Seksjon for fou og vi har difor ikkje med denne posten i Kompetanseheving/fou stipend, overført til disponering til handlingsplan. Nye studium 2015 (friluftsliv/kroppsøving/samfunnsfag). Desse studia er no overført og ligg i ressursfordelinga i modellen. Eitt årsverk lab AIN. Denne stillinga er overført stillingsramma for Vi har lagt i midlar for ein fellestur til fagleg oppdatering for fellesadministrasjon. Det er oppnemnt eit estetisk utval for utsmykking av bygg, kr ,-. 12

19 Det er sett av 1 mill. til auka praksiskostnader i samband med overopptak på Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Disponering til handlingsplanar for fou og utdanning kr 7,6 mill. Vi tilrår at rektor fordelar midlane til handlingsplan kr 7,6 mill. i eit eige rektorvedtak. Avdelingar og einingar sine innspel til budsjett 2016 Ønskjemåla for 2016 frå organisasjonen er mange. Vi har forsøkt å ta omsyn til desse så langt det er rammer for dette budsjettet. Det er prioritert ein søknad frå studentane sine linjeforeiningar om ,- slik at alle har same mulegheit for å få støtte. Vi viser til tidlegare omtale under kvart område i driftsbudsjettet og utviklingsmidlar. 4. Oppsummering budsjett 2016 Høgskulen sin økonomi er god. Så godt som alle studium rekrutterer tilfredsstillande. Studentane lukkast i HiSF, og mange fleire enn i sektoren elles gjennomfører studia på normert tid. Dette har gitt ei jamn auke i studiepoengproduksjonen dei siste åra, og har bidratt til satsinga som allereie er realisert innan utdanning og fou. Høgskulen si største utfordring for 2016 ligg i å kunne tilfredsstille krav til førstekompetanse, auke forskinga og å kunne halde på god utdanningskvalitet. Størstedelen av HiSF sin økonomi går til utdanningane, det er lite frie midlar som kan omprioriterast nye tiltak. Skal vi greie satsinga i handlingsplanane innan forsking og utdanning, må vi omprioritere bruken av midlar som går til drift. Justert langtidsprognose Langtidsprognosen er noko justert sidan styresaka i november: Lønskostandane i 2017 vil bli ytterlegare redusert med 4 stillingar som blir omdisponert til strategiste midlar. Husleige om innflytting i Gymnasbygget blir det same som tidlegare. Alt av omfordelte midlar blir nytta til strategise tiltak i handlingsplanane. 13

20 tal i tusen kr Budsjett Budsjettprognose Basisløyving frå KD Studiepoengproduksjonløyving frå KD Andre driftsinntekter Løns- og prisvekst Driftsinntekter Lønskostnader Investeringar Husleige Energikostnader Andre driftskostnader Strategiske midler Driftskostnader Avsetnad bygg Dekningsbidrag frå prosjektverksemd Eigenfinansiering til prosjekt Forskotterte studiepoeng inntekter HSFO Disponeringar / avsetningar Årets mindre-/meirforbruk Samla mindre-/meirforbruk Vi har i budsjettforslaget redusert løyvinga til undervisning for å finansiere tiltak i handlingsplan for fou og handlingsplan for utdanning. Spørsmålet er om dette er ei tilstrekkeleg dreiing for å nå dei måla vi har sett oss og dei krava vi er utfordra på. Rektor har vurdert konsekvensane ved desse endringane og funne at føreslegen tildeling er forsvarleg og vil truleg ikkje gi store negative konsekvensar for høgskulen samla sett. I langtidsprognosen er det ikkje budsjettert med overskot. Det er såleis viktig med god økonomistyring både på seksjonar og avdelingar. 5. Tildeling til einingane Med atterhald om endringar i føresetnader i tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet, tilrår rektor følgjande hovudrammer for budsjettet 2016: 14

21 Avdeling (tal i tusen kr) 2016 AHF AIN ALI ASF Sum fagavdelingane Rektor Seksjon for utdanning Seksjon for personal og økonomi Seksjon for fou Fellestenester og institusjonsnivå Sum Vedlegg til sak Budsjett tabell 15

22 SUM DEKNING Avdelingsrammene Budsjett Budsjett Budsjett Sum AHF AIN ALI ASF Rektor STUD. Seksjon Seksjon BIB IT HSF Oppdrag Avd Studieadm for for (FoU) (Studieadm) Kostnadsramme Driftsinntekter Investeringar og vedlikehald Kostnader som følgje av arbeidskraft Løn organiserte stillingar Løn engasjerte personal / ekstrahjelp/ tillitsverv Løn bistillingar Løn opplæringsstillingar Løn reinhaldspersonalet Overtid Honorar styre, råd, utval Sensur, eksamen Bedømmelse personale Løn timelærarar og øvingsundervisning Stipend, avgiftspliktige Konsulentoppdrag / oppgåvepliktig Grunnlag Feriepeng avsetning Folketrygd m.m Interne overføringar Forsikringar (yrkesskadepremie)' Velferdsutgifter Midlar til lønsauke Andre driftskostnader Frakt og transportkostnader Kostnader vedk lokaler Maskiner, inventar og utstyr - leigd Utstyr, inventar og materiell - driftskjøp Reparasjon og vedlikehald av utstyr, bygningar m.m Framande tenester Kontorkostnader, trykksaker Porto, telefon Kostnader eigne transportmiddel Kostnader og godtgj vedr reiser, diett, bil og lignende Representasjon, bevertning, marknadsføring Kontigentar, gåver og tilskot Annan kostnad personal og økonomi forsking Rektorramma

23 80/15 Rapport om status i struktursaka Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. Saksbehandler Terje Bjelle Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Styret tek saka til vitande og ber rektor arbeide vidare med saka med utgangspunkt i saksutgreiinga og drøftingane i styret. Saksvedlegg: 1. Orientering om resultat av spørjegransking blant tilsette. 2. Orientering etter «alliansemøte» med Volda, Molde og Lillehammer Saksframstilling «Struktursaka» har prega arbeidet i styret for høgskulen sidan våren Styret har så langt vore tydeleg på at HiSF ynskjer å gå vidare som sjølvstendig institusjon i nært samarbeid med andre uh-insitusjonar, og med spesiell vekt på samarbeid og arbeidsdeling på Vestlandet. Det nye styret for høgskulen drøfta struktursaka første gong på styremøtet 24. september Bakgrunnen då var eit møte i Bergen i byrjinga av september der rektor og styreleiar møtte Kunnskapsdepartementet saman med leiinga for andre statlege høgskular på Vestlandet. På dette møtet bad Kunnskapsdepartementet høgskulane om å gjera ei vurdering av korleis institusjonane kan oppfylle dei kvalitetskriteria som ligg i «Strukturmeldinga», st. meld. 18 ( ). KD var tydlege på at dette utgreiingsarbeidet burde gjerast i eit samarbeid med andre høgskular. HiSF-styret gjorde på septembermøtet følgjande vedtak: 1. Tidlegare vedtak står ved lag til det er gjort nye realitetsvedtak. 2. Styret gir rektor og styreleiar fullmakt til å arbeide vidare med fellesutgreiing med Høgskolen Stord/Haugsund og Høgskolen i Bergen. HiSF gjer og ei sjølvstendig utgreiing. 3. Styret ønskjer drøftingar med Høgskulen i Volda om ulike modellar for vidare samarbeid. 4. Viktige kriterium som skal leggast til grunn for utgreiingane er: Eigne og nasjonale kvalitetskriterium Dei regionale verknadane Styring og organisering Arbeidsdeling/konsentrasjon Økonomiske sider og kostnader med ulike modellar ROS-analyse knytt til kriteria 16

24 I sak 63/15 den 29. oktober leverte rektor ein statusrapport om arbeidet der hovudpunktet var ei førebels sjølvevaluering av HiSF opp mot Kunnskapsdepartementet sine kvalitetskriterium. Rektor presenterte også eit opplegget for det felles utgreiingsarbeidet saman med HiB og HSH. I føreliggjande sak, som er ein ny statusrapport i struktursaka, gir rektor for det første ei orientering om resultata av ei spørjegransking som høgskulen har gjennomført blant alle tilsette (vedlegg 1). For det andre ligg det ved ei orientering etter eit møte som HiSF deltok på saman med Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Høgskolen på Lillehammer (vedlegg 2). På styremøtet 17. desember reknar rektor også med å kunna presentere rapporten frå NIFU om utgreiingsarbeidet saman med HiB og HSH. Arbeidet med denne rapporten har gått med høgt tempo og rapporten ligg ikkje føre i skrivande stund. Vurdering Spørjeundersøkinga gir eit bilde av haldningar som dei tilsette har til ulike sider om kan påverke arbeidssituasjonen ved ei samanslåing. Bildet syner variasjonar mellom avdelingane. Høgskulen i Volda, Molde og Lillehammer legg stor kraft i å utvikle alliansemodellen. Rektor ser framleis på dette som eit alternativ viss vi vel å ikkje gå vidare i forhandlingar sørover. Vedlegg til sak: 1. Orientering om resultat av spørjegransking blant tilsette. 2. Orientering etter «alliansemøte» med Volda, Molde og Lillehammer 17

25 U ndersøking av haldningar til samansla ing Frå Wiggo Hustad, dekan ALI, I samband med prosessen fram til ei avgjerd om HiSF skal gå med i ei vidare utgreiing om fusjon med HIB og HSH, beslutta styret at det skulle gjerast ei intern vurdering, i tillegg til den som vert gjort av NIFU. Som del av dette arbeidet, og for å gi tils ette eit rom for å ytre seg, vart det gjennomført ei spørsjeskjemabasert datainnsamling om utvalde spørsmål knytt til saka 1. I det følgjande gjer vi greie for nokre av dei viktigaste funna 2. Fig 1. Gjennomsnittsscore skala frå 0 til 5, der 0 er heilt u samd, 5 er heilt samd. Demokrati og l okalt leiarskap Respondentan er minst samde i påstandane om at demokratiet på arbeidsplassen vil få meir innverknad. Om lag 3 av 4 er svært samd eller samd i påstanden om at den lokale leiarskapen vil bli bygd mykje ne d ved ein fusjon. Det er ingen signifikante skilnader mellom ALI, ASF og 1 I same skjema vart også nokre spørsmål om arbeidsmiljø stilte. Desse vert ikkje omtala i dette notatet. Dei tener best som ei «temperaturmåling» i dag, og vil kunne gjentakast for samanlikningar over tid i den prosessen vi står framfor. 2 Vi gjer merksam på at analysane av materialet ikkje er avslutta. N= 245, fordeling på bakgrunnsvariablane Eining, Kjønn, Alder, Stillingskategori, Tilsettingstype og Stillingsprosent vert ikkje p resentert her. 1

26 Fellesadministrasjonen, medan respondentane frå AIN og AHF i mindre grad er samde i denne påstanden. Fagleg nettverk 2 av 3 respondentar er anten samde eller svært samde i påstanden om at dei vil få tilgang til eit breiare nettverk ved samanslåing. Dette gjeld likevel berre 6 av 10 fagtilsette. Blant dei andre tilsettegruppene er heile 8 av 10 samde eller svært samde i påstanden. Det er store skilnader mellom avdelingane når det gjeld haldningar til påstanden om at ein fusjon vil gje den einskilde eit breiare fagleg nettverk. 93 prosent av AHF-tilsette og 82 prosent av dei tilsette i Fellesadministrasjonen er anten samde eller heilt samde i denne påstanden, medan dette gjeld berre 66 prosent og 55 prosent blant dei tilsette ved høvesvis ALI og ASF. Berre 1 av 4 på AIN er anten samd eller heilt samd i at ei samanslåing vil utvida det faglege nettverket til den einskilde. Nasjonal studentmobilitet Vel halvparten av respondentane er samde eller svært samde i at ei samanslåing vil letta den nasjonale studentmobiliteten. 3 av 4 på AHF har dette synspunktet, medan berre 4 av 10 på ASF delar denne oppfatninga Høve til å ta del i større forskingsprosjekt Om lag 55% av respondentane er anten samde eller svært samde i at ein fusjon vil gjera at deira eining kan ta del i større forskingsprosjekt. Dette gjeld heile 93% av AHF-tilsette og vel halvparten av dei tilsette ved ALI og ASF. Berre ein fjerdedel av respondentane ved AIN er samde/svært samde i denne påstanden. Betre karrieresjansar Om lag fjerdeparten av respondentane meiner dei får større karrieremulegheiter som følgje av ein fusjon. Halvparten av dei tilsette ved AHF og tredjeparten ved felles-administrasjonen er samde eller svært samde i denne påstanden. Under 10 prosent av dei tilsette ved AIN deler dette synet. Det er ingen signifikante skilnader etter stillingskategori. Flytting av stilling Om lag halvparten av respondentane ved ASF og i Fellesadministrasjonen er samde/svært samde i påstanden om at deira stilling er truga av flytting som følgje av ein fusjon. Dette er tilfellet for berre 7% av respondentane ved AHF. Nedlegging av eining Vel tredjeparten av respondentane er samde/svært samde i påstanden om at mi eining er truga av nedlegging som følgje av ein fusjon. Mellom 50% og 60% av dei tilsette ved AIN og ASF fryktar dette, medan dette er tilfellet for berre fjerdeparten av dei tilsette i Fellesadministrasjonen og 7% av respondentane ved AHF. Effektiv undervisning Vel halvparten av respondentane er anten usamde eller svært usamde i at dei vil kunna undervise meir effektivt etter ei samanslåing. 7 av 10 både ved ALI og AIN har dette synet, medan under 20 prosent av dei tilsette på AHF delar denne oppfatninga. 2

27 Om relasjonen til Volda 38% av dei tilsette ved ASF er samde eller svært samde i påstanden om at ein fusjonerer berre med Volda, så vil det styrka svara deira i positiv lei. Svært få av respondentane ved AHF og AIN har den same oppfatninga. I dei to sistnemnde avdelingane meiner høvesvis 63% og 36% at ei samanslåing berre med Volda, vil trekkje svara deira i negativ lei. Einingsleiarane er den stillingskategorien som i størst grad har teke aktivt stilling til spørsmålet om korvidt ei samanslåing med Volda vil påverka eiga syn på fusjon. Det er monaleg færre i den nøytrale kategorien «Verken/eller» blant einingsleiarar enn for dei andre gruppene av tilsette. Det er og ei særs stor spreiing i svara blant einingsleiarane. Medan vel 60 prosent meiner at ein Volda-fusjon vil vera meir negativ enn ein fusjon med HSH og HIB, meiner nesten tredjeparten at det styrkar argumenta for ei samanslåing. Blant alle tilsettegrupper, bortsett frå einingsleiarane, er det fleire som meiner at dei negative argumenta vert styrka samanlikna med dei positive når det gjeld Voldaalternativet. 3

28 Alliansealternativet Høgskolen i Lillehammer, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda har inngått ein allianse for å møta utfordringane som ligg i St. meld. 18 ( ). Dei har invitert HiSF med i alliansen. Så langt har vår høgskule svart at me i første omgang vil konsentrera oss om eit utgreiingsarbeid saman med Høgskolen Stord-Haugesund og Høgskolen i Bergen om eit nærare samarbeid med desse institusjonane. Me har også sagt at me er interessert i arbeidet som dei tre alliansepartane gjer og at me ynskjer å vera orientert om det. Av den grunn deltok HiSF på eit alliansemøte i Molde 27. november. Føremålet med alliansearbeidet er å få til ein modell for forpliktande samarbeid som kan styrka kvaliteten på utdanning og forsking ved dei tre høgskulane, samstundes som dei som autonome institusjonar kan halda fram med å lukkast med det regionale oppdraget sitt. Dei viser særleg til stortingsmeldinga der det heiter: «Tilgangen til høyere utdanning skal være god over hele landet, og institusjonenes regionale rolle skal videreutvikles». Dei tre høgskulane er svært uroa for at med konsentrasjon til vesentleg færre og bydominerte uh-institusjonar, vil interessa for og omsynet til dei regionale behova tapa. På møtet i Molde vart det presentert eit første utkast til utgreiinga dei skal levera KD i januar og høgskulane si regionale rolle og betydning står sentralt i grunngjevinga. Alliansemodellen som er i ferd med å bli utvikla kviler på prinsippet om føderasjon. Det betyr at det er dei lokale einingane (høgskulane) som eig sentraleininga (allianseorganisasjonen), og som avgjer kva oppgåver sentraleininga skal utføra på eigarane sine vegner. Konfliktar skal løysast gjennom delegert fullmakt til sentraleininga og/eller forhandlingar som fører fram til konsensus. Det blir vist til at føderasjon er eit kjent organisasjonsprinsipp som blir nytta både til å organisera nasjonar, organisasjonar og bedrifter. Samstundes blir det vist til at i akademiske institusjonar er profesjonelle nettverk på tvers like viktige for fagleg utvikling som dei interne fagmiljøa. På same måte som fusjonerte høgskular, kan ikkje alliansen sjølv ivareta all fagleg utvikling. Dei tre høgskulane meiner at ein god alliansemodell kan gi like mykje meirverdi og like mange fordelar som ein fusjon. I tillegg sparar ein seg for all uro og tidsbruk knytt til harmonisering av administrative system, rutinar og dei tilsette sine rettar. Energien kan konsentrerast om dei prioriterte faglege og administrative aktivitetane. Alliansen som er i ferd med å bli utforma er ein brei strategisk allianse på institusjonsnivå. Den kan i prinsippet omfatta dei fleste faglege og administrative funksjonane hjå partane. Alliansen skal organiserast gjennom to pilarar: Felles aksjeselskap skal ta hand om administrative funksjonar der ein kan oppnå stordriftsfordelar og høgre kvalitet på tenestene gjennom felles drift. Aktuelle funksjonar som blir drøfta er forskingsadministrasjon, internasjonalisering, studentrekruttering, økonomifunksjonar, løn, it med meir. Det blir også vurdert om randsoneverksemd som oppdragsverksemd både på utdannings- og forskingssida kan organiserast slik. Utgreiingsarbeidet ser på ulike problemstillingar knytt til etablering og organisering av slike felles aksjeselskap. Alliansefellesskapet skal organisere samarbeidet om utdanning, forsking og kunnskapsutvikling. Dei viser til at uh-lova ikkje tillet institusjonane å skilja ut ordinære forskings- og utdanningsoppgåver. For at alliansen skal styrka desse faglege

29 primæroppgåvene, vert det etablert ein eigen organisasjon - eit alliansefellesskap gjennom ein forpliktande allianseavtale som må vedtakast av styra for høgskulane. Alliansefellesskapet skal ha sitt styre (framlegg om styreleiar og ein til frå kvar institusjon) og dette styret oppnemner faglege råd med leiarar som arbeider med fagleg samarbeid og utvikling innafor definerte utdannings- og forskingsområde. Fagråda får mandatet sitt frå alliansefellesskapet og fellesskapet tilset/utpeikar også ein dagleg leiar/koordinator som er overordna fagråda. I utgreiinga av alliansealternativet blir det også gjort vurderringar av korleis dei tre høgskulane kvar for seg og samla vil stå opp mot krava i stortingsmeldinga. Med nokre variasjonar står dei i hovudsak om lag på line med HiSF. Skilnaden er først og fremst at dei alle tre har etablert phd-utdanningar. Innafor rammene av alliansemodellen prøver dei å utforma modellen slik at den kan ta opp i seg dei aktuelle regionale forskingsinstitutta. Dei tre høgskulane i alliansen har hatt møte med leiinga i Kunnskapsdepartementet og presentert tankane sine. Dei har fått ein frist til å levera eit skriftleg utgreiingsarbeid til 8. januar og deretter er det avtalt eit møte mellom alliansen og KD den 15. januar. Inntil noko anna måtte visa seg, reknar dei då med å få tilbakemelding på om det er grunnlag for å gå vidare med alliansealternativet. Eigne inntrykk og vurderingar Inntrykket etter møtet i Molde 27. november er at dei tre partane arbeider seriøst med å meisle ut alliansealternativet og at dei har tru på at dette kan lukkast. I tida som kjem vil dei gå nærare inn i organisatoriske og juridiske utfordringar, til dømes arbeidsgjevaransvar og dei tilsette sine rettar, og dei kjem ikkje minst til å vera opptekne av å presentera ein modell som kan møta KD sine forventningar og som er truverdig på at alliansen kan evna å prioritere og å løysa vanskelege situasjonar til dømes knytt til fagmiljø som måtte ha problem med kompetanse, studentrekruttering eller anna. Dei tre høgskulane er alle i hovudsak gamle distriktshøgskular og innafor alliansen er det ei god blanding av profesjons- og disiplinbaserte utdanningar. Sett frå vår synsstad, er det ein allianse med mange faglege møtepunkt. Av våre fagområde er det berre ingeniør og naturfaga som ikkje vil ha faglege møtepunkt i alliansen. Blant dei noverande tre partane er det lærarutdanninga i Volda og sjukepleiarutdanninga i Molde som først og fremst er tydelege på at dei manglar fagleg fellesskap innafor alliansen. Begge er svært interessert i at HiSF blir med. Det blir tydeleg sagt frå alliansen samla at det er ønskeleg med fleire partar. Ved sida av HiSF blir Høgskolen i Hedmark nemnt som mogeleg partnar. Sogndal 4. desember 2015 Terje Bjelle Viserektor for utdanning

30 81/15 Master i idrettsvitenskap ved HiSF - Oppnemning av studieplankomite Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. Saksbehandler Kari Aaberge Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Styret gjer vedtak om å oppnemne studieplankomite for master i idrettsvitenskap 120 sp. Komiteen får følgjande samansetjing: Førsteamanuensis Amund Riiser, leiar Førsteamanuensis Vegard Fusche Moe Ein til to eksterne representantar frå NIH Ein student frå master i idrettsvitenskap Rådgjevar Solfrid Kjoberg, sekretær Mandat Komiteen skal: utarbeide studieplan for master i idrettsvitenskap 120 sp i samsvar med Forskrift om krav til mastergrad og Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, 2. syklus. utarbeide søknad om akkreditering av studiet i samsvar med «Forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning» Rektor får fullmakt til å oppnemne dei eksterne representantane og studentrepresentanten. Framlegg til studieplan og søknad om akkreditering skal ligge føre innan søknadsfristen til NOKUT som er 1. mars Saksvedlegg: Uprenta vedlegg: Forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning NOKUT Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HiSF 18

31 Saksframstilling Bakgrunn Høgskulen i Sogn og Fjordane har hatt tilbod om master i idrettsvitenskap sidan I arbeidet med Studieplankomiteen vart det lagt vekt på felles element i innhaldet i dei tre bachelorgradene som muleggjer ei felles masterutdanning for studentar frå dei tre bachelorutdanningane på idrett. Mastergrad i idrettsvitskap er i dag ei utdanning på heiltid, i samarbeid med NIH. Utdanninga er eit tilbod til studentar som har teke ei idrettsfagleg bachelorutdanning i idrett og kroppsøving, friluftsliv, fysisk aktivitet og helse eller som har ein tilsvarande idrettsfagleg bakgrunn. Utdanninga søkjer ei tverrfagleg forståing av korleis spørsmål om læring i skule, idrett og friluftsliv kan virka saman med spørsmål om fysisk aktivitet og folkehelse for å skapa ønskja endringar i åtferd og bevegelsesvanar i samfunnet. Høgskulestyret vedtok i møte å starte opp master i idrett (sak nr 10/53). Plantalet har vore 15 heiltidsstudentar Fagmiljøet ved HiSF har heile tida hatt emneansvar og vore den drivande parten i gjennomføringa av studiet, og vore koordinert frå Sogndal. Undervisninga har i stor grad vore gjennomført med fagtilsette frå Sogndal. Studiet ligg under Avdeling for lærarutdanning og idrett. Det var og ein munnleg intensjon ved inngåinga av avtalen med Norges idrettshøgskole (NIH) at HiSF ville arbeide for å overta det faglege ansvaret sjølv. ALI og Idrett har gjort tiltak for å byggje fagleg kompetanse for å kunne søkje om akkreditering av studiet. I dag har idrett 5 toarstillingar (to professorar og ein førsteamanuensis frå NIH, alle i 20% stilling. Ein i førstestilling frå University of Higlands and Islands som vi delar med Vestlandsforsking og ASF i 5%, og ein professor frå London University som vi deler med AHF i 10%). Vi har under tilseting ein professor i 100% frå , og ein professor som vi deler med matematikk ved avdelinga. Institutt for idrett har vidare 13 tilsette i førstestilling, og ytterlegare 2 tilsette skal levere for førstekompetanse før jul Vi har i møte med Professor Sigmund Andersen diskutert søknad om akkreditering av masterstudium i idrett ved HiSF, og komme fram til at vi ønskjer å utarbeide ein søknad. Vårt samarbeid med NIH vil fortsette som tidlegare ved å knytte til oss fagpersonar frå NIH i toarstillingar, og ved å nytte eksterne frå NIH som førelesarar. Høgskulen i Sogn og Fjordane må søkje NOKUT om akkreditering av masterstudium. Det er krav i Studietilsynsforskrifta som høgskulen må stette for å få akkreditert studiet. I 3.3 i høgskulen si forskrift om opptak, studium og eksamen går det fram at det er styret som oppnemner studieplankomite for nye bachelor- og masterstudium. I kvalitetssystemet er det fastsett at styret ved oppnemning av studieplankomite skal vurdere rekruttering, faglege føresetnader, økonomisk grunnlag og yrkesfeltet sitt behov for studiet. Studieplanen skal leggast fram for Utdanningsutvalet før styret får framlegg om etablering av studiet. 19

32 Rekruttering Master i idrettsvitenskap har vore gjennomført sidan hausten Søkartalet har heile tida vore svært bra, med topp for to år sidan med 112 søkarar på 15 plassar. Det er mykje eigne studentar som søker etter at dei er ferdig med bachelorutdanninga, og gjerne har eit mellomår der dei har gjennomført praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Vi ser og at det er eksterne søkarar som er ferdig med sine bachelorutdanningar andre stader i Norge, og elles frå utlandet. Framdriftsplanen for komitearbeidet er at søknad vert sendt innan søknadsfristen til NOKUT 1. mars Ved eit positivt svar ønskjer vi overta ansvaret for master i idrettsvitenskap så raskt som mogeleg. Vurdering Faglege føresetnader Idrett har i dag eit stort fagmiljø i idrett som alt er forankra i master i idrettsvitenskap. Høgskulen fyller vilkåra for tal førstekompetente med kompetanse i idrett. Det er etablerte forskingsgrupper på Idrett som forskar på problemstillingar knytt til idrett og friluftsliv. Vi har to forskingsområde Fysisk aktivitet og folkehelse og Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv Vi har forsking i desse forskingsområda. Her kan mellom anna nemnast prosjekta ASK, KICK, Prespas, Skredforsking, vegleiing, styrketrening, uthaldstrening og frisklivssentralar. Økonomi og rammevilkår Idrett legg opp til at den faglege profilen på studiet skal vere i tråd med den masteren som til no har vore tilbode i samarbeid med NIH. Eit studium i idrett vil ikkje utvide den faglege portefølgja i høgskulen. Økonomi til gjennomføring av studiet vert ei vidareføring av noverande ordning. Etter rektor si vurdering er føresetnadane til stades for å førebu ein søknad til NOKUT om akkreditering av eigen mastergrad i idrettsvitenskap. Det er ambisiøst å prøve å ha søknaden klar til 1. mars 2016, men rektor stør avdelinga sine ambisjonar om å kome i gang med studiet i Rektor gjer framlegg om at det vert oppnemnt ein studieplankomite som får til oppgåve å utarbeide framlegg til studieplan og søknad om akkreditering av mastergrad i idrettsvitenskap. 20