spøkjelse I HUS MED EIT >>>

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "spøkjelse I HUS MED EIT >>>"

Transkript

1 spøkjelse I HUS MED EIT Ein gong styrte ho garden med jernhand. Heller ikkje etter sin død i 1913 greidde Oline å sleppe taket på Åmot gard i Bygstad. Ikkje før ho fekk fortelje historia si. >>> 26 JULEMAGASINET 2010 FIRDA

2 JULEMAGASINET 2010 FIRDA 27

3 >>> Åmot gard Livredd spring han over tunet, kan ikkje komme raskt nok vekk og snublar nærast i eigne bein. Han spring mot huset, må vekk frå låven og det han såg der inne i den dunkle bygningen som no sit som ein isande kulde i han. Ho døydde i førre månad, Oline, den strenge husfrua på Åmot gard. Drengen såg sjølv liket i kista som låg på laden, blått, kaldt og stivt. Han stod der då kista blei senka ned i den svarte jorda på gravplassen og blei dekt av mold. Han veit kva han såg, men skjønar det ikkje. Det var Oline som kom til han inne i låven denne ettermiddagen. Åmot gard Livredde. Kvifor står det plutseleg ei dame inne på rommet der ho skal sove saman med familien sin i natt? Men kvinna ser ikkje ut til å bry seg om kven som søv på rommet eller ikkje. Ho fortel kva ho heiter medan den vesle jenta lyttar. Men då ho går ned trappa, trippar inn til foreldra og fortel om møtet med kvinna ved namn «Line», blir dei med eitt så rare. Ho skjønar det ikkje, sjølv vil ho berre opp att og snakke meir med kvinna. Med kjappe hender riv foreldra med seg koffertane, dei får ei kjensle av noko unaturleg, dei har ikkje eingong rokke å pakke ut bagasjen. Lite veit dei om at det seinare skal overnatte ein journalist på nettopp dette rommet som er så livredd at ho ikkje eingong torer hente kofferten sin. Andre gjester set opp telt ute i hagen ved det kvitmålte huset, dei nektar å sove endå ei natt på rommet der det skjer så mykje rart. Torer ikkje overnatte. Steinar Sørli er fortvila der han prøver å byggje opp Åmot gard. Gjest etter gjest fortel om nifse opplevingar frå rommet i tredje etasje i det gamle huset frå Stadig vekk må han bytte rom til gjestene, mange er for redde til å sove på det som ein gong var Oline sitt gamle rom. Rommet der ho døydde i Heilt sidan året etter at Steinar starta restaureringa av den gamle familiegarden i 2002, har det komme fleire livredde gjester til han om morgonen og fortald om dette rommet der det skjer uforklarlege ting. Men resten av garden og dei andre romma har ein god energi, gjestene likar seg godt, men akkurat dette soverommet held dei seg unna. Dei merkar at det er noko der inne, dei er redde, torer ikkje å gå inn att på soverommet etter å ha overnatta ei natt der. Steinar og partnaren Yngve Brakstad veit ikkje heilt kva dei skal tru om alle historiene. Visstnok har dei sjølv prøvd å sove i rommet etter alle tilbakemeldingane, men dei har aldri merka noko sjølv. Men Yngve kjenner berre kor mykje lettare han pustar når han kjem seg raskt vekk frå rommet og ned i 1. etasje. Steinar ringjer til mor si, Solveig Oline, som voks opp på garden. Fortel om dei redde gjestene som trur det er spøkjelse som går att. Det blir stille i den andre enden ei stund. Så kjem det frå Solveig Oline. Ja, det er nok ho Oline det. Åmot gard Ei oppgåve i vente. Har du sove godt? Like spente som alltid når overnattingsgjester søv i rommet der det skjer så mykje rart, ser Yngve og Steinar granskande på den nye 28 JULEMAGASINET 2010 FIRDA

4 «No ler ho godt av oss, ho Oline» I KONTAKT: Gunvor C. Røkholt visste at ho hadde ei oppgåve då ho kom til Åmot gard for første gong i Det var ho som skulle komme i kontakt med Oline og hjelpe ho til å få fred. gjesten sin som no sit framfor dei og et frukost denne tidlege oktobermorgonen. Gunvor C. Røkholt tenkjer litt etter, jovisst sov ho godt. Men merkeleg nok vakna ho så veldig tidleg denne laurdagsmorgonen. Vanlegvis søv mannen hennar uroleg medan ho sjølv søv som ein stein, men denne morgonen var det annleis. Allereie i fem-sekstida er ho vaken. Og ho veit at nokon prøver å få kontakt med henne. Ho har denne emna, ho kan få kontakt med det som mange av oss stengjer ute. Ved hjelp av englar kan ho føle korleis venner og andre menneske har det, ho ber englane om hjelp til å hjelpe. Steinar tenkjer litt etter, og så tek han sats. Vanlegvis plar han ikkje seie noko om Oline, vil halde det hemmeleg, men no fortel han Gunvor om spøkjelset som går att og skaper uhygge og skremmer gjestene. Steinar er så sint og irritert på henne, vil berre at ho skal halde seg langt vekke. Ho lagar så mykje trøbbel. Interiørdesignaren Gunvor er eigentleg på helgebesøk frå Oslo for å innreie romma i huset, men når ho høyrer historia til Yngve og Steinar, veit ho at den kjensla ho så brått vakna med, den var riktig. Nokon i soverommet tidleg den morgonen, ei kvinnekraft, ville fortelje henne noko. Gunvor veit at ho har ei oppgåve ho må løyse. Oline si historie. Så gjer Gunvor seg klar. Går opp trappa til soverommet, opnar døra, lukkar den, og så er ho på plass i rommet der Oline døydde for nær 100 år sidan. Her får ho kontakt med den gamle husfrua på Åmot gard, ei kvinne som styrte garden med jernhand, dreiv tenarskapet hardt og nekta dei å gå inn hovudinngangen. Oline greidde aldri å få eigne born, noko som sat som ei smerte i henne resten av livet, også etter at ho og mannen Søren tok til seg to born. I så mange år har Oline prøvd å bli sett og høyrt på garden, og no er det ei kvinne i rommet hennar som tek kontakt. Som vil at ho skal fortelje. Så kjem historia til Oline. Om dei lange, tunge arbeidsdagane på garden. Om alt slitet i livet hennar. Om sinnet som har brent seg fast mot mannen Søren. Og det som ho trudde og håpte skulle bli ei lette, døden, blei i staden så veldig lang og vond. Gunvor lyttar til Oline. Kommuniserer inne i hovudet sitt. Men også Gunvor har noko ho vil seie. Ho fortel at folk er redde for å liggje i dette soverommet, dei føler uro. Ho ber så Oline om å vere med å løyse problemet. Og slik blir det. Oline får vere skytsengel for rommet, passe på gjestene som søv her. Engelen oppe i hjørnet syner at det no er trygt og godt her. Men kvinnene blir også einige om at dei andre som ein gong levde her, også må få vere skytsenglar. Elles blir det ubalanse. Så reinsar Gunvor rommet, balansen blir gjenoppretta. Oline får hjelp til å komme inn i lyset. Endeleg får ho fred. Gunvor lukkar døra bak seg, går ned trappa. Møter to karar som knapt greier vente med få vite kva som har skjedd der oppe. Oslo-kvinna fortel om møtet med Oline og om kva ho fortalde om livet sitt. Steinar og >>> JULEMAGASINET 2010 FIRDA 29

5 >>> Yngve blir stumme. Korleis kan Gunvor vite alt dette? Det einaste dei har sagt er at det er ei kvinne som går att. Men det er også alt. Askøy Livredde drengar. Historia om den vesle jenta som møtte på «Line», fekk Solveig Oline Sørli til å komme i hug alle historiene om Oline etter hennar død i Om dei vaksne drengene som var vitskremde etter å ha sett den gamle husfrua, om mora si som høyrde rabalder frå kjøkkenet i eit nattestilt hus medan ho sat ved senga til den døde adoptivmora si. Om Søren som på nattetid fekk besøk av Oline inne på rommet der ho døydde mange år tidlegare. Ho ville leggje seg opp i senga til han. Fleire såg henne, mange var redde. Solveig Oline voks opp på garden. Ho blei fødd i 1921, åtte år etter at kvinna ho er oppattkalla etter, døydde. Eg visste veldig lite om Oline, det var ikkje så veldig mykje prat om henne. Men det eg han hugse, var at særleg tenarane snakka om at ho gjekk igjen, seier ho. Også mor til Solveig Oline, adoptivdottera til Oline, såg gjenferdet av mora fleire gonger. Ho merka at adoptivmora sleit med at ho ikkje fekk eigne born, ho var veldig streng mot begge dei to barna ho tok til seg. Livet på garden var hardt med mykje slit. Oline var mykje åleine medan Søren var på reisefot i jobben som byggherre. Oline hadde det nok ikkje heilt lett. Ho kjende seg nok veldig tilsidesett og lite verdsett. Søren tok henne veldig hardt, fortel Solveig Oline. Som lita jente på garden laga ho og dei andre borna fleire historier om Oline, særleg redde var dei ikkje. Vi laga nok litt moro ut av det, seier den 90 år gamle kvinna. Trur du sjølv på at Oline skal ha gått igjen? Hm. No spør du eit vanskeleg spørsmål. No har det ikkje vore noko snakk om historia før eg fekk høyre om den vesle jenta som møtte på «Line». Då kom det mykje fram att, seier Solveig Oline. Åmot gard Eit kvitt lys. Ein liten kvit engel heng ned frå taket oppe i det eine hjørnet i det sjøgrøne rommet. Studerer på ein måte Firda sine utsende der vi står med kamera og notatblokk og ser oss litt undrande rundt i Oline sitt rom. Vi har lukka ytterdøra og den iskalde og «Det er god energi her no» Det spøkjer i stille grender I ein artikkelserie i seks delar som startar i dag fortel menneske som har opplevd uforklarlege hendingar si historie. Serien held fram i Firda i romjula, og måndag 27. desember kan du lese om gamlemeieriet på Breim der fleire meiner det spøkjer. Har du opplevd ei uforklarleg hending som du vil fortelje oss om? Kontakt Firda på redaksjon@firda.no eller ring oss på stjerneklare novemberkvelden bak oss, gått opp trappa og funne rommet. Og no står vi her. Det var oppe i det hjørnet der eg fekk Oline opp den dagen eg møtte henne, seier Gunvor og peiker opp på den vesle, kvite engelen. Gunvor sit på sengekanten på Oline sitt gamle rom, eit rom som er oppattkalla etter den gamle husfrua. Det vakre rommet med sjøgrøne vegger som ei verdskjend operastjerne har sove i, heiter sjølvsagt «Oline», eit rom der gjestene no søv godt. Det er god energi her no, seier Gunvor smilande med raude lepper. Ingen ville ta Oline på alvor før den oktoberdagen i Ho blei støytt ut, var eit problem og tabu. No er det ro på Åmot gard. Ho held eit auge med oss no, seier Gunvor, og smiler litt, medan ho og underteikna får instruksar frå fotografen som er i full gang med å ta bilete. Oline blir illustrert ved hjelp av skuggar, vi stiller oss opp slik fotografen ønskjer medan han tek bilete. Så kjem det frå senga der Gunvor sit. No ler ho godt av oss, ho Oline, smiler ho, og får litt undrande blikk tilbake. Gunvor ser bilete som englane syner henne. Og no er det ei krokrygga Oline som flirer godt. Tenk at vi prøver å ta bilete av henne? Fotografen gjer seg ferdig. Vi ser nysgjerrig på bileta, blei det slik vi trudde? Men på bileta som er tekne opp mot veggen der skytsengelen heng ned, legg fotografen og Gunvor merke til noko som ikkje var der då biletet blei tatt: eitt lite, kvitt lys. Har fått fred. Etter at Gunvor reiste heim til Oslo den oktoberhelga for to år sidan, endra alt seg på garden i Bygstad. Steinar pustar litt lettare. No er stemninga heilt annleis i rommet. Oline er til stades og er veldig nøgd, ei fantastisk god kjensle. No jobbar ho saman med oss for å utvikle garden, fortel Steinar. No reinsar dei rommet av og til ved å tenne røykjelse før det kjem gjester, dei kjenner at rommet vil dei vel. Det er godt å vere der. Sidan den oktoberdagen i 2008 har dei aldri meir hatt redde gjester. Bedrifta går godt. Men vi held det i sjakk med å akseptere henne, vi tek kontakt når vi er på rommet hennar og så har vi innreidd rommet hennar. På den måten styrkjer vi posisjonen hennar. Og at ho hamnar i avisa no, ja, det er stor stas, synest ho. Ho likar å få merksemd, fortel Steinar smilande. 30 JULEMAGASINET 2010 FIRDA

6 Sjelene på Åmot gard. Spøkjelsa er rundt oss heile tida. Men det er først når det stilnar at vi tek dei inn, seier Gunvor. Vi sit i mjuke, djupe stolar rundt eit bord med blafrande lys. Vi har tatt bileta på Oline sitt rom og forflytta oss over på naborommet der Gunvor skal overnatte denne helga. I dette rommet har det vore mange menneske. Eg merkar energien, fortel Gunvor. For det er fleire enn berre Oline sin lagnad på garden. Det er mange av dei. Eg merkar alle dei som var her ein gong, seier Gunvor, og legg til at ho snakkar om eit tema som mange avfeiar som tull. Sjølv trudde ho lenge at det berre var hennar eigen fantasi når ho såg dei symbolske bileta som englane viste henne. Og når eg vakna midt på natta utan å heilt vite kvifor, tenkte eg ikkje på at det kunne vere noko spesielt. Kanskje du har opplevd det same? Du kan ha opplevd noko som du berre avviser som noko naturleg? Gunvor meiner spøkjelse er sjeler som ikkje vil over på den andre sida. Kanskje har dei opplevd noko så dramatisk i livet sitt at dei ikkje får fred, og så søkjer etter eit menneske å bu i. Ho trur vi alle har ei sjel som vel ulike oppgåve i kvart liv. Og eg trur at eg er her for å løyse oppgåver, fortel ho. Sjølv meiner ho det handlar om bevisst medvit. Alle har denne evna i seg, alle kan lære det. Åmot gard Skytsengelen. Steinar er litt ekstra nervøs denne helga. Ikkje berre er han bekymra for om gjesten merkar noko på rommet, men også fordi han jobbar med å få den verdskjende operastjerna Kiri Te Kanawa til Åmot gard for å halde konsert. Men kva om ho kjem og det blir ein katastrofe fordi ho blir vitskremt av Oline? Like før Gunvor reiser den søndagen, kviskrar ho Steinar noko i øyret. Ho kjem til å seie ja. Kvelden etter tikkar det inn ei melding på mobilen til Gunvor frå Steinar. Du hadde rett. Kiri kjem! Og Kiri Te Kanawa har visstnok knapt sove så godt nokosinne før. For oppe i taket heng jo ein liten engel og passar på. Astrid Iren Solheim tekst Bent Are Iversen foto JULEMAGASINET 2010 FIRDA 31

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda III Oslo Det Norske Samlaget 2013 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8374-0 Om denne boka Siste boka i lesaranes

Detaljer

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje 18 Reportasje Eit barn for lite Dei små som berre får leva ei lita stund set óg djupe spor i foreldra sine liv. I denne serien blir vi nærmare kjent med nokre av dei som miste sine kjære så altfor tidleg.

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer