MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 267/06 03/3482 MØTEPLAN 2007 FOR FORVALTNINGSSTYRET 4847

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 267/06 03/3482 MØTEPLAN 2007 FOR FORVALTNINGSSTYRET 4847"

Transkript

1 OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORVALTNINGSSTYRE Møtestad: Osbadet KF Møtedato: Tid: MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 267/06 03/3482 MØTEPLAN 2007 FOR FORVALTNINGSSTYRET /06 03/3299 AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN, NY RULLERING PRINSIPP- VEDTAK - KVAR KAN DET BYGGJAST FLEIRMANNSBUSTADER /06 06/1 POLITISK KVARTER 4859 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: Torggata 7 Telefax: Org.nr.: Pb.84, 5202 Os Dir. innval:

2 Sak 267/06 MØTEBOK MØTEPLAN 2007 FOR FORVALTNINGSSTYRET Saksbehandlar: Asle J. Andås Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 03/3482 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 239/03 Os Forvaltningsstyre PS /04 Os Forvaltningsstyre PS /05 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS Framlegg til vedtak: Forvaltningsstyret vedtek følgjande møteplan for år 2007: 25. januar 22. februar 22. mars 26. april 24. mai 21. juni 23. august 20. september 18. oktober 15. november 13. desember Os, Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: Bankgiro: Torggata 7 Telefax: Org.nr.: Pb.84, 5202 Os Dir. innval:

3 Sak 267/06 Vedlegg: 1. Oversiktsplan 2007 Saksopplysningar: Det er lagt opp til møte i Forvaltningsstyret kvar 4 veke, utanom påske og sommarferie. I tillegg til desse møtene er det lagt opp til eigne møter i januar og februar til å behandle private innspel til rullering arealplanen. Det kan bli behov for justering av planen når møtene i Formannskapet og Kommunestyret blir fastlagt. Framlegg til møteplan for forvaltningsstyret for år 2007: 25. januar 22. februar 22. mars 26. april 24. mai 21. juni 23. august 20. september 18. oktober 15. november 13. desember Os, Asle J. Andås Side 3 av 13

4 MØTEBOK AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN, NY RULLERING PRINSIPPVEDTAK - KVAR KAN DET BYGGJAST FLEIRMANNSBUSTADER Saksbehandlar: Asle J. Andås Arkiv: 142 Arkivsaksnr.: 03/3299 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 91/04 Os Forvaltningsstyre PS /04 Os Formannskap PS /04 Os eldreråd PS /05 Os Forvaltningsstyre PS /05 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS Framlegg til vedtak: Forvaltningsstyret tar oversikt over framdrift som omtala under kap. 1 til orientering. Forvaltningsstyret vedtar følgjande datoar til eigne temamøter: 16. november - tema sjøområda, båthamner og naust. 14. desember - tema offentlege føremål, næringsføremål og viktige friluftsområder. 18. januar tema bustad. 15. februar tema bustad (oppsamling) Forvaltningsstyret vedtar at overordna prinsipp for kvar det kan tillatast fleirmannsbustader som omtalt under kap. 2 skal gjelda i ny kommuneplan, og kan nyttast som retningslinjer for administrasjonen si sakshandsaming frå dags dato. Os, Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: Torggata 7 Telefax: Org.nr.: Pb.84, 5202 Os Dir. innval:

5 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte Gjennomgang av områda som var med på synfaring : Lokalitet Bjørnen: Må trekjkast lengre frå land og utom sikringssona Lokalitet Gulholmen: OK Lokalitet Bjørnarøy: OK Lokalitet Vest for Havreholmen: Konklusjonen heller mot at det er vanskeleg å få til noko her. Gustav Bahus spør om det kan vere aktuelt å trekkje det lengre nord eller sør, men Sperrevik meiner det blir vanskeleg same kva, sida ein lyt ta omsyn til forsvaret. Lokalitet Røttingaosen: Det eksisterer ein låssetjingsplass inn mot Selvågen som ikkje er merka av på kartet. Lokalitet nord for Skorpo: Her må det takast omsyn til kvit sektor samt at det vert konflikt med forsvaret. Norvald Skåtøy peikar på at det er lange fortøyingar som skapar konflikt med fritidsfiske og Låtreskjæret som er eit urørd og viktig rekreasjonsområde. Lokalitet Lendevika og Teinvika: Fiskeridirektoratet peikar på at desse områda må sikrast for næringa. Merking av ankringa må gjerast betre påpeikar Bahus. Norvald Skåtøy spør om ankringa til anlegget skal reknast som ein del av anlegget/ytterpunkta til anlegget. Fiskeridirektoratet svarte at dei ikkje kunne reknast som det, ytterpunkta til anlegget var der ramma til fiskemerdane sluttar. Eventuelle blåser til merking av ankring bør avklarast med Kystverket sidan dei vert permanente fortel Fiskeridirektoratet vidare. Kanskje bør heile anlegget med ankerfeste merkast av i planen som AK-område vert det sagt vidare. Lokalitet sør for Ervikane: Området er brukt til øving av forsvaret samt at det vert mykje nytta av fiskarlaget. Vidare meiner næringa at det er ein veldig bra plass for dei, eventuelt at den kan trekkjast lengre mot nord mot Alholmen. Lokalitet sør for Røttingen: Her må det avklarast kor eigna dette arealet er. Det kan vise seg å verte den best eigna plassen. Lokalitet Samnanger: Her kan det vere is om vinteren samt at det er 3 søknader på torsk like innanfor grensa til Samnanger som har skapt enorme protestar i følgje Fiskeridirektoratet. Lokalitet Lønningdalen: Må justerast i planen slik at kart og terreng stemmer overeins. Lokalitet Aldalen: Må justerast i planen slik at kart og terreng stemmer overeins. I hovudsak mot aust og vest. Fiskeridirektoratet peikar på at dei må vere såpass store at dei kan justere anlegga undervegs om dei får behov for det og framleis liggje innanfor det avsette området. Bahus reiste spørsmålet om ein kan få motsegn viss ein aukar AKområdet for mykje. Fiskeridirektoratet tvilte på det og peika på at det tvert i mot var positivt at ein lagar dei eksisterande områda store nok. Lokalitet Moldvika: OK Lokalitet Lio: Må justerast i planen slik at kart og terreng stemmer overeins. Foredrag og plenumsdebatt Fiskeridirektoratet: Ole Midtun gjorde greie for det overordna lovverket og reglane. Kommunen kan mellom anna ikkje flytte ei konsesjon til ein ny lokalitet. Dette må gjerast av fiskeridirektoratet og/eller konsesjonshavar. Vidare gjer dei merksam på at kulturminnar på havbotnen er vanskeleg, her er Fiskeridirektoratet avhengig av kommunen for å få kjennskap til dei. Samt at dei gjer merksam på at fleirbruksområde er vanskeleg materie og bør avgrensast sidan det omhandlar så mykje forskjellege interesser. Os kommune ytra ønskje om å kunne tidsavgrensa anlegga. Dette er mogleg, men ikkje ønskjeleg frå Fiskeridirektoratet si side då det er svært kostbart å leggje ut eit anlegg. Side 5 av 13

6 Eirik Neverdal (Uav): Meiner me må avklare status, konfliktnivå, samt kor mykje anlegg me ønskjer i kommunen. Vidare ber han om status på Gulholmen. Kven ligg der og kven eig det? Gustv Bahus (Frp): Me må få inn innspel på eksisterande kaste- og låssetjingsplassar. Administrasjonen må skaffe kart frå Fiskeridirektoratet som viser desse plassane. Desse karta skal Fiskeridirektoratet og fiskarlaga gå gjennom og revidere før Os kommune får dei. Jonny Garvik (H): Meiner me detaljstyrer oppdrettsnæringa i for stor grad. Han synes dei er kraftig regulert gjennom lover og forskrifter og at me må leggje tilhøva meir til rette for næringa. EWOS: Dei forer merdane ein gong i veka. Så båttrafikken i deira regi til og frå merdane er marginal. Vidare sel dei fisk i Os og kjøper tenestene deira av lokale aktørar. Dei har 10 arbeidsplassar i Lønningdal. EWOS er verdas produsent av fiskefor. Dei har besøkjande på anlegget sitt i året. Veststar: Dei etterlyser dokumentasjon på at deira anlegg forureinar. Veststar AS kan fjerne halve anlegget i Teinevika viss dei får ein ny lokalitet. Fiskarlaget vest: Dei peiker på kor viktig det er med slike lokale høyringar. Dei gjer greie for eit lovtillegg som seier at det skal vere 2.5 km mellom låssetjing og oppdrettsanlegg. Vidare saknar dei betre rutinar for melding av rømming. Midthordaland Fiskarlag: Det finnes 10 sjarkar i Os som omset for 20 millionar i året. Han ser ein klar auke i næringa og at det mest sannsynleg vil verte fleire båtar. Dei ønskjer at kaste- og låssetjingsplassane vert tatt med i arealplanen. Det finnes i dag berre 3 store mottak att i Hordaland. Vidare fortel han at dei har ein særs god dialog med oppdrettsnæringa. Fylkesmannen i Hordaland: Ein bør ikkje leggje anlegg utanfor eksisterande hytteområde. Strøneosen/Lepsøyosen bør takast ut på sikt. Vidare er det uvisse kring sikringssona til Oselva, den forsvinn kanskje, dette betyr ikkje at den ikkje bør vernast lokalt. Det er ønskjeleg frå dei at me får anlegget ut frå land og ut på djupet og at dei ikkje kjem i konflikt med friområde på land. Dei understrekar òg at det er strenge krav til anlegg knytt til miljøforureining. Hordaland Fylkeskommunen: Det er eit ønskje frå dei at Hordaland fortset å vere leiande innan havbruksnæring. Det kan verte eit ønskje om nye artar i havbruket og dette kan stille krav til store nye sjøareal. Oppsummering: Næringa ønskjer optimale lokalitetar i tråd med dagens situasjon. Gjerne fleire anlegg lengre ute i fjordane. Det finnes 4-5 lokalitetar som bør sjåast nærare på. o Lokalitet Bjørnen o Lokalitet nord for Skorpo o Lokalitet sør for Ervikane Side 6 av 13

7 o Lokalitet sør for Alholmen o Lokalitet sør for Røttingen Det trengs nye smoltlokalitetar. Trengs det areal på land? (Vart ikkje diskutert.) Er det aktuelt med oppdrett i ferskvatn i Os? Gulholmen kan utvidast. Næringa signaliserte at får dei utvide Lendevika og får ein ny lokalitet, kan dei droppe Teinevika. Det vart ikkje gjort noko vedtak på dette møtet. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte Synfaringa vart gjennomført. Diskusjonen kjem på møtet Det vart ikkje gjort vedtak på dette møtet. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte ORIENTERING: 1. Arne Kringlen orienterte om arbeidet med arealplanlegging i Fjell kommune. Utfordringer og perspektiv. Arbeid med ny arealplan. o Sjå eige notat. 2. Anny Bastesen orienterte om arbeidet med arealplanlegg i Askøy kommune. Orientering om arbeidet med ny kommuneplan Korleis har dei takla den sterke veksten? Kva skjer når overordna planlegging ikkje er godt nok koordinert. o Sjå eige notat. Oppsummering av tips som Os kan ta med seg: Definering av funksjonell strandsone. Lage info-brosjyre for innspel Arrangere folkemøte Styre bruken av næringsareal Inndeling av LNF-områda. Fastleggja overordna prinsipp. 3. Finn Harald Eliassen orinterte om arbeidet med hovudplan for vatn. Innført strengare krav til vasskvalitet, pålegg om utbetring. Plassering av nytt vassbehandlingsanlegg på Skogafjellet Inndeling av kommunen i trykksoner. Ringleidningar og vidare utbygging. Stort sett enkelt å byggja ut vidare. 4. Johannes Håkonsund orienterte om arbeidet med hovudplan for avløp. Akteulle problemstillingar/vurderingar: Side 7 av 13

8 Eksisterande anlegg på Osøyro tilfredsstiller ikkje krav til reinsing. Samla fleire eksisterande reinseanlegg i eit stort nytt anleg. Overføra avløp frå Skeisosen og Åsenområdet til Bjørnefjorden. Område med kapasitetsproblem: o Reinseanlegg Skeisleira o Reinseanlegg Søvikvågen o Leidningsnett Osdalen o Halhjem o Strøno 5. Tonje Nordås orienterte om arbeidet med sentrumsplanen. Planprogram klar til behandling. Planavgrensing. Planprosess. o Sjå eiga sak til neste møte. 6. Øyvind Tøsdal orienterte om arbeidet med utvikling Bjånes. Arealstatus på kvitt område må avklarast. Satsar på utbygging av både golfbane og bustadar. 18. hols golfbane - kostnad mill. Må leggja til rette for 400 bustader, lågblokker/ terassehus. Finansiering - husbygging, spelerettar, tippemidlar, lån. Må få inn ein kapitalsterk utbyggjar. Dersom dette ikkje lar seg realisera, vert golfdelen kutta ut. Utarbeida eigen kommunedelplan for området. 7. Asle Andås gjekk gjennom notat med forslag til offentlege føremål: 1. Halhjem, skule, idrett, parkering, friområde - OK 2. Nore Neset skule, skule, idrett + almennytting - OK 3. Nore Neset kyrkje, gravplass - OK 4. Gamlesk. Strøno, generelt offentleg føremål - OK 5. Nordstrøno, barnehage - OK 6. Søfteland, idrett, friområde - OK 7. Hjellemarka, barnehage - plassering må avklarast gjennom eigen reg.plan 8. Endelausmarka, barnehage - plassering må avklarast gjennom eigen reg.plan 9. Holt, brannstasjon - OK 10. Borgavegen, skule -OK 11. Moberg, generelt offentleg føremål - OK 12. Kuventræ, barnehage - OK 13. Haugland, barehage - OK Nye område: 14. Nordstrøno, utvida offentleg føremål mot nord (frå Nore Øyane skule) 15. Kuventræ, utvida offentleg føremål mot nord (frå Kuventræ skule) 8. Gustav Bahus oppsummerte vidare arbeid: Neste møte - avklarast neste torsdag. Avklaring av sjøområda, inviter Fiskeridirektoratet, småfiskarlaget,.. Synfaring sjøområda. Besøk til Fjell og Askøy, møte med politikarane? 20. april eige temamøte på byggeskikk og estetikk. Side 8 av 13

9 Det vart arbeidd vidare med arealplanen og det vart ikkje gjort noko vedtak på dette møtet. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte Saka vart drøfta og drøftingane vil halda fram på ekstramøte i forvaltningsstyret 9. mars. d.å. kl Saka vart drøfta og drøftingane vil halda fram på ekstramøte i forvaltningsstyret 9. mars. d.å. kl Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte Forvaltningsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) legg opp til følgjande behandling av saka: Gustav Bahus(Frp) og Terje Sperrevik (Tvs) deltek på planforum 25. april. Set av ein dag til synfaring sjøområda før ferien, forslag torsdag 16. juni. Set av ein dag dag til synfaring landområda rett over ferien Set av ein dag dag til behandling av planen siste halvdel september. Til synfaringa vert 1. varamedlem frå alle partia og 1. og 2. vara frå FrP kalla inn i tillegg til dei faste medlemane. Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) legg opp til følgjande behandling av saka: Gustav Bahus(Frp) og Terje Sperrevik (Tvs) deltek på planforum 25. april. Set av ein dag til synfaring sjøområda før ferien, forslag torsdag 16. juni. Set av ein dag dag til synfaring landområda rett over ferien Set av ein dag dag til behandling av planen siste halvdel september. Til synfaringa vert 1. varamedlem frå alle partia og 1. og 2. vara frå FrP kalla inn i tillegg til dei faste medlemane. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte Dette var eit seminar/kurs om lover og reglar vedk. arbeidet med strandsoner. Det vart ikkje gjort vedtak på dette møtet. Behandling i Os eldreråd i møte I tillegg til dei punkta skom kjem fram i framlegget, lyt vi ha med at vi treng turstiar for rullestolbrukarar. Os eldreråd gjer framlegg om at det i rulleringa av kommuneplanen vert innarbeidd: Side 9 av 13

10 1. Offentleg område for sjukeheim/omsorgsbustader. Grunngjevinga er at det vert ein relativ stor auke i tal eldre fram mot år Kommunen må difor alt no ta omsyn til dette og ikkje la eventuelle sentrumsnære areal gå til andre føremål. 2. Fri tilgang til naturen. For eldre er det serleg viktig med dagleg mosjon. Det er difor viktig at allemannsretten vert respektert og at det vert lagt til rette for fri tilgang både i skog og mark, til fjells og langs stranda. 3. Gang- og sykkelvegar. Dersom det i ein slik overordna plan er høve til det må det innarbeidast gang- og sykkelvegar. Ikkje alle eldre er fysisk istand til å koma seg ut i naturen. Då er gangvegar eit godt alternativ. Det same gjeld for dei som likar ein frisk sykkeltur. 4. Turstiar. Det må også innarbeidast turstiar for rullestolbrukarar. Behandling i Os Formannskap i møte Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Formannskapet vedtar i samsvar med 20-1 og 20-2 at arbeidet med rullering av arealdelen til kommuneplanen skal startast opp. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte Frp fremja følgjande presisering i andre setning i framlegg til vedtak Formannskapet vert beden om snarast råd å gjera naudsynt vedtak. Administrasjonen sitt framlegg, med Frp si presiering, vart samrøystes vedteke. Forvaltningsstyret gjer framlegg om at arbeidet med rullering av arealdelen til kommuneplanen vert starta opp. Formannskapet vert beden om snarast råd å gjera naudsynt vedtak. Side 10 av 13

11 Saksopplysningar: 1. FRAMDRIFT Eining for arealbruk legg opp til følgjande framdriftsplan for å få godkjent rullert arealplan i løpet av denne kommunestyreperioden. Det vert lagt opp til eit temamøte kvar månad dei neste 4 månadande for å gjere prinsippvedtak og gå gjennom dei private innspela temavis og gjere vedtak. Møtene er tenkt lagt opp slik at først del av møtet omhandlar overordna vurderinger der ein diskuterer overordna prinsipp. Neste del går på konkret vurdering av dei private innspela som er kome inn innan det enkelte temaet. Me foreslår følgjande datoar og tema: 16. november - tema sjøområda, båthamner og naust. 14. desember - tema offentlege føremål, næringsføremål og viktige friluftsområder. 18. januar tema bustad. 15. februar tema bustad (oppsamling) Administrasjonen jobbar parallelt med å justere arealplanen og føresegnene. Endeleg utkast til plan og føresegner vert lagt fram på det ordinære møtet i FVS i april. Planen vert lagt ut til offentleg ettesyn i mai og juni Det vert lagt opp til å arrangere eit folkemøte i høyringsperioden. Etter at planen har vore ute til høyring, vil administrasjonen trenge resten av sommaren til å lage sak til 2. gongs behandling til ordinært møte i september. Dersom det ikkje har kome motsegn på planen, kan planen leggjast fram til godkjenning i Kommunestyret i oktober PRINSIPPAVKLARING Dei siste åra har det dukka opp fleire og fleire søknader om bygging av fleirmannsbustader rundt alle stader i kommunen. Me føler me manglar ein overordna praksis på korleis me skal handtere slike saker og kva signal me skal gje dei som søkjer. Me ser at dersom me ikkje har styring på dette, kan det medføre ei uheldig utvikling rundt om i krinsane og elles i gamle etablerte utbyggingsområder. På den andre sida ønskjer me større variasjon i tilbodet på bustadmarkedet og gjerne rimelege bustader til dei som skal etablere seg på bustadmarkedet for første gong eller andre som har problem å kome inn på bustadmarkedet. Me vil foreslå at følgjande moment vert lag til grunn for Forvaltningsstyret sin diskusjon om kvar det kan tillatast å byggje fleirmannsbustader: Det skal ikkje kan tillatast dispensajson til å byggje fleirmannsbustader i LNF-områda. Det skal heller ikkje tillatast fleirmannsbustader i LNF-ja til bustad-områda. Byggjeområda for bustad som ligg inne i arealplanen er delt i eksisterande byggjeområde og framtidige byggjeområder. Det er eit generelt krav om at det ikkje skal delast og byggjast innan desse områda utan at det er utarbeida reguleringsplan for området. Områda som er sett av til eksisterande byggjeområde er gamle byggjeområde som alt er oppdelt og stort sett bygd ut. Her kan det liggje igjen strøtomter, eller einebustadtomter med stor hage som kan delast i to. I desse tilfella vil det ikkje bli krav om plan. Infrastrukturen er ikkje lagt til rette for Side 11 av 13

12 bygging av 4-mannsbustader eller meir, innimellom eksisterande einebustader. Samstundes kan det i enkelte områder, som ligg sentralt i høve skule og offentleg infrastruktur tillatast høgare utnytting. Det kan byggjast 2-mannsbustader på alminnelige tomter, i områda som er sett av til eksisterande byggjeområde for bustad, utan plan, i sentrale delar i kommunen. Det må vera eit generelt krav at krav til leikeplass og parkering skal vere løyst på tomta. Det ligg òg mange gamle reguleringsplanar, der intensjonen var einebustader, men føresegnene berre seier bustad. Her har me opplevd at strøtomter blir kjøpt opp av utbyggjarar som ønskjer høgast mogeleg utnytting av desse tomtene. Me ønskjer eit overordna prinsipp om at i desse områda som er regulert til bustader kan maks tillatast bygd ut med 4-mannsbustader, dersom det er tilstrekkeleg leikeareal. Dersom det ikkje er regulert tilstrekkeleg leikeareal til auka utnytting, må leikearealet utvidast. Krav til auka parkering må òg vere løyst innan planen. Me vil foreslå som eit generelt prinsipp at det ikkje kan byggjast fleirmannsbustader med 4 eller fleire bueiningar utan at det er avklara reguleringsmessig. Andre kriterere som er styrande for kvar det kan tillatast fleirmannsbustader er at området er sentralt i høve til skule og offenteleg infrastruktur. Me tenkjer då på tomter som ligg nærare barneskule enn 1 km, langs trafikksikker skuleveg, og mindre enn 300 meter frå næraste busstopp, langs trafikksikker veg. Andre forhold som bør vurderast er solforhold, utsiktsforhold, støyforhold, vindforhold og nærleik til friområde. Det er viktig at ikkje fleirmannsbustader berre blir bygd på dei dårlegaste tomtene. Fleirmannsbustader må òg tilpassast eksisterande utbygging og terreng, både i utforming, storleik og høgdeplassering. Dersom desse forholda ikkje er tilstrekkeleg oppfylt, kan det vere grunn til avslag. I den sentrale delen (aksen Lekven - Bø - Tøsdalsskiftet) står det i føresegnene til gjeldande arealplan at det skal i utgangspunktet vere minst 2 bustadeiningar pr. dekar i nye bustadområder. Me tenkjer at innanfor den sentrale delen kan det tilltatast fleire fleirmannsbustader enn utanfor den sentrale delen. Dette treng ikkje vera fasit, men kan vera eit utgangspunkt for diskusjon i Forvaltningsstyret. Sjølv om det vert gjort eit prinsippvedtak, kan forvaltningsstyret gjere unntak i særlege høve. Kort oppsummering: 1. Det kan ikkje byggjast fleirmannsbustader i LNF-områda eller LNF-ja-områda. 2. Det kan, når vilkåra er oppfylt, byggjast 2-mannsbustader, i områda som er sett av til eksisterande byggjeområde for bustad, utan plan. 3. Det kan, når vilkåra er oppfylt, byggjast 2 og 4-mannsbustader, i områda som er regulert til bustader. 4. Det kan ikkje byggjast fleirmannsbustader med 4 eller fleire bueiningar utan at det er avklara reguleringsmessig. 5. Vilkåra er at krav til leikeareal og parkering er oppfylt. 6. Maks. 1 km til næraste barneskule, langs trafikksikker skuleveg. 7. Maks. 300 meter til næraste busstopp, langs trafikksikker veg. 8. I tillegg skal følgjande forhold vurderast: o Tilpasning til eksisterande utbygging og terreng o Solforhold, utsiktsforhold, støyforhold, vindforhold og nærleik til friområde Os, Asle J. Andås Side 12 av 13

13 Sak 269/06 MØTEBOK POLITISK KVARTER Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 06/1 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 2/06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS /06 Os Forvaltningsstyre PS Uformell drøfting av ymse saker. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: Bankgiro: Torggata 7 Telefax: Org.nr.: Pb.84, 5202 Os Dir. innval: