SKREDFAREVURDERING HÅHEIMSVIKA, GBR/BNR 46/1, ULVIK HERAD

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SKREDFAREVURDERING HÅHEIMSVIKA, GBR/BNR 46/1, ULVIK HERAD"

Transkript

1 REIDAR ESPELID SKREDFAREVURDERING HÅHEIMSVIKA, GBR/BNR 46/1, ULVIK HERAD ADRESSE COWI A/S Solheimsviken Bergen TLF OPPDRAGSNR. DOKUMENTNR. A VERSJON UTGIVELSESDATO BESKRIVELSE UTARBEIDET KONTROLLERT GODKJENT Skred Jostein Soldal Oddmund Soldal Jostein Soldal

2 2/24 Samendrag I 2007 lagde COWI AS en skredrapport for deler av gnr/bnr 46/1 i Ulvik herad. I forbindelse med ei endring i reguleringsplanen er det gjennomført ein revisjon av rapporten frå Jordskred og snøskred representerer ein liten risiko i dette området. Sannsynet for steinsprang vurderast til å vera noko høgare enn krava for sikkerheitsklasse 2 i TEK Krava kan likevel tilfredstillast ved gjennomføring av sikringstiltak. Rapporten inneheld forslag til sikringstiltak. Side 2 av 24

3 3/24 INNHOLD 1 Innleiing 4 2 Grunnlag Steinsprangsimulering av utløpslengder 6 3 Klassifisering av skred 8 4 Aktsemdskart 9 5 Generell oversikt over området Avrenning Berggrunn og lausmassar Klima Tidligare undersøkingar Skredhendingar 11 6 Terrengforhold 12 7 Vurdering 13 8 Faresonekart 17 9 Førebyggande tiltak Konklusjon Referanser Vedlegg 1 20 Side 3 av 24

4 4/24 1 Innleiing COWI AS er engasjert av Reidar Espelid for å gjera ein revisjon av ein skredrapport som blei laga av COWI i 2007 på deler gnr/bnr 46/1 i Ulvik kommune. Bakgrunnen for revideringen er ein endring i reguleringsplanen. (fig. 1). Figur 1 Revidert reguleringsplan. Side 4 av 24

5 5/24 2 Grunnlag Rapporten er utarbeida etter anbefalingane i NVE-veileder Skredfare ligg under plan- og bygningslova og teknisk forskrift til denne (TEK 17), det vert vist til 7.3 (Tabell 1). I denne forskrifta er ulike byggverk tildelt eigne graderingar for skadeomfang/konsekvens som skred har på ein bygningsmasse. Dette inkluderer blant anna faren for at liv går tapt, samt omfanget av kva økonomiske konsekvensar skred har. Ulike bygningskategoriar er tildelt sikkerheitsklasser frå 1-3. Sikkerheitsklasse 1 er der skred har liten konsekvens. I slike områder er tillatt skredfrekvens maksimalt eit skred per 100 år. Sikkerheitsklasse 2 omfattar byggverk der konsekvensen er av middels karakter. Det er her tillatt skredfrekvens maksimalt eit skred per 1000 år. Sikkerheitsklasse 3 omfattar byggverk der konsekvensen av skred er stor. Tillatt skredfrekvens er eit skred per 5000 år. Uteområde tilknytt byggverk vert normalt tildelt same sikkerheitsklasse som byggverket. COWI vurderer at nye fritidsbustadar og tilhøyrande uteareal vert plassert i sikkerheitsklasse S2, basert på veilederen til TEK 17, der sikkerheitsklasse 2 omfattar byggverk som er berekna for personopphald. Kai/marina vurderast til å plasserast i sikkerheitsklasse S1 Tabell 1 Utdrag fra byggteknisk forskrift (TEK 17) viser sikkerhetsklasser for plassering av byggverk i skredfarlige områder. Bakgrunn for skredfarevurderinga er: Tidligare arbeid Observasjonar gjort under feltbefaring Berggrunnskart og lausmassekart (NGU) Aktsemdskart ( Retningslinjer til flaum- og skredfare i arealplanar (NVE) Side 5 av 24

6 6/24 Veileder til sikkerhet for skred i bratt terreng. Kartlegging av skredfare i arealplanlegging og byggesak frå NVE Grunnlagskart Avrenningsforhold Steinsprangsimuleringar med Rocfall Steinsprangsimulering av utløpslengder Steinsprangsimuleringsprogrammet RocFall 6.0, utvikla av Rocscience Inc., er eit statistisk analyseringsprogram der blant anna energien, hastigheiten og distribusjonen av fallande stein vert kalkulert. Saman med nøyaktige høgdedata kan det lagast detaljerte skråningsprofil, og ulike friksjonsparametrar for ulike typar underlag langs skråninga kan endrast for å korrelere best mogeleg til dei lokale forholda på plassen. Parametrar nytta er vist i Tabell 2. Det er nytta 100 simuleringar med blokkstørrelse 2 m³ for kvart løsneområde. Resultata av simuleringane er vist i vedlegg 1. Tabell 2 Dempingsparametrar brukt ved simulering. Parameterane er standard verdiar frå Rocscience. I Figur 2 er det vist eit eksempel på steinsprangsimulering med løsneområde til venstre og dei raude linjene indikerer blokkbanene. I Figur 3 er endepunkt for dei ulike simuleringane vist. Simuleringane er i utgangspunktet konservative, då dei tek lite hensyn til bremseeffekt av for eksempel skog og fragmentering av skredblokkene. Simuleringane er brukt som eit supplement til faglige vurderingar. Side 6 av 24

7 7/24 Figur 2 Eksempel på steinsprangsimulering i eit terrengprofil. Løsneområdet er markert til venstre, dei raude linjene indikerer simulerte utløpsbanar og der strekene stansar er det lengste utløp. Fordeling av endepunkt er illustrert i Figur 3. Figur 3 Distribusjon av endepunkt for 1000 steinsprangsimuleringar. Side 7 av 24

8 8/24 3 Klassifisering av skred Steinsprang og steinskred: Steinsprang omfattar enkeltblokker med volum opptil 100m 3, medan steinskred omfattar volum frå m 3. Steinsprang og steinskred skjer i bratte oppsprukne fjellparti med terrenghelling over ᵒ. Vanlige utløsningsprosessar er fryse/tineprosessar, rotsprenging og store nedbørsmengder Fjellskred omfatter store volum (> m 3 ) av ustabilt fjell som løsnar. Dette skjer i høge fjellsider, og påverknaden av slike skred er større enn i eit steinskred. Potensielle fjellskred er vanskelig og forutsjå, og kartlegging krev overvaking/analysering av bevegelsar i fjellpartiet over lengre periodar. Jordskred oppstår normalt der terrenghelninga overstig Over 45 vil det sjeldan verta utløyst jordskred, då det som regel er svært lite lausmasser i så bratt terreng. Skreda består av grovt og/eller fint materiale, og har som regel noko innhald av vegetasjon. Stabiliteten i skråningar er bestemt av eigenskapane til lausmassene, terrengformer, vegetasjon, mektigheit og hydrologi. Vatn destabiliserer lausmasser ved at vasstrykket i poreromma til laumassane aukar. Dette minkar friksjonen mellom sedimentkorna og kan ofte føre til utgliding. Jordskred skjer som regel som ein konsekvens av intens nedbør eller mykje snøsmelting. Flaumskred er ein vassrik massestraum som oppstår typisk langs bratte (25-45ᵒ) bekkeløp, gjel eller raviner. Skreda består av lausmassar med alle kornfraksjonar. Flaumskred vert utløyst ved store/ekstreme nedbørstilfelle. Flaumskred kan verta danna og utløyst som ein konsekvens av jordskred langs flaumløp eller undergraving i tilgjengelige skråningar eller erosjon i bekkeløp. Vidare kan også dreneringsløp verta oppdemt av skredmateriale eller vegetasjon. Når demninga bryt, oppstår flaumskredet. På grunn av høgt vassinnhald har flaumskred høg mobilitet og kan verta transportert over store avstandar. Snøskred (tørre og våte snøskred) omfattar både flakskred og laussnøskred, som er vanlige i brattare fjellområde der tilstrekkelige mengder av snø kan akkumulerast. Flakskred vert vanlegvis utløyst i terreng med 30-50ᵒ helling, og laussnøskred skjer oftast der hellinga er brattare enn 50ᵒ. Vanlige utløysingsmekanismar er store nedbørsmengder, sterk vind eller plutselige temperaturvariasjonar. Våte snøskred kan ofte starta som tørre snøskred lengre oppe i terrenget, der snøen blir fuktig på veg ned. Sørpeskred er en type snøskred som består av snø med svært høgt vassinnhald. Skredtypen vert utløyst der snødekket er størst. Typiske utløysingsområder vil vera langs bekkefar eller forseinkingar i terrenget. Sørpeskred oppstår normalt ved høg snøsmelting om våren eller ved kraftig regnver i snødekte skråningar. Rekkevidda av slike skred kan være stor sjølv i relativt flatt terreng. Side 8 av 24

9 9/24 4 Aktsemdskart Tiltaksområdet ligg i aktsomhetssona til snøskred, steinsprang samt jord og flaumskred på NVE sine aktsomhetskart (Figur 4). Aktsemdskarta er fremstilt på grunnlag av ein digital terrengmodell, utløysningsområder er basert på terrenghelling og utløpslengder basert på datamodellering. Figur 4 Aktsemdskart for steinsprang, snøskred og jord-flaum skred. Planområdet er omtrentlig markert med svart sirkel. Side 9 av 24

10 10/24 5 Generell oversikt over området 5.1 Avrenning Det er to mindre bekkeløp som renn gjennom området. Nedslagsfelta er små, normalavrenninga er liten og det er ingen teikn til erosjon eller flaumaktivitet rundt bekkeløpa. 5.2 Berggrunn og lausmassar Berggrunnen i området er i følgje kartbasen til NGU diorittisk til granittisk gneis. Like aust for det aktuelle området er det ei grense til øyegneis. I følgje lasumassekart frå NGU er det hav og fjordavsetningar som ligg innanfor planområdet (fig. 5). Figur 5 Lausmassekart frå Planområdet er omtrentleg markert med svart sirkel. Side 10 av 24

11 11/ Klima Det er innhenta gjennomsnittsdata for nedbør og temperatur for den klimatiske perioden mellom frå målestasjonen Hjeltnes i Ulvik (Figur 6) ( Målingane viser at nedbørsmegda er størst på vinterhalvåret og at det i desember, januar og februar er ein gjennomsnittstemperatur som å lågare enn 0ᵒ. I framtida kan ein forventa ei temperaturauke på 2-3 grader fram mot år 2100 (Hansen-Bauer m.fl., 2009). Figur 6 Nedbør og middeltemperatur fra frå Hjeltnes målestasjon Tidligare undersøkingar COWI (2007) har utarbeid ein skredfarerapport for det aktuelle området tidligere. Konklusjonane frå denne rapporten var at det liten fare for lausmasse- og snøskred, men at det kan forekomme steinsprang i vestre del av området ned mot fjorden. Det er også kommentert at det må etablerast ein god drenering av bekkevatn ut frå området. 5.5 Skredhendingar I følgje skrednett.no er det ikkje registrert nokon skred innanfor tiltaksområdet. Lengre mot nordaust, langs Fv 330 (Osavegen), er det registrert fleire isnedfall, snøskred og steinsprang. Side 11 av 24

12 12/24 6 Terrengforhold Det er laga terrenghellingskart basert på data frå (Figur 7). Frå kartet kan ein sjå at det er eit bratt parti på den vestlige siden av området. Figur 7 Terrenghellingskart over det aktuelle området. Basert på data frå Side 12 av 24

13 13/24 7 Vurdering Flaum og flaumskred Dei små bekkefara har små nedslagsfelt og bekkeløpa er relativt rette og går ned mot fjorden. Det vert vurdert som om risikoen for flaum/flaumskred og erosjon ikkje er reell. I utbygginga av feltet er det viktig at ein ikkje endrar desse forholda. Snøskred Under spesielle forhold kan det potensielt byggja seg opp snøfonner under fjellskrenten i vest. Det er mykje skog og liten høgdeskilnad på terrenget. Det er derfor vurdert som om at det er liten reell fare for at snøskred er ein reell risiko. Jordskred Utgliding av lausmassar kan skuldast overbelastning av grunnen sin bæreevne som følgje av ny og større last enn det som har vore før eller at friksjonseigenskapane i lausmassane vert redusert. Området ligg under høgaste havnivå etter siste istid (marin grense). Dette medfører fare for at det er leiravsetningar som potensielt kan gli ut ved overbelastning. Det er ikkje observert leire i området. Den dominerande jordarten er morene og skredmassar. Lokalt finn ein mindre avsetningar med sand, grus og stein. Ut frå observasjonar i feltet, ser det ut som om det er morene som er den dominerande jordarten i feltet (fig. 8). Side 13 av 24

14 14/24 Figur 8 Oversikt oppover i området der det er planlagt bygging av hytter. I framgrunnen ser ein at morene er dominerande jordart. I området er lausmassane relativt tynne og mange stader stikk det opp fast fjell som vil verka stabiliserande på lausmassane (fig. 9). Side 14 av 24

15 15/24 Figur 9 Lausmassane er relativt grunne og der stikk opp fjell fleire stader i nedre del av hyttefeltet. Ved oppbløyting av jorda kan friksjonen i jorda verta redusert og ein kan ha fare for utgliding av grunne skred. Dette gjer at det er viktig å ha god drenering i området og at bekkane er sikra mot å flomma over. Side 15 av 24

16 16/24 Steinsprang Vestlige del av området som skal regulerast har rasmassar/ur (fig. 10). Desse jordartane har gode friksjonseigenskapar og bæreevne. Figur 10 Bilete viser ein flate med morene i framgrunnen og ei lita ur i framkant av fjellskrenten i vest. Det er både steinblokker og ein del mindre stein som har vore i rørsle. Det er godt tilvokse med skog, så ras aktiviteten er ikkje hyppig. Det vil vera ein stor fordel om skogen får stå urørd slik at trea kan ha ein vernande effekt og at trerøtene armerer jorda. Fjellskrenten der det kan vera fare for steinsprang er ikkje så høg at stein/blokker vil verta transportert langt inn i feltet som skal bebyggjast. Lenger ned mot sjøen er det ein bratt fjellskrent der det ligg lite urmassar (fig. 11). Lausmassane har truleg vorte transportert ut i sjøen. I dette området vil det framleis vera fare for steinsprang. Side 16 av 24

17 SKREDRAPPORT Figur 11 Ned mot sjøen kan det vera fare for steinsprang frå fjellskrenten i bakgrunnen på bilete. Det planlagde kaiområdet/marinaen ligg tett inntil fjellsida der det er fare for steinsprang. 8 Faresonekart Det er laga faresone kart for sannsyn år og år for steinsprang (Figur 12). Faresonekartet er basert på observasjoner gjort på staden og supplert med 4 steinsprangsimuleringer (se vedlegg 1). A10740 Side 17 av 24

18 SKREDRAPPORT Figur 12 Faresonekart med 1/100 og 1/1000 års grenser. A10740 Side 18 av 24

19 SKREDRAPPORT 9 Førebyggande tiltak Det må sikrast at det ikkje er fare for at bekkeløpa kan fløyma Avskjerande grøftar på oppsida og vestsida av hyttefeltet må etablerast. Drensvatn frå tomtene og takvatn må førast til grøftar som vert leda ut mot open bekk. Fjellsida ovenfor planlagd kai/marina må reinsast for ev laus stein og lause delar av fjellet. Det bør vurderast å laga ein skredvoll i bakkant av kaien, ev fanggjerde oppe i lia over kaien. 10 Konklusjon Det er liten fare for utgliding av lausmassar. Det er ikkje vurdert til å vera fare for snøskred. Steinsprang i vestre del av området kan skje i mindre målestokk I området ned mot fjorden kan det vera fare for steinsprang. Det må etablerast ein god og sikker drenering av bekkevatn ut frå området. Vatn rundt hyttene må førast til open bekk. Bergveggen ovanfor kai/marina må reinsast og sikrast for steinsprang 11 Referanser COWI Håheimsvika, Gnr 46/Bnr 1, Ulvik herad. Vurdering av fare for ras og skred. Hansen-Bauer, I., Drange, H., Førland, E. J., Roald, L.A., Børsheim, K.Y., Hisdal, H., Lawrence, D., Nesje, A., Sandven, S., Sorteberg A., Sundby, S., Vasskog, L. & Ådlandsvik, B Klima i Norge i Bakgrunnsmateriale til NOU Klimatilpassing, Norsk Klimasenter, september 2009, Oslo. NVE-veileder Sikkerhet mot skred i bratt terreng Kartlegging av skredfare i arealplanlegging og byggesak A10740 Side 19 av 24

20 SKREDRAPPORT 12 Vedlegg 1 Det ble simulert steinsprang langs 4 profil. A10740 Side 20 av 24

21 SKREDRAPPORT Profil 1 A10740 Side 21 av 24

22 SKREDRAPPORT Profil 2 A10740 Side 22 av 24

23 SKREDRAPPORT Profil 3 A10740 Side 23 av 24

24 SKREDRAPPORT Profil 4 A10740 Side 24 av 24