Årsmelding for Sogndal Sp 2011

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Årsmelding for Sogndal Sp 2011"

Transkript

1 Årsmelding for Sogndal Sp har vore eit innhaldsrikt år for lokallaget vårt. Det har som kjent vore kommune- og fylkestingsval i år. Naturleg nok har programarbeid, nominasjonsarbeid og valkamp prega aktivitetane våre heilt sidan nyttår. Styret og gruppa Styret for lokallaget har i 2011 vore sett saman slik: Sindre Børsheim Ramung (leiar) Per Magne Fimreite (nestleiar og studieleiar) Karen Marie Hjelmeseter (skrivar og gruppeleiar) Inge Rolf Torstad (kasserar) Olaug Marie Bjelde (styremedlem) Varamedlemmar har vore 1. Hallvard David Falck-Husum, 2. Anne Gro Hamre og 3. Jarle Skartun. Johannes Litlabø har vore revisoren vår. Vi har halde styremøte ca 3-4 gonger pr. halvår. Det har vore gruppemøte i forkant av politiske møte i regi av kommunen. I praksis har dette betydd gruppemøte stort sett kvar veke. På gruppemøta har vi gjennomgått sakslista til det føreståande politiske møtet og andre spørsmål som vi meiner bør setjast på dagsorden i kommunen. Gruppemøta er opne for alle medlemmane i partiet. Ved enkelte høve har vi invitert eksterne til å vere med oss på delar av gruppemøta for å orientere oss om enkeltsaker. Gruppa har i siste periode bestått av Karen Marie Hjelmeseter (gruppeleiar) Laura Kvamme Synnøve Stalheim Hallvard David Falck-Husum Gunnstein Flugheim, Sigfred Stenehjem og Ivar Slinde var første-, andre- og tredje vara denne perioden og har vore viktige bidragsytarar på gruppemøta. I tillegg til gruppa, har lokallagsleiar møtt på dei fleste gruppemøta. Det har også fleire av dei andre styremedlemane. Det har vore eit godt samarbeid mellom gruppa og styret. Stemninga og diskusjonen på møta har vore god. Vi ser gjerne at fleire av medlemmane våre kjem på møta og gir oss innspel. Valnemnda til årsmøtet 2011 er Sevald Ylvisåker (leiar), Per Magne Fimreite og Jostein Ølmheim. 1

2 Nominasjons- og programarbeid Nominasjonsnemnda for valet 2011 besto av Gunnstein Flugheim, Jostein Ølmheim, Karen Marie Hjelmeseter og Anders Bøyum. Nemnda hadde ein flat struktur. Nominasjonsarbeidet starta opp som smått før nyttår. Nemnda hadde spesielt fokus på å rekruttere kvinner, ungdommar og personar med adresse i dei underrepresenterte grendelaga. I januar hadde vi eit utvida felles styre- og gruppemøte der vi snakka oss gjennom ein del namn som nominasjonsnemnda kunne arbeide vidare med. 28. mars hadde vi nominasjonsmøte og vedtok denne lista (dei tre første kandidatane var førehandskummulerte): 1. Laura Kvamme 2. Sindre Børsheim Ramung 3. Ivar Slinde 4. Magne Bruland Selseng 5. Bente Sønsthagen 6. Bjarte Stedje 7. Olaug Marie Bjelde 8. Per Magne Fimreite 9. Anne Gro Hamre 10. Jarle Skartun 11. Solfrid Helvik 12. Ole Magnar Rygg 13. Hilde Bøtun 14. Anders K. Mundal 15. Jostein Reppen 16. Heidi Hagelin 17. Kristen Uglum 18. Jarle Nystuen 19. Reidun Fimreite Kleiven 20. Svein Arne Bøyum 21. Ole Andre Hjelmeseter 22. Audun Valeberg 23. Siv Anita Hundershagen 24. Anders Bøyum 25. Oddny Anette Haugen 26. Lars Eskestrand Sp si liste hadde den lågaste snittalder i Kommunevalet i Sogndal. Det skal vi vere stolte av! Programarbeidet starta opp hausten Programnemnda besto av Laura Kvamme (leiar), Ivar Slinde, Hallvard David Falck-Husum og Sindre Børsheim Ramung. To utkast til program blei sendt ut på høyring før programmet blei vedteken på programmøtet i Fjærland 10. juni. Programnemnda avvikla ein serie dialogmøte med representantar frå næringslivet, organisasjonar og grendelaga. Nokre av desse møta tok vi i tilknyting til gruppemøta. Programmet blei utforma grafisk av Natvik trykkeri i samarbeid med fylkespartiet, etter skisse frå lokallagsstyret. Styret var nøgd med programheftet som blei produsert. 2

3 Valkampen Pga. hendingane på Utøya og i Oslo blei det ein svært spesiell valkamp. Vi hadde tett dialog med dei andre partia og avtalte felles køyrereglar. Sjølv oppfatta vi valkampen som avmålt og mindre konfliktfylkt enn den har vore tidlegare. Det var lite reell debatt i avisa. Kollegaene våre i dei andre lokallaga i fylket melder om same tendens i kommunane deira. I alt hadde lokallaget fem stands i Sogndal, ein i Fjærland og ein på Kaupanger. Tusen takk til alle som deltok! I år hadde vi eigen distribusjon av valmateriellet. Vi hadde ein stor pakkedugnad på Kommunehuset der mange var med og gjorde ein kjempeviktig innsats for partiet. Skuledebattane blei avlyst i år pga. terroren. I staden blei det halde valtorg på skulane, dvs. stands der elevane fekk høve til å møte politikarane og stille dei spørsmål. Lokallaget vårt deltok på valtorga på Sogndal VGS og Sogndal FHS. Sp oppnådde 19.5 % oppslutning i skulevalet på Sogndal VGS. Dette var ein liten tilbakegang samanlikna med siste val. Det er grunn til å tru at formatet på valtorga kan ha vore utslagsgivande, då Sp har vore kjent for å ha svært gode debattantar i dei siste skuledebattane. Vi tek resultatet til vitande og vil jobbe meir med bodskap og opplegg til eventuelle framtidige valtorg på skulane. Elles deltok folka våre i desse debattane: Karen Marie deltok i tv-debatt i Vestlandsrevyen om samhandlingsreforma og rekrutteringa til omsorgsyrka. Laura deltok i debatt om barnehage, skule og SFO på Kvåle skule i regi av Utdanningsforbundet. Laura deltok også i debatten på Meieriet i regi av Studentsamfunnet, som handla om m.a. Sogndal som studiestad. Vi hadde god dialog med dei andre lokallaga i Indre Sogn under heile valkampen, og fekk ved fleire høve besøk på standane våre. Valresultatet og forhandlingane Senterpartiet enda til slutt opp med ei oppslutning på 16,8 % og 618 røyster. Dette var ein framgang på 1.2 % samanlikna med forrige val. Styret hadde forventa ein større framgang, men vurderer resultatet som akseptabelt, med tanke på tilbakegangen Sp opplevde i svært mange kommunar dette valet. Vi fekk valt inn 4 representantar i Kommunestyret: Laura Kvamme (ny varaordførar) Ivar A. Slinde Sindre Børsheim Ramung Jarle Skartun Desse vart valde som vararepresentantar: 3

4 1. vara: Bjarte Stedje 2. vara: Hilde Bøtun 3. vara: Magne Bruland Selseng 4. vara: Anders Knutson Mundal 5. vara: Olaug Marie Bjelde 6. vara: Anders Bøyum 7. vara: Bente Sønsthagen Forhandlingane med Ap, SV og KrF ga gode resultat. Sp fekk som kjent varaordførar (Laura Kvamme). Elles fekk vi desse posisjonane: Varaordførar: Laura Kvamme 1. vara til Formannskapet: Sindre B. Ramung 4. vara til Formannskapet: Jarle Skartun 5. vara til Formannskapet: Ivar Slinde Nestleiar i Forvaltningsutvalet: Ivar Slinde Representant i Forvaltningsutvalet: Bente Sønsthagen 4. vara til Forvaltningsutvalet: Magne B. Selseng Representant i Kontrollutvalet: Reidun F. Kleiven 4. vara til Kontrollutvalet: Anders Bøyum I avtalen om valteknisk samarbeid, inngikk det ein intensjon om å etablere ei felles politisk plattform. I skrivande stund er den politiske samarbeidsavtalen i ferd med å ferdigstillast. Avtalen vil omfatte fleire av sakene Sp la spesiell vekt på i programmet vårt. Forhandlingsutvalet besto av Inge Rolf Torstad (leiar), Per Magne Fimreite og Sindre Børsheim Ramung. Økonomi Den økonomiske situasjonen til lokallaget har blitt noko betra dei par siste åra, mykje takka vere målretta arbeid frå representantar frå partiet som fekk gjennomslag for å gjenninnføre ordninga med kommunetilskot til dei politiske partia som tilsvarar statstilskotet. Likevel har lokallaget framleis ein svak økonomi. Delen av kontingenten som tilfell partiet sentralt og fylkespartiet er aukande og lokallaget blir sitjande igjen med mindre medlemspengar enn før. Frå 2009 har det vore partiet sentralt som krev inn medlemsavgifta. Så godt som alle medlemmane betalt avgifta i år, noko som var svært gledeleg. Vi tykkjer at ordninga med sentral innkrevjing av medlemskontingenten fungerer rimeleg godt. Informasjonsarbeid Vi har sendt ut alle møteinnkallingar med saksliste på e-post til dei av medlemmane som har registrert seg med e-postadresse i medlemsregisteret. Vi har gjort nokre forsøk på å få fleire til å melde inn sine e-postadresser, då vi meiner at e-post kan vere med å styrke informasjonsflyten til medlemmane. Når vi har kalla inn til medlemsmøte har vi annonsert i Sogn Avis og sendt innkalling i brev, i tillegg til at vi har nytta e-post og lokallaget sine nettsider. SMS har også vore brukt til informasjon. 4

5 Styret er fornøgd med at vi har blitt flinkare til å bruke nettsidene våre Nettsidene har blitt oppdatert opp til fleire gonger i månaden med nyheitsstoff og annan informasjon til medlemmane og veljarane. Spesielt under valkampen la vi ned mykje arbeid i nettsidene og forsøkte å publisere nye saker ca. annankvar dag. Mellom anna presenterte vi valprogrammet vårt, kandidatane, nyheitssaker mm. Vi hadde ein flygebladkampanje og to annonsar i Sogn Avis for å gjere veljarane oppmerksame på nettsidene våre. E-postadressa sogndalsp@gmail.com fungerer som personnøytralt kontaktpunkt inn mot Sogndal Sp. Alle som har innspel eller spørsmål til gruppa eller styret kan bruke adressa. Vi meiner det er viktig å få kommunisert politikken vår i lokale media. Kommunestyrerepresentantane våre har markert seg i den politiske debatten i kommunen og har vore omtala i Sogn Avis ved fleire høve. I tillegg til dette, har lokallaget hatt i underkant av 10 lesarinnlegg på trykk (eit fleirtal av desse under valkampen). Sjølv om den korte valkampen førte til at mange ønskte å komme til orde i løpet av kort tid, syns styret at kandidatane våre fekk greitt med spalteplass i lokalavisa. Rekruttering I året som har gått har vi jobba aktivt med rekruttering. Vi har fått 8 nye medlemmar, og er dermed oppe igjen i 91 medlemmar. Dei fleste av dei nye medlemmane som blei rekrutterte i år er kandidatar som sto på vallista vår. Sjølv om vi framleis er blant dei største lokallaga i fylket, har vi ikkje klart å auke medlemstalet så mykje som vi hadde håpa på. Det som derimot er gledelig, er at vi har fått fleire nye ungdommar i lokallaget. Vi har no 6 senterungdommar i rekkene våre. Det lovar bra for framtida. Uansett vil vi fortsetje å jobbe for å få med oss fleire medlemmar, og då spesielt kvinner og ungdommar. Studiearbeid Programnemnda gjennomførte studiesirkelen Gode programprosessar. Studiesirkelen blei avslutta før programmøtet i Fjærland i juni. Det har ikkje vore gjennomført andre studiesirklar i år. Senterungdommen Dessverre har vi ikkje nådd målsetjinga om å skipe eit lokallag for Senterungdommen i løpet av Vi meiner det er viktig å få etablert eit senterungdomslag for å gjere det meir attraktivt for ungdommar å engasjere seg i partiet vårt. Vi har hatt ein dialog med lokallaget i Luster om moglegheitene for å skipe eit felles Senterungdomslag saman med dei og Leikanger. Vi har tru på at dette vil la seg realisere i løpet av

6 Sogndølar i teneste utanfor lokallaget Karen Marie Hjelmeseter sit som kjent som leiar av fylkespartiet. Ved årets val blei ho valt inn på Fylkestinget og Fylkesutvalet. Dette meiner vi er svært viktig og bra for lokallaget vårt. Karen Marie har vore flink til å følgje opp viktige lokale saker inn mot Fylkesting, Storting og Regjering. Jarle Skartun satt på Fylkestinget og i Hovudutval for plan og næring fram til valet. Han tok ikkje ein ny periode, men konsentrerer seg i staden om kommunepolitikken. Sogndal Sp har delteke i det regionale arbeidslaget saman med dei andre lokallaga i Indre Sogn. Fylkespartiet har arrangert eit slikt møte i Årskavalkade Årsmøtet 2010 blei halde den i kantina på Kommunehuset. I tillegg til dei vanlege årsmøte sakene fekk vi ei orientering frå fylkespartiet ved fylkesleiaren hadde vi nominasjonsmøte i kommunestyresalen på Kommunehuset. Vallista blei samrøystes vedteken utan endringar. Fylkesårsmøtet 2011 blei i år halde på Skei hotell mars. Frå lokallaget møtte Synnøve Stalheim, Sindre Børsheim Ramung, Olaug Marie Bjelde, Ivar Slinde og Karen Marie Hjelmeseter. Fylkesårsmøtet vedtok desse seks uttalane: Likeverdige helsetenester uavhengig av kvar vi bur Bygg Stadt skipstunell no! Landbruk for framtida Meir praksis i ungdomsskulen Tilstrekkeleg breiband Sonedelt busskort Uttala Tilstrekkeleg breiband var skriven og fremma av Sogndal Senterparti. Vi opplevde det som positivt at fylkesårsmøtet nok ein gong vedtok ei viktig uttale frå lokallaget vårt. 10. juni hadde vi programmøte og sommaravslutning i Fjærland. Det var den gjestfrie ordførarkandidaten vår, Laura, som hadde invitert oss heim til seg og mannen. Vertskapet stilte med spontan Fjærland-kviss. Etter at valprogrammet var spikra, gikk praten om laust og fast. Stemninga var god. Ryktet seier at det blei rimeleg seint før dei siste trekte seg tilbake. 29. august hadde vi pakkedugnad på Kommunehuset. Ein heil gjeng møtte opp og gjorde ein kjempeinnsats. Det vart ein del arbeid, men vi kom oss i mål. Styret er svært takknemlig for all hjelpa vi fekk! Valnatta hadde vi valvake på Røde Kors huset. Vi satt spente og følgde med på tv-sendingane og resultata som blei lagt ut på Internett. Litt utpå kveldinga fekk vi resultata. Då kunne forhandlingane starte. 6

7 Det blei tidleg klart at Sp skulle forhandle med Ap, SV og KrF. Partane blei einige om det valtekniske samarbeidet i løpet av ein kveld. Det blei samtidig inngått ein intensjonsavtale om felles politisk plattform. Til slutt gjenstår det berre å takke alle medlemmane for støtta dykkar til lokallaget og for den gode innsatsen under valkampen! Beste helsing, Styret 7

Årsmelding for Sogndal Sp 2010

Årsmelding for Sogndal Sp 2010 Årsmelding for Sogndal Sp 2010 Året 2010 Sidan siste årsmøte har det vore ein heil del aktivitet i lokallaget. Sidan det ikkje har vore valår, har vi hatt fokus på å markere Sogndal Senterparti som eit

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

ARBEIDSPLAN 2014-2015

ARBEIDSPLAN 2014-2015 ARBEIDSPLAN 2014-2015 SENTERPARTIET I SOGN OG FJORDANE Fylkesårsmøte sitt vedtak: a) Arbeidsplan 2014 2015 vert godkjent. b) Fylkesstyre får fullmakt til å gjere endringar gjennom året. 1 Innhald Innleiing...

Detaljer

Møteprotokoll (10/411)

Møteprotokoll (10/411) Sogndal kommune Møteprotokoll (10/411) Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 11.02.2010 Tid: 17:00 20.30 Kl. 17:00 18:30: TEMADEL: Folkehelse for alle. v/geir Kåre Resaland Sakliste

Detaljer

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 17.04.2013 Tid: 09:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare

Detaljer

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Til stades på møtet: 15, alle med røysterett Sak 1 Opning av møtet 1.1 Godkjenning

Detaljer

Vedtekter for Vestland SV

Vedtekter for Vestland SV Vedtekter for Vestland SV 1: Desse vedtektene gjeld for Vestland Sosialistiske Venstreparti. Vestland SV er fylkeslag i Sosialistisk Venstreparti og omfattar dei tidlegare fylkeslaga Hordaland SV og Sogn

Detaljer

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag Sakliste 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av møteleiar 3. Val av skrivar 4. Val av to til å underskriva

Detaljer

Møteprotokoll (11/1877)

Møteprotokoll (11/1877) Sogndal kommune Møteprotokoll (11/1877) Utval: VALSTYRET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 01.06.2011 Tid: 10:00 10:30 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 3/11 11/1359 Valstyremøte 01.06.2011 - kommunestyre-

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

Om lokalaviser og lokalt engasjement

Om lokalaviser og lokalt engasjement Om lokalaviser og lokalt engasjement Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for Lokalaviser (LLA) Alta 13. juni 2008 Lokalavisene er grunnfjellet i den norske medieverda! Om lag 150 superlokale aviser

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Nominasjonsreglement for xx lokallag

Nominasjonsreglement for xx lokallag Nominasjonsreglement for xx lokallag Lokallagsårsmøtet 2018 Nominasjonskomité vert vald, nominasjonsreglement vert vedteke og dato for nominasjonsmøtet vert gjort kjent. Nominasjonskomiteen sitt arbeid:

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Årsmelding 2013. Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. www.sfj.no. Foto: Oskar Andersen

Årsmelding 2013. Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. www.sfj.no. Foto: Oskar Andersen Årsmelding 2013 Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane www.sfj.no Foto: Oskar Andersen Innhold Årsmelding 2013 fylkesrådet for eldre... 2 Sekretærstøtte... 2 Handlingsprogram 2013-2015... 2 Aktivitetsåret

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800 Sogndal kommune Utval: Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800 Pkt 1 OPNING A. Konstituering av møte Felles møte med Leikanger ungdomsråd kl. 1500-1630,

Detaljer

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 11.11.2010 Tid: 09.00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Møteprotokoll. Sakliste

Møteprotokoll. Sakliste Sogndal kommune Møteprotokoll Utval: VELFERDS-, OPPVEKST- OG KULTURUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 29.11.2018 Tid: 09:00-11:30 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 8/18 18/672 Velferds-,

Detaljer

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI 1 VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI INNHALD 1 Føremål side 2 2 Årsmøte side 2 3 Representantskap side 3 4 Styret side 3 5 Nominasjon til stortingsvalet side 4 6 Nominasjon til fylkestingsvalet side

Detaljer

Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.

Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Om ein tenkjer som ein alltid har tenkt, kjem ein til å gjera som ein alltid har gjort, og då kjem det til å verta som det alltid har vore. Øygarden kommune

Detaljer

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei eldre i kommunen 1 2 Sogndal Eldreråd var samansett slik

Detaljer

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval 1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.

Detaljer

Møteprotokoll (09/777)

Møteprotokoll (09/777) Sogndal kommune Møteprotokoll (09/777) Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 12.03.2009 Tid: 09:00 12:10 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 11/09 09/47 Formannskapet 12. mars 2009,

Detaljer

VEDTEKTER. Luster Arbeidarparti Luster Arbeidarparti

VEDTEKTER. Luster Arbeidarparti Luster Arbeidarparti VEDTEKTER Luster Arbeidarparti 2011 Luster Arbeidarparti 1 Innhald 1 FØREMÅL...2 2 ORGANISASJONSOPPBYGGING...2 3 ÅRSMØTE...3 4 MEDLEMSMØTE...3 5 STYRET...4 6 NOMINASJON TIL KOMMUNESTYREVAL...4 7 KOMMUNESTYREGRUPPA...5

Detaljer

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 17. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 20.00 Til stades på møtet var 17 personar. 16 av desse hadde røysterett. Referent: Lisa

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

MØTEPROTOKOLL 07/1116

MØTEPROTOKOLL 07/1116 Sogndal kommune MØTEPROTOKOLL 07/1116 Utval: VALSTYRET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 10.05.2007 Tid: 09:00 10:00 SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 1/07 07/1090 Valstyret - møter 2007 - Opning

Detaljer

DIS- Sogn og Fjordane

DIS- Sogn og Fjordane DIS- Sogn og Fjordane ÅRSMELDING 2014 Årsmelding 2014: DIS-Sogn og Fjordane Årsmeldinga gjeld for perioden frå 01.01.14 og til og med 31.12.14, med unnatak av avsnittet som gjeld minneord over leiar Geir

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,

Detaljer

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG INNHALD: DEL I Lover for Norsk Bonde og Småbrukarlag side 1 DEL II Mønsterlover for lokallag av Norsk Bonde og Småbrukarlag side 6 DEL III Mønsterlover for fylkeslag

Detaljer

Framlegg til vedtekter for Vestland SV

Framlegg til vedtekter for Vestland SV Framlegg til nye vedtekter for nye Hordaland og Sogn og Fjordane SV: Fjerde versjon, 4. desember 2018 Til alle dei som ønskjer å setje seg inn i arbeidet med vedtektene for det nye fylkeslaget for Hordaland

Detaljer

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: Reglement 7 Utarbeidd av: Godkjend dato: Revidert dato: Arkivsak: Ungdommens fylkesutval 1

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Møteprotokoll. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Sakliste

Møteprotokoll. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Sakliste Sogndal kommune Møteprotokoll Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 12.11.2015 Tid: 0900 12.30 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 79/15 15/297 Formannskapet 2015 - Opning, konstituering,

Detaljer

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte Til AMU Møteinnkalling arbeidsmiljøutvalet Det vert med dette kalla inn til møte i arbeidsmiljøutvalet. Møtestad: Stort møterom Foss, Sogndal Dato: Torsdag 17. oktober 2013 Tidspunkt: Kl. 12.15 14.00 Saksliste

Detaljer

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Kap 1 Innleiande fastsettingar Kap 1 Innleiande fastsettingar 1-1 Organisasjon og virkeområde Namnet til klubben er Kvam Hundeklubb, og vert forkorta til KHK. Klubben er sjølvstendig rettssubjekt og er å rekna som eiga juridisk eining.

Detaljer

Innkalling til årsmøte i Hå Senterparti 2014

Innkalling til årsmøte i Hå Senterparti 2014 Innkalling til årsmøte i Hå Senterparti 2014 Stad: Tine meieri i Kviamarka, onsdag 29. oktober 2014 klokka 19 (omvisning frå 18). Det vert omvisning på meieriet for dei som vil frå klokka 18. Møt ved hovudinngangen.

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Fylkesårsmøte 7.-8. februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

Fylkesårsmøte 7.-8. februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1 Fylkesårsmøte 7.-8. februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss Sakshefte 1 Praktisk informasjon om fylkesårsmøte og nominasjonsmøte 2009 Velkommen til mønstring! Velkommen til ordskifte! Velkommen til fest!

Detaljer

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal REVISJON 22032010 Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal Vedteke av fylkestinget i møte 22.03.2010. T-sak 11/10 (U-sak 32/10). 1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Ungdommens

Detaljer

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: 27.02.2013 kl 19.30- kl 22.00. Stad: Klubbhuset på Omenås

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: 27.02.2013 kl 19.30- kl 22.00. Stad: Klubbhuset på Omenås ÅRSMØTE I V.I.L Tid: 27.02.2013 kl 19.30- kl 22.00 Stad: Klubbhuset på Omenås Desse møtte: Einar Hoel, Yvonne Dale, Inge Sunde, Ellisiv Valdal Jarvik, Karianne Vestre Døving, Anders Rem, Liv Hanne Svensvik,

Detaljer

MØTEPROTOKOLL 07/2169

MØTEPROTOKOLL 07/2169 Sogndal kommune MØTEPROTOKOLL 07/2169 Utval KOMMUNESTYRET Møtestad Kommunestyresalen Møtedato 04.10.2007 Tid 1400 1830 DAGSORDEN Kl. 1400 Frammøte til arrangement i kantina i kommunehuset. Gjeld både avtroppande

Detaljer

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet i Fusa kommune Møtestad: Loftet, Kommunehuset i Fusa Dato: 19.02.2015 Tidspunkt: 11:00 13:00 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

Møteprotokoll. for. Eldrerådet OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Eldrerådet Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Formannskapssalen - Osterøy rådhus/osterøy sjukeheim frå kl. 13.30. Møtetid: 12:00 15:20 Frammøtte medlemmer Parti Rolle Aslaug

Detaljer

NCC avd. Sogn og Fjordane

NCC avd. Sogn og Fjordane Fra styremøte i Norsk Caravan Club avdeling Sogn og Fjordane, Peppes Pizza, Førde, torsdag den 09. januar 2014, kl. 18.00. Innkalla: Frafall: Arvid Kjøsnes, Leon Tonheim, Ron Erik Sande, Ørjan Storesund,

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00 MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset : 01.10.2015 Tid: 16:30-00:00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/15 15/739 Kommunestyre- og

Detaljer

Fitjar kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll Fitjar kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 24.09.2014 Tidspunkt: 10:00 13:45 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Helga

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 10.9.2013 Kl.: 12.00 13.15 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 29/13 35/13 MØTELEIAR Johan Inge Særsten (Frp) DESSE MØTTE Jens Arne Stautland (Krf) Peggy

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Kvinnherad kommune Møteprotokoll Kvinnherad kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Kvinnherad rådhus Dato: 29.05.2017 Tidspunkt: 10:00 12:30 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 02.10.2018 Tid: 13:00 14:15 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Grete

Detaljer

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Til stades siste del av møtet

Detaljer

Fitjar kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll Fitjar kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 11.05.2016 Tidspunkt: 10:00 14:00 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Svein

Detaljer

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte: Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,

Detaljer

MØTEPROTOKOLL 07/945

MØTEPROTOKOLL 07/945 Sogndal kommune MØTEPROTOKOLL 07/945 Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 26.04.2007 Tid: 09:00 14:00 Møtet kunngjort i lokalavisa den 02.04.2007 Representantane innkalla den 19.04.2007.

Detaljer

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll Utvalg: Forum for Kontroll og Tilsyn Møtestad: Gardermoen, Clarion Hotel & Congress Oslo Airport Dato: 03.02.2015 Tidspunkt: 16:00-18:15 Følgjande faste medlemmer

Detaljer

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS

MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS PROTOKOLL MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS DATO; Fredag 31.oktober 2014 kl. 13.45 STAD; Statens hus på Leikanger. TIL STADES FRÅ REPRESENTANTSKAPET; Olav Lunden, leiar Marit Mellingen

Detaljer

Samnanger kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll Samnanger kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset i Samnanger Dato: 15.05.2017 Tidspunkt: 14:00 16:30 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Ansvar for Facebook, Twitter, nettside m.m. (kommunikasjonsansvarleg.) Terje Håkstad.

Ansvar for Facebook, Twitter, nettside m.m. (kommunikasjonsansvarleg.) Terje Håkstad. ÅRSMELDING FRÅ STYRET I TROMSØ SV 2015 Styret i Tromsø SV har hatt slik samansetning etter konstituering 29.01.15 (valt på årsmøtet 24.01.15): Leiar Pål Julius Skogholt Nestleiar Gunhild Johansen Skrivar

Detaljer

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Kontrollutvalet i Suldal kommune Kontrollutvalet i Suldal kommune KONTROLLUTVAL ET SI ÅRSMELDING FOR 2010 1. INNLEIING Kapittel 12 i kommunelova omtalar internt tilsyn og kontroll. Kommunestyret sjølv har det øvste tilsynet med den kommunale

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) Kviinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Are Traavik

Detaljer

Velkommen til. Årsmøte 2014. Førde Brukshundklubb

Velkommen til. Årsmøte 2014. Førde Brukshundklubb Velkommen til Årsmøte 2014 Førde Brukshundklubb Tysdag 24.februar 2015 kl. 19.00 Rødekorsbygget i Førde Sakliste: Sak 1 Sak 2 Sak 3 Sak 4 Val av møteleiar, ordstyrar og referent Godkjenning av innkalling

Detaljer

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Kvinnherad kommune Møteprotokoll Kvinnherad kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Kvinnherad Rådhus Dato: 17.10.2016 Tidspunkt: 10:00 14:30 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer

Detaljer

KONTROLLUTVALET I SOGNDAL KOMMUNE ÅRSMELDING 2013 UTKAST

KONTROLLUTVALET I SOGNDAL KOMMUNE ÅRSMELDING 2013 UTKAST KONTROLLUTVALET I SOGNDAL KOMMUNE ÅRSMELDING 2013 UTKAST Innleiing Kommunelova (KL) kapittel 12 omhandlar internt tilsyn og kontroll samt revisjon. Kommunestyret har det øvste tilsynsansvaret med den kommunale

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT 2014. Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT 2014. Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT 2014 Styret har vore samansett av : Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad Kasserar ; Edgar Grindheim * Styremedlem ; Lone Møller

Detaljer

Årsmelding 2014. Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. www.sfj.no

Årsmelding 2014. Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. www.sfj.no Årsmelding 2014 Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane www.sfj.no Innhold Årsmelding fylkesrådet for eldre... 2 Sekretærstøtte... 2 Handlingsprogram 2013 2015... 3 Aktivitetsåret 2014... 3 Deltaking

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Tingsalen SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel Godkjenning av kommunestyrevalet 2015

MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Tingsalen SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel Godkjenning av kommunestyrevalet 2015 Møtestad: Tingsalen Møtedato: 22.10.2015 Tid: 12.00 MØTEPROTOKOLL Kommunestyret SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 39/15 15/1062 Godkjenning av kommunestyrevalet 2015 40/15 15/1186 Val av formannskap

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Møteprotokoll (13/3385)

Møteprotokoll (13/3385) Sogndal kommune Møteprotokoll (13/3385) Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 03.10.2013 Tid: 09:00-14:30 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 48/13 13/424 Formannskapet 03.10. 2013

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:30

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:30 Tokke kommune Møteprotokoll Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: 13.05.2015 Møtetid: 11:30 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll Utvalg: Forum for Kontroll og Tilsyn Møtestad: Oslo, Scandic Oslo City hotel Dato: 12.03.2015 Tidspunkt: 16:00 18.10 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon

Detaljer

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019 1 2 Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 Politisk strategi 2019 To skal bli ein. 2019 vil pregast av eit lokal- og fylkestingsval

Detaljer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 03.06.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett

Detaljer

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019 Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019 Politisk strategi 2019 To skal bli ein. 2019 vil pregast av eit lokal- og fylkestingsval der fleire kommunar skal gå til val som ei kommune. Dette gjeld

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer