Skulebruksplan for Sogn og Fjordane

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Skulebruksplan for Sogn og Fjordane"

Transkript

1 Drøftingsnotat Framlegg til uttale frå Sogn Regionråd om Skulebruksplan for Sogn og Fjordane Sogn

2 Innhald Bakgrunn for ny skulebruksplan... 3 Forventningar til ein ny skulebruksplan... 4 Framlagde modellar... 5 Mandat for utgreiingsarbeidet... 6 Arbeidet med uttalen... 7 Om skulane i dag... 8 Sogndal vidaregåande skule... 8 Årdal vidaregåande skule Luster vidaregåande skule Kva skjer med undervisningstilbodet i Sogn? Kommunane sine vurderingar Effektar i Sogn samanlikna med resten av fylket Oppsummert om modellframlegg ei heilt urimeleg slagside! Vidare arbeid med ein berekraftig modell for vidaregåande skule i Sogn Utviklingstrekk i Sogn Finansiering Innhald Organisering

3 Skulebruksplanen Sogn regionra d Sogn regionråd har handsama førebels framlegg til modellar for vidaregåande skulestruktur i fylket. Desse modellane vart presenterte som resultat av eit oppdrag gjeve av fylkeskommunen til Norconsult as hausten Framlegget av modellar, og det påfølgande offentlege ordskiftet utløyste eit vedtak i regionrådet om å samordne synsmåtane for Sogn. Bakgrunn for ny skulebruksplan Fylkesutvalet for undervisning vedtok i sak 48/12 at det skulle gjennomførast eit arbeid for å utforme ny skulebruksplan: «Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedomar mest mogleg kostnadseffektivt. Planen skal leggje eit best mogleg grunnlag for politiske vedtak om framtidig organisering av vidaregåande opplæring». Bakgrunnen for vedtaket var ei otte for framtidig elevtalsutvikling, spesifikke midlar til undervisning, og generell overføring frå staten. Det er noko uvisse knytt til elevtalsutviklinga, men ein reduksjon på om lag 600 elevar pr. år innan ti år er innafor eit rimeleg uvisseområde. Fylkesrådmannen synte til følgjande utviklingsbane for elevtalsutviklinga i fylket ved oppstarten av planarbeidet (Planutvalet Leikanger, ): Tabellforklaring: SSB si framskriving over tal 15-åringar (som er det året dei byrjar i vidaregåande opplæring), alternativ middel nasjonal vekst (MMMM) (publisert 20. juni 2012) og tal elevar på kvart enkelt årstrinn frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Begge variablane er framskrivne med føresetnad at elevane som byrjar på vg1 òg byrjar på vg2, medan 65 % av elevane byrjar på vg3 Med ein reduksjon i elevtal vil overføringane til vidaregåande skule bli reduserte. I tillegg er det varsla endringar i inntektssystemet til fylkeskommunane. Effektane av slike endringar er uvisse, men 3

4 med utgangspunkt i dei statlege overføringane for 2010 stipulerer fylkesrådmannen reduksjonen i 2014 til 3 mill kr, i mill kr og i mill kr. Det finansielle grunnlaget set da grenser for måten fylkeskommunen oppfyller sitt lovpålagde krav om å tilby vidaregåande opplæring: Fylkeskommunen har plikt til å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busette i fylket: Planleggje og byggje ut eit opplæringstilbod i samsvar med nasjonale mål, søkjarane sine ønske og det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring i alle utdanningsretningar ( 13-3) Utdanninga skal tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte og føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse ( 1-3 og 13-3). Oppsummert: Ansvaret for forsvarleg vidaregåande opplæring er ikkje endra, medan basis for gjennomføringa av plikta er det. Forventningar til ein ny skulebruksplan Med bakgrunn som vist over sette fylkeskommunen arbeidet med ny skulebruksplan i verk. Planprogrammet for skulebruksplan uttrykker følgjande resultatmål for arbeidet med vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane innan 2015: Det vidaregåande opplæringstilbodet er organisert slik at elevar og lærlingar får ei opplæring med høg kvalitet får tilbod om alle utdanningsprogram og eitt breitt spekter av programfag i eige fylke i størst mogleg grad får oppfylt sine ynskje om opplæringstilbod Det vidaregåande opplæringstilbodet samsvarar i størst mogleg grad med samfunnet sitt behov for kompetanse på ulike nivå. Det er lagt langsiktige planar for opplæringstilbodet for å fremje stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet. Vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnadar utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet. Vidaregåande opplæring er organisert slik at ein tek omsyn til endra økonomiske føresetnader, inkludert behovet for framtidige satsingar, og endringar som fylgje av den demografiske utviklinga. Som del av arbeidet med skulebruksplanen bad fylkeskommunen konsulentselskapet Norconsult as om å utarbeide ulike modellar for å møte både plikta til å levere vidaregåande undervisning og dei ressursråmene ein så langt kan sjå føre seg. Krava til modellane var at alle modellane i utgangspunktet skulle fremje: 4

5 Ei opplæring med høg kvalitet. At alle utdanningsprogram og eitt breitt spekter av programområde vert tilbydd i eige fylke. At elevar og lærlingar i størst mogleg grad får oppfylt sine ynskje om opplæringstilbod. At det vidaregåande opplæringstilbodet samsvarar i størst mogleg grad med samfunnet sitt behov for kompetanse på ulike nivå. Stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunn. Robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnadar utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet. Økonomisk handlingsrom til å møte framtidige satsingar og endringar som fylgje av den demografiske utviklinga. At dei fleste elevar kan bu heime medan dei tek vidaregåande opplæring, og dei som må bu på hybel vert følgd godt opp. Modellane skulle særleg ta omsyn til: Økonomiske rammer. Kostnadseffektiv bruk av bygg og eigedomar og framtidig behov for investeringar. Mogleg samarbeid med primærkommunar om utnytting av bygg og kompetanse. Lokalt arbeidsliv sitt behov for fagarbeidarar. Endra bu- og arbeidsområde som fylgje av samferdslemessige endringar. Kva som fremjar kvalitet på opplæringa. Korleis ein kan nytte samarbeid mellom skular, lærarkrefter og bruk av den beste teknologi for fjernundervisning for å gje eit best mogeleg tilbod til elevane. Framlagde modellar Norconsult leverte sine modellframlegg i rapport Her skisserer dei tre hovudmodellar og samanliknar med modell 0, alternativet som er ei vidareføring av dagens organisering av utdanningsprogramma. 5

6 Fylkesutvalet vedtok 7.november 2012 konsekvensutgreiing av alle modellane. I tillegg bad dei om at det vart sett nærmare på «konsekvensar av å ha helse og oppvekst, studiespesialisering, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant og matfag, design og handverk på fleire stader». Det vil seie at opna opp for å sjå på modellar der tilbod innan slike fag kunne tilbydast fleire stader, at dette ikkje berre skulle lokaliserast ein stad som fylkesdekkande linjer. Dette auka modelltilfanget monaleg, og i endeleg vedtak heiter det: Mandat for utgreiingsarbeidet Medlemmane i Sogn Regionråd reagerte på dei framlagde modellane, og ville ha utgreidd eit grunnlag for felles uttale frå regionen. Regionrådet har gjeve følgjande mandat for arbeidet «Sogn regionråd lagar ei fagleg utgreiing med regionalt perspektiv som får fram fakta og vurderingar som ivaretek og støttar opp om Sogn sine behov for vidaregåande opplæring. Utgreiinga skal presentera alternativ løysing til modellane vedteke i fylkesutvalet og som gir ungdommen i Sogn eit utdanningstilbod på lik linje med resten av fylket». 6

7 Arbeidet med uttalen Arbeidet med den samla uttalen frå regionrådet har vore organisert ved hjelp av møte i rådet og i ei eiga arbeidsgruppe. Sekretær for arbeidsgruppa har vore innleigd konsulent Wiggo Hustad, frå selskapet Deloitte. Konsulenten har drøfta fakta med representantar frå kommunane og skulane. Høvet til å innhente materiale frå skulane er klarert med fylkesdirektøren for opplæring. Ordførarane har hatt førebels arbeid lagt fram for seg i møte den 25. januar og 22. februar. Kommunane, og da særleg vertskommunane har lagt stort alvor i sine bidrag til uttalen. Rådet har peika på tre styrande krav til uttalen. Den skal vere - Nøktern - Faktabasert - Utviklingsorientert Med nøktern meiner rådet at ein legg til grunn det alvoret som ligg i utviklingstrekka, både med omsyn til elevtal og til økonomi. Rådet finn ingen grunn til å tvile på at vidaregåande skule i fylket må gjennom ei viss omstilling. Med faktabasert meiner rådet at både omtalen av tilstanden i dag, og framtidige løysingar må ta utgangspunkt i sann kunnskap. I dette ligg at ein ikkje utan vidare aksepterer utvalet av bakgrunnsmateriale Norconsultrapporten bygger på. Rådet meiner at det finst synsmåtar og tolkingar av datamaterialet som ikkje er godt nok verifisert, og at det er mangelfullt. Rådet ønskjer å bidra til utvikling i regionen. Arbeidet med skulebruksplanen må difor vere utviklingsorientert. I dette ligg også eit ønske om å kunne bruke vidaregåande skule som ein viktig aktør i arbeidet med å halde oppe aktivitet og å utvikle regionen i positiv lei. 7

8 Om skulane i dag Det er fem vidaregåande skular i regionen. Sogn Jord- og hagebruksskule og Sygna er ikkje eigd av fylkeskommunen, og såleis ikkje med i denne gjennomgangen. Sogndal vidaregåande skule Sogndal vidaregåande skule har no nesten 800 elevar. Vel 25 % av desse kjem frå Sogndal, resten primært frå nabokommunane, men også frå kommunar lengre unna. Tabellen syner heimkommunen til om lag 95 % av elevane. Driftskostnadane pr. elev ligg på omlag Med ein stor, og moderne bygningsmasse er kostnadane pr. elev vel Figuren under syner det breie faglege tilbodet ved skulen: Sogndal vgs elevtal og heimkommune K.nr Bustad Elevar Sogndal Luster Leikanger Vik Lærdal Aurland Årdal Gulen Førde Stryn Gloppen Flora Hyllestad Høyanger Balestrand Jølster

9 9

10 Årdal vidaregåande skule Skulen har om lag 200 elevar. Siste 3 år har 84,4% av elevane vore frå Årdal. Andre elevar kjem hovudsakleg frå Lærdal, Sogndal, Høyanger og Naustdal (27 på hybel siste skuleår, hybelkapasiteten er god). Studieretningar Elevar Årsverk TIP (VG1-VG2) 36 5,4 Elektro/automasjon (VG1-VG3) 35 5,4 Helse og Sosial (VG1-VG2) 16 3,6 Studiespesialisering (VG1-VG3) 88 6,8 Service og Samferdsel (VG1-VG2) 25 3,6 Leiing/adm/anna 14,7 Totalt ,5 Kostnad pr elev ligg på om lag , medan kostnad til byggdrift pr elev ligg på om lag , noko som ligg godt under snittet for fylket. Elevar frå Årdal som ikkje vel ÅVGS er elvar ved Sogndal, Luster og Firda (23 av desse på hybel siste skuleår). Skulen er gradvis oppgradert/opprusta over mange år og framstår i veldig god stand med gode fasilitetar. Luster vidaregåande skule Luster vidaregåande skule ligg på Hafslo og har om lag 130 yrkesfagelevar. Skulen har 4 utdanningsprogram: 1. Design og handverk 2. Helse- og oppvekst 3. Restaurant og matfag 4. Påbygging til generell studiekompetanse Innafor utdanningsprogramma finn vi slik fordeling: Kostnad pr. elev ligg på om lag , byggkost inkludert. Hovudbygget på LVGS er eigd av fylkeskommunen. Skulen disponerer også eit fellesbygg som fylkeskommunen og Luster kommune leiger hjå Nes Eigedom. Fellesbygget inneheld ma. kantine, data-/spesialrom, bibliotek og auditorium. Areala vert oppfatta som tenleg for den undervisninga som ver gjeve. 10

11 Leigeavtalen vart inngått , med bindingstid fram til Fylkeskommunen har ein festeavtale på tomta i 99 år, inngått i Å realisere/selje lokala med gevinst er lite sannsynleg. 11

12 Kva skjer med undervisningstilbodet i Sogn? Regionrådet meiner prinsipielt at fordeling av gode og byrder i fylket må vere rimeleg. Framlegget til modellar har ikkje slik kvalitet. I det følgjande syner vi kva som er føreslege for det samla tilbodet i Sogn i dei alternative modellane, og syner til kommentarar knytt til dei ulike faga. Utgangspunktet er at alle modellane føreset Luster lagt ned, og modell 3 føreset både Luster og Årdal lagt ned. Sidan ein ikkje er kjent med kva mellomløysingar som vil bli lagt fram til høyringsrunden, er kommentarane knytte til dei tre opprinnelege modellane. Restaurant og matfag Modell 1: Luster lagt ned, tilbod lagt til Sogndal etter ei mellombels løysing i Sunnfjord Modell 2 og 3: Luster lagt ned, tilbod ved Øyrane eller Måløy Regionrådet vil på det sterkaste råde til å halde oppe tilbodet i regionen. Det har ein naturleg plass både i høve institusjonskjøken og til den auka merksemda mot småskalaproduksjon, kortreist mat og opplevingsturisme. Dette er sentrale element i ei breiare satsing på opplevingar og helse i regionen. Det er også grunn til å anta at modell 2 og 3 vil medføre eit sterkt redusert tilbod til elevar som kunne ha teke denne utdanninga, men som ikkje vil det sterkt nok til å flytte på hybel. Både feilval og auka fråfall er ein sannsynleg konsekvens av å flytte tilbodet ut av regionen. Design og handverk Luster lagt ned tilbod på Eid vgs Dette er det einaste tilbodet innan faget i regionen. Regionrådet meiner at faget bør oppretthaldast i regionen, og at det er naturleg å vidareføre dette ved Luster vgs inntil vidare. Helse og oppvekst Modell 1: Tilbod i Sogn samla i Sogndal, lagt ned i Årdal og Luster Modell 2: Tilbod vidareført i Årdal, etablert i Sogndal Modell 3: Tilbod i Sogn samla i Sogndal, lagt ned i Årdal Nedlegging av Luster medfører at ein av dei største helse og oppvekstutdanningane i fylket vert nedbygd. I Årdal ser ein at nedlegginga vil føre til problem med å få fagarbeidarar i omsorgsyrke. Alle kommunane i regionrådet peiker på den same problemstillinga. Mange av dei som tek slik utdanning er eldre arbeidstakarar som tek utdanninga når det let seg kombinere med familieliv. I tillegg vil vi truleg sjå at utanlandske arbeidstakarar/innvandarar vil søkje seg til slik utdanning. Det er all grunn til å tru at desse ikkje vil pendle langt for å skaffe seg slik utdanning. Dette kombinert med det faktum at alderssamansetjinga i befolkninga dreier mot ein større del over 80 år (sjå tabell under) 1, med forventa høgare omsorgstrong, gjer at utdanningskapasiteten og fagattraktiviteten må forsterkast, heller enn reduserast. Ei arbeidsgruppe knytt til etableringa av Sogn Lokalmedisinske Senter har fokus på nettopp det å skape auka interesse for pleie- og omsorgsoppgåver. Ein føresetnad for eit robust tilbod er sjølvsagt at kommunane stiller fagutdanningskrav i stillingane, at 1 Rapport frå KS Sogn og Fjordane «Rekruttering og arbeidskraft kartlegging 2013» 12

13 dei oppretter stillingar, og tilbyr lærlingeplassar. Det er all grunn til å tru at kommunane må ta dette på alvor framover. Behov for meir arbeidskraft og nyrekruttering er svært stort. Regionrådet ser det som avgjerande at kapasiteten vert halden oppe i regionen, og at framtidig struktur tek omsyn til fleire elevtypar enn åringar. Elektrofag Modell 1: Høyanger lagt ned, tilbod til Sogndal Modell 2: Data og elektronikk VG1 og VG2 flytta frå Sogndal til Flora Modell 3: Årdal lagt ned, tilbod i Sogndal, Fylkestilbod automasjon VG2 og VG3 lagt til Eid vgs. Nedlegging i Høyanger vil truleg medføre at nokre elevar kjem til Sogndal, medan resten går til Øyrane. Modell 2 føreset at data og elektronikk vert flytta frå Sogndal og ut av regionen. Dette er utdanningar med stor relevans, både lokalt, og som grunnlag for vidare utdanning. Ein vil sterkt motsette seg å flytte dette ut av regionen. I modell 3 med Årdal lagt ned, vil det største industrimiljøet i regionen miste sitt lokale rekrutteringsgrunnlag til viktige stillingar. Å flytte automasjon langt vekk frå sentrale arbeidsplassar innan automasjon vil truleg føre til at det samla søkjartalet til faget går ned. Det vil ikkje berre råke lokalt, men bransjen i fylket. Eit framtidig samarbeid om elektrofag i regionen må bygge vidare på den sterke bransjekoplinga utdanningane har i dag. Bygg og anleggsteknikk VG2 anleggsteknikk flytta frå Sogndal til Øyrane Både skuleleiarar og bransjen er uroa over at dette faget forsvinn ut av regionen, og vil sterkt råde til at tilbodet vert vidareført i regionen. Idrettsfag Alle modellar: lagt ned ved Sogndal (Stryn og Flora), fylkesdekkande på Firda når Trivselshagen står ferdig Regionrådet er kjent med at fylkeskommunen alt har motteke sterke reaksjonar på dette framlegget, og at det er utarbeidd alternativ kor det framifrå tilbodet i Sogndal vert vidareført. Her kommenterer vi likevel med utgangspunkt i Norconsultframlegget. 13

14 Idrett ved Sogndal vidaregåande inngår i eit samspel mellom mange aktørar lokalisert i Campus Fosshaugane, det fremste uttrykket for moderne kompetansetung næring i fylket. I ein uttale frå Sogndal fotball og Sogn Næring heiter det mellom anna: «Kompetansemiljøet som er opparbeidd i Sogndal, med sentrale partar som Sogndal Fotball, Høgskulen og Sogndal vidaregåande skule i Campus Fosshaugane er gjensidig avhengig av kvarandre. Eitt konkret eksempel er arenaen Sogndal vgs er i høve Høgskulen sine praksisfelt med skulen som øvingsarena. Utan idrettsfag ved Sogndal vgs vil ikkje lærar- og idrettsutdanningane ved Høgskulen finne nok praksisplassar for sine studentar i nærområdet. Dette er heile grunnsteinen i Campus Fosshaugane, der ein finn utdanningsløp frå grunnskule, gjennom vidaregåande skule til høgskule innanfor same området». Regionrådet er tilliks med andre aktørar i regionen heller forundra over at det let seg gjere å komme på å foreslå dette miljøet splitta opp. Ein regional utviklingsaktør kan ikkje sjå vekk frå det faktum at det største idrettsfaglege miljøet utanfor Oslo er i ferd med å få ein eigendynamikk som tener heile fylket. I ein samla regional profil med vekt på kunnskap om berekraft, helse og opplevingskvalitet er dette miljøet heilt sentralt. Når det er sagt er det ikkje sikkert at volumet på idrettsfag på vidaregåande nivå skal vere så høgt som det har vore. Justeringane som alt er føreslege frå Sogndal vidaregåande, med reduksjon av klassetal, peiker på dette. Regionrådet vil derfor på alle måtar støtte vidareføring av idrett på Sogndal vidaregåande. Medium og kommunikasjon Alle modellar: lagt ned ved Sogndal, fylkesdekkande på Firda Norconsultrapporten ser ikkje ut til å ha fanga opp at tilbodet i Sogndal er treårig. «Svært få av elevane får relevant læreplass etter VG2, og dei fleste vel difor å ta eit tredje år i skule for å få særskilt studiekompetanse. Utdanningsprogrammet vert dermed ein alternativ veg til generell Studiekompetanse» (Norconsultrapporten s. 13). Dette er positivt feil, og kan ikkje leggast til grunn for ei vurdering av framtida til MK ved Sogndal vidaregåande. Linja kan tvert om syne til at elevane tek ei treårig fagutdanning, og at denne er etterspurd av både elevar og bransjen. Redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane kallar det store omfanget av elevar i eller på veg inn medieyrke som svært sterk - Sogndal vgs har god grunn til å vera stolte av det som er skapt og skaper godt grunnlag for god rekruttering. Kvaliteten på elevane er høg. Fleire av elevane har starta som redaksjonelle medarbeidarar på frilansbasis både for NRK Sogn og Fjordane, TV2 og Sogn Avis før dei forlet medielinja. TV 2 Sporten og MK ved Sogndal vidaregåande har eit samarbeid på oppdragsbasis, noko som gir verdifull praksis for elevane. TV2 skriv i ein epost: «Gjennom en årrekke har TV 2 Sporten tatt imot praksiselever fra Sogndal vgs. Bakgrunnen er et ønske om å knytte kontakt med lokal kompetanse. Som følge av logistikkutfordringen med avstanden mellom Bergen og Sogndal, er det for TV 2 Sporten en fordel å ha fotokompetanse tilgjengelig på oppdragsbasis i Sogndal, særlig med tanke på Sogndal Fotball. I utplasseringen i Bergen blir det fokusert på å sette elevene i stand til å håndtere grunnleggende oppgaver som foto, intervju, råstoffredigering og filoverføring. Sogndal vgs. stiller sitt utstyr til disposisjon for å utføre 14

15 disse oppgavene» 2. Dette er nokre eksempel på den kontaktflata mot bransjen miljøet har. Ei ytterlegare understreking av det mangfaldet miljøet representerer går fram av dette kartet: Eit strukturval som legg ned tilbodet i Sogndal og flytter alt til Firda, vil etter regionrådet si vurdering vere ein nokså sikker veg til å svekke det samla medie- og kommunikasjonsmiljøet i fylket. Sogndal vgs har gjennom Medium og kommunikasjon innfridd mange av måla fylkeskommunen har for Campusutviklinga. Den store leveransen av elevar ut i yrke saman med synergiane som vert skapt på Fosshaugane Campus bidreg til nyskaping og utvikling. Fylkeskommunen burde etter rådet si vurdering heller bidra til å forsterke dette miljøet som eit framifrå døme for andre fylke og landsdelar. Service og samferdsel Modell 1: reiseliv lagt ned i Sogndal, lagt til Stryn Modell 2: Som i dag (Sogndal og Årdal) Modell 3: Alle tilbod i Sogn samla i Sogndal Kommunane i regionrådet samarbeider om reiselivsarbeidet i regionen. Å oppretthalde reiseliv i Sogndal ser ein som svært ønskjeleg. I modell 3 er Årdal lagt ned. Det er interessant å legge merke til at det skjer ei svært positiv utvikling i Årdal med omsyn til lærlingeplassar, der 50 % av dei som gjekk ut dei siste to åra har fått lærlingeplassar. I ei tid da mangelen på lærlingeplassar har vore eit av 2 Epost frå Ole Morten Myrmel, koordinator i TV2 Bergen 15

16 argumenta for å ikkje halde oppe eit tilbod, framstår difor forslaget om å legge ned i Årdal som lite konstruktivt. Teknikk og industriell produksjon Modell 1: Som i dag, ekstra VG1 og VG2 Industriteknologi ved Sogndal Modell 2: Som modell 1 Modell 3: TIP samla i Sogndal, men VG2 kjemiprosess til Flora Sogndal har kapasitet til å ta i mot ei TIP-gruppe til, men ein er uviss på om elevgrunnlaget er stort nok til å forsvare tal parallellar. Det som er uroande med TIP-framlegget er konsekvensane av nedlegging av Årdal i modell 3. Dette er det klart største tradisjonelle industrimiljøet i fylket, og har god tradisjon for å spele på lag med skulen. Her finst lærlingekultur og industrikultur i spann. Det er viktig å ta med i denne vurderinga at Hydro stiller stadig strengare krav til fagarbeidarane. Eit nært og tett samspel med Årdal vidaregåande kan tilføre alle TIP-miljø i fylket slik kvalitetstenking. Eit sentralt moment som må leggast til grunn for diskusjonen om Årdal vidaregåande er reiseavstanden til Sogndal. Med buss vil nokre elvar i Øvre Årdal få ein skuleveg på nærmare to timar ein veg, sidan skulebussen må stoppe og ta på passasjerar på heile ruta. I kva grad elevane vel å bu på hybel i Sogndal er uvisst. Om dei vel det, står ein i fare for å råke Årdalsamfunnet sosialt og kulturelt på ein svært uheldig måte. Regionrådet er i tillegg uroa over kva signal ein sender til industrien om ein frå fylket si side vel å ikkje utnytte dette industrilokomotivet til beste for elevane. Studiespesialiserande Modell 1: Vidareført ved Årdal og Sogndal, 3 parallellar i Sogndal Modell 2 og 3: ST samla i Sogndal (4 parallellar) Det er påvist men ikkje godt forklart samanheng mellom elevprestasjonar og at skulane er blandingsskular (yrkesfag og studieførebuande). Pedagogisk kvalitet er altså ikkje berre avhengig av tal parallellar, men også av eit mangfaldig elevmiljø. Å legge ned studieførebuande i Årdal i modell 2 er såleis svært uheldig for alle partar. I tillegg til dei pedagogiske effektane, vil flytting av så mange elevar utarme ein heil ungdomskultur. Ikkje minst vil det aktive idrettsmiljøet i Årdal lide under dette. På toppen av dette kjem store auka transportkostnader, kostander ved å måtte bu på hybel og risikoen for auka fråfall. Regionrådet står samla om eit forsvar av vidaregåande skule i Årdal, med tilbod om studiespesialisering intakt. Kommunane sine vurderingar Kommunane i regionen ser utfordringane med elevtal og finansiering av vidaregåande opplæring. Men samstundes vil ein understreke den rolla skulane spelar som sentrale institusjonar i kommunane. Særleg er vertskommunane opptekne av dette, og signaliserer sterk vilje til å samarbeide om å utforme ein vidaregåande skulestruktur i regionen som møter elevane sine behov, og som er utviklingsorientert. Medlemmane i regionrådet ser det som heilt avgjerande at ein beheld utdanningstilboda i regionen, men er opne for å sjå nærmare på ulike samarbeidsmodellar, ved utvikling/tilpassing og dimensjonering av tilbod. Rådet er særskilt oppteke av at elevar med lærevanskar eller med andre vanskar i høve til skulesituasjonen skal få eit godt tilbod innafor trygge råmer. Ein skulestruktur som medfører auka pendling eller hybelliv, er truleg svært uheldig for slike grupper. Rådet vil difor på det sterkaste 16

17 oppmode om at desse elevgruppene sin læresituasjon vert vektlagt tungt i dei avgjerdene som kjem i samband med skulebruksplanen. Modellar som tek omsyn til pedagogiske mål, regionale utviklingsambisjonar og samstundes er økonomisk berekraftige må ein ha tid til å utforme i detalj. Om ein tek fram fylkeskommunen sine eigne forventningar til ein ny struktur kan vi i det minste utfordre modellframlegga som svar på forventningane: Det vidaregåande opplæringstilbodet er organisert slik at elevar og lærlingar får ei opplæring med høg kvalitet får tilbod om alle utdanningsprogram og eitt breitt spekter av programfag i eige fylke i størst mogleg grad får oppfylt sine ynskje om opplæringstilbod Regionrådet kjenner seg ikkje trygg på at framlegga bidreg til at kvaliteten held eit høgt nivå. På mange område har vi vist at fagmiljø vert tekne ut or sin naturlege kontekst, at symbiosen mellom skuleslag og bransjeaktørar vert teken vekk. Det er for visse fag og lokalsamfunnsmiljø heilt avgjerande at elevane ikkje må reise vekk for å bu på hybel. Ved å legge fag utanfor akseptabel reiseavstand vert færre elevar i stand til å få sine ynskje om opplæringstilbod oppfylt. Det vidaregåande opplæringstilbodet samsvarar i størst mogleg grad med samfunnet sitt behov for kompetanse på ulike nivå. Vi veit at visse fag har søknad på grunn av nærleik. At dette i tillegg er fag som det vil vere stor etterspurnad etter tilseier ein rimeleg distribuert struktur. T.d. er helse- og omsorgsfag sterkt etterspurd. Viljen til å ta slik utdanning heng saman med tett samspel mellom kommunar og skular. At ein legg fram forslag om å legge ned mediefag ved Sogndal vidaregåande er eit anna døme på at modellane er lite kjenslevare for faktiske behov. Det er lagt langsiktige planar for opplæringstilbodet for å fremje stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet. Arbeidet med ein robust struktur er naudsynt, og eit uttrykk for at fylkeskommunen tek oppgåva den er sett til. Modellane burde tene som grunnlag til å drøfte kva ein vil med skulen i eit regionalt perspektiv. Regionrådet vil utvikling, men fryktar at ein med desse modellframlegga har skapt eit grunnlag for ny strid mellom regionane i fylket. Sogn Regionråd vil bidra til etablering av det som i regionen vert oppfatta å vere ein god struktur for naudsynt stabilitet, og for utviklingsretta arbeid. Vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnadar utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet. Vi syner til det som er sagt ovanfor. Framlegget til organisering tek ikkje høgd for at synet på korleis ein bygger robuste miljø ikkje berre er ein funksjon av storleik. 17

18 At dei fleste elevar kan bu heime medan dei tek vidaregåande opplæring, og dei som må bu på hybel vert følgd godt opp. Regionrådet meiner det må vere eit regionalt perspektiv på utforming av tilbodsstrukturen. Eit fylkesperspektiv som lagt til grunn svarar ikkje opp føresetnaden om flest mogeleg skal få bu heime Vidaregåande opplæring er organisert slik at ein tek omsyn til endra økonomiske føresetnader, inkludert behovet for framtidige satsingar, og endringar som fylgje av den demografiske utviklinga. Regionrådet deler denne ambisjonen, og vil bidra til å finne løysingar i regionen som er eit godt tilbod til dei av våre ungdommar som ønskjer å bruke tilboda her. 18

19 Effektar i Sogn samanlikna med resten av fylket Utviklinga av elevplassar i fylket frå dagens tal til 2024 syner at Sunnfjord og Sogn får ein markant nedgang i tal elevplassar, medan Nordfjord får ein 10 % auke. GSI-tala, som bygger på kjente fødselstal, syner ikkje ein tilsvarande vekst i elevtal i Nordfjord, medan nedgangen i elevtal for Sogn og Sunnfjord ikkje samsvarar med reduksjonen i elevplassar 3. 3 Tabell utarbeidd av Harald Husabø, BDO for Årdal Utvikling 19

20 Så sjølv med den minst dramatiske modellen (modell 1 i 2024) ser vi at både Sogn og Sunnfjord har betydeleg relativ underdekning, medan Nordfjord har langt fleire elevplassar enn det regional storleik skulle tilseie. Denne skeivskapen vil Sogn Regionråd ikkje akseptere. 20

21 Oppsummert om modellframlegg ei heilt urimeleg slagside! Medlemmane i Sogn regionråd finn framlegget til ny skulebruksplan svært uroande. I alle alternative modellar er Luster vidaregåande skule lagt ned, og i modell 3 er Årdal vidaregåande lagt ned. I tillegg til å legge ned skular, er innrettinga på programtilbod slik at regionen mister vesentlege fag som både har god søknad og er vesentlege for å rekruttere til viktige bransjar og arbeidsplassar i regionen. Regionrådet kan ikkje sjå at modellframlegga fordeler ulempene med å redusere tilbodet om vidaregåande opplæring i fylket rimeleg. Ei rimeleg fordeling skulle tilseie at regionen beheld sin relative del av skuleplassar i fylket. Regionrådet ser det som eit mål at 90 % av elevane får sitt utdanningsbehov dekka i regionen, sidan det alltid vil vere nokre som har utdanningsønskje som fører dei ut av regionen. Men dette vil vere motiverte elevar som vel sjølve, og ikkje blir tvinga til å pendle langt. Regionrådet ser at det er viktig med gode og robuste kollegiale lærarmiljø. Det er ikkje lagt fram dokument som syner at dagens skular manglar slike kvalitetar. Rådet ser ingen gode pedagogiske eller faglege grunnar til dei flyttingane av fagtilbod modellane representerer. Snarare tvert om ser rådet pedagogiske og faglege grunnar til å halde tilboda i regionen. Organiseringa av undervisningstilbodet er ikkje dermed sagt låst ein gong for alle. Rådet har i arbeidet med sin uttale sett at det ikkje er samsvar mellom behov i regionen, tilgang på samarbeidspartnarar i arbeids- og næringsliv og dei framlegga som ligg føre. Regionrådet er også svært uroa over at framlegga høgst truleg vil medføre at elevar ikkje får sitt primære opplæringsønske oppfylt i regionen, og at det vil medføre auka fråfall. Av alle økonomiske argument i denne saka er dei langsiktige konsekvensane av ikkje fullført utdanning det tyngste, i tillegg til at det har vesentlege sosiale og individuelle konsekvensar. Om ein tek utgangspunkt i forventningane fylkeskommunen sjølv har uttrykt i planarbeidet, kan vi slå fast at det er økonomiske argument som veg tyngst i modellframlegga, og at det er økonomiske bindingar til fylkeskommunale satsingar i randsonen til utdanningsinstitusjonane som forklarer framlegget til distribusjon av utdanningstilboda i fylket. Regionrådet vil oppmode til å legge ein regional utviklingsambisjon til grunn for endringane i vidaregåande skule. 21

22 Vidare arbeid med ein berekraftig modell for vidaregåande skule i Sogn Regionrådet la til grunn for sitt arbeid med uttale til skulebruksplanen at uttalen skulle vere utviklingsorientert. Det vil seie å møte sannsynlege behov på ein positiv, konstruktiv måte. Slik framlegga no står, bidreg dei til ei negativ utvikling om dei vert tekne til følgje. Det blir da paradoksalt om vidaregåande skule i fylket framleis kallar seg utviklingsaktør, om ein med det meiner positiv utvikling. Med utgangspunkt i dei utfordringane fylkesrådmannen og direktøren for opplæring har synt, vil dei vala ein no gjer vere avgjerande for mange kull med ungdommar, og for sentrale utviklingstrekk i regionen for lang tid framover. Det er difor med stort alvor at ein ser på kva tiltak som kan gjerast, som bidreg til å lette dei økonomiske byrdene, og som samstundes ikkje fører med seg ei negativ utvikling for ungdommar i regionen spesielt, og for regionen generelt. Sogn deler såleis ikkje ønsket om status quo, som ser ut til å vere eit ønskje i dei andre regionane. Her vil ein søke modellar som både ivaretek dagens behov, som møter økonomiske krav og framtidige utviklingstrekk proaktivt. Men føresetnaden for å ha motivasjon til å gå laus på denne oppgåva er at ein opplever ulempene ved ein strammare økonomi som rimeleg fordelt mellom regionane. Utviklingstrekk i Sogn Det ligg utanfor dette arbeidet sine råmer å gjere ei fullstendig vurdering av sannsynlege utviklingstrekk. Telemarksforskning (TF-notat 88/12) har i sin analyse peika på følgjande utviklingstrekk for Sogn: Innvandring forklarer folketalsvekst, likevel svak Sogndal relativt høg vekst i folketal Svak arbeidsplassutvikling, men betre enn landssnittet dei tre siste åra (Leikanger, Sogndal, Aurland) Næringsstruktur med høgt innslag av bransjar i låg vekst eller nedgong Årdal høgast sårbarheit av alle kommunar i landet NæringsNM: Sogn gjer det godt, særleg Sogndal. Fare: låg lønsemd Attraktivitet: Låg bedriftsattraktivitet, god bustadsattraktivitet Alle slike analysar er prega av noko uvisse, men det Telemarksforsking peiker på er til å kjenne att: Vi tek ikkje del i den nasjonale folkeveksten. Næringslivet er heller tradisjonelt. Vi som bur her likar å bu her. Samstundes er det nyanserande synsmåtar å hente frå bedrifter og kommunar i regionen. Dei peiker på behov for både utdanning av unge elevar og for å utnytte den vidaregåande skulen til å gi etter- 22

23 og vidareutdanning for vaksne, enten på vidaregåande nivå, eller i samspel med både fagskule og høgskule. Den vidaregåande skulen kan spele ei viktig rolle i å halde oppe den spiren til vekst som vi no ser i visse bransjar og delar av regionen. Innafor det som vi, med dagens kommunikasjonar, ser som naturlege bu- og arbeidsmiljø, er det råd å samarbeide om både elevar og lærarar, utan at det medfører fagleg eller pedagogisk svekking. I tillegg til at fysisk transport er betra dei seinare åra, kan også visse fag lett tilbydast som nettbaserte tilbod i delar av opplæringa. Regionrådet meiner difor at arbeidet med skulebruksplanen ikkje berre er viktig for skuletilbodet i regionen, det er viktig for utviklingsklimaet i regionen. Om fylket da vel å ikkje vere ein regional utviklingsaktør, vil ikkje berre skulen stå på spel. Finansiering Det økonomiske biletet fylkesrådmannen har synt er utfordrande. Men det kan truleg møtast på fleire vis. Sogn Regionråd meiner at ein skal søke å utnytte dei ressursane ein sjølv har, eller kan ha saman med andre for å sikre eit framtidig godt regionalt tilbod. Fylkeskommunen bør difor utfordre regionane på å finne fram til eigna løysingar, som ivaretek fylkeskommunen si plikt etter opplæringslova innafor økonomisk rammer, og som møter dei behov regionane kan argumentera for. For Sogn ser ein at det er råd å finne løysingar i samarbeid med kommunane, og mellom skulane. Å få på plass slike endringar krev detaljplanlegging, og kanskje grundige avtalegjennomgangar. Regionrådet ser at det ligg an til nokre år med uvisse om organiseringa av heile det regionale forvaltningsapparatet. Det vil vere uklokt å dramatisk endre skulestrukturar i dag, utan å sjå dette i lys av eventuelle nye kommunegrenser og ein ny regional struktur. Med ein eventuell ny regional inndeling vil det finansielle grunnlaget for drifta av vidaregåande skular kunne bli endra. Sogn er ein etter måten godt rusta region reint økonomisk, og vil med endra grenser kunne vere ein god skuleregion. Innhald Innhaldet i skulen må følgje med i tida. Nasjonale utviklingstrekk, nytt innhald i vidaregåande opplæring og sterkare forventningar til samarbeid mellom skule og næringsliv må vi forvente påverkar også oss. Difor er ikkje Sogn Regionråd oppteke av at alt skal vere som før. Våre ungdommar fortener ein skule i pakt med, og helst i forkant av utviklinga. Difor er samhandling med dei mest krevjande kundane - elevane og dei mest moderne bedriftene og offentlege institusjonane - sentralt for å skape den nye skulen i Sogn. Ein bør difor gjere ein grundig analyse av utviklingstrekka vi ser komme, og vurdere kva innretting skulen bør ha. Det kan godt hende at ein slik analyse viser at visse tilbod må vike, men da veit ein kvifor. Ei regional tilnærming vil gi ei fleksibel løysing for å møte endringar. Organisering Regionrådet har ope drøfta alternative organisasjonsmodellar. Det er stor vilje til å søke konstruktive løysingar innanfor ein modell som fordeler ulempene likt mellom regionane. Dei vidaregåande skulane i Sogn er innstilt på å samarbeide og tenkje nytt. Ein ser t.d. at det er fullt mogeleg å samarbeide om 23

24 funksjonar som rådgjeving, arbeidslivskontakt opplæring innan smale fag på t.d. studiespesialisering, altså å dele lærarressursar på tvers av skular kompetanseheving og kollegarettleiing fagskuleutdanning innan industrifag og helsefag samarbeid med andre skuleslag ingeniørutdanning, som vi veit det vil vera etterspurnad etter i framtida smarbeid med U&H-sektoren Opplæringskontor og dermed felles satsing mot fleire læreplassar i region, både i privat sektor, men kanskje spesielt innan offentleg sektor Det er råd å sjå føre seg at det kan sparast administrative kostnader, visse kostnader til undervisning og skape betre utnytting av samla kompetanse. Ein modell med Luster vidargåande som del av Sogndal vidaregåande kan og drøftast i dette biletet. Det bør og vurderast om ein treng så store administrative ressursar på fylkesnivået som ein nyttar i dag, «sjølvgåande» regionar kan vere meir kostnadseffektive og på ein like god måte som i dag ivareta kvalitative mål. Regionrådet ser føre seg eit godt og sterkt samarbeid mellom skulane i regionen, der utdanningstilbodet møter elevane med faglege tilbod innafor rimelege avstandar, og med tett samarbeid om lærarar og bransjekontaktar. Utnytting av ny undervisningsteknologi må prøvast ut, slik at ein unngår urimelege reiseavstandar. Fram til leigekontrakten for Luster går ut, og så lenge Sogndal ikkje har høve til å huse dei faga som finst på Hafslo, vil ein kunne sjå føre seg at skulebygga som i dag finst vert brukte. Sogn Regionråd vil difor oppmode om at ein nyttar litt tid på å konkretisere slike innspel, skissere fagleg og økonomisk etterprøvbare modellar, før ein tek i bruk ostehøvel eller tyr til nedleggingar. Fylkeskommunen må gjerne sette tidsrammer for slike konkretiseringar, sidan det å ikkje gjere tiltak vil stenge for det utviklingsrommet vidaregåande skule må ha. 24