Vegsamband over Ytre Steinsund. Oppgradert kostnadsoverslag

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Vegsamband over Ytre Steinsund. Oppgradert kostnadsoverslag"

Transkript

1 Vegsamband over Ytre Steinsund Oppgradert kostnadsoverslag Region vest Leikanger, R.vegktr Utgreiingsseksjonen Dato:

2 Innhald 1. Innleiing 2 2. Tidlegare utgreiingar 3 3. Endring i føresetnader 5 4. Kostnader 5 5. Andre alternativ 6 6. Samandrag 7

3 1. Innleiing Eit vegsamaband over Ytre Steinund vil avløysa ferjesambandet Daløy Haldorsneset som no knyter saman ytre og indre Solund og gir innbyggjarane på Ytre Sula tilkomst til kommunesenteret Hardbakke. I heile Solund kommune bur det om lag 870 menneske, av desse bur om lag 300 på Ytre Sula. Det er eigen barneskule på Ytre Sula medan elevane må til Hardbakke på ungdomsskule. Næringslivet på Ytre Sula er mykje knytta til fiske og fiskeoppdrett. Det er ein del hytter og fritidsbustader i området, både private og utleigehytter. Det er også område som er peika ut til framtidig hyttebygging. Denne rapporten byggjer på tidlegare planar som er utarbeidde for vegsamband over Ytre Steinsund i Solund. Det er ikkje laga nye planar, men dei viktigaste rammevilkåra som låg inne i tidlegare utgreiingar er gjennomgått og justert opp til dagens krav. Det er ikkje gjort geologiske undersøkingar på staden. Atterhaldet som vart teke i samband med utgreiinga frå 1994, står derfor fortsatt ved lag: Det betyr av vi ikkje kan fastslå om det er lausmasseavsetningar i sundet, og eventuelt kor mektige avsetningane kan vera. Det vert rekna som truleg at ein finn avsetningar i sundet. Dette er verdt å merka seg av di lengda på tunnelen er direkte avhengig av mengde lausmassar i sundet. Vi kjenner heller ikkje til kvaliteten på fjellmassen under sundet (oppsprekking, svakheitssoner m.m). Det vi føreset er at heile tunnelen går gjennom bergarten konglomerat som i dette området vert rekna som god. 2

4 2. Tidlegare utgreiingar Rapporten frå 1994 Det foreligg ei vegutgreiing frå januar 1994 med tittelen Vegsamband over Ytre Steinsund. I denne utgreiinga er det planlagt veg med standard H1, hovudveg i område med spreidd busetnad. Venta gjennomsnittleg døgntrafikk for året (ÅDT) vert sagt ligg godt under 300 og at vegen dermed vert planlagt som einfelts veg med dimensjonerande fart lik 50 km/t. Vegbreidde er sett til 4 meter, minste horisontalradius til 70 meter, maks stigning på veg til 9% og maks stigning i tunnelar til 10%. Det er sagt at 10% stigning krev spesiell godkjenning frå Vegdirektoratet. Tunnelprofilet er T5 med totalbreidde 5 meter. Vegbreidde på bruene mellom rekkverka er 6 meter, noko som samsvarar med vegnormalane sitt krav til fri breidde på vegar med eitt køyrefelt. Rapporten beskriv to alternativ: Alternativ 1 Tunnel: På Ytre Sula tek alternativet av nordover frå eksisterande fylkesveg like nord for Kringlevågen. Vegen går langsmed Nårasundet til Askedalen der han går inn i ein 3 km lang tunnel som kryssar sundet under Gurineset og Brattholmen, held fram under Hesteneset og kjem opp i dagen vest for Storehaugen. Tunnelen går ned til 115 m.u.h og har maksimal stigning på 10%. Alternativet medfører bygging av 1650 meter veg i dagen og 3000 meter undersjøisk tunnel. Kostnadane i 1994-prisar er på 125,8 mill kr. Alternativ 2 Bru: Brualternativet fylgjer stort sett den same traseen som tunnelen. Av fleire alternativ valde ein fritt-fram bru med fylling mellom Gurineset og næraste holmen. Det vart valt bru i betong med 5 spenn der lengste spennet er på om lag 220 meter. Det er føresett ei seglingshøgde på 35 meter i 100 meters breidde mellom Hesteneset og Brattholmen og seglingshøgde på 16 meter i 30 meters breidde mellom Brattholmen og Gurineset. Alternativet medfører bygging av 3800 meter veg i dagen og 740 meter bru. Kostnadane i 1994-prisar er på 113,3 mill kr. I rapporten vert det teke atterhald om overdekning og fjellkvalitet når det gjeld tunnelen. Rapporten konkluderer med at med den relativt store skilnaden i samla investerings- og driftskostnader mellom bru og tunnel, ser det ut til å vera rett å leggja brualternativet til grunn for vidare planlegging. Notat frå Statens vegvesen datert Dette notatet tek føre seg kostnadane med brusamband over Ytre Steinsund og sparte ferjekostnader med å erstatta ferja med bru. 3

5 Det vart ikkje foreteke kostnadsrekning av alternativet i samband med notatet, men det vart sagt at eit raskt kostnadsoverslag basert på kostnadsoverslag for Atløy-sambandet syner at kostnaden kan verta i storleiksorden 200 mill kr +/- 40% (2003-kr). 4

6 3. Endring i føresetnader Dagens vegnormalar Trafikken på strekninga er liten. Trafikken med ferja viser ein ÅDT på i underkant av 50 kjt. Frå mars 2010 vart det gratis å reise med ferja utan at dette har gitt særlege utslag på trafikktala. (Døgntrafikken 1.halvår 2009 var 43 kjt og 1.halvår 2011 på 49 kjt). Utan å ha gjort nokon trafikkundersøking, antek vi at trafikken også i eit 20-års perspektiv vil ha ein ÅDT på under 300 kjt. Vegen bør byggjast etter dimensjoneringsklasse Sa3 med fartsgrense 80 km/t. Med såpass liten trafikk som er forventa på strekninga, er det tilstrekkeleg med ein-felts veg, men då med møteplassar slik som vegnormalane tilseier. Total vegbreidde vert då 4 meter med møteplassar for minst kvar 250 meter. Maksimal stigning på denne type vegar er 8%, men det kan under gitte føresetnader aukast til 10% på lengder under 100 meter. I tunnelen kan nyttast tunnelprofil T5,5 med breidde 5,5 meter, men med T8,5 der det er behov for møteplassar. Viss tunnelalternativet vert valt, må det likevel vurderast korvidt profil T5,5 med møteplassar er framtidsretta, eller om det bør veljast T8,5 for heile tunnelen. Kravet til stigning i undersjøiske tunnelar er maksimalt 8% med dei trafikkmengdene som vert forventa her. Det heiter likevel: Veg i undersjøiske tunneler, av lokal karakter og med små trafikkmengder, kan bygges med stigning opp til 10%. Dette skal godkjennes av Vegdirektoratet i hvert enkelt tilfelle. Sidan dette er ein fylkesveg, vil det vera fylkeskommunen som godkjenner slik stigning. Det må vurderast korvidt stigning på 10% er tilstrekkeleg framtidsretta standard. Seglingshøgde I rapporten frå 1994 er det sett krav til seglingshøgde på 35 meter i 100 meters breidde. I samband med oppgradering av kostnadsoverslaget er det teke kontakt med Kystverket som opplyser om at malen for denne typen farleier tilseier seglingshøgde på 52 meter i breidde på 150 meter for einvegstrafikk og 250 meter for tovegstrafikk. I Ytre Steinsund er det begrensing på fartøylengde på 140 meter, noko som for Forsvaret sine skip tilseier ei høgde på 42 meter. Det må reknast med at Kystverket vil setja krav til ei seglingshøgde på meter. Kystverket vil gje eksakt krav til seglingshøgde når dei får ein plan å forholda seg til. I kostnadsoverslaget har vi lagt til grunn 50 meter seglingshøgde i 150 meter breidde. 4. Kostnader Det er ikkje gjennomført eige anslag for dei ulike alternativa for vegsamband over Ytre Steinsund. Både teknisk løysing og kostnad for brualternativet er drøfta melom vegvesenet sin bruseksjon og konsulentfirmaet Aas Jacobsen som stod for bruutgreiinga i For kostnader med undersjøisk tunnel og veg i dagen, er nytta einingsprisar frå anslaget for fastlandssamband for Atløy, gjennomført , korrigert for einfeltsløysingar. I einingsprisane som er nytta er inkludert rigg, byggherrekostnader og mva. 5

7 Kostnadane er gitt i 2011-prisar med ei uvisse på +/- 40%. Bru (seglingshøgde 50 meter): Einingspris Veg Daløy ferjekai Hesteneset 1410 m mill kr Bru Hesteneset Gurineset 1030 m mill kr Veg Gurineset Kringlevågen 2100 m mill kr Totalt 382 mill kr Viss seglingshøgde kan setjast til 42 meter, kan brulengda reduserast med om lag 150 meter og totalkostnadane reduserast til 333 mill kr. Tunnel: Veg Daløy ferjekai Storehaugen 350 m mill kr Tunnel Storehaugen Askedalen 3660 m mill kr Veg Askedalen Kringlevågen 1300 m mill kr Totalt 498 mill kr Det er her nytta vegnormalane sitt krav på maksimalt 8% stigning. Viss det vert gitt godkjenning på 10%, vil det medføra ei innkorting av tunnelen med om lag 660 meter og gje ein total kostnad på om lag 417 mill kr. Bygging av 1-felt tunnel med møteplassar og 10% stigning vil gje ein kostnad på om lag 365 mill kr. Ferje Dagens kostnader med ferjedrift er 6,7 mill kr/år (2011-kr) Drift og vedlikehold Driftskostnadane er klart større for tunnel enn for bru. Viss ein også ser på vedlikeholdskostnader over eit lengre tidsperspektiv, finn ein at summen av drift- og vedlikeholdskostnader vert om lag like for dei to alternativa og vil liggja i storleiksorden 2 2,5 mill kr pr år. Drifts- og vedlikeholdskostnader av ferjekaiar vil koma til fråtrekk. 5. Andre alternativ Det er sett på eit tunnelsamband frå Daløy til Haldorsneset. Sjøkart på denne strekninga tyder på at det er betydeleg større djupner på denne strekninga enn lenger sør. For å koma ut med tilfredsstillande stigning, vil det vera mest gunstig å gå inn i tunnelen på Daløy-sida med ein radius på om lag 500 meter. Det er usikkert kor langt tunnelen må gå på land for å få tilstrekkeleg overdekning. Eit alternativ kan vera å gå inn med tunnelen på austsida av Daløy. 6

8 På Haldorsneset vil vegen truleg koma ut i dagen om lag 300 meter frå krysset med fylkesvegen til Ytrøygrend. Tunnelen vil verta om lag like lang som tunnelen som tidlegare er rekna på. Dette alternativet krev betydeleg meir undersøkingar enn det som er gjort i denne rapporten. Det er lite truleg at alternativet vil verta rimlegare enn dei alternativa som er kostnadsrekna. 6. Samandrag Ut frå forventa trafikktal vert det lagt til grunn at veg på land og bru skal byggjast som einfelts veg med møteplassar. Undersjøisk tunnel skal byggjast som tofelt veg med maksimal stigning på 8%. Det vert lagt til grunn at seglingshøgda under brua skal vera minimum 50 meter. Ut frå desse føresetnadane vil det rimlegaste vegsambandet over Ytre Steinsund få ein kostnad i storleiksorden 380 mill kr (2011-prisar) med ei uvisse på +/- 40%. Kostnadsoverslaget viser at bru vert den rimelegaste løysinga Før val av alternativ vert gjort, må det gjerast avklaringar i form av kommunedelplan der også geologiske undersøkingar inngår. 7

9 Region vest Askedalen Leikanger olav.hove@vegvesen.no ISSN nummer

Fastlandssamband for Atløy. Oppgradert kostnadsoverslag og vurdering av alternativ

Fastlandssamband for Atløy. Oppgradert kostnadsoverslag og vurdering av alternativ Fastlandssamband for Atløy Oppgradert kostnadsoverslag og vurdering av alternativ Region vest Leikanger, R.vegktr Utgreiingsseksjonen Dato: 16.02.2012 Innhold 1. Innleiing... 2 2. Oppsummering tidlegare

Detaljer

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn -55516534

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn -55516534 30/03 '05 15:17 FAX STATEN;* VEGVESEN VEGKONT 57 65 59 36 @]002 HORDALAND FYLKESKOMMUNE! Fylkesrådmannen i Hordaland Postboks 7900 5020 BERGEN Eksp. U.off. 3 O MARS 2005 Saksh. Behandlende eining: Region

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015

Detaljer

Statens vegvesen. Atløysambandet - rapport med oppdaterte kostnadsoverslag

Statens vegvesen. Atløysambandet - rapport med oppdaterte kostnadsoverslag Statens vegvesen Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Eli Marita Vik Næss /

Detaljer

Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy

Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy April 2008 Innhald side 1 Forord. 3 2 Undersøkte løysingar........ 3 3 Dagens kommunikasjonar.... 6 4 Aktuelle alternativ....... 7 4.1 Opprusting av eksisterande

Detaljer

Tegning Oversiktskart M= 1: dagsett Tegning Alternative trasear M= 1: 2500 dagsett rev

Tegning Oversiktskart M= 1: dagsett Tegning Alternative trasear M= 1: 2500 dagsett rev INNHALD: 1. Innleiing 2. Tidlegare forprosjekt 3. Ny trase med tunnel 4. Alternativ 5. Vegstandard 6. Oppsummering 7. Anbefaling 8. Bilete i alternativ 2 og 3 VEDLEGG: Tegning 1507-06 Oversiktskart M=

Detaljer

Standard på fylkesvegane i Sogn og Fjordane

Standard på fylkesvegane i Sogn og Fjordane Region vest Veg- og transportavdelinga Samfunnsseksjonen 28.02.2013 Standard på fylkesvegane i Sogn og Fjordane Omtale av fylkesvegnettet i samband med Regional transportplan 2014-2023 Olav Handeland Forord

Detaljer

Forprosjekt Prosjekt: Utgreiing bru over Ytre Steinsund

Forprosjekt Prosjekt: Utgreiing bru over Ytre Steinsund Forprosjekt Prosjekt: Utgreiing bru over Ytre Steinsund Kommune: Solund Region vest Leikanger, R.vegktr Forprosjekt Ytre Steinsund bru side 1 Forord Sogn og Fjordane fylkeskommune har bestilt eit forprosjekt

Detaljer

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200306601-10 Arkivnr. 815 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.05.2008 22.05.2008 FRAMTIDIG FERJELEIE

Detaljer

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS SOTRASAMBANDET Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS 11.10.2012 1 Behovet for nytt Sotrasamband Sambandet Sotra-Bergen

Detaljer

Statens vegvesen. Sogn og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen vegavdeling Sogn og Fjordane

Statens vegvesen. Sogn og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen vegavdeling Sogn og Fjordane Statens vegvesen Til: Frå: Kopi: Sogn og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen vegavdeling Sogn og Fjordane Saksbehandlar/innvalsnr: Ole Martin Lilleby - 57724056 Vår dato 06.02.2012 Vår referanse: 2010/008304-086

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 17.02.2015 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd

Detaljer

Notat - Kvaliteten på vegnettet i Sogn og Fjordane

Notat - Kvaliteten på vegnettet i Sogn og Fjordane Region vest Veg- og transportavdelinga Samfunns- og trafikksikkerhetsseksjon 02.01.2017 Notat - Kvaliteten på vegnettet i Sogn og Fjordane Kommentar til rapporten frå OFV, november 2016 Forord Statens

Detaljer

Bompengepakken Stord Vestside Søknad om utviding av bompengeperioden med 2 år

Bompengepakken Stord Vestside Søknad om utviding av bompengeperioden med 2 år Bompengepakken Stord Vestside Søknad om utviding av bompengeperioden med 2 år Prosjektomtale Etter initiativ frå Stord kommune er det utarbeida ein søknad i samarbeid mellom Stord og Fitjar kommunar og

Detaljer

Kystvegen gjennom Sogn og Fjordane

Kystvegen gjennom Sogn og Fjordane gjennom Sogn og Fjordane Kombinasjonsalternativ for heile strekninga Førebelse resultat Kystvegen Oversiktskart gjennom Sogn og Fjordane Kombinasjonsalternativ - føresetnadar Moglege kombinasjonar Delstrekning

Detaljer

Val av standard på fylkesvegar

Val av standard på fylkesvegar Statens vegvesen Notat Til: Frå: Kopi: Hordaland fylkeskommune Statens vegvesen, Region vest Sakshandsamar/innvalsnr: Olav Terje Hove - 57655802 Vår dato: 29.04.2015 Vår referanse: 2015/052515-001 Val

Detaljer

Bygging av Fv 107 Jondalstunnelen

Bygging av Fv 107 Jondalstunnelen Fv 107 Jondalstunnelen 1 Bygging av Fv 107 Jondalstunnelen Statens vegvesen har innhenta tilbud på bygging av Fv 107 Jondalstunnelen i samsvar med vedtak i fylkestinget 14.10.2008, avsnitt under. 1. Fylkestinget

Detaljer

Fylkesrådmannen vil i dette notatet gje ei orientering om status og vidare arbeidet i høve ferjeavløysingsprosjekta.

Fylkesrådmannen vil i dette notatet gje ei orientering om status og vidare arbeidet i høve ferjeavløysingsprosjekta. Side 1 av 6 Samferdsleavdelinga Notat Sakshandsamar: Lars Erik Lunde E-post: lars.erik.lunde@sfj.no Tlf.: 57638102 Vår ref. Sak nr.: 15/8734-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 41062/15

Detaljer

Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561

Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561 Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561 Utarbeida: 07.04.2017 Revidert 28.04.2017 I samband med

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen NOTAT Til: Fylkesutvalet Samferdselsutvalet Dato: 03. februar 2010 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200907758-4/OYVSTO Kopi til: Arkivnr.: 812 Nytt fylkesvegnett -

Detaljer

Oversending av kommunedelplan for Tønjum Ljøsne, Lærdal kommune, for handsaming av motsegn frå Statens vegvesen

Oversending av kommunedelplan for Tønjum Ljøsne, Lærdal kommune, for handsaming av motsegn frå Statens vegvesen Sakshandsamar: Turid Måseide Vår dato Vår referanse Telefon: 57643164 19.04.2012 2011/5594-421.3 E-post: fmsftbm@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep 0030

Detaljer

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/297-2 Saksbehandlar: Helge Inge Johansen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 12.02.2014 Fylkesutvalet 19.02.2014 Bømlopakken - Gang- og sykkelveg

Detaljer

2015/396-7. Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

2015/396-7. Høyring - Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 15.10.2014 14/114

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 15.10.2014 14/114 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2011/2754 Løpenr.: 15778/2014 Arkivkode: 88/2 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 15.10.2014 14/114 Sakshandsamar: Lotte Næss Framlegg

Detaljer

Statens vegvesen. Fjell kommune Postboks 184 5342 STRAUME. Att: Willy Sørensen

Statens vegvesen. Fjell kommune Postboks 184 5342 STRAUME. Att: Willy Sørensen Statens vegvesen Fjell kommune Postboks 184 5342 STRAUME Att: Willy Sørensen Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region vest Lilli Mjelde / 55516439 15/249327-22

Detaljer

Etter uttale/initiativ frå politiet/kommunen er formannskapet vedtaksmyndigheit for kommunale vegar med fartsgrense 50 km/t eller lågare.

Etter uttale/initiativ frå politiet/kommunen er formannskapet vedtaksmyndigheit for kommunale vegar med fartsgrense 50 km/t eller lågare. Kriteriar for utvalde trafikksikringstiltak i Høyanger kommune Ved handsaming av søknader/ynskje om ulike trafikksikringstiltak, legg Høyanger kommune og Statens vegvesen ma. kriteriane i denne lista til

Detaljer

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11 Konsekvensanalyse Vegomlegging Etnesjøen Juni 2011 AUD-rapport nr. 12-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: Konsekvensanalyse

Detaljer

REGULERINGSPLAN FØRESEGNER, PLANKART. Eiksundsambandet Fv 47 Hp 01/02 Berkneset - Steinnesstranda. Ålesund. Ørsta. Volda

REGULERINGSPLAN FØRESEGNER, PLANKART. Eiksundsambandet Fv 47 Hp 01/02 Berkneset - Steinnesstranda. Ålesund. Ørsta. Volda REGULERINGSPLAN FØRESEGNER, PLANKART Eiksundsambandet Fv 47 Hp 01/02 Berkneset - Steinnesstranda Hareid Ålesund Langevåg Sulasund 61 Volda og Ørsta kommuner Fosnavåg Ulsteinvik 61 Saksbehandling etter

Detaljer

For meir informasjon på nett, sjå

For meir informasjon på nett, sjå Postboks 83 5418 Fitjar STATENS VEGVESEN Askedalen 4 6863 LEIKANGER Høyring - framlegg til plan for E39 Stord-Os Vedlagt følgjer eit brev frå. sender posten digitalt. Posten blir distribuert til innbyggjaren

Detaljer

E39 Langeland-Moskog GAULAR KOMMUNE. Kortversjon av kommunedelplan med konsekvensutgreiing

E39 Langeland-Moskog GAULAR KOMMUNE. Kortversjon av kommunedelplan med konsekvensutgreiing E39 Langeland-Moskog GAULAR KOMMUNE Kortversjon av kommunedelplan med konsekvensutgreiing Region vest Leikanger Januar 2013 E39 Langeland Moskog Bakgrunn og målsetting E39 frå Kristiansand til Trondheim

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 13.05.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Arkivsak

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/11966-7 Saksbehandlar: Bjørn Inge Midtgård Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 13.05.2014 Fylkesutvalet 20.05.2014 Fylkestinget 11.06.2014

Detaljer

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201002107-21 Arkivnr. 811 Saksh. Utne, Bente Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 18. 09.2013 25.09.2013 15.10.2013 VOSSAPAKKO

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning Aukra kommune Arkivsak: 2012/32-39 Arkiv: L12 Saksbeh: Svein Rune Notøy Dato: 14.01.2015 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 7/15 Drift og arealutvalet 21.01.2015 8/15 Kommunestyret 12.02.2015 Privat

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Me som skal flytta fjedl

Me som skal flytta fjedl Me som skal flytta fjedl E134: NTP, status og veien fram til målet Åge Hillestad - prosjektleiar Historie Frå uminnelig tid har det vore ferdsel over Røldalsfjellet Frå 1200-talet har det vore kløvveger

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Masfjorden kommune presenterer Masfjordsambandet Forprosjekt - juni 2012 - eit viktig regionalt infrastrukturprosjekt Sevilingeniør Helge Hopen AS

Masfjorden kommune presenterer Masfjordsambandet Forprosjekt - juni 2012 - eit viktig regionalt infrastrukturprosjekt Sevilingeniør Helge Hopen AS Masfjorden kommune presenterer Masfjordsambandet - juni 2012 - eit viktig regionalt infrastrukturprosjekt Sevilingeniør Helge Hopen AS INNHALD 1 INNLEIING... 3 2 SAMANDRAG... 4 3 PROBLEMSTILLINGAR OG

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 27.10.2015 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00 - Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57

Detaljer

Statens vegvesen. E105 Sør-Varanger. Vegtrafikkstøy.

Statens vegvesen. E105 Sør-Varanger. Vegtrafikkstøy. Statens vegvesen RAPPORT Rapport nr.: Oppdrag nr.: Dato: 2 97917001 Kunde: Statens vegvesen Samandrag: Sweco Norge AS har fått i oppdrag av Statens vegvesen å utreda støy for eksisterande (A0) og utbetra

Detaljer

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP Sotrasambandet Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP INNHALD 1. Landets mest traffikerte to-felts veg 3 2. Nytt sotrasamband 4 3.

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden, Gulen, og Solund kommunar. Vedteke i Masfjorden (xx.xx.2016), Gulen (xx.xx.2016) og Solund (xx.xx.2016) kommunestyrer. Innleiing Gulen, Solund og

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: LENGING AV TORVMYRVEGEN - ALTERNATIV TRASE TILRÅDING

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ 15 3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ Alternativ 0 (Bømlopakken) Ekornsæter Vegutbetringar spesifisert i Bømlopakken: Utbetring av dagens vegar på strekningar med dårleg standard på : - 3,0 km - Ekornsæter

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE PLANID: 201212 REGULERINGSFØRESEGNER 1 REGULERINGSFØREMÅL 1.1 Det regulerte området er vist på planen med plangrense. 1.2 PBL 12 5 BYGNINGAR OG ANLEGG

Detaljer

NTN-Seminar Tønsberg 23 10 2013. Lage Lyche

NTN-Seminar Tønsberg 23 10 2013. Lage Lyche NTN-Seminar Tønsberg 23 10 2013 Lage Lyche Møre og Romsdal fylkeskommune Budsjett på ca 1,4 milliard I perioden 2009-2013 har Samferdselsavdelinga økt fra 13 til 28 ansatte Frå 2010: 3108 km fylkesveg

Detaljer

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune Saksbehandlar: Statens vegvesen Region vest Sak nr.: 12/690-1 Avdeling: Samferdsleavdelinga Side 1 av 5 Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG Stikkord for innhald Retningsliner for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag er eit dokument som skal vere underlaget for likebehandling

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Informasjonsmøte 1. oktober 2014 Fv. 20 Nerlandsøybrua. Anne Lene Helgetun og Rolf Arne Hamre

Informasjonsmøte 1. oktober 2014 Fv. 20 Nerlandsøybrua. Anne Lene Helgetun og Rolf Arne Hamre Informasjonsmøte 1. oktober 2014 Fv. 20 Nerlandsøybrua Anne Lene Helgetun og Rolf Arne Hamre Informasjonsmøte 1. oktober 2014 Kryssing av Søre Vaulen 18.00-18.10 Velkommen og presentasjon av deltakarar

Detaljer

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste Tilleggsinnkalling for Kommunestyret Møtedato: 10.05.2016 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Dersom du av tvingande grunnar ikkje kan møte, eller er ugild i noko sak, gi beskjed snarast til politisk

Detaljer

INFORMASJON OM SOTRASAMBANDET JANUAR 2008

INFORMASJON OM SOTRASAMBANDET JANUAR 2008 INFORMASJON OM SOTRASAMBANDET JANUAR 2008 HANDSAMING AV PLANPROGRAM PLANARBEID MED KOMMUNEDELPLAN OG KONSEKVENSUTGREIING. ENDRINGAR I TRASÉALTERNATIV SOM DEL AV PLANPROSESSEN DELPROSJEKT 1: FASTLANDSSAMBANDET

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2010/2042 Løpenr.: 2053/2012 Arkivkode: L12 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33 Sakshandsamar:

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Kommunedelplan Rv.5 Loftesnes-Kaupanger Ope møte

Kommunedelplan Rv.5 Loftesnes-Kaupanger Ope møte Kommunedelplan Rv.5 Loftesnes-Kaupanger Ope møte 22.01.19 Opplegg for kvelden Velkomen v/ordførar Informasjon om planarbeidet v/statens vegvesen Kaffe/kjeks Spørsmål/diskusjon Avslutting v/ordførar Reknar

Detaljer

Fysisk sikring av Askøybrua

Fysisk sikring av Askøybrua SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2014/392-8 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet 09.09.2015 Fylkesutvalet 23.09.2015 Fylkestinget 13.10.2015 Fysisk sikring

Detaljer

Samferdselskonferansen 2013. Fv. 659 Nordøyvegen v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre

Samferdselskonferansen 2013. Fv. 659 Nordøyvegen v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre Fv. 659 Nordøyvegen v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre Oversiktskart Prosjektdata Total veg-, bru- og tunnellengde: 37 km Bruer og sjøfylling Skjelten - Lepsøya Hestøya - Brulengder på hhv. 850 m, 200

Detaljer

Behandling i Kommunestyret den NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre meiner det framlagde planframlegget

Behandling i Kommunestyret den NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre meiner det framlagde planframlegget Behandling i Kommunestyret den 15.12.2016 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre ser det som svært viktig at kryssing i sør vert valt, då dette opnar for ei rekke framtidige moglegheiter

Detaljer

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lotteri- og stiftingstilsynet www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:

Detaljer

Fv. 303 Seimsdaltunnelen

Fv. 303 Seimsdaltunnelen Region vest Vegavdeling Sogn og Fjordane Plan- og forvaltningsseksjonen Februar 2013 Sveis: 2013/002097-1 Fv. 303 Seimsdaltunnelen Vurdering av tiltak for gang- og sykkeltrafikk Oppdatering og utviding

Detaljer

Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, slik at varamedlem kan bli innkalla.

Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. FLORA KOMMUNE Formannskapet Møteinnkalling/Tilleggssaker Møtedato: 17.01.2012 Møtestad: Flora Rådhus, Rettsalen Møtetid: Kl. 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde

Detaljer

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II Side 1av 5 Saksbehandlar: Statens vegvesen Region vest Avdeling: Samferdsleavdelinga Sak nr.: 13/3539-1 Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II Fylkesrådmannen rår hovudutval

Detaljer

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING Ordføraren si innstilling: ::: Sett inn innstillingen under denne linja ::: Sett inn innstillingen

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

RAPPORT. Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde ØEN EIGEDOM ROALD ØEN SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK VEGTRAFIKKSTØY OPPDRAGSNUMMER 13665001

RAPPORT. Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde ØEN EIGEDOM ROALD ØEN SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK VEGTRAFIKKSTØY OPPDRAGSNUMMER 13665001 ØEN EIGEDOM ROALD ØEN Reguleringsplan Angedalsvegen 47 og 49, Førde OPPDRAGSNUMMER 13665001 VEGTRAFIKKSTØY SWECO NORGE AS BRG AKUSTIKK TORMOD UTNE KVÅLE BERNT HEGGØY Sweco Endringar REV. DATO ENDRINGA

Detaljer

Informasjonsmøte i Fosnavåg 9. juni 2016 Fv. 20 Nerlandsøybrua. v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre

Informasjonsmøte i Fosnavåg 9. juni 2016 Fv. 20 Nerlandsøybrua. v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre Informasjonsmøte i Fosnavåg 9. juni 2016 Fv. 20 Nerlandsøybrua v/planprosjektleiar Rolf Arne Hamre 10.06.2016 Fakta om Nerlandsøybrua Byggeår:1967 Seglingshøgde spring høgvatn: 20 meter Brubreidde: 3,5

Detaljer

BOMPENGESØKNAD. Rv 13 Jobergtunnelen. Voss og omland bompengeselskap AS 24. mai 2013

BOMPENGESØKNAD. Rv 13 Jobergtunnelen. Voss og omland bompengeselskap AS 24. mai 2013 BOMPENGESØKNAD Rv 13 Jobergtunnelen 1 Innhald 2 Innleiing 3 3 Omtale av prosjektet 4 4 Kostnadsoverslag 5 5 Finansieringsopplegg 5 6 Bompengeopplegg 5 7 Utviding av Vossapakko og konsekvens for nedbetaungstida

Detaljer

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato: Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato: Saksframlegg Rullering av trafikktryggingsplana forslag til plan Utvalsak Utval Møtedato 14/2 Planutvalet 27.01.2014 Forslag til vedtak: Planutvalet

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune 1 : OPPVEKST/OMSORG Møtestad : Rådhuset : 22.01.2008 Tid : 09:00 MØTEINNKALLING SAKLISTE: saknr. Arkivsaknr. Tittel PS 0001/08 08/00041 A VURDERING AV LÆREVERK I SAMBAND MED INNFØRING AV KUNNSKAPSLØFTET

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Statens vegvesen NOTAT E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Fagtema - Støy Dato: Juni 2016 Innhald Støy-KU E39 Stord-Os... 2 Prissett konsekvens... 7 Støy ved realisering av prosjektet...

Detaljer

statens vegvesen Saksbehandler/innvalgsnr: Roald Gulbrandsøy -55516342

statens vegvesen Saksbehandler/innvalgsnr: Roald Gulbrandsøy -55516342 HORDALAND FYLKESKOMMUNE! Hordaland fylkeskommune Samferdselsavdelinga postboks 7300 5020 BERGEN statens vegvesen Saknr.^^-^pj^/i" Dok.nr.^ 1 8 OKT 2012 Arkivn. 553 Saksli ^^^^g) Eksp, U.olT. Behandlende

Detaljer

, t fl DES. 2009 I Arkivnr. /// Saksh. I Eksp. i U-off. statens vegvesen. E39 Nordre innfartsåre i Bergen - forsøk med sambruksfelt - høyring

, t fl DES. 2009 I Arkivnr. /// Saksh. I Eksp. i U-off. statens vegvesen. E39 Nordre innfartsåre i Bergen - forsøk med sambruksfelt - høyring HORDALAND FYLKESKOMMUNEI Sjå adresseliste statens vegvesen Saknr./^^/;//^Dok.nr. /, t fl DES. 2009 I Arkivnr. /// Saksh. I Eksp. i U-off. Behandlande eining: Region vest Sakshandsamar/innvalsnr: Erling

Detaljer

E39 Langeland-Moskog. Kommunedelplan med konsekvensutgreiing. Revidert i samsvar med vedtak GAULAR KOMMUNE

E39 Langeland-Moskog. Kommunedelplan med konsekvensutgreiing. Revidert i samsvar med vedtak GAULAR KOMMUNE E39 Langeland-Moskog GAULAR KOMMUNE Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Revidert i samsvar med vedtak Region vest Leikanger Juni 2013 Forord Det er utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing (KU)

Detaljer

Håndbok V127 Gangfeltkriterier

Håndbok V127 Gangfeltkriterier Håndbok V127 Gangfeltkriterier Kva føringar ligg til grunn? Tore Bergundhaugen, senioringeniør Trafikksikkerheitsseksjonen, Region vest 06.02.2015 Fagdag om gangfelt Nullvisjonen Nullvisjonen byggjer på

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS Arkiv: Saksmappe: 2013/699-17427/2014 Sakshandsamar: Lene Takvam Dato: 14.08.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 95/14 Komité for plan og utvikling 02.09.2014 123/14 Komité for plan og utvikling

Detaljer

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEBOK Tysnes kommune MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 16.12.08 Arkivsak : Arkivkode: 08/453 111 - Sakshandsamar: Audun Hovland/Helge Drange Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 02.12.08

Detaljer

UTBYGGINGSAREAL PÅ. Rota, Grønenga - Terøya. Kostnadsoverslag

UTBYGGINGSAREAL PÅ. Rota, Grønenga - Terøya. Kostnadsoverslag FLORA KOMMUNE UTBYGGINGSAREAL PÅ Rota, Grønenga - Terøya Kostnadsoverslag 2. November 2012 INNHALD SIDE 1. INNLEIING 3 2. GRUNNLAGSMATERIELL 3 3. EKSISTERANDE PLANER-ANLEGG 3 4. GENERELT OM KOSTNADSBEREKNINGA

Detaljer

SAK OM FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY-BJELKARØY - FINANSIERING AV OMRÅDEREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING

SAK OM FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY-BJELKARØY - FINANSIERING AV OMRÅDEREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201003266-29 Arkivnr. 714 Saksh. Grude, Nils Egil Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.02.2013 20.02.2013 SAK OM FASTLANDSSAMBAND

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG TILRÅDING TIL VEDTAK: Sakshandsamar: Arnstein Nupen Arkivsak: 2015/304 Løpenr.: 8095/2015. Utvalsaksnr.

ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG TILRÅDING TIL VEDTAK: Sakshandsamar: Arnstein Nupen Arkivsak: 2015/304 Løpenr.: 8095/2015. Utvalsaksnr. ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arnstein Nupen Arkivsak: 2015/304 Løpenr.: 8095/2015 Utvalsaksnr. 90/15 Utval Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre Møtedato 02.06.2015 Saka gjeld: GNR/BNR 13/4

Detaljer

Namning av vegar i Fræna Kommune

Namning av vegar i Fræna Kommune Namning av vegar i Fræna Kommune Mange bustadar i Fræna manglar adresse med vegnamn og husnummer. Etter innspel frå naudetatane, samt føringar frå sentrale styringsmakter, gjer at vi må sørgje for at alle

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Budsjett 2014 Økonomiplan 2014-2017 Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Innleiing Fylkesrådmannen la fram Budsjettgrunnlaget for 2014 og økonomiplan for perioden 2014 2017 den 10. oktober 2013.

Detaljer

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Utval for drift og utvikling 16.06.2009 SVT 071/09 Avgjerd av: Utval for drift og utvikling Saksbeh.: Sveinung Toft Ansv. ANB Arkiv: N-504

Detaljer

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Trond Roy Pedersen Arkiv: B13 Arkivsaksnr.: 16/430-3 Planlagt behandling: Hovudutval for skule og barnehage KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Detaljer

Hva skjer i Møre og Romsdal?

Hva skjer i Møre og Romsdal? Hva skjer i Møre og Romsdal? Lage Lyche Samferdslesavdelinga Norvegkonferansen 7. sept 2010 1 Innovative Møre og Romsdal Verdensrekord i djupne på undersjøisk fjelltunnel (Eiksundsambandet) 287 meter Ei

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer