Det vert med dette kalla inn til styremøte i HiSF-styret onsdag 17.juni Møtet er lagt til Bestebakken på Hafslo med møteestart kl

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Det vert med dette kalla inn til styremøte i HiSF-styret onsdag 17.juni 2015. Møtet er lagt til Bestebakken på Hafslo med møteestart kl. 10.00."

Transkript

1 MØTEINNKALLING - Unntatt offentlighet Offl 25 første led Høgskulestyret Dato: kl. 10:00 Sted: Bestebakken, Hafslo Arkivsak: 14/00725 Arkivkode: 011 Det vert med dette kalla inn til styremøte i HiSF-styret onsdag 17.juni Møtet er lagt til Bestebakken på Hafslo med møteestart kl Til dette møtet har vi motteke forfall frå Olav Grov og hans vara Torfinn Moen. Andre forfall må snarast meldast til sekretariatet ved Britt Totland, e-post britt.totland@hisf.no eller telefon Ikkje offentlege saker går berre til møtande styremedlemmer. SAKSKART Side 39/15 14/ Vedtakssaker Godkjenning av innkalling og sakliste til møte i høgskulestyret /15 14/ Godkjenning av møtebok frå 19.mai /15 15/ Strategi og handlingsplan for utdanning - vedtakssak 5 42/15 15/ Master in Climate Change Management- søknad om akkreditering 12 43/15 15/ Studietilbod og opptakskapasitet Vedtakssak 20 44/15 15/ Internasjonal samhandling i fou 24 45/15 14/ Delårsrapportering 1. tertial /15 15/ Utdanningsutvalet - endring av mandat og samansetjing 32 47/15 15/ /15 15/ Oppdatert mandat og samansetjing av fou-utvalet ved HiSF Oppnemning av institusjonsansvarleg og leiar for skikkanemnda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

2

3 39/15 Godkjenning av innkalling og sakliste til møte i høgskulestyret Arkivsak-dok. 14/ Arkivkode. 011 Saksbehandler Britt Totland Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Innkalling og sakliste vert godkjent slik den ligg føre. 3

4 40/15 Godkjenning av møtebok frå 19.mai 2015 Arkivsak-dok. 14/ Arkivkode. 011 Saksbehandler Britt Totland Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Møtebok frå møte i Høgskulestyret 19.mai 2015 vert godkjent Saksvedlegg: Møtebok frå styremøte 19.mai 2015 Vedlegg til sak 4

5 Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Sunnfjord Hotell, Førde Dato: Tidspunkt: 10:00 16:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Medlem Olav Refsdal Medlem Frode Olav Haara Medlem Geir-Kåre Resaland Medlem Knut Rydgren Medlem Ingunn Skjelbreidal Medlem Liv Synnøve Bøyum Medlem Ingrid Moe Albrigtsen Medlem Guro Trøseid Gjerstadberget Medlem Liv Horvei møtte ikkje. Olav Refsdal og Frode Olav Haara gjekk frå møtet før handsaming av sak 37/15 «Språkpolitikk og språkstrategi ved HiSF» Frå administrasjonen møtte: Namn Rektor Åse Løkeland Personaldirektør Wenche Fjørtoft, referent SAKSKART Side Vedtakssaker 29/15 14/ Godkjenning av innkalling og sakliste til møte Feil! Bokmerke 1

6 er ikke definert. 30/15 14/ Godkjenning av møtebok frå 12.mars 2015 Feil! Bokmerke er ikke definert. 31/15 14/ Oppfølging av stortingsmelding nr. 18 ( ) «Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren» Feil! Bokmerke er ikke definert. 32/15 14/ Rapport om eksternfinansiert verksemd /15 15/ Strategi- og handlingsplan for utdanning drøftingssak 34/15 15/ Studietilbod og opptakskapasitet drøftingssak Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. 35/15 15/ /15 15/ Master in Climate Change Management - framlegg om ny master ved Institutt for naturfag- drøftingssak Framlegg til endring av personalreglementet for Høgskulen i Sogn og Fjordane Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. 37/15 15/ Språkpolitikk og språkstrategi ved HiSF 38/15 Ymse Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Orienteringssaker 9/15 15/ Personalpolitikk og medbestemmelser i omstillingsprosesser 10/15 15/ Iverksetting av ordning med ansettelser på innstegsvilkår Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. 2

7 11/15 15/ Næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane 12/15 14/ Kommentar til pressemelding om søkning til høgre utdanning 13/15 14/ Referat frå FoU-utvalet 3.mars /15 14/ Referat frå FoU-utvalet 28.april /15 14/ Møtebok Læringsmiljøutvalet ) 16/15 14/ Møtebok Læringsmiljøutvalet /15 14/ Referat frå sentralt IDF-møte Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Feil! Bokmerke er ikke definert. Frode Olav Haara etterlyste sak som han spelte inn til rektor og styreleiar. Det var semje om at saka skulle takast opp under ymse. Utdelt i møtet: Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune datert «Støtte til søknad om å etablere eit internasjonalt masterprogram for forvaltning og planlegging for å møte klimaendringar». VS 29/15 Godkjenning av innkalling og sakliste til møte Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent. Vedtak Høgskulestyret : Innkalling og sakliste vert godkjent slik den ligg føre. VS 30/15 Godkjenning av møtebok frå Samrøystes vedtak 3

8 Vedtak Høgskulestyret : Møtebok frå møte i Høgskulestyret vert godkjent VS 31/15 Samrøystes vedtak Oppfølging av Stortingsmelding nr 18 ( ) «Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets og høyskolesektoren» Vedtak Høgskulestyret : Med dei merknader som kom fram i møtet, sluttar styret seg til innhaldet i saksførelegget. VS 32/15 Rapport om eksternt finansiert verksemd 2014 Samrøystes vedtak Vedtak Høgskulestyret : Styret tek årsrapporten om eksternt finansiert verksemd 2014 til vitande VS 33/15 Samrøystes vedtak Strategi- og handlingsplan for utdanning drøftingssak Vedtak Høgskulestyret : Styret ber rektor legge fram Strategi- og handlingsplan for utdanning med sikte på vedtak i junimøtet. Utgangspunktet for saka skal vere føreliggjande strategi- og handlingsplan og styret sine vurderingar i drøftingssaka, samt høyringsinnspela frå organisasjonen. VS 34/15 Samrøystes vedtak Studietilbod og opptakskapasitet drøftingssak Vedtak Høgskulestyret : Styret ber rektor leggje fram ei sak om studietilbod og opptakskapasitet med sikte på vedtak i junimøtet. Utgangspunktet for vedtakssaka skal vera dette saksførelegget og styret sine vurderingar i styremøtet. VS 35/15 Samrøystes vedtak Master in Climate Change Management - framlegg om ny master ved Institutt for naturfag- drøftingssak Vedtak Høgskulestyret : 4

9 Med bakgrunn i drøftinga ber styret rektor legge fram fullstendig studieplan på norsk og engelsk og søknad til NOKUT om akkreditering av Master in Climate Change Management, 120 studiepoeng på styremøtet i juni VS 36/15 Framlegg til vedtak: Framlegg til endring av personalreglementet for Høgskulen i Sogn og Fjordane 1. Styret delegerer tilsetjingar i stillingar som professor og dosent til Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar. 2. Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar vert utvida med to medlemmer, ein frå arbeidsgjevar og ein for arbeidstakarorganisasjonane, og får føljande samansetjing: Rektor eller den rektor peikar ut, er medlem og leiar av utvalet Viserektor for FoU Viserektor for utdanning Dekan frå aktuell avdeling To representantar oppnemnd av tenestemannsorganisasjonane Ein student oppnemnd av studentparlamentet med vararepresentant Frode Olav Haara kom med følgjande endringsframlegg til pkt 2. 2.Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar vert utvida med eitt medlem frå arbeidstakarorganisasjonane, og får føljande samansetjing: Rektor eller den rektor peikar ut, er medlem og leiar av utvalet Viserektor for FoU Dekan frå aktuell avdeling To representantar føreslått av tenestemannsorganisasjonane Ein student oppnemnd av studentparlamentet med vararepresentant Det vart stemt over framlegget til vedtak frå Frode Olav Haara først. Framlegget fekk åtte røyster. Framlegget frå rektor fekk to røyster. Vedtak Høgskulestyret : 1. Styret delegerer tilsetjingar i stillingar som professor og dosent til Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar. 2. Tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar vert utvida med eitt medlem frå arbeidstakarorganisasjonane, og får føljande samansetjing: Rektor eller den rektor peikar ut, er medlem og leiar av utvalet Viserektor for FoU 5

10 Dekan frå aktuell avdeling To representantar føreslått av tenestemannsorganisasjonane Ein student oppnemnd av studentparlamentet med vararepresentant VS 37/15 Samrøystes vedtak Språkpolitikk og språkstrategi ved HiSF Vedtak Høgskulestyret : Med grunnlag i saksutgreiinga og dei merknader som kom fram i møtet, bed styret rektor nemne opp ei arbeidsgruppe som i løpet av hausten 2015 skal utarbeide forslag til ein språkstrategi og språkpolitiske retningslinjer for HiSF. VS 38/15 Ymse Frode Olav Haara etterlyste sak om instruks for styret. Han meiner det er behov for å sjå nærare på habilitetsreglane for styret. Det var semje om at det ikkje er ønskjeleg å fremje sak om instruks for styret no, og at det nye styret må ta stilling til dette. Habilitet må takast inn i opplæring av nytt styre. Orienteringssaker 9/15 15/ Personalpolitikk og medbestemmelser i omstillingsprosesser 10/15 15/ Iverksetting av ordning med ansettelser på innstegsvilkår 11/15 15/ Næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane 12/15 14/ Kommentar til pressemelding om søkning til høgre utdanning 13/15 14/ Referat frå FoU-utvalet 3.mars /15 14/ Referat frå FoU-utvalet 28.april /15 14/ Møtebok Læringsmiljøutvalet ) 16/15 14/ Møtebok Læringsmiljøutvalet /15 14/ Referat frå sentralt IDF-møte Munnleg orientering frå styreleiar: Styreleiar deltok saman med viserektor for fou Erik Kyrkjebø og parlamentsleiar Tollak Kaldheim på NHO-konferanse om Horisont 2020 på Skei Styreleiar deltok på reise til Skottland April som oppfølging av konferansen Adventure Challenge saman med Vestlandsforsking og Bratt moro Vitjing av fylkesmannen i Nord Trøndelag Inge Ryan 30. April Tema for møtet i RSA 4. Juni er Strategi og handlingsplan for utdanning 6

11 Munnleg orientering frå rektor: Rektor deltok på reise til Skottland med 120 næringslivsleiarar frå Sogn og Fjordane april Viserektor for utdanning Terje Bjelle og påtroppande rektor Rasmus Stokke deltok i møte med Nordfjordrådet 20. April Partileiar Trygve Slagsvold Vedum vitja høgskulen 21. April Søkjartala for 2015 vart presentert 22. april viste ein auke på 28 % frå 2014 Den årlege Tett-på -konferansen samla leiarar og studentrepresentantar 23. April med temaet Fråfall i høgare utdanning. Rektor deltok på styreseminar i UHR i den Haag 27. og 28. April Fylkesvaraordførar Jenny Følling og ordførar Olve Grotle deltok saman med dekan Helge Hustveit og instituttleiar Eli Nummedal på møte i Bergen med rektor Ole Gunnar Søgnen og instituttleiar Arve Leiknes ved Høgskulen i Bergen Rektor og viserektor for utdanning deltok på Representantskapsmøtet i UHR i Tromsø 27. og 28. April Høgskulen har fått melding om at Trond Ueland og Anne-Li Nesteng er oppnemnd av fylkeskommunen i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane for perioden Vararepresentantar er Erling Sande og Kristin Maurstad 7

12 41/15 Strategi og handlingsplan for utdanning - vedtakssak Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. Saksbehandler Bente Sønsthagen Saksgang Møtedato Saknr 3 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: 1. Styret vedtek Strategi- og handlingsplan for utdanning , og ber rektor følgje opp planen i organisasjonen og gjennom prioritering i årsbudsjettet. 2. Det vert lagt opp til årleg revisjon av planen. Saksvedlegg: 1. Strategi- og handlingsplan for utdanning Innkomne høyringsinnspel: 1. Studentparlamentet 2. Avdeling for ingeniør- og naturfag 3. Avdeling for helsefag 4. Avdeling for lærarutdanning og idrett 5. Avdeling for samfunnsfag 6. Seksjon for FoU 7. Engelskseksjonen, ALI 8. FoU - utvalet 9. Internasjonalt forum 10. Utdanningsforbundet 11. Forskarforbundet 12. NTL Saksframlegg I kjølvatnet av arbeidet med strategi- og handlingsplan for FoU bad styret om at det vart utarbeidd ein tilsvarande plan for utdanning. I møtet i mars vurderte styret framlegg til ein eigen strategi- og handlingsplan for internasjonalisering. Styret bad då om at innhaldet i den planen vart innarbeidd i strategi- og handlingsplanar for utdanning og FoU. Startegi og handlingsplan for utdanning er forankra i følgjande dokument: HiSF sin strategiplan Årsrapport Handlingsplan for utdanningskvalitet HiSF sitt svarbrev til KD i samband med struktursaka 5

13 Eit utkast til plan vart sendt på høyring i organisasjonen18. mai med frist for merknader 3. juni. Utkastet vart drøfta i styret 19. mai og i utdanningsutvalet 21. mai. I høyringsbrevet bad me, i tillegg til generell tilbakemelding til planen, særskilt om å få tilbakemelding på desse spørsmåla: - Er de einige i dei sju mål- og handlingsområda? - Korleis vurderer de dei prioriterte tiltaka og behovet for ressursar? Det kom inn 12 innspel frå desse høyringsinstansane: Studentparlamentet, Avdelingane for samfunnsfag (ASF), lærarutdanning og idrett (ALI), helsefag (AHF) og ingeniør- og naturfag (AIN), engelskseksjonen ved ALI, seksjon for FoU, Internasjonalt forum, FoU- utvalet, Forskarforbundet, Utdanningsforbundet og NTL. Basert på drøftinga i styret og utdanningsutvalet og dei innkomne høyringsinnspela, har me sett opp desse mål- og handlingsområda for planperioden: 1. Studentar skal få tilbod om forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet 2. Høgskulen skal rekruttera kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma 3. Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av «den gode læraren» 4. Kandidatar frå HiSF skal ha utdanning som er relevante for samfunns- og arbeidsliv 5. Tilhøva skal leggast til rette for at studentane lukkast i utdanninga 6. Studentar og tilsette skal oppleve ein framtidsretta digital studiekvardag 7. Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF Planen skal gjelde for ein femårsperiode, og det vil heilt sikkert vere nødvendig med revisjonar i løpet av denne perioden. I dei nye retningslinjene for utdanningsutvalet er det føreslege at dei skal ha ansvar for ein årleg revisjon. Til liks med planen for FoU synleggjer planen for utdanning eit stort behov for meir ressursar. Tildeling av ressursar må skje i dei årlege budsjettvedtaka, men strategi- og handlingsplanane for både utdanning og FoU stiller klåre forventningar om prioriterte satsingsområde framover. Vurdering Generell omtale av dei innkomne høyringsinnspela til drøftingsutkastet: Generelt er alle som har kome med innspel nøgde med at det no blir utarbeidd ein eigen plan for utdanning, og fleire peikar på at det er viktig å framleis ha sterkt fokus på utdanning og undervisningskvalitet i ei tid der FoU får mykje merksemd i organisasjonen. Fleire etterlyser ei tydeleggjering av kva som er formålet med planen, og kva visjonar HiSF skal ha for utdanningsområdet. Korleis vil me at HiSF skal vera som utdanningsinstitusjon i 2020? Me har difor skrive noko om på innleiinga for å svare på dette, og stilt opp nokre nøkkeltal som syner statusen til HiSF som utdanningsinstitusjon per i dag. 6

14 Elles skriv dei fleste at planen bør vera meir konkret og målretta, både når det gjeld tiltak og ressursbehov. Det vert også peika på at skiljet mellom mål og tiltak ikkje er tydeleg nok. Me har prøvd å skilje betre på dette no, og har teke inn fleire framlegg til konkretisering. Det er likevel vanskeleg å bli konkrete nok utan å samtidig gå ned på eit detaljnivå som ikkje er ønskjeleg i ein slik overordna plan. Me ser at det på fleire av målområda difor vil vera fornuftig å arbeida vidare med konkretisering og detaljplanlegging av årlege tiltak i samband med budsjettarbeidet. Dei fleste er samde i dei skisserte målområda, men Studentparlamentet har framlegg til ein noko anna struktur med andre overskrifter. Innhaldet og forslag til tiltak er mykje det same, men me oppfattar Parlamentet slik at dei ynskjer ein plan med sterkare studentorientering og fokus på tilrettelegging for at studentane kan lukkast og oppnå læringsutbytte. Me ser at studentane sitt perspektiv kom for lite fram i drøftingsutkastet til planen, og har difor endra på nokre av målformuleringane for å få fram at det er studentane sitt beste som er hovudmålet for fleire av tiltaka. Det er også ulike synspunkt på kva som er den mest fornuftige rekkefølgja på måla. Fleire er samde i at dei svakaste/ minst utvikla områda bør omtalast først, medan Parlamentet meiner dei ulike målområda bør likestillast, og at ei vidareutvikling av dei områda der me er gode er like viktig som å ha fokus på dei svake områda. Me er samde med FoU- utvalet som peikar på at ingen av måla er uavhengig av kvarandre. Me har difor valt å likestille måla, slik at rekkefølgja ikkje viser til ei prioritering, men ei tematisk rekkefølgje med nummerering for at det skal bli lettare å orientera seg i dokumentet. Dei aller fleste meiner også at kostnadsvurderingane i drøftingsutkastet vart for lite konkrete, og at det ikkje var realistisk å skriva at det ikkje vil vera behov for auka ressursar på andre område enn dei som vart trekt fram. I kostnadsvurderingane har me no omtalt kvart målområde, og presisert at det er viktig å halda oppe dagens ressursnivå på utdanningssida. Me meiner framleis det er behov for å prioritera dei områda der høgskulen treng eit større løft, og har difor framlegg om auka ressursar på desse. ALI etterlyser ei samla og koordinert satsing som er leiarforankra og som omfattar heile høgskulen på fleire tiltaksområde, mellom anna på pedagogisk opplæring, IT og internasjonalisering. Dei foreslår difor å samla fleire av tiltakspunkta på ulike område inn i nokre overordna institusjonsprosjekt og å knyta ressursar til dei i staden for til dei einskilde målområda. Dette er ei ambisiøs tilnærming, og me er einige i at det kan vere nyttig å samkøyra arbeidet for å nå dei ulike måla på denne måten. Då ALI si tilnærming vil krevja mykje av organisasjonen, er det behov for forankring i heile leiargruppa først. Me har dermed ikkje teke dette inn i planen i denne omgang. Omtale av konkrete innspel og merknadar til dei ulike målområda: - Studentar skal få tilbod om forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Både seksjon for FoU og Studentparlamentet trekkjer fram at gode bibliotektenester, både gjennom opplæring av studentar og tilsette og tilgang på artiklar og litteratur gjennom Open Access - løysingar 7

15 er sentralt for å nå dette målet. Seksjon for FoU spelar også inn forslag om eit eige tiltak om at biblioteket skal vere ein «kjerne» for studentar sine behov i studiekvardagen. Me er einige at biblioteket er ein viktig arena både for forsking og undervisning, og har skrive inn dette under tiltaket om forskingsbasert kunnskap, utan å gjera det til eit eige tiltak. I planen har me lagt vekt på at det vil vere naudsynt med tettare samarbeid mellom seksjonane for utdanning og FoU for å nå målet om fleire tilsette med førstekompetanse, som også er sentralt for forskingsbasert utdanning. Fleire etterspør dette i sine innspel. ASF ønskjer seg ei operasjonalisering av korleis me kan måla «kvalitet», og at dette bør vera eit eige tiltak. Me har sett inn nøkkeltal for nokre kvalitetsindikatorar i innleiinga. Det er ein måte å forstå kvalitet, sjølv om det er mange forhold som ikkje kan teljast og desse indikatorane sjølvsagt ikkje er uttømmande. Me reknar elles med at den planlagde stortingsmeldinga om kvalitet i høgre utdanning i 2017 kan gi oss grunnlag for meir konkretisering. AHF peikar på at tiltaket om kvalitetssikring av praksis høyrer meir heime under dette punktet enn målet om relevans for samfunnsliv. Me er einige i at dette er mest relevant her, og har difor flytta tiltaket. Me har også endra omgrepet «praksislærar» til praksislærar/rettleiar, då det er rett som AHF påpeiker at dette blir brukt ulikt mellom avdelingane. Me er ikkje einig i forslaget deira om at praksislærarar skal ha kompetanse på masternivå, då dette vanskeleg lar seg gjennomføre på alle utdanningane til HiSF. Forslaget om å ha eit eige tiltak om at praksisstudium skal vera kunnskapsbasert meiner me er dekka av tiltaket slik det står i dag. - Høgskulen skal rekruttera kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma Dei fleste innspela under dette målet går på at god rekruttering er avhengig av hovudmålsettinga om at høgskulen skal ha eit godt utdanningstilbod og nøgde studentar. Me er einig med Utdanningsforbundet i at rekruttering frå Sogn og Fjordane må vera ein del av den generelle satsinga på rekruttering, og har gjort dette om til eit mål i staden for eit eige tiltak. Me har også gjort nokre tekstlege justeringar i samsvar med internasjonalt forum sitt innspel om at det er viktig å også tenke internasjonalt når det gjeld marknadsføring, og NTL sine presiseringar med omsyn til sosiale medium og Læringsmiljøutvalet sin rolle for gode arbeidstilhøve. - Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av «den gode læraren» Formuleringa «den gode læraren» har skapt litt forvirring, og det er difor viktig å presisere at me her meiner meir enn ein forelesar eller undervisar dette er eit omgrep som spelar på møtet mange har hatt med ein lærar som ein hugsar både som kunnskapsrik, som god formidlar og rettleiar og som ein person som ser deg og bryr seg. Dei fleste høyringsinnspela er einige i dette målet, og sluttar opp om tiltaka som går på gjennomføring av kravet om vidareutdanningar i høgskulepedagogisk kompetanse og eigne opplæringsprogram for nytilsette som gode konkrete tiltak. Både ASF, AHF og FoU- utvalet stiller spørsmålsteikn ved at tiltaket om å vurdera søknad om Senter for framifrå undervisning er vinkla spesifikt opp mot lærarutdanninga. For å kunna nå opp med ein søknad om eit slikt senter, er høgskulen avhengig av å syna fram innovativ praksis som skil oss ut frå andre. Me ser at det blir for snevert å berre trekka fram eitt 8

16 fagmiljø, og har difor endra ordlyden noko. Prosjektet som må settast i gang for å førebu søknaden om eit slikt senter vil definera nærare korleis vinklinga bør vera. Me er også samde i innspela om at bachelor- og masterforum bør vera gode møtestader for å arbeida med pedagogiske kvalitet, men me ser det ikkje som nødvendig å etablera eit eige pedagogisk forum i tillegg, slik m.a ASF har forslag om. - Kandidatar frå HiSF skal ha utdanning som er relevante for samfunns- og arbeidsliv Studentparlamentet er opptekne av å få til eit tettare samarbeid med arbeids- og næringslivet, og me har tatt inn innspelet deira om fleire gjesteforeleserar under eit av tiltaka. For å få til tettare samarbeid med både andre UH - institusjonar og arbeidslivet, er det behov for auka ressursar. Me har difor tatt med dette som eit av dei prioriterte tiltaka i kostnadsvurderinga, noko som også ASF har spelt inn. - Tilhøva skal leggast til rette for at studentane lukkast i utdanninga Studentane etterspør variasjon i undervisnings og vurderingsformer, og fleire av høyringsinstansane er opptekne av å tydleggjere ansvarsforholda når det gjeld utdanningsleiing og oppbygging av studieløpet. Studentane har også etterspurt behov for meir trening og rettleiing i munnleg og skriftleg framstilling. Me har innarbeidd dette i tiltaket som går på god utdanningsleiing og forventingar til studentane. Det er store sprik i tilbakemeldingane når det gjeld innføringa av studentar som mentorar. Medan Studentparlamentet er oppteken av at alle studentar bør få ein eigen mentor, om det er student eller fagtilsett, er dei fleste avdelingane skeptiske til omfanget av denne ordninga og kva ressursbruk dette vil medføra. Det er også nokon som peikar på at dette kan gå ut over målsettinga om at lærarane skal vera «tett på» studentane, ettersom dette kan føra til færre møtepunkt mellom lærar og student. Tanken med prøveprosjektet er at det skal koma som ein ekstra hjelp for nye studentar i tillegg til det dei får frå lærarar og andre. Me er samde i at ordninga må evaluerast før det eventuelt blir vidareført til andre institutt, og det er det også lagt opp til. Når det gjeld tilbodet frå Karrieresenteret om jobbsøkarkurs og liknande, blir det peika på frå AHF at dette tilbodet ikkje er godt nok for studentane i Førde per i dag. Utviding av tilbodet i Førde er også eit ønske frå Karrieresenteret si side. - Studentar og tilsette skal oppleva ein framtidsretta digital studiekvardag Det er fleire innspel om at det er viktig med påtrykk frå leiarane for at tiltaka under dette målet skal kunna gjennomførast, då det vil vera behov for «haldnings- og kulturendring i fagmiljøa for å lukkast» (jf. høyringsinnspel ASF). Mange framhevar også at god brukarstøtte er sentralt, både for studentar og tilsette, og engelskseksjonen kjem med forslag om at IT tek ein runde kvar morgon for å sjekke at utstyret i klasseromma fungerer. På tiltaket om digital forståing hadde drøftingsutkastet eit særskilt fokus på lærarstudentar, men me er einig i innspela frå m.a. AHF om at alle studentane kjem til å møta ei digital og teknologisk verd i arbeidslivet, og har difor omformulert dette til å bli meir generelt. Forskarforbundet peikar på at det er behov for å utarbeida retningsliner og å avklara ulike spørsmål som reiser seg med den digitale utviklinga, mellom anna knytt til intellektuelle 9

17 rettar og eigarskap til digitalt materiale. Som dei skriv er det no er sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med spørsmål knytt til dette. Arbeidet i denne gruppa er per dags dato ikkje fullført. - Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF Sidan det er tala for utveksling UH- institusjonane blir målt på når det gjeld internasjonalisering, er det ofte mobilitet som blir tema for diskusjon. Fleire av innspela har peika på dette, og me har prøvd å synleggjera i enda større grad at det også er viktig med tiltak for å sørgja for at alle studentar får eit internasjonalt perspektiv i utdanninga si. Me har innarbeid eit forslag frå internasjonalt forum og ASF om å utvikla eit nytt høgskulepedagogisk emne som skal omhandla internasjonalisering som eitt av tiltaka for å oppnå dette. I drøftingsutkastet vart det lagt opp til ei eiga satsing på engelskspråklege emne. Det er viktig med fleire tilbod for internasjonale studentar, men som fleire av høyringsinstansane peikar på, vil ikkje dette automatisk bety at alle treng vera på engelsk. Fleire av avdelingane har godt samarbeid med dei nordiske landa, og det bør difor jobbast for å rekruttera fleire nordiske studentar. For å betra engelskkompetansen blant dei tilsette, har engelskseksjonen tilbydt seg å vera ein ressurs for institusjonen når det gjeld kursing i munnleg og skriftleg akademisk engelsk. Dette er i tilfelle avhengig av at dei får tilført ressursar. Rektor si vurdering Rektor si vurdering er at framlegg til strategi- og handlingsplan for utdanning gir eit godt grunnlag for å halda oppe og vidareutvikla god utdanningskvalitet i høgskulen. Planen synleggjer samstundes område der høgskulen har utfordringar. Rektor rår styret til å vedta planen, og legg til grunn at ressursbehovet for å arbeida med dei ulike måla vert vurdert i samband med vedtak av årsbudsjetta. Vedlegg til sak 10

18 11

19 Strategi- og handlingsplan for utdanning Framlegg til styret

20 Visjon for utdanningsområdet Strategi og handlingsplan for utdanning byggjer på høgskulen sin overordna strategiplan der visjonen er «Sikt høgare» og verdigrunnlaget er uttrykt under stikkorda kompetent aktiv - tett på. «Kompetent» vil i denne samanhengen seia at me skal vera godt kvalifiserte for å utdanna kandidatar med høge faglege kvalifikasjonar og som lukkast i utdanninga si. «Aktiv» peikar på at me til ei kvar tid skal vera i stand til å møta forventningane frå samfunnet om å tilby relevante utdanningar og kandidatar med rette/etterspurde kvalifikasjonar. «Tett på» karakteriserer relasjonen vår både til studentane og samfunnet kring oss. Me skal vera lydhøyre, ha opne dørar og me skal visa evne til tett samhandling og oppfølging. «Å sikta høgare» betyr at me skal ha gjennomgåande høg kvalitet i utdanningane våre. Omgrepet studie- eller utdanningskvalitet er samansett. Det handlar om tilsette med høg kompetanse og gode personlege eigenskapar både i undervisning og støttetenester. Det handlar om studieprogram med læringsutbyte som er relevant for arbeidslivet og som treffer dei utdanningssøkjande sine interesser. Utdanningskvalitet handlar om motiverte studentar som investerer tid og krefter i studiane, som lukkast i utdanningane og som trivst på studiestadane våre. Og det handlar ikkje minst om å gi menneske eit grunnlag for å leve i ei global verd med utfordringar knytt til demokrati, etikk, miljø, teknologi og eit arbeidsliv i stadig endring. Det er i dette perspektivet me ynskjer «å sikta høgare» og å vera målretta i arbeidet med kvalitet i utdanningane. I 2020 skal me framleis ha eit studietilbod som er ein kombinasjon av yrkesretta utdanningar primært orientert mot lokal og regional arbeidsmarknad og nokre faglege spissområde med nasjonal og internasjonal orientering. Tyngda av utdanningane skal vera noko meir orientert mot privat sektor. Me skal vera ein internasjonalt orientert og framtidsretta utdanningsinstitusjon som tilbyr gode arbeidsvilkår for studentar og tilsette på attraktive studiestader. Status for HiSF som utdanningsinstitusjon I 2015 er Høgskulen i Sogn og Fjordane på mange viktige målområde ein vel fungerande utdanningsinstitusjon: 1

21 Studentrekruttering: Høgskulen har hatt god vekst i rekrutteringa siste åra og har i ,6 primærsøkjarar per utlyst studieplass i det nasjonalt samordna opptaket til grunnutdanningane. HiSF nærmar seg dermed gjennomsnittet for dei statlege høgskulane. Det same gjeld karakternivå frå vidaregåande skule blant nye grunnutdanningsstudentar. Det er særleg utanfor det geografiske primærområdet og blant unge utdanningssøkjande at høgskulen har styrka rekrutteringa. Rekrutteringa til master- og vidareutdanning gjennom lokale opptak er noko varierande men stort sett tilfredsstillande. Relativt god rekruttering har medført auka studenttal både på campusbaserte og fleksible studietilbod. Gjennomføring: HiSF har god gjennomføring både på bachelor- og masterutdanningar. På bachelornivå ligg me i landstoppen når det gjeld gjennomføring på normert tid, og langt over gjennomsnittet både for universitet og høgskular. Gjennomføring og fråfall i utdanningane er uansett utfordringar det må arbeidast kontinuerleg med. Fornøgde studentar: Me får svært gode tilbakemeldingar frå studentane våre. I den nasjonale studentgranskinga studiebarometeret.no scorar me gjennomgåande høgt, og fleire av programma våre er i den absolutte landstoppen når det gjeld tilfredse studentar. Særleg scorar me høgt når det gjeld fagleg tilbakemelding og oppfølging. Også i den nasjonale granskinga i regi av studentsamskipnadane om trivsel og helse hjå studentane (SHoT) kjem me svært godt ut. Relevans og samhandling: Jamført med storleik, har HiSF eit relativt breitt utdanningstilbod med hovudvekt på profesjonsretta utdanningar innan helse, omsorg, oppvekst og næring. Me har tilbod om mastergradsutdanning innafor fleirtalet av dei store utdanningsområda våre og me har vidareutdanningstilbod særleg innan helse og oppvekst. Utvikling av utdanningstilboda skjer i nært samarbeid med relevant arbeidsliv, og det er godt dokumentert at høgskulen har ein avgjerande rolle når det gjeld å tilføra regionen relevant kompetanse. På nokre område er behovet for utviklingstiltak tydeleg: Internasjonal orientering: Me scorar lågt når det gjeld internasjonal utveksling blant studentar og tilsette. Dette har samanheng både med manglande tilrettelegging for utveksling og svak internasjonal orientering i utdanning og forsking. Auka merksemd på internasjonalisering er viktig for HiSF. 2

22 Digital utvikling: HiSF har følgd godt med i utviklinga når det gjeld fleksible utdanningstilbod, dei siste åra også med nettbaserte tilbod. Me er også godt i gang med digitalisering av eksamen. Å liggja langt framme på slike område er både viktig og utfordrande for ein mindre høgskule, og det føreset målretta arbeid og prioritering av ressursar. Dette vil vera eit viktig satsingsfelt på utdanningssida i åra som kjem. Kompetanse i personalet: 38% av dei tilsette i undervisnings- og forskarstillingar har førstekompetanse. Dette er klårt under gjennomsnittet for både universitet og høgskular, og høgskulen sin strategi- og handlingsplan for FoU lanserer ei rekkje tiltak for å bøta på dette. Når det gjeld pedagogisk kompetanse ligg høgskulen betre an, mellom anna med fastsette vilkår for tilsetjing og opplæringstilbod. Det er likevel behov for å ha merksemd retta mot kvalitet og status for undervisninga. Nokre nøkkeltal Kvalitetsindikator HiSF Uh-sektoren Primærsøkjarar per studieplass i SO-opptaket ,6 2,1 Karaktersnitt for nye grunnutdanningsstudentar ,92 4,17 Avlagde studiepoeng per heiltidsekvivalent ,2 47,9 Gjennomføring på normert tid bachelor ,1 37,6 Gjennomføring på normert tid master ,1 37,3 Score på Studiebarometeret.no når det gjeld kor nøgde studentane, «alt-ialt» er med eige studieprogram ,4 4,0 Score på studiebarometeret.no på indeks om undervisning og rettleiing ,7 3,3 % utvekslingsstudentar av registrerte studentar ,0 5,3 Mål- og handlingsområde Me har sett opp sju mål- og handlingsområde som høgskulen skal ha særskilt fokus på i planperioden. Desse er strukturert etter tema og nummererte, slik at planen blir meir oversikteleg. Det er viktig å presisere at alle desse måla grip inn i kvarandre, og at me ikkje kan nå nokon av måla uavhengig av dei andre. Måla er difor likestilte med kvarandre, og kjem ikkje i prioritert rekkefølgje: 3

23 1. Studentar skal få tilbod om forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet 2. Høgskulen skal rekruttera kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma 3. Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av «den gode læraren» 4. Kandidatar frå HiSF skal ha utdanning som er relevant for samfunns- og arbeidsliv 5. Tilhøva skal leggast til rette for at studentane lukkast i utdanninga 6. Studentar og tilsette skal oppleve ein framtidsretta digital studiekvardag 7. Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF 1. Studentar skal få tilbod om forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Det er viktig at studieprogramma til høgskulen er bygde opp på ein god og heilskapleg måte, der studentane etter fullført utdanning har god fagkunnskap og evne til kritisk tenking og refleksjon over informasjon. Samspelet mellom forsking og utdanning er med på å sikra høg fagleg kvalitet i studieprogramma. Tettare samarbeid mellom utdanning og FoU- feltet vil vera eit satsingsområde i planperioden, særskilt når det gjeld å følgja opp tiltaka i handlingsplan for FoU for å auka andelen med førstekompetanse blant dei som underviser. Dette kan også vera med å bidra til betre forskingsbasert undervisning. Tiltak: Forskingsbasert kunnskap skal vera ein del av læringsutbyttet i studieplanane Studieplanane skal vera i tråd med Nasjonalt Kvalifikasjonsrammeverk og pensum skal vera oppdatert med den nyaste kunnskapen. Gode bibliotektenester og satsing på Open Access er sentralt for å sikra at alle har tilgang til oppdatert og forskingsbasert kunnskap. Det bør utviklast ei tettare kopling mellom forskingsaktiviteten og undervisninga på høgskulen, og dei store forskingsprosjekta til høgskulen må visa att i utdanningane våre. Tiltak: Gjera studentane kvalifiserte til å forstå og bruka forskingsmetodar Studentar på bachelor- og master program skal gjennom utdanninga få kunnskap om forskingsmetodikk, kvantitativ analyse, kvalitativ analyse, statistikk og vitskapleg skriving. Studentane skal få trening i kritisk kjeldebruk og god kjennskap til etiske retningslinjer for akademisk arbeid. Biblioteket og deira tenester er ein viktig læringsressurs i dette arbeidet. Studentar skal også få mogelegheit for å delta på kompetanseprogrammet for FoU. 4

24 Tiltak: Studentar skal involverast i relevante forskingsprosjekt Studentane skal bli involverte i pågåande FoU- prosjekt i høgskulen gjennom aktiv deltaking, til dømes i feltarbeid, datainnsamling og praksisarbeid, og gjerne som lekk i bachelor- eller masteroppgåve. Det er eit mål å auka talet på publikasjonar som har studentmedforfattarar, noko som er avhengig av at studentane får god trening og rettleiing i akademisk skriving gjennom heile studieløpet. Tiltak: Vidareutvikla kvalitetsarbeidet Me skal følgja opp råda frå NOKUT om å fokusera meir på kvalitetssikring av heile studieprogram, og nytta oss av fleire eksterne programevalueringar i tillegg til studentevalueringar. Studienemndene og utdanningsutvalet skal bidra aktivt i det kvalitetsfremjande arbeidet på programma, og følgja opp tiltak og prioriteringar på sine område. Me skal arbeida systematisk for å sikra god kvalitet på vurderingsordningane og einskapleg sensur gjennom utarbeiding av sensorrettleiing og oppfølging av eksterne sensorrapportar. Tiltak: Felles rutinar for kvalitetssikring av praksis Høgskulen er ansvarleg for at praksisen studentane får gjennom utdanninga er av god kvalitet. For å sikra at me får ei god heilskapleg vurdering av all praksis, må me arbeida for å systematisera studentevalueringane, og laga gode rutinar og prosedyrar for evaluering av innhald, praksisstad og praksislærar/rettleiar. Me må samtidig sørgja for god opplæring av praksislærarane/rettleiarane og tydeleggjera ansvarsforholdet mellom dei og høgskulen. Opplæring av praksisfeltet i høve skikkavurdering vil vera eit særskilt viktig tiltak i planperioden. 2. Høgskulen skal rekruttera kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma Høgskulen i Sogn og Fjordane har hatt god utvikling i rekruttering av nye studentar siste åra. Me er likevel under landsgjennomsnittet for tal primærsøkarar per studieplass, og ei eventuell svikt i studentrekrutteringa vil vera svært alvorleg. Målet bør vera å auka søkjargrunnlaget til to primærsøkarar per utlyst studieplass, og for å oppnå det må me driva systematisk omdømebygging og vidareutvikla tidsmessig og godt rekrutteringsarbeid. Me har ei utfordring med å vera attraktive nok for dei lokale søkarane, og har ei målsetting om å også auka rekrutteringa frå Sogn og Fjordane. Tiltak: Styrka omdømet vårt og vera meir synlege Inga marknadsføring er meir effektiv enn tilfredse brukarar. Gjennom mange granskingar, ikkje minst den store nasjonale kvalitetsundersøkinga Studiebarometeret.no, har me fått stadfesta at me har 5

25 fornøyde studentar. Dei er særskilt nøgde med den tette og gode oppfølginga dei får. Me skal vidareutvikla dette, og i samarbeid med studentorgana bruka dette til å styrka omdømet vårt. Me skal også vera meir synlege på arrangement som er aktuelle for målgruppa vår, som til dømes festivalar og idrettsarrangement. Tiltak: Vidareutvikla marknadsføring av utdanningane Dei siste åra har me satsa mykje på bruk av studentambassadørar for å nå fleire potensielle søkjarar på skulebesøk, spesielt folkehøgskular, og utdanningsmesser. Me må utvikla denne satsinga vidare, få fleire ambassadørar og såleis kunne vera synlege fleire stader, både i nærområdet og i dei meir folkerike delane av landet. Me må ha betre engelskspråkleg informasjon om høgskulen og studietilbodet vårt både på nettsidene og elles, og vidareutvikla bruken av sosiale medium som kanalar for annonsering og profilering. Tiltak: Høgskulen skal ha attraktive tilbod som skil oss ut For å få fleire søkarar både lokalt og nasjonalt er det viktig å utvikla attraktive tilbod som gjer at me skil oss ut frå dei største «konkurrentane» våre, som til dømes praksisplassar på utdanningar som tradisjonelt ikkje har dette, og vidareutvikling av tiltak som skuleovertaking og liknande på profesjonsstudia. Spesielt for søkarar frå eige fylke kan også tilbod om å reisa på utveksling tidleg i studieløpet vera avgjerande for om dei vel å ta utdanninga si her. Me må også utvikla dei samlingsog nettbaserte tilboda for deltids- og vidareutdanning, noko som kan vera med å auka den lokale rekrutteringa. Tiltak: Stimulere til eit levande og attraktivt studentmiljø og gode arbeidstilhøve på campus Eit godt fysisk og sosialt studentmiljø er viktig både for trivselen til noverande studentar og rekruttering av nye. Læringsmiljøutvalet har ei sentral rolle i dette arbeidet. Høgskulen skal halda fram med å støtta aktivitetar i regi av Studentparlamentet og studentorganisasjonane for å sikra dette, og samtidig bidra til vidareutvikling av fadderordninga for nye studentar i Førde og Sogndal. Alle studentar skal ha tilgang på funksjonelle arbeidsplassar og oppdatert utstyr. Me skal realisera utbyggingsplanane på Campus i Sogndal, og syta for moderne bygningar med nok plass i Førde. Tiltak: Vidareutvikla samarbeidet med studentsamskipnaden og vertskommunane Både SISOF og vertskommunane Førde og Sogndal er viktige samarbeidspartnarar for å sikra at studentane har gode bu- og levekår. Me må arbeida aktivt opp mot vertskommunane for å sørgja for gode og sentrale bustadar og tomter for utbygging, tilrettelegging for gåande og syklande og gode tilbod om helsetenester. 6

26 3. Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av «den gode læraren» God undervisningskvalitet er sentralt for alt høgskulen gjer, og for å oppnå dette må me utvikla og løfta fram lærarar med god kompetanse og evne til formidling. Ut frå tilbakemeldingane frå studentane å døma, er målsettinga om å ha lærarar som er «tett på» i stor grad oppfylt. Det blir viktig å underbygga dette som eit varemerke for høgskulen framover. Lærarar må vera motiverte for å driva undervisning og rettleiing av studentar, noko som igjen vil vera med å gjera studentane motiverte til å læra. Leiarane må jobba systematisk for å leggja til rette for at dei fagtilsette skal få tid og høve til å utvikla seg som gode lærarar og formidlarar av fagstoff gjennom heile karrieren. Tiltak: Krav om høgskulepedagogisk basiskompetanse I rekrutteringa av nye tilsette i undervisnings- og forskarstillingar er det viktig at pedagogisk kompetanse, formidlingsevne og motivasjon blir vektlagt i tillegg til fag- og forskingskompetanse, og at det blir gjennomført prøveforelesingar ved alle tilsettingar. Dersom ein undervisar på HiSF ikkje har formell høgskulepedagogisk basiskompetanse ved tilsetting, er det krav om at han skaffar seg dette gjennom å delta på høgskulen sine tilbod om vidareutdanning i løpet av dei tre første åra etter tilsetting. Me vil utarbeida eit nytt høgskulepedagogisk emne på fem studiepoeng som skal ha fokus på integrering av internasjonalisering i undervisinga, jf. tiltak under målet om internasjonalisering. Tiltak: Innføra opplæringsprogram med mentorordning for nytilsette Nye tilsette i undervisnings- og forskarstillingar treng innføring i det pedagogiske arbeidet. Dette gjeld både kva som krevst av ein god rettleiar og formidlar av fagstoff, og det gjeld kompetanse i bruk av ulike verktøy og system. For å sikra at alle nytilsette får same oppfølging, vil høgskulen utvikla og innføra ei ordning med eit felles obligatorisk opplæringsprogram med ein mentor eller kollegarettleiar frå eige institutt. Tiltak: Halda oppe tilstrekkelege ressursar til god undervisning Tal studentar per fagleg årsverk ligg høgt ved HiSF. Likevel får me svært gode tilbakemeldingar frå studentane på undervisningskvalitet og oppfølging. Samstundes blir det stilt store forventningar om kompetanseauke, auka forskingsaktivitet, meir internasjonal orientering og god kompetanse på bruk av moderne verktøy og løysingar. Ressurstildeling til undervisning er ein viktig faktor for å vedlikehalda og vidareutvikla god undervisningskvalitet. Reduksjon i undervisningsressursar kan svekka studentane si evne til å gjennomføra studia på normert tid. 7

27 Tiltak: Bachelor- og masterforum skal vera møtestader for arbeid med pedagogisk kvalitet Gjennom etablering av bachelor- og masterforum har høgskulen lagt til rette for erfaringsutveksling og deling av kunnskap på tvers i organisasjonen. Her kan faglege og pedagogiske spørsmål løftast fram og felles utviklingstiltak formast ut. Tiltak: Vurdera grunnlaget for å søka om å etablera Senter for framifrå utdanning Ein måte å framheva undervisningskvaliteten i høgskulen er å søkja om å bli «Senter for framifrå utdanning» (SFU). Dette er ei prestisjeordning for utdanning administrert av NOKUT. For å få status som SFU, må me som institusjon visa at me har «framifrå kvalitet og innovativ praksis» på område der me kan vera ein ressurs for andre. Høgskulen har lenge hatt ei satsing på nettbaserte og samlingsbaserte utdanningar på fleire av fagområda våre. Det bør vurderast om desse utdanningane kan vera eit grunnlag for å søka om å status som SFU, og eventuelt setja i gang eit prosjekt for å kunna sende ein søknad innan Dersom me får status som SFU, får me årlege driftsmidlar frå NOKUT til utvikling av miljøet. 4. Kandidatar frå HiSF skal ha utdanningar som er relevante for samfunns- og arbeidsliv Studentane skal få god kjennskap til kva som ventar dei i arbeidslivet, og det skal leggjast til rette for å vidareutvikla samarbeidet mellom studentane og næringslivet på relevante område, til dømes gjennom prosjekt og oppgåveskriving. Høgskulen er ein viktig regional aktør, både i form av kompetente fagmiljø og som leverandør av arbeidskraft til kommunar og næringsliv i fylket. Me skal følgja opp dette ansvaret ved å vera ein viktig partnar for samfunns- og arbeidsliv, og halda fram med å tilby relevante bachelor- og vidareutdanningar med god kvalitet, i tillegg til masterutdanningar på dei største utdanningsområda våre. Tiltak: Styrka samarbeidet med arbeidslivet Høgskulen må styrka samarbeidet med viktige delar av den regionale offentlege forvaltninga, og utvikla Rådet for samarbeid med arbeidslivet (RSA) til i større grad vera ein viktig arena for samarbeid med regionalt arbeidsliv. Tett kontakt med næringslivet gjennom studienemndene skal også vera med å sørgja for at høgskulen utdannar relevant arbeidskraft for den regionale arbeidsmarknaden. Gjesteforeleserar frå arbeids- og næringsliv skal også nyttast aktivt på fagområde der dette er relevant. 8

28 Tiltak: Fleire fleksible utdanningstilbod Høgskulen har satsa på desentraliserte deltidstilbod og nettbasert undervisning for å gjera utdanningstilboda våre tilgjengelege for flest mogeleg. Studenttala på desse tilboda er høge, og me vil arbeida for å utvida dette tilbodet. Her er det viktig med eit strategisk og tett samarbeid med samfunns- og næringsliv for å vita kva type kompetanse det er behov for og ønske om. Tiltak: Meir fokus på innovasjon og entreprenørskap i utdanningane Høgskulen har eit særleg ansvar for å bidra til nyskaping og innovasjon i regionen, og skal stimulera og legga til rette for entreprenørskap gjennom undervisning, studietilbod og studentbedrifter. Me vil halda fram satsinga på næringslivsretta utdanningstilbod, og samtidig fokusera meir på kunnskap om innovasjon og nyskaping i utdanningane retta mot offentleg sektor. Mellom andre Kunnskapsparken er ein viktig partnar. Tiltak: Tettare samarbeid med andre UH- institusjonar Samarbeidet me har med andre universitet og høgskular skal vidareførast og utviklast vidare, både i eksternt finansierte prosjekt, arbeidsdeling, mellom anna i ingeniør- og teknologiutdanningar og forskingssamarbeid. Me skal styrka relasjonen til dei andre utdanningsinstitusjonane som tilbyr vidareutdanning på våre fagfelt, og inngå forpliktande samarbeid for å tilby femårig lærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning gjennom arbeidsdeling med andre utdanningsinstitusjonar på Vestlandet. 5. Tilhøva skal leggast til rette for at studentane lukkast i utdanninga Ein stor del av dei mange unge studentane flyttar til dei relativt små studiestadane våre, og bur og lever som heiltidsstudentar i studiemiljøet. Dette gir gode vilkår for nære relasjonar og tett oppfølging. Eit stimulerande og trygt læringsmiljø skal vera eit tydleg varemerka for HiSF, og me skal også i åra som kjem ha maksimal fokus på tett samarbeid mellom faglærarane, støttetenestene og studentane sjølve. Studentane våre er i dag på topp i landet når det gjeld gjennomføring på normert tid i bachelorutdanningane, og det krev vedvarande satsing for å halda oppe denne framifrå posisjonen. Tiltak: Utvikla gode studieplanar med god progresjon og klåre faglege krav Studieplanen er grunnlaget for det faglege arbeidet, og den skal sikra at studentane får oppdatert og relevant kunnskap på sitt fagfelt. Gode planar på programnivå og eit samla «programblikk» som er fagleg basert er viktig i tillegg til emneplanane. Det vert forventa at dei fagtilsette er bevisst på 9

29 dette, og prioriterer arbeidet med studieplanar som har arbeidsformer som stimulerer til kontinuerleg arbeid gjennom semesteret. Det er også viktig med tydelege krav til nivå og arbeidsinnsats. Tiltak: God utdanningsleiing og tydlege forventningar til studentane HiSF-studentane etterlyser tydeleg leiing og klår tale når det gjeld kva forventningar høgskulen stiller og korleis me ynskjer å ha det i studiekvardagen. Me skal prioritera meir ressursar til utdanningsleiing, spesielt på programnivå. Me skal leggja vekt på at studentane kjenner både leiarar og faglærarar og har høve til å påverka utforminga av studiet. Instituttleiarar og programansvarlege har ansvar for god oppbygging av studieløpet, der studentane får varierte undervisnings og vurderingsformer og høve til å utvikla seg i både munnleg og skriftleg framstilling. Tiltak: Studentane skal få godt grunnlag for å lukkast frå første semester Grunnlaget for at ein student skal lukkast blir lagt frå studiestart. Difor må me sørgja for at studentane blir stimulerte til gode arbeidsvanar frå første semester, og at dei får god opplæring både i skriving, studieteknikk, IT- og bibliotekverktøy. I studieåret 2015/16 skal Karrieresenteret ha eit prøveprosjekt der dyktige studentar skal vera rollemodellar eller «mentorar» for nye studentar. Mentorane vil vera ei ekstra støtte og gje råd og rettleiing om planlegging av studiekvardagen. Saman med lærarane skal dei vera med å bidra til at dei nye studentane får ein god start på studiet. Dersom evalueringa av prosjektet viser at dette er vellukka, er det aktuelt å vidareutvikla satsinga. Tiltak: Vidareutvikla karrieresenteret sitt tilbod om karriererettleiing Dersom studentane er godt kjent med karrieremoglegheiter og arbeidsmarknaden dei møter etter fullført utdanning, kan dette også vera med å motivera til ekstra innsats i studiet. Karrieresenteret ønskjer å vidareutvikla tenestene på dette feltet og gje studentane støtte til å bli godt rusta for overgangen til arbeidslivet, med tilbod som er tilpassa dei to studiestadene. Jobbsøkarkurs, intervjutrening og høve til å møta potensielle arbeidsgjevarar er element i dette. Den årlege karrieremessa har vist seg som ein nyttig arena, og høgskulen vil satsa vidare på dette i samarbeid med Framtidsfylket. Tiltak: Vidareutvikle medverknad frå studentane Me legg stor vekt på tilbakemeldingane studentane gir oss, både når det gjeld evaluering av fagleg innhald, praksis, studiekvalitet og læringsmiljø. Det er viktig å sørgja for at studentar også får medverknad på andre måtar enn gjennom emneevalueringar. Samarbeidet med studentorgana må vidareutviklast ved å leggja til rette for val og møtepunkt med dei tillitsvalde. Me må også jobbe med å motivera studentar til å ville ta på seg verv og sørgja for tidleg og god informasjon og opplæring. 10

30 6. Studentar og tilsette skal oppleva ein framtidsretta digital studiekvardag Teknologien utviklar og endrar seg med aukande fart. Som høgskule møter me heile tida nye årskull av studentar med stadig meir teknologisk røynsle. Det er vår oppgåve å leggja til rette for vidare læring og å bidra med digital kompetanse og forståing som kan gi dei eit best mogeleg fundament for å møta eit arbeids- og samfunnsliv i stadig endring. Dette har høgskulen jobba med gjennom arbeidet i høgskulen si it-gruppe og prosjektet «Digital kompetanse», som sidan 2011 har generert mange nye aktivitetar med avgrensa ressursar. Prosjektet har hatt ansvar for utvikling og drift av Fronter, og initiativ og støtte til nettbaserte utdanningstilbod og utprøving av digital eksamen. Me har mål om å vera langt framme på dette feltet, og følgja med i utviklinga både når det gjeld system og omfang av digitalisert eksamen og sensur. Tiltak: God tilgang til moderne it-løysingar for studentar og tilsette På begge studiestadene skal høgskulen ha tidsmessig it-utstyr og oppdaterte verktøy med ei velfungerande digital læringsplattform, gode elektroniske kommunikasjonsløysingar og relevante programpakkar for kontorstøtte, samskriving, statistikkprogram, videoopptak og -redigering og programvare for ulike spesialutdanningar. Tiltak: God tilrettelegging, opplæring og brukarstøtte Undervisningsrom, møterom og andre arbeidsrom skal leggjast til rette slik at alle kan kjenna seg som trygge brukarar. For å oppnå det må me ha systematisk opplæring og god tilgang på brukarstøtte. Utviklingsprosjektet «Digital kompetanse» skal, saman med it-gruppa, ha ei nøkkelrolle i dette arbeidet, og leiarane må aktivt støtte opp og oppmoda tilsette om å læra og bruka digitale verktøy. Nye krav om studentar sin bruk av eigen PC vil føra til endra behov for brukarstøtte til studentane. Tiltak: Gje studentane digital forståing- «lære å lære» Digital kompetanse skal vera ein integrert del av studie- og emneplanar, og må vektleggjast i alle utdanningane. Me skal vera langt framme når det gjeld å ta i bruk nye løysingar innan undervisning, eksamen og tilgjenge til andre læringsressursar. Studentane må utvikla medvit og forståing om samanhengen mellom fag og teknologi, og bli så trygge brukarar av teknologi at dei har føresetnader for å følgja med i utviklinga. Tiltak: Vidareføra satsinga på «Digital kompetanse» Me har bruk for miljø i høgskulen som utfordrar og oppmuntrar til utprøving av nye digitale løysingar. Prosjektet «Digital kompetanse» har hatt denne rolla, og det er behov for å styrka dette miljøet og å 11

31 bidra til utviklingskraft gjennom samarbeid mellom ulike grupper av tilsette og studentar. Utvikling og utprøving, tilrettelegging, opplæring og brukarstøtte skal vera stikkord for prosjektet. Tiltak: Vidareføra arbeidet med digital eksamen og sensur Høgskulen har dei siste åra satsa på å prøva ut digital eksamen og sensur, og er godt i gang med dette. Innføring av fleire digitale eksamenar vil vera eit godt verkemiddel for å nå målet om å utvikla den digitale kompetansen hjå både tilsette og studentar. For å komma vidare er det behov for kompetanse og ressursar til tilrettelegging og opplæring, og me må utvikla vurderingsformene i takt med teknologiutviklinga. 7. Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved høgskulen Kunnskap og utdanning vert i aukande grad prega av internasjonalisering, og det er høgskulen si oppgåve å utdanna konkurransedyktige studentar til ein stadig meir global og fleirkulturell arbeidsmarknad. Høgskulen scorar lågt på internasjonal utveksling blant studentar og tilsette, men det er viktig å presisera at internasjonalisering handlar om mykje meir enn mobilitet. For å nå hovudmålet vårt om at høgskulen skal tilby utdanning og forsking av høg kvalitet, er me avhengig av internasjonalt samarbeid, perspektiv og kompetanse både i kunnskapsutvikling, nyvinning og verdiskaping. For å lukkast med dette, er det viktig å sørgja for at internasjonalisering blir ein naturleg del av all utdannings og forskingsverksemd ved høgskulen, og ikkje noko som kjem «i tillegg». Tiltak: Internasjonale perspektiv skal vera ein integrert del av alle utdanningsløp Alle studentar ved høgskulen skal få internasjonal kompetanse, og emne- og programansvarlege skal syta for at studentane får ei relevant internasjonal vinkling på sitt fagområde. Studentane skal utfordrast på faglege spørsmål både i internasjonal samanheng og i det nasjonale og regionale fleirkulturelle samfunnet, og det skal vera tilrettelagt for internasjonal utveksling i alle gradsprogram. Tiltak: Auka kompetanse om internasjonalisering blant tilsette For å få til internasjonal vinkling i studia, må dekanar og instituttleiarar gjera dette temaet til ein sjølvsagt del av kompetanseplanlegginga både på tilsett- og instituttnivå. Eit eige emne om integrering av internasjonale perspektiv i undervisninga bør opprettast som eit av dei høgskulepedagogiske tilboda, og vera opent for alle tilsette. 12

32 Tiltak: Styrka den strategiske organiseringa og prioritera internasjonal aktivitet Leiinga må prioritera ei strategisk oppbygging av avdelingane sin internasjonale aktivitet i samarbeid med dei internasjonale koordinatorane. Det må vera fokus på å utvikla og styrka internasjonale faglege alliansar, med sikte på å få til ei sterkare satsing på internasjonal deltaking hjå dei tilsette. Tiltak: Styrka involveringa og ressursar til fagtilsette Høgskulen må systematisk legga til rette for å involvera alle tilsette i den internasjonale satsinga, og motivera dei til fagleg internasjonalt samarbeid. Det er behov for auka ressursar i form av frikjøp av tid til tilsette som ønskjer engasjera seg i internasjonalt samarbeid som til dømes undervisnings- eller studieopphald hjå noverande eller nye partnarar. I denne samanhengen er det naudsynt med ei oversikt over kva samarbeid og engasjement som er i dag, for å til ei meir strategisk satsing og fordeling av midlar til avdelingane. Tiltak: Styrka og vidareutvikla det administrative støtteapparatet Seksjon for utdanning har hovudansvar for administrative og strategiske oppgåver knytt til internasjonalisering i samarbeid med internasjonale koordinatorar på avdelingane. Målet er at dei internasjonale koordinatorane skal vera ein god ressurs med omsyn til informasjon og tilrettelegging for student- og tilsettmobilitet, og samtidig driva ei framsynt og målretta satsing på heile feltet, både på utdanning og FoU- området. Det er behov for meir ressursar for at høgskulen skal bli betre på dette området. Tiltak: Styrka tilbodet for internasjonale studentar Høgskulen skal vera ein attraktiv internasjonal partnar, og for å auka rekrutteringa av internasjonale studentar må me både utvida tilbodet av norske emne som er opne for nordiske studentar og auka tal engelskspråklege emne i gradsutdanningane. Dette vil også bidra til betre integrering mellom norske og internasjonale studentar. Kostnadsvurdering av tiltak Fleire av tiltaka som er føreslegne i denne planen er ei vidareføring eller forbetring av allereie etablerte tiltak, og vi legg til grunn at noverande ressurstildeling til utdanning vert vidareført. På nokre område vert det foreslått ny organisering av arbeidet. Høgskulen gjer det godt på mange område knytt til utdanning, men nokre område skil seg ut med relativt svake resultat. Der er det foreslått eit større løft og særskilt satsing i planperioden. 13

33 1.Studentane skal få tilbod om forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Dei foreslåtte tiltaka føreset vidareføring av eksisterande løyvingsnivå til undervisning. Arbeid med fagleg kvalitet i studieplanar og kvalitetssystemet er integrert i den faglege aktivitet. Å legga til rette for studentdeltaking i forskingsprosjekt kan prioriterast innanfor tildelt ramme. Biblioteket bør tilførast ressursar i perioden til utvikling av undervisningstilbod og internasjonal orientering. Framlegg: Det vert foreslått å halda oppe noverande løyvingsnivå 2.Høgskulen skal rekruttera kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma Omdømmet og gode studietilbod er dei viktigaste faktorane for å rekruttera studentar. I tillegg nyttar høgskulen årleg om lag tre millionar kroner til rekrutteringstiltak. Dette gjeld produksjon og distribusjon av materiell, bruk av studentambassadørar, messedeltaking, og ei betydeleg satsing på annonsering i digitale media. Framlegg: Det vert foreslått å halda oppe noverande løyvingsnivå 3.Høgskulen skal legga tilhøva til rette for utvikling av «den gode læraren» Høgskulen tilbyr kvart år vidareutdanning i høgskulepedagogikk (5 studiepoeng) til høgskuletilsette som manglar slik kompetanse. Det vert nytta om lag , og ordninga har vore finansiert av strategiske midlar. Det er framlegg om utvikling av eit nytt emne til styrking av arbeid med internasjonalisering. Tiltak: Krav om høgskulepedagogisk basiskompetanse Framlegg: Fast løyving kr Tiltak: Søke om å etablere senter for framifrå utdanning Ein søknad om status som senter for framifrå undervisning vil krevja betydeleg innsats i dei aktuelle fagmiljøa og behov for ein administrativ ressurs til å samordna arbeidet og utforma søknaden. Framlegg: 0,5 årsverk i eitt år 4.Kandidatar frå HiSF skal ha utdanning som er relevante for samfunns- og arbeidsliv Meir forpliktande samarbeid med andre institusjonar er ein del av høgskulen sin strategi. Det vil føra til auka kostnader til reiser og planlegging. Samstundes må høgskulen på alle utdanningsområda ha tett kontakt med det arbeidslivet me utdannar for. På nokre område ligg høgskulen heilt i tet når det gjeld arbeidslivskontakt, på andre område må dette utviklast sterkare for å sikra relevans og kvalitet. Framlegg: 0,5 årsverk i eitt år 5.Tilhøva skal leggast til rette for at studentane lukkast i utdanninga 14

34 Høgskulen legg vekt på at studentane skal få ein god studiestart, og at dei kjem fort i gang med studia. Høgskulen nyttar om lag til utprøving av mentorordning for eitt institutt i Tiltaket skal evaluerast før ordninga eventuelt vert vidareført. Høgskulen har arrangert karrieremesse for studentar og arbeidsliv i Sogn og Fjordane i samarbeid med Framtidsfylket og andre aktørar i fleire år. Tiltaket har vore finansiert av strategiske midlar. Det er behov for ei fast løyving til dette tiltaket. Resten av tiltaka føreset vidareføring av eksisterande løyvingsnivå. Framlegg: Årleg løyving til Karrieremesse kr Studentar og tilsette skal oppleve ein framtidsretta digital studiekvardag Ressursane som vert nytta til digital satsing i høgskulen no er henta frå It-gruppa med tillegg av 0,6 årsverk til prosjektet «Digital kompetanse» som er finansiert av strategiske midlar. For å halda oppe satsinga på digital kompetanse, er det behov for fagleg/administrative ressursar til digital utvikling, opplæring og brukarstøtte. Framlegg: 1,4 årsverk til prosjektet «Digital kompetanse» til digital utvikling, opplæring og brukarstøtte til tilsette kr til it-hjelp for studentar (brukarstøtte). Vidareføra nivå på løyvingar til oppdatert it-utstyr og programvare 7.Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF Høgskulen har relativt svake resultat når det gjeld internasjonalisering. Det er behov for styrking av feltet. Tilsette peikar på manglande tid og ressursar til arbeidet som ei viktig årsak. Tiltak: Styrka involveringa og ressursar til fagtilsette Det vert foreslått ein årleg auke i budsjettet tilsvarande to faglege årsverk til frikjøp av tid for fagtilsette. Potten skal fordelast på avdelingane, og nyttast som incentiv for tilrettelegging for den internasjonale satsinga. I skal potten fordelast på avdelingane (etter storleik) der avdelingsleiinga styrer ressursane til sterkare satsing på internasjonal deltaking. Frå vert det tilrådd at løyvinga vert resultatbaserte etter vurdering av oppnådde målsetjingar dei to føregåande åra. Vurdering av tildeling vert gjort av avdelingsleiinga i samråd med viserektor for utdanning og viserektor for FoU for å sikra samsvar mellom internasjonale strategiske målsetjingar innan utdanning og forsking. Framlegg: Ressursar tilsvarande to årsverk til fordeling til fagtilsette Tiltak: Vidareutvikle det administrative støtteapparatet 15

35 Det er stort behov for styrking av det administrative støtteapparatet for å kunne imøtekomma tilsette og studentar sitt behov for betre informasjon slik det kom fram i spørjeundersøkingar blant tilsette og studentar hausten Målet er og at avdelingane sine koordinator skal ha høve til å støtta opp om internasjonalt utviklingsarbeid på si avdeling. Framlegg: Ressursar tilsvarande eitt årsverk fordelt på avdelingane Tiltak: Styrke strategisk internasjonalt samarbeid på utdanning og FoU For å få til tettare samhandling mellom utdanning og forsking om internasjonalisering, er det eit stort behov for ein person som kan ivareta dei meir overordna strategiske oppgåvene. Det vert foreslått å opprette ei stilling på institusjonsnivå som skal vere knytt både til seksjon for FoU og Seksjon for utdanning. Framlegg: Ressursar tilsvarande eitt årsverk til internasjonalt strategisk arbeid med forsking og utdanning 16

36 Høgskulestyret v/ Høgskulen i Sogn og Fjordane Sogndal, 2. juni 2015 Vår ref: Dykkar ref: 15/ Høyringsfråsegn - Strategi- og handlingsplan for utdanning Fyrst av alt er det godt å sjå utdanning vert tatt på alvor av høgskulestyret. Dokumentet inneheld svært mange gode intensjonar og utsegn. Parlamentet gler seg over at høgskulen i dei fleste tilfella har studentane i fokus, noko me trur HiSF tener på. No har ein nyleg vedteke ein ambisiøs plan for forsking, og då er det på sin plass med minst like store ambisjonar for utdanning. Innleiinga dekker i for liten grad kva formålet med strategien er kva vil ein oppnå med den? Bakgrunnen for planen er òg for vag, og det er vanskeleg å sjå kvifor denne planen behøvs. Det er flott at ein forankrar strategien for utdanning i HiSF sin strategiplan, men formålet med strategi for utdanning forsvinn. Parlamentet vil vidare påpeike at «utdanningskvalitet» er meir enn «motiverte studentar som investerer tid og krefter i studiane, som lukkast i utdanningane og som trivst på studiestadene våre». Utdanningskvalitet kan også sjåast som «i kva grad utdanningsinstitusjonen legg til rette for, og arbeider med at alle aspektar ved studiet bidrar til å nå det læringsutbyttet og mål som et satt for studiet.» Vidare i innleiinga er det viktig å få med HiSF sin strategiske posisjon med tanke på utdanning. Planen ser i stor grad ut til å vere tilpassa KD sine ynske i strukturmeldinga, og tek ikkje høgde for dei tinga KD ikkje har med i meldinga. Dokumentet visar i stor grad kva me må bli betre på, og parlamentet saknar ei satsing og vidareutvikling av kva me faktisk er gode på. HiSF må forsetta og utvikla seg i den retninga me har best vilkår for å lukkast. Vegen fram mot dei måla me er svake på i dag kan bli long, det betyr ikkje at me skal legga dei frå oss, men me lyt òg prioritera dei sakene me alt er svært gode på. Er de einige i dei sju mål- og handlingsområda? Dei sju punkt høgskulen har vald å trekke fram, bør summerast opp i strategiens innleiing på same måte som i saksframlegget. Elles meiner me måla ikkje bør settast opp i prioritert rekkefølgje, men heller som likestilte kulepunkt likevell støtter parlamentet at internasjonalisering kan stå øvst som eit signal til departementet. Strategiplanen bør i større grad presentere alle problemstillingane rundt utdanningskvalitet, ikkje berre dei me treng kraftig forbetring på. Under ser de parlamentets forslag til punkter som bør være med i planen. Ein del av desse punkta er alt ivareteke av planen slik den føreligg i dag, men noko må utdjupast. Internasjonalisering og mobilitet Undervisningskompetanse Heilskap i utdanningsløpet Studentparlamentet v/høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 Sogndal Telefon: parlament@hisf.no

37 Studieløpets faglige innhald Faglig oppfølging og vegleiing Varierte lærings- og undervisningsformer Varierte og relevante vurderingsformer Studentdeltaking og medverknad i forsking og undervisning Tilpassa og fleksibel utdanning Infrastruktur og læringsmiljø Internasjonalisering og mobilitet Mål: Alle studieprogram skal ha eit internasjonalt fokus som ein naturlig del av innhaldet. Det omfattar både i kva grad studiet heime i Noreg har et internasjonalt fokus, og i kva grad høgskulen legg til rette for integrering av innvekslande studentar og opplyser om utvekslingsmogligheiter. Studiar som er internasjonalt orientert bidreg til nye perspektiv, kunnskap og kompetanse. Det er viktig at høgskulen tilbyr utvekslingsopphald som er kvalitetssikra og gjev studentar mogligheit for faglig utvikling. Rekruttering av internasjonale forskarar kan gje studentane nye perspektiv og andre måtar å sjå faget på, noko som vil bidra til å utvide studentane sin faglige forståing. Tiltak: Høgskulen skal fokusere på andelen utvekslande og innvekslande studentar Høgskulen skal ha ein integreringsplan for innvekslande studentar Pensum lyt vera både på norsk og andre språk Høgskulen må opprette strategiske samarbeid og fellesgrader med utanlandske institusjonar og fagmiljø Undervisningskompetanse Mål: Både fagleg- og pedagogisk kompetanse blant dei som vegleiar og underviser studentar påverkar graden av læring og motivasjon hjå studenten. Difor treng insentiv for å drive god utdanning. Dette kan inkludere at det ved nytilsetting av vitskapeleg og faglig tilsette skal stillast et minimumskrav om basiskompetanse i høgskulepedagogikk. I tillegg skal det gjennomførast fagfellevurdering av undervisninga kor òg studentar skal involverast. Undervisnings- og formidlingskompetanse skal vektleggast ved tilsettingar og forfremming på lik linje med forskingsaktivitet. Studentane bør i løp av studietida få trening i å formidle eige fagleg arbeid, slik at dei står betre rusta til arbeidsliv eller vidare akademisk karriere. Tiltak: Gjennomføre fagfellevurderingar av undervisninga Oppnå minimumskrav for høgskulepedagogikk og fagdidaktikk Trena studentane i formidling av dei ulike faga Studentparlamentet v/høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 Sogndal Telefon: parlament@hisf.no

38 Heilskap i utdanningsløpet Mål: Høgskulen må legga til rette for at studentane på best moglig måte kan anvenda faget sitt gjennom vitskaplig arbeid og fagkritisk engasjement. Det er viktig at studieprogramma er laga i tråd med internasjonale standardar for å sikre ei god oppbygging av studieløpet og gjennomføring på normert tid. Tiltak Trena studentane i aktiv fagkritikk og kritisk tenking. At man i løpet av studiet opplever eit aukande faglig nivå og spesialisering innafor sitt fagområde. Studieløpets faglige innhald Mål: Høgskulen skal uavhengig av fagretning, gje studentane perspektiv, kunnskap, ferdigheter og kompetanse som er relevante for utdanning og arbeidslivet. At studentane er ute i praksis gjev ei verdifull erfaring med å anvende kunnskapen man har lært i studiet og gir arbeidslivet kjennskap til kva kunnskap studentane sit på. Det bidreg til å knyte høgskulen, studentane og arbeidslivet tettare samen. Gjesteførelesarar frå arbeids- og næringsliv kan verke inspirerande og gje studentane innsikt i korleis arbeidslivet ser ut og kva utfordringar dei står ovanfor. Tverrfaglegheit gjev studentane breiare perspektiv enn om ein kunn held seg i eige fagmiljø. Tiltak Tilby praksisordningar på alle studiar. Nytte gjesteførelesarar frå arbeids- og næringsliv aktivt i det faglige opplegget. Pensum oppdatert på den nyaste forskinga. Sørgje for at alle studiar skal ha minst eit emne som avhaldas saman med andre studieprogram Faglig oppfølging og vegleiing Mål: Det bør gjennom heile studieløpet leggast til rette for ein faglig dialog mellom studentar og fagleg tilsette. Alt av fagleg arbeid studentane skal vurderast på skal òg kome tilbake med grunngjeving. Ved starten av studieåret skal alle studentar bli tildelt ein mentor. Hyppige arbeidskrav og andre typar vurdering kan vere grunnlag for den oppfølginga og vegleiinga studentane får av sin mentor. Studiebarometeret skal vere eit grunnlag for vidare arbeid med dette. Tiltak Mentorordning for alle studentar. Obligatorisk tilbakemelding på faglig arbeid, tilbakemeldinga skal føregå personlig der det let seg gjere. Bruk av studentassistentar i alle utdanningar Varierte og relevante vurderingsformer Studentparlamentet v/høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 Sogndal Telefon: parlament@hisf.no

39 Mål: Vurdering av studentanes kunnskap, kompetanse og ferdigheter skal ikkje vere ein isolert del av utdanningsløpet, det skal vere ein integrert del av læringsprosessen. Det inneberer at studentane skal ha hyppige vurderingar slik at slutteksamen ikkje tel åleine. For å knytta utdanning og arbeidsliv tettare samen skal høgskulen legge til rette for at studentane kan skrive oppgåver i samarbeid med arbeidslivet. Tiltak Slutteksamen skal aldri være tallande åleine, med unnatak av større avhandlingar. Varierte vurderingsformer, minst 4 ulike former i løpet av ei grad. Oppgåver i samarbeid med arbeids- og næringsliv. Varierte lærings- og undervisningsformer Mål: Alle emnar skal legge opp til variasjon i læringsmetodar, då ein veit at det fremmar læring. For å oppnå eit godt læringsutbytte er god og tilstrekkelig individuell vegleiing og faglig oppfølging nødvendig. Undervisning i auditorium med et stort tal studentar er ein billig måte å drive undervisning på, og bør aldri vere einaste undervisningsform i et emne. Høgskulen må i større grad taka i bruk digitale verktøy i undervisninga. Tiltak Undervisning som opnar for faglig dialog mellom studentar og fagleg tilsette. Nye og varierte undervisningsformer med vekt på bruk av digitale verktøy Gjesteforelesingar frå arbeids- og næringsliv Studentdeltaking og medverknad i forsking og undervisning Mål: For å realisera forskingsstrategiens ambisjonar lyt høgskulen legga til rette for at alle studentane har mogligheit for å delta i eit forskingsprosjekt i løpet av gradsstudiet. Studentane skal kunne påverke korleis eige studie er lagt opp. Tiltak Deltaking i forskingsprosjekter. Medverking i utforming av studiet. Tilpassa og fleksibel utdanning Mål: Læringsutbytteskildringar og læringsmål setter krav til kva studentane skal kunne etter utdanninga. Digitalisering opnar for nye mogligheiter for ein meir fleksibel utdanning. Undervisning og andre læringsformer må tilpassa seg studentane slik at dei områda studentane er svake vert prioritert ekstra i undervisninga. Det inneber ikkje å senka faglige standarar. Digitalisering ligg etter, men digitale verktøy vil i all overskodeleg framtid vera det studentane møter i arbeidslivet. Høgskulen bør difor fokusera på følgjande Tiltak: Høgskulen skal utarbeida ein eigen plan for bruk av digitale verktøy ved institusjonen. PC skal vere hovudverktøyet ved av skriftlege eksamenar. Studentparlamentet v/høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 Sogndal Telefon: parlament@hisf.no

40 Høgskulen skal aktivt ta i bruk MOOCs eller andre læringsplattformer som kan supplera studietilbodet. Infrastruktur og læringsmiljø Mål: Studentane si læring påverkast av dei ressursar og omgjevnadane dei møter ved høgskulen. Det er nødvendig med bygg og infrastruktur med god kapasitet og som gjev godt miljø, inspirasjon, plass og motivasjon for læring og faglig utfolding. Studentane er avhengig av tilgong til akademiske artiklar og ressursar, som inneber blant anna gode bibliotektenester og ei auka satsing på Open Access. Det fysiske læringsmiljøet og læringsarealet må tilretteleggjast for studentinvolvering i læringsprosessen. Dei IKT-tenestene ein nytter må tilpassast slik at faglige diskusjonar, deling av artiklar og opptak av førelesning er moglig. Tiltak Læringsareal tilpassa varierte undervisningsformer. Universell utforming av all infrastruktur. Tilrettelegging for bruk av IKT-baserte tenester. Generelt saknar me handlingar og strategi på områder kor me alt er i toppsiktet. Ein kan ikkje setta dei til sides sjølv om resultata per i dag er gode. Korleis vurderer de dei prioriterte tiltaka og behovet for ressursar? Parlamentet saknar at tiltaka i planen er meir konkretet. Slik det står i dag er fleire av punkta berre oppramsingar av kva ein ser som viktig og ikkje konkrete tiltak til kva høgskulen ynskjer å gjere. Skal planen ha noko for seg og vera ein «motpol» til strategiplan for forsking og utvikling er ein nøyd for å vere meir spesifikk i kva ein ynskjer å gjere, og ikkje berre ramse opp kva som er bra. Med venleg helsing for styret i Studentparlamentet Tollak Mikal Kaldheim Studentparlamentet v/høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 Sogndal Telefon: parlament@hisf.no

41 Fra: Helge Hustveit Sendt: 4. juni :49 Til: Bente Sønsthagen Kopi: Kari Thorsen; Tarald Seldal; Eli Nummedal Emne: Strategi- og handlingsplan for utdanning - fråsegn frå AIN Det er ikkje vanskeleg i hovudsak å slutte seg til dei 7 mål- og handlingsområda i planen. Finansieringa av tiltaka lyt, slik vi ser det, bli dekka innanfor ramma for utdanningsbudsjettet. mvh Helge Hustveit Dekan Avdeling for ingeniør- og naturfag Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks Sogndal Tlf: Mob:

42 Vår sakshandsamar Sara Terese Osland, tlf. notat 1 av 4 Vår dato Vår referanse / Til Seksjon for utdanning Høyringsuttale frå AHF på Strategi for handlingsplan for utdanning Arbeidet med høyringa ved AHF: Framlegg til strategi- og handlingsplan vart sendt ut til alle i avdelinga med frist for innspel den AHF sitt leiarmøte den gjekk gjennom innkomne svar, hovudpunkta i høyringssvaret vart presentert og drøfta på felles instituttmøte den I høyringssvaret vil vi starte med nokre overordna innspel på dokumentet, før vi går inn på dei ulike punkta. Avdeling for helsefag (AHF) ser på framlegg til strategi- og handlingsplan som eit viktig arbeid for Høgskulen. Overordna innspel: Strategi- og handlingplanar ved høgskulen må byggast opp etter lik struktur. Dette inneber at strukturen for strategi og for handlingsplan for FoU må ligge til grunn for tilsvarande plan for utdanning: 1) Strategi for undervisning, 2) Handlingsplan med tiltak for undervisning, 3) Vurdering av kostnadar Om 3) Vurderingar av kostnader. Dei reelle kostnadane med implementering av planen må synleggjerast, dette gjeld behov for auka ressursar ved allereie etablerte tiltak Det er behov for ytterlegare konkretisering av tiltaka Det er viktig at formuleringar i planen kan kjennast att for tilsette i heile høgskulen, både Campus Fosshaugane og Campus Førde Rekkefølgja i dokumentet bør endrast slik: 1. Høgskulen skal ha eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram med relevans for samfunns- og arbeidsliv 2. Høgskulen skal rekruttere mange kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma 3. Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av den gode læraren 4. Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet 5. Høgskulen skal møta forventninga om ein digital studiekvardag 6. Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF 7. Høgskulen skal vera blant UH-institusjonane med best gjennomføring på normert tid Spesifikk til innhaldet: Side 1: Rekruttering til master- og vidareutdanning er tilfredstillande. AHF meiner at det ikkje er god nok rekruttering til masterutdanningar. Vidareutdanningar er dei siste åra blitt salderingspost. Side 3: Tiltak: Styrke organiseringa og prioritere internasjonal aktivitet AHF meiner at dette punktet må samordnast med FOU-planen Postadresse Avdeling Besøksadresse E-post Telefon Telefaks Høgskulen i Sogn og Fjordane Institutt for post@hisf.no sjukepleieutdanning Postboks 133, 6851 Sogndal SOGNDAL

43 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 2 av 4 Vår dato Vår referanse / Side 3: Tiltak: Auka ressursar til fagtilsette: I strategien bør det konkretiserast kva ressursar som føreligg (Erasmus, Norplus osv.) Side 5: God tilgang til moderne it- løysingar: Moderne digitalt utstyr er ulikt fordelt mellom Sogndal og Førde. Campus Førde skal rustast opp til same nivå som Sogndal, og at i framtida skal digitalt utstyr, IT støtte og opplæring vere likeverdig på begge Campusane. Side 5: Gje studentane digital forståing- «lære å lære» AHF meiner at digital kompetanse skal vere ein integrert del av studie- og emneplaner og undervisningsaktiviteten ved Høgskulen. Lærarutdanninga vert trekt fram i framlegget til strategi- og handlingsplan for undervisning. AHF vil presisere at helsesektoren er kanskje den sektoren med dei største utfordringar knytt til digitalisering og teknologi. For denne gruppa arbeidstakarar handlar digital kompetanse ikkje minst om pasientsikkerheit. Om studentane vi utdannar skal bli gode yrkesutøvarar må dei møte læringsmiljø ved HiSF som oppmuntrar til bruk av digitale læremiddel, slik at studentane får opparbeidd kompetanse innanfor bruk av ulike digitale hjelpemiddel. Bruk av ulike typar teknologi er hensiktsmessig for sjukepleiarar i virtuelle praksisfellesskap, men vi ser at sjukepleiarane har for liten digital kompetanse for bruk av teknologi i kliniske praksissamanhengar. Ved elektronisk føreskriving av legemiddel viser det seg at det er nødvendig at helsepersonell har digital kompetanse for å unngå feil som kan gje alvorlege konsekvensar for brukarane. Utvikling og implementering av helse- og velferdsteknologi og medisinsk teknisk utstyr krev at studentane i sjukepleie og helsefagleg vidareutdanningar får erfaring i bruk av slikt utstyr. Kravet til innovasjon i utdanninga krev også at studentane får opplæring i og deltek utvikling av helse- og velferdsteknologi. Studentane som gjennomfører utdanning på høgre nivå har erfaring med digitale læringsformer frå vidaregåande utdanning. Derfor er det viktig at alle utdanningane kan tilby varierte og engasjerande læringsaktivitetar, der digitale læringsformer er sentrale. Aktuelle tiltak vil vere innkjøp av programvare til bruk i samband med opplæring i bruk av elektronisk pasientjournal, handhaldte einigar (nettbrett eller liknande), telemedisinske løysingar, velferdsteknologiske løysingar som ofte vert styrt av komplekse datasystem osv. Side 6: Tiltak: Krav om pedagogisk kompetanse. AHF meiner det er positivt at tilbodet om pedagogisk utdanning vert gjort til ei fast ordning. I tillegg bør det vere med eit punkt om utvikling av pedagogisk kompetanse hos fagtilsette med lengre ansiennitet. Dette bør innebere både tilbod om pedagogisk utdanning og kollegarettleiing. For å styrke den pedagogiske kvaliteten har HiSF har etablert Masterforum og ved AHF er det etablert Pedagogisk forum for bachelorutdanninga i sjukepleie. AHF meiner vidare at dette bør HiSF vidareutvikle og etablere pedagogiske forum for allle bachelor- og vidareutdanningar. Side 6/7: Tiltak: Søke om å etablere senter for framifrå utdanning. AHF stiller seg undrande til at det er valt ut ei utdanning (lærarutdanning) som gjenstand for å søke etablering av senter for framifrå utdanning, utan at dette har vore diskutert i organisasjonen. AHF meiner at dersom ei utdanning skal trekkast fram, må det også vere relevant å trekke fram og vurdere andre utdanningar. Sjukepleieutdanninga, både heiltid og samlingsbasertt ligg i landstoppen på Studiebarometeret samanlikna med sjukepleieutdanningar i øvrig UH-sektor. Sjukepleieutdanninga ligg også høgst i alle parameter i kandidatundersøkinga, som er ei intern undersøking i HiSF. Også vidareutdanningane og Samhandlingsmasteren skorar høgt på evalueringar.

44 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 3 av 4 Vår dato Vår referanse / AHF og institutt for ingeniørfag har starta eit samarbeid for auka kompetanse og utvikling av helse og velferdsteknologi, der studentar på tvers av utdanningane skal jobbe i lag om prosjekt. Dette er fagmiljø som må kunne vurderast for å utvikle seg vidare til «framifrå kvalitet og innovativ praksis» Side 7: Tiltak: Sikre relevans gjennom tett kontakt med arbeidslivet: AHF meiner det er relevant å gå meir inn på dei samarbeidspartane dei ulike avdelingane har med lokalt og regionalt arbeidsliv. Side 8: Felles rutinar for kvalitetssikring av praksis. Dette punktet må flyttast over til målet: Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet. Praksistudier i utdanningane våra er ein ein del av utdanninga. Sjå elles kommentar «Side 9/10» Vidare vil vi kommentere følgjande sitat: «( ) Me må samtidig sørge for god opplæring av alle praksislærarar og tydeleggjera ansvarsforholdet mellom dei og høgskulen». AHF stiller spørsmål om dette punktet er avgrensa til lærarutdanningane, der praksislærarar er lærarar frå studentane sin praksisarena som er tilsette som praksislærarar. Ved helse- og sosialfagutdanningane er praksislærarane (oftast lektorar) tilsette i Høgskulen og har både praksis- og teoriundervisning. AHF meiner det er viktig å frå fram behovet for å fremje eit godt samarbeid med praksisfeltet og å tilby gode rettleiingsutdanningar og opplæring for praksisrettleiarar (som innan vårt felt er tilsette i praksis og ikkje betalt av høgskulen for studentrettleiing). Side 9: Vidareutvikle karrieresenteret sitt tilbod om karriererettleiing: AHF meiner at eit viktig tiltak er å tilby dei same tilboda ved Campus Førde når det gjeld rettleiing på karrieremoglegheiter, jobbsøkarkurs, intervjutrening mm. Pr. i dag har ikkje studentane i Førde dette tilbodet. Studentane frå Campus Førde, sjukepleieutdanninga si tilbakemelding om karrieremessa er at det er få aktuelle bedrifter som er relevante for dei. Det er fremma ynskje om ei eiga karrieremesse i Førde. Dette bør vurderast. Side 10: Gjera studentane kvalifiserte til å forstå og bruka forskingsmetodar. AHF meiner at studentar på bachelor- og masternivå ikkje skal læringsutbyte om forskingsleiing. Dette ligg på PhD nivå. Side 9/10: AHF meiner det må inn eit nytt punkt: Praksisstudia skal vere kunnskapsbasert. Dette betyr å ta i bruk kunnskap basert på forskning-, erfaring og pasientar/brukarar sine ynskje og behov i en gitt situasjon. Studentar sine praksislærarar skal ha kompetanse på masternivå, og HiSF skal arbeide systematisk for å heve praksisrettleiarane sin rettleiingskompetanse og tilby relevant vidareutdanninga. Ressursane må vere i samsvar med Nasjonale rammeplanar/forskrift for dei aktuelle profesjonsutdanningane. Nasjonale rammeplanar for profesjonsutdanningar stiller krav til høgskulen sine fagtilsette om å vere tilstade og rettleie studentar i praksisstudiar. Ressursbehovet for å gi kunnskapsbasert praksisopplæring inneber at høgskulen må sjå ressursbehovet i forhold til kor mange og kva innhald det er i praksisstudiet. Side 11: Vidareutvikle samarbeidet med studentsamskipnaden og vertskommunane. AHF meiner det er viktig å utvikle samarbeidet med vertskommunane for å auke studenten sin trivsel på studiestaden. Side 12 Mål 1. Tiltak 1. AHF meiner at Forskingsaktivitet med internasjonalforankring høyrer under FOU plan. I staden bør det komme inn eit tiltak: «Utdanningsprosjekt med internasjonal forankring». Deltaking i og utvikling av internasjonale utdanningsprosjekt er viktig for å sikre at utdanningane våre er på internasjonalt pedagogisk nivå. AHF meiner positivt at løyvingane her er føreslått auka, då det vil vere vanskeleg med ei god strategisk satsing utan at det følgjer med midlar.

45 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 4 av 4 Vår dato Vår referanse / Side 13: Mål 2 Tiltak: AHF meiner at det det må vere eit tiltak som går på å ruste opp utstyr til digitale læringsaktivitetar på Campus Førde til same nivå som Sogndal, og at i framtida skal digitalt utstyr, IT støtte og opplæring vere likeverdige på begge Campusane. Med helsing Eva Marie Halvorsen Dekan AHF Kopi til

46 Høyringsuttale frå ALI, Strategi og handlingsplanen for utdanning Einige i dei sju mål- og handlingsområda? Ein strategi- og handlingsplan for utdanning må treffe ei målsetjing om å gjere utdanningane våre så gode som mogeleg. Gode utdanningar byggjer på oppdatert forsking og er relevante. Gode utdanningar gir gode studentresultat. ALI sitt syn er at dei 7 punkta byggjer opp under dette. I tillegg kan gode utdanningar karakteriserast av at dei legg grunnlaget for den livslange læringa og utviklinga som studentane skal gå gjennomgå i yrkeslivet og i samfunnet dei går ut i. I dette ligg viktige målsetjingar ved utdanningane som innovasjon, entreprenørskap og danning. Desse målsetjingane kunne vore meir synlege i planen, enten som eige punkt eller tydelegare innarbeidde i dei sju. Innovasjon og entreprenørskap er med som tiltak under mål 4, men då innretta mot innovasjon og nyskaping i sjølve utdanningane og ikkje som innhaldselement og læringsutbyteformuleringar i studiane. Ein vil og peike på at punkt 3, «høgskulen skal legge til rette for utvikling av den gode læraren», ser ein på som det viktigaste og overordna punktet. Dei andre punkta er i stor grad punkt som byggjer opp under kompetanseutvikling av den fagtilsette, eller punkt som er resultat av gode utdanningar. Vi går ut frå at nummereringa av tiltaka ikkje er sett opp i prioritert rekkjefølgje. 2. Vurdering av tiltaka og behovet for ressursar Mål 1. Internasjonalisering skal vere ein integrert del av all verksemd ved Hisf Innspela som er komne inn i høyringsrunda og diskusjonane på ALI kan summerast opp slik: - Det blir påpeika at det nordiske perspektivet må gjerast meir tydeleg, og særleg bør Nordpluss framhevast. - Internasjonalisering må forankrast tydelegare både fagleg og administrativt før ein set inn auka ressursbruk. For studentmobilitet kan det til dømes vere ein premiss for ekstra økonomisk støtte at kvart institutta skal ha gjort klare avtaler med eit antal partnarinstitusjonar der studentane får førehandsgodkjend bestemte emne under opphaldet, eller avtaler om praksis. ALI meiner at det skal gjerast tydeleg under tiltaka at auka ressursbruk til mobilitet, skal dreie seg om å utvikle og halde aktive eit bestemt tal partnarinstitusjonar knytt til utdanningane på instituttet. Det bør lagast tydelege oversikter over slike institusjonar for kvar utdanning forankra i avtaler. - Internasjonalisering i all fagleg aktivitet: Tiltaksformuleringa kunne vore meir retta mot korleis ein kan få gjennomført tiltaket. Til dømes gjennom eit styrt leiarinitiert prosjekt på heile høgskulen der dette vart særleg fokusert. - Engelskspråklege emne: Tiltaksomtalen kunne vore meir konkret på kva slag prosess ein kan gjere for å få fram fleire engelskspråklege emne. Til dømes lyse ut eit prosjekt til fagmiljø som vi prøve ut. Generell kommentar og oppsummering: Tiltakspunkta kunne i større grad peika på framlegg til leiarinitierte prosessar eller konkrete tiltak/prosjekt for å nå målet, og som syner kva ekstra ressursinnsats kan gå til.

47 Mål 2. Høgskulen skal møte forventinga om ein digital studiekvardag Tiltaka i høyringsutkastet viser under dei fleste tiltaka til prosjektet «Digital kompetanse», som har hatt aktivitet i nokre år. Prosjektet har m.a. hatt i seg opplæring av tilsette. Norgesuniveristetet sin monitor- Digital tilstand i høgre utdanning 2011, peikar på at digitalt kompetente lærarar får studentane til å bli aktive i eiga læring. Det krev teknologiske løysingar integrerte i fagdidaktiske opplegg. ALI meiner det er eit godt tiltak å vidareføre prosjektet Digital kompetanse» slik det er omtala i planen. Men det kunne vore tydelegare konkretisert kva retning prosjektet skal ta framover i samhandling med avdelingane. Til dømes kan det initierast leiarforankra prosessar på høgskulen for å utvikle tydelegare ikt-forankring i emneplanar, i arbeidskrav og i vurderingsformer og eksamen. Kunne ein til dømes krevje at alle utdanningane utviklar eigne strategiar for bruk av IKT i utdanningane tilpassa eigenarta? Det er og kome innspel på at studentane som følgje av at dei nyttar eige utstyr til eksamen og undervisning, vil ha meir behov for støtte og kontroll av maskiner til eksamen, men mindre behov for investering i utstyr til studentane. Det blir og peika på behov for brukarstøtte til studentar som arbeider med meir avanserte dokument i bachelor- og masteroppgåver. Generell kommentar: Ein prosess på høgskulen der einingane utviklar klarare planer forankra i utdanningar og institutt,som heng saman med overordna planer gjennom prosjektet «Digital kompetanse», vil gjere meir synleg kva auka ressursar bør gå til. ALI sitt syn er at auka satsing på digitale eksamenar og digitale eksamensformer, er eit sterkt verkemiddelet for å utvikle både den digitale læraren og digitale studenten. Det bør byggjast tungt inn i prosjektet Digital kompetanse, og gjerast tydeleg i strategiplanen. Men det er ikkje nok. Det tyngste fokuset må vere på IKT og læring, dvs. samspelet mellom fag, didaktikk og teknologi. Det må kome tydeleg fram i prosjektet, og knytast ressursar til. Mål 3. Høgskulen skal leggje tilhøva til rette for utvikling av den gode læraren ALI støttar framlegga til tiltak, som er konkrete. Ein gir sterk støtte til framlegget om å innføre felles obligatorisk opplæringsprogram på høgskulen for nytilsette, med mentor eller kollegarettleiing frå eige institutt. Men dette målområdet heng tungt saman med andre målområde, og kunne vore løfta fram som eit særskild satsingsområde som både inkluderer internasjonalisering, fou-aktivitet, og digital kompetanse. Målområdet er og viktig for å oppfylle seinare målområde som rekruttering, gjennomstrøyming m.fl. Ein kunne difor ønska ein tydelegare felles ambisjon på høgskulen om å løfte undervisaren. Det kunne til dømes vore gjort i form av eit høgskuleprosjekt med fokus på god undervisning, systematisk eksperimentering med undervisningsmetodar, eksperimentering med undervisningstilrettelegginga og studentane sine arbeidsformer, kollegarettleiing og tilbakemelding, m.m. Ein kan vurdere tiltak som til dømes obligatorisk kollegarettleiing. Høgskulen har utvikla UHpedagogiske kurs, som meir systematisk kunne vore del av ein strategi for å løfte undervisninga. Ein kan til dømes lyse ut forskingsmidlar for å finne samanhengar mellom former for undervisningstilrettelegging, studentresultat og studentarbeidsinnsats. Under dette målområdet kunne ein og ta med eit punkt om nyrekruttering av gode lærarar og strategiar for det.

48 Mål 4. Høgskulen skal ha eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram med relevans for samfunnsog arbeidsliv ALI støttar framlegga til tiltak. Men viss det skal bli meir enn gode intensjonar bør og dette bli ei samla og koordinert Hisf- satsing, og ikkje overlate berre til dei enkelte avdelingar og institutt. For kvart av tiltakspunkta bør det utviklast konkrete handlingsplaner med utspring i institutta og avdelingane. Ein foreslår at det blir bygd inn i strategien. Mål 5. Høgskulen skal vere mellom UH-institusjonane med best gjennomføring på normert tid. Ein generell kommentar til eit par av tiltaka i dette punktet: Nære relasjonar og tett på blir framheva som eit pluss i dag. Det er viktig at ein i framtida ikkje gjennomfører sentrale tiltak som tek frå dei fagtilsette ansvar og interessa for å vere tett på studentane. Den nye mentorordninga kan medføre at faglærarane ikkje ser det som så viktig lenger å vere slik støtte fordi det blir ivareteke av studentmentorar. (Det er og kome innspel frå eit fagmiljø på å finne eit anna omgrep enn mentor i denne samanhengen). Ein bør ikkje vidareføre denne piloten utan skikkeleg evaluering. Ei tyngre sentralisering av karriererettleiing av studentane, kan og medføre færre møtepunkt der faglærar og student er i dialog utanom i klasserommet, og svekke tett på-tradisjonen. Mål 6. Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Ein er litt usikre på om det er foreslått ressursar til mål 6. Ressursar til mål 6 (s. 114) høver med tiltak under mål 3, og er ein trykkfeil? Tiltaka under mål 6 er ei heilt OK opplisting av område å vidareutvikle under fou i utdanningane. Det ein kunne ønska var eit tydelegare signal om kva leiarstyrde prosessar ein bør gjere på heile Hisf samla og koordinert for å gjere ei meir kraftfull satsing på dette i samanheng med den strategiske planen for fou. Til dømes noko om korleis vi kan få i gong prosessar som kan skape forskingssatsingar som er endå tettare på utdanningane og som inkluderer studentar i endå sterkare grad. Tiltakspunktet om å kople fou-kompetanseprogrammet for tilsette med at studentar og kan få delta, er eit godt døme på korleis ein kan byggje bruer mellom utdanningane og fou-satsing. Mål 7. Høgskulen skal rekruttere mange kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma ALI er samd i tiltakspunkta, og her er fleire konkrete døme på oppfølgingspunkt. Oppfylling av mål 7 vil særleg vere eit resultat av gode utdanningar, og heng difor saman med oppfyllinga av alle måla i planen. Generelt for alle målområda: Planen kunne vore meir konkret på kva slag leiarforankra prosessar ein kan setje i verk samla ved alle einingane på høgskulen samstundes for å skape sterkast mogeleg påtrykk og støtte i å oppfylle tiltakspunkta. Ein må unngå fragmentering av dei viktigaste tiltaka der institutt og avdelingar blir overlatt til seg sjølve. Det kunne vere ønskjeleg å samle fleire av tiltakspunkta som grip inn i kvarandre i nokre store overordna prosjekt og satsingar som blir styrd på tvers i organisasjonen, og knyte økonomiske ressursar til dei i staden for til målområda. Dekan

49 Vår sakshandsamar Cecilie Thaule Løvlid, tlf notat 1 av 4 Vår dato Vår referanse / Til Bente Sønsthagen Høyringsuttale frå ASF til strategi- og handlingsplan for utdanning Vi har i dette høyringssvaret samanfatta dei viktegaste innspela frå avdelinga til framlegg til Strategi -og handlingsplan for utdanning Vi hadde høyringsmøte 27.mai, med god deltaking og godt engasjement frå dei tilsette. Høyringssvaret er inneheld ein generel kommentar før vi kommenterer somme av måla særskilt. Generelle kommentarar til planen: ASF ynskjer ein strategi- og handlingsplan for utdanning velkomen, og er samde i utpeikinga av internasjonalisering, digital utvikling og kompetanseutvikling som svake område vi må arbeide særleg med. Avdelinga etterlyser likevel ein meir konkret og målretta plan, der vi vågar å vera strategiske og gjera prioriteringar. HiSF sit på ei mengd data om studentane som studerer ved høgskulen. FS inneheld data om våre tidlegare og noverande studentar. Og vi har t.d. spørjegranskingane studiebarometeret.no på nasjonalt nivå, og rekrutteringsundersøkinga og kandidatundersøkinga lokalt. HiSF må ta i bruk desse og ut i frå dette setje inn tiltak for kvalitetsbetring. Vi bør ta ned talet mål og våge og prioritere mellom dei store utfordringane. Strategi- og handlingsplanen for utdanning bør vere meir konkret og spesialisert mot dei ulike utdanningane og måla. Kvar er vi, kva vil vi og kva midlar skal vi setje inn for å kome dit? Kommentar mål 1: Internasjonalisering skal vere ein integrert del av all verksemd ved HiSF Data syner at HiSF er svake på internasjonalisering. Eit konkret framlegg frå ASF er å satse på forpliktande samarbeid med nokre få nordiske institusjonar og etablere gjensidige utvekslingsavtalar (både tilsett- og studentmobilitet) med desse. Dette kan gjera at utvekslingsopphald vert aktuelt for fleire av våre studentar, og også gjere det lettare å rekruttere innreisande studentar. Eit tettare samarbeid med nordiske institusjonar vil også gjere tilsettmobilitet lettare tilgjengeleg, både når det gjeld undervisingsopphald, samarbeid kring forskingsprosjekt og i marknadsføringa av HiSF. Ei tverrfagleg internasjonal mastergrad, som rekrutterer både norske og internasjonale studentar, kan vera ei målsetjing for arbeidet med engelskspråklege emne ved HiSF. Tilsette frå ASF er allereie i gang med å drøftingar kring dette, i samarbeid med andre avdelingar. Når det gjeld tiltak for utarbeiding av mindre nye engelskspråklege emne er det på avdelinga både interesse for, og konkrete idear kring, dette. Ei slik satsing krev tilførsel av midlar og strategi- og handlingsplanen bør i større grad vere konkret på korleis midlane skal tildelast på institusjonen. ASF ser Postadresse Avdeling Besøksadresse E-post Telefon Telefaks Høgskulen i Sogn og Fjordane Avdeling for Fossvegen 6 post@hisf.no samfunnsfag Postboks 133, 6851 Sogndal SOGNDAL

50 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 2 av 4 Vår dato Vår referanse / det som viktig at midlar til internasjonalisering i størst mogleg grad ligg til avdelingane for å sikre at vi er tett på fagmiljøa. Internasjonalisering er også ein naturleg del av forskings- og utviklingsarbeid, og auka fokus på internasjonalisering i FoU-arbeidet vil auke medvitet om internasjonalisering i undervisninga. Det er viktig at vi ser alle strategi- og handlingsplanar i samanheng. ASF kjem også med framlegg om at internasjonalisering kan vere eit tema for høgskulepedagogiske tiltak, der vi har fokus på arbeidet med å integrere internasjonaliseringsperspektivet i undervisninga. Vi viser elles til høyringssvaret vårt til Strategi- og handlingsplan for internasjonalisering (vedlegg 1). Kommentar mål 2: Høgskulen skal møta forventninga om ein digital studiekvardag Styrka digital kompetanse har det vore retta merksemd på over tid i HiSF. ASF syns denne planen har gode framlegg til tiltak. For å lykkast med å nå måla med å møte forventningar om ein digital studiekvardag, må det nok jobbast enda meir aktivt mot fagmiljøa. Arbeidet krev både holdnings- og kulturendring i fagmiljøa og ressursar for å lykkast. Leiarane sitt ansvar kan godt synleggjerast meir her. Skal ein lykkast med digitalisering krev det klare prioriteringar av ressursar, samt utvikling av god fagleg støtte for tilsette. I strategiplanen står det at vi skal vere i forkant når det gjeld å ta i bruk ny undervisningsteknologi. Ein sterkare delingskultur kring bruk av nye digitale verktøy bør settast i system om vi skal kunne nå dette målet. Kommentar mål 3: Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av den gode læraren Pedagogisk kompetanse ved tilsetjing ser ASF på som sentralt og avdelinga har god erfaring med å gjennomføre prøveforelesingar hjå alle. Dette bør det vere eit krav om i heile høgskulen. Det er i dag krav om at nytilsette utan denne kompetansen må ta 15 studiepoeng i pedagogikk innan tre år. Slik det står no ser dette ut som eit nytt tiltak. Det bør stå vidareføring av ordninga med dette og så bør det vere fokus på leiaroppfølging og gode system for rapportering av dette kravet. ASF ser positivt på eit godt utvikla nytilsettprogram som inkluderer ei mentorordning for nytilsette i undervisnings- og forskarstillingar. Når det gjeld å sikre tilstrekkeleg ressursar til undervisning, meiner vi det også bør komme fram at høgskulen heile tida vil arbeide for å nyttiggjere den disponible undervisningsressursen på best muleg måte. Eit framlegg her kan vere å arrangere pedagogiske forum, der eksempel på god undervisning vert delt og diskutert på tvers av fagmiljøa. Vi arrangerer forskingsdagar, kva med å ha ein årleg dag der undervisning står i fokus? Det å kunne klare å få studentane engasjert i lærestoffet gjennom aktive undervisningsformer, krev undervisningsmiljø med topp kompetanse. Å utnytte høgskulen sine fordelar med å vere «tett på» bør komme betre fram. I strategiplanen vår skriv vi fylgjande: «Tett på» er ein positiv verdi for oss som kan bidra til å byggje sterkare fagmiljø på tvers av utdanningar og avdelingar.» Dette kan passe godt å trekkje meir inn kring utvikling av god undervisningskvalitet. ASF er positive til at HiSF søkjer NOKUT om å verta «Senter for framifrå utdanning «(SFU), men søknaden må gjelde heile institusjonen og ikkje berre lærarutdanninga. Vi bør fokusere dette mot praksisnære utdanningar, slik at det gjeld heile institusjonen og ikkje berre einskild avdelingar. Det vert

51 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 3 av 4 Vår dato Vår referanse / også frå ASF peika på at det er eit sprik mellom det som vert sagt i strategiplanen om campusbaserte utdanningar og det som her blir skrive om samlingsbaserte utdanningar. Kommentar mål 4: Høgskulen skal ha eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram med relevans for samfunns- og arbeidsliv Mål fire i planen peikar på høgskulen som ein viktig regional aktør med eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram. Likevel er ikkje målet teke med i prioriterte tiltak i kostnadsvurderinga. Både fleire fleksible utdanningstilbod og kvalitetssikring av praksis krev ei satsing der ein tilfører ressursar. Konkrete døme på dette er kompetanseheving av rettleiarar i praksisfeltet, der HiSF tidlegare dekka utgiftene til formell kompetanseheving av rettleiarar. Tiltaket som omhandlar fleire fleksible utdanningstilbod må vera eit tiltak som femner om heile institusjonen, og ikkje berre desentraliserte deltidstilbod ved lærarutdanninga. Kommentar mål 5: Høgskulen skal vera blant UH-institusjonane med best gjennomføring på normert tid Her vert det trekt fram at vi skal prioritere meir ressursar til utdanningsleiing, spesielt på programnivå. Dette kjem ikkje fram i kostnadsvurderinga av tiltaka. Her er det mentorordning for nye studentar som vert trekt fram. Mange ved ASF uttrykte skepsis til bruk av ressursar for ei mentorordning for studentar. Om dette skal utviklast til å gjelde alle studentar, vert det ei dyr ordning. Med så gode resultat som vi har på gjennomstrømming vert det stilt spørsmål om det er her vi skal prioritere ressursar. Vi saknar ei klarare prioritering på bruk av ressursar opp mot dei utfordringane vi står føre. ASF stiller spørsmål ved om ordninga med utdanningssamtale med tilsette ( i grupper) kan vidareutviklast og slik vere eit av tiltaka som kan sikre studentane ein god studiestart. Kommentar mål 6: Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Kva meiner HiSF ligg i å tilby forskingsbasert utdanning av høg kvalitet? Ein god operasjonalisering av dette målet kan gje dei fagtilsette betre grunnlag for å utvikle dei rette tiltaka. Ein sterkare delingskultur mellom fagmiljøa vil vere nødvendig også her. Master- og bachelorforuma som er etablert bør trekkast fram. Gjennom degge foruma kan ein utvikle faggrupper på tvers av utdanningane som kan styrke ei forskingsbasert utdanning. Dersom HiSF skal kunne tilby forskingsbasert undervisning av høg kvalitet må det tilførast friske ressursar. Berre slik kan det skje ei styrking av FoU-arbeidet ved høgskulen. Rammevilkåra må betrast for å auke publiseringa, t.d. ved å løfte fyrste-/toppstillingar til universitetsvilkår (50/50). Det må setjast av avdelingsvise FoU-midlar, slik at ein har høve til kompetanseheving av dei som ikkje kjem inn under den resultatbaserte ordninga. Eit tiltak kan vere å utvikling av gode indikatorar ved HiSF som kan måle utdanningskvalitet.

52 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 4 av 4 Vår dato Vår referanse / Vi saknar ei sterkare satsing i planen på å utnytte styrken vår med å vere «tett på» også i fagmiljøa og slik styrke kvaliteten i utdanningane. Vi viser elles til høyringssvaret vårt på Strategi- og handlingsplan for FoU (vedlegg 2). Med helsing Cecilie Thaule Løvlid Rådgjevar Kopi til Kari Thorsen

53 Høyring Strategi- og handlingsplan for utdanning Seksjon for forsking og utvikling ser positivt på at det vert laga ein handlingsplan for utdanning som prioriterer tiltak og utviklingsoppgåver. Denne handlingsplanen bør samordnast med Strategi- og handlingsplan for fou ved HiSF på felt der ein har nytte av kvarandre sitt utviklingsarbeid, og det vert det lagt til rette for slik planen for utdanning no føreligg. Seksjon for forsking og utvikling støttar formuleringar i innleiinga som understrekar at aktivitetar rundt studentane sitt læringsutbytte og motivasjon er noko av det mest sentrale vi driv med i HiSF. Dei ulike utdanningstilboda til studentane frå institutt og støttetenester kan i større grad bli systematisert slik at ein ikkje dupliserer allereie gode ressursar og kan utnytte potensiale ved dei ulike einingane. Samordne, bryte ned grenser og sjå på studenten som alle sitt ansvar bør vera eit arbeidsmål for alle tilsette i høgskulen. Seksjon for fou vil spele inn at planen går lite i detalj om korleis vi ynskjer at studieprogramma ved HiSF skal endre seg i perioden , og i kva grad ein vil vektlegge ei brei bachelor-profil, ei auka satsing på næringsretta studium på initiativ frå samfunnet rundt oss, eller i kva grad etablering av mastergrader skal vektast i høve nye bachelor-utdanningar. Det bør og tydeleggjerast at arbeidet med å greie ut ei doktorgradsutdanning er viktig for HiSF, og denne strategiske målsettinga om PhD-utdanning bør og inkluderast i Strategi- og handlingsplan for utdanning. Sjølv om bibliotektenesta i HiSF organisatorisk er del av seksjon for fou, går ansvar for å tilby informasjonsressursar til studentar og tilsette på tvers av organisatoriske bindingar. Rettleiing, undervisning, tilgang til arbeidsplassar og eit stimulerande læringsmiljø er ei sentral oppgåve som biblioteket må gjerast istand til å ivareta, uavhengig av organisasjonstilknyting. Bibliotekleiar ynskjer å understreke den rolla bibliotektenesta spelar i utdanninga og beklagar at dette området ikkje vert synleggjort i drøftingsutkastet. I framhaldet skriv vi inn våre synspunkt under kvart av dei sju mål- og handlingsområda og ber om at dette vert vurdert inn i den konkrete kostnadsvurderinga og organisering av tiltaka. Mål 1: Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF For biblioteket vil auka internasjonalisering vera krevjande både i høve personalressursar og i høve bokbudsjett. Vi må gjera tilgjengeleg den framandspråklege litteraturen som vert etterspurt, enten papirbasert eller digitalt, og med eit bokbudsjett som er betydeleg redusert vil dette vera ei umogeleg oppgåve per i dag. Det vert forventa at biblioteket tilbyr undervisning i informasjonssøking for dei framandspråklege studentane som kjem til oss, og vi hjelper våre studentar og tilsette som er ute med både søk og tilgang på informasjonsressursar. 1

54 Vi vil også minne om at ein føresetnad for ei vellukka internasjonalisering er at all informasjon på vevsidene også er tilgjengeleg på engelsk. Dette arbeidet må også prioriterast. Mål 2: Høgskulen skal møta forventninga om ein digital studiekvardag Bibliotekarane i HiSF arbeider tett på både tilsette og studentar. Effektiv bruk av bibliotektenester krev høg digital kompetanse hjå brukaren. Prosjektet «Digital kompetanse» bør utvidast med bibliotekarkompetanse. Vi ser behov for å gå gjennom mandat og samansetjing av gruppa på nytt. Biblioteket skal og bør ha kompetanse på opphavsrett og rettar og plikter knytt til publisering. Dette gjeld også studentoppgåver som vert publisert med open tilgang (OA) og i høgskulen sitt faglege arkiv Brage. Der er også viktig å streke under at digital innlevering av bachelor- og masteroppgåver må gå via FS eller tilsvarande system. Dei nasjonale løysingane som vert arbeidd med, må implementerast i vår organisasjon og biblioteket vil bruke ressursar og må ha kompetanse for at vårt arkiv kan gjera seg nytte av nye løysingar. Mål 3: Høgskulen skal leggja til rette for utvikling av den gode læraren Bibliotektenesta i HiSF utfører eit betydeleg undervisningsarbeid retta mot studentane på alle nivå i utdanningsløpet. Undervisningstilbodet vårt omfattar forelesingar, workshops, digitale læringsressursar, individuell rettleiing i førstelinjetenesta, «Bestill ein bibliotekar». Den faglege samtalen bibliotekarane har med studenten i rettleiingssituasjonar må ikkje undervurderast. Våre kontaktbibliotekarar kjenner dei ulike utdanningane godt, dei er tett på studenten, utfører eit viktig pedagogisk arbeid og dei må også vera i målgruppa «den gode læraren». Vi opplever at mange fagtilsette har nytte av støtte frå biblioteket når det gjeld å fylgje med og å skaffe seg nyare forskingslitteratur. I utvikling av opplæringsprogram for nye tilsette må litteratursøk og bruk av viktige ressursar som CRIStin, Brage og EndNote vera eit tilbod. Auka studenttal og større fokus på dei tenestene biblioteket tilbyr fører til at det er trong for to fagutdanna bibliotekarar i informasjons- og rettleiingsskranken i kjernetida. Dette er meir enn vi har ressursar til i dag. Mål 5: Høgskulen skal vera blant UH-institusjonane med best gjennomføring på normert tid Tiltak: Utvikle gode studieplanar med klåre faglege krav Gode studieplanar må også stille krav i høve bruk av kjelder. Studenten må gjennom studieplanane bli oppmoda om å nytte forskingslitteratur i eigne oppgåver. Dei ulike utdanningane i høgskulen bør samle seg om 1 eller 2 referansestilar. Bibliotektenesta har god kompetanse innanfor kjeldehandtering, og ein kan her gjerne peike på biblioteket som kompetansesenter. Sjå også Mål 6. 2

55 Tiltak: Studentane skal få godt grunnlag for å lukkast frå første semester I høve satsinga på å utvikle gode arbeidsvanar frå første semester er det viktig at også biblioteket vert drege inn som ein viktig del av studenten sin arbeidskvardag og læringsmiljø. Viser til føreslege tiltak nedanfor om biblioteket som kjerne for workshops, drop-ins og kurs retta mot studentane sine behov i studiekvardagen (Mål 6). Mål 6: Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Tiltak: Gjera studentane kvalifiserte til å forstå og bruke forskingsmetodar Å gjere studentane kvalifiserte til å finne, forstå og vurdere ulike kjeldetypar og bruke desse i akademisk skriving er eit område der bibliotektenesta har særs høg kompetanse. Biblioteket brukar ein del ressursar på dette området i dag og må vere ein samarbeidspartnar på dette tiltaket i framhaldet. Det er store skilnader mellom dei ulike utdanningane når det gjeld i kva grad bibliotekarane sin kompetanse vert utnytta til å auke studentane sitt læringsutbytte på dette feltet. Framlegg om eit nytt tiltak under Mål 6: Tiltak: Biblioteket som kjerne for workshops, drop-ins og kurs retta mot studentar sine behov i studiekvardagen Seksjon for FoU gjennomførte førre veke ein studietur der ein m.a. fekk presentert «My Learning Essentials» frå The University of Manchester ( Dette stadfesta vår oppfatning om at studentar i tillegg til fagleg undervisning treng undervisning og støtte innan tverrfaglege tema som akademisk skriving, stressmeistring, litteraturreferansar, litteratursøking, jobbsøking, presentasjonsteknikk, bruk og presentasjon av ulike nyttige appar (IT), avansert bruk av Office, m.m. Studentane ønskjer nære lågterskeltilbod. Biblioteket gjer noko av dette alt i dag, men det er behov for å auke omfanget av kurs, arbeide meir systematisk, syte for at alle utdanningar vert involverte og knytte aktiviteten meir opp mot elektroniske læringsressursar. Det vil føre for langt å gå inn i ei detaljert utgreiing her, men vi ser at biblioteket som ein allereie mykje brukt møteplass, med mykje tverrfagleg og pedagogisk kompetanse, med eige undervisningsrom ( Kjernehuset ) og stor kontaktflate vil vere ein naturleg stad å utvikle eit slikt tilbod. Biblioteket blir bindeleddet, men det vil bli trekt inn kompetanse og arbeidskraft frå alle fag- og administrative einingar. Slik vil ein vere med og bryte ned grenser og byggje opp under at studenten er alle sitt ansvar. Ein ser føre seg ei blanding av online-ressursar, workshops med påmelding og drop-in-kurs. Fokus vil vere på det behovet studenten kjenner på akkurat då, og på at det er studenten sin eigen aktivitet som fører til læring. Studentane vil vere hovudmålgruppa, men tilbodet vil også kunne nyttast av stipendiatar og andre tilsette. Systematisk marknadsføring med ei 3

56 oppdatert vevside som gjev oversikt over alle undervisningstilbod på tvers av studie må inngå i tiltaket. Biblioteket kan gjerne ta ansvar for dette dersom det vert knytt ressursar til tiltaket. Mål 7: Høgskulen skal rekruttere mange kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma Tiltak: Stimulere til eit levande og attraktivt studentmiljø og gode arbeidstilhøve på campus Bygningsmassen som høgskulen disponerer på Campus Sogndal ligg rundt Høgskulebygget som stod ferdig i Bygget vart dimensjonert for den tidas tal studentar og det er ei utfordring å leggja til rette eksisterande og nye areal for eit veksande tal studentar. Det fysiske biblioteket, til liks med bibliotektenestene, skorar i toppsjiktet i nasjonale studentundersøkingar, men vi ser også at studentane til tider går kvilelaust rundt på jakt etter ledige arbeidsplassar. Dette bør HiSF gjera noko med. Bokpleie inkluderer kontinuerleg overføring, magasinering, kassering av lite aktuell litteratur, men det har vore lita tid til dette etter innflyttinga. Slikt arbeid, i tillegg til komprimering av dokumentsamlinga, vil kunne gje plass til 32 nye arbeidsplassar i den døgnopne sona i det nye høgskulebiblioteket i Sogndal. Biblioteket Førde har gjennomført eit slikt arbeid i studieåret 2014/15 og biblioteks arealet i underetasjen har no fått fleire nye studentarbeidsplassar. Kort kostnadsvurdering av ekstra innsats frå biblioteket som støttar Strategi- og handlingsplan for utdanning Eit generelt mål må vera å gjera biblioteket i stand til å tilfredsstille behovet for studielitteratur og forskingslitteratur. Driftbudsjettet må aukast og bokbudsjettet bør minimum vera på 2013-nivå. Mål 1: Internasjonalisering For å støtte opp om auka satsing på internasjonalisering stipulerer vi ei årsverkramme på 20 % til bibliotekføremål Mål 2: Digital kompetanse Innafor dette målområdet har biblioteket mykje ugjort arbeid. Vi stipulerer behov for 20 % fast årsverk. Mål 3: Den gode læraren For å imøtekome behovet for bibliotekstøtte i førstelinjetenesta krevst det ei auka årsverkramme på 60 % Mål 6: Forskingsbasert utdanning Til det nye tiltaket som biblioteket foreslår vil vi stipulere behov for ei fast 80 % stilling. Mål 7: Motiverte studentar For å utføre meir samlingspleie i biblioteket og såleis leggje til rette for fleire studentarbeidsplassar vil vi stipulere ei fast årsverkramme på 20 %. 4

57 Respons frå engelsk-seksjonen på Høyringsutkast for Plan for strategi og handling Generelt vil vi påpeike at bruken av ordet «tiltak» ikkje er skilt klart nok frå ordet «mål». Oftast verkar det som om at tiltaka er veldig lite konkrete, og at «kvifor» og «korleis» går over i kvarandre. Mål 1. Tiltak 1.: Vi på engelsk ser heilt klart at internasjonalisering på ALI må bli mykje betre organisert, med ein klar struktur, ansvarslinjer og oppsett av samarbeidsformer og ikkje minst informasjonslinjer. Det er ting som tydar på at HSF har hatt ei brå oppvakning til kor viktig dette arbeidet er, og det er på tide at ein får oversikt over kor mykje arbeid og innsats som eigentleg skal til for at ting skal fungere. Slik det er no, er der ingen synleg kontakt mellom dei internasjonale koordinatorane, instituttleiar og dei enkelte tilsette. Der bør vere regelmessige møte mellom koordinatorane, leiinga og dei tilsette. I tillegg må der vere eigne informasjonssider på heimesida om alt som går føre seg eller er på trappene. Det er ting som tyder på at avdelinga ikkje på tilstrekkeleg vis nyttar seg av erfaringane til tilsette som har vore engasjerte i internasjonalisering over lang tid. Døme på slike er Ane Bergersen, Kirsten Flaten og John Seriot. Slik det er no, stolar ein på ekstraarbeidet til fagtilsette. Her er ikkje ein gong utbetaling av lønn systematisert, og igjen er ansvarslinjene for slikt uklare. Dersom det blir slik at ein tilset to nye fagpersonar, bør ein syrgje for at desse har lang røynsle med internasjonalisering, og passe på at ein ikkje berre plasserer tilfeldige administrativt tilsette i slike posisjonar. Dette gjeld spesielt for ALI, kor det har vore mangel på internasjonal koordinator det siste året. Dette er noko ein må ta tak i, og det må klargjørast kva for arbeidsoppgåver som ligg til denne stillinga, til dømes kven som har ansvaret for utanlandske studentar på avdelinga (til dømes Zambiarane). På engelsk har vi for tida samarbeid med Polen, i Wrocław, som går ut i oktober Me har også ein søknad inne for eit prosjekt på der ein gjennom Erasmus Key Action 2 tenkjer seg eit framhald og utviding mot Frankrike og Skottland. Her kan det skje utvekslingar både av tilsette og studentar. Og dersom ein kunne få på føtene ein bachelor i engelsk, med årseining, fordjuping og så utveksling eitt semester til York eller til USA, eller eventuelt via våre kontaktar i Polen ( Kirsten Flaten sin kontakt har mellom anna vist interesse), kunne dette ende opp med skriving av bacheloroppgåve i siste semester. På engelsk kan vi imøtekomme behovet for engelskkunnskap hos personalet på HSF så vel som for studentar. Vi veit mellom anna at på Global Knowledge er utryggheit og mangel på engelskkompetanse eit problem når ein set opp forelesarar frå HSF, og utskiftingar har skjedd av slike grunnar. Førebuande kurs frå oss på engelsk kunne trene munnleg kompetanse, gi kunnskap om sosiale og kulturelle konvensjonar og ikkje minst akademisk skriving på engelsk hos dei tilsette som ynskjer å undervise på engelsk, men som treng oppdatering av sin engelskkompetanse. Avtale- og rapportskriving med fokus på effektiv formidling kunne og ha vore ein del av dette, i og med at mange slit med å strukturere slike dokument som skal til dømes skrivast til offentlege instansar, som departement. Eit slikt tiltak ville sjølvsagt involvere overføring av meir ressursar til engelsk-seksjonen.

58 Tiltak 2: Vi ser heilt klart at ressursane må aukast, men me kan ikkje sjå at alt må gjerast på ein gong eller at alle tilsette må vere deltakande med ein gong og til ei kvar tid. Tiltak 3: Den same strukturen i organiseringa bør finnast på tvers av institusjonen. På det noverande tidspunkt veit ikkje leiarane kva som går føre seg, og tilfeldige personar vert sende med delegasjonar. Leiarane må ta inn over seg at dei skal ha kompetanse til å representera institusjonen også utanlands når delegasjonar opnar opp nye forbindelsar, så vel som å opptre på heimebane under besøk. Tiltak 4: Me syns at det bør vere opning for utveksling, dersom der er interesse. Tilgang til kunnskap om utvekslingsprogram må i mellomtida verte mykje meir synleg på høgskulen sine heimesider. Vi veit om studentar som har valt andre høgskular fordi det ikkje gjekk klart fram at ein til dømes kunne få reise til Zambia. Tiltak 4 og 5: Elles er engelsk heildekka når det gjeld undervisning på engelsk, for det er det vi gjer, på alle kurs og i alle emne. Engelsk er eit verdsspråk og vi har som mål at studentane skal få undervisning i alle dei 6 kommunikative kompetansane, ikkje minst om betydinga av dei sosiolingvistiske og kulturelle kompetansane. Om det skal vere eit mål at mange fleire emne skal undervisast på engelsk på høgskulen, bør me på engelsk-seksjonen involverast i dette arbeidet. Som sagt kunne vi tilby dei tilsette som ynskjer det kurs i akademisk engelsk, men det forutset at me får tildelt ekstra ressursar til seksjonen. Tiltak 6: Meir kunnskap om muligheiter og inngåing av avtalar er naudsynt. Mål 2: Tiltak 1-5: Me er einige i desse tiltaka. Tiltak 2: Her kan ein gjere mykje. Kva med å late ein frå IT-brukarstøtte ta ein fast runde kvar morgon for å sjå om utstyret fungerer på alle klasserom? Det siste året har det vore mykje problem med ITutstyr i klasseromma, noko som gjer undervisninga vanskeleg. Det er elles på tide at høgskulen tek meir ansvar for å utdanne sine tilsette innan digitale hjelpemiddel. Mål 3: Tiltak 1-4: Her er det særleg tiltak 2 som er viktig. Vi har ein tilsett som vart lova mentor for 2 år sidan, men vedkommande har ikkje sett noko til dette. Dette er ei ordning som må settast meir i system, slik at dette blir likeins på alle avdelingar. Slik det er no, verkar det litt meir tilfeldig. Tiltak 3: Me stiller spørsmål med korleis det går med undervisningstid når ein til stadig får press om å forske meir, og når ein samstundes planlegger å kutta den administrative ressursen frå 8 til 6%. Tiltak 4: å søke om å få etablere senter for framifrå utdanning så undrast me om dette i det heile er realistisk. I alle fall ville det gå med mykje ressursar til å lage ein slik søknad.

59 Mål 4: Her har vi ikkje nokon kommentarar, anna enn å spørje korleis ein skal tilpasse praksisordninga for engelsk fagdidaktikkstudentar som no skal verte med i høgskulen praksisplanar, der dei tidligare til dels ordna praksisskular sjølve. Slik vi har sett det skissert, så vil tilbodet som no er heilt over i HSF sin regi, bli dårlegare for studentane og dyrare for HSF. Mål 5: Tiltak1: Her må ein skape eit organ der alle som er tilsette på t.d. GLU kan møtast regelmessig utan leiarar og diskutere faglege tema og samordne seg om studieplanar og opplegg. Det er ein skrikande mangel på slik samhandling på GLU, i alle fall. Ei slik gruppe kunne ha verte leia på omgang av seksjonsleiarane, og innspel herifrå kunne ha vorte formidla vidare til avdelingsleiinga. Tiltak 2-5: Ja, og me på engelsk har mykje kontakt ansikt til ansikt med våre studentar. Me vurderer no å late dei ha klassens time ein gong i månaden (etter modell frå GLU) og dessutan ha eit desembermøte der ein får feedback om fyrste semester (til etterretting og kursendring, evt.). Mål 6: Tiltak 3: Dersom målet er å produsere 1 poeng per tilsett annakvart år, kan deling med studentar verte problematisk og sette ned innsatsen til t.d. 0,5 poeng Mål 7: Tiltak 3: Det er rett og slett tragisk at ein ser nedgang i lokale søkartal. Her er det aldeles sikkert at ein kan rekruttere betre ved å vise tydelegare kva tilbod vi eigentleg har, og særleg når det gjeld utvekslingsmuligheiter. Kanskje ein burde sende rundt fagtilsette på rekrutteringsrundar?

60 Seksjon for utdanning Att: Bente Sønsthagen Sogndal, Strategi- og handlingsplan for utdanning høringsuttalelse fra Fouutvalget ved HiSF Vi viser til invitasjon av om å komme med innspill til «Strategi- og handlingsplan for utdanning Drøftingsutkast » og oversender herved Fou-utvalgets innspill diskutert i møte Generelle kommentarer Fou-utvalget mener at strategi- og handlingsplanen for utdanning tydelig viser at vi har ambisjoner for utdanningene våre. Når det gjelder utdanning er det veldig mye vi er gode på! Samtidig erkjennes det at vi står ovenfor utfordringer på enkelte områder, og det er det vi bør fokusere på i en slik plan. Planen skal vise ambisjonene, men også være realistisk i forhold til å kunne oppnå dem. Det er bra at områder hvor vi per i dag er svake synliggjøres tidlig, og at forhold vi er gode på vies mindre oppmerksomhet. Fou-utvalget har noen generelle kommentarer til handlingsplanens form. Planen er noe omfattende med hensyn på omfang og mengde tekst. Dette kan være bra for de som ønsker en mer fyldig forklaring, men planen vil bli mer leservennlig og intuitiv med noen figurer som samtidig kan gi en god oversikt. Den punktvise oppbyggingen av planen kan gi inntrykk av at de ulike målene er uavhengige av hverandre, når det faktisk er en sterk og nødvendig kopling mellom flere av dem. Et forslag for å synliggjøre dette bedre er å inkludere en figurativ fremstilling av hvordan de ulike målene sammenfaller. Et godt innledende sammendrag anbefales også. Referanser er ikke nødvendig i en slik plan, men bør inkluderes i sakspapirer som følger planen. Når det gjelder innholdet er det utvalgets mening at større fokus bør legges på de områdene hvor vi bør og kan bli bedre, da særlig internasjonalisering og digital kompetanse. Under disse punktene bør det konkretiseres tydeligere hva målene er, og hvordan vi bør jobbe for å oppnå dem. For flere av målene i planen er det en klar

61 kopling mellom utdanning og fou, og dette er noe som med fordel bør komme tydeligere frem. Spesifikke kommentarer til de ulike målene Under hvert av målene under utdyper fou-utvalget noe av det vi synes mangler i planen, samt gir noen konkrete innspill til ideer å diskutere og arbeide videre med. Mål 1: Internasjonalisering Internasjonalisering av utdanning og fou er sterkt koplet, og det er både avgjørende og naturlig at seksjonene for utdanning og fou samarbeider nært om dette. Internasjonalisering har videre en tydelig kopling til flere av de andre målene, da særlig mål 4 og 6. Planen bør unngå å sette likhetstegn mellom internasjonalisering og engelsk/engelskspråklige emner/engelsk faglitteratur. For flere fagmiljø er det avgjørende å utvikle ferdigheter på eget språk, og inkludere internasjonaliseringen på en mer anvendt måte. Det er også viktig å anerkjenne nordisk samarbeid som internasjonalisering. Med tanke på språklige utfordringer, avstand (både fysisk og kanskje også faglig) og økonomi (eksempelvis direkte og indirekte reisekostnader) kan det i mange tilfeller være fordelaktig å finne samarbeidspartnere i land nærmere oss selv, der vi også kan ha en bi-effekt i form av økt internasjonalisering gjennom å nyttiggjøre oss andre institusjoners avtaler. Mål 2: Digital studiehverdag I et samfunn i rask utvikling bør kanskje begrepet digital studiehverdag, som på en måte er begrensende, erstattes med fremtidsretta studiehverdag og gjøres mer inkluderende. Planen erkjenner at studentene vi møter i dag har en helt annen «digital forutsetning» enn studentene som møtte oss bare for få år siden, og de opplever en helt annen «digital hverdag». En digital hverdag gjør at vi til enhver tid møter ulike kilder til informasjon, og disse kildene har store forskjeller i deres troverdighet. Det er avgjørende at studentene får opplæring i kritisk kildebruk og bruker dette aktivt. Dette er en tjeneste biblioteket gir, og som faglig ansatte mest sannsynlig også oppfordrer til, men som bør systematiseres bedre. En fremtidsretta studiehverdag stiller også større krav til skriftlig og muntlig kommunikasjon og fremstilling av resultater, bruk av kunnskap, planlegging osv. For de fleste er dette noe som må læres og brukes aktivt for å få en mestringsfølelse, og det er et behov for HiSF å utvikle, automatisere og effektivisere støttetjenester. Seksjon for fou var nylig på studietur i Manchester hvor et av innleggene var fra The University of Manchester Library som hadde etablert «My learning essentials», et

62 studentressurssenter for arbeidsgruppe-/temamøter og online ressurser (se ). Kort fortalt er dette et prisvinnende ressurssenter som skal støtte studenters personlige og profesjonelle utvikling. Opplegget som er utviklet er åpent for alle å benytte og tilpasse til egne behov, og det kunne vært interessant å se om HiSF kunne bruke dette til inspirasjon for å videreutvikle sine studenttjenester. Mål 3: Den gode læreren Dette målet bør omformuleres til inkludere et flertallsperspektiv; eksempelvis de gode lærerne for å anerkjenne at det vinnes flere ulike typer av gode lærere. Som tiltak her nevnes bl.a. Senter for framifrå utdanning. Det er imidlertid svakt forankret i planen og i organisasjonen at det er nett- og samlingsbaserte lærerutdanning det bør fokuseres på. Temaet for en søknad om SFU bør trolig defineres bredere og integrere flere fagmiljø ved HiSF. Videre kan det være utfordrende at pedagogisk videreutdanning er et absolutt krav for alle fagtilsatte i løpet av de tre første årene, og kanskje bør det være mulig å få utsettelse på dette dersom en er tungt engasjert i forskningsaktivitet. Det er ikke noe motsetningsforhold mellom det å være en god lærer og en god forsker, og dette er også svært viktig å kommunisere (mål 6). Mål 4: Praksisnære studieprogram Planen sier lite om hvordan vi ønsker at studieprogrammene våre skal se ut fremover. Fou-utvalget ønsker en refleksjon rundt hva som er utdanningsvisjonen vår og hvordan vi ønsker at studieporteføljen skal se ut i 2020 i større detalj enn det som er beskrevet i utkastet, og da spesielt med tanke på bredde, andelen næringsrelevante studium og virkemiddel for å nå mastergradsambisjonene. Arbeid mot å få opprettet en doktorgradsutdanning er viktig for HiSF og bør nevnes i planen. Det vil her bli satt i gang en inviterende prosess til fagmiljøene om hvordan denne PhD-utdanningen skal være og hva den skal omfatte, og den strategiske målsettingen om en PhD-utdanning bør inkluderes Strategi- og handlingsplan for utdanning. Sammenhengen mellom dette målet og målet om økt internasjonalisering (mål 1) bør tydeliggjøres. Mål 5: Gjennomføring på normert tid Visjonen om å «sikte høgare» inkluderer også høyere krav til studentene. Hva er disse kravene og hva forventer vi av studentene våre? Her er det en sterk kopling også til mål 7 om rekruttering av kompetente og motiverte studenter. Får vi de rette studentene for studieprogrammene våre er sannsynligheten også større for at de lykkes og gjennomfører. Det er viktig at vi stiller konkrete og høye krav til studentene våre om innsats og forberedelser slik som studentene selv etterlyser (ref NSO).

63 Fou-utvalget hadde en generell diskusjon og refleksjon rundt målet om gjennomføring på normert tid. Det er avgjørende at det selv i et «lukket» og «strømlinjeformet» utdanningsløp er rom for refleksjon, utvikling og modning, noe som er avgjørende for kandidatene som skal ut i arbeidslivet. Kanskje er det slik at noen trenger mer tid for å komme dit, og dette er noe vi må erkjenne. Mål 6: Forskningsbasert utdanning med høy faglig kvalitet Som tiltak til å nå målet om forskningsbasert utdanning med høy kvalitet bør det også presises at det å heve andelen av undervisere med førstekompetanse, også kan føre til en bedre forskningsbasert undervisning. Det er en klar sammenheng mellom dette målet og målet om gode lærere (mål 3). Her er det viktig at det samarbeides godt mellom seksjonene for utdanning, fou og personal. Mål 7: Rekruttere kompetente og motiverte studenter For studentenes arbeidsforhold på campus bør det arbeides med å skape flere arbeidsplasser flere steder på HiSF, tilrettelagt for den arbeidsformen studentene ønsker og skal bruke i ulike faser av studiene. Biblioteket er et eksempel på godt arbeidsområde, men det bør også være nok arbeidsplasser rundt på avdelingene. Kostnadsvurdering av tiltak Fou-utvalget har ingen spesielle kommentarer til kostnadsvurderingene.

64 Vår sakshandsamar Turid Hillestad Nel, tlf. notat 1 av 5 Vår dato Vår referanse / Til Bente Sønsthagen Høyringsuttale til strategi- og handlingsplan for utdanning frå internasjonalt forum ved HiSF Internasjonalt forum (IF) drøfta strategi- og handlingsplan for utdanning i møte Forumet stiller seg positive til planen, men ynskjer at den skal vere meir konkret, særskilt når det gjeld tiltaka og kostnadsvurdering for den internasjonale aktiviteten ved HiSF. Det er høgst naudsynt at internasjonalisering vert framheva som eit av områda høgskulen må prioritere i planen, samstundes syner forsking at dei utdanningsinstitusjonane som har eigen plan for internasjonalisering lukkast betre i sitt arbeid 1. Det er uomtvisteleg at høgskulen scorar dårleg på parameter nytta for å måle internasjonal aktivitet i UH-sektoren. IF ynskjer likevel at det vert lagt større vekt på føremålet med internasjonalisering. I denne samanhengen ber IF om at det på side 2 i planen kjem tydelegare fram kvifor «auka merksemd på internasjonalisering er viktig for HiSF». IF ser det som naudsynt å presisera at t.d. mobilitet, læringsutbyte som gjev kompetanse i fleirkulturell forståing, fagleg kunnskap sett i eit internasjonalt perspektiv, gjesteførelesarar frå utanlandske utdanningsinstitusjonar og forskingsbasert undervisning med internasjonal forankring er naudsynte verkemiddel som skal bidra til kvalitet og sikre relevans i utdanningane ved HiSF. Høgskulen kan ikkje tilby konkurransedyktige utdanningar og hevda seg på forskingsfronten utan å lukkast med eit integrert internasjonalt perspektiv i heile vår verksemd. Mål 1: Internasjonalisering skal vere ein integrert del av all verksemd ved HiSF Tiltak: Styrka organiseringa og prioritere internasjonal aktivitet I ei spørjeundersøking gjort blant undervisnings- og forskingstilsette ved HiSF hausten 2014 svara tilsette at dei ynskte ei tydelegare leiing. Det er vesentleg for ei vellukka integrering av den internasjonale aktiviteten at avdelingane og fagområda representert ved dekanar og instituttleiarar vert ansvarlege for den strategiske tilnærminga. Det er desse leiarane som sit tettast på fagområda og har best forståing for kva prioriteringar som vil gagne den faglege utviklinga og kompetansehevinga blant tilsette både innan utdanning og forsking. IF meiner at internasjonalisering skal vere ein sjølvsagt del av kompetanseplanlegging både på instituttnivå og hjå den einskild undervisnings- og forskingstilsette. Samstundes må avdelingane få støtte av eigne internasjonale koordinatorar og i seksjon for utdanning, som kan gje råd i utviklinga av strategi kring samarbeid, val av partnarar, støtte til prosjektsøknadar, administrasjon av mobilitet etc. 1 Engel, L. et al The EAIE Barometre Internationalisation in Europe. Report published by the European Association for International Education (EAIE). Postadresse Avdeling Besøksadresse E-post Telefon Telefaks Høgskulen i Sogn og Fjordane Seksjon for utdanning Røyrgata 6 post@hisf.no Postboks 133, 6851 Sogndal SOGNDAL

65 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 2 av 5 Vår dato Vår referanse / Tiltak: Auka ressursar til fagtilsette Det er naudsynt med ein tydeleg plan for ressursfordelinga slik at det vert klart at det ikkje er snakk om tilsetjing i to nye faglege stillingar, men heller økonomiske løyvingar tilsvarande to faglege årsverk fordelt på avdelingane. Sjå vidare utdjuping av IF sitt forslag til fordelingsmodell i drøfting av kostnadsvurdering av tiltaka nedanfor. Kompetanseplanlegging vil tene som ein avdelingsvis oversikt over interessa til kvar einskild i høve til engasjement i internasjonalt samarbeid og dermed kunne bidra til betre vurdering av fordeling av midlar på avdelingsnivå. Tiltak: Styrka og vidareutvikla det administrative støtteapparatet IF er einige i tiltaket og framhevar at det er ynskjeleg med tettare organisatorisk og strategisk samarbeid innan utdanning og FoU for å betre dra nytte av eksisterande internasjonalt samarbeid og vidare utvikling. IF ynskjer at ein i kostnadsoverlaget tilhøyrande tiltaket tydeleggjer kva faglege og administrative utfordringar høgskulen står ovanfor og viser til eksempel på naudsynte gjeremål som må prioriterast for å kunne betre internasjonaliseringsarbeidet. Det er etter IF si oppfatning uklart på institusjonsnivå kva arbeidsoppgåver som ikkje vert løyste grunna manglande ressursar og det er difor utarbeidd ei konkret liste i kommentaren til kostnadsoverlaget (sjå nedanfor). Tiltak: Internasjonalisering skal vere ein integrert del av utdanningsløpet til alle studentar Det er høveleg å legge til at dette også inneber ei tilrettelegging for delstudiar i utlandet på mastergradsnivå. Formuleringa «det internasjonale perspektivet skal vere ein del av læringsutbyte i studie- og emneplanar» kan med fordel supplerast av følgjande klargjering: Emneog programansvarlege skal syte for at studentane får ei relevant internasjonal vinkling på sitt respektive fagområde. Tiltak: Fleire engelskspråklege emne i gradsutdanningane Viktige element av føremålet med integreringa av engelskspråklege emne i gradsutdanningane er ikkje vektlagt i tiltaket. Samstundes bør tiltaket innehalde ei konkretisering av omfanget. IF føreslår at tiltaket vert endra til følgjande: Høgskulen skal vere ein attraktiv internasjonal partnar og må utvide tilbodet på engelskunderviste emne for å auke rekrutteringa av internasjonale studentar. Engelskspråklege emne i gradsutdanningane vil tene føremålet om internasjonalisering heime og samstundes bidra til betre integrering av internasjonale studentar. Institutt med studieprogram der det er lagt til rette for delstudium i utlandet skal tilby minst 30 studiepoeng (eitt semester) på engelsk eller, for høvelege utdanningar, praksis på 15/30 studiepoeng. Vidare kan vektlegginga av språkkompetanse heller vere tenleg å setje under tiltaket som dreiar seg om internasjonalisering som integrert del av utdanningsløpet. Tiltak: Forskingsaktivitet med internasjonal forankring IF understrekar at det er naudsynt å vektlegga samhandling mellom internasjonalt samarbeid innan forsking og kva som er strategisk hensiktsmessig i eit utdanningsperspektiv. Skal ein lukkast med dette tiltaket er betre samarbeid mellom SfU og FoU eit viktig føremon.

66 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 3 av 5 Vår dato Vår referanse / IF legg til grunn at dei 6 andre måla har integrert eit internasjonalt perspektiv, men ynskjer likevel å presisere følgjande: Mål 3: Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av den gode læraren Ein eventuell søknad om etablering av senter for framifrå utdanning vil krevje at høgskulen kan syne til internasjonalt samarbeid. Dette er krav som høgskulen vert stilt ovanfor også i andre høve, t.d. ved oppretting av nye studieprogram. Det er difor viktig at høgskulen lukkast med å tileigne seg fagleg relevante og kompetente internasjonale samarbeidspartnarar. Mål 4: Høgskulen skal ha eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram med relevans for samfunnsog arbeidsliv Innovasjon og entreprenørskap er sentrale omgrep innan Erasmus+ og Horisont 2020 og auka fokus på dette i utdanningane bør dra nytte av eksisterande programordningar som kan gje ekstern finansiering av utviklinga. Mål 6: Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Internasjonalt samarbeid innan forsking er essensielt for å kunne tilby relevant forskingsbasert kunnskap. Mål 7: Høgskulen skal rekruttere mange kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma IF legg til grunn at auka rekruttering av internasjonale studentar og betre marknadsføring av eksisterande emnetilbod er ein del av målet utan at det er uttalt i planen. Kostnadsvurdering av tiltaka IF er einige i prioriteringa av tiltaka, men ynskjer å konkretisera behovet og naudsynt auke i ressursar for Mål 1- Internasjonalisering, då det ikkje kjem tydeleg fram i planen kor prekær ressursmangelen er. Manglande ressursar er, etter IF sitt syn, ein medverkande årsak til høgskulen sin låge score på ulike internasjonaliseringsparameter. Tiltak: Frikjøp av tid til fagtilsette for å engasjere seg i internasjonalt fagleg samarbeid Utarbeide nye engelskspråklege emne Kommentar: Framlegget til auka ressurs bør ikkje uttrykkast i årsverk, men heller i løyvde midlar, då det kan oppfattast som to nye stillingar og ikkje økonomiske løyvingar som skal fordelast. Det er òg viktig å klargjere korleis midla bør verte løyvd. IF meiner ein bør nytte følgjande fordelingsmodell: Høgskulen løyver årleg i budsjett ein pott tilsvarande minst 2 faglege årsverk til frikjøp av tid for fagtilsette. Potten skal fordelast på avdelingane, og nyttast som incentiv for tilrettelegging for den internasjonale satsinga. I skal potten fordelast rettvist på avdelingane (etter storleik) der avdelingsleiinga styrer ressursane til sterkare satsing på internasjonal deltaking. Frå vert det tilrådd at løyvingane vert resultatbaserte etter vurdering av oppnådde målsetjingar dei to føregåande åra. Vurdering av tildeling vert gjort av avdelingsleiinga i samråd med viserektor for utdanning og viserektor for FoU for å sikre samsvar mellom internasjonale strategiske målsetjingar utdanning og forsking.

67 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 4 av 5 Vår dato Vår referanse / Tiltak: Vidareutvikle det administrative støtteapparatet Styrke strategisk internasjonalt samarbeid på utdanning og FoU Kommentar: IF er eining i at det er naudsynt med minimum eitt administrativt årsverk knytt til SfU. Etter forumet sitt syn er det tenleg med ei større auke også på avdelingsnivå der eitt årsverk vert fordelt mellom internasjonale koordinatorar på avdelingane. Dette er eit viktig grep for å kunne imøtekomma tilsette og studentar sitt behov for betre informasjon (jf. spørjeundersøkingar blant UF-tilsette og studentar hausten 2014) og for at koordinatorane skal ha høve til utviklingsarbeid på si avdeling. Det vil vere føremålstenleg om ei nyoppretta administrativ stilling kan vere knytt både til SfU og FoU for å kunne imøtekomma ynsket om tettare samhandling mellom utdanning og forsking innan internasjonalisering. IF ser det høveleg å påpeike noko av det naudsynte utviklingsarbeid høgskulen står ovanfor: For studentar - Etablere fagpakker hjå partnarinstitusjonar for høgskulen sine studentar. Krev vedlikehald og tett kontakt med partnarinstitusjonar og administrativ koordinering. - Opprette elektroniske søknadsmoglegheiter for innkomande- og utreisande studentar - Drive ressursgruppe for kvoteordninga som består av både UF- og administrativt tilsette - Utvikle nye engelske nettsider, betre marknadsføring av HiSF mot den internasjonale marknaden og auke rekrutteringa, mellom anna gjennom studentambassadørordning - Sikre at studieplanar har eit internasjonalt perspektiv jf. oppfylling av krav og tilsyn frå NOKUT Kompetanseheving - Styrke kompetansen i eigen organisasjon kring ulike program- og støtteordningar for utdanning og forsking - Betre rådgjeving om eksterne finansieringsmoglegheiter (både innan utdanning og forsking) - Innføre høgskulepedagogisk tiltak med fokus på integrering av internasjonaliseringsperspektivet i undervisninga. Kompetanseprogram for nyleg tilsette der t.d. informasjon om programordningar, integrering av internasjonalt perspektiv i læringsutbyte og studieplanar, tilrettelegging av utveksling, internasjonal nettverksbygging og sampublikasjon vert sentrale tema. Informasjonsarbeid - Oppretting og vedlikehald av nettsider for tilsette med relevant informasjon om utdanning og forsking, t.d. mobilitet, prosjektmidlar, samarbeidspartnarar, informasjon om programordningar. Workshops og informasjonsmøter om søknadsskriving. - Informasjon, oppfølging og tilrettelegging for yngre forskarar som skal skaffe seg eit internasjonalt nettverk (t.d. mobilitetsstipend Forskingsrådet). - Utvikle og oppretthalde FoU nettsider på engelsk - informasjon til eksisterande og potensielle forskingspartnarar, marknadsføring av HiSF internasjonalt. Strategi - Koordinering av internasjonalt samarbeid innan forsking og utdanning med siktemål om å vidareutvikle og dra betre nytte av eksisterande nettverk ved høgskulen. Tverrfagleg samarbeid må vektleggast. Opprette intern institusjonell registrering av internasjonal aktivitet for å kunne betre måle resultat og kvalitetssikre satsinga (ikkje berre mobilitetstal

68 Høgskulen i Sogn og Fjordane notat 5 av 5 Vår dato Vår referanse / og sampublikasjonar). Betre formidling og synleggjering av internasjonal aktivitet på nettsider, sosiale media etc. - Arbeide målretta for deltaking i eksternt finansierte internasjonale utdannings- og forskingsprosjekt, t.d. Erasmus + (strategiske partnarskap, kapasitetsbygging, global mobilitet), prosjektetablering Nord-Amerika områda, Horisont Danne og koordinere tverrfaglege samarbeidsgrupper som kan arbeide målretta med prosjektsøknadar. - Administrasjon og sakshandsaming av søknadar til internasjonaliseringsstipend innan FoU oppfølging, kopling til utdanning og vidare samarbeid - Koordinere kontakt med næringslivet og offentleg sektor t.d. for deltaking i prosjektsøknadar Erasmus+, bidra til etablering av praksisplassar i bedrifter og offentleg sektor for internasjonale studentar som del av vårt emnetilbod - Jobbe tettare saman med avdelingane som rådgjevar og pådrivar for auka engasjement internasjonalt. Delta i utval for internasjonalisering på avdelingane (AHF har allereie eit slik utval) - pådrivar for at alle avdelingar skal opprette ressursgrupper for rådgjeving av fagtilsette. Tiltak: Auke i mobilitet gjennom styrka strategisk partnarportefølje Marknadsføring av engelskspråklege emne Kommentar: Ei styrka strategisk partnarportefølje inneber rettmessig auka kostnadar. Det er uklart om framlegg inneber ei auke på kr ,- eller ei auke på kr ,-. IF vonar det er snakk om kr ,- sidan ein legg til grunn auke i reiseaktiviteten og driftskostnadar knytt til både utgåande og innkomande mobilitet. Kostnad som omfattar marknadsføring av engelskspråklege emne bør verte integrert i det generelle marknadsføringsarbeidet til høgskulen. Oppretting av engelskspråklege emne krev auka ressursar fordelt på avdelingane samt tilrettelegging for administrativ oppfølging. Kopi til Kari Thorsen

69 Uttale vdr. Strategi- og handlingsplan for utdanning. Frå Utdanningsforbundet HiSF Strategi- og handlingsplan for utdanning Det er svært positivt at det kjem ein strategi- og handlingsplan for utdanning. Dei sju punkta planen tek utgangspunkt i er gode, relevante og viktige for ei vidare satsing på god undervisning og oppfølging av studentar. Generelt kan tiltaka som følgjer måla vere meir konkrete og planen kunne vore tydelegare med tanke på å definere kva kvalitet i utdanning er. Vidare ville det frå ein faglærarars perspektiv vere naturleg om metode og didaktisk fridom i utdanninga vart nemnt. Ut frå ein administrativt tilsett sin ståstad vil det vere naturleg at også deira arbeidsplanar og gjeremål i større grad vert trekte inn som ein viktig del av måla i arbeidet med betra strategiar for utdanning og undervisning i høgskulen. Vidare i uttalen vil vi gi spesifikke kommentarar til kvar av dei sju målsettingane. Dei tre første måla kommenterer vi med utgangspunkt i kvart tiltak, medan vi i dei fire siste målsetjingane kommenterer tiltaka samla. Mål 1: Internasjonalisering skal vere ein integrert del av all verksemd ved HiSF Dette lyt vi vere meir bevisste på i alle ledd. Det første må vere å få kartlagd kva som faktisk skjer på HiSF av internasjonal aktivitet. Vi må gjere oss meir attraktive for utanlandske studentar/tilsett og stimulere eigne tilsett/studentar til å dra ut. Styrka organiseringa og prioritere internasjonal aktivitet Kan ein vere meir konkret her? For eksempel gi dekan og instituttleiar ansvar for den internasjonale aktiviteten i samarbeid med internasjonal koordinator på kvar avdeling. Auka ressursar til fagtilsette Her kan ein også vere meir konkret. Kva vil dette seie? Det er urealistisk at alle tilsette skal få utdelt meir ressursar til internasjonalt arbeid. Men, kanskje ein kan seie at internasjonalt arbeid må inn i arbeidsplanane. Dekan, instituttleiar og internasjonal koordinator ved kvar avdeling har ansvar for å ha oversikt over aktuell hospitering eller studentopphald i utlandet som kan utløyse ressursmoglegheit for faglege tilsette. Dette må leiinga ved kvar avdeling koordinere (jfr. punktet over). I tillegg bør det prioriterast midlar til fagleg tilsette som vil reise på internasjonale konferansar eller liknande (jfr. punktet om forskingsaktivitet med internasjonal forankring) Styrka og vidareutvikle det administrative støtteapparatet Også her kan planen vere meir konkret. Størrelse på stillingsprosent for internasjonal koordinator på avdelingsnivå og i SfU bør konkretiserast jfr strategiplan for

70 internasjonalisering. Den største utfordringa for å få opp den internasjonale aktiviteten ved HiSf både blant studentar og tilsette ser ut til å vere informasjon og at det er oversikteleg kven som har ansvar for kva. Internasjonalisering skal vera ein del av utdanningsløpet til alle studentar Tiltaket er formulert som eit mål. Konkrete tiltak vil vere: - Så langt som råd skal alle pensumlister innehalda minst ein internasjonal tekst - Så langt som råd skal alle emneplanar ivareta internasjonale perspektiv i læringsutbytta - I dei studia der utanlandsopphald er ei moglegheit skal studentar tidleg informerast og oppmodast til dette Fleire engelskspråklege emne i gradsutdanningane Dette er eit godt tiltak, som også med fordel kunne vore konkretisert i enda større grad. Kva gradsutdanningar skal tilby emne på engelsk? Og jamfør punktet over; kan ein seie at alle pensumlister skal innehalda minst ein engelsk tekst? Forskingsaktivitet med internasjonal forankring Deltaking på internasjonale konferansar, gjerne med presentasjon, er ein god måte å knyte kontaktar på. Kvar avdeling bør oppmode og prioritere å sende tilsette på internasjonale konferansar, kurs og liknande. Jfr. det første punktet bør ansvaret for dette liggje på dekan og instituttleiar, samt eit auka samarbeid mellom internasjonal koordinator og seksjon for FoU. Mål 2: Høgskulen skal møta forventninga om ein digital studiekvardag I denne delen går tiltaka over i kvarandre. Her er gode tiltak, men ein kan rydde litt i oppsettet og gjerne også her vere meir konkret om målsetjingar fram mot Eit forslag vil vere å dele inn underpunkta i tiltak retta mot studentar og tiltak retta mot tilsette: Tiltak retta mot studentar: o Digital eksamen og sensur (kan ein seie noko om kor stor del av eksamen vi skal klare å gjennomføre digitalt innan 2020?) o Flott med eit punkt om at digital kompetanse skal integrerast i studie- og emneplanar og at det framhevast at studentane skal få ei digital forståing gjennom studiet o Gode digitale løysingar i klasse-, grupperom og bibliotek. Gjerne så konkret som mogleg o Burde den nye nettsida evaluerast av studentar? For studentane handlar ikkje utdanninga berre om å digitale undervisningsressursar. Studiet pregast av ei stor mengd digitale tjenester. Mykje er knytt til informasjon. Å finne fram, få hjelp, finne timeplanar osv. Det er viktig at vi i ein strategi- og handlingsplan for utdanning også tek med dette perspektivet.

71 o o Utvikle bruk av digitale løysingar for å auke studentaktive læringsformer. For eksempel samskrivingsverktøy, funksjonar i Fronter og tilgjengelige undervisningsressursar på nett. Bra at prosjektet «Digital kompetanse» får ansvar for å avklara spørsmål knytt til eigarskap av digitalt materiale. Sikre at alle kan nytte biblioteket også digitalt Tiltak retta mot tilsette o Sikre at alle tilsette får systematisk opplæring. Planen seier at it-gruppa og prosjektet «Digital kompetanse» skal ha ei nøkkelrolle for god tilrettelegging og systematisk opplæring. Kan ein konkretisere korleis ein vil sikre systematisk opplæring? Gjennom perioden vil det vere viktig at alle tilsette får gjennomgå ulike kurs som er adekvate for dei ulike studium og fag sin eigenart. Generelle digitale kurs eg ofte bortkasta resursar. Difor må digitale verktøy som skal innførast vere tilpassa faga. o Støttefunksjonane må vere på plass slik at ein ikkje opplever at dei som skal implementere den nye kompetansen snublar i ikkje tilpassa hard- og software. Itgruppa har gjerne nokre konkrete tankar om korleis dei kan vere med å gi god tilrettelegging. o Ein kan her vere konkret på kva ein vil at fagtilsette og administrativt tilsette skal kunne nytte av digitale verktøy i møte med studentar, i undervisning og rettleiing. Skal alle kunne bruke SmartBoard for eksempel? o Prosjektet «Digital kompetanse» avklarar spørsmål knytt til eigarskap. o Høgskulen skal sørgje for at program som vert brukt både er kompatible og er mogleg å bruke med maskinparken som er kjøpt inn. Mål 3: Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av den gode læraren Krav om pedagogisk kompetanse hjå alle lærarar Konkret og godt tiltak Innføre opplæringsprogram med mentorordning for nytilsette. Dette obligatoriske opplæringsprogrammet kunne også nemnast som eit tiltak retta mot tilsette og digital kompetanse. Sørgje for tilstrekkelege ressursar til god undervisning. Kva er tilstrekkeleg? Ei satsing på fou må ikkje gå ut over kvaliteten på undervisning, rettleiing og oppfølging av studentar. Ved ein reduksjon av ressursar til undervisning vil studentane uansett få eit dårlegare tilbod, enten i form av mindre undervisning eller rettleiing, eller i form av dårlegare undervisning og rettleiing. Å sikre tilstrekkelege ressursar til god undervisning sikrar ikkje ressursløyvingane til undervisning og heller ikkje mengda oppfølging studentane kan få tilbod om. Men, med ei auka satsing på fou må nødvendigvis ressursane omfordelast og meir tid brukast på fou. Dermed vil kvar og ein fagtilsett som aukar innsatsen på fou få mindre tid til undervisning. I denne planen burde ein difor konkretisere korleis ein på tross av dette skal kunne klare å vedlikehalde den gode undervisninga.

72 o o o Sikre at alle tilsette (særleg tilsette med toppkompetanse) har ein del av stillinga si knytt til undervisning, og at også dei med første- og toppkompetanse underviser både på bachelor- og masternivå Sikre at kvalitet på tilbodet studentane får vert teken omsyn til når ressursar skal setjast av til fou-satsinga Setje i gang pilotar som får ekstra ressursar til å prøve ut nye undervisningsformer (som kanskje på sikt kan minske ressursbruk) Søke om å etablere senter for framifrå utdanning Konkret og godt tiltak I ei tid der vi er avhengig av å sikre graden av fyrstekompetanse i organisasjonen er det viktig for kvaliteten på profesjonsutdanningane at ein samstundes rekrutterer tilsette med erfaring frå praksisfeltet. Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane har og ei vedtekt som innbefattar eit arbeid mot fleire tilsette i HiSF med erfaring frå praksisfeltet. Mål 4: Høgskulen skal ha eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram med relevans for samfunnsog arbeidsliv Det er viktig at studieprogrammet speglar resten av desse 7 måla for utdanning hjå HiSF, det må likså vise at det er ein samanheng med dette punktet, heile strategiplanen for HiSF og strategiplanen for utdanning. Med andre ord bør det presiserast i strategiplanen at ein skal ha ei koordinert satsing på institusjonsnivå. Mål 5: Høgskulen skal vera blant UH-institusjonane med best gjennomføring på normert tid Viktig at vi også held på dette målet i framtida. Vi må likevel vere klar over at fleire studentar bør skifte studium og nokre studentar bør losast ut av høgskulesystemet. Dette må det ligge klare føringar for i strategiplanen for utdanning. Det er også eit kvalitetsstempel at vi klarar å fange opp dei studentane som ikkje bør vere i studiet, noko som bør framhevast som eit tiltak for kvalitet. For eksempel er utdanningssamtalar, kunnskap om skikkavurdering og godt samarbeid med praksisfeltet (i dei studia der det er relevant) konkrete tiltak for å sikre at vi sikrar kvaliteten på studentane som gjennomfører best og på normert tid. Mål 6: Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Dette er noko som vi er bra på og som vi bør jobbe for å bli betre på. Korleis heng punkta 2, 3 og 6 saman? Er dette noko ein kan seie noko meir konkret om i denne planen? Ein må hugse på at biblioteket også er ein viktig ressurs for å styrke graden av forskingsbasert utdanning. Biblioteket bør inn som eit av tiltaka. Mål 7: Høgskulen skal rekruttere mange kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma Ja, dette vert eit spennande punkt. Her treng vi hjelp frå eksterne aktørar og Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane har eit eige punkt om dette i sine vedtekter og strategiplan for , der Udf vil jobbe for at HiSF skal kunne rekruttere kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogrammet.

73 Ein vi ha ei auka satsing på rekruttering frå Sogn og Fjordane. Vi er usikre på om det er hensiktsmessig med ei slik generell satsing. Om vi rekrutterer godt utanfor fylket så vil det kanskje vere det viktigaste for å appellere til potensielle studentar i eige fylke. Som fylke er vi avhengig av å få studentar hit frå andre delar av landet, og vi har også behov for at fylket sine ungdommar studerer ulike stader. Tiltak retta mot særleg aktuelle grupper vil kanskje vere meir hensiktsmessig. For eksempel for å sikre kompetanse i ulike sektorar. Det er kanskje i større grad viktig å rette rekrutteringa mot vidareutdanning og deltidsutdanning innanfor nokre utdanningar. Det kan vere sjukepleie, vernepleie, barnevern, lærarar i barnehage og skule osv. For Utdanningsforbundet ved HiSF Mari Engesæter Hovudtillitsvald Jan Morten Loftesnes Plasstillitsvald

74 Forskarforbundet ved HiSF Høgskulen i Sogn og Fjordane Sogndal Høyringsuttale frå Forskarforbundet ved HiSF til strategi og handlingsplan for utdanning Forskarforbundet ved HiSF (FF) vil med dette gje våre synspunkt på utkastet til strategi og handlingsplan for utdanning I uttalen vår vil me gå systematisk gjennom dei ulike mål- og handlingsområda og til slutt kommentera kostnadsvurdering av tiltaka. 1. Internasjonalisering skal vera ein integrert del av all verksemd ved HiSF Under dette målet er det nemnt fem satsingsområde og presentert seks tiltak. Dette verkar noko tilfeldig og vagt framstilt. Her saknar me ei betre utgreiing, grunngjeving og konkretisering av tiltaka. Til dømes vil det vera av interesse korleis ein skal styrka organiseringa og prioritera internasjonal aktivitet på avdelingane slik at ein får auka internasjonal deltaking hjå dei tilsette. Forskarforbundet er usikker på effekten av å auke ressursar til internasjonale koordinatorarar og administrativ støtte når internasjonalisering helst går føre seg i dei ulike fagmiljø. Å auke det administrative apparatet utan fagleg forankring kan føra til meir byråkrati utan auke i internasjonalt fagleg samarbeid. 2. Høgskulen skal møta forventninga om ein digital studiekvardag Målet og tiltaka ser fornuftige ut men Forskarforbundet vil peika på at det er viktig å avklare retningslinjer knytt til eigarskap til digitalt materiale. Parallelt med denne høyringa er det i gang eit arbeid som jobbar med «Intellektuelle Rettar ved HiSF». Arbeidsgruppa tek mellom anna opp problemstillingar i forholdet mellom tilsette i samband med digitale forelesingar. Dette arbeidet bør reflekterast i strategi og handlingsplanen for utdanning Planen seier og at vi skal ha «tidsmessig og oppdatert verkty med ei velfungerande digital læringsplattform...». Her bør det presiserast at dette også gjeld tidsmessig oppdatert utstyr i undervisningsrom på begge studiestadane. I Førde er det ikkje eit einaste smart-board, dessverre. 3. Høgskulen skal leggja tilhøva til rette for utvikling av den gode læraren Den gode læraren er viktig for studentane og tiltaka som vert skissert under dette målet ser fornuftige ut. Særleg vil Forskarforbundet støtta oppunder tiltaket som går ut på at dei nytilsette går gjennom eit felles opplæringsprogram med mentor eller kollegarettleiing frå eige institutt. Dette har me tru på er eit godt reiskap for at nytilsette raskare kan koma inn i det praktiske og teoretiske arbeidet som ligg til stillinga. Men her er det viktig å sikra at mentorane sitt arbeid vert verdsatt og at det ver sett av ressursar til slikt arbeid. Forskarforbundet vil elles peika på at det ligg ein spenning knytt til målet om å gi tilstrekkeleg ressursar for å oppretthalde god undervisning og auka satsing på FoU. Ressursspørsmål er sentralt i høgskulen og for tida går det føre seg eit arbeid for å prioritera meir ressursar til FoU. Det store spørsmålet vert då om ein kan prioritera FoU utan å ta frå undervisning? Om ein ikkje kan det, vert det utfordrande å få tilstrekkeleg med ressursar til å oppretthalde god undervisning. 1

75 4. Høgskulen skal ha eit breitt tilbod av praksisnære studieprogram med relevans for samfunns- og arbeidsliv Ingen kommentar 5. Høgskulen skal vera blant UH-institusjonane med best gjennomføring på normert tid Dette er eit realistisk og bra mål, men ein bør skriva at dette gjeld både bachelor- og masterutdanningane. Tiltaka er gode men Forskarforbundet saknar ei tydeleggjering av kven som har ansvaret for å laga gode planar på programnivå og eit samla «programblikk» (s.8). Mest innlysande er nok at dette er fagleg leiar sitt ansvar, men her vil me foreslå at det vert satsa meir på teamarbeid og bidrag frå fleire av dei involverte partane i eit bachelor- eller masterprogram. Det gjeld både studentar og tilsette. Slik kan ein breiare forankring og meir involvering i å skapa gode lærings- og undervisningsprogram. Tiltaka om utdanningsleiing og mentor-ordning er noko uklåre. 6. Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet Dette punktet er Forskarforbundet stor sett einig i, men tiltaket som går på at faglærarane må formidla eiga forsking til studentane verkar noko streng. Me støttar sjølvsagt at eigen forskingsbasert kunnskap skal innlemmast i undervisning og pensum der det er naturleg og passar inn, men ikkje elles. Då er det nok med forskingsbasert kunnskap. 7. Høgskulen skal rekruttere mange kompetente og motiverte studentar til utdanningsprogramma Ingen kommentar Kostnadsvurdering av tiltak: Mange av tiltaka er knytt opp til ny organisering, men nokre krev og tilførsel av friske midlar. Mål 1: internasjonalisering. Her er det konkrete forslaget to faglege årsverk og eit administrativt årsverk, samt kr til diverse utgifter. Forskarforbundet ser at ein må «frikjøpa» fagtilsette for å auka engasjementet innan internasjonalisering og forstår og at det vil vera behov for administrativ støtte, men er usikker på om det konkrete forslaget til ressursauke vil skapa ynskt aktivitetsauke. Me er rett og slett redd for at auka byråkratisering ikkje gjev oss auka internasjonalisering (jmf. kommentar under mål 1 i starten av dette dokumentet). I høve mål 2 kostnadsvurdering meiner me at «Tilstrekkeleg løyvingar til oppdatert it-utstyr og programvare», er for uklar. Her må det spesifiserast kva behov som har høgst prioritet i Førde og Sogndal. Når det gjeld mål 5 er me oppteken av at mentor-ordninga vert evaluert både ved seksjon for utdanning og ved dei ulike avdelingane/institutta før ein tilfører nye midlar. Når det gjeld kostnadsvurdering av mål 6 vil me støtta ein offensiv og spennande satsing på utdanningskvalitet. For Forskarforbundet Frode Fretland Hovudtillitsvald 2

76 Strategi- og handlingsplan for utdanning innspel frå NTL Innleiing NTL er positive til at utdanningsområdet blir løfta fram gjennom ein eigen strategi- og handlingsplan. Det at feltet internasjonalisering blir prioritert og løfta fram er viktig, og viss me lykkast her kan det gi store og gode ringverknader. Auka grad av internasjonalisering ved HiSF kan bidra til auka fousatsing, og auka fou-aktivitet kan igjen gi betre undervisning. Når det gjeld prioritering av dei sju måla, meiner NTL meiner at mål 6 - Høgskulen skal tilby forskingsbasert utdanning med høg fagleg kvalitet - bør prioriterast høgare. Kommentarar til dei ulike måla og tiltaka Mål 1 Tiltak: Auka ressursar til fagtilsette «Fagtilsette treng auka ressursar i form av tid til å engasjera seg i internasjonalt samarbeid som til dømes undervisnings- eller studieopphald hjå noverande eller nye partnarar.» Internasjonalisering er allereie ein del av stillingsinstruksen til dei fagtilsette. Dekan og instituttleiar bør bidra til at denne delen av stillinga får prioritet. Tiltak: Styrka og vidareutvikla det administrative støtteapparatet NTL foreslår å ta inn i planen ei meir detaljert beskriving av kva som krevst av administrative ressursar for å nå målet om auka internasjonalisering. Per i dag er det ei rekkje administrative oppgåver som ikkje blir gjort grunna for lite ressursar, som til dømes: o Sikre eit internasjonalt perspektiv på studieplanane, jf. krav frå NOKUT o Vidareutvikling av studieinformasjon på engelsk på hisf.no, og produksjon av innhald om fou-aktiviteten vår

77 o Kompetansehevings- og informasjonstiltak til fagtilsette om partnarar, søknadsprosessar, prosjektstøtte med meir o Samarbeid og kobling mellom fou-seksjonen og seksjon for utdanning innan internasjonalisering o Betre tilrettelegging og informasjon til studentar mellom anna utvikling av fagpakker og betre tilrettelegging for mobilitet. Mål 5 Tiltak: Vidareutvikle Karrieresenteret sitt tilbod om karriererettleiing For at Karrieresenteret skal kunne vidareutvikle tenestene sine, trengst det meir ressursar enn det som er sett av i dag. Dette må synleggjerast i kostnadsvurderinga. Tiltak: Vidareutvikle medverknad frå studentane Når det gjeld å få studentar til å ta på seg verv og tillitsvaldrolla, er god og tidleg informasjon til studentane eit nøkkelord. Mål 7 Tiltak: Vidareutvikla marknadsføring av utdanningane «I tillegg ønskjer me å utvikla bruken av sosiale medium som kanalar for annonsering og profilering.» Dei fire siste åra har me i aukande grad tatt i bruk sosiale medium, både til annonsering og profilering. I planen bør det derfor stå at vi ønskjer å vidareutvikle bruken, heller enn å utvikle. Tiltak: Stimulere til eit levande og attraktiv studentmiljø og gode arbeidstilhøve på campus Læringsmiljøutvalet er ein viktig aktør i det å ha eit godt fysisk og sosialt studentmiljø, og det bør omtalast i planen. Sogndal, 3. juni 2015 Tove Takvam Uglum Leiar NTL

78 42/15 Master in Climate Change Management- søknad om akkreditering Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. Saksbehandler Kari Thorsen Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Styret ber rektor søkje NOKUT om akkreditering av Master in Climate Change Management Klimautfordringar; forvaltning og planlegging 120 studiepoeng i samsvar med framlagt studieplan og søknad til NOKUT. Dersom studiet vert akkreditert, ber styret rektor søkje Kunnskapsdepartementet om etablering av studiet. Styret vil gjere ei vurdering av finansiering av studiet i samband med budsjett for Saksvedlegg: Prenta vedlegg Søknad til NOKUT om akkreditering av Master in Climate Change Management/Klimaendringar; forvaltning og planlegging Studieplan for Master in Climate Change Management/Klimaendringar; forvaltning og planlegging. Norsk versjon. Støttebrev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Stort behov for planleggere! Brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet Uprenta vedlegg: Styresak 35/15 Master in Climate Change Management - drøftingssak Oppnemning av studieplankomite. Rektorvedtak Forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (Studietilsynsforskriften) NOKUT Saksframstilling Styret fekk i møtet i mai orientering om arbeidet med studieplan for eit nytt masterstudium i naturfag. Avdelinga har siste året arbeidd med eit fagleg grunnlag for eit nytt masterprogram som kan rekruttere frå alle dei tre naturfaglege bachelorutdanningane i Sogndal. Med utgangspunkt i dette arbeidet oppnemnte rektor ein studieplankomité i oktober Komitéen skulle utarbeide plan for ein master i planlegging med fokus på klimautfordringar, 120 studiepoeng, ved Institutt for naturfag i Sogndal. Studieplankomité: Eli Heiberg leiar (planleggar) Mette Gillespie (geolog) Simon de Villiers (fysikk, matematikk) 12

79 Bente J. Rygg (statsvitskap) Carlo Aal Vestlandsforsking Tarald Seldal (økolog) Tyson Weaver (Phd-student) Student 3.klasse landskap Kari Thorsen (Seksjon for utdanning) Mandat for arbeidet 1. Studieplankomiteen skal utarbeide studieplan for masterstudium 120 sp i planlegging med fokus på klimautfordringar foreslå namn på studiet vurdere om undervisningsspråket skal vere norsk eller engelsk gjere greie for rekruttering til studiet slik at høgskulen kan uteksaminere 15 kandidatar årleg gjere greie for dei faglege føresetnadene for å etablere studiet gjere greie for arbeidsmarknaden for ferdige kandidatar gjere greie for dei økonomiske rammene for etablering av studiet vurdere sambruk av masteremne på tvers av masterprogram i høgskulen gjere greie for organisering av undervisninga 2. Studieplanen skal utarbeidast i samsvar med Forskrift om krav til mastergrad, NOKUT sine krav for akkreditering i 2. syklus, og Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. 3. Problemstillingane i masteroppgåva skal vere forankra i pågåande forskingsaktivitet ved avdelinga. Komiteen skal vurdere om masteroppgåva skal utformast som ein vitskapeleg artikkel skriven på engelsk og om masteroppgåva skal vere på 30 eller 60 sp. 4. Studieplanen skal legge til rette for studentutveksling. 5. Komiteen skal parallelt utarbeide grunnlag for søknad om akkreditering til NOKUT. Høgskulen må søkje NOKUT om akkreditering av masterstudium. Det er to søknadsfristar i året, 1. september og 1. februar. Søknaden skal formast ut i samsvar med ein fastsett mal utarbeidd av NOKUT med utgangspunkt i Studietilsynsforskriften. Dersom studiet vert akkreditert, må høgskulen søkje departementet om etablering av studiet. Normalt tek ein søknadsprosess om lag seks månader. I saka i mai fekk styret ein presentasjon av det faglege innhaldet i studiet og dei faglege vurderingane som ligg til grunn for utarbeiding av studieplanen. Styret ga positive signal til å gå vidare med å sluttføre arbeidet med sikte på søknad om akkreditering. I denne saka vert styret invitert til å gjere vedtak om å søkje om akkreditering av studiet og eventuell etablering. Studieplan og søknad om akkreditering ligg som vedlegg til saka. Studieplanen Studieplanen har vore til vurdering i Utdanningsutvalet den 21. mai. Utvalet ga gode tilbakemeldingar til arbeidet, og meinte at dei samla læringsutbytta i studieplanen var gode og på rett fagleg nivå i høve Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Utvalet ba komiteen tilpasse nivåa på læringsutbytta i emna meir til masternivå. Det har vore arbeidd vidare med dette. Namnet på studiet er Master in Climate Change Management. Masterprogrammet skal lysast ut som eit internasjonalt studietilbod og undervisast på engelsk når det er internasjonale studentar. Norske studentar kan skrive oppgåver og eksamen på norsk. På norsk skal namnet vere Klimaendringar; forvaltning og planlegging. 13

80 Læringsutbytte Studiet er inndelt i 11 emne, og det er lagt vekt på god progresjon og fagleg samanheng mellom emne og samla læringsutbytte. Studiet vil gje kandidatane ei brei forståing av utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet og avansert kompetanse til å leie utgreiingsarbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Kandidatane vil ha solid fagleg grunnlag til å vurdere, planlegge og gje råd til ulike samfunnssektorar. Det vil og handle om å implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og å tilpasse samfunnet til klimaendringane. Internasjonale studentar og lærarar vil bidra med sin kunnskap og sine erfaringar om klimarelaterte problem og slik vere med på å sette klimautfordringane inn i ein global samanheng. Opptaks- og rekrutteringsgrunnlag Studieplanen opnar for opptak av studentar med ulik grunnkompetanse, noko som kan styrke rekrutteringa. Institutt for naturfag utdannar årleg kandidatar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Om lag halvparten av desse går ut i jobb og halvparten vidare på ulike masterprogram i Norge og i utlandet. I tillegg til rekruttering frå våre grunnutdanningar er målet å rekruttere søkjarar frå universitet og høgskular i Norge og internasjonalt. Det store udekte behovet for planleggjarar i samfunnet gjer at arbeidsmarknaden for studentane vil vere god i mange år framover. Klimatilpassing i areal- og samfunnsplanlegging er i liten grad tematisert ved andre institusjonar. Kandidatar med tverrfagleg bachelorgrad i geografi, fornybar energi, naturforvaltning eller økologi/ biologi er aktuelle søkjarar, i tillegg til kandidatar med bachelor i geologi eller areal- og landskapsplanlegging. Instituttet vil og bruke sitt internasjonale nettverk for å rekruttere studentar til masterprogrammet. Måltal Det vert lagt opp til rekruttering av i overkant av 20 studentar slik at ein kan nå eit måltal på uteksaminering av 15 kandidatar årleg. Internasjonalisering Høgskulen har avtalar om student- og lærarutveksling med ei rekke internasjonale institusjonar. Det vert arbeidd med å lage avtalar som omfattar utveksling på masternivå. I masterprogrammet er det lagt opp til studentutveksling i andre eller fjerde semester. I fjerde semester kan studenten skrive masteroppgåva ved ein annan institusjon og vere knytt til ein ekstern rettleiar der. Kontaktane med samarbeidande universitet i utlandet vil gje høve til lærarutveksling slik at høgskulen kan dra nytte av internasjonal spisskompetanse på utvalde fagtema i programmet. Institutt for naturfag har i dag tilsette frå 10 ulike nasjonar og 15 års erfaring frå engelskspråkleg undervisning. Arbeids- og vurderingsformer Studiet er lagt opp med studentaktive arbeids- og undervisningsformer. I undervisninga vert det førelesingar, ekskursjonar/feltarbeid, dialog- og problembasert undervisning, og ulike typar gruppearbeid som til dømes fleirfaglege grupper og seminar med framlegg og diskusjon, skriftleg refleksjon og analyser. I tillegg til planlagt undervisningstid i grupper og samla, skal studentane bruke tid til individuell fordjuping og ulike typar sjølvstendig skriftleg arbeid. Masteroppgåve er på 30 sp og er lagt opp som eit individuelt arbeid under rettleiing. 14

81 Faglege føresetnader for å etablere studiet Institutt for naturfag har fire professorar, 14 tilsette med fyrstekompetanse (12 med doktorgrad), tre høgskulelektorar, seks stipendiatstillingar og ei post.doc. stilling. Fagmiljøet deltek i fleire nasjonale- og internasjonale forskingsnettverk og produserer årleg publikasjonar i internasjonale vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering. I tillegg har fagmiljøet programansvar for tverrfaglege forskingsprosjekt finansiert av Norges Forskingsråd, er deltakar i EU-prosjekt, og har FoU-prosjekt finansiert frå næringsliv og regionale forskingskjelder. I Studietilsynsforskriften er det krav til at dei som er knytt til studiet skal ha hovudstilling (minst 50%) ved HiSF, og minst 20% skal ha doktorgrad. Begge desse krava er innfridd for dei som arbeider ved HiSF. I tillegg må det tilsetjast i fleire nye stillingar dersom studiet vert realisert. Det er berekna at studiet vil krevje 3,8 nye faglege årsverk. Her er oversikt over kompetansen hos dei som utgjer hovudmiljøet knytt til studiet, med emneansvarlege merka med (e.a.). Emne 1: Climate change and climate policy 1.amanuensis Bente J. Rygg (e.a.) er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. lektor Eli Heiberg er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Jacob Yde er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Simon Villiers er fysikar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 2: Introduction to methods in environmental sciences Professor Knut Rydgren (e.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Inger Auestad (e.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Bente J. Rygg er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett i ei stilling i metode/statistikk Emne 3: Climate change and ecosystems Professor Knut Rydgren (e.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Inger Auestad er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Liv N. Hamre er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 4: Towards a zero emission society Professor Erling Holden (e.a.) er sivilingeniør og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Simon Villiers er fysikar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 5: Geohazards Professor Stein Bondevik (e.a.) er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 80% stilling 1. amanuensis Helge Henriksen er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 50% stilling. 1. amanuensis Mette K. Gillespie er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Denise Ruther er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 6: Rural and urban run-off management 1. amanuensis Helge Henriksen (e.a.) er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 60% stilling. 1. amanuensis Mette Gillespie er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. lektor Eli Heiberg er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett ein hydrolog i fast 100% stilling 15

82 Emne 7: Climate change adaptation and land use planning 1. lektor Eli Heiberg (e.a.) er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling Høgskulelektor Lisbeth Dahle er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett ein professor i klimatilpassing i delstilling Emne 8: Societal transformation 1. lektor Eli Heiberg (e.a.) er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Bente J. Rygg er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Høgskulelektor Lisbeth Dahle er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett ein professor i klimatilpassing i delstilling Emne 9: Scientific writing, scientific theory and data analyses 1. amanuensis Inger Auestad (f.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Jacob Yde er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Bente J. Rygg er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett i ei stilling i metode/statistikk Emne 10: Master thesis, 30 studiepoeng Professor Stein Bondevik (e.a.) er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 80% stilling Professor Knut Rydgren er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Professor Erling Holden er sivilingeniør og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 11: Snow science and avalanche 1. amanuensis Simon Villiers (e.a.) er fysikar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Mette Gillespie er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Denise Ruther er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett i stilling med spesialkompetanse på snø og snøskred Instituttet prioriterer i dag midlar til forsking på problemstillingar knytt arealbruksendringar, utsleppsreduksjonar, produksjon og bruk av fornybar energi, og korleis endringar i klima påverkar økologiske (t.d. pollineringsøkologi, vegetasjonsutvikling og matproduksjon) og geologiske prosessar (t.d. skredprosessar og flaum). I 2013 etablerte Høgskulen i Sogn og Fjordane eit eige forskingsprogram retta mot energi-, ressursar- og miljøspørsmål. I masterprogrammet vil høgskulen nytte forskingskompetansen som finst ved instituttet. I tillegg vert det behov for å supplere denne med kompetanse innan geologi (hydrologi, snøskred), statistikk og metode, og klimaplanlegging (samfunnsplanlegging). Samarbeid med andre relevante fagmiljø Høgskulen samarbeider med Vestlandsforsking, Statens Vegvesen, NVE, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er medlem av Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES) ved NTNU. I tillegg er instituttet medlem i UH-Nett Vest og Teknovest. Vestlandsforsking har omfattande vitskapleg produksjon innan miljø- og klimaforsking med relevans for masterprogrammet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har markert seg nasjonalt og internasjonalt på klimaområdet og teke viktige initiativ i arbeidet med å planlegge for framtidige klimaendringar og kva tiltak samfunnet kan implementere for å førebygge klimarelaterte naturskadar. Spisskompetansen regionen har på klimaområdet saman med 16

83 høgskulen si geografiske lokalisering (naturforhold, produksjon av fornybar energi, olje og gass), gjer at Høgskulen i Sogn og Fjordane har gode føresetnadar til å utvikle eit anvendt masterprogram for norske og internasjonale studentar med interesse for klimaendringar, forvaltning og planlegging. Kostnadsoverslag Kostnadane til masterprogrammet er basert på opptak av i overkant av 20 studentar og uteksaminering av 15 kandidatar per år. Programmet vil krevje 380 arbeidstimar per 10 studiepoeng, i tillegg vert det rekna 1500 arbeidstimar til rettleiing av 20 studentar på masteroppgåve. I alt vil studiet krevje om lag 4920 arbeidstimar og løyse ut 3,8 nye årsverk. AIN har ikkje ressursar til å starte opp dette masterstudiet. Avdelinga foreslår at dei ressursane som var knytt til Master in Landscape Planning vert overført til den nye mastergraden. Denne masterutdanninga var dimensjonert for 15 studieplassar, og AIN hadde ansvar for 60 studiepoeng. AIN har eit årsstudium i naturfag med 10 studieplassar, og ønskjer å overføre desse studieplassane til den nye mastergraden. Det må i tillegg arbeidast med å få tilført nye studieplassar til studiet. Behov for utdanninga Utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet vil berre kunne løysast gjennom god fagleg innsikt og langsiktig arbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Strategiar og tiltak for å møte utfordringane på klimaområdet og omstille samfunnet i ei meir berekraftig retning er politisk, økonomisk og fagleg krevjande. Tverrfagleg samarbeid vert nødvendig for å gjennomføre ein ambisiøs klimapolitikk og oppnå effektive tiltak for utsleppsreduksjonar nasjonalt og internasjonalt. På oppdrag for Kommunesektorens Organisasjon har høgskulen kartlagt studietilbod retta mot klimatilpassing i samfunnet. Rapporten konkluderer med at det ikkje er slike studietilbod i Norge og få liknande studietilbod internasjonalt. Det finst heller ikkje studietilbod i Norge som ser strategiar og tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i samanheng. Masterprogrammet i Climate Change Management vil fylle dette behovet. For å forankre masterutdanninga hjå viktige framtidige arbeidsgjevarar og få faglege innspel i samband med utviklinga av masterprogrammet har høgskulen etablert ei referansegruppe med følgjande medlemmer; Miljødirektoratet, Norges vassdrag- og energidirektorat, Statens Vegvesen, CICERO Senter for klimaforsking, Fylkesmannen i Sogn & Fjordane, Sogn & Fjordane fylkeskommune, og Skred AS. Høgskulen har mottatt fleire fråsegner til støtte for etablering av denne utdanninga. Vurdering Rektor er svært fornøgd med arbeidet som instituttet har gjort i samband med utarbeiding av studieplan og søknad til NOKUT. Arbeidet har god forankring i dei ulike fagmiljøa, og studieplanen er utarbeidd i tett dialog med sentrale instansar og institusjonar som arbeider med klimaspørsmål. Det er sannsynleg at dette studiet kan rekruttere godt, både nasjonalt og på sikt også internasjonalt. Studiet tek sikte på å tilføre samfunnet ny kompetanse som er etterspurt. Ved å satse på eit tverrfagleg studium med breitt opptaksgrunnlag, vil rekrutteringsgrunnlaget av eigne studentar og studentar frå andre institusjonar vere stort. Samstundes vil studiet ha betydeleg yrkesrelevans i ei tid med store klimautfordringar som krev ny kunnskap i alle sektorar som vert berørte. 17

84 Etter rektor si vurdering har instituttet gode faglege føresetnader for å lukkast med satsing på eit internasjonalt studietilbod i tråd med den framlagde studieplanen. Instituttet har solid forskings-kompetanse på klimaendringar, naturfare, økologi og fornybar energi. Fagmiljøet samla, og den gruppa fagtilsette som vert tett knytt til studiet, vil meir enn oppfylle dei formelle krava i Studietilsynsforskrifta. Samstundes er rektor klar over utfordringane som ligg i Strukturmeldinga der det vert varsla strengare krav til etablering av nye mastergradsprogram. Det vert hevda at det har vorte etablert for mange smale mastertilbod, og at fagmiljøa mange stader ikkje har tilstrekkeleg forskingstyngde og kvalitet. I framtida vert det krav om større breidde og vesentleg sterkare fagmiljø. Det er varsla ein prosess med omlegging av regelverket i samarbeid mellom NOKUT og Forskingsrådet. Etter rektor si vurdering må høgskulen satse på at fagmiljøet på Institutt for naturfag også vil tilfredsstille framtidige krav. Rektor meiner såleis at viktige føresetnader for å søkje om akkreditering av masterstudiet er på plass, og vil rå styret til å søke NOKUT om akkreditering av studiet. Når høgskulen vonleg får eit positivt vedtak om akkreditering, må høgskulen søkje departementet om etablering før ein kan lyse ut studiet. Styret var i drøftingane i mai positive til å gå vidare med søknad om akkreditering av studiet. Men styret ga samstundes signal om at spørsmål om tildeling av ressursar og eventuell oppstart av studiet må vurderast på eit seinare tidspunkt. Etablering av studiet vil krevje i alt 3,8 nye årsverk. Instituttet sitt forslag er å få tilbakeført ressursar som var knytt til master in Landscape Planning, samstundes som dei ønskjer å overføre ressursane som no vert nytta til årsstudium i naturfag til det nye masterstudiet. Instituttet ønskjer å starte opp studiet hausten 2016 under føresetnad av akkrediterings- og etableringsløyve i løpet av vinteren. Rektor meiner at høgskulen bør søke nye studieplassar for å realisera Master in Climate Change Management. Her har høgskulen høg kompetanse, kompetansen er etterspurd i markedet og høgskulen kan profilera seg både nasjonalt og internasjonalt på dette området. Dersom ein ikkje skulle lukkast med å få nye studieplassar til studiet, må ein gjere ein vurdering av ressursspørsmålet i samband med budsjettvedtaket for Vedlegg til sak 18

85 19

86 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 Klimaendringar; forvaltning og planlegging Norsk namn Klimaendringar; forvaltning og planlegging Engelsk namn Master in Climate Change Management Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 120 Normert studietid 2 år Innleiing Utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet vil berre kunne løysast gjennom god fagleg innsikt og langsiktig arbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Strategiar og tiltak for å møte utfordringane på klimaområdet og omstille samfunnet i ei meir berekraftig retning er politisk, økonomisk og fagleg krevjande og kan berre løysast gjennom tverrfagleg samarbeid, ein ambisiøs klimapolitikk og gjennomføring av effektive tiltak for utsleppsreduksjonar nasjonalt og internasjonalt. Studiet opnar for opptak av studentar med ulik grunnkompetanse, noko som vil styrke diskusjonar og arbeid i tverrfaglege grupper og sette klima utfordringane inn i ein heilskapleg samanheng (forbruk, utslepp, teknologi, økonomi, politikk, natur, planlegging). Studiet vil gje kandidatane ei brei forståing av utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet og kompetanse til å leie utgreiingsarbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Kandidatane vil ha solid fagleg grunnlag til å vurdere, planlegge og gje råd til korleis ulike samfunnssektorar kan implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Internasjonale studentar og lærarar vil bidra med sin kunnskap og sine erfaringar om klimarelaterte problem og slik vere med på å sette klima utfordringane inn i ei global samanheng. Studiestad Sogndal Sogndal Læringsutbytte KUNNSKAP: Kandidaten har/kan: - Kunnskap om klimamodellar og klimaprojeksjonar og korleis ein kan nytte desse til å analysere og vurdere moglege framtidsscenarier i Norge og globalt. - Avansert kunnskap om nasjonal og internasjonal klimapolitikk og korleis politikken fungerer i praksis. - Kunnskap om korleis klimaendringar påverkar arter, samfunn og økosystem og kva konsekvensar dette kan få for økosystemtenester og matproduksjon nasjonalt og globalt. - Avansert kunnskap om korleis samfunnet kan legge om energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei meir miljøvenleg retning. - Kunnskap om korleis ein kan ta omsyn til skred, flaum og overvasshandtering (klimatilpassing) i arealplanlegginga. - Avansert kunnskap om strategiar, tiltak og verkemiddel for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp nasjonalt og globalt. FERDIGHEITER: Kandidaten har/kan: - Vurdere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement. - Arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing. - Anvende relevant programvare og metodar for å evaluere innsamla data og tolke resultata. - Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid eller planoppgåve under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer. - Formulere problemstillingar, samle inn og analysere data, og formidle resultata vitskapleg og populærvitskapleg. - Utføre og leie planprosessar med etablering av lokale energi- og klimaplanar. - Utvikle strategiar for klimatilpassing i samfunnsplanlegginga. - Planlegge tiltak for klimatilpassing der ein tek omsyn til skred, flaum, overvatn, og havnivåstiging i kommunal arealplanlegging GENERELL KOMPTEANSE: Kandidaten har/kan: - Samle inn og gjere ei kritisk vurdering av relevant faglitteratur. - Anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og

87 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 forskingsprosjekt/planoppgåver knytt til klima utfordringar i samfunnet - Arbeide i tverrfaglege team og sette saman kunnskap på tvers av fagområde. - Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske relevant fagterminologi. - Kommunisere godt skriftleg og munnleg om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar. - Bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar knytt til omlegging av energiproduksjon og forbruk frå karbonbaserte til fornybare energikjelder. - Bidra med å utvikle strategiar og tiltak for ei berekraftig omstilling av samfunnet Kompetanse / formell grad Master Master i Klimaendringar; forvaltning og planlegging Master in Climate Change Management Målgruppe Søkjarar frå Norge og internasjonalt med bachelorgrad i naturvitskap (biologi, geologi, kjemi, fysikk), matematikk/statistikk, ingeniør, eller samfunnsfag (planlegging, geografi, økonomi, statsvitskap). Opptakskrav Opptakskrav til masterprogrammet er: Bachelorgrad i naturvitskap (biologi, geologi, kjemi, fysikk), matematikk/statistikk, ingeniør, eller samfunnsfag (planlegging, geografi, økonomi, statsvitskap). Samla karakter på grunnutdanninga skal vere C (2,7) eller betre. Innhald / oppbygging Masterprogrammet er bygd opp av 10 emne (1 valemne) på 10 studiepoeng og ei avsluttande masteroppgåve på 30 studiepoeng. I semester 1 og 2 (emne 1, 3, 5 og 6) får studentane kunnskap om naturlege og menneskeskapte klimaendringar, klimapolitikk nasjonalt og internasjonalt, og korleis klima verkar som drivar i økologiske og geologiske prosessar (naturfare). Denne kunnskapen vert nytta som grunnlag for emna i semester 2 og 3 der studentane får kompetanse til å leie tverrfagleg utgreiingsarbeid på klimaområdet og til å utvikle strategiar og tiltak for å omstille energiproduksjon og forbruk i ei meir miljøvenleg retning (emne 4). I emne 7 og 8 får studentane kunnskap om korleis samfunnet kan gjennomføre tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Metodekunnskap og øving i munnleg og skriftleg formidling er ein sentral del av det samla læringsutbyte for programmet. Desse ferdigheitene får studentane utvikla i emne 1 og 9. Programmet vert avslutta med ei sjølvstendig forskingsretta eller planretta masteroppgåve der studentane må vise at dei har nådd det definerte læringsutbyte for masterprogrammet. Undervisnings- og læringsformer Studiet er lagt opp med varierte studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Det er lagt stor vekst på utvikling av ferdigheiter gjennom casebaserte prosjektoppgåver der studentane arbeider med problemløysing i tverrfaglege team. Det er vidare lagt vekt på å utvikle evne til munnleg og skriftleg formidling. I fleire emne får studentane øving i å leite fram, sette seg inn i og presentere innhaldet i vitskaplege artiklar. I undervisninga vert det kombinasjon av førelesingar, ekskursjonar/feltarbeid, casebasert undervisning, og ulike typar tverrfagleg arbeid i grupper og seminar med framlegg og diskusjon, skriftleg refleksjon og analysar. I tillegg til planlagt undervisningstid i grupper og samla skal studentane bruke tid til individuell fordjuping og ulike typar sjølvstendig skriftleg arbeid. Lærarrolla skal famne om tradisjonelle førelesingar, rettleiing og tilbakemelding på skriftleg arbeid, undervisning og rettleiing i grupper, tilrettelegging av seminar, leiing av diskusjonar og framlegg av eigne arbeid. I kvart emne skal studentane gjennomføre eitt eller fleire arbeidskrav som er tilpassa sluttvurdering og læringsutbyte i det aktuelle emnet. Masteroppgåve er lagt opp som eit individuelt arbeid under rettleiing. Som førebuing til oppgåva får studentane i emne 9 utvikla ferdigheiter i behandling, analysar og tolking av eigne eller andre sine data. Samtidig skal studentane styrke sine ferdigheiter i å hente inn vitskapleg litteratur og samanfatte kunnskapsstatus i eitt vitskapleg essay innafor den problemstillinga studenten skal arbeidet med i masteroppgåva. Dermed vil studentane ha etablert eit godt teoretisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva i siste semester. Praksis Omfang av praksis i studiet (i prosent) Studieopphald i utlandet I semester 2 kan studentane velje å ta eitt utvekslingssemester i utlandet. Det vert arbeidd med å få på plass relevante utvekslingssemester ved fleire institusjonar. I semester 4 kan studentane skrive masteroppgåva ved eit samarbeidande universitet i utlandet der høgskulen deltek i felles forskingsprosjekt. Studenten vil då ha intern rettleiar frå høgskulen og ekstern rettleiar frå det samarbeidande universitetet i utlandet.

88 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... Arbeidskrav Sjå dei einskilde emna Sluttvurdering Sjå dei einskilde emna Pensum Sjå dei einskilde emna Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Studieprogramkode (opptakskode) Publiser Nei Master i Klimaendringar, Forvaltning og Planlegging Emnekode Emnets navn S.poengO/V *) Studiepoeng pr. semester S1(H)S2(V)S3(H)S4(V) xxxx-1 Klimaendringar og klimapolitikk 10,00 O 10 xxxx-2 Introduksjon til metodar i 10,00 O 10 miljøvitskapar xxxx-3 Klimaendringar og økosystem 10,00 O 10 xxxx-4 Mot eit null-utsleppssamfunn 10,00 O 10 xxxx-5 Geofare 10,00 V 10 xxxx-6 Rural og urban overvasshandsaming 10,00 O 10 xxxx-7 Klimatilpassing i arealplanlegging 10,00 O 10 xxxx-8 Samfunnsomstilling 10,00 O 10 xxxx-9 Vitskapeleg forfattarskap, vitskapsteori 10,00 O 10 og dataanalyse xxxx-10 Masteroppgåve: Klimaendringar; 10,00 O 30 Forvaltning og Planlegging xxxx-11 Snøvitskap og snøskred 10,00 V 10 Semester 2 er open for internasjonal studentutveksling. I semester 4 kan studentane velge å skrive masteroppgåva ved eit universitet/høgskule i utlandet som har eit etablert forskingssamarbeid med instituttet. Studentar som har emne 3 Geofare frå før skal ha emne 11 Snøsvitskap og snøskred Sum: *) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne xxxx-1 Klimaendringar og klimapolitikk Kode xxxx-1 Norsk namn Klimaendringar og klimapolitikk Engelsk namn Climate change and climate policy Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 av :46

89 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Haust 1. semester Forkunnskapar/opptakskrav Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: Klimasystem og klimaforsking - Avansert kunnskap om IPCC, bakgrunn og arbeidsmåte. - Avansert kunnskap om klimaforskinga si historie før og etter etableringa av FN`s klimapanel (IPCC = Intergovernmental Panel on Climate Change) - Kunnskap om klimasystem, klimamodellar og klimaprojeksjonar - Kunnskap om samfunnsmessige drivarar og projeksjonar av klimagassutslepp - Kunnskap om forventa klimaendringar globalt og i Norge Effektar av klimaendringar globalt og i Norge - Kunnskap om viktige effektar av klimaendringar globalt og i Norge Klimapolitikk - Avansert kunnskap om global og nasjonal klimapolitikk - Inngåande kunnskap om internasjonale klimaavtaler - Kunnskap om dei viktigaste aktørane i global og nasjonal klimapolitikk, og innhaldet i politikken - Kunnskap om utsleppsmål og tiltak, internasjonalt og i Norge - Kunnskap om klimatilpassing internasjonalt og i Norge - Inngåande kunnskap om oppgåver og ansvarsfordeling i arbeidet med klimatilpassing, utsleppsreduksjonar og samfunnsplanlegging i Norge - Kunnskap om politiske verkemiddel for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar - Kunnskap om lokale energi og klimaplanar - Kunnskap om samanhengen mellom klimasystem og klimapolitikk i praksis FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Forstå og dra nytte av hovudinnhaldet i kunnskapen om IPCC og måten dei arbeider på. - Nytte EndNote og korrekt referanseføring. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Anvende, samle inn og vurdere relevant faglitteratur - Vurdere klimamål, verkemiddel og praktisk klimapolitikk Innhald/oppbygging Emnet gjev innsikt i og kunnskap om klimapolitikken, gjennom kunnskap om aktørar, innhald og verkemiddel i internasjonale klimaavtalar. Emnet har særleg fokus på IPCC (FN`s klimapanel. IPCC = Intergovernmental Panel on Climate Change) og IPCC sin metodikk og arbeidsmåte. For at kandidatane skal forstå samanhengen mellom politikk og klimaendringar er det lagt vekt på bruk av case studiar i undervisning og gruppearbeid. Gjennom tverrfagleg undervisning i emne får studenane inngåande kunnskap om koplinga mellom klimaendringar og klimapolitikk, t.d. havis i Arktis, lufttemperaturendringar i Arktis, havnivåstigning i Nord Atlanteren, klimagassar og handel med klimakvotar. Undervisnings- og læringsformer Førelesningar Gruppearbeid Oppgåver Praksis Ekskursjonar Arbeidskrav Studentane skal delast inn i arbeidsgrupper. Gruppene skal velje ein vitskapleg artikkel frå pensum, setje seg

90 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 grundig inn i denne og presentere innhald og konklusjonar for klassen. Sluttvurdering Individuell munnleg eksamen Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Vitskaplege artiklar (vert oppdatert årleg). Giddens, Anthony (2011).The politics of climate change. Cambridge, UK. Pensum sist oppdatert av Bente J. Rygg Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Tarald Seldal Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-10 Masteroppgåve: Klimaendringar; Forvaltning og Planlegging Kode xxxx-10 Norsk namn Masteroppgåve: Klimaendringar; Forvaltning og Planlegging Engelsk namn Master thesis in Climate Change Management Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Vår 4. semester

91 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 Forkunnskapar/opptakskrav Gjennomført 90 studiepoeng av masterprogrammet. Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Inngåande kunnskap om relevante forskingsmetodar. - Finne fram relevant litteratur og vurderer denne kritisk til å strukturere og formulere problemstillingar og faglege resonnement. - Kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande vitskaplege og forskingsetiske normer. - Innsikt i vitskapsteori, hypotesetesting og vitskapleg skriving. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Vurdere eksisterande hypotesar og teoriar, metodar og tolkingar innafor fagområde og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing. - Bruke relevant programvare for kartbehandling, planlegging, og analyse av data. - Formulere problemstillingar, samle inn og analysere data, og formidle resultata vitskapleg og populærvitskapleg. - Arbeide i tverrfaglege grupper og sette saman kunnskap på tvers av fagområde. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt. - Uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. - Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske relevant fagterminologi. - Kommunisere om faglege problemstillingar, gjennomføre analysar av data, vurdere resultat og konklusjonar innafor relevante fagområde. Innhald/oppbygging Målet med masteroppgåva er å gi studenten innsikt og erfaring i å planlegge, gjennomføre, analysere og skrive eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid eller ei planoppgåve Undervisnings- og læringsformer Studenten skal saman med rettleiar utforme problemstilling, sette seg inn i relevant litteratur og velje metodar for innsamling, analyse og tolking av data. Kvar student skal ha oppnemnt rettleiar med fyrstekompetanse og eventuelle medrettleiarar. Ved etablering av rettleiings-forholdet skal det underteiknast ein avtale mellom rettleiar og student der begge sine plikter og rettar er nærare definert. For problemstillingar i masteroppgåva som krfev felktarbeid på sommaren vil feltarbeidet bli gjennomført fyrtse sommaren/hausten i 1. studieår. Praksis Ekskursjonar Arbeidskrav 1) Mars - 4 semester: Individuell munnleg midtvegsrapport av oppgåva med presentasjon av metodebruk, analysar og foreløpige resultat og konklusjonar 2) Mai - 4. semester: Individuell munnleg presentasjon av masteroppgåva for rettleiar, klassen og andre interesserte i mai Sluttvurdering Individuell innlevering og vurdering av masteroppgåva Karakter A-F Eksamenskommisjonen skal vera sett saman av 2 personar, éin intern og éin ekstern sensor. Rettleiar skal ikkje vere ein del av eksamenskommisjonen. Oppgåvene skal leverast elektronisk. I tillegg skal det skrivast ut tre eksemplar som skal leverast i Studenttorget. Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Litteratur som inngår i masteroppgåva Pensum sist oppdatert av

92 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 Tarald Seldal Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-11 Snøvitskap og snøskred Kode xxxx-11 Norsk namn Snøvitskap og snøskred Engelsk namn Snow sciences and avalanche Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Valemne for dei som har emne 5: Geofare frå før Semester Vår 2. semester Forkunnskapar/opptakskrav FY400 Innføring i fysikk eller tilsvarande Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om korleis ver og klima påverkar fordelinga av snø frå mikronivå til fjellmassiv skala. - Innsikt i fysiske prosessar som fører til danning av snø i atmosfæren og omvandling av snø på bakken. - Avansert kunnskap om skredtypar og prosessar som fører til ustabilt snødekke, og måleteknikkar for vurdering av snødekkestabilitet. - Avansert kunnskap om skredfarevurdering og moglege sikringstiltak. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Vurdere ei skredhending i forhold til dei underliggjande fysiske prosessane på mikro- og makroskala. - Anvende konseptuelle og teoretiske argument i diskusjonar om utvikling av skredfare på kort og lang sikt, og ved klimaendringar. - Analysere data frå ei brei vifte av relevante kjelder for å avklare spørsmål om snødekke, skredfare og prosessane som bind dei saman. - Sette seg inn i skredfaglege forskingsresultat publisert i tidsskriftform og anvende desse til å vurdere skredhendingar og utføre skredfarevurderingar. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Forstå hovudpunkt og problemstillingar knytt til snødekke og skred samt skredfare og sikringstiltak.

93 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 - Utvikle nødvendige ferdigheiter til å utføre eigen forsking både i privat næringsliv og i universitetssektoren. - Sette seg inn i og presentere et omfattande og uavhengig studier som brukar relevant vitskapeleg terminologi. Innhald/oppbygging Emne dekker prosessane som fører til eit lagdelt snødekke, med særleg fokus på snøskred som ein geofare. I tillegg gjennomgår ein fysikken bak disse prosessane, samt målemetodar for å beskrive og vurdere fysiske og mekaniske eigenskapar i snødekket. 1. Prosesser i snødekket a. Snø som nedbør b. Snødekket i. Lagdeling ii. Fysiske eigenskapar iii. Mekaniske eigenskapar iv. Omvandlingsprosessar c. Målemetodar i. Snøprofil (lagdeling, kornstorleik, kornform, hardheit, tettheit, fuktigheit) 2. Snøskred a. Stabilitet av snødekket b. Prosessar som innverkar på endringar i snødekkestabilitet c. Bruddmekanikk d. Romlege variasjonar i snødekket sine eigenskapar e. Målemetodar i. Stabilitetstestar ii. Skjærtestar 3. Skredfare, skredfarevurdering og sikringstiltak a. Generell tilnærming til risikovurderingar b. Faresonekartlegging c. Skreddynamikk med modellering d. Sikringstiltak e. Skredvarsling f. Effekt av klimaendringar Undervisnings- og læringsformer Førelesninger Gruppearbeid Feltarbeid Praksis Ekskursjonar I samband med ekskursjonar må studentar ved HiSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar. Arbeidskrav Innlevering av skriftlege gruppeøvingar Sluttvurdering Individuell skriftlig eksamen, 4 timar Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Armstrong, R. L., & Brun, E. (Eds.). (2010).Snow and climate: Physical processes, surface energy exchange and modeling. Cambridge University Press. ISBN: Colbeck, S. C. (1991). The layered character of snow covers.reviews of Geophysics,29(1), Lied, K., & Bakkehøi, S. (1980). Empirical calculations of snow-avalanche run-out distance based on topographic parameters.journal of Glaciology,26(94), McClung, D. & Schaerer, P. (2006). The Avalanche Handbook. The Mountaineers Books. ISBN

94 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St... av :46 Schweizer, J., Jamieson, J. B., & Schneebeli, M. (2003). Snow avalanche formation.reviews of Geophysics,41(4), doi: /2002rg Pensum sist oppdatert av Simon Villiers Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-2 Introduksjon til metodar i miljøvitskapar Kode xxxx-2 Norsk namn Introduksjon til metodar i miljøvitskapar Engelsk namn Introduction to Methods in Environmental sciences Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Kategori Obligatorisk Semester Haust 1. semester Forkunnskapar/opptakskrav Det er ein fordel med basiskunnskap i statistikk og GIS Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Innsikt i ulike analysemetodar som er relevante for å forstå litteratur innanfor miljøvitskapane. - Anvende dei beste metodane for å planlegge, samle inn og analysere data. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Innsikt i og kritisk kunne vurdere styrken, avgrensingar og svakheitar med til kvar metode. - Kan kombinere ulike metodar for å analysera både disiplinorienterte og tverrfaglege spørsmål innan forsking, planlegging og forvalting. - Praktisk kunnskap i utvalde metodar (del 2) og bruke desse på verkelege data. - Skrive ein kort forskingsplan innanfor eit gitt emne som skal formidle samanhengen mellom bakgrunnen for undersøkinga, målsetnad og analysemetodar. - Ekstrahere informasjon frå ulike kjelder, vurdere desse kritisk, og lage ein presentasjon over eit gitt emne GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan - Anvende eit breitt spekter av analysemetodar som vil gjera dei skikka til å utføre praktiske arbeid i andre

95 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 emne i masterprogrammet og kunne følgje emne 9: Vitskapleg forfattarskap, teori og dataanalyse. - Bruke kunnskap frå emnet til å utvikle ferdigheiter i spesielle analysemetodar i løpet av arbeidet med masteroppgåva. Innhald/oppbygging Emnet består av tre delar: 1) Teoretisk del (30%) Formålet med del 1 er å gje studentane innsikt i ulike metodar brukt i ulike disiplinar innanfor masteren. Desse metodane skal vera relevante for å forstå og ha ei kritisk tilnærming til metodebruken i den vitskaplege og forvaltningsretta litteraturen i andre emne i masterprogrammet. Dessutan skal metodeutvalet gje dei ei bakgrunn for å kunne velje metodar for masteroppgåve. Del 1 vil dekka følgande metoder: Analysevektøy i miljøplanlegginga slik som konsekvensutgreiingar, livssyklusanalysar, økologiske fotavtrykk o.l. Introduksjon til Risiko og Sårbarheitsanalysar, Scenarioarbeid og andre mindre formaliserte metodar for å ta forvaltningsretta avgjersler i miljø- og planfag. Kvantitativ statistisk metode Kvalitative metodar med fokus på intervju og spørjeundersøkingar Geografisk Informasjonssystem (GIS) Studentane skal få erfaring med å presentere studiar som har brukt ulike metodar for å svare på forvaltningsretta spørsmål i klima- og miljøvitskapar. 2)Praktisk del (50%) I den praktiske delen skal studentane lære seg ferdigheiter i statistikk, intervju og GIS for å kunne utføre praktisk arbeid i dei andre emna i masterprogrammet og for å kunne følgje undervisninga i emnet Vitskapleg forfattarskap, vitskapsteori og data analyse. Desse tre generelle metodane har blitt introdusert i del 1 og vil i del 2 innehalde intensiv opplæring i praktisk bruk av metodane ev. med bruk av programvare. GIS-modulen vil bruke ArcGis og statistikkdelen vil nytte R. Studentar er forventa å gå frå grunnleggande til relativ avansert praktisk kunnskap i løpet av kort tid. 3)Skrive prosjektplan (20%) Mot slutten av emnet vil studentane få opplæring i å skrive ein kort prosjektplan på 2-3 sider som skal gje studentane trening og ferdigheit til å skrive ein endeleg prosjektplan i forkant av arbeidet med masteroppgåva. Undervisnings- og læringsformer Praksis Førelesingar Presentasjon og diskusjon av studiar innan miljø- og klimavitskap som tilpassar ulike analysemetodar Praksis i å bruke analytiske metodar (R, GIS, og intervju) Skrive ein kort prosjektplan Ekskursjonar Arbeidskrav Obligatorisk deltaking på øvingar Sluttvurdering Individuell mappevurdering basert på to innleveringar: 1) Miljøstudie 2) Prosjektplan Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Litterature brukt i dette emnet vil vera ein kombinasjon av bøker, artiklar og førelesingar. Bøkene vil bli brukt i andre emne i masterprogrammet.

96 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Generell litteratur: Montello, D.R. and Sutton, P An introduction to scientific research methods in geography and environmental studies. SAGE. Turner, B. L., et. al. (2003). "A framework for vulnerability analysis in sustainability science." Proceedings of the National Academy of Sciences 100(14): Høyer, K.G Analyseverktøy i miljøplanleggingen. in Fra miljøvern til bærekraftig utvikling (Aal, C., Høyer, K.G. & Lafferty, W.M. editors) Statistikk: Crawley, M The R book. 2nd edition. John Wiley & Sons, Chichester. GIS: Jensen, J.R. & Jensen, R.R. Introductory Geographic Information Systems. Pearson Education Kvalitative metodar: Brinkmann, S. & Kvale, S InterViews : learning the craft of qualitative research interviewing. 3rd edition. SAGE Charmaz, K Constructing Grounded Theory: a practical guide through qualitative analysis. 2nd edition. SAGE Ei liste av miljøstudiar som dekkjer spekteret av metodar som vil bli undervist i emnet og som skal vera tema for studentpresentasjonar og diskusjon. Pensum sist oppdatert av Stein J. Hegland Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-3 Klimaendringar og økosystem Kode xxxx-3 Norsk namn Klimaendringar og økosystem Engelsk namn Climate change and ecosystems Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester

97 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Haust 1. semester Forkunnskapar/opptakskrav Det er ein fordel med basiskunnskap i statistikk og økologi. Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om generell økologi og sentrale økologiske prosessar - Kunnskap om historiske klimaendringar, vegetasjonssuksesjonar og artars innvandringshistorie. - Innsikt i samanhengen mellom dagens klimaendringar og andre globale miljøendringar - Avansert kunnskap om korleis klimaendringar påverkar terrestriske og akvatiske system på individnivå, på populasjonsnivå, via interaksjonar mellom artar (samfunnsnivå) og på økosystemnivå. - Innsikt i kva konsekvensar klimaendringar kan få for viktige økosystemtenester og matproduksjon nasjonalt og globalt. - Anvende metodar for undersøking av klimapåverknad på utvalde økosystem. - Kunnskap om bruk av areal og landskap for å ta opp og lagre CO 2 - Gje råd om kva tiltak samfunnet kan ta i bruk for å ta omsyn til klimaendringar i naturforvaltninga i Norge og globalt. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Gjere greie for korleis endringar i klima påverkar ulike økosystem. - Søkje og finne fram til aktuell faglitteratur i sentrale norske ressursar. - Analysere og ha evne til å gjere ei kritisk vurdering av vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement åleine og saman med andre. - Skrive populærvitskapleg om eit aktuelt tema GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet. - Presentere fagstoff på ein populærvitskapleg måte. - Anvende opparbeida og relevant kunnskap i naturforvaltning og i planlegging. Innhald/oppbygging Emnet gjev ei innføring i økologiske konsekvensar av klimaendringar gjennom tida, på ulike organisasjonsnivå og i ulike økosystem (terrestriske og akvatiske). Emnet tek utgangspunkt i korleis fysiske og kjemiske prosessar i naturen endrar seg med endra klimatilhøve. Etter eit tilbakeblikk på tidlegare variasjon i klima og responsar på dette, vert det sett fokus på korleis endra klimatilhøve påverkar natursystema på individnivå, på populasjonsnivå, via interaksjonar mellom artar (samfunnsnivå) og endeleg på økosystemnivå. Mennesket si rolle i klimaendringane vil bli tematisert, og andre globale miljøendringar vil bli sett i samanheng med effektar av klimaendringar. Eit utval relevante studiar vil bli meir grundig handsama for å få innblikk i aktuelle problemstillingar og metodar som vert nytta. Døme på tema er endringar i utbreiing av artar i fjelløkosystema, invasjonsartar, endringar i marine samfunn og påverknad av økosystemtenestar som til dømes pollinering. Emnet gjev innføring i aktuelle metodar for undersøking av klimaendringseffektar på økosystem, og ei oversikt over aktuelle tiltak i naturforvaltninga som kan redusere skadeverknadene av klimaendringar på økosystema. Undervisnings- og læringsformer Førelesingar, gruppearbeid og skriving av ein populærvitskapleg artikkel der studentane fordjupar seg i eit sjølvvalt tema Praksis Ekskursjonar Arbeidskrav Skriving av populærvitskapleg artikkel og munnleg presentasjon av artikkelen for klassen. Sluttvurdering Individuell munnleg eksamen basert på framlegging av 4 vitskaplege artiklar. Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Pensum vil vera ein kombinasjon relevante bokkapittel, vitskaplege artiklar og førelesingsnotat.

98 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Direktoratet for naturforvaltning Klimaendringer tilpasninger og tiltak i naturforvaltningen. Rapport Framstad, E. et al Effekter av klimaendringer på økosystemer og biologisk mangfold. DN-utredning Hegland, S.J. et al. (2009). How does climate warming affect plant-pollinator interactions? Ecology Letters 12: Jeppesen, E. et al Impacts of climate warming on lake fish community structure and potential effects on ecosystem function. Hydrobiologia 646: Lenoir, J. et al A significant upward shift in plant species optimum elevation during the 20th century. Science 320: Newman, J.A., International, C.A.B., Climate Change Biology. CABI, Cambridge, Mass Parmesan, C Ecological and Evolutionary Responses to Recent Climate Change. Annual Review of Ecology, Evolution and Systematics 37: Pavon-Jordan et al Climate-driven changes in winter abundance of a migratory waterbird in relation to EU protected areas. Diversity and Distributions Post, E.S Ecology of climate change : the importance of biotic interactions. Princeton University Press, Princeton. Rustad, L.E., The response of terrestrial ecosystems to global climate change: Towards an integrated approach. Science of the Total Environment 404: Sorte, C.J.B. et al Marine range shifts and species introductions: comparative spread rates and community impacts. Global Ecology and Biogeography 19: Stien, A. et al Congruent responses to weather variability in high arctic herbivores. Biology Letters 8: Walther, G-R. et al Alien species in a warmer world: risks and opportunities. Trends in Ecology and Evolution 24: Wilson, S.D & Nilsson, C Arctic alpine vegetation change over 20 years. Global Change Biology 15: Pensum sist oppdatert av Liv N. Hamre Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-4 Mot eit null-utsleppssamfunn Kode xxxx-4 Norsk namn Mot eit null-utsleppssamfunn Engelsk namn Towards a zero emission society Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00

99 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Vår 2. semester Forkunnskapar/opptakskrav Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om framtidas energiscenarier og implikasjonar for framtidig klimaendring. - Avansert korleis energisystemet er bygd opp, kva nøkkelkomponentar som inngår og deira miljøkonsekvensar. - Utvikle strategiar og gje råd til korleis ulike samfunnssektorar kan redusere utslepp av klimagassar gjennom konkrete handlingsplanar. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Forklare tekniske eigenskapar og miljøkonsekvensar og dagens og framtidas energiscenarier. - Anvende konseptuelle og teoretiske argument i drøftingar av problemstillingar knytt til energipolitikk og omlegging av energisystem. - Syntetisere materiale frå ei rekke relevante område i adressering av konkrete spørsmål om omlegging frå tradisjonell til fornybar energiproduksjon og forbruk. - Gjere greie for korleis man kan stimulere endring i å levere et berekraftig energisystem og vanskar med å gjere dette, og illustrere viktigheita av innovasjon. - Sette seg inn i relevant forsking, har evne til sjølvstendig analytisk arbeid, og kan kritisk vurdere forskingsresultat. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Forstå hovudtema, fakta, og problem knytt til global energi produksjon og forbruk med omsyn til teknologiske avgrensingar, miljø-utfordringar, og effektar på samfunnet. - Utvikle dei ferdigheitene som trengs for å gjennomføre sjølvstendig forsking i næringslivet og på høgre universitets- og høgskulenivå - Bidra til nytenking om kva tiltak samfunnet kan implementere for å redusere effektane av klimaendringar. - Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske relevant fagterminologi. Innhald/oppbygging Emne er teknologibasert og dekker produksjon og forbruk av energi og miljøkonsekvensar av ulike energisystem nå og i framtida. Emne skal bruke transition teori og presentere fleire case om korleis samfunnet kan implementere tiltaksplanar for å redusere klimaeffekten lokalt og globalt. 1. Energisystem (både produksjons- og forbruksdelen) a. Innføring av energiteknologiar som vindkraft, vasskraft, solenergi, bioenergi, geotermisk energi, kjernekraft, kol og olje og naturgassbaserte energisystem b. Nøkkelomgrep som: fornybar versus ikkje-fornybar energi, energisparing versus energi-effektivisering, prosumers, null- og plussenergihus, Smart Cities og Smart Grid. 2. Miljøvurdering (EIA [1], LCA [2], ØF [3] ) 3. Energi-scenarier (IEA [4] 2030 og 2050) 4. Berekraftig overgang a. Transition teori: politikk, innovasjon, omstilling b. Tiltak cases innan: industri, transport, bygg og kraft- og varmeproduksjon 5. Verkemiddel og tiltak for utsleppsreduksjonar [1] Environmental Impact Assessment [2] Life Cycle Assessment [3] Økologisk fottrykk [4] International Energy Agency Undervisnings- og læringsformer

100 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Førelesingar og gruppearbeid Praksis Ingen Ekskursjonar Ingen Arbeidskrav Presentasjon av gruppearbeid for klassen Sluttvurdering Skriftleg eksamen, 4 timar Karakter A-F. Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum 1. IEA (International Energy Agency) Energy Technology Perspectives. a. Internasjonalt b. Norden 2. Vitskaplege artiklar a. Sustainability transitions i. Sustainability transitions: An emerging field of research and its prospects ii. Dynamics of sustainable innovation journeys b. Transition management i. Complexity and Transition Management ii. Transition management: 4 distinct cases iii. Energy transition policy in the Netherlands 3. Annan relevant faglitteratur Pensum sist oppdatert av Tyson Weaver Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-5 Geofare Kode xxxx-5 Norsk namn Geofare Engelsk namn Geohazards Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng

101 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk emne for alle med unnatak av studentar som har gjennomgørt emne GE-484 Geofare frå før, eller som har tilsvarande emne frå før. Semester Vår 2. semester Forkunnskapar/opptakskrav Emnet byggjer på emna 1 og 2 i masterprogrammet Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Innsikt i prosessane som fører til tsunamiar, jordskjelv, flaum og skred og korleis desse fenomena forplantar seg. - Kunnskap om korleis naturfarar kan påverke infrastrukturar og menneske. - Ulike typar skred, rekkevidde for skred og utløysingsmekanismar for skred. - Korleis klimaendringar kan påverke førekomst av flaum og skred. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Sette seg inn i og vurdere innhaldet i skredfarerapportar utført av geologar. - Gjera enkle vurderingar av skredfaren og rekkevidde for ulike skred i eit område basert på kartanalysar, databasar og tilgjengelege rapportar. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Vurdere eigne og andre sine planar, prosjekt og rapportar der problemstillingar knytt mot ulike geofarar er aktuelle. - Kommunisere med geologar og ålmenta om naturfarar. - Spesifisere kva typar naturfarar som bør vurderast av geologar før areal kan nyttast til infrastruktur og bustadføremål Innhald/oppbygging Emnet gir studenten innsikt i ulike typar geofarer; skred, flaum, tsunamiar og jordskjelv. I kurset vert det brukt mest tid på skred, og studenten skal få ein god oversikt og forståing for ulike typar skred; steinsprang, fjellskred, flaum- og jordskred, kvikkleireskred og snøskred. Ulike eksempel på skred vert undersøkt nærare i praktiske øvingar. Ein viktig del av undervisninga vil vera å setja studenten i stand til å gjera sjølvstendige vurderingar av mogeleg skredfare og rekkevidde i eit område ut frå kartanalysar og databasar. Undervisnings- og læringsformer Førelesingar, øvingar, seminar og ekskursjonar. Praksis Ekskursjonar To dagar på ulike stader i Sogn/Nordfjord for å sjå på fjellskred, flaum- og jordskred, flaumskader, ustabile fjellsider, tsunamifare. Arbeidskrav Godkjente rapportar Sluttvurdering Skriftleg eksamen, 4 timar Karakter A-F. Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag

102 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Institutt Institutt for naturfag Pensum Hyndman & Hyndman: Natural hazards and disasters, 4th edition (2014). Vitskaplege artiklar og fagrapportar som tek føre seg skred, skredprosessar og skråningsstabilitet. Pensum sist oppdatert av Stein Bondevik Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-6 Rural og urban overvasshandsaming Kode xxxx-6 Norsk namn Rural og urban overvasshandsaming Engelsk namn Rural and urban run-off management Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Vår 2. semester Forkunnskapar/opptakskrav Emnet byggjer på emna 1, 2 og 5 i masterprogrammet Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan - Kunnskap om dei ulike komponentane i det hydrologiske kretslaupet og lokal vassbalanse. - Innsikt i korleis klimaendringar påverkar vassbalanse og vasskvalitet i små nedbørfelt. - Anvende relevante metodar for analyse av små nedbørfelt. - Innsikt i krav og verkemiddel i EU sitt flaumdirektiv, Vassdirektivet og plan- og bygningslova. - Kunnskap om erosjon og massetransport i små nedbørfelt. - Kunnskap om tiltak for erosjons- og flaumsikring langs vassdrag - Kunnskap om arealdisponering i samband med lokal overvasshandtering. - Føreslå tiltak og løysingar for lokal overvasshandtering.

103 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 - Utfordringar og muligheiter ved lokal overvasshandtering FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Utføre enkle hydrologiske, hydrogeologiske og hydrauliske berekningar relevant for overvasshandsaming. - Anvende relevant programvare og GIS-verktøy for å identifisere flaumvegar og problemstillingane knytt til urban flaum og overvatn. - Anvende ulike målemetodar og gjere enkle dimensjoneringar av blå-grøne strukturar for overvasshandsaming. - Utvikle konkrete planar for handtering av lokale problem med overvatn. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Gjere byar og tettstadar meir robuste i forhold til framtidige klimaendringar. - Vurdere eigne og andre sine planer, prosjekt og rapportar og kunne kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar. - Sjå på overvatn som ein ressurs og positivt verkemiddel i urbane miljø. Innhald/oppbygging Emnet gir studenten innsikt i å vurdere og gje råd om tiltak for urban overvasshandsaming gjennom praktiske oppgåver og prosjektarbeid. Studenten får erfaring i å analysere konkrete case gjennom praktiske oppgåver og prosjektarbeid. Undervisnings- og læringsformer Førelesingar, seminar og gruppearbeid. Feltkurs/ekskursjon. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring. Praksis Ekskursjonar Arbeidskrav Munnleg presentasjon av innleveringsoppgåver Sluttvurdering Prosjektoppgåve i grupper på 2-3 studentar med ulik fagbakgrunn. Ved stryk/forbetring må ny oppgåve løysast. Karakter A-F. Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Mansell, M.G. 2003: Rural and Urban Hydrology. Thomas Telford, London. ISBN: NVE 2010: Vassdragshåndboka. Håndbok i vassdragsteknikk. ISBN Ulike artiklar og rapportar med tilknyting til fagområdet Pensum sist oppdatert av Helge Henriksen Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-7 Klimatilpassing i arealplanlegging

104 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Kode xxxx-7 Norsk namn Klimatilpassing i arealplanlegging Engelsk namn Climate change adaptation in land use planning Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Haust 3. semester Forkunnskapar/opptakskrav Følgjande emne i masterprogrammet må vere bestått; emne 1, 2, 3, 5 og 6. Det er eit føremon å ha kjennskap til arealplanlegging etter plan- og bygningslova. Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om sentrale utfordringar i lokal klimatilpassing. - Inngåande kunnskap om metodar og verkty for analyse av lokal sårbarheit for klimaendringar. - Kunnskap om utfordringar som gjeld tilpassing til dagens og framtidas klima i fysisk infrastruktur. - Inngåande kunnskap om verkemiddel i plan- og bygningslova for klimatilpassing. - Inngåande kunnskap om nasjonale standardar og krav til lokal samfunnssikkerheit, ROS og klimatilpassing. - Kunnskap om samfunnsendringar som aukar sårbarheit for klimaendringar. - Kunnskap om ansvarsfordeling mellom ulike samfunnsaktørar innafor klimatilpassing. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Forstå og ta i bruk lokale nedskaleringar av klimaendringar. - Gjennomføre lokale klimasårbarheitsanalysar. - Gjennomføre ROS-analyse av naturfarar på kommuneplannivå. - Anvende verkemidla i plan- og bygningslova for å førebygge negative effektar av klimaendringar. - Utarbeide strategiar for klimatilpassing i areal- og samfunnsplanlegging. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Planlegge med sikte på å redusere sårbarheit for klimaendringar og førebyggje naturskade. - Identifisere trekk ved samfunnsutviklinga som inneber auka sårbarheit for klimaendringar. - Samordne tiltak for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp. - Anvende fagterminologi og kommunisere om klimafaglege problemstillingar knytt til areal- og samfunnsplanlegging. Innhald/oppbygging Emnet skal gje ei praktisk og yrkesretta innføring i arbeidet med tilpassing til dagens og morgondagens klima innafor planlegging med vekt på kommunal planlegging etter plan- og bygningslova. Studentane får øving i å analysere lokal klimasårbarheit, og å planlegge strategiar og tiltak for klimatilpassing. Emnet gjev innsikt i korleis plan- og bygningslova kan nyttast som verkty for klimatilpassing. Teoridelen av emnet skal gje naudsynt bakgrunn og innsikt for å gjennomføre øvingar og arbeidskrav. Dessutan gjer emnet innsikt som grunnlag for kritisk refleksjon omkring ulike strategiar for klimatilpassing, skiljet mellom gradvise klimaendringar og endringar i ekstremver, samspelet mellom samfunnsendringar og klimaendringar, og samspelet mellom planlegging for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar. Undervisnings- og læringsformer Førelesingar, seminar, øvingar og prosjektarbeid i grupper

105 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Praksis Ekskursjonar Ekskursjon(ar) for å sjå på sentrale utfordringar i lokal klimatilpassing. I samband med ekskursjonar må studentar ved HiSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar. Arbeidskrav To skriftlege arbeid i grupper og munnleg presentasjon av: 1) Analyse av klimasårbarheit (tolking av klimadata, ROS-analyse for naturfare) 2) Planlegging av klimatilpassa arealbruk / tiltak for klimatilpassing Sluttvurdering Individuell prosjektoppgåve Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Planning for Adaptation to Climate Change - Guidelines for Municipalities. R-EU-climate change adaptation guidelines. The European Climate Adaptation Platform (Climate-ADAPT) /medias/306-guidelinesversionefinale20.pdf Translated acts, regulations and supervisions from Norwegian Government agencies. Aall, C. & Norland, I.T. (2005) Indicators for local-scale vulnerability assessments (bind.no.6/05) Oslo. ProSus. Dannevig, Halvor, Grete K. Hovelsrud and Idun Husabø (2013). Driving the agenda for climate change adaptation in Norwegian municipalities. Environment and Planning C, 31, pp Dessai, S., Lu, X., & Risbey, J. S. (2005). On the role of climate scenarios for adaptation planning.global Environmental Change,15(2), doi: /j.gloenvcha Groven, K., Aall, C., van den Berg, M., Kanyama, A. C., Coenen, F. (2012): Civil protection and climate change adaptation. Comparing lessons learned from three coastal cities in Norway, Sweden and the Netherlands.Local Environment: The International Journal of Justice and Sustainability, 17:6-7, Hulme, M. (2008). Geographical work at the boundaries of climate change.transactions of the Institute of British Geographers,33(1), doi: /j Eivind Junker (2015) Legal requirements for risk and vulnerability assessments in Norwegian land-use planning.local Environment: The International Journal of Justice and Sustainability, 20:4, , DOI: / Lawrence, D. & Hege Hisdal: 2011: Hydrological projections for floods in Norway under a future climate, NVE Retningslinjer nr.5/2011 Rauken, T., Mydske, P. K., & Winsvold, M. (2014). Mainstreaming climate change adaptation at the local level.local Environment, doi: / O Brien, K & E. Selboe (2015) The adaptive challenge of climate change. Cambridge University Press. Anna pensum vert oppgjeve ved start av emnet. Med atterhald om endringar. Pensum sist oppdatert av Eli Heiberg Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato

106 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Publiser Nei xxxx-8 Samfunnsomstilling Kode xxxx-8 Norsk namn Samfunnsomstilling Engelsk namn Societal transformation Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Haust 3. semester Forkunnskapar/opptakskrav Følgjande emne i masterprogrammet må vere greidd; 1, 2, 3, 4 og 7. Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om korleis behovet for klimatilpassing, målsetjingar om reduserte klimagassutslepp, og tilpassing til ein framtidig - og truleg meir radikal klimapolitikk til saman skapar behov for klimaomstilling av samfunnet. - Kunnskap om berekraftig utvikling bakgrunn og fagleg og politisk innhald. - Innsikt i hovudstrategiar for berekraftig utvikling (m.a. økologisk modernisering og «degrowth»). - Kunnskap om klimaendringar og klimapolitiske tiltak som utfordringar for berekraftig utvikling. - Innsikt i planleggingsteori, planleggingsmetodar og strategiar, planlegging under usikkerheit. - Kunnskap om framtidsstudiar og scenario som verkty i samfunnsplanlegging. - Kunnskap om risikosamfunnet og miljøsosiologi. - Kunnskap om miljøpolitiske prinsipp (føre-var prinsippet, ureinaren skal betale, best tilgjengelege teknologi m.m.). - Kunnskap om strategiar for og barrierar i arbeidet med langsiktig og radikal klimaomstilling av samfunnet. - Kunnskap om samspeleffektar mellom tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing. - Kunnskap om tilbakeslagseffektar (rebound effects) i klimatilpassing og tiltak for utsleppsreduksjonar. - Kunnskap om klimaskepsis som fenomen og utfordringar knytt til å kommunisere om klimaendringar og behovet for klimaomstilling. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Medverke i utarbeiding av bærekraftige strategiar for klimaomstilling i samfunnsplanlegging. - Bidra i tverrfagleg team i arbeidet med å løyse klima utfordringane. - Kommunisere med ulike aktørar om klimaomstilling. - Bestille og ta i bruk framtidsstudiar og scenario. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: -Kritisk vurdere strategiar for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i høve målsetjinga om berekraftig utvikling. -Utvikle langsiktige og scenariobaserte planar under stor usikkerheit. -Kritisk reflektere om ulike planleggingsmetodar og strategiar (instrumentell og kommunikativ planlegging) i

107 Klimaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 klimaplanlegging. Innhald/oppbygging Emnet gjev innsikt i korleis vi kan sameine reduksjon av klimagassutslepp, tilpassing til ein forventa meir ambisiøs klimapolitikk og tilpassing til eit endra klima innafor rammene av berekraftig utvikling. Studentane vil utvikle ei nyansert forståing av klimaomstilling som ein utviklings- og læringsprosess, få innsikt i medverknadsprosessar og utfordringane som ligg i å kommunisere omkring klimaendringar, effektar av klimaendringar og behovet for klimaomstilling. Undervisnings- og læringsformer Emnet gjev innsikt i korleis vi kan sameine reduksjon av klimagassutslepp, tilpassing til ein forventa meir ambisiøs klimapolitikk og tilpassing til eit endra klima innafor rammene av berekraftig utvikling. Studentane vil utvikle ei nyansert forståing av klimaomstilling som ein utviklings- og læringsprosess, få innsikt i medverknadsprosessar og utfordringane som ligg i å kommunisere omkring klimaendringar, effektar av klimaendringar og behovet for klimaomstilling. Praksis Ekskursjonar I samband med ekskursjonar må studentar ved HSF være budde på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar. Arbeidskrav Skriftleg arbeid i grupper og munnleg presentasjon av: 1) Kritisk analyse av døme på klimaplan eller scenario 2) Presentasjon av pensumartiklar for medstudentar. Sluttvurdering Skriftleg eksamen, 4 timar Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Bizikova L., T. Neale and I. Burton (2008):Canadian communities guidebook for adaptation to climate change. Including an approach to generate mitigation co-benefits in the context of sustainable development. First Edition. Environment Canada and University of British Columbia, Vancouver Davoudi, S., Crawford, J., Mehmood, A. (eds) (2009):Planning for Climate Change. Strategies for mitigation and adaptation for spatial planners. London: Earthscan. Dessai, S., O Brien, K., Hulme, M Editorial: On uncertainty and climate change.global Environmental Change, (17) Hulme, M. (2009).Why We Disagree About Climate Change. Understanding Controversy, Inaction and Opportunity. Cambridge: Cambridge University Press. Høyer, K. G. (2010). Seven theses on CO2-reductionism and its interdisciplinary counteraction. In R. Bhaskar, C. Frank, K. G. Høyer, P. Næss & J. Parker (Eds.), Interdisciplinarity and Climate Change. Transforming knowledge and practice for our global future (pp ). London: Routledge. Measham, T.G., Preston, B.L., Smith, T.F., Brooke, C., Gorddard, R., Withycombe, G. Morrison, C. (2011): Adapting to climate change through local municipal planning: barriers and challenges,mitigation and Adaptation Strategies for Global Change,Volume 16, Issue 8, pp , DOI /s O Brien, K.: Global environmental change II: From adaptation to deliberate transformation,progress in Human Geography, 2012, 36(5), Preston, B. L., Mustelin, J., & Maloney, M. C. (2013). Climate adaptation heuristics and the science/policy divide.mitigation and Adaptation Strategies for Global Change. doi: /s x Rogelj, J., et al Emission pathways consistent with a 2 degrees C global temperature limit.nature Climate Change, 1(8), Schneider, S. H., Kuntz-Duriseti, K Uncertainty and Climate policy. In: Schneider, S. H., Rosencranz, A., Nilse, J.O. (eds) 2002.Climate policy: A Survey. Washington DC: Island Press Thomas J. Wilbanks, Paul Leiby, Robert Perlack, J. Timothy Ensminger, Sherry B. Wright (2007 Toward an integrated analysis of mitigation and adaptation: some preliminary findings. Mitig Adapt Strat Glob

108 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Change (2007) 12: University of Oslo (2013)Proceedings of Transformation in a Changing Climate, June 2013, Oslo, Norway. University of Oslo. (selected papers) Med atterhald om endringar. Anna pensum vert oppgjeve ved start av emnet. Pensum sist oppdatert av Eli Heiberg Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato Publiser Nei xxxx-9 Vitskapeleg forfattarskap, vitskapsteori og dataanalyse Kode xxxx-9 Norsk namn Vitskapeleg forfattarskap, vitskapsteori og dataanalyse Engelsk namn Scientific writing, scientific theory and data analyses Undervisningsspråk Engelsk Studiepoeng 10,00 Studiestad Sogndal Nivå Masteremne Fagleg overlapp Ingen Kategori Obligatorisk Semester Haust 3. semester Forkunnskapar/opptakskrav Gjennomført 180 studiepoeng (bachelorgrad). Føreset emne 2: Introduksjon til metodar i miljøvitskapar Læringsutbytte KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Inngåande kunnskap om dei ulike fasane av arbeidet med ei masteroppgåve. - Inngåande kunnskap om vitskapsteori, miljøfilosofi og etiske problemstillingar. - Inngåande kunnskap om relevante analysemetodar for sine masteroppgåver. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Gjere ein kritisk analyse av publiserte artiklar. - Presentere vitskapelig informasjon i eit essay

109 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 - Velje metodar og gjennomføre relevante analyser av eigne data. - Forstå, forklare og rettferdiggjere hovudelementa i sine prosjekt. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Utarbeide ei realistisk prosjektskildring for masteroppgåva. - Operasjonalisere problemstillinga for oppgåva si, sette ho inn i ein relevant vitskapelig kontekst og skissere interessante diskusjonsmoment. Innhald/oppbygging Emnet er bygd opp av tre moduler: 1. Vitskapelig forfattarskap: Ulike fasar av arbeidet med ei masteroppgåve. Kritisk vurdering, inngåande analysar og kommunikasjon av vitskapleg kunnskap (gjennomgang av utvalde vitskapelige artiklar).skrive og munnleg presentere eit vitskapeleg essay etter IMRAD-modellen, basert på minimum 10 vitskapelige arbeid. 2. Vitskapsteori: Kort gjennomgang av noen vitskapsfilosofiske retningar og utviklingstrekk med spesielt fokus på tema som er relevante for miljø- og klimavitskapen. Miljøfilosofi og etiske dilemma. I denne modulen skal m.a. studentane gjennomgå sine eigne problemstillingar og vurdere korleis dei best kan operasjonalisere dei og, om mogleg, formulere testbare hypotesar. 3. Dataanalyse: Fordjuping i utvalte deler av elementa i emne 2 (kvantitativ eller kvalitativ analyse, GIS, andre metodar i miljøvitskapen) på individuell basis og i samråd med retteleiar. Studentane skal ha vald problemstilling for masteroppgåva før emnet startar. Dei skal anvende kunnskapen frå dei tre modulane og lage ei skriftlig prosjektskildring som inneheld tittel, introduksjon, metodeskildring og ei enkel skisse av forventa resultat og diskusjonsmoment for oppgåva. Skildringa skal også omfatte ein kritisk gjennomgang av valde metodar og korleis dei kan gje innsikt i oppgåva sitt tema. Undervisnings- og læringsformer Førelesingar, individuell rettleiing, skriving og presentasjon av essay Praksis Ekskursjonar Arbeidskrav Obligatorisk deltaking på øvingar Sluttvurdering Individuell mappevurdering basert på to innleveringar: 1) Essay 2) Prosjektskildring Karakter A-F Avdeling Avdeling for ingeniør- og naturfag Institutt Institutt for naturfag Pensum Chalmers, A. F What is this thing called science? McGraw-Hill, Maidenhead. Utvalde delar Sjå litteratur for emne xxxx-2: Introduction to methods in environmental sciences Pensum sist oppdatert av Inger Auestad Pensum sist oppdatert dato Godkjent av Godkjent dato Sist revidert av Sist revidert dato

110 limaendringar; forvaltning og planlegging / Institutt for naturfag / St av :46 Publiser Nei

111 Master in climate change management Masterprogram: Klimaendringar; forvaltning og planlegging Søknad til NOKUT 1

112 Type studium (kryss av) x Mastergradstudium 120 studiepoeng - 3 Erfaringsbasert o mastergradstudium 90 studiepoeng - 5 Erfaringsbasert o mastergradstudium 120 studiepoeng - 5 Mastergradstudium o 300 studiepoeng Hvorvidt studiet skal tilbys som (kryss av) x Campus-/stadbasert studium Samlingsbasert studium (supplert med nettsamlingar) Desentralisert o studium ved anna studiested, oppgje studiested Nettstudium o Nettstudium o med samlingar Hvorvidt studiet skal tilbys som (kryss av) x Heiltidsstudium Deltidsstudium 2

113 Overordna mål med studiet Høgskulen i Sogn og Fjordane søkjer NOKUT om godkjenning av masterprogrammet Climate Change Management. Programmet vil utdanne planleggjarar med kompetanse på korleis samfunnet kan redusere utslepp av klimagassar og tilpasse seg klimaendringane. Målgruppa for programmet er norske og internasjonale studentar med interesse for klima- og miljøspørsmål. Utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet vil berre kunne løysast gjennom god fagleg innsikt og langsiktig arbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Strategiar og tiltak for å møte utfordringane på klimaområdet og omstille samfunnet i ei meir berekraftig retning er politisk, økonomisk og fagleg krevjande og kan berre løysast gjennom tverrfagleg samarbeid, ein ambisiøs klimapolitikk og gjennomføring av effektive tiltak for utsleppsreduksjonar nasjonalt og internasjonalt. Studiet opnar for opptak av studentar med ulik grunnkompetanse, noko som vil styrke diskusjonar og arbeid i tverrfaglege grupper og sette klimautfordringane inn i ein heilskapleg samanheng (forbruk, utslepp, teknologi, økonomi, politikk, natur, planlegging). Studiet vil gje kandidatane ei brei forståing av utfordringane samfunnet står framføre på klimaområdet og kompetanse til å leie utgreiingsarbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Kandidatane vil ha solid fagleg grunnlag til å vurdere, planlegge og gje råd til korleis ulike samfunnssektorar kan implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Internasjonale studentar og lærarar vil bidra med sin kunnskap og sine erfaringar om klimarelaterte problem og slik vere med på å sette klima utfordringane inn i ei global samanheng. På oppdrag for Kommunesektorens Organisasjon har høgskulen kartlagt studietilbod retta mot klimatilpassing i samfunnet. Rapporten konkluderer med at det ikkje er slike studietilbod i Norge og få liknande studietilbod internasjonalt. Det finst heller ikkje studietilbod i Norge som ser strategiar og tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i samanheng. Masterprogrammet i Climate Change Management vil fylle dette behovet. For å forankre masterutdanninga hjå viktige framtidige arbeidsgjevarar og få faglege innspel i samband med utviklinga av masterprogrammet har høgskulen etablert ei referansegruppe med følgjande medlemmer; Miljødirektoratet, Norges vassdrag- og energidirektorat, Statens Vegvesen, CICERO Senter for klimaforsking, Fylkesmannen i Sogn & Fjordane, Sogn & Fjordane fylkeskommune, og Skred AS. Høgskulen i Sogn og Fjordane har 330 tilsette og 4000 studentar. Høgskulen er organisert med fire avdelingar og tilbyr 19 bachelorprogram, 6 masterprogram, 9 årsstudium og om lag 40 vidareutdanningar. Institutt for naturfag i Sogndal vil ha det faglege ansvaret for det nye masterprogrammet. Instituttet er knytt til Avdeling for ingeniør- og naturfag. Instituttet har 29 tilsette og 250 studentar. Institutt for naturfag utdannar årleg bachelorkandidatar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Om lag halvparten av desse går ut i jobb og halvparten vidare på ulike masterprogram i Norge og i utlandet. Instituttet har følgjande føresetnadar for å sikre høg kvalitet i utdanninga: 3

114 - solid forskingskompetanse på klimaendringar, naturfare, økologi og fornybar energi. - høg vitskapleg produksjon i nivå 1 og 2 tidsskrift med fagfellevurdering. - forskingsbasert undervisning. - kombinasjon av planfaglege-, naturfaglege- og teknologiske grunnutdanningar. - lang erfaring med internasjonal student- og lærarmobilitet. - omfattande nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. - eit internasjonalt kollegium med tilsette frå 10 nasjonar. Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeider med Vestlandsforsking, Statens Vegvesen, NVE, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er medlem av Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES) ved NTNU. I tillegg er høgskulen deltakar i UH-Nett Vest der målet er å utvikle tettare forskings- og utdanningssamarbeid mellom høgskular og universitet på Vestlandet. Vestlandsforsking kan vise til omfattande vitskapleg produksjon innan miljø- og klimaforsking og er eitt av dei mest sentrale samfunnsfaglege forskingsmiljøa i Norge som forskar på strategiar og tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i samfunnet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har markert seg nasjonalt på klimaområdet og teke viktige initiativ i arbeidet med å planlegge for framtidige klimaendringar og kva tiltak samfunnet kan implementere for å førebygge klimarelaterte naturskadar. Spisskompetansen regionen har på klimaområdet saman med høgskulen si geografiske lokalisering (naturforhold, produksjon av fornybar energi, olje og gass), gjer at Høgskulen i Sogn og Fjordane har gode føresetnadar til å utvikle eit anvendt masterprogram for norske og internasjonale studentar med interesse for klimaendringar, forvaltning og planlegging. Åse Løkeland Rektor 4

115 Innhaldsliste Grunnleggjande føresetnadar for akkreditering (Studietilsynsforskrifta 7-1) Plan for studiet (Studietilsynsforskrifta 7-2) Fagmiljø tilknyttet studiet (Studietilsynsforskriften 7-3)

116 Vedlegg Diploma Supplement Studieplan (norsk): Master i klimaendringar; forvaltning og planlegging 2. Studieplan (engelsk): Master in Climate Change Management CV for fagmiljø 2. Høyringsfråsegner Tabellsamling 1. Tabell 1: Studentar og tilsette 2. Tabell 2: Planlagt tal studentar på studiet 3. Tabell 3: Fagmiljø knytt til studiet 6

117 Grunnleggjande føresetnader for akkreditering (studietilsynsforskrifta 7-1) NOKUT akkrediterte i 2008 og 2013 masterprogram ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Høgskulen gjorde her greie for reglement, styringsordning, klagenemd, læringsmiljøutval, utdannings-plan og høgskulen sitt kvalitetssystem. Det vert difor ikkje gjort greie for dette her. Diploma Supplement følgjer som vedlegg til søknaden. 1.1 Følgjande krav i lov om universitet og høgskular skal vurderast for akkreditering Høgskulen i Sogn og Fjordane søkjer om akkreditering av masterprogram på 120 studiepoeng i samsvar med Forskrift om krav til mastergrad 3. Etter fullført studium får kandidatane tittelen: Master in Climate Change Management (Master i Klimaendringar; forvaltning og planlegging). 1.2 Krav i aktuelle forskrifter og rammeplanar skal være fylt. For studiar som ikkje er omfatta av opptaksforskrifta skal det også gjerast greie for opptak Strategiar og verkemiddel for å handtere klima utfordringane i plansamanheng grip inn i ei rekkje fagområde og vil berre kunne løysast gjennom langsiktig og målretta arbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar. Studiet opnar for opptak av studentar med ulik grunnkompetanse, noko som vil styrke kvaliteten i utdanninga gjennom arbeid i tverrfaglege grupper der ein set klimautfordringane inn i ein heilskapleg samanheng (forbruk, utslepp, økonomi, politikk, teknologi, natur, og planlegging). Studiet vil gje kandidatane anvendt kompetanse til å leie utgreiingsarbeid på tvers av fagdisiplinar og til å vurdere, planlegge og gje råd til korleis ulike samfunnssektorar kan implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Internasjonale studentar og lærarar vil bidra med sine erfaringar og kunnskap om klimarelaterte problem og slik vere med på å sette masterprogrammet inn i ei global samanheng. Opptakskrav til masterprogrammet: Bachelorgrad i naturvitskap (biologi, geologi, kjemi, fysikk), matematikk/statistikk, ingeniør, eller samfunnsfag (planlegging, geografi, økonomi, statsvitskap). Samla karakter på grunnutdanninga skal vere C (2,7) eller betre. Opptakskrava skal fylle krava til fullført utdanningsløp slik som fastsett i 3 i forskrifta. Eit sjølvstendig arbeid på 30 ECTS (masteroppgåve) utgjer avsluttande del av masterprogrammet. Dette stettar kravet i 6. Læringsutbyte i studieplanen er utarbeidd i tråd med krava til læringsutbyte for andre syklus i Nasjonalt Kvalifikasjonsrammeverk. Studiet vert utvikla og kvalitetssikra i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssystem. I brev av 5. februar 2015 frå Kommunesektorens Organisasjon, Tekna, og universitet- og høgskular i Norge til kommunal- og moderniseringsdepartementet (KS referanse: 12/ ) står det: «For å dekke behovet for samfunnsplanleggere og arealplanleggere (herunder byplanleggere) i kommunesektoren, stat og privat sektor må det utdannes over 200 flere planleggere per år». Sidan det er et stort behov i samfunnet for å utdanne planleggjarar som skal arbeide med planar og tiltak for å møte klima utfordringane, ønskjer Høgskulen i Sogn og 7

118 Fjordane å ta opp søkjarar til programmet frå hausten Dei ferdig utdanna kandidatane vil vere klar for arbeidsmarknaden i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane I 4.4. Opptak til masterstudium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gjeld følgjande: 1) For opptak til masterstudium gjeld forskrift om krav til mastergrader, fastsett av departementet. 2) Nærare spesifikasjon av det faglege grunnlaget for opptak skal gå fram av studieplanen. 3) Opptaket er regulert av Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved HiSF fastsett av Utdanningsutvalet Rangering av søkjarar til masterstudium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, jf Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak, kap 4.3: a) Søkjarar med bachelorgrad eller anna utdanning av 180 studiepoeng omfang vert rangerte på grunnlag av vekta gjennomsnitt av alle eksamenane som inngår i utdanninga. b) Søkjarar med utdanning som omfattar meir enn 180 studiepoeng, vert rangerte på grunnlag av vekta gjennomsnitt av eksamenar i 180 studiepoeng. Fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoeng omfang eller integrert utdanning av minimum 120 studiepoeng omfang, og andre faglege minstekrav skal inngå i rangeringsgrunnlaget. Ellers kan ein velje eksamenar som gir best resultat for søkjaren. 1.3 Rekrutteringa av studentar til studiet skal være stor nok til at institusjonen kan etablere og oppretthalde eitt tilfredsstillande læringsmiljø og eit stabilt studium Høgskulen vil ta opp i overkant av 20 studentar til masterprogrammet. Målet er å utdanne minimum 15 kandidatar årleg. Sjølv om vi tek høgde for eit fråfall på 25%, er målet at alle skal fullføre studiet på normert tid. I grunnutdanningane har tett studentoppfølging vore eit viktig tiltak for å sikre god gjennomstrøyming. Instituttet vil bruke desse erfaringane for å sikre høg gjennomføring også i masterprogrammet. Høgskulen kan vise til god gjennomstrøyming både i bachelorutdanningane og på masterutdanningar. Tverrfagleg samarbeid, forskingsbasert undervisning, internasjonalt forskingssamarbeid og internasjonal student- og lærarutveksling, samt generell vektlegging av læringsmiljø og tett oppfølging av studentane vil vere med på å skape eit solid fagleg fundament for utdanninga som kan appellere til søkjarar nasjonalt og internasjonalt og sørgje for at studentane fullfører studiet på normert tid. Studiebarometeret viser at studentane ved høgskulen er i landstoppen når det gjeld læringsmiljø og studenttilfredsheit. Høgskulen forventar at dei fleste søkjarane til masterprogrammet vil bli rekruttert frå instituttet sine studieprogram i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging 8

119 med landskapsarkitektur. Opptakskrava til studiet er breie og opnar for søkjarar med ulik grunnkompetanse, noko som vil vere ein fagleg styrke for studiet og som venteleg vil gje god rekruttering av nasjonale og internasjonale studentar. Erfaringar viser at ein vanskelegare arbeidsmarknad ofte fører til at fleire vel å ta masterutdanning. Masterprogrammet i Climate Change Management vil gje dei ferdige kandidatane ei anvendt utdanning det er stort behov for i samfunnet. Høgskulen si vurdering er at den yrkesretta planleggingsprofilen på programmet vil gje kandidatane eit konkurransefortrinn på arbeidsmarknaden samanlikna med meir disiplin-orienterte masterutdanningar. Høgskulen meiner at masterprogrammet også vil vere attraktivt for søkjarar frå andre utdanningsinstitusjonar i Norge sidan klimatilpassing i areal- og samfunnsplanlegging i liten grad er tematisert ved andre universitet og høgskular. Tverrfaglege studieprogram i geografi, fornybar energi, naturforvaltning, og økologi/biologi er særleg relevante ved sida av studium i geologi og areal- og landskapsplanlegging. Fleire institusjonar tilbyr studieprogram i samfunnssikkerheit og miljø som også vil vere relevant bakgrunn for å søkje opptak til programmet. Nokre døme på tverrfaglege utdanningar som kvalifiserer for opptak til masterprogrammet: Økologi og naturforvaltning, NMBU Miljø- og naturressursar, NMBU Fornybar energi, NMBU Energi- og miljøfysikk, NMBU Geomatikk, NMBU Internasjonale miljø- og utviklingsstudiar, NMBU Landskapsingeniør, NMBU Utmarksforvaltning, Høgskolen i Hedmark Utmarksforvaltning, Høgskolen i Nord-Trøndelag Miljø og ressursfag, Universitetet i Bergen Økologi og naturressursar, Høgskolen i Telemark Forurensinger og miljø, Høgskolen i Telemark Natur, miljø og friluftsliv, Høgskolen i Telemark Årleg tek institutt for naturfag opp internasjonale studentar på studiet From Mountain to Fjord (30 ECTS). Desse har hovudsakleg sin bakgrunn frå miljøretta grunnutdanningar i heimlandet og dei vil difor vere ei viktig målgruppe for programmet. Gjennom dei 15 åra instituttet har gitt dette studietilbodet har mange hatt ønskje om å gå vidare på masterprogram ved høgskulen. Samtidig med å vere ei viktig målgruppe for programmet vil dei internasjonale studentane også vere viktige ambassadørar for programmet i heimlandet. Instituttet har tilsette frå USA, Storbritannia, Tyskland, Danmark, Spania, Slovakia, Canada, Sveits, Austerrike og Norge. Dette gjer at instituttet har solid språkkompetanse og god kontakt med universitet og høgskular internasjonalt. Instituttet vil bruke lærar- og forskingsnettverket til å rekruttere internasjonale studentar til programmet. Samtidig vil instituttet bruke lærarar og forskingskollegaer frå samarbeidande universitet i utlandet som gjesteførelesarar på emne i studiet og som eksterne rettleiarar på masteroppgåver. 9

120 Plan for studiet (studietilsynsforskrifta 7-2) 2.1. Studiet skal ha eit dekkande namn Det engelske namnet på studiet er Master in Climate Change Management. Det norske namnet er Klimaendringar; forvaltning og planlegging. Klimaendringar er godt forstått nasjonalt og internasjonalt. Forvaltning og planlegging viser til at samfunnet må utforme strategiar og implementere tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Høgskulen meiner at namnet på programmet er dekkande for profil og nivå på studiet og at namnet vil kommunisere godt med nasjonale og internasjonale studentar, arbeidsgjevarar og samfunnet. I punkt 2.2. har vi gjort greie for samanhengen mellom namnet på programmet og læringsutbyte i studiet. 2.2 Studiet skal beskrivast gjennom krav til læringsutbyte jamfør Nasjonalt Kvalifikasjonsrammeverk, syklus 2, for livslang læring. Det s kal formulerast eitt læringsutbyte for kvart studium I arbeidet med utvikling av læringsutbyte for studiet har målet vore å sikre god fagleg progresjon gjennom studiet og etablere læringsutbyte i tråd med krava som gjeld for mastergradnivå, unngå overlapp i læringsutbyte mellom emna i studiet, og sikre at det samla læringsutbyte på studiet gjev kandidatane ein sluttkompetanse som er godt tilpassa behova i arbeidslivet. Grunngjeving for dei vala som er teke i samband med utvikling av læringsutbyte i studiet I semester 1 og 2 får studentane inngåande kunnskap om naturlege og menneskeskapte klimaendringar, klimamodellar og klimaprojeksjonar, klimapolitikk nasjonalt og internasjonalt (emne 1), og korleis klima verkar som drivar i økologiske (emne 3) og geologiske prosessar (naturfare) (emne 5, 6 og 11). Denne kunnskapen vert nytta som grunnlag for emna i semester 2 og 3 der studentane får kompetanse til å leie tverrfagleg utgreiingsarbeid på klimaområdet og til å utvikle strategiar og tiltak for å omstille energiproduksjon og forbruk i ei meir miljøvenleg retning (emne 4). I emne 7 og 8 får studentane kunnskap om korleis samfunnet kan gjennomføre tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Metodekunnskap og øving i munnleg og skriftleg formidling er ein sentral del av det samla læringsutbyte for programmet. Desse ferdigheitene får studentane utvikla i emne 1 og 9. Programmet vert avslutta med ei sjølvstendig forskingsretta eller planretta masteroppgåve der studentane må vise at dei har nådd det definerte læringsutbyte for masterprogrammet (emne 10). 10

121 Læringsutbyte i studiet KUNNSKAP: Kandidaten har/kan: - Kunnskap om klimamodellar og klimaprojeksjonar og korleis ein kan nytte desse til å analysere og vurdere moglege framtidsscenarier i Norge og globalt. - Avansert kunnskap om nasjonal og internasjonal klimapolitikk og korleis politikken fungerer i praksis. - Kunnskap om korleis klimaendringar påverkar arter, samfunn og økosystem og kva konsekvensar dette kan få for økosystemtenester og matproduksjon nasjonalt og globalt. - Avansert kunnskap om korleis samfunnet kan legge om energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei meir miljøvenleg retning. - Kunnskap om korleis ein kan ta omsyn til skred, flaum og overvasshandtering (klimatilpassing) i arealplanlegginga. - Avansert kunnskap om strategiar, tiltak og verkemiddel for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp nasjonalt og globalt. FERDIGHEITER: Kandidaten har/kan: - Vurdere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement. - Arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing. - Anvende relevant programvare og metodar for å evaluere innsamla data og tolke resultata. - Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid eller planoppgåve under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer. - Formulere problemstillingar, samle inn og analysere data, og formidle resultata vitskapleg og populærvitskapleg. - Utføre og leie planprosessar med etablering av lokale energi- og klimaplanar. - Utvikle strategiar for klimatilpassing i samfunnsplanlegginga. - Planlegge tiltak for klimatilpassing der ein tek omsyn til skred, flaum, overvatn, og havnivåstiging i kommunal arealplanlegging GENERELL KOMPTEANSE: Kandidaten har/kan: - Samle inn og gjere ei kritisk vurdering av relevant faglitteratur. - Anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og forskingsprosjekt/planoppgåver knytt til klima utfordringar i samfunnet - Arbeide i tverrfaglege team og sette saman kunnskap på tvers av fagområde. - Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske relevant fagterminologi. - Kommunisere godt skriftleg og munnleg om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar. - Bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar knytt til omlegging av energiproduksjon og forbruk frå karbonbaserte til fornybare energikjelder. - Bidra med å utvikle strategiar og tiltak for ei berekraftig omstilling av samfunnet 11

122 2.3 Innhald og oppbygning av studiet skal samsvare med og vere tilpassa læringsutbytebeskrivinga slik at læringsutbyte vert nådd Tabell 1 viser oppbygging av studiet, emnesamansetting, obligatoriske og valbare emne, og semester der det vert muligheit for utanlandsopphald og internasjonal studentutveksling. Tabell 1. Studiemodell Emne O/ Namn på emne H-16 V-17 H-17 V-18 V xxxx-1 O Climate change and climate policy 10 xxxx-2 O Introduction to methods in environmental sciences 10 xxxx-3 O Climate change and ecosystems 10 xxxx-4 O Towards a zero emission society 10 xxxx-5 V Geohazards 10 xxxx-6 O Rural and urban run-off management 10 xxxx-7 O Climate change adaptation in land use planning 10 xxxx-8 O Societal transformation 10 xxxx-9 O Scientific writing, scientific theory and data analyses 10 xxxx-10 O Master thesis 30 xxxx-11 V Snow science and avalanche 10 Sum O = obligatorisk. V = valemne for søkjarar som har emne 5 «Geohazards» frå før. Semester 2 opnar for internasjonal studentutveksling. Semester 4 opnar for utanlandsopphald i samband med skriving av masteroppgåva. Val av emne som sikrar fagleg progresjon, breidde og fordjuping i programmet I fyrste emne i studiet får studentane kunnskap om klimasystem og klimaforsking, effektar av klimaendringar globalt og i Norge, klimapolitikk, og klimasystem og klimapolitikk i praksis. Dette vil gje studentane eit godt fundament for å forstå historiske og dagens klimaendringar, utviklinga av klimapolitikken nasjonalt og internasjonalt, og korleis klima verkar som drivar i økologiske (emne 3) og geologiske prosessar (emne 5, 6 og 11). Emne 2 og 9 vil gje studentane opplæring i vitskapleg skriving og metodekunnskap slik at dei tileignar seg kompetanse til å analysere og tolke eigne data og utviklar evne til kritisk å kunne vurdere kvaliteten på data, resultat og konklusjonar frå rapportar og vitskaplege artiklar. Dette er kompetanse kandidatane må ha med seg for å kunne vurdere kvaliteten på studiar og rapportar som skal nyttast som fagleg grunnlag for politiske prioriteringar i areal- og samfunnsplanlegginga. Den grunnleggjande naturvitskaplege og metodiske kompetansen som studentane tileignar seg i fyrste semester vil bli brukt i dei neste emna i studiet. Studentane vil få kompetanse til å planlegge, vurdere og gje råd til korleis samfunnet kan legge om energiproduksjon og forbruk i ei meir miljøvenleg retning (emne 4) og kva strategiar og tiltak ulike samfunnssektorar kan implementere for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane (emne 7 og 8). Studiet vert avslutta med ei sjølvstendig forskingsretta eller planfagleg masteroppgåve (emne 10) som kan gjennomførast ved høgskulen eller ved eit samarbeidande universitet i utlandet. 12

123 Innhaldet i masteremna og progresjon i studiet For å sikre god progresjon i studiet og eit samla læringsutbyte for masterprogrammet som er tilpassa behova i arbeidslivet må ein sjå læringsutbyte, arbeids- og undervisningsformer (Tabell 3), og arbeidskrav og eksamens- og vurderingsformer (Tabell 4) i dei ulike masteremna i samanheng. Her gir vi oversikt over innhaldet i emne Emne 1: Climate change and climate policy. Emnet gjev innsikt i og kunnskap om klimapolitikken, gjennom kunnskap om aktørar, innhald og verkemiddel i internasjonale klimaavtalar. Emnet har særleg fokus på IPCC (FN`s klimapanel. IPCC = Intergovernmental Panel on Climate Change) og IPCC sin metodikk og arbeidsmåte. For at kandidatane skal forstå samanhengen mellom politikk og klimaendringar er det lagt vekt på bruk av casestudiar i undervisning og gruppearbeid. Gjennom tverrfagleg undervisning i emnet får studentane inngåande kunnskap om koplinga mellom klimaendringar og klimapolitikk, t.d. havis i Arktis, lufttemperaturendringar i Arktis, havnivåstigning i Nord Atlanteren, klimagassar og handel med klimakvotar. Emne 2: Introduction to methods in environmental sciences Emnet består av tre delar: 1) Teoretisk del (30%): Formålet med del 1 er å gje studentane innsikt i ulike metodar brukt i ulike disiplinar innanfor masteren. Desse metodane skal vera relevante for å forstå og ha ei kritisk tilnærming til metodebruken i den vitskaplege og forvaltningsretta litteraturen i andre emne i masterprogrammet. Dessutan skal metodeutvalet gje dei ei bakgrunn for å kunne velje metodar for masteroppgåve. 2) Praktisk del (50%): I den praktiske delen skal studentane lære seg ferdigheiter i statistikk, intervju og GIS for å kunne utføre praktisk arbeid i dei andre emna i masterprogrammet og for å kunne følgje undervisninga i emnet Vitskapleg forfattarskap, vitskapsteori og data analyse. Desse tre generelle metodane har blitt introdusert i del 1 og vil i del 2 innehalde intensiv opplæring i praktisk bruk av metodane ev. med bruk av programvare. GIS-modulen vil bruke ArcGis og statistikkdelen vil nytte R. Studentar er forventa å gå frå grunnleggande til relativ avansert praktisk kunnskap i løpet av kort tid. 3) Skrive prosjektplan (20%): Mot slutten av emnet vil studentane få opplæring i å skrive ein kort prosjektplan på 2-3 sider som skal gje studentane trening og ferdigheit til å skrive ein endeleg prosjektplan i forkant av arbeidet med masteroppgåva. Emne 3: Climate change and ecosystems Emnet gjev ei innføring i økologiske konsekvensar av klimaendringar gjennom tida, på ulike organisasjonsnivå og i ulike økosystem (terrestriske og akvatiske). Emnet tek utgangspunkt i korleis fysiske og kjemiske prosessar i naturen endrar seg med endra klimatilhøve. Etter eit tilbakeblikk på tidlegare variasjon i klima og responsar på dette, vert det sett fokus på korleis endra klimatilhøve påverkar natursystema på individnivå, på populasjonsnivå, via interaksjonar mellom artar (samfunnsnivå) og endeleg på økosystemnivå. Mennesket si rolle i klimaendringane vil bli tematisert, og andre globale miljøendringar vil bli sett i samanheng med effektar av klimaendringar. Eit utval relevante studiar vil bli meir grundig handsama for å få innblikk i aktuelle problemstillingar og metodar som vert nytta. Døme på tema er endringar i utbreiing av artar i fjelløkosystema, invasjonsartar, endringar i marine samfunn og 13

124 påverknad av økosystemtenestar som til dømes pollinering. Emnet gjev innføring i aktuelle metodar for undersøking av klimaendringseffektar på økosystem, og ei oversikt over aktuelle tiltak i naturforvaltninga som kan redusere skadeverknadene av klimaendringar på økosystema. Emne 4: Towards a zero emission society Emne er teknologibasert og dekker produksjon og forbruk av energi og miljøkonsekvensar av ulike energisystem nå og i framtida. Emnet skal bruke transition teori og presentere fleire case om korleis samfunnet kan implementere tiltaksplanar for å redusere klimaeffekten lokalt og globalt. Emne 5: Geohazards Emnet gir studenten innsikt i ulike typar geofarar; skred, flaum, tsunamiar og jordskjelv. I kurset vert det brukt mest tid på skred, og studenten skal få ein god oversikt og forståing for ulike typar skred; steinsprang, fjellskred, flaum- og jordskred, kvikkleireskred og snøskred. Ulike eksempel på skred vert undersøkt nærare i praktiske øvingar. Ein viktig del av undervisninga vil vera å setja studenten i stand til å gjera sjølvstendige vurderingar av mogeleg skredfare og rekkevidde i eit område ut frå kartanalysar og databasar. Emne 6: Rural and urban run-off management Emnet gir studenten innsikt i å vurdere og gje råd om tiltak for urban overvasshandsaming gjennom praktiske oppgåver og prosjektarbeid. Studenten får erfaring i å analysere konkrete case gjennom praktiske oppgåver og prosjektarbeid. Emne 7: Climate change adaptation and land use planning Emnet skal gje ei praktisk og yrkesretta innføring i arbeidet med tilpassing til dagens og morgondagens klima innafor planlegging med vekt på kommunal planlegging etter plan- og bygningslova. Studentane får øving i å analysere lokal klimasårbarheit, og å planlegge strategiar og tiltak for klimatilpassing. Emnet gjev innsikt i korleis plan- og bygningslova kan nyttast som verkty for klimatilpassing. Teoridelen av emnet skal gje naudsynt bakgrunn og innsikt for å gjennomføre øvingar og arbeidskrav. Dessutan gjev emnet innsikt som grunnlag for kritisk refleksjon omkring ulike strategiar for klimatilpassing, skiljet mellom gradvise klimaendringar og endringar i ekstremver, samspelet mellom samfunnsendringar og klimaendringar, og samspelet mellom planlegging for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar. Emne 8: Societal transformation Emnet gjev innsikt i korleis ulike samfunnssektorar kan sameine reduksjon av klimagassutslepp, tilpassing til ein forventa meir ambisiøs klimapolitikk og tilpassing til eit endra klima innafor rammene av berekraftig utvikling. Studentane vil utvikle ei nyansert forståing av klimaomstilling som ein utviklings- og læringsprosess, få innsikt i medverknadsprosessar og utfordringane som ligg i å kommunisere omkring klimaendringar, effektar av klimaendringar og behovet for klimaomstilling. 14

125 Emne 9: Scientific writing, scientific theory and data analyses Emnet er bygd opp av tre modular: 1) Vitskapleg forfattarskap: Ulike fasar av arbeidet med ei masteroppgåve. Kritisk vurdering, analysar og kommunikasjon av vitskapleg kunnskap (gjennomgang av utvalde vitskapelige artiklar). Skrive og munnleg presentere eit vitskapeleg essay etter IMRADmodellen, basert på minimum 10 vitskapelige arbeid. 2) Vitskapsteori: kort gjennomgang av noen vitskapsfilosofiske retningar og utviklingstrekk med spesielt fokus på tema som er relevante for miljø- og klimavitskapen. Miljøfilosofi og etiske dilemma. I denne modulen skal m.a. studentane gjennomgå sine eigne problemstillingar og vurdere korleis dei best kan operasjonalisere dei og, om mogleg, formulere testbare hypotesar. 3) Dataanalyse: fordjuping i utvalde delar av elementa i emne 2 (kvantitativ eller kvalitativ analyse, GIS, andre metodar i miljøvitskapen) på individuell basis og i samråd med retteleiar. Studentane skal ha valt problemstilling for masteroppgåva før emnet startar. På bakgrunn av dei tre modulane skal deltakarane lage ei skriftlig prosjektskildring som inneheld tittel, introduksjon, metodeskildring og ei enkel skisse av forventa resultat og diskusjonsmoment for oppgåva. Skildringa skal også omfatte ein kritisk gjennomgang av valde metodar og korleis dei kan gje innsikt i oppgåva sitt tema. Emne 10: Master thesis Masteroppgåva gjev studenten innsikt og erfaring i å planlegge, gjennomføre, analysere og skrive eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid. Studenten skal saman med rettleiar utforme problemstilling, sette seg inn i relevant litteratur og velje metodar for innsamling, analyse og tolking av data. Kvar student skal ha oppnemnt rettleiar med fyrstekompetanse og eventuelle medrettleiarar. Ved etablering av rettleiingsforholdet skal det underteiknast ein avtale mellom rettleiar og student der begge sine plikter og rettar er nærare definert. Masteroppgåva er ei individuell oppgåve. To eller fleire kan difor ikkje levere inn ei masteroppgåve samen. Derimot kan studentar nytte delar av same datagrunnlag frå større fellesprosjekt. Dersom oppgåva inngår som ein del av eit større prosjekt skal det gå fram kva del av prosjektet masterstudenten har hatt særleg ansvar for, kva han/ho sjølv har utført, og kva slags data som er stilt til rådvelde frå andre. Dei utvala som er gjort og dei metodane som er brukt for å samle inn og handsame eigne og andre sine data skal beskrivast i detalj. Emne 11: Snow science and avalanche Emnet handlar om prosessane som fører til eit lagdelt snødekke, med særleg fokus på snøskred som geofare. I tillegg gjennomgår ein fysikken bak desse prosessane, og målemetodar for å beskrive og vurdere fysiske og mekaniske eigenskapar i snødekket. Emnet vert tilbydd studentar om har tatt emne tilsvarande Geohazard på bachelor i geologi og geofare. 15

126 Arbeidsomfang i studiet I tråd med ECTS skal arbeidsomfanget per studieår vere mellom 1500 og 1800 arbeidstimar fordelt på 10 månadar ( arbeidstimar per månad) (Tabell 2). I studiet skal studentane gjennomføre obligatoriske arbeidskrav i alle emna (Tabell 4). Godkjente arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen i emnet. Gjennom studiet vil studentane utvikle ferdigheiter i munnleg og skriftleg formidling, bruk av kvalitative og kvantitative analysemetodar, bruk av kart og GIS, bruk av modellar og simuleringar, og øvingar i analytisk arbeid som innsamling, analyse og tolking av data, og problemløysing i tverrfaglege arbeidsgrupper. Tabell 2. Arbeidstimar i studiet. Emne Namn på emne Tilrettelagt undervisning Sjølvstudium Eksamens -førebuing xxxx-1 Climate change and climate policy xxxx-2 Introduction to methods in environmental science xxxx-3 Climate change and ecosystems xxxx-4 Towards a zero emission society xxxx-5 Geohazards xxxx-6 Rural and urban run-off management xxxx-7 Climate change adaptation in land use planning xxxx-8 Societal transformation Rettleiing xxxx-9 Scientific writing, scientific theory and data analyses xxxx-10 Master thesis /stud xxxx-11 Snow sciences and avalanche Sum Masterprogrammet legg opp til ei arbeidsmengd som svarar til 30 arbeidstimar per studiepoeng. For problemstillingar i masteroppgåva som krev feltarbeid om sommaren og/eller hausten må studentane rekne med å bruke minimum 100 arbeidstimar til datainnsamling, medan 900 arbeidstimar i semester 4 skal nyttast til analysar og tolking av data og skriving av masteroppgåva. For kvar student er det sett av 75 arbeidstimar til rettleiing og evaluering av masteroppgåva. Studenten skal bruke inntil 900 arbeidstimar kvart semester og totalt 3600 arbeidstimar over to år. Kvart emne vil få tildelt ein ressurs på 380 arbeidstimar (Tabell 6). 2.4 Arbeids- og undervisningsformer skal samsvare med og vere tilpassa læringsutbytebeskrivinga slik at læringsutbyte for studiet nås Studiet er lagt opp med varierte studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Det er lagt stor vekt på utvikling av ferdigheiter gjennom prosjektoppgåver der studentane arbeider med problemløysing i tverrfaglege team. Det er vidare lagt vekt på å utvikle evne til munnleg og skriftleg formidling. I fleire emne får studentane øving i å leite fram, sette seg inn i og presentere innhaldet i vitskaplege artiklar. I undervisninga vert det kombinasjon av førelesingar, ekskursjonar/feltarbeid, casebasert undervisning, og ulike typar tverrfagleg 16

127 arbeid i grupper og seminar med framlegg og diskusjon, skriftleg refleksjon og analysar. I tillegg til planlagt undervisningstid i grupper og samla skal studentane bruke tid til individuell fordjuping og ulike typar sjølvstendig skriftleg arbeid. Lærarrolla skal famne om tradisjonelle førelesingar, rettleiing og tilbakemelding på skriftleg arbeid, undervisning og rettleiing i grupper, tilrettelegging av seminar, leiing av diskusjonar og framlegg av eigne arbeid. I kvart emne skal studentane gjennomføre eitt eller fleire arbeidskrav som er tilpassa sluttvurdering og læringsutbyte i det aktuelle emnet (Tabell 4). Masteroppgåve er lagt opp som eit individuelt arbeid under rettleiing. Som førebuing til oppgåva får studentane i emne 9 utvikla ferdigheiter i behandling, analysar og tolking av eigne eller andre sine data. Samtidig skal studentane styrke sine ferdigheiter i å hente inn vitskapleg litteratur og samanfatte kunnskapsstatus i eit vitskapleg essay innafor den problemstillinga studenten skal arbeide med i masteroppgåva. Dermed vil studentane ha etablert eit godt teoretisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva i siste semester. I arbeidet med utvikling av læringsutbyte på emne- og programnivå har studieplankomiteen hatt fokus på å utvikle varierte arbeids- og undervisningsformer (Tabell 3), eksamens- og vurderingsformer og arbeidskrav (Tabell 4), og binde saman emna tematisk slik at det sikrar god fagleg progresjon i studiet og ein sluttkompetanse som er tilpassa behova i arbeidslivet. Høgskulen meiner at det varierte utvalet av arbeids- og undervisningsformer i studiet vil vere med på å sikre at studentane får ein sluttkompetanse som samsvarar med det samla læringsutbyte for masterprogrammet. 17

128 Tabell 3. Læringsutbyte og arbeids- og undervisningsformer i masteremne 1-11 Emne xxxx-1 Namn på emnet Arbeids- og undervisningsformer Climate change Førelesning and climate policy Gruppearbeid Oppgåver Læringsutbyte KUNNSKAP: Studenten har/kan: Klimasystem og klimaforsking - Avansert kunnskap om IPCC, FN`s klimapanel (IPCC = Intergovernmental Panel on Climate Change), bakgrunn og arbeidsmåte. - Avansert kunnskap om klimaforskinga si historie før og etter etableringa av - Kunnskap om klimasystem, klimamodellar og klimaprojeksjonar - Kunnskap om samfunnsmessige drivarar og projeksjonar av klimagassutslepp - Kunnskap om forventa klimaendringar globalt og i Norge - Kunnskap om viktige effektar av klimaendringar globalt og i Norge Klimapolitikk - Avansert kunnskap om global og nasjonal klimapolitikk - Inngåande kunnskap om internasjonale klimaavtaler - Kunnskap om dei viktigaste aktørane i global og nasjonal klimapolitikk, og innhaldet i politikken - Kunnskap om utsleppsmål og tiltak, internasjonalt og i Norge - Kunnskap om klimatilpassing internasjonalt og i Norge - Inngåande kunnskap om oppgåver og ansvarsfordeling i arbeidet med klimatilpassing, utsleppsreduksjonar og samfunnsplanlegging i Norge - Kunnskap om politiske verkemiddel for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar - Kunnskap om lokale energi og klimaplanar - Kunnskap om samanhengen mellom klimasystem og klimapolitikk i praksis FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Forstå og dra nytte av hovudinnhaldet i kunnskapen om IPCC og måten dei arbeider på. - Nytte EndNote og korrekt referanseføring. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Anvende, samle inn og vurdere relevant faglitteratur - Vurdere klimamål, verkemiddel og praktisk klimapolitikk 18

129 xxxx-2 Introduction to methods in environmental sciences Førelesingar Presentasjon og diskusjon av studiar innan miljø- og klimavitskap som tilpassar ulike analysemetodar Praksis i å bruke analytiske metodar (R, GIS, og intervju) Skrive ein kort prosjektplan KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Innsikt i ulike analysemetodar som er relevante for å forstå litteratur innanfor miljøvitskapane. - Anvende dei beste metodane for å planlegge, samle inn og analysere data. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Innsikt i og kritisk kunne vurdere styrken, avgrensingar og svakheitar med til kvar metode. - Kombinere ulike metodar for å analysera både disiplinorienterte og tverrfaglege spørsmål innan forsking, planlegging og forvalting. - Praktisk kunnskap i utvalde metodar (del 2) og bruke desse på verkelege data. - Skrive ein kort forskingsplan innanfor eit gitt emne som skal formidle samanhengen mellom bakgrunnen for undersøkinga, målsetnad og analysemetodar. - Ekstrahere informasjon frå ulike kjelder, vurdere desse kritisk, og lage ein presentasjon over eit gitt emne xxxx-3 Climate change and ecosystems Førelesingar Gruppearbeid Skriving av ein populærvitskapleg artikkel der studentane fordjupar seg i eit sjølvvalt tema GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan - Anvende eit breitt spekter av analysemetodar som vil gjera dei skikka til å utføre praktiske arbeid i andre emne i masterprogrammet og kunne følgje emne 9: Vitskapleg forfattarskap, teori og dataanalyse. - Bruke kunnskap frå emnet til å utvikle ferdigheiter i spesielle analysemetodar i løpet av arbeidet med masteroppgåva. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om generell økologi og sentrale økologiske prosessar - Kunnskap om historiske klimaendringar, vegetasjonssuksesjonar og artars innvandringshistorie. - Innsikt i samanhengen mellom dagens klimaendringar og andre globale miljøendringar - Avansert kunnskap om korleis klimaendringar påverkar terrestriske og akvatiske system på individnivå, på populasjonsnivå, via interaksjonar mellom artar (samfunnsnivå) og på økosystemnivå. - Innsikt i kva konsekvensar klimaendringar kan få for viktige økosystemtenester og matproduksjon nasjonalt og globalt. - Anvende metodar for undersøking av klimapåverknad på utvalde økosystem. - Kunnskap om bruk av areal og landskap for å ta opp og lagre CO 2 - Gje råd om kva tiltak samfunnet kan ta i bruk for å ta omsyn til klimaendringar i naturforvaltninga i Norge og globalt. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Gjere greie for korleis endringar i klima påverkar ulike økosystem. - Søkje og finne fram til aktuell faglitteratur i sentrale norske ressursar. - Analysere og ha evne til å gjere ei kritisk vurdering av vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement åleine og saman med andre. - Skrive populærvitskapleg om eit aktuelt tema 19

130 xxxx-4 Towards a zero emission society Førelesingar Gruppearbeid GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet. - Presentere fagstoff på ein populærvitskapleg måte. - Anvende opparbeida og relevant kunnskap i naturforvaltning og i planlegging. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om framtidas energiscenarier og implikasjonar for framtidig klimaendring. - Avansert korleis energisystemet er bygd opp, kva nøkkelkomponentar som inngår og deira miljøkonsekvensar. - Utvikle strategiar og gje råd til korleis ulike samfunnssektorar kan redusere utslepp av klimagassar gjennom konkrete handlingsplanar. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Forklare tekniske eigenskapar og miljøkonsekvensar og dagens og framtidas energiscenarier. - Anvende konseptuelle og teoretiske argument i drøftingar av problemstillingar knytt til energipolitikk og omlegging av energisystem. - Syntetisere materiale frå ei rekke relevante område i adressering av konkrete spørsmål om omlegging frå tradisjonell til fornybar energiproduksjon og forbruk. - Gjere greie for korleis man kan stimulere endring i å levere et berekraftig energisystem og vanskar med å gjere dette, og illustrere viktigheita av innovasjon. - Sette seg inn i relevant forsking, har evne til sjølvstendig analytisk arbeid, og kan kritisk vurdere forskingsresultat. xxxx-5 Geohazards Førelesingar Øvingar Seminar Ekskursjonar GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Forstå hovudtema, fakta, og problem knytt til global energi produksjon og forbruk med omsyn til teknologiske avgrensingar, miljø-utfordringar, og effektar på samfunnet. - Utvikle dei ferdigheitene som trengs for å gjennomføre sjølvstendig forsking i næringslivet og på høgre universitets- og høgskulenivå - Bidra til nytenking om kva tiltak samfunnet kan implementere for å redusere effektane av klimaendringar. - Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske relevant fagterminologi. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Innsikt i prosessane som fører til tsunamiar, jordskjelv, flaum og skred og korleis desse fenomena forplantar seg. - Kunnskap om korleis naturfarar kan påverke infrastrukturar og menneske. - Ulike typar skred, rekkevidde for skred og utløysingsmekanismar for skred. - Korleis klimaendringar kan påverke førekomst av flaum og skred. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Sette seg inn i og vurdere innhaldet i skredfarerapportar utført av geologar. - Gjera enkle vurderingar av skredfaren og rekkevidde for ulike skred i eit område basert på kartanalysar, databasar og tilgjengelege rapportar. 20

131 xxxx-6 Rural and urban run-off management Førelesingar Seminar og gruppearbeid. Feltkurs/ekskursjon. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Vurdere eigne og andre sine planar, prosjekt og rapportar der problemstillingar knytt mot ulike geofarar er aktuelle. - Kommunisere med geologar og ålmenta om naturfarar. - Spesifisere kva typar naturfarar som bør vurderast av geologar før areal kan nyttast til infrastruktur og bustadføremål KUNNSKAP: Studenten har/kan - Kunnskap om dei ulike komponentane i det hydrologiske kretslaupet og lokal vassbalanse. - Innsikt i korleis klimaendringar påverkar vassbalanse og vasskvalitet i små nedbørfelt. - Anvende relevante metodar for analyse av små nedbørsfelt. - Innsikt i krav og verkemiddel i EU sitt flaumdirektiv, Vassdirektivet og plan- og bygningslova. - Kunnskap om erosjon og massetransport i små nedbørfelt. - Kunnskap om tiltak for erosjons- og flaumsikring langs vassdrag - Kunnskap om arealdisponering i samband med lokal overvasshandtering. - Føreslå tiltak og løysingar for lokal overvasshandtering. - Utfordringar og muligheiter ved lokal overvasshandtering FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Utføre enkle hydrologiske, hydrogeologiske og hydrauliske berekningar relevant for overvasshandsaming. - Anvende relevant programvare og GIS-verktøy for å identifisere flaumvegar og problemstillingane knytt til urban flaum og overvatn. - Anvende ulike målemetodar og gjere enkle dimensjoneringar av blå-grøne strukturar for overvasshandsaming. - Utvikle konkrete planar for handtering av lokale problem med overvatn. xxxx-7 Climate change adaptation in land use planning Forelesingar Seminar Øvingar og prosjektarbeid GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Gjere byar og tettstadar meir robuste i forhold til framtidige klimaendringar. - Vurdere eigne og andre sine planer, prosjekt og rapportar og kunne kommunisere med spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar. - Sjå på overvatn som ein ressurs og positivt verkemiddel i urbane miljø. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om sentrale utfordringar i lokal klimatilpassing. - Inngåande kunnskap om metodar og verkty for analyse av lokal sårbarheit for klimaendringar. - Kunnskap om utfordringar som gjeld tilpassing til dagens og framtidas klima i fysisk infrastruktur. - Inngåande kunnskap om verkemiddel i plan- og bygningslova for klimatilpassing. - Inngåande kunnskap om nasjonale standardar og krav til lokal samfunnssikkerheit, ROS og klimatilpassing. - Kunnskap om samfunnsendringar som aukar sårbarheit for klimaendringar. - Kunnskap om ansvarsfordeling mellom ulike samfunns- 21

132 aktørar innafor klimatilpassing. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Forstå og ta i bruk lokale nedskaleringar av klimaendringar. - Gjennomføre lokale klimasårbarheitsanalysar. - Gjennomføre ROS-analyse av naturfarar på kommuneplannivå. - Anvende verkemidla i plan- og bygningslova for å førebygge negative effektar av klimaendringar. - Utarbeide strategiar for klimatilpassing i areal- og samfunnsplanlegging. xxxx-8 Societal transformation Førelesingar Seminar Prosjektarbeid i grupper og individuell oppgåve. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Planlegge med sikte på å redusere sårbarheit for klimaendringar og førebyggje naturskade. - Identifisere trekk ved samfunnsutviklinga som inneber auka sårbarheit for klimaendringar. - Samordne tiltak for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp. - Anvende fagterminologi og kommunisere om klimafaglege problemstillingar knytt til areal- og samfunnsplanlegging. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om korleis behovet for klimatilpassing, målsetjingar om reduserte klimagassutslepp, og tilpassing til ein framtidig - og truleg meir radikal klimapolitikk til saman skapar behov for klimaomstilling av samfunnet. - Kunnskap om berekraftig utvikling bakgrunn og fagleg og politisk innhald. - Innsikt i hovudstrategiar for berekraftig utvikling (m.a. økologisk modernisering og «degrowth»). - Kunnskap om klimaendringar og klimapolitiske tiltak som utfordringar for berekraftig utvikling. - Innsikt i planleggingsteori, planleggingsmetodar og strategiar, planlegging under usikkerheit. - Kunnskap om framtidsstudiar og scenario som verkty i samfunnsplanlegging. - Kunnskap om risikosamfunnet og miljøsosiologi. - Kunnskap om miljøpolitiske prinsipp (føre-var prinsippet, ureinaren skal betale, best tilgjengelege teknologi m.m.). - Kunnskap om strategiar for- og barrierar i arbeidet med langsiktig og radikal klimaomstilling av samfunnet. - Kunnskap om samspeleffektar mellom tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing. - Kunnskap om tilbakeslagseffektar (rebound effects) i klimatilpassing og tiltak for utsleppsreduksjonar. - Kunnskap om klimaskepsis som fenomen og utfordringar knytt til å kommunisere om klimaendringar og behovet for klimaomstilling. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Medverke i utarbeiding av bærekraftige strategiar for klimaomstilling i samfunnsplanlegging. - Bidra i tverrfagleg team i arbeidet med å løyse klima utfordringane. - Kommunisere med ulike aktørar om klimaomstilling. - Bestille og ta i bruk framtidsstudiar og scenario. 22

133 xxxx-9 Scientific writing, scientific theory and data analyses Førelesingar Individuell rettleiing Skriving og presentasjon av essay GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: -Kritisk vurdere strategiar for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i høve målsetjinga om berekraftig utvikling. -Utvikle langsiktige og scenariobaserte planar under stor usikkerheit. -Kritisk reflektere om ulike planleggingsmetodar og strategiar (instrumentell og kommunikativ planlegging) i klimaplanlegging. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Inngåande kunnskap om dei ulike fasane av arbeidet med ei masteroppgåve. - Inngåande kunnskap om vitskapsteori, miljøfilosofi og etiske problemstillingar. - Inngåande kunnskap om relevante analysemetodar for sine masteroppgåver. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Gjere ein kritisk analyse av publiserte artiklar. - Presentere vitskapelig informasjon i eit essay - Velje metodar og gjennomføre relevante analyser av eigne data. - Forstå, forklare og rettferdiggjere hovudelementa i sine prosjekt. xxxx-10 Master thesis Studenten skal saman med rettleiar utforme problemstilling, sette seg inn i relevant litteratur og velje metodar for innsamling, analyse og tolking av data. Kvar student skal ha oppnemnt rettleiar med fyrstekompetanse og eventuelle medrettleiarar. Ved etablering av rettleiingsforholdet skal det underteiknast ein avtale mellom rettleiar og student der begge sine plikter og rettar er nærare definert. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Utarbeide ei realistisk prosjektskildring for masteroppgåva. - Operasjonalisere problemstillinga for oppgåva si, sette ho inn i ein relevant vitskapelig kontekst og skissere interessante diskusjonsmoment. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Inngåande kunnskap om relevante forskingsmetodar. - Finne fram relevant litteratur og vurderer denne kritisk til å strukturere og formulere problemstillingar og faglege resonnement. - Kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande vitskaplege og forskingsetiske normer. - Innsikt i vitskapsteori, hypotesetesting og vitskapleg skriving. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Vurdere eksisterande hypotesar og teoriar, metodar og tolkingar innafor fagområde og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing. - Bruke relevant programvare for kartbehandling, planlegging, og analyse av data. - Formulere problemstillingar, samle inn og analysere data, og formidle resultata vitskapleg og populærvitskapleg. - Arbeide i tverrfaglege grupper og sette saman kunnskap på tvers av fagområde. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt. - Uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. - Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske relevant fagterminologi. 23

134 xxxx-11 Snow science and avalanche Forelesninger Gruppearbeid Feltarbeid - Kommunisere om faglege problemstillingar, gjennomføre analysar av data, vurdere resultat og konklusjonar innafor relevante fagområde. KUNNSKAP: Studenten har/kan: - Kunnskap om korleis vær og klima påverkar fordelinga av snø frå mikronivå til fjellmassiv skala. - Innsikt i fysiske prosessar som fører til danning av snø i atmosfæren og omvandling av snø på bakken. - Avansert kunnskap om skredtypar, prosessar som fører til ustabilt snødekke, og måleteknikkar for vurdering av snødekkestabilitet. - Avansert kunnskap om skredfarevurdering og moglege sikringstiltak. FERDIGHEITER: Studenten har/kan: - Vurdere ei skredhending i forhold til dei underliggjande fysiske prosessane på mikro- og makroskala. - Anvende konseptuelle og teoretiske argument i diskusjonar om utvikling av skredfare på kort og lang sikt, og ved klimaendringar. - Analysere data frå ei brei vifte av relevante kjelder for å avklare spørsmål om snødekke, skredfaren og prosessane som bind dei saman. - Sette seg inn i skredfaglege forskingsresultat publisert i tidsskriftform og anvende desse til å vurdere skredhendingar og utføre skredfarevurderingar. GENERELL KOMPETANSE: Studenten har/kan: - Forstå hovudpunkt og problemstillingar knytt til snødekke og skred samt skredfare og sikringstiltak. - Utvikle nødvendige ferdigheiter til å utføre eigen forsking både i det private næringsliv og i universitetssektoren. - Sette seg inn i og presentere et omfattande og uavhengig studie som brukar relevant vitskapeleg terminologi. 2.5 Eksamensordningar og andre vurderingsformer skal samsvare med og vere tilpassa læringsutbytebeskrivinga slik at læringsutbyte nås Studiet vil gje studentane erfaring med å sette seg inn i vitskapeleg litteratur, rapportar og anna faglitteratur og kunne anvende denne som grunnlag for å utvikle ny kunnskap. Eksamens- og vurderingsformene i dei ulike emna vil veksle mellom individuell skriftleg og munnleg eksamen, mappevurdering, og prosjektoppgåver individuelt og i tverrfaglege grupper (Tabell 4). Vi vil særleg legge vekt på å lære studentane å utvikle gode ferdigheiter i å formidle fagkunnskap skriftleg gjennom krav om innlevering av skriftleg arbeid, skriving av vitskapeleg essay og gjennom arbeid med masteroppgåva. God skriftleg og munnleg formidlingsevne og erfaring frå tverrfagleg arbeid er viktige ferdigheiter i arbeidslivet. Munnlege eksamenar vil gje studentane høve til også å bli vurdert ut frå andre kriterium, som munnleg framstillings-evne og argumentasjonsevne. Alle eksamenar vert vurdert ved bruk av bokstavkarakter og ekstern sensor. Høgskulen meiner at mangfaldet av arbeidskrav og eksamens- og vurderingsformer i studiet er varierte og godt eigna til at studentane når det definerte læringsutbyte for studiet. 24

135 Tabell 4. Eksamensformer og arbeidskrav Emne Namn på emne Eksamensform Arbeidskrav xxxx-1 Climate change and climate policy Individuell munnleg eksamen Karakter A-F Studentane skal delast inn i arbeidsgrupper. Gruppene skal velje ein vitskapleg artikkel frå pensum, setje seg grundig inn i denne og presentere innhald og konklusjonar xxxx-2 Introduction to methods in environmental sciences Individuell mappevurdering basert på to innleveringar: 1) Miljøstudie 2) Prosjektplan for klassen. Obligatorisk deltaking på øvingar xxxx-3 xxxx-4 Climate change and ecosystems Towards a zero emission society Karakter A-F Individuell munnleg eksamen basert på framlegging av 4 vitskaplege artiklar. Karakter A-F Individuell skriftlig eksamen, 4 timar Karakter A-F xxxx-5 Geohazards Individuell skriftlig eksamen, 4 timar Karakter A-F xxxx-6 xxxx-7 xxxx-8 xxxx-9 Rural and urban run-off management Climate change adaptation in land use planning Societal transformation Scientific writing, scientific theory and data analyses Prosjektoppgåve i grupper på 2-3 studentar med ulik fagbakgrunn. Ved stryk/forbetring må ny oppgåve løysast. Karakter A-F. Individuell prosjektoppgåve Karakter A-F Individuell skriftlig eksamen, 4 timar Karakter A-F Individuell mappevurdering basert på to innleveringar: 1) Essay 2) Prosjektskildring Karakter A-F xxxx-10 Master thesis Individuell innlevering og vurdering av masteroppgåva xxxx-11 Snow science and avalanche Karakter A-F Individuell skriftlig eksamen, 4 timar Karakter A-F Skriving av populærvitskapleg artikkel og munnleg presentasjon av artikkelen for klassen Presentasjon av gruppearbeid for klassen Innlevering av rapportar Munnleg presentasjon av innleveringsoppgåver To skriftlege arbeid i grupper og munnleg presentasjon av: 1) Analyse av klimasårbarheit (tolking av klimadata, ROS-analyse for naturfare) 2) Planlegging av klimatilpassa arealbruk / tiltak for klimatilpassing Skriftleg arbeid i grupper og munnleg presentasjon av: 1) Kritisk analyse av døme på klimaplan eller scenario 2) Presentasjon av pensum artiklar for klassen. Obligatorisk deltaking på øvingar Deltaking på to samlingar (seminar) med presentasjon av 1) midtvegsrapport og 2) masteroppgåva, for rettleiar, klassen og interesserte Skriftleg innlevering av gruppeøvingar 25

136 2.6 Studiet skal ha ein tydeleg fagleg relevans for arbeidsliv og/eller vidare studiar Kandidatane vil få ein tverrfagleg kompetanse retta mot arbeid med reduksjon av klimagassutslepp og klimatilpassing (klimaomstilling) i Norge og internasjonalt. Dei vil vere aktuelle for stillingar innan planlegging og forvaltning på ulike forvaltningsnivå og i ulike sektorar, slik som planleggarar/rådgjevarstillingar i kommunar og fylkeskommunar, direktorat, departement, fylkesmenn, fylkeskommunar, og i etatar som Statens Vegvesen, Jernbaneverket og andre, og i tilsvarande stillingar internasjonalt. I privat sektor er det særleg energisektoren og konsulentverksemder innan planlegging, energiproduksjon og naturfare som er aktuelle. I tillegg vil bank- og forsikringsnæringa trenge kompetanse på korleis klimaendringar påverkar natur og samfunn, slik at ein kan ha betre føresetnadar til å vurdere og avgjere finansiering og/eller forsikring av infrastruktur, bustadar og næringsbygg. I tillegg til å vere yrkesretta skal masterutdanninga danne grunnlag for opptak til forskarutdanningar nasjonalt og internasjonalt. Referansegruppe For å forankre masterutdanninga hjå viktige framtidige arbeidsgjevarar for kandidatane og for å få innspel på kva kunnskap, ferdigheiter og kompetanse kandidatane bør ha etter avslutta utdanning har Høgskulen i Sogn og Fjordane etablert ei referansegruppe med deltakarar frå offentleg og privat sektor. Medlemmer i referansegruppa er; Miljødirektoratet, Norges vassdrag- og energidirektorat, Statens Vegvesen, CICERO Senter for klimaforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, og Skred AS. Støtteskriv og innspel til studieplanen er lagt som vedlegg til søknaden. Referansegruppa har mellom anna bidrege med innspel på følgjande spørsmål: a) Korleis vil behovet for planleggjarar utvikle seg i åra framover for din institusjon? b) Kva for kunnskap på klima- og miljøområdet vil dykkar institusjon trenge i åra framover? c) Korleis kan masterstudiet bidra til å fylle dette kunnskapsbehovet? d) Kor viktig er det at dei ferdige kandidatane kan sette seg inn i engelskspråkleg litteratur og kan formulere seg godt munnleg og skriftleg på engelsk? Arbeidsmarknad Det er i dag eit udekt behov for areal- og samfunnsplanleggjarar i Noreg, og det er manglande kompetanse på klimatilpassing blant planleggjarar. Samfunnet sitt framtidige behov for arealplanleggjarar er meir enn dobbelt så stort som det som i dag vert utdanna årleg i Noreg 1. Det vert utdanna for få planleggjarar til at kommunane får dekka den kompetansen dei treng i konkurranse om arbeidskraft med statlege etatar og konsulentbransjen. På oppdrag for Kommunesektorens Organisasjon (KS) i 2014 skriv NIVI analyse at det vert utdanna omlag 200 samfunns- og arealplanleggarar per år i Norge. Omkring 30% (60) av desse vert tilsett i kommunane. Dei estimerar behovet i kommunane åleine til 120 stillingar per år framover, 26

137 eller minimum 615 nye årsverk fram til Behovet for planleggjarar med kompetanse på klimatilpassing er stort og aukande. 3 Dette er eit innsatsområde som fyrst er sett på dagsorden med full tyngde dei siste åra. I 2011 melde 70% av kommunane til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) at dei ikkje har tilsette som har som hovudoppgåve å arbeide med problemstillingar knytt til framtidige klimaendringar 4. I følgje DSB i 2014 er det berre 36 % av kommunane som har ein heilskapleg risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) som i hovudsak stettar krava til kommunal beredskapsplikt 5. I følgje regjeringa har einskilde kommunar allereie utarbeidd planar for klimatilpassing, men det er behov for ytterlegare rettleiing og kunnskap i kommunane for at lokalsamfunn skal vere best mogleg tilpassa endringar i klima 7. Det vert no arbeidd med ei statleg planretningsline (SPR) for klimatilpassing som vil medverke til klårare forventningar til kommunane om å ta omsyn til klimaendringar i arealog samfunnsplanlegginga. Kommunesektoren har arbeidd lenge med tiltak for å redusere klimagassutslepp, og mange kommunar og konsulentverksemder har røynsle med utarbeiding av energi- og klimaplanar. Slik planlegging har vore eit krav i statleg planretningsline for klima- og energiplanlegging i kommunane sidan Denne pålegg kommunane å innarbeide tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar og sikre meir effektiv energibruk og miljøvennleg energiomlegging i kommuneplanen eller i eigen kommunedelplan. I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging går det fram at revisjon av dei kommunale og regionale klima- og energiplanane skal vurderast minst kvart fjerde år. Både kommunane og andre samfunnssektorar har store oppgåver framføre seg i omstillinga til eit låg-utsleppssamfunn. Regjeringa har vedteke å føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit låg-utsleppsamfunn innan I omstillinga til eit låg-utsleppsamfunn i 2050 vil det mellom anna vere behov for ei meir klimavennleg samfunnsplanlegging og ei langsiktig tilnærming til omstilling i alle sektorar, skriv regjeringa i budsjettproposisjonen for I Stortingsmeldinga om ny norsk klimaforplikting for perioden etter 2020 som vart lagt fram den 6. februar 2015, gjer regjeringa framlegg om at Norge innan 2030 kuttar klimagassutsleppa med minst 40 prosent samanlikna med utsleppa i I natur- og miljøforvaltninga er det store utfordringar knytt til klimaendringar i samspel med andre faktorar som påverkar artar og økosystem. Regjeringa skriv i budsjettproposisjonen for 2015 at det er venta endringar i alle naturtypar i Noreg som følgje av klimaendringar. Fragmentert natur og det at vi har mange truga arter med låg genetisk 1 Falleth, Eva Irene (NMBU), Medalen, Tor (NTNU) og Aarsæter, Nils (Universitetet i Tromsø) 2014: Nye planer for planlegging. Kronikk i Nationen NIVI analyse 2014: Undersøkelse om plankapasitet og plankompetanse i ko mmunene status, utfordringer og tiltak. Presentasjon av undersøkelse om plankapasitet og plankompetanse i kommunene v/magne Langset, NIVI analyse Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap 2011: Klimatilpassing i kommuner, i fylkeskommuner og blant fylkesmenn. Klimatilpassing. DSB. 5 DSB 2014: Kommuneundersøkelsen Status for samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet i kommunene. 6 Fastsatt ved Kronprinsreg.res. 4. september 2009 med hjemmel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) 6-2 første ledd. Fremmet av Miljøverndepartementet. 7 Heiberg, Eli Undervisningstilbod i klimatilpassing i Norge. HiSF notat 1/2014. Høgskulen i Sogn & Fjordane. 27

138 variasjon gjer tilpassing vanskeleg. I tillegg kan aktuelle klimatiltak ha negative effektar for naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Det er etablert politikk at ein skal prioritere tiltak som har positiv effekt for å motverke klimaendringar og positiv eller akseptabel effekt for bevaring av naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. På oppdrag for Kommunesektorens Organisasjon (KS) har Høgskulen i Sogn og Fjordane kartlagd undervisningstilbod i klimatilpassing i Norge 7. Notatet konkluderer med det ikkje finst studietilbod i Norge som er innretta mot klimatilpassing i areal- og samfunnsplanlegginga. I nokre disiplinretta studietilbod finst det einskilde emne som er relevante for klimatilpassing, og fleire masterstudium gjev grunnlag for masteroppgåver i klimatilpassing innafor fagdisiplinen. Emne innafor generell klimakunnskap, kunnskap om globale miljøendringar o.a. som er eigna for arbeid med å redusere klimagassar inngår derimot i fleire studietilbod. Masterprogrammet Climate Change Management vert det einaste i landet med fokus på klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i areal- og samfunnsplanlegginga. Det er få tilsvarande studietilbod internasjonalt. Høgskulen meiner difor at masterprogrammet også vil konkurrere godt internasjonalt. 2.7 Studiet skal ha tilfredsstillande kopling til forsking, fagleg og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid, som er tilpassa studiet sitt nivå, omfang og eigenart Nedanfor gjer vi ei oversikt over masteremna i studiet og kva kompetanse og tilsettingsforhold ved instituttet dei som skal undervise i masterprogrammet har (e.a. = emneansvarleg). Tabell 3 i vedlegget til søknaden viser kor stor stillingsdel dei einskilde skal nytte til undervisning og rettleiing i masterstudiet. I punkt 3.4 gjer vi greie for koplinga mellom FoU-aktivitet blant alle fagtilsette ved instituttet og masteremna. I vedlegget til søknaden finns CV for fagtilsette ved instituttet. Emne 1: Climate change and climate policy 1.amanuensis Bente J. Rygg (e.a.) er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. lektor Eli Heiberg er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Jacob Yde er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Simon Villiers er fysikar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 2: Introduction to methods in environmental sciences Professor Knut Rydgren (e.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Inger Auestad (e.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Bente J. Rygg er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett i ei stilling i metode/statistikk 28

139 Emne 3: Climate change and ecosystems Professor Knut Rydgren (e.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Inger Auestad er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Liv N. Hamre er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 4: Towards a zero emission society Professor Erling Holden (e.a.) er sivilingeniør og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Simon Villiers er fysikar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 5: Geohazards Professor Stein Bondevik (e.a.) er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 80% stilling 1. amanuensis Helge Henriksen er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 50% stilling. 1. amanuensis Mette K. Gillespie er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Denise Ruther er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Emne 6: Rural and urban run-off management. 1. amanuensis Helge Henriksen (e.a.) er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 60% stilling. 1. amanuensis Mette Gillespie er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. lektor Eli Heiberg er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett ein hydrolog i fast 100% stilling Emne 7: Climate change adaptation and land use planning 1. lektor Eli Heiberg (e.a.) er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling Høgskulelektor Lisbeth Dahle er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett ein professor i klimatilpassing i delstilling Emne 8: Societal transformation 1. lektor Eli Heiberg (e.a.) er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Bente J. Rygg er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Høgskulelektor Lisbeth Dahle er planleggar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett ein professor i klimatilpassing i delstilling Emne 9: Scientific writing, scientific theory and data analyses 1. amanuensis Inger Auestad (f.a.) er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Jacob Yde er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Bente J. Rygg er statsvitar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett i ei stilling i metode/statistikk Emne 10: Master thesis, 30 studiepoeng Professor Stein Bondevik (e.a.) er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 80% stilling Professor Knut Rydgren er økolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Professor Erling Holden er sivilingeniør og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 29

140 Emne 11: Snow science and avalanche 1. amanuensis Simon Villiers (e.a.) er fysikar og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling 1. amanuensis Mette Gillespie er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. 1. amanuensis Denise Ruther er geolog og fast tilsett ved høgskulen i 100% stilling. Det vil bli tilsett i stilling med spesialkompetanse på snø og snøskred 2.8 Studiet skal ha ordningar for studentutveksling og internasjonalisering, som skal vere tilpassa studiet sitt nivå, omfang og eigenart Masterprogrammet skal lysast ut som eit internasjonalt studietilbod og undervisast på engelsk. Instituttet har tilsette frå USA, Storbritannia, Tyskland, Danmark, Spania, Slovakia, Canada, Sveits, Austerrike og Norge. Dette gjer at instituttet har solid språkkompetanse og god kontakt med universitet og høgskular internasjonalt. Instituttet vil bruke lærar- og forskingsnettverket til å rekruttere norske og internasjonale studentar til programmet. Samtidig vil instituttet bruke lærarar og forskingskollegaer frå samarbeidande universitet i utlandet som gjesteførelesarar på emne i studiet og som eksterne rettleiarar på masteroppgåver. Instituttet har 15 års erfaring frå engelskspråkleg undervisning. Gjennom desse åra har høgskulen etablert lærar- og studentutveksling med universitet og høgskular i utlandet. Dette nettverket vil høgskulen bruke for å rekruttere studentar til masterprogrammet. Kontaktane med samarbeidande universitet i utlandet vil gje muligheiter for lærarutveksling slik at programmet kan bruke internasjonal spisskompetanse som gjesteførelesarar på utvalde fagtema i programmet. Studentane vil få rettleiing frå internasjonal koordinator ved instituttet til å kontakte samarbeidande institusjonar i utlandet og til å fylle ut «Learning Agreement» der studenten søkjer om godkjenning av emne på inntil 30 studiepoeng på masternivå. Institutt for naturfag har eigen internasjonal koordinator i 25 % stilling, som i hovudsak skal informere om og legge til rette for internasjonal student- og lærarutveksling. Høgskulen har både innreisande og utreisande studentar og eigne miljøarbeidarar som tek seg av dei innreisande studentane. Internasjonal studentutveksling Semester 2 er ope for internasjonal studentutveksling. Studentar som ønskjer eitt semester i utlandet må få førehandsgodkjenning av innhaldet i utvekslingssemesteret av programansvarleg for masterprogrammet. Val av masteremne ved eit utanlandsk universitet eller høgskule vert godkjend under føresetnad av at utvekslingssemesteret gjev tilsvarande samla læringsutbyte som emna studenten søkjer fritak for. Høgskulen arbeider saman med Universitetet i Oldenburg og Fachhochschule i Bingen om å utvikle fagleg relevante utvekslingssemester på masternivå. På noko sikt er målet å nytte det store internasjonale nettverket ved instituttet og utvikle fleire internasjonale utvekslingstilbod innan geofare, fornybar energi, økologi, og planlegging. 30

141 I semester 4 kan studenten skrive masteroppgåva ved ein annan institusjon og vere knytt til ein ekstern rettleiar der. Det må då gjerast konkret tilpassing i studieløpet for den aktuelle studenten, slik at vi sikrar at læringsutbyttet i studiet vert oppfylt. 2.9 Studiet skal ha lokale, bibliotektenester, administrative og tekniske tenester, IKTressursar og arbeidsforhold for studentane som er tilpassa studiet. Høgskulen i Sogn og Fjordane har om lag 4000 studentar og 330 tilsette og er godt utbygd med tanke på støttefunksjonar og infrastruktur. I 2012 flytta Høgskulen i Sogn og Fjordane nytt hovudbygg i Sogndal med fleire auditorium, klasserom og grupperom og eit omfattande bibliotek med varierte arbeidsplassar for studentar inkludert grupperom, multimedia rom og undervisningsrom med data-arbeidsplassar. Delar av biblioteket er døgnope og biblioteket er sentralt plassert i bygget i tilknyting til kantine. Bygget har trådlaus tilgang til internett. På campus er det eigen bokhandel, der studentane får kjøpt pensum litteratur. Bibliotektenesta er organisert under FoU-seksjonen ved høgskulen, og bibliotekleiar rapporterer til viserektor for FoU. Høgskulebiblioteka har kompetent fagpersonale som vil rettleie og gje kurs til masterstudentane i bruk av litteraturdatabasar og litteratursøk. Biblioteket tilbyr relevant litteratur i form av bøker, artiklar og andre elektroniske læringsressursar tilpassa masterstudentane sitt behov. Som student ved Høgskulen i Sogn & Fjordane kan ein nytta VPN tilkopling og slik få tilgang til biblioteket sine elektroniske tenester frå heime-pc. Dette betyr at dei kan nytta elektroniske oppslagsverk og gjere datainnsamling i betalingsbaserte databasar som til dømes ERIC og ISI Web of Science frå heime-pc. Høgskulen har organisert dei studieadministrative tenestene i Seksjon for utdanning leia av viserektor for utdanning. Dei studieadministrative tenestene vil studentane få ved oppmøte, eller på telefon eller e-post til Studenttorget. Studentane finn informasjon om eige studieløp på Studentweb. Høgskulen nyttar det studieadministrative systemet FS i all handtering av studentdata. Alle eksamenar vert planlagt og gjennomført av eksamenskontoret i utdanningsseksjonen i samarbeid med fagavdelingane. Høgskulen har eit Karrieresenter der studentar kan bestille time for rettleiing eller samtale om studiefaglege spørsmål. Det er også administrative ressursar knytt til avdelinga som skal ha ansvar for masterutdanninga. Høgskulen har eit eige it-team med it-leiar, som har ansvar for teknisk drift og utvikling av itstøtte til studium, FoU og administrasjon. I tillegg har høgskulen ei prosjektgruppe som arbeider med utvikling av e-læring og digital kompetanse. Alle studentar ved høgskulen blir automatisk tildelt brukarkonto som gir tilgang til datanettverka til høgskulen. Alle får tildelt lagringsområde, e-post konto og tilgang til e-læringssystemet. Kontoen gir også tilgang til utskrift, internett og til å nytte det trådlause datanettverket. Når studentane er ved høgskulen, har dei tilgang til pc-rom eller dei kan nytta eigen pc i kombinasjon med det trådlause nettverket som er over heile campus. Det er datalabbar med statistikkprogrammet SPSS, og masterstudentar får i tillegg tilgang til SPSS eller anna dataanalyseprogram etter behov. 31

142 Høgskulen nyttar Fronter som elektronisk læringsplattform. Masterstudentane vil ha tilgang til læringsressursar i Fronter gjennom utdanninga. Studentane har tilgang til Fronter frå sin heime-pc. I tillegg har Høgskulen i Sogn og Fjordane ei godt utbygd og informativ Internettside, Her finn studentane nødvendig informasjon om fagtilsette, forskingsprogram, aktuelle seminar og liknande. Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) har ansvar for studentvelferd for høgskulen sine studentar, og har studentrådgjevar for studentar som treng nokon å snakke med. Høgskulen i Sogn og Fjordane låner ut utstyr (diktafon og videokamera) til bruk for masterstudentar i samband med datainnsamling og feltarbeid. Fagmiljø tilknyttet studiet (studietilsynsforskriften 7-3) Det er planlagt å nytte 3,8 faglege årsverk til undervisning og rettleiing på masterprogrammet (Tabell 5). I tillegg vil instituttet bruke 2.1 årsverk til forsking og om lag 0,25 årsverk til internasjonaliseringsarbeid. I kvar fagstilling skal tilsette nytte 23% av stillinga til fagleg oppdatering og administrasjon. Kvar fagstilling får i tillegg tildelt forskingstid basert på stillingstype og tidlegare forskingsproduksjon. Normalt vil tildelt forskingstid per stilling variere frå timar per år. I punkt 2-7 har vi gitt ei oversikt over fagtilsette som skal undervise på programmet, kva stillingstype dei har, og kva ansvar dei har som emneansvarlege og/eller undervisar i emnet. I gjennomgangen legg vi vekt på fyrstestillingskompetanse og tilsettingstilhøve ved høgskulen. I punkt 3.4 gjer vi greie for forskingsaktiviteten ved instituttet og koplinga mellom forsking og læringsutbyte i dei ulike masteremna. I vedlegget til søknaden ligg CV for alle fagtilsette ved instituttet. Rekruttering av fagtilsette med fyrstekompetanse er god og instituttet får mange søkjarar til ledige stillingar frå Norge og internasjonalt med god undervisnings- og forskingserfaring. I tillegg til undervisningsoppgåver i masterprogrammet vil fagtilsette også undervise i grunnutdanningane, vere aktive deltakarar i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, og gjennomføre eksternt finansierte FoU-prosjekt. God søking til grunnutdanningane og høg undervisnings- og forskingsaktivitet blant tilsette gjer at instituttet over tid har hatt eit stabilt fagmiljø. Dei mange undervisnings- og FoU-oppgåvene fagtilsette har utaføre masterprogrammet gjer at variasjonar i opptakstal eller fråfall frå masterstudiet ikkje vil undergrave stabiliteten til programmet. Tilsette trivst godt i stillingane sine og blir verande ved instituttet. 3.1 Sammensetjing, storleik og samla kompetanse i fagmiljøet skal vere tilpassa studiet slik det er omtalt i plan for studiet og samtidig tilstrekkeleg for å ivareta den forskinga og det faglege og kunstneriske utviklingsarbeidet som vert utført Instituttet har i dag 20 fast tilsette med fyrstekompetanse (17 med doktorgrad). Av desse har fire kompetanse som professor, 15 som førsteamanuensis og ein som førstelektor. I tillegg har instituttet tre høgskulelektorar, sju stipendiatstillingar og ei post.doc. stilling. Høgskulen vil nytte 3.8 fagstillingar til undervisning og rettleiing i masterprogrammet. Denne ressursen vil bli brukt til å rekruttere stillingar innafor metode/statistikk, hydrologi/snøskred, fornybar 32

143 energi, og klimaplanlegging. Instituttet arbeider med problemstillingar knytt til korleis klima påverkar geologiske og økologiske prosessar og korleis vi kan tilpasse oss klimaendringar gjennom god samfunnsplanlegging og berekraftig energi- og ressursbruk. Skal samfunnet klare å omstille seg i ei meir berekraftig retning må myndigheiter og forvaltning ta avgjerder basert på solid kunnskap. Høgskulen i Sogn og Fjordane prioriterer i dag midlar til forsking på problemstillingar knytt arealbruksendringar, utsleppsreduksjonar, produksjon og bruk av fornybar energi, og korleis endringar i klima påverkar økologiske (t.d. pollineringsøkologi, vegetasjonsutvikling og matproduksjon) og geologiske prosessar (t.d. skredprosessar og flaum). I 2013 etablerte Høgskulen i Sogn og Fjordane eit eige forskingsprogram retta mot energi-, ressursar- og miljøspørsmål. Dette er også eitt av dei viktigaste innsatsområda til Norges Forskingsråd. Tabell 5. Kostnadane til programmet er basert på opptak av 20 studentar og uteksaminering av kandidatar per år. Programmet vil koste 4920 arbeidstimar til undervisning og rettleiing og løyse ut 3,8 årsverk. FoU-tid og tid til fagleg oppdatering og administrasjon kjem i tillegg. Institittert vil bruke 2.1 årsverk til FoU-arbeid og 0.25 stilling som internasjonal koordinator på programmet. Emnekode Namn på emne Stp. Kostnad (a.t.) xxxx-1 Climate change and climate policy xxxx-2 Introduction to methods in environmental sciences xxxx-3 Climate change and ecosystems xxxx-4 Towards a zero emission society xxxx-5 Geohazards xxxx-6 Rural and urban run-off management xxxx-7 Climate change adaptation and land use planning xxxx-8 Societal transformation xxxx-9 Scientific writing, scientific theory and data analyses xxxx-10 Master thesis xxxx-11 Snow science and avalanche 10 ** Sum Tal stillingar 3.8 *Seksjon for økonomi ved høgskulen har berekna tal arbeidstimar til programmet ** Vert finansiert med interne midlar frå instituttet si rame 33

144 Tabell 5. Fagmiljø ved institutt for naturfag Professor Dr. Ingvild Austad (100%) Dr. Stein Bondevik (80%) Dr. Erling Holden (100%) Dr. Knut Rydgren (100%) Førsteamanuensis Dr. Inger Auestad (100%) Torbjørn Dale (100%) Dr. Deta Gasser (100%) Dr. Mette R. Gillespie (100%) Dr. Liv N. Hamre (100%) Leif Hauge (100%) Dr. Stein Joar Hegland (100%) Dr. Helge Henriksen (60%) Dr. Matthias Paetzel (100%) Dr. Denise Christina Ruther (100%) Dr. Bente Johnsen Rygg (100%) Dr.Thomas Scheiber (10%) Dr. Tarald Seldal (100%) Dr. Simon de Villiers (100%) Dr. Jacob Clement Yde (100%) Høgskulelektor Lisbeth Dahle (80%) Anne Margrethe Bø Tibballs (100%) Geoffrey Gilpin (disputerer v-2016) (100%) PhD-studentar Marte Synnøve Lilleeng (100%) Joachim Töpper (100%) Tyson Weaver (100%) Alejandro Mateos Rivera (100%) Julian Vollering (100%) Jan Sulavik (100%) NN (frå ) (100 %) Post.doc. Dr. Valeria Schwanitz (100%) Avdelingsingeniør Dr. Liv Norunn Hamre (100%) Dekan Dr. Stein J. Hegland (100%) Førstelektor Eli Heiberg (100%) I grunnutdanningane har instituttet om lag ei fagstilling per 15 studentar. Med eit opptak på 20 studentar på masterprogrammet i kvar klasse (år 1 og år 2) vil det vere 10 studentar per fagstilling. Høgskulen meiner at fagmiljøet har følgjande føresetnadar for å sikre høg kvalitet i utdanninga: - solid forskingskompetanse på klimaendringar, naturfare, økologi og fornybar energi. - høg vitskapleg produksjon i nivå 1 og 2 tidsskrift med fagfellevurdering. - forskingsbasert undervisning. - kombinasjon av planfaglege-, naturfaglege- og teknologiske grunnutdanningar. - lang erfaring med internasjonal student- og lærarmobilitet. - omfattande nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. - eit internasjonalt kollegium med tilsette frå 10 nasjonar. 3.2 Fagmiljøet skal delta aktivt i nasjonale og internasjonale samarbeid og nettverk relevante for studiet Fagmiljøet deltek i ei rekkje nasjonale- og internasjonale forskingsnettverk og produserer årleg vitskaplege publikasjonar i internasjonale tidsskrift på nivå 1 og 2. I tillegg har fagmiljøet ansvar for forskingsprosjekt finansiert av Norges Forskingsråd, er deltakar på EUprosjekt, og har FoU-prosjekt finansiert frå næringsliv og regionale forskingskjelder. Fagtilsette deltek i forskingssamarbeid med følgjande nasjonale- og internasjonale forskingsmiljø: 34

145 Norge Universitetet i Oslo (økologi, fysikk) Universitetet i Bergen (økologi, geologi) Universitetet i Tromsø (geologi) Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet (NTNU) (fornybar energi) Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) (økologi, fornybar energi) Internasjonalt Oxford University (fornybar energi) University of Leeds (geologi) University of Sheffield (geologi) University of Newcastle (geologi) Københavns Universitet (geologi) Universitetet i Århus (geologi) Rutgers University, New Jersey, USA (økologi) Radboud University, Nijmegen, Nederland (økologi) 3.3 Minst 50 prosent av årsverka knytt til studiet skal utgjerast av tilsette i hovudstilling ved institusjonen. Av desse skal det vere personar med minst førstestillingskompetanse i dei sentrale delane av studiet Alle som vert knytt til masterprogrammet er tilsett i minst 50% fast stilling ved høgskulen. Tilknytingskravet i Studietilsynsforskrifta er såleis oppfylt. Samla kompetanse Meir enn 95% av årsverka knytt til masterprogrammet har fyrstekompetanse. Fire er tilsett som professor, 16 i fyrstestilling (13 med doktorgrad) og 3 høgskulelektorar. Tilsette i vitskaplege stillingar arbeider med forsking og undervisning i økologi, geologi og naturfare, fornybar energi og planlegging. Masterprogrammet sin tverrfaglege og fleirfaglege profil er dermed godt ivareteken. Alle fast tilsette ved instituttet som skal undervise på masterprogrammet har også undervisnings- og rettleiingsoppgåver på grunnutdanningane i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Mange deltek også i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt (Tabell 3 i vedlegget). Professorar Fire professorar vil vere knytt til masterprogrammet. Ein av desse vil bli tilsett i delstilling ved start av programmet. Tilsette med kompetanse som professor fordelar seg på fagområda fornybar energi, geologi og naturfare, økologi og klimaplanlegging. Dermed er studiet sikra toppkompetanse på alle sentrale fagområde i studiet. 3.4 Fagmiljøet skal drive aktiv forsking, fagleg og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid Store endringar i økosystema dei siste åra har skapt betydelige utfordringar for å oppretthalde velferd i form av matproduksjon, reint vatn og sikre arters leveområder. 35

146 Forskinga ved instituttet har som mål å skaffe ny kunnskap om geologiske og økologiske prosessar som påverkar levekåra for menneska, og korleis vi kan handtere miljø-utfordringane gjennom god planlegging og forvaltning. Satsinga er bygd opp av tre forskingsområde ved instituttet; fornybar energi, naturfare og landskapsøkologi (Figur 1). Dei tre FoU områda har ulik karakter. I tillegg til å vere sjølvstendige kunnskapsområde, vil dei gje synergieffektar gjennom samarbeid. Målet er å produsere ny kunnskap som kan bidra til ei meir berekraftig utvikling. Det er klare samarbeidspunkt mellom FoU-områda, men det er særleg planfaga som bind fagmiljøa saman. Det er to gjennomgripande tema i satsinga; klimaendringar og planlegging. Instituttet har nyleg delteke i eit forskingsprosjekt som arbeider med slike problemstillingar (ArealClim, omtala på Instituttet har tverrfagleg forskingskompetanse på problemstillingar knytt til korleis geologiske og økologiske prosessar vert påverka av arealinngrep og klima og korleis vi kan tilpasse oss desse endringane gjennom planlegging og berekraftig energi- og ressursbruk. Skal samfunnet klare å omstille seg i ei meir berekraftig retning må myndigheitene og forvaltninga gjere vegval basert på solid kunnskap. Vi er difor avhengige av å auke forskingsinnsatsen på problemstillingar knytt arealbruksendringar, produksjon og bruk av fornybar energi, og korleis arealbruksendringar og klima påverkar økologiske (t.d. pollineringsøkologi, vegetasjonsutvikling og matproduksjon) og geologiske prosessar (t.d. skredprosessar og flaum). Strategisk forskingsprogram ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ENERGI, RESSURSAR OG MILJØ FORSKINGS- OMRÅDE FORNYBAR ENERGI GEOLOGI OG GEOFARE LANDSKAPSØKOLOGI DRIVAR KLIMAENDRINGAR TEMA GJENNOMGRIPANDE TEMA PLANLEGGING Figur 1. Kopling mellom FoU ved instituttet og planlegging. Dokumentert vitskapleg produksjon Institutt for naturfag har hatt god auke i publiseringa dei siste åra, og forskingsresultata har blitt publisert i velrenommerte internasjonale fagtidsskrift på nivå 1 og 2. Resultata kjem fram av Curriculum vitae for fagtilsette som er lagt ved søknaden. Publiseringa per tilsett (0,6) ved instituttet ligg høgare enn gjennomsnittet for statlege høgskular (0,36) og tre gonger høgare enn gjennomsnittet for Høgskulen i Sogn og Fjordane (0,2). Instituttet ventar ei auke i 36

147 publiseringa dei komande åra i samband med utdanning av PhD-kandidatar og tilsetting i stillingar der det vert sett krav om forskingskompetanse. Kopling mellom FoU-aktivitet ved instituttet og masteremna Nedanfor gir vi ein presentasjon av alle vitskapleg tilsette og stipendiatar og post.doc. ved instituttet, deira forskingsbakgrunn og korleis forskinga er relevant for dei ulike masteremna: 1) Auestad, Inger er tilsett i 100% stilling som førsteamanuensis i vegetasjonsøkologi ved institutt for naturfag. Ho har arbeidd med restaureringsøkologiske problemstillingar knytt til semi-naturlig vegetasjon, især effekten av ulike skjøtsels- og etableringsmetodar i vegkantar. Auestad studerer samanhengen mellom miljøfaktorar og vegetasjon på ulike romlege skalaer; frå landskap via vegetasjon til populasjonsnivå. Ho er også oppteken av tilhøvet mellom ville og innførte planteartar og bruken av desse i grøntanlegg, og har gjort utbreiingsmodellering på framande invaderande planteartar langs veg. For tida er ho involvert i eit forskingsprosjekt på spreiing av sitkagran langs vestlandskysten, og i eit fleirfagleg prosjekt innan fornybar energi, der ho skal delta i undersøkingar av suksesjonsprosessar i restaurert vegetasjon på steintippar i høgfjellet. Forskinga er relevant for emne 2: «Introduction to methods in environmental sciences», emne 3 «Climate change and ecosystems» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 2) Austad, Ingvild er tilsett i 100% stilling som professor i vegetasjonsøkologi ved institutt for naturfag. Austad har vore svært sentral i utviklinga av kulturlandskapsforsking i Norge sidan 1970-talet. Hovudarbeidsfeltet er semi-naturlege vegetasjonssamfunn og økologiske prosessar knytt til det tradisjonelle kulturlandskapet. Forskinga er relevant for emne 3 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet 3) Bondevik, Stein er tilsett i 100% stilling som professor i geologi ved institutt for naturfag Forskinga hans er konsentrert om tsunamiar, Storeggaraset, utløysing av jordskred og klimaendringar. Forskinga er relevant for emne 5 «Geohazards» i masterprogrammet. 4) Dahle, Lisbeth er tilsett i 100% stilling som høgskulelektor i planleggings- og forvaltningsfag ved institutt for naturfag. Dahle har lang røynsle frå offentleg forvaltning, mellom frå fylkesmannens miljøvernavdeling. Ho underviser i arealplanlegging og naturforvaltning og har delteke i forskingsprosjekt om klimatilpassing i arealplanlegging. Forskinga er relevant for emne 7 «Climate change adaptation in land use planning» og emne 8 «Societal transformation» i masterprogrammet. 5) Dale, Torbjørn er tilsett i 100 % stilling som førsteamanuensis i marinbiologi ved institutt for naturfag. Dale si forsking er knytt til protistologi, med økologiske, forureiningsmessige og taksonomiske studiar av marine planktoniske ciliatar. Dale jobbar i dag med hydrografiske problemstillingar knytt til fjordar, som for eksempel lange tidsseriar som mellom anna inneheld klimasignal. Dale sin kunnskap om fjordar, marine økosystem og ferskvatn er relevant for emne 3 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet. 37

148 6) Gasser, Deta er tilsett i 100 % stilling som førsteamanuensis i geologi ved institutt for naturfag. Gasser har sidan 2006 forska på oppbygging og utvikling av jordskorpa i Alpene, Alaska, Grønland, Svalbard og Norge. Dei siste åra har forskinga vore fokusert på kartlegging av berggrunnen og forståing av oppbygginga av berggrunnen i Norge. Forskinga er relevant for emne 5: «Geohazards» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 7) Gillespie, Mette K. er tilsett i 100 % stilling som førsteamanuensis i geologi ved institutt for naturfag. Gillespie forskar på endringar i brehydrologi og bredynamikk i Arktis, Antarktis og Norge. Dei siste åra har forskinga primært fokusert på geofysisk kartlegging av brears utbreiing og endringar som følgje av klimaendringar etter siste istid og i nyare tid. Forskinga er relevant for emne 1 «Climate change and climate policy», emne 5 «Geohazards», emne 6 «Rural and urban run-off management» og emne 11 i «Snow science and avalanche» i masterprogrammet. 8) Gilpin, Geoffrey er tilsett i 100% stilling som høgskulelektor i fornybar energi ved institutt for naturfag. Hovudfokus for forskinga er primært livsløpsanalyse av andre- og tredje generasjons biodrivstoff. Geoffrey har delteke i fleire EU og EØS prosjekt der livsløpsanalyse av ulike fornybare energiteknologi har vore ein sentral del. Forskinga er relevant for emne 4 «Towards a zero emission society» i masterprogrammet. 9) Hamre, Liv Norunn er tilsett i 100% stilling som ingeniør ved institutt for naturfag. Hamre har doktorgrad i botanisk økologi frå Universitetet i Oslo. Etter avslutta doktorgrad har ho jobba med undervisning og delteke på ei rekkje forskingsprosjekt ved instituttet. Hamre si forsking er retta mot vegetasjon- landskaps- og restaureringsøkologi, i tillegg til populasjonsøkologi. Forskinga er relevant for emne 2 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet. 10) Hauge, Leif er cand.real. frå Universitetet i Oslo (UiO). Sidan 1994 har Hauge vore tilsett i 100% stilling som førsteamanuensis i landskapsøkologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hauge sin FoU-aktivitet er knytt til korleis menneska sin bruk av naturressursane har påverka landskapet, med særleg vekt på tradisjonell bruk av kulturlandskap. Forskinga er relevant for emne 3 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet. 11) Hegland, Stein Joar er tilsett i 100% stilling som dekan og førsteamanuensis i økologi ved institutt for naturfag. Forskinga hans omhandlar plante-dyr interaksjonar. Han har mellom anna publisert ein høgt sitert oversiktsartikkel om korleis klimaoppvarming kan påverke interaksjonar mellom blomstrande planter og pollinatorar. I tillegg har han erfaring i å arbeide opp mot planmyndigheiter for å redusera problem med arealbrukskonfliktar. Forskinga er relevant for emne 2 «Introduction to methods in environmental sciences», emne 3 «Climate change and ecosystems» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 12) Heiberg, Eli er tilsett i 100% stilling som fyrstelektor i planleggings- og forvaltningsfag ved institutt for naturfag. Heiberg har lang røynsle med undervisning i arealplanlegging og 38

149 naturforvaltning, og har delteke i forskingsprosjekt om natur- og miljøvenleg tettstadutvikling, klimatilpassing og klimapolitikk. Forskinga er relevant for emne 7 «Climate change adaptation in land use planning» og emne 8 «Societal transformation» i masterprogrammet. 13) Henriksen, Helge er tilsett i 60% stilling som førsteamanuensis i geologi ved institutt for naturfag. Henriksen sin forskingsaktivitet er innafor hydrogeologi og strukturgeologi og i skjeringsfeltet mellom desse to fagområda. Hovudfokus har vært på ulike faktorar som verkar inn på grunnvatn-straumar i fjell, både på regionalt og lokalt nivå. Hans nåverande forskingsaktivitet er relatert til ustabile fjellsider og fjellskred med spesielt fokus på grunnvatn-straumar i ustabile fjellsider og vassbalanse. Andre sekundære forskingsfelt er radontransport i geologiske avsetningar og metodikk for studiar av opphaldstid av grunnvatn i lausmassar. Henriksen arbeider i 40% stilling som konsulent i geologi. I sitt konsulentarbeid har Henriksen utført skredfarekartlegging for alle typar skred og stabilitetsvurderingar av fjellskjeringar; i tillegg til hydrologiske/hydrogeologiske vurderingar i samband med byggearbeid. Forskinga og oppdragsaktiviteten er relevant for emne 5 «Geohazards» og emne 6 «Rural and urban run-off management» i masterprogrammet. 14) Holden, Erling er tilsett i 100% stilling som professor i fornybar energi ved institutt for naturfag. Holden har mastergrad frå institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU. I 2002 tok han doktorgrad i byplanlegging ved institutt for byforming og planlegging ved NTNU. Frå studerte Holden sosiologi og sosialpsykologi ved program for forsking og utredning for eit berekraftig samfunn (ProSus) ved Universitetet i Oslo. Frå 2005 til 2006 var Holden gjesteforskar ved Oxford Institute for Sustainable Development, Oxford Brookes University. Holden har sidan 1988 arbeidd med problemstillingar knytt til energi, transport og berekraftig utvikling. I sitt arbeid kombinerer Holden eitt eller fleire av tre ulike teoretiske perspektiv: teknologisk retta miljøstudiar, sosiologiske og sosiopsykologiske adferdsstudiar, og fysisk planlegging. Hans viktigaste publikasjonar er: Boligen som grunnlag for bærekraftig forbruk (doktorgradsavhandling, 2001), Achieving sustainable mobility (Ashgate, 2007) og Transport og miljø (Tapir, 2009). Forskinga er relevant for emne 1 «Climate change and climate policy» og emne 4 «Towards a zero emission society» i masterprogrammet. 15) Lilleng, Marthe Synnøve er tilsett i 100% stilling som stipendiat i økologi ved institutt for naturfag på NFR prosjektet EcoDynDeer. I doktorgraden studerer ho korleis store herbivorer påverkar biodiversiteten i skogøkosystem. Dette inneberer studiar av hjort, vegetasjon, populasjonsdynamikk og entomologi. Forskinga er relevant for emne 2 «Introduction to methods in environmental sciences», emne 3 «Climate change and ecosystems» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 16) Paetzel, Matthias er tilsett i 100% stilling som førsteamanuensis i geologi ved institutt for naturfag og arbeider i 25% av stillinga som internasjonal koordinator. Han starta i 1991 med å utvikle standardprosedyrar for maringeologisk kartlegging ved Norges Geologiske Under-søkelse (NGU). Forskingsaktiviteten inkluderer bruk av marin geologiske og marin- 39

150 geokjemiske metodar til tolking av miljø- og klimaendringar. Forskinga er relevant for emne 1 «Climate change and climate policy» i masterprogrammet. 17) Rivera, Alejandro Mateos is PhD-candidate and teaches in the course Glaciers and Ecology for international students. Mateos Rivera did his master at Limnology Department, Uppsala University focusing on microbial ecology under the title Impact of molybdate addition on sediment microbiota and their potential for mercury methylation. During the last years Mateos Rivera is studying the microbial diversity at Styggedalsbreen forefield, Norway. 18) Rüther, Denise er tilsett i 100% stilling som førsteamanuensis i geologi ved institutt for naturfag. Hennar forsking omfattar sedimentasjon nær is-straum-grunningssonar og danning av subglasiale landformer, spesielt under raskt flytande is. Målet er å rekonstruere prosessane, dynamikken og tidskontroll under siste isavsmelting. Denne kunnskapen kan brukas som analog for dagens situasjon på Grønland og i Antarktis. Rüthers kompetanse har den siste tida blitt anvendt på ulike typar geofarar som snøskred, flaumskred og fjellskred ved hjelp av geografiske informasjonssystem (GIS). Rüther sin kompetanse er relevant for emne 2: «Introduction to methods in environmental science», emne 5 «Geohazards», og emne 11: «Snow science and avalanche». Emne 11 er valemne for søkjarar med tilstrekkeleg bakgrunn i geologi/fysikk. 19) Rydgren, Knut er tilsett i 100% stilling professor i vegetasjonsøkologi ved institutt for naturfag. Rydgren har i meir enn 30 år forska på vegetasjonsøkologiske problemstillingar med vekt på vegetasjonsvariasjon i ulike økosystem og populasjonsbiologi hos planter. Dei fem siste åra har Rydgren forska på problemstillingar knytt til restaureringsøkologi. Rydgren har dei siste åra delteke i klimaforsking på kjemiske forsvarsresponsar hos blåbærplanter og forsking på korleis populasjonsutviklinga til karplanter vert påverka av klimaendringar. Forskinga er relevant for emne 2 «Introduction to methods in environmental sciences», emne 3: «Climate change and ecosystems» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 20) Rygg, Bente Johnsen er tilsett i 100 % stilling som førsteamanuensis ved institutt for naturfag. I doktorgraden forska ho på kommunar og fornybar energi, og korleis kommunane handterer utfordringar knytt til utbygging av fornybar energi. Forskinga er relevant for emne 1 «Climate change and climate policy», emne 2 «Introduction to methods in environmental sciences», emne 4 «Towards a zero emission society» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 21) Scheiber, Thomas er tilsett i 10 % stilling som førsteamanuensis i geologi ved institutt for naturfag. Scheiber har sidan 2009 forska på strukturgeologiske problemstillingar i Alpene og Norge. Dei siste åra har forskinga primært fokuserer på forkastingar og deira betyding for djupforvitring. I tillegg har Scheiber stor kompetanse innafor vurdering av snøskred. Forskinga er relevant for emne 5 «Geohazards» og emne 11 «Snow sciences and avalanche» i masterprogrammet. 22) Seldal, Tarald er tilsett i 100% stilling som instituttleiar og førsteamanuensis i økologi ved institutt for naturfag. Seldal starta i 1988 med forsking på planters kjemiske forsvar. Ei 40

151 svekking av plantenes kjemiske forsvar som følgje av klimaendringar kan få negative følgjer for plante-dyr interaksjonar som pollinering av jordbruksplanter og førekomst av skadeinsekt og plantesjukdomar, noko som i sin tur kan redusere verdas matproduksjon. Forskinga er relevant for emne 3 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet. 23) Sulavik, Jan er tilsett i 100% stilling som stipendiat i økologi ved institutt for naturfag på NFR prosjektet RELEASE. Han har arbeidd med problemstillingar i vegetasjonsøkologi, biogeografi og klima, og særleg på samspelet mellom klima og plantene sin utbreiing. Som stipendiat skal han forske på re-vegetering av steintippar i fjellet som følgje av vasskraftutbygging. Forskinga er relevant for emne 3 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet. 24) Schwais, Valeria Jana is a postdoc researcher in the Renewable Energy Group at the Department of Engineering and Natural Sciences. Her area of expertise covers environmental economics and earth system dynamics. She has a modelling background with integrated assessment models of climate change (IAM) and has pioneered the development of validation concepts in the IAM community. Her applied research concern topics like the study of fossil fuel subsidies and international climate policies. Valeria has been part in a world-wide initiative to develop new climate change and adaptation scenarios (Shared Socio Economic Pathways). Currently, she focusses on sustainable development and the role of uncertainty and irreversibility in the power sector. 25) Tibballs, Anne Margrethe er tilsett i 100% stilling som høgskulelektor ved institutt for naturfag. Tibballs har kompetanse på by- og tettstadutvikling med omsyn til miljø og menneske og utbygging i naturlandskap. Ho er fast skribent for tidsskriftet Arkitektnytt. Av særleg relevans for masterprogrammet er intervjuartikkel med Antje Backhaus om design for lokal overvasshandtering, og artikkel om by-natur. Forskinga er relevant for emne 6 «Rural and urban run-off management» i masterprogrammet. 26) Villiers, Simon is employed in a 100% position as an associate professor at the institute for natural sciences. After completing his undergraduate studies, specializing in the study of non-linear physics and fluid flows, de Villiers has focused on multidisciplinary research on the boundary between physics and geology. This has resulted in a number of experimental, numerical and field based studies of diverse phenomena including fracture mechanics in thin systems, the general elastic and plastic properties systems characterized by a disordered network of plastic deformation, and how extreme value statistics and scaling laws can be used to understand the relaxation of such systems. Recently many of these research themes have been brought together looking at the scaling properties of the dimensions of glaciers and physics of glacial meltwater networks and how related scaling parameters are influenced by climatic changes. Forskinga er relevant for emne 1 «Climate change and climate policy», emne 4 «Towards a zero emission society», emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet, og emne 11: «Snow science and avalanche». Emne 11 er valemne for søkjarar med tilstrekkeleg bakgrunn i geologi/fysikk. 41

152 27) Vollering, Julien er tilsett i 100% stilling som stipendiat i økologi ved institutt for naturfag. Han forskar på spreiing av sitkagran langs Norskekysten. Målet for forskinga er å kartlegge invasjonspotensialet til denne arten. Vollering har bakgrunn vegetasjonsøkologi og i modellering av arters utbreiing. Forskinga er relevant for emne 3 «Climate change and ecosystems» i masterprogrammet. 28) Weaver, Tyson er tilsett i 100% stilling som stipendiat i fornybar energi ved institutt for naturfag i samarbeid med Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse ved NTNU. PhD-prosjektet er finansiert av NFR FME (Forskningssenter for miljøvennlig energi) CenSES (Centre for Sustainable Energy Studies). Weaver har mastergrad i fornybar energi og fleire års erfaring frå konsulentbransjen. Hans forsking omhandlar institusjonelle strategiar for kommersialisering av fornybar energiteknologiar. Weaver har forska på marknadsutvikling og kommersiell utnytting av offshore vindkraft, internasjonalisering av kraftprodusentar, og diversifisering av aktørar innan olje/gass og vasskraft mot nye energiteknologiar. Forskinga er relevant for emne 1 «Climate change and climate policy», emne 4 «Towards a zero emission society», emne 7 «Climate change adaptation in land use planning» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. 29) Yde, Jacob Clement er tilsett i 100% stilling som førsteamanuensis i glasiologi og glasial-geologi ved institutt for naturfag. Hovudfokus for forskinga er på koplinga mellom klima-endringar og isbrevariasjonar, mikroorganismar på og ved brear, og isbredynamikk. Yde har pågåande prosjekt i Chile, på Grønland og på Svalbard. Forskinga er relevant for emne 1: «Climate change and climate policy» og emne 9 «Scientific writing, scientific theory and data analyses» i masterprogrammet. Supplerande fagmiljø I nokre av masteremna vil høgskulen knyte til seg relevant fagkompetanse frå Vestlandsforsking og nytte gjesteførelesarar frå eksterne fagmiljø som Statens Vegvesen, NVE, energisektoren og universitet og høgskular i Norge. I tillegg ønskjer høgskulen å utvide ordninga med internasjonal lærarutveksling frå universitet i Europa og USA og bruke denne kompetansen til undervisning på utvalde fagtema der internasjonale partnarar har spisskompetanse. Instituttet har samarbeidsavtalar om undervisning og forsking med Statens Vegvesen, NVE og Vestlandsforsking og er medlem av Centre for Sustainable Energy Studies ved NTNU (CenSES). Centre for Sustainable Energy Studies - CenSES Høgskulen i Sogn og Fjordane er medlem i CenSES. CenSES er lokalisert ved NTNU og er eit virtuelt forskingssenter som legg vekt på studier og beslutningstøtte som fremmer et nytt bærekraftig energisystem. En forutsetning for et nytt og mer miljøvennlig energisystem i verden er at nye teknologier og et nytt energisystem blir forstått, akseptert og brukt av offentligheten. CenSES integrerer innsikt fra energiøkonomi, energisystemanalyse, statsvitenskap, sosiologi, innovasjonstudier, teknologi- og vitenskapsstudier. Hovedmålet er å bedre beslutnings-underlaget for framtidens energistrategi, på bruker og systemnivå, for beslutningstakere både i industrien og det offentlige. 42

153 CenSES-rammeverket gir en helhetlig analyse og studier av energisystemet. Senteret vil fullt utbygd bestå av om lag 60 professorer, forskere og phd-stipendiater fra åtte ulike forskningsmiljøer. For øyeblikket er 25 stipendiater knyttet til senteret, og ytterligere 22 stipendiater er tilknyttet via relaterte prosjekter. Samfunn CenSES fokuserer på samfunnsfaglig energiforskning: Kunnskap om hvordan brukernes holdninger og aksept av teknologi påvirker investeringer Modeller for energisystemer og marked som viser lokale og regionale behov Forslag til virkemidler som fremmer energisektorens evne til innovasjon og kommersialisering av ny teknologi Større forståelse for mulighetene som ligger i å videreutvikle dagens energisystem gjennom synergi mellom ulike energibærere, produksjonsteknologier og rådende rammevilkår, og hvordan dette påvirker velferd og verdiskapning Større kunnskap om sammenhengen mellom bedrifters konkurransekraft, energipolitikk og næringspolitikk Utvikling av flere energiscenariorer for framtiden hvor et samlet samfunnsfaglig miljø gir helhetlig analyser fremfor fragmenterte svar CenSES vil i tillegg: Tilrettelegge for innovasjons og formidlingsarenaer Arrangere konferanser og workshops Etablere felles nasjonal forskerskole for samfunnsfaglig energiforskning Statens Vegvesen ( Statens Vegvesen har som oppgåve å etablere eit effektivt, tilgjengelig, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. Statens Vegvesen har 4 hovudmål: 1. Framkommelighet og regional utvikling: Transportpolitikken skal bedre framkommelighet og redusere avstandskostnader for å styrke konkurransekraften i næringslivet og for å bidra til å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret. 2. Trafikksikkerhet: Transportpolitikken skal bygge på en visjon om at det ikke skal forekomme ulykker med drepte eller hardt skadde i transportsektoren. 3. Miljø: Transportpolitikken skal bidra til å begrense klimagassutslipp, redusere miljøskadelige virkninger av transport, samt bidra til å oppfylle nasjonale mål og Norges internasjonale forpliktelser på miljøområdet. 4. Universell utforming: Transportsystemet skal være universelt utformet 43

154 Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) ( Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Norges vatn- og energi ressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk. Direktoratet har og ei sentral rolle i vernebuinga mot flaum og leier den nasjonale kraftforsyningsvernebuinga. NVE er engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingssamarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi. Vestlandsforsking ( Miljøforskinga ved Vestlandsforsking tar utgangspunkt i omgrepet berekraftig utvikling. Det gjeld spørsmålet om korleis ein kan forstå omgrepet, korleis ein kan nytte omgrepet som grunnlag for å evaluere privat og offentlig verksemd, korleis omgrepet kan danne utgangspunkt for ulike former for utviklingsprosessar og kva implikasjonar det kan ha for den enkelte om samfunnet skulle følgje målet om ei berekraftig utvikling. Sentrale forskingsområde er transport og miljø, industriell økologi, livsløpsanalyser (LCA), berekraftig reiseliv og lokal klima- og miljøpolitikk. På alle desse områda er spørsmålet om reduksjon av klimagassutslepp sentralt. På området lokal klima- og miljøpolitikk er i tillegg spørsmålet om tilpassing til klimaendringar sentralt. Gruppa for miljøforsking ved Vestlandsforsking har 11 forskarårsverk. Av desse har 2 professorkompetanse, 2 fyrstekompetanse med doktorgrad, 5 vil oppnå fyrstekompetanse i 2015, mens resten har forskar III kompetanse (mastergrad). Dei forskarane ved VF som har sitt hovudarbeid innafor berekraft- og klimaområdet er: Carlo Aall (Professor), Kyrre Groven (planlagt innlevering av PhD sommaren 2015), Halvor Dannevig (planlagt innlevering av PhD sommaren 2015) og Hans J. Walnum (planlagt innlevering av PhD sommaren 2015). Miljøgruppa har ein omfattande vitskapleg publisering på området berekraft og klima med 0,75-1,5 publiseringspoeng per tilsett per år. Forskarar i gruppa har m.a. vore med-redaktør i to spesialnummer av tidsskriftet Local environment på emne lokal klimatilpassing (i 2011 og 2015), i tillegg til å bidra med fleire artiklar i dei same spesialnumra. I tillegg har gruppa ei omfattande populærvitskapleg publisering på dette området i form av avisartiklar, interaktive nettprodukt (ulike formar for klimakalkulatorar og nettbaserte rettleiingstenester på energibruk, reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringar jfr. lenkesamling her: tradisjonelt skriftleg basert rettleiingsmateriale for kommunar og fylkeskommunar innafor klimaomstilling (sjå t.d. med eit omfattande rettleiingsmateriale utforma for Sogn og Fjordane fylkeskommune) og tradisjonelle dokumentasjonsrapportar. Halvparten av forskinga ved Vestlandsforsking på området berekraft og klima har det siste tiåret vore finansiert gjennom forskingsprogram under Norges forskingsråd. Resten fordelar seg likt mellom EU, offentlege styresmakter og næringslivet. Vestlandsforsking har vore det 44

155 samfunnsfagleg innretta forskingsinstituttet ved siden av CICERO som har delteke i flest prosjekt finansiert gjennom det førre klimaforskingsprogrammet NORKLIMA. Vidare har Vestlandsforsking åleine eller i samarbeid med andre forskingsmiljø (SINTEF og Bjerknessenteret) fått tildelt alle større forskingsprosjekt på området klimatilpassing finansiert av Kommunenes Sentralforbund sitt forskingsfond (KS FoU). I år avsluttar Vestlandsforsking i samarbeid med høgskulen og Bjerknessenteret eit tre-åreg forskingsprosjekt finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet som er særleg relevant i denne samanheng: AREALKLIM prosjektet som omhandlar arealplanlegging og klimatilpassing, og som har inkludert midlar til å utvikle eit vidareutdanningstilbod i arealplanlegging og klimatilpassing på 10 studiepoeng ved HiSF. Dette tilbodet vert undervist fyrste gong hausten Av særleg interesse i denne samanheng er eit treåreg EU prosjekt finansiert gjennom programmet «JPI climate: societal transformation in the face of climate change» der Vestlandsforsking som ein av fire partnarar skal studere kva forbruksendringar hushaldningar kan vere viljuge til å akseptere om dei skulle bli pålagt å halvere deira utslepp av klimagassar, og så diskutere kva for politikkendringar som trengs for å støtte opp under ei slik forbruksendring. Vestlandsforsking deltek i fleire nasjonale og internasjonale forskarnettverk på berekraft- og klimaområdet. I Norge deltek VF som partnar i CenSES (jf omtale anna stad i søknaden). Vidare deltek forskarar ved VF i Nordic Centre of Excelence på området klimatilpassing (NORD-Star). Som ein følgje av dette har forskarar ved VF vore med å ta initiativet til og vært involvert i scientific commitee i dei nordiske forskarkonferansane på klimatilpassing. Den fjerde konferansen skal vere i Bergen i august Også her deltek VF arrangementskomiteen. VF samarbeider vidare tett med ei rad forskingsinstitusjonar på berekraft- og klimaområdet, der dei viktigaste norske partnarane er Nordlandsforsking, Bjerknessenteret, CICERO, NTNU Geografisk institutt og SINTEF Byggforsk. 45

156 Vedlegg Diploma Supplement 1. Studieplan (norsk): Master i klimaendringar; forvaltning og planlegging 2. Studieplan (engelsk): Master in climate change managment CV for fagmiljø 2. Høyringsfråsegner Tabellsamling 1. Tabell 1: Studentar og tilsette 2. Tabell 2: Planlagt tal studentar på studiet 3. Tabell 3: Fagmiljø knytt til studiet 46

157 Sakshandsamar, innvalstelefon Vår dato Vår referanse / E-post: fmsfshs@fylkesmannen.no Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks Sogndal Støtte til søknad om å etablere eit internasjonalt masterprogram for forvaltning og planlegging for å møte klimaendringar Fylkesmannen og fylkeskommunen har bidrege med innspel i samband med utvikling av eit nytt masterprogram ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet med masterprogrammet er å gi kompetanse i korleis samfunnet kan tilpasse seg klimaendringane og redusere utslepp av klimagassar. Vi oppmodar styresmaktene om å løyve nødvendige studieplassar til det nye programmet, slik at programmet kan ta opp studentar frå hausten På oppdrag for Kommunenes sentralforbund (KS) har høgskulen kartlagd studietilboda retta mot klimatilpassing. Rapporten konkluderer med at det ikkje er slike tilbod i Norge, og få liknande studietilbod internasjonalt. For å forankre masterutdanninga hjå viktige framtidige arbeidsgjevarar, og få viktige faglege innspel i samband med utviklinga av masterprogrammet, har høgskulen etablert ei breitt samansett referansegruppe. Institutt for naturfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vil ha det faglege ansvaret for programmet. Vi meiner at instituttet har svært gode føresetnadar for å sikre høg kvalitet i utdanninga. Strategiar og tiltak for å tilpasse samfunnet til klimaendringar, og samstundes få til ein sterk reduksjon i utslepp av klimagassar, er økonomisk og fagleg krevjande. Desse utfordringane må handterast gjennom breie og tverrfaglege samarbeid, og ein ambisiøs og forpliktande klimapolitikk nasjonalt og internasjonalt. I forvaltninga er det stor trong for auka kompetanse for å førebyggje eller redusere dei negative konsekvensane av klimaendringane. I så måte er dei nyleg publiserte resultata frå forskingsprosjektet «Arealklim» (Vestlandsforsking) svært interessante. Litt forenkla konkluderer prosjektet med at det er mangelfull planlegging som er årsaka til naturskade på busetnad og infrastruktur, ikkje klimaendringar. Studiet opnar for opptak av studentar med ulik grunnkompetanse. Vi trur at det vil vere ein styrke for diskusjonar og arbeid i tverrfaglege grupper, å setje utfordringane knytt til klimaendringane inn i ein heilskapleg samanheng (forbruk, utslepp, teknologi, økonomi, politikk, natur, planlegging). Studiet vil gje kandidatane ei brei forståing av utfordringane samfunnet står overfor på klimaområdet, og kompetanse til å leie utgreiingsarbeid på tvers av tradisjonelle fagdisiplinar.

158 Utanom Fylkesmannen og fylkeskommunen, samarbeider høgskulen med fleire andre regionale instansar og etatar som arbeider med klimaspørsmål, m.a. Vestlandsforsking, Statens Vegvesen og NVE. Skulen er òg medlem av Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES) ved NTNU. I tillegg er høgskulen deltakar i UH-Nett Vest, som har som mål å utvikle tettare forskings- og utdanningssamarbeid mellom høgskular og universitet på Vestlandet. Regionen har solid kompetanse på klimaområdet. Vestlandsforsking kan vise til omfattande vitskapleg produksjon innan miljø- og klima-forsking. Det er eit av dei mest sentrale norske miljøa for samfunnsfagleg forsking på strategiar og tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har markert seg nasjonalt på klimaområdet, særleg i arbeidet med å implementere klimatilpassing i kommunane sitt arbeid med å redusere risiko og sårbarheit. Den store variasjonen i natur- og klimaforhold i Sogn og Fjordane, gjer at høgskulen òg har ei lokalisering som er svært gunstig for studium innan klimaendringar. Vi meiner at Høgskulen i Sogn og Fjordane har svært gode føresetnadar for å utvikle eit anvendt masterprogram for norske og internasjonale studentar med interesse for klimaendringar, forvaltning og planlegging. Med helsing Anne Karin Hamre fylkesmann Åshild Kjelsnes fylkesordførar

159 Statsråden Ifølge liste Deres ref Vår ref Dato 15/ Stort behov for flere planleggere Det vises til brev 18.mars 2015 fra KS, Byggenæringens landsforening, Forum for kommunale planleggere og institutter ved 9 universiteter og høyskoler, samt e-post 20.mars 2015 fra Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. I brevet vises det til at behovet for planleggingskompetanse i kommunene er stort og økende. Det foreslås igangsatt en tiltakspakke med finansiering fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å styrke planleggerutdanningen i Norge. Denne saken ble tatt opp på konsultasjonsmøtet mellom regjeringen og KS 22.april i år. Jeg merket meg at lederen av KS rådmannsutvalg, Tor Arne Gangsø fra Ullensaker, understreket behovet for å sikre nyrekruttering til planleggeroppgavene i kommunene. Som jeg poengterte i møtet, er jeg er svært opptatt av utfordringene på dette området. Nye, større kommuner trenger nødvendig og tilstrekkelig kapasitet og kompetanse på planområdet framover. Regjeringen la den 12. mai i år fram kommuneproposisjonen for Regjeringen har her gitt en omtale av tiltak for økt kompetanse i kommunene. Plankompetanse er viet en egen omtale i proposisjonens avsnitt Her beskrives noen av tiltakene som er igangsatt for å styrke kompetansen på planfeltet. Kommuneproposisjonen for 2016 viser blant annet at regjeringen har høye ambisjoner for det norske kunnskapssamfunnet. Kunnskap er ett av regjeringens åtte satsingsområder, og er avgjørende for å bygge landet for fremtiden og sikre innbyggerne god kvalitet på tjenestene. Postadresse: Postboks 8112 Dep, 0032 Oslo Kontoradresse: Akersg. 59 Telefon: Telefaks: Org. nr.:

160 Regjeringen varslet i statsbudsjettet for 2015 at det skal utvikles en kompetansepolitisk strategi som vil bidra til en målrettet utvikling av befolkningens kompetanse. Strategien er nærmere beskrevet i kapittel 7 i kommuneproposisjonen. Samtidig understrekes kommunenes rolle som arbeidsgiver med ansvar for å drive strategisk kompetanseutvikling. Staten legger til rette for økt kompetanse gjennom ulike tiltak, men kommunene er selv ansvarlige for å ha rett kompetanse til å kunne utføre sine oppgaver, også i fremtiden. Kommuneproposisjonen viser til at Ekspertutvalget for kommunereformen har fokusert på kompetanse og kapasitet. Videre vises det til KS sin undersøkelse av rekrutteringssituasjonen i kommunene på planfeltet, utført av NIVI Analyse i NIVI dokumenterer her at kommunene i stor grad mangler kapasitet til å gjennomføre sine lovpålagte planleggingsoppgaver. Rapporten peker på et manglende samsvar mellom kommunenes rekrutteringsbehov og tilgjengelige uteksaminerte kandidater, men også på et behov for å markedsføre planleggingsfaget som utdannings- og karrierevei. Regjeringen har pekt på at større kommuner vil bidra til å skape brede og mer robuste fagmiljøer innen plan, kart og geodata. De nye kommunenes ansvarsområder vil samtidig vokse både rent oppgavemessig og geografisk. Dette vil føre til økte forventninger både fra kommunens egne folkevalgte, fra innbyggerne, og fra nasjonale og regionale myndigheter. Økt ansvar vil øke nødvendigheten av høy teknisk, juridisk og pedagogisk kompetanse i kommunenes administrative organer. Det er i dag mange universiteter og høyskoler i Norge som har planleggingsfag i ulike former innenfor fagkretsen, noe brevets mange underskrivere i seg selv er et uttrykk for. Jeg mener det er viktig at disse undervisningsinstitusjonene hver for seg foretar en grundig drøfting og vurdering av hva som kan gjøres ved det enkelte lærested for å styrke planleggerutdanningen. Dette kan gjelde bl.a. kapasitet og innhold i utdanningen. Jeg forventer at de enkelte utdanningsinstitusjonene, om nødvendig gjennom behandling i sine respektive styrende organer, legger vekt på samfunnets behov for kompetanse innenfor planlegging ved vurdering av sine utdanningstilbud. Spørsmål om eventuell økt ressurstilgang må avklares gjennom den ordinære styringsdialogen med Kunnskapsdepartementet. Som omtalt i Kommuneproposisjonen for 2016, vil innsatsen på utdanningsområdet videreføres bl.a gjennom samarbeidsavtalen mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS, om etter- og videreutdanningstilbud innen samfunnsplanlegging i regi av Sekretariatet for etter- og videreutdanning (SEVS). Jeg viser også til den igangsatte prosessen med å utvikle en bred samarbeidsavtale mellom KMD og KS om styrket plankompetanse i kommunene. Jeg er glad for initiativet fra KS m.fl., fordi det tar opp den viktige rollen kommunene har som ansvarlig for samfunns- og arealplanleggingen. En tiltakspakke som foreslått, med finansiering fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet, ville vært en ordning utenom det ordinære styringssystemet innenfor høyere utdanning. Det ser jeg ikke som hensiktsmessig. Side 2

161 Jeg er imidlertid positiv til å drøfte hvordan utfordringene knyttet til rekruttering og utdanning innenfor planlegging kan følges opp gjennom samarbeidsavtalene med KS. Med hilsen Jan Tore Sanner Kopi: - Byggenæringens landsforening v/adm.dir Jon Sandnes, Postboks 7187 Majorstuen, 0307 OSLO - NMBU, Institutt for landskapsplanlegging v/inger-lise Saglie, Postboks 5003 NMBU, 1432 ÅS - Universitetet i Agder, Institutt for global utvikling og samfunnsplanlegging v/jørn Cruickshank, Postboks 422, 4604 KRISTIANSAND - UiT Norges arktiske universitet, Institutt for sosiologi, statsvitenskap og samfunnsplanlegging v/marcus Buck, Postboks 6050 Langnes, 9037 TROMSØ - Universitetet i Oslo, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi v/per Gunnar Røe, Postboks 1096 Blindern, 0317 OSLO - NTNU, Institutt for byforming og planlegging v/markus Schwai, 7491 TRONDHEIM - Universitetet i Stavanger, Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging v/tore Markeset, 4036 STAVANGER - Høgskolen i Lillehammer, Avdeling for økonomi og organisasjonsvitenskap v/finn Olsen, Postboks 952, 2604 LILLEHAMMER - Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for ingeniør- og naturfag v/helge Hustveit, Postboks 133, 6851 SOGNDAL - Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie v/jørgen Amdam, Postboks 500, 6101 VOLDA - Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo v/ole Gustavsen, Postboks 6768 St.Olavs plass, 0130 OSLO - Forum for kommunal planlegging v/terje Pettersen, Haakon VIIs gate 9, 0161 OSLO Side 3

162 43/15 Studietilbod og opptakskapasitet Vedtakssak Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 410 Saksbehandler Terje Bjelle Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: 1. Styret vedtek studietilbod og opptakskapasitet slik det går fram av vedlegg 1 i denne saka. 2. Innan utgangen av november vil styret ta standpunkt til etablering og oppstart av eventuelle nye studieprogram som er omtalt i denne saka. Innan den tid må dei aktuelle avdelingane vurdera i kva grad nye tilbod heilt eller delvis kan realiserast innafor avdelingane sine budsjettrammer. 3. Ressursramme for tilbod om vidareutdanningar blir fastsett i samband med vedtak av årsbudsjettet Rektor får fullmakt til å avlyse oppstart av studium dersom rekrutteringa vert vurdert som for svak. Avlysing skal vurderast dersom det ikkje er realistiske utsikter til å oppnå dei fastsette måltala. Måltal er å forstå som det studenttalet høgskulen skal ha i andre semester av utdanningsløpet. Eventuelle avlysingar må skje innan 1. juni for studium som har oppstart i haustsemesteret og innan 1. desember for studium med oppstart i januar. Saksvedlegg: 1. Framlegg til studietilbod og opptakskapasitet Brev frå dekan ved AIN om finansiering av ingeniørutdanning bygg og anlegg og masterprogram i Climate Change Management 3. Statusrapport nytt ingeniørstudium bygg og anlegg 4. Brev frå it-forum om næringsretta it-utdanning i Sogn og Fjordane Saksframstilling I samsvar med høgskulen sitt årshjul, skal styret gjera vedtak om studietilbodet i juni året før dei aktuelle utdanningane skal setjast i verk. Styret har då høve til å gjera justeringar i vedtaket til og med november månad. I møte 19. mai handsama styret ei drøftingssak om studietilbodet Med saka følgde innspel frå avdelingane til endringar i tilbodet og rektor sine førebelse vurderingar. I saka var det også med rektor sine vurderingar av eksisterande studietilbod og korleis dette fungerer med omsyn til rekruttering, studenttal og kandidatproduksjon. 20

163 I føreliggjande sak vert styret invitert til å gjera vedtak om høgskulen sitt studietilbod Vurdering Som det gjekk fram av drøftingssaka i mai, har høgskulen dei siste åra hatt eit studietilbod som fungerer godt både når det gjeld rekruttering og gjennomstrøyming. Både tal søkjarar, studentar og kandidatar har auka vesentleg sidan 2009, og veksten har gjeve rom for utvikling av høgskulen, mellom anna med etablering av masterprogram på fleire av dei største utdanningsområda. Auken i studenttalet og at studentane i stor grad har lukkast i utdanningane sine har medført vekst i høgskulen sine inntekter på frå 5 til 7 millionar kvart år sidan Den samla inntektsauken denne perioden som følgje av auka studiepoengproduksjon er nærare 30 millionar kroner. Veksten i studenttalet flatar no ut og under føresetnad av uendra statleg finansieringssystem, vil inntektsauken som følgje av studiepoengproduksjon i 2016 vera litt i overkant av 1 million kroner jamført med Dette tilseier at høgskulen bør vera varsam med å iverksetja kostnadskrevjande tiltak som ikkje kan finansierast innafor eksisterande budsjettramme eller med eksterne inntekter. Korkje i innspela frå avdelingane eller i styret si drøfting i mai kom det framlegg om vesentlege endringar i det eksisterande studietilbodet, verken i retning av nedlegging av program eller vesentlege endringar i kapasiteten. Dei endringsframlegga som har kome handlar primært om etablering av nye tilbod. På dette grunnlaget finn ikkje rektor grunn til å foreslå vesentlege endringar når det gjeld eksisterande studietilbod. Ut frå drøftinga i styret, vert det gjort framlegg om følgjande justeringar: Etter framlegg frå Avdeling for samfunnsfag vert årsstudium i bedriftsøkonomi nedlagt som sjølvstendig studieprogram og søknadsalternativ. Opptakskapasiteten for bachelorprogrammet i økonomi og administrasjon vert auka med 10 studieplassar for å kompensere for dette. Opptakskapasiteten for master i idrett og master i undervisning og læring vert auka frå 15 til 20 for å oppnå tilfredsstillande kandidatproduksjon. Opptakskapasiteten for GLU 1-7 blir nedjustert med 10 studieplassar som tilpassing til rekrutteringssituasjonen. Deltidsstudium med opptak annakvart år held fram med same rytme som tidlegare. For 2016 betyr dette opptak av studentar til deltidsutdanningar i GLU 1-7, PPU og master i samhandling. Det betyr nullopptak av studentar i 2016 til deltidstilbod i BLU, sjukepleie og vernepleie. Vurdering av mogelege nye studietilbod i 2016 Masterprogram i Climate Change Mangement På oppdrag frå styret har Avdeling for ingeniør- og naturfag siste året arbeidd med nytt masterprogram kalla Climate Change Management. Dette kjem som erstatning for masterprogrammet i landskapsplanlegging som er avvikla. Styret vart orientert om arbeidet i mai og vert på dette møtet invitert til å vedta at høgskulen skal senda søknad til NOKUT om akkreditering for å tilby dette programmet. Tilbod om masterprogram innan det naturfaglege området er godt i samsvar med høgskulen sin strategiplan, det vil styrka høgskulen sin internasjonale profil og dei faglege føresetnadane for etablering er til stades. Når det gjeld 21

164 grunngjeving for framlegget elles vert det vist til søknaden om akkreditering. Etablering av eit slikt masterprogram vil kosta høgskulen 3-4 millionar kroner årleg. Rektor ser det ikkje som realistisk å finna dekning for dette med det me no veit om høgskulen sine budsjettrammer framover. Det betyr at realisering av programmet må finansierast med tilførsle av nye studieplassar over statsbudsjettet eller i ein kombinasjon av dette og omdisponering av midlar ved avdelinga og på institusjonsbudsjettet. Rektor gjer dermed framlegg om oppstart av masterprogram i Climate Change Management i 2016 under føresetnad av akkreditering frå NOKUT innan 1. desember 2015 og at det vert tilført studieplassar og skaffa til vege ressursar til å etablera studiet. Ingeniørutdanning i bygg- og anleggsfag. Nytt bachelorprogram Avdeling for ingeniør- og naturfag gjer også framlegg om etablering av ny ingeniørutdanning i bygg- og anleggsfag i samarbeid med Høgskolen i Bergen. Det er inngått ein intensjonsavtale mellom dei to høgskulane om dette og det blir arbeidd aktivt frå næringsliv og politisk hald for å realisera prosjektet. Fagskulen i Førde er også ein samarbeidspart. Vedlegg 2 og 3 gjer nærare greie for planane. Føresett lik ansvars- og kostnadsdeling mellom Høgskolen i Bergen og HiSF, må ein rekna med at tiltaket vil kosta 2-3 millionar kroner årleg for HiSF. Rektor vurderer det ikkje som realistisk at dette kan finansierast innafor rammene av høgskulen sitt budsjett. Føresetnaden for oppstart vil vera tildeling av nye studieplassar over statsbudsjettet og/eller ekstern finansiering. Det går fram av orienteringa frå avdelinga at det vert arbeidd for ei mellombels ekstern finansiering. Før det kan gjerast vedtak om etablering, må dei økonomiske og organisatoriske føresetnadane avklarast. Det er også ein føresetnad at det blir førebudd ei sak om etablering av nytt bachelorprogram der det vert gjort greie for dei faglege føresetnadane for etablering. Det må også utarbeidast fullstendig studieplan i samsvar med HiSF si studieforskrift og studieplanen må godkjennast av Utdanningsutvalet ved HiSF. Master i spesialpedagogikk Høgskulen har søkt akkreditering for masterprogram i spesialpedagogikk med tanke på å overta det faglege ansvaret for dette tilbodet frå Universitetet i Oslo. Nytt opptak skal etter planen gjennomførast hausten 2016 med 30 nye studentar. Kostnadane vil vera om lag på same nivå som noverande tilbod kostar HiSF med Universitetet i Oslo som fagleg ansvarleg. Tilbodet kan dermed realiserast innafor den budsjettramma Avdeling for lærarutdanning og idrett disponerer, og rektor tilrår på dette grunnlaget, og under føresetnad av at NOKUT godkjenner søknaden om akkreditering, at master i spesialpedagogikk vert innarbeidd i høgskulen sitt studietilbod Programmet blir gjennomført som deltidsstudium over tre år og med opptak kvart tredje år. Outdoor Education and Nordic Friluftsliv (30 studiepoeng) I budsjettet for 2015 vart det løyvd strategiske midlar til nytt engelskspråkleg program kalla Outdoor Education and Nordic Friluftsliv (30 studiepoeng). Dette kjem i tillegg til dei tre eksisterande engelskspråklege 30-poengsemna Global Knowledge, About Norway in Norway og From Mountain to Fjord. Røynslene med slike tilbod er at det trengst tid for å etablera dei. Det nye tilbodet i friluftsliv ser ut til å få i underkant av 10 studentar dette første året, og det må reknast som brukbart. Eit internasjonalt tilbod i friluftsliv er svært godt i samsvar med strategisk plan og høgskulen sin ønska profil. Rektor foreslår at det frå og med vert del av høgskulen sitt ordinære studietilbod. 22

165 Andre framlegg Samfunnsfag 3 som nytt valemne i Undervisning og læring. Rektor vurderer framlegget som interessant for å styrka det eksisterande masterprogrammet, men også med tanke på omlegging av grunnskulelærarutdanninga frå Framlegget må handsamast i samband med budsjettarbeidet for Forkurs i matematikk i samband med skjerpa opptakskrav til GLU. Frå opptaket 2016 er det innført krav om eit gjennomsnitt på minimum karakteren 4 eller betre i matematikk frå vidaregåande skule for opptak til GLU. For søkjarar som ikkje innfrir dette karakterkravet blir det opna for å kvalifisera seg gjennom forkurs. Detaljane i ordninga er førebels ikkje kjende, men høgskulen må setja av ressursar i budsjettet for 2016 slik at me kan tilby forkurs. Initiativ til ny it-utdanning: It-forum i Sogn og Fjordane har teke initiativ til itutdanning ved HiSF (vedlegg 4). Initiativet er positivt, men tiltaket er ikkje aktuelt for realitetshandsaming i denne omgangen. ALI og ASF har gjort framlegg om auka måltal for fleire utdanningar (master i organisasjon og leiing, årsstudiet i samfunnsfag, praktisk-pedagogisk utdanning). ALI foreslår også å etablera eit tilbod i Personleg trenar og at ressursramma for tilbod om vidareutdanningar vert auka. Rektor tilrår ingen av desse framlegga no, men ynskjer å vurdere dei i samband med budsjettarbeidet for Vedlegg til sak 23

166 Vedlegg 1: Framlegg om studietilbod og opptakskapasitet Studietilbod Studie- Måltal Endring Måltal Andel Måltal Kandidatpoeng nye studentar 15 til 16 nye studentar heiltid heiltidsekv. måltal Grunnskulelærar Grunnskulelærar 1-7, samling ,8 16 Grunnskulelærar Sum GLU/ALM Barnehagelærarutdanning Barnehagelærarutdanning, samling ,75 0 Barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert ,75 0 Sum barnehagelærar Idrett, fysisk aktivitet og helse Idrett og kroppsøving Friluftsliv Idrett årsstudium Sum idrett/friluftsliv Landskapsplanl med landskapsarkitektur Geologi og geofare Fornybar energi Naturfag årsstudium Sum naturfag Elektroingeniør, automasjon Elektroingeniør, elkraft Sum ingeniør Økonomi og administrasjon Økonomi og jus Jus årsstudium Eigedomsmekling Bedriftsøkonomi årsstudium Reiselivsleiing Reiseliv årsstudium Sum øk/adm utdanningar

167 Studietilbod Studie- Måltal Endring Måltal Andel Måltal Kandidatpoeng nye studentar nye studentar heiltid heiltidsekv måltal Sjukepleie august Sjukepleie august, samling ,75 0 Sjukepleie januar Sum sjukepleie Vernepleie Vernepleie, samling ,75 0 Sosialt arbeid Barnevern Sum sosialarbeidarutd Ungdomssosiologi Ungdomssosiologi årsstudium Historie Samfunnsfag årsstudium Sum samfunnsfaglege utd Engelsk årsstudium Sum opptak grunnutdanningar Praktisk-pedagogisk utdanning Praktisk-pedagogisk utdanning, samling , Master organisasjon og leiing , Master læring og undervisning Master spesialpedagogikk , Master idrett Master i brukarsentr samh innan helse- og sos , Anestesi-, operasjon- og intensivsjukepleie ,75 0 From Mountain to Fjord (engelskspråkleg) ,5 10 Global Knowledge ,5 13 About Norway in Norway ,5 8 Outdoor Education and Nordic Friluftsliv ,5 8 Innpassing idrett 2. og 3. år Eittårig forkurs for ingeniørutdanning Sum lokale opptak Sum HISF

168 Vedlegg 2 til styresak om studietilbod og opptakskapasitet Bygg- og anleggsingeniør Detaljane om finansieringa er ikkje klare. Det skal utgreiast som ein del av det forprosjektet som er i gang, og vil leggast fram før budsjetthandsaminga i HiSF til hausten. I grove trekk legg vi opp til følgjande finansiering: 1. Studiet vert etablert som ein fellesgrad med HiB. Jfr intensjonsavtalen av HiSF og HiB svarar kvar for halvparten av undervisinga. Det skal opprettast ein avtale som regulerer samarbeidet mellom partane innan Avtalen må fange opp alle vesentlige tema for å skape grunnlag for eit langvarig og godt samarbeid, herunder grunnleggande prinsipp for samarbeid, samarbeidsformer, økonomi, fordeling av inntekter på studiepoengproduksjon. Dette omfattar også konkrete og bindande avtalar om opptak, vitnemålutsteding, prosedyrar for utvikling av programmet. 2. Det skal etablerast eit samarbeid med Fagskulen i Sogn og Fjordane om felles undervising på bygg- og anleggsingeniør etter mønster av det som blir gjort på el-kraftstudiet. Det har vore samtalar med rektor på fagskulen om dette, men det er ikkje enno skrive avtale om det. 3. Til forprosjektet har INU løyvd 1 mill kroner, og styreleiar i INU seier at dei har som intensjon å følgje opp med meir midlar som fødselshjelp for studiet. 4. Bygg- og anleggsbransjen har bidratt med midlar i forprosjektet og har gitt uttrykk for at dei vil vere med å bidra med midlar som fødselshjelp for studiet. 5. Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd kr til forprosjektet, og er positive til å bidra med fødselshjelp for studiet. 6. Bruk av eigne midlar. I studieplanarbeidet vert det lagt opp til at nokre eksisterande emne på ingeniørutdanningane i Førde kan sambrukast i det nye studiet. Institutt for ingeniør og teknologifag har opparbeidd eit overskot etter eksterne undervisingsoppdrag, som vil kunne nyttast i startfasen av studiet. 7. Dei ressursane HiSF har fått ved tildeling av 20 nye studieplassar til el-kraftstudiet, bør øyremerkast til ingeniørstudia på AIN. Slik modellen er no, vil avdelinga få eit samordningstap. 8. Sist men ikkje minst: Det vert arbeidd for å få tilført nye studieplassar til studiet. Ved etableringa av el-kraftstudiet gjekk bransjen inn med finansiering av dei to første kulla. Deretter vart det tildel 20 nye studieplassar til studiet. Vi håpar å oppnå det same med byggog anleggingeniørstudiet. Master in Climate Change Management I studieplanarbeidet er det estimert ein kostnad ved å etablere det. Avdelinga har ikkje aleine ressursar til å starte opp dette masterstudiet, men ser føre seg å bidra på slik måte: 1. Den siste studenten på mastergraden i Landscape Planning vert ferdig våren Det var 0- opptak på studiet i AIN ønskjer at dei ressursane som var allokert til denne mastergraden, vert sett inn i den nye mastergraden. Det er snakk om 15 studieplassar. 2. AIN har eit årsstudium i naturfag med 10 studieplassar, og vil overføre desse studieplassane til den nye mastergraden. 3. Sist men ikkje minst: Det vert arbeidd for å få tilført nye studieplassar til studiet. mvh Helge Hustveit Dekan AIN

169 Høgskulen i Sogn og Fjordane Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt HiSF Campus Førde Oppdragsnr.:

170 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C C For gjennomgang HiSF/arbeidsgruppe LGN PGN LGN Rev. Dato: Omtale Utarbeidet Fagkontroll Godkjent Norconsult AS Pb. 514, NO-6803 Førde Firdavegen 6, NO-6800 Førde n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 2 av 11

171 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C Innhald 1 Bakgrunn og motivasjon 5 2 Studieinnhald innspel frå næringslivet Innspel frå offentlege verksemder Samarbeid med Høgskulen i Bergen profil 7 3 Finansiering Bransjefinansiering Studieplassar 9 4 Vidare arbeid Budsjett Styresak Studieplan og avtalar Rekruttering av lærekrefter Rekruttering av studentar 11 n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 3 av 11

172 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C Samandrag Resultat frå ein spørjeundersøking utført av NITO viser at det er stort behov for bygg- og anleggsingeniørar i åra framover. Høgare kompetansekrav fører til eit behov kompetanseheving. Eksisterande ingeniørstudium ved HiSF Campus Førde er kjenneteikna med tett oppfølging, god gjennomføringsevne samt gode resultat på trivselsundersøkingar. Eit nytt bygg- og anleggsstudium vil bygge vidare på desse styrkene og samtidig bidra til å styrke realfagsmiljøet blant dei tilsette. I arbeidet med studieplan og innhald i utdanninga er det lagt vekt på å dra nytte av erfaringar frå eksisterande studium samt tilpasse profil og emnesamansetning etter ønskje frå bransjen. Det er etablert ei intensjonsavtale om samarbeid med Høgskulen i Bergen og inneber at høgskulane deler på ansvaret for utdanninga og studentane får graden sin både ved HiB og HiSF. Nytt bygg- og anleggsingeniørstudium vil vere ein kombinasjon av tilbodet ved Byggingeniørlinja ved HiB, eksisterande realfag felles for ingeniørutdanningar, samt einskilde emne spesielt for HiSF. Studiet vil få ei brei emnesamansetning og det vil vere mogleg med såkalla Y- veg (fagbrev) overgang samt 2+2 veg frå Fagskulen. Dette vil styrke rekrutteringsgrunnlaget då HiSF er ein av få Høgskular som tilbyr dette og kan vise til gode resultat. For å få studiet «opp å gå», er det venta eit behov for bidrag frå bransjen, eigeninnsats frå Høgskulen samt å dra nytte av samhandlingsfordelar/samarbeid med Fagskulen og HiB. På sikt er målet å få studieplassar som vil sikre kontinuitet og stabilitet for studiet. Vidare må det lagast ei styresak, studieplan detaljerast, gode avtalar etablerast, rekruttere lærekrefter samt utarbeide informasjon om studiet til framtidige studentar. n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 4 av 11

173 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C 1 Bakgrunn og motivasjon Resultat frå ein spørjeundersøking utført av NITO viser at det er stort behov for bygg- og anleggsingeniørar i åra framover. Tal frå offentleg sektor syner at gjennomsnittsalderen er relativt høg, i gjennomsnitt 53,4 år. Storleiken på kommunane varierer og dermed også tal tilsette i byggrelaterte stillingar, men einskilde kommunar hadde vesentleg høgare gjennomsnittsalder. Truleg er behovet endå høgare enn det undersøkinga viser om ein tek omsyn til eit venteleg behov i privat næringsliv. Motivasjon for ei slik utdanning i Førde er mellom anna at det stadig blir stilt strengare krav til byggeteknikk og kontrollar og det er såleis behov for å styrke teknisk kunnskap. Høgare kompetansekrav opplever ein også innan lovverket, både ved saksbehandling og søknadar. På kort sikt er det stort behov for å auke denne formalkompetansen. Kompetanse innan prosjektleiing og rolle som byggherre er også etterspurt. Dette er typiske område som krev erfaring, men det er også særs viktig å ha dei grunnleggande verktya i botn. Eit nytt ingeniørstudium i Førde vil såleis kunne bidra til ei generell kompetanseheving i bransjen. Vidare er planane om ingeniørstudium eit resultat av sterkt lokalt engasjement og ei oppfølging av Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane som fylkeskommunen står bak. Fylkesvaraordførar Jenny Følling er leiar av arbeidsgruppa som har jobba for å realisere studiet. Denne arbeidsgruppa vart nedsett av Råd for samarbeid med arbeidslivet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Prosjektet er organisert som følgjer: Arbeidsgruppe Prosjekt-gruppe Prosjektleiar Jenny Følling Olve Grotle Høgskulen Jan Halvor Storkås Einride Horstad SNU EBA MEF FINS Fagskulen KS Høgskulen Linn Grepstad Nes Førde Kommune NITO Statens vegvesen Sekreteriat n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 5 av 11

174 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C 2 Studieinnhald Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Campus Førde er det allereie to ingeniørstudium. Desse studietilboda er kjenneteikna ved tett oppfølging, god gjennomføringsevne samt gode resultat på trivselsundersøkingar. Eit nytt bygg- og anleggsstudium vil bygge vidare på desse styrkene til HiSF Campus Førde og samtidig bidra til å styrke realfagsmiljøet blant dei tilsette. I arbeidet med studieplan og innhald i utdanninga er det lagt vekt på å dra nytte av erfaringar frå eksisterande studium samt tilpasse profil og emnesamansetning etter ønskje frå bransjen. 2.1 INNSPEL FRÅ NÆRINGSLIVET Som nemnt er næringslivet i Sogn og Fjordane svært delaktig i planane om bygg- og anleggstudium i Førde. Lokal bransje er stor og spenner over mange fagområde. Studiet vil såleis reflektere dette ved at det blir lagt opp til ei variert emnesamansetning. Typiske anleggsfag er mellom anna etterspurt, og dette er det mål om å ta inn som valfag. Entreprise og byggeplassdrift er også fag som vil vere tilpassa næringsliv, både på rådgjevarsida og entreprenørsida. 2.2 INNSPEL FRÅ OFFENTLEGE VERKSEMDER I arbeidet med studieplan har ein også lytta til offentlege verksemder. Mellom anna Statens Vegvesen har uttrykt behov for Veg- og VA-emne, noko ein vil prøve å gjennomføre i samarbeid med det offentlege. I tillegg vil det bli lagt opp til undervisning i emne som er like relevant for offentleg saksbehandling som næringsretta verksemder. Dette gjeld spesielt emne som omhandlar lover og forskrifter og som legg føringar på HMS, søknadsprosessar, miljøkrav etc. 2.3 SAMARBEID MED HØGSKULEN I BERGEN Høgskulen i Bergen er positive til samarbeid og det er skrive ei intensjonsavtale om fellesgrad. Dette inneber at høgskulane deler på ansvaret for utdanninga og studentane får graden sin både ved HiB og HiSF. Samarbeidet vil også bestå i at ein del fag blir køyrt frå Bergen, enten via «fjernundervisning» og bruk av e-læring (streaming, videokonferansar, Lync, etc), men det er også høgst aktuelt at lærekrefter tar turen til Sunnfjord. Når det gjeld rekruttering vil denne ingeniørutdanninga truleg dra nytte av dei store søkjartala til byggingeniørutdanninga ved HiB. Der har dei langt fleire søkjarar enn studieplassar, og då vil ein truleg kunne «fordele» søkjarane på fleire linjer, noko Campus Førde kan dra nytte av. n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 6 av 11

175 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C 2.4 PROFIL Samanlikna med andre utdanningar vil dette bli eit breiddestudium tilpassa ein lokal marknad. Studieplanen vil vere ein kombinasjon av tilbodet ved Byggingeniørlinja ved HiB, eksisterande realfag felles for ingeniørutdanningar, samt einskilde emne spesielt for HiSF. Såleis drar ein nytte av erfaring og kompetanse frå HiB, samhandlingsfordelar ettersom ein del basisfag er like for ingeniørutdanningane samt supplerer med andre eksisterande fag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ein viktig del av profilen er Y-veg og 2+2 veg via Fagskulen. Y-veg er allereie etablert på automasjon- og elkraftstudia og fungerer godt. Undersøkingar viser at ingeniørutdanningane i Førde har god gjennomføringsevne og studentane trivst. Det nye byggstudiet vil såleis dra nytte av erfaringane med Y-veg. Det er også etablert eit samarbeid med Fagskulen for å få til ei 2+2 ordning, der fagskulestudentar kan gå rett inn i 2.årstrinn på byggingeniørutdanninga. Dette krev skreddarsydde løysingar/overgangar og dette vil bli etablert med Fagskulen i Førde. Y-veg og 2+2 ordning er viktig mellom anna for å skape eit unikt tilbod ved HiSF, medan det for studentane betyr at dei kan kome direkte frå fagbrev/fagskule til ingeniørutdanninga. Denne figuren illustrerer det norske skulesystemet: Den praktiske overgangen frå fagbrev til ingeniørstudium betyr at studentane må ta eit sommarkurs i matematikk, samt at dei må ta nokre fag parallelt med undervisninga i 1.årstrinn. Samla vil studiebelastninga kunne verte ganske stor, men det er lagt opp til at desse elevane kan få fritak frå/godkjent heile eller delar av emne som er meir praktisk retta. n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 7 av 11

176 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C overgangen frå Fagskulen vil i korte trekk fungere ved at fagskulestudentane får godkjent fag der pensum er dekka av eitt eller fleire emner ved Fagskulen. I nokre fag kan det vere aktuelt å følgje delar av fag, i tillegg til den vanlege studiebelastninga, for å oppfylle overgangskrav. Utkast til studieplan per 1.juni 2015 er som følgjer: 1.årstrinn 2.årstrinn 3.årstrinn 1.semester 2.semester 3.semester 4.semester 5.semester 6.semester Matematikk 1 Mekanikk (inkl. fysikk) Matematikk 2 Geofare og arealplanlegging Systememne Bacheloroppgåve Innføringsemne Statistikk og økonomi BIM og landmåling Entreprise og byggeplassdrift Valfag 1 Valfag 3 Materiallære Materialprøving (inkl. mekanikk) Bygningsfysikk (inkl. fornyb.energi) Bygningskonstruksjoner 1 Valfag 2 Valfag 1 Infrastruktur 1 (VA, veg, anlegg) Bygningskonstruksjoner 2 Valfag frå HiB Valfag 2 Infrastruktur 2 (VA, veg, anlegg) Byggesak Valfag frå HiB Valfag 3 EN2-300 Studentbedrift Matematikk 3 (inkludert fysikk) Styrt praksis Valfag frå HiB Arbeidet med studieplanen er kome så langt at ein kan starte ei meir detaljert planlegging med tanke på emneansvar, lærekrefter, innhald og praktisk gjennomføring. Nokre av faga er eksisterande fag ved HiSF og vil få ein samhandlingsfordel, andre vil bli «køyrt» frå HiB, medan det vil bli behov for eksternt bidrag frå bransjen i nokre emne. n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 8 av 11

177 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C 3 Finansiering Det er lagt opp til to måtar å finansiere studiet på, enten ved å få studieplassar eller som eit spleiselag med bidrag frå bransjen. 3.1 BRANSJEFINANSIERING I første omgang ser ein behov for finansiering frå bransjen for å få studiet «opp å gå». Dette er ei kortsiktig løysing og kan tenkjast gjennomført med følgjande bidrag: Bransje (offentleg/privat) Eigenandel Høgskulen (samordningsfordel eks. ing.fag) INU-midlar Sparebankmidlar Høgskulen i Bergen Samarbeid med Fagskulen Bransjen er som nemnt positive til studiet og kan bidra i form av direkte bidrag eller i form av lærekrefter. Samordningsfordelar for felles ingeniørfag vil redusere totalkosten samtidig som det kan vere noko å hente ved å samordne emner og lærekrefter med Fagskulen og HiB. INU, Sparebanken Sogn og Fjordane samt Sparebankstiftinga har tidlegare bidrege med midlar og er positive til å vere med vidare. 3.2 STUDIEPLASSAR Den langsiktige og «trygge» løysinga er å sikre studieplassar. Dette vil sikre kontinuitet i utdanninga og samtidig gje stabilitet som er gunstig for rekruttering av både studentar og lærekrefter. For å få til dette bør det leggast ned eit politisk arbeid. n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 9 av 11

178 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C 4 Vidare arbeid 4.1 BUDSJETT Det må utarbeidast eit budsjett for å få oversikt over kostnader og kartlegge behov for ekstern finansiering. Basert på innspel frå Høgskulen i Bergen bør ein legge opp til følgjande: Det bør vere ein studiekoordinator for studiet i Førde som tar seg av administrasjonen. Erfaringsbasert er det behov for 25-30% av full stilling til dette som må vere på plass frå oppstart. Éin høgskulelektor i full stilling og som kun har undervisning kan ha ansvar for 30 studiepoeng/3 fag per skuleår. I tillegg kjem fagutvikling og forsking. Personar med doktorgrad kan undervise maks 20 studiepoeng då det er forventing om forskingstid. Gjesteførelesarar frå næringslivet er eit supplement til undervisinga, men tilsette ved HiSF eller HiB skal ha ansvaret for emna. Firma kan leigast inn til å ta undervising av heile fag. Erfaringsmessig kostar dette mellom 250 og kr per 10 studiepoengsfag. Det er viktig at innhaldet i emnet er godt spesifisert frå høgskulehald og å føre kontroll med at undervisinga blir gjennomført i samsvar med kontrakt. Grovt sett vil det vere behov for ca 6 stillingar ved HiSF/HiB for å drive ei 180 studiepoengs utdanning innan Bygg- og anleggsfag. 4.2 STYRESAK Det eksisterande styret skal ha styremøte 17.juni 2015 og det må lagast ei styresak for å fremje denne utdanninga. Nytt styre vil venteleg ha sitt første styremøte i august/september STUDIEPLAN OG AVTALAR Som nemnt bør studieplanen detaljerast med tanke på innhald og emnesamansetning. Ein bør også gå i gang med kartlegging av lærekrefter og lage gode avtalar med Fagskulen og Høgskulen i Bergen om fordeling av fagansvar/utveksling av lærekrefter. 4.4 REKRUTTERING AV LÆREKREFTER Dersom styret vedtar oppstart av studium i 2016 er det svært viktig å rekruttere lærekrefter raskt. I første omgang bør det tilsettast nokre personar som kan planlegge studiet. Stillingsannonse og n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 10 av 11

179 Nytt ingeniørstudium Bygg- og Anleggsfag Forprosjekt Oppdragsnr.: Dokument nr.: R-01 Revisjon: C tilsetting bør skje så raskt som mogleg då det er mykje som må vere på plass innan utgangen av 2015 og fram til ev. oppstart haust Bidrag frå bransjen i form av lærekrefter bør kartleggast. 4.5 REKRUTTERING AV STUDENTAR For å nå ut til potensielle studentar er det viktig med god informasjon. Dersom oppstart hausten 2016 bør også informasjonsarbeidet startast så tidleg som råd. Informasjon bør nå ut til både ungdomsskulen (spesielt for dei som vurderer å ta yrkesfagleg studieretning pga Y-veg) og vidaregåande skular samt Fagskulestudentar. Ettersom utdanninga skjer i samarbeid med HiB er det naturleg at dette ingeniørstudiet blir marknadsført saman med HiB-tilbod i Bergen. n:\515\22\ \5 arbeidsdokumenter\55 rapportering\rapport nytt ingeniørstudium bygg og anleggsfag hisf.docx Side 11 av 11

180 Næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fj. Til: Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane Frå: IT-forum Sogn og Fjordane ved leiar Gunnar O. Hæreid (ass. fylkesmann) Utarbeidd av: Hilde G. Corneliussen og Svein Ølnes, Vestlandsforsking Dato: Oppsummering Stat-næringssamarbeidet mellom HiSF, Fylkesmannen, Innovasjon Norge (IN), Skatt Vest, Nav, LO og NHO sette spørsmålet om ei IT-utdanning i fylket på dagsorden i Det vart gjennomført ei spørjeundersøking til IT-bedrifter i fylket for å finna ut meir om behov og interesse. Resultatet av undersøkinga var positiv og IT-forum Sogn og Fjordane vart bedt om å utarbeida ein søknad til IN om eit forprosjekt for grundigare kartlegging. Prosjektet fekk støtte i slutten av 2014 og arbeidet er no gjennomført. IT-forum har i forprosjektet registrert stor interesse frå næringslivet for å etablera ei næringsretta ITutdanning her i fylket. Bedriftene har også uttrykt stor vilje til å bidra på ulike vis. Offentlege verksemder har og vorte intervjua, og også der er tilbakemeldingane positive og viljen til å bidra stor. IT-forum ønskjer å arbeida vidare med temaet ved å søkja om vidareføring i eit hovudprosjekt gjennom IN si satsing på kompetanseutvikling. Søknader til hovudprosjekt vert først levert som ei kort skisse, og aksepterte skisser får høve til å levera ein full søknad. Ei skisse til hovudprosjekt vil bli sendt til IN innan søknadsfristen 1. juni i år, og dersom det skisserte prosjektet får klarsignal frå IN, kan det sendast ein søknad om hovudprosjekt innan 15. oktober i år. Styret i IT-forum har vore prosjekteigar og drivkraft for inneverande fase av prosjektet der både næringsinteresser frå fylket og HiSF er representerte. I eit hovudprosjekt vil aktuelle fagavdelingar i HiSF bli tett involverte gjennom konkretisering av ei næringsretta IT-utdanning. Arbeidet med ei næringsretta IT-utdanning samsvarer med strategien til HiSF om å bli meir relevant for det lokale arbeidslivet og å styrkja IKT-kompetansen ved høgskulen generelt. Interessa prosjektet har møtt styrkjer konklusjonen om at næringslivet har både behov og vilje til å bidra til å sikra ei slik utdanning i fylket. Kva innretning ei slik utdanning kan ha er ikkje det ikkje teke stilling til i denne fasen av prosjektet, men det kan vera aktuelt å organisera utdanninga både som etterutdanningskurs, årsstudium eller bachelor-utdanning. Det er HiSF som til slutt må trekkja denne konklusjonen. Bakgrunn Forprosjektet har bakgrunn i ei spørjeundersøking gjennomført av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på oppdrag frå Stat-næringssamarbeidet (HiSF, FMSF, IN, Skatt Vest, LO, NHO). Spørjeundersøkinga viste at det IT-relaterte næringslivet i fylket såg eit behov for ei IT-utdanning i fylket og at dei var villige til å bidra på ulike måtar. Forprosjektet følgde opp denne undersøkinga med dialogmøte med næringsliv og offentlege verksemder i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. I tillegg vart det gjennomført intervju med andre IT-verksemder, verksemder med IT-avdeling av ein viss storleik og offentlege verksemder med stor grad av IT-arbeid, sjå vedlegg 1. Side 1

181 Forprosjektet har vore leia av forskar, dr. Hilde G. Corneliussen ved Vestlandforsking. I tillegg har forskarane Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, begge Vestlandsforsking, og seniorrådgjevar Svein Helge Steinsåker hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane delteke i gjennomføringa. Prosjektgruppa har i tillegg til desse inkludert viserektor for FoU ved HiSF, Erik Kyrkjebø, assisterande fylkesmann og leiar av IT-forum Sogn og Fjordane, Gunnar Hæreid, og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking. Hovudfunn frå forprosjektet Kartlegginga i forprosjektet har stadfesta og forsterka inntrykket frå den innleiande spørjeundersøkinga: Det er stor interesse for ei IT-utdanning i fylket blant næringslivsverksemdene (og dei offentlege verksemdene) og det er stor vilje til å bidra i realiseringa av ei slik utdanning. Stort behov for IT-kompetanse i næringslivet i fylket Tilbakemeldingane frå informantane både i privat og offentleg sektor har vore tydelege: Det er eit stort ønskje om etablering av ei IT-utdanning i fylket. Verksemdene har på si side sannsynleggjort eit stort behov for rekruttering av IT-kompetanse dei nærmaste åra. Lista over informantar og tilhøyrande IT-arbeidsplassar gir ein peikepinn på arbeidsmarknaden for eventuelle IT-kandidatar (sjå vedlegg 1). I tillegg til dei rundt 40 bedriftene me har intervjua, er det også mange fleire her i fylket som både har IT-arbeidsplassar og som etterspør IT-kompetanse. Eit nøkternt estimat viser over 500 IT-arbeidsplassar berre i dei intervjua bedriftene. Behova til verksemdene som vart intervjua, spenner likevel vidt. Dei har behov for kompetanse innan drift av IT-utstyr og nettverk på den eine sida av skalaen, til prosjektleiing, moderne web-/apputvikling og systemintegrasjon i den andre enden. Det er vanskeleg å dekkja så ulike behov i ei og same utdanning, noko som vil krevja prioritering av retning på eit eventuelt IT-studium. Eit hovudprosjekt vil arbeida med denne og andre problemstillingar. Bedriftene vil bidra til ei IT-utdanning I tillegg til å spørja om behovet for IT-kompetanse hjå bedriftene, spurde me også om dei var villige til å bidra til etablering av eit slikt studium. Dei vart utfordra både på å vera vertskap for studentoppgåver og til å bidra konkret i undervisninga innan relevante emne. Det var stor vilje til å bidra på denne måten, nesten alle bedriftene svarte positivt. Dei få som tok eit atterhald, var ikkje uvillige, men måtte ta atterhald om kapasitet. Kompetansen i bedriftene som er intervjua, spenner frå omfattande realkompetanse til professorkompetanse innan IKT. På forskingssida er det verdt å nemna Vestlandsforsking med 8-10 forskarar innan IKT. Søking til IT-studium aukar kraftig Prosjektet har ikkje berre kartlagt situasjonen blant verksemder, men også innhenta informasjon og kunnskap som vil vera avgjerande for ei vurdering omkring ei ny IT-utdanning. Analyse av søkjartala til høgare utdanning gjennom Samordna opptak i åra viser m.a. at veksten i søkjartala til IT-studium er høgare enn den samla veksten i søkjartal, og auken var særleg høg ved siste søknadsrunde i 2015 (april): Side 2

182 Tabell 1: Utviklinga i søkjartal til IT-studium (Samordna opptak) Studieplassar, IT Søkjarar til IT-studium (førsteval) Søkjarar pr. studieplass 1,8 1,9 2,2 Auke i søkjartal IT frå forrige år (prosent) 3,9 8,8 17,5 Auke i søkjartal generelt (prosent) 1,2 2,4 6,7 Tala i tabellen over er henta frå Samordna opptak. Ved å gå gjennom heile lista over utdanningar på Samordna opptak, kjem me til fleire studieplassar enn dette. For søknader i 2015 er talet 5411 førsteplass-søkjarar til 2336 studieplassar. Det gir 2,3 søkjarar pr. studieplass. Vedlegg 2 viser aktuelle IT-utdanningar ved siste søknadsrunde og vedlegg 3 viser dei fem mest og minst populære utdanningane. Både NHO sentralt og Abelia uttalar at årets søkjartal til IKT er gledelege. Men Abelia understrekar at det trengst fleire studieplassar. Direktør Håkon Haugli uttalar: «Søkertallene er ikke tilfeldige. Mange av de nye jobbene i Norge vil skapes innen IKT. Det har søkerne forstått. Vi er imidlertid bekymret over at det er fortsatt er begrenset med studieplasser som tilbys den økende studentmassen». I eit hovudprosjekt vil det bli gjennomført ei kartlegging av interesse for eit IT-studium hjå avgangselevar i vidaregåande skule både i Sogn og Fjordane og nabofylka for å kunne utfylla informasjonen om potensielle søkarar. Grunnlag for vidare arbeid IT-forum Sogn og Fjordane meiner resultata frå kartleggingsfasen samla sett gir eit godt grunnlag for å gå vidare med planlegginga av ei IT-utdanning ved HiSF. Behova varierer som sagt både i offentleg og privat sektor. På den eine sida er det ein god del etterspurnad etter tradisjonell kompetanse på IT-drift (maskinpark, nettverk), samstundes som mange også opplyser at det går ganske greitt å rekruttera denne typen kompetanse. Verre er det å rekruttera spesiell kompetanse på telekommunikasjon. Den store aktiviteten på breibandutbygging har gjort at verksemdene i denne bransjen har utvida mykje. Dei melder om problem med rekruttering av personar med god kompetanse på nettverk og telekommunikasjon, og understrekar at kandidatar med tradisjonell data-ingeniørbakgrunn ikkje nødvendigvis har den rette kompetansen sidan det studiet er meir innretta mot tradisjonell server-drift. Utviklingsretta kompetanse innan web, app og systemintegrasjon er eit viktig område med vanskeleg rekruttering lokalt. Det same gjeld for den meir generelle rolla som prosjektleiar for tekniske utviklingsprosjekt. 1 Tal frå Samordna opptak, kategorien «Informasjonsteknologi og informatikk». Denne kategorien har færre studium enn det som er vist i liste i vedlegg 2. Dei relative tala blir likevel nokolunde like. Side 3

183 Sogndalsmiljøet har fått mykje merksemd for arbeidet innan IKT-entreprenørskap dei siste åra, også frå nasjonalt hald. Det er ei utvikling tett kopla til utviklinga kring Fosshaugane Campus. Ei kopling mellom teknologi og entreprenørskap er difor nærliggjande for å styrka denne utviklinga. Innretninga elles, om det er snakk om etterutdanningskurs, årsstudium eller bachelor-utdanning, er noko det vidare arbeidet må konkludera med, og det er HiSF som til slutt må trekkja konklusjonane. Involvering av HiSF i vidare arbeid Så langt har arbeidet vore drive av IT-forum Sogn og Fjordane, etter å ha vorte initiert av statnæringssamarbeidet der HiSF med fleire deltek. Eit hovudprosjekt vil involvere Høgskulen meir, og ta utangspunkt i dei relevante fagmiljøa ved HiSF der det er kompetanse og ynskje om å delta i arbeidet. Det er og HiSF som er ansvarlege for studietilboda høgskulen tilbyr, og som også må vedta eventuelle nye tilbod. IT-forum vil, som koordinator for IT-bedriftene i fylket, bidra aktivt i arbeidet med å greie ut eit potensielt nytt studium ved HiSF. Sidan søknaden går til Innovasjon Norge og er forankra i næringslivsbehov, er det også nødvendig med god forankring i næringslivet. IT-forum vil stå som formell søkjar av hovudprosjektet til Innovasjon Norge. Som nemnt skal ein hovudprosjektsøknad gjennom to trinn; først ei skisse innan 1. juni og så eventuelt eit klarsignal om å senda ein søknad om hovudprosjekt. HiSF vil ha ei meir integrert og aktiv rolle i eit hovudprosjekt, men vi understrekar at det ikkje ligg bindingar for HiSF i den fyrste fasen av prosjektet som no er avslutta, eller i prosessen med å sende inn ei skisse til 1. juni. Først ved ein eventuell søknad om hovudprosjekt bør ein formalisere HiSF si rolle i prosjektet meir. Side 4

184 Vedlegg 1: Liste over intervjua verksemder Tal IT-tilsette er delvis basert på tilbakemelding frå bedriftene og delvis estimat. - betyr at data manglar. Berre dette ufullstendige og nøkterne estimatet gir over 500 IT-arbeidsplassar. Næringsliv Tal IT-tilsette 2 1. Caverion Norge AS - 2. Eid elektro - 3. Local Host Tasle Knapstad (nystarta bedrift) 1 5. Enivest Sunnfjord Næringsutvikling AS - 7. INTIN 2 8. OCEA Mercatus Haugland Internasjonale FOU-senter Mediebruket Sognenett AdCom Fjorddata A til Å Grafisk design og media Bluefjords Enoro Fjordane IT Highsoft AS Melin Medical Rocketfarm Sognekraft Sogn og Fjordane Energi Sunnfjord Energi Sparebanken Sogn og Fjordane Sparebanken Vest, avd. Sogn og Fjordane Barn-Nett Agnitio Hydro Årdal Lerum Vestlandsforsking 10 Offentlige verksemder 30. Eid kommune Eid industrihus KF / Eid kommune /EKS Eid vgs Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Difi 45 (av 90) 35. Sogn og Fjordane fylkeskommune Høgskulen i Sogn og Fjordane, både IT-drift og fagpersonar Flora kommune Nordfjordnett, kommunalt IT-samarbeid i Nordfjord Lotteri- og stiftelsestilsynet Helse Vest IKT, avd. i Førde SYS-IKT, kommunalt IT-samarbeid i Sunnfjord 14 2 Personar med IT-bakgrunn eller som har IT som hovudoppgåve i verksemda 3 Samla tal IT-relaterte jobbar i Måløymiljøet (LocalHost, Videonor, Seevia m.fl.) Side 5

185 Vedlegg 2: Oversikt over IT-studium 2015 (årsstudium og bachelor) Lærestad Studiekode Studienamn Planlagde Søknader Førsteval studiepl. førsteval pr. plass HBV Ingeniør, data, Vestfold ,0 HBV Ingeniør, data, Kongsberg ,3 HBV Informasjonssystemer og IT-ledelse, Vestfold ,8 HBV IT og informasjonssystemer, Ringerike ,6 HBV Dynamisk webdesign, Ringerike ,4 HBV Informasjonssystemer, årsstudium, Vestfold ,4 HBV IT og informasjonssystemer, årsstudium, Ringerike ,1 HiAls Ingeniør, data ,6 HiB Ingeniør, data ,5 HiB Ingeniør, kommunikasjonssystemer ,8 HiB Informasjonsteknologi ,5 HiG Ingeniør, data ,0 HiG Drift av nettverk og datasystemer ,8 HiG Informasjonssikkerhet ,9 HiG Spillprogrammering ,9 HiG Webutvikling ,1 HiG Programvareutvikling ,8 HiG Geomatikk ,5 HiHm Digital kommunikasjon og prosjektledelse, Rena ,7 HiMolde IT ,7 HiNarvik Datateknikk, nettstøttet ,3 HiNarvik Datateknikk, Bodø ,8 HiNe Informasjonssystemer, Mo i Rana ,9 HiOA Informasjonsteknologi ,5 HiST Ingeniør, data ,9 HiST Informatikk med spes. i info.behandling ,9 HiST IT-støttet bedriftsutvikling ,6 HiST Informatikk med spes. i drift av datasystemer ,0 HiT Informasjonsbehandling, nettbasert ,3 HiT Informasjonssystemer, Bø ,9 HiT Informatikk, Bø ,6 HiVolda Media, IKT og design ,9 HiØ Ingeniør, data, Halden ,4 HiØ Informasjonsteknologi, Halden ,4 HiØ Informatikk: design/utvikl. av IT-systemer, Halden ,2 Side 6

186 HiØ Informasjonssystemer, Halden ,4 HiØ Digitale medier, Halden ,2 NOROFF Digital Forensics ,4 NOROFF Digital Forensics, nettbasert ,3 NTNU Datateknologi ,4 NTNU Kybernetikk, robotikk ,4 NTNU Informatikk ,6 NTNU Ingeniørvitenskap og IKT ,1 NTNU Kommunikasjonsteknologi ,3 UiA Ingeniør, data ,4 UiA IT og informasjonssystemer, årsstudium ,7 UiA IT og informasjonssystemer ,2 UiA Informasjons- og kom.teknologi, Grimstad ,0 UiB Kognitiv vitenskap ,9 UiB Datatryggleik ,8 UiB Datavitenskap ,1 UiB Datateknologi ,1 UiB Informasjonsvitenskap ,3 UiB Digital kultur ,5 UiB Informasjons- og kommunikasjonsteknologi ,4 UiB Informatikk, matematikk og økonomi ,9 UiO Elektronikk og datateknologi ,8 UiO Informatikk: nanoelektronikk og robotikk ,6 UiO Matematikk, informatikk og teknologi ,5 UiO Informatikk: design, bruk og interaksjon ,8 UiO Informatikk: programmering og nettverk ,1 UiO Informatikk: språk og kommunikasjon ,3 UiS Ingeniørfag, Data ,7 UiT Informatikk, Tromsø ,9 Totalt ,3 Side 7

187 Vedlegg 3: Mest og minst populære IT-studium 2015 Tabell 2: Primærsøkjarar pr. studieplass, data frå Samordna opptak, april 2015 Høgskule/Universitet HiT Informasjonsbehandling, årsstudium, nettbasert 7,3 2. UiA IT og informasjonssystemer, årsstudium 5,7 3. UiB Kognitiv vitenskap 3,9 4. HiG Informasjonssikkerhet 3,9 5. HiG Spillprogrammering 3, HiT Informasjonssystemer (Bø) 0,9 34. HiB Ingeniør, kommunikasjonssystemer 0,8 35. HiNarvik Datateknikk (Bodø) 0,8 36. HiHm Digital kommunikasjon og prosj.ledelse (Rena) 0,7 37. HiT Informatikk (Bø) 0,6 Vedlegg 4: Lenkjer til aktuelle dokument Stat-næring sluttrapport: Fjordane/ Prioritert satsing i IT-forum 2014 og 2015: Pressemelding om næringsretta IT-utdanning: Uttale frå NHO om søknadstal til IKT-studium: Uttale frå Abelia om behov for fleire IKT-studieplassar: Side 8

188 44/15 Internasjonal samhandling i fou Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 611 Saksbehandler Erik Kyrkjebø Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Styret sluttar seg til ein samla Strategi- og handlingsplan for fou som inkluderar kapittelet Internasjonal samhandling i fou. Saksvedlegg: 1. Framlegg til Strategi- og handlingsplan for fou Saksframstilling Styret ved HiSF vedtok 7. februar 2013 ein strategi for forskings- og utviklingsarbeidet ved HiSF, og supplerte dette dokumentet 17. juni 2014 med strategiske tiltak for utvikling av fou ved HiSF. Det vart vidare 6. mars 2015 vedteke ein Handlingsplan for fou I mars 2015 bad styret om at framlegget til Strategi- og handlingsplan for internasjonalisering vart innarbeidd i dei strategiske planane for utdanning og for fou. Denne saka legg fram eit kapittel om Internasjonal samhandling i fou som er innarbeidd i eit framlegg til ein samla Strategi- og handlingsplan for fou Dei viktigaste tiltaka for å nå målsettingane som blir sett opp i dette dokumentet er allereie vedtekne av styret i Handlingsplan for fou Bakgrunn I dei strategiske målsettingane for HiSF i fram mot 2018 og 2020 er det særleg to mål som set ambisjonar for det internasjonale arbeidet med fou ved HiSF: - Sterke forskingsmiljø og forskingsgrupper med høgt tilslag av ekstern finansiering i NFR og vesentleg aktivitet mot EU i Styrka internasjonalisering og auka mobilitet i 2018 Det er i tillegg signal om at prosent artiklar med internasjonale samforfattararskap kan bli ein av komponentane i ein ny resultatbasert finansieringsmodell for UH-sektoren. HiSF har hatt god, men synkande del internasjonale medforfattarar frå 2011 til 2013 (frå 38 til 28 prosent), men hadde ein stor auke i 2014 og er no igjen over snittet for statlege høgskular med om lag 40 prosent. HiSF har fram til no delteke sporadisk i EU-prosjekt, men fleire av desse har vore utanfor rammeprogramma i EU og slik ikkje gjeve utteljing i RBO-modellen til departementet. Forskingsmidlar frå EU er ei viktig målsetting for UH-sektoren frå departementet, og det er difor viktig at HiSF i større grad prioriterer dette framover. 24

189 Internasjonal samhandling i fou Fou-arbeidet ved HiSF skal ta utgangspunkt i lokale, regionale og nasjonale problemstillingar, men i størst mogleg grad vere internasjonal relevant. Dette ligg til grunn for målsettingane om at HiSF skal til ei kvar tid delta i minst to EU-prosjekt, og skal særleg sikte på å ha prosjekt innan Horisont2020 og ERC (European Research Council) HiSF skal auke delen vitskaplege publikasjonar i internasjonale publiseringskanalar, og auke delen internasjonale samforfattarskap Fagtilsette, og særleg doktorgradsstipendiatar, skal aktivt bygge internasjonale nettverk gjennom utanlandsopphald, og internasjonale forskarar skal inviterast til forskingsopphald ved HiSF Internasjonale forskingsprosjekt innan EU og Horisont 2020 er som oftast eit resultat av målretta internasjonalt nettverksarbeid og felles forskingsprosjekt og publikasjonar over fleire år. Det er difor viktig å ha langsiktige målsettingar på dette området, og at ein ser utdanningsog forskingssamarbeid i samanheng for å skape mest mogleg varige samarbeidsrelasjonar som kan styrke både utdanning og forsking. Særleg vil dei strategiske satsingsområda vere områder der ein skal ha EU-ambisjonar, eit godt internasjonalt nettverk, regelmessig forskarog studentutveksling, og nokre utvalde internasjonale samarbeidsinstitusjonar der ein samarbeider både om utdanning og forsking. Det vil og vere svært positivt med internasjonale bi-stillingar. Eit breitt og godt internasjonalt nettverk og planar om vidareutvikling av dette skal vektleggast ved søknader om fou-stipend og andre strategiske satsingar, og i rekrutteringsprosessar. HiSF skal legge til rette for eit samansett miljø av fagtilsette med ulik bakgrunn gjennom rekruttering og oppfølging, og aktivt bruke fagtilsette med ein internasjonal bakgrunn for å tilføre nye perspektiv i utdanning- og forskingsaktiviteten ved HiSF. Internasjonale medforfattarar på forskingspublikasjonar er ein viktig del av nettverksbygginga for å skape nye moglegheiter på den internasjonale forskingsarenaen, men og som ein indikator som departementet legg vekt på at synleggjer internasjonal kvalitet i forskinga. Departementet legg særleg vekt på prosentdelen vitskaplege tidsskriftsartiklar med internasjonalt samforfattarskap, og HiSF skal ligge over snittet for statlege høgskular på denne indikatoren. HiSF skal og arbeide for å auke delen internasjonale medforfattarar for antologipublikasjonar og monografiar, og arbeide for å auke desse gjennom å bygge og delta i gode internasjonale forskingsnettverk. Forskarar ved HiSF skal ta sikte på å publisere forskingsresultata i internasjonale publiseringskanalar der dette er mogleg for å sikre størst mogleg spreiing av forskingsresultata, og å auke deltakinga på internasjonale fagkonferansar. For nokre fagmiljø er det naturleg å samarbeide og publisere mest innanfor dei nordiske landa, mens andre fagmiljø vil ha eit meir globalt nedslagsfelt for forskinga. Mobilitet gjennom utanlandsopphald for eigne fagtilsette og forskingsopphald for gjesteforskarar frå utanlandske institusjonar er eit viktig ledd for å bygge gode og varige internasjonale nettverk, for å legge til rette for internasjonale sampublikasjonar, og ikkje minst for å delta i internasjonale forskingsprosjekt. Det skal difor vere gode støtteordningar for internasjonal mobilitet ved HiSF. Planlegging av utanlandsopphald for fagtilsette bør vere i tett dialog med instituttleiarane som er ansvarlege for arbeidsplanlegging. Særleg 25

190 doktorgradsstipendiatar og yngre forskarar 1 skal oppmodast om å reise på utanlandsopphald for å bygge eit internasjonalt nettverk, og for å lære av framifrå internasjonale forskarar. Internasjonal samhandling ved HiSF skal vere ei viktig satsing for sterke forskingsmiljø og - grupper, og særleg skal strategiske satsingsområder ha ambisjonar om å delta i EU-prosjekt. Det er viktig at gode forskingsrelasjonar med internasjonale utdanningsinstitusjonar òg kan styrke det internasjonale utdanningssamarbeidet ved HiSF, og vice versa. Forskingsbasert undervisning med høg fagleg kvalitet vil ha best vilkår på område der det er godt samsvar mellom strategiske satsingar både innan forsking og utdanning. Organisering, utvikling og oppfølging av internasjonale samarbeidsrelasjonar bør difor ligge som ein felles funksjon for forsking- og utdanningsverksemda ved HiSF. Vurdering Saksframlegget har vore drøfta i fou-utvalet ved HiSF den 2. juni 2015, og merknadene i dette møtet er arbeidd inn i saksframlegget. Saksframlegget har og vore drøfta med Internasjonal koordinator ved seksjon for utdanning, og leiargruppa har hatt høve til å kome med innspel og kommentarar til saksframlegget på e-post. Dei viktigaste tiltaka for å nå målsettingane er allereie vedtekne av styret gjennom Handlingsplan for fou frå mars 2015: Eitt administrativt årsverk med noko reisemidlar for rådgjeving i søknader og prosjektoppfølging mot EU og særskilt Horizon2020 Fire internasjonaliseringsstipend for forskarar som vil reise ut i opp til 3 månader, og tilsvarande fire stipend for innreisande gjesteforskarar. I tillegg ein årleg pott til utanlandsopphald for doktorgradsstudentar på ,- Det vert og i handlingsplanen for fou vedteke å etablere 1-2 prioriterte strategiske satsingsområde som skal vere nasjonalt leiande innan 2020, og ha betydeleg internasjonal aktivitet. Rektor tilrår med bakgrunn i denne saksutgreiinga og drøftingane i organisasjonen at styret sluttar seg til kapittelet Internasjonal samhandling i fou som ein del av ein samla strategi- og handlingsplan for fou. Kapittelet er innarbeidd i eit utkast til ein samla Strategi- og handlingsplan for fou som ligg vedlagt saka, og som har i seg dei strategiske planar og tiltak innan fou som er vedtekne i inneverande styreperiode. Dette dokumentet vil bli omarbeidd og tilpassa til malen for strategidokument ved HiSF som vart etablert gjennom Strategi for HiSF etter at styret har handsama denne saka, og lagt som orienteringssak til neste styremøte hausten Vedlegg til sak 1 Unge forskartalent er forskarar som har godkjent disputas for mindre enn 8 år sidan og som er under 40 år (frå NFR) 26

191 Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Sakshandsamar Erik Kyrkjebø Strategi for forsking og utviklingsarbeidet ved HiSF Forsking og utvikling (fou) er kreativt systematisk arbeid for å oppnå auka kunnskap inkludert kunnskap om mennesket, kultur, og samfunn og bruken av denne kunnskapen til å finne nye bruksmåtar 1. Forsking og utviklingsarbeidet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal skje med utgangspunkt i sterke fagpersonar i sterke fagmiljø. Fou-arbeidet skal følgje etablerte forskingsetiske retningsliner, og ha høg fagleg kvalitet. Fou-arbeidet ved HiSF skal spesielt utvikle forskingsbasert kunnskap og nyskaping innan dei yrkesfelta ein utdannar til, og innan dei områda der høgskulen har særskilte fortrinn på bakgrunn av kompetanse, regionalt samfunns- og arbeidsliv eller geografisk plassering. Strategisk plan for høgskulen sett som mål at HiSF skal vere ein høgskule med høg vitskapleg publisering. Organisering av fou-arbeidet ved HiSF Fou-arbeidet ved høgskulen er organisert i linja; instituttleiarar har ansvar for fou-arbeidet ved instituttet og rapporterer til dekan som har ansvaret for fou-arbeidet ved avdelinga. Viserektor for fou skal vere ein pådrivar for strategisk utvikling av forsking, formidling og utviklingsarbeid ved HiSF og skal utgreie og koordinere høgskulen sin fou-strategi saman med fagmiljøa. Fou-arbeidet skal ta utgangspunkt i genuin interesse og motivasjon hos den einskilde fagtilsette. Høgskulen skal legge til rette for at denne interessa og motivasjonen skal få gode føresetnader for å utviklast i organisasjonen. Ein skal legge til rette for og stimulere til kompetanseheving for eigne tilsette, og ein skal tilsette nye motiverte og kompetente fagtilsette med interesse og motivasjon for fou. Interesse og motivasjon for fou skal vere smittsamt. Kompetente fagtilsette som kan arbeide saman i forskingsgrupper skal stimulerast til dette. Forskingsgrupper skal vere ein viktig arena for å bygge opp kompetanse hjå, og mellom forskarar. Forskarar skal ta rettleiingsansvar for kollegaer som er i utviklingsfasen, og trekke andre forskarar i høgskulen inn i eige fou-arbeid. Einskildforskaren som forskar åleine skal vere eit positivt unntak, men skal vere i klårt mindretal ved HiSF. Fou-arbeidet skal skje med heva blikk. Høg fagleg kvalitet og relevans for samfunnet skal sikrast gjennom å inkludere eksterne samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt frå UH-sektoren, samfunns- og arbeidsliv. Tildeling av eksterne forskingsmidlar er normalt eit teikn på kvalitet for forskarar og fagmiljø. Fou-arbeidet skal skje med stødig hand. Fou-arbeidet ved HiSF skal utøvast med høg forskingsetisk standard, og skal kjenneteiknast av solid metodisk utføring og høg fagleg kvalitet. Høgskulen skal legge til rette for likestilling i fou-verksemda. 1 Fritt etter definisjonen i Frascati-manualen Postadresse Avdeling Besøksadresse E-postadresse Telefon Telefaks Høgskulen i Sogn og Fjordane Fou Fossvegen 6 post@hisf.no Postboks 133

192 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Forskaren Det skal leggast til rette for at forskarar (fagtilsette med aktivt fou-arbeid) får utvikle seg fagleg etter interesser og motivasjon. Det skal i størst mogleg grad leggast til rette for at motiverte og produktive forskarar får tildelt fou-ressursar som står i forhold til kompetanse, relevans og aktivitet, og utover den generelle tildelinga av fou og administrativ ressurs (i dag omtalt som «treogtjueprosenten»). Forskarar som får tildelt ekstra ressursar til fou har eit særskilt ansvar for å drive fou-arbeid som inkluderer - å skape fou-resultat 2 - å søke samarbeid med andre; forskarar i høgskulen og eksternt og mot samfunn- og arbeidsliv - å søke ekstern finansiering 3 av fou-arbeidet for å vise høg fagleg kvalitet og relevans Ressurstildelinga for fou til forskarane skal koplast opp mot fagleg kompetanse, og med større fou-ressurs kjem større ansvar for å forvalte denne. Aktive forskarar i førstestillingar skal prioriterast ved tildeling av fou-ressurs. Aktive forskarar som ikkje er i førstestillingar skal stimulerast til å bli forskingskvalifiserte gjennom kompetansehevingstiltak som førstelektorprogram eller doktorgradsløp. Forskingsgruppene Det skal leggast til rette for at fagleg kvalifiserte og motiverte forskarar skal organisere seg i forskingsgrupper for å vidareutvikle forskingsfelt og fagområde. Nokre av desse forskingsgruppene skal støttast av høgskulen med ein forskingsleiarressurs for at forskingsgruppa skal - utarbeide ein forankra forskingsstrategi for forskingsgruppa - systematisere fou-samarbeidet mellom forskarar i høgskulen og mot eksternt samfunn- og arbeidsliv - få tilslag på ekstern finansiering for å vise høg fagleg kvalitet og relevans Forskingsleiarressursen frå institusjonen til forskingsgruppene utgjer 25 prosent av arbeidsplanen til forskingsleiaren. Den kan ved unntak delast opp mellom fleire forskingsleiarar for ei forskingsgruppe som involverer fleire fagleg sterke miljø, men bør etter regelen kun gå til ein samlande forskingsleiar for gruppa. Forskingsleiarressurs er ikkje ein fou-ressurs for å stimulere eigen forsking, men ein ressurs som skal brukast til strategisk utvikling av ei forskingsgruppe. Forskingsgruppene ved HiSF skal evaluerast kvart fjerde år etter kvaliteten på den strategiske planen til gruppa, grad av samarbeid internt og eksternt, evne til å skaffe eksterne fou-midlar og å skape fou-resultat. I samband med evalueringa av forskingsgruppene inviterast forskingsgrupper som ikkje mottar forskingsleiarressursar til å kome med framlegg om nye satsingsområder som skal få forskingsleiarressurs. Det er eit mål at høgskulen får tak i eksterne midlar for å finansiere fleire forskingsgrupper enn dei fem som det er ramme for å finansiere med institusjonstildelt forskingsleiingsressurs. I tillegg til strategiske forskingsgrupper er det eit mål at ein bygger opp fou-grupper med ulik organisering og tilhøyrsle for å styrke det faglege samarbeidet mellom forskarar i høgskulen. Forskingsleiarressursen skal brukast for å bygge opp berekraftige forskingsgrupper i høgskulen, og det er eit mål at etter ein oppbyggingsperiode skal forskingsgruppene vere sjølvgåande utan tilskot til forskingsleiar for gruppa. Forskingsgruppa bør då basere koordineringsfunksjonen på inntekter frå eksterne fou-prosjekt mot forskingsråd eller samfunn- og arbeidsliv. Dersom aktiviteten i forskingsgruppa er stor, strategisk viktig for høgskulen, samfunn- og arbeidsliv, og av så høg kvalitet at den framleis tilseier at forskingsgruppa bør få institusjonelle ressursar for forskingsleiing, bør ein vurdera å organisere forskingsgruppa som eit senter for forsking og utvikling i høgskulen sin regi. Forskingsleiingsressursen for dette senteret skal då vere eit spleiselag mellom eksterne partar, dei aktuelle avdelingane og institusjonen. 2 Fou-resultat er definert som: Fagfellevurderte og poenggjevande vitskaplege artiklar, dokumentert utviklingsarbeid, dokumentert kompetanseheving i form av eige opprykk, rettleiing av kollegaer i vitskapleg fou-arbeid, dokumentert formidling av fou-resultat, søknader til NFR/EU med god fagfellevurdering etc. 3 Ekstern finansiering er bidrag- og oppdragsprosjekt mot samfunn- og arbeidsliv, og fou-prosjekt mot NFR eller EU.

193 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Strategiske tiltak for å styrke fou-arbeidet ved HiSF Fou-arbeidet er grunna i interesse og motivasjon hos den einskilde fagtilsette ved høgskulen, og saman med høg fagleg kompetanse gjev dette eit godt grunnlag for at høgskulen skal nå sine mål for fouverksemda. Strategien for fou-ved høgskulen skal bidra til å vidareutvikle fou gjennom å gje fagtilsette tillit, tid, støtte og inspirasjon. I det følgjande vert ulike tiltak for å implementere fou-strategien ved HiSF konkretiserte. Auke talet på prosjekt mot NFR Søknader om forskingsprosjekt mot Noregs forskingsråd (NFR) krev at prosjekta har høg fagleg kvalitet, originalitet og relevans for samfunn- og arbeidsliv. Det krev at fagmiljø har både fagleg kompetanse og gjennomføringsevne til å drive forskingsprosjektet. NFR legg og vekt på poenggjevande vitskapleg publisering, internasjonalt samarbeid og forskarutdanning som viktige komponentar for å skape ny kunnskap. Høgskulen har i strategisk plan satt som mål at talet på prosjekt mot NFR og andre finansieringskjelder skal auke. Kvar forskar har eit ansvar for å ha oversikt over kva program og utlysingar i NFR som er aktuelle for eige fagområde og å aktivt søke forskingsmidlar for å sikre at eiga forsking er av høg kvalitet og relevant. Andre kjelder for finansiering er regionale forskingsfond, VRI, INU-midlar, EU, samfunn- og arbeidsliv med meir. Høgskulen skal opprette eit såkornsfond der fagtilsette i samråd med dekan etter kort søknad kan få midlar til frikjøp frå undervisning i intensive søknadsperiodar. Det vil dreie seg om mindre beløp med behov for rask tildeling, og det blir lagt opp til fortløpande tildeling administrert av viserektor for fou. Auke talet på stipendiatstillingar Doktorgradsutdanning er den einaste organiserte formelle utdanningsvegen til førstestillingsnivå 4. Doktorgradsutdanning gjennom doktorgradsstipend er eit systematisk og tidsavgrensa løp for forskingskvalifisering med klare kriterier og retningsliner for opptak, gjennomføring og avslutning. Doktorgradsstipendiatar er produktive forskarar med interesse og motivasjon for å tileigne seg fagleg kompetanse. Doktorgradsstipend skal i høgskulen etter regelen brukast til forsking på fagleg godt forankra problemstillingar innan viktige fagområder med høg vitskapleg kvalitet og høgt potensiale, men kan ved nokre høve brukast for å bygge opp strategisk fou-kompetanse innan høgskulen sine viktige utdanningsområder. Det vil i slike tilfelle vere særskilt viktig at doktorgradsprosjekta blir kopla opp mot gode problemstillingar med høgt fou-potensiale, ein intern rettleiar på oppgåva og eit eksternt doktorgradsgjevande universitet som fagmiljøet ved høgskulen har tett samarbeid med. Høgskulen skal auke talet på stipendiatstillingar gjennom deltaking i forskingsprosjekt mot NFR, gjennom fou-prosjekt mot andre eksterne finansierings-kjelder i det offentlege eller i næringslivet, gjennom politisk arbeid mot Kunnskapsdepartementet for å få tildelt fleire stipendiatstillingar i statsbudsjettet, og gjennom øyremerking av interne midlar til stipendiatstillingar. Auke samanhengande fou-tid Aktive forskarar skal ha nok samanhengande tid til å drive fou-arbeid som vidareutviklar fou-verksemda ved høgskulen gjennom nye forskingsprosjekt, nye stipendiatstillingar, nye publikasjonar og formidling av ny forsking. Særskilt aktive forskarar skal ha høve til å få tildelt ekstra fou-ressursar og fou-tid til samanhengande tid til forsking gjennom verkemiddela: - Forskarstipend; for nykvalifiserte i førstestillingar med stor forskingsaktivitet retta mot ei forskarkarriere - Professorkvalifiseringsstipend; for førstestillingar som kan søke opprykk til professor/dosent innan 3 år - Forskingstermin; for etablerte forskarar i førstestillingar med høg fagleg aktivitet - Førstelektorkvalifiseringsstipend; for høgskulelektorar for opprykk til førstelektor med førstekompetanse 4 Kjelde: «En ph.d.-grad for fremtidens behov? Kunnskap, ferdigheter, generell kompetanse». Innstilling fra en arbeidsgruppe oppnevnt av UHRs styre i samarbeid med Forskningsutvalget. 9. februar Merk at førstelektor er ei opprykksordning for UH-sektoren som og kvalifiserer til førstestillingsnivå.

194 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Kriterier for å få tildelt samanhengande forskingstid skal basere seg på høg fagleg kompetanse og aktivitet, og felles for verkemiddela er - Krav til fou-resultat av høg kvalitet - Krav om nasjonalt og internasjonalt nettverk og samarbeid - Krav til formidling av eigne fou-resultat - Krav til søknader om eksterne forskingsmidlar - Aktiv rettleiing av master- og bachelorstudentar Professorkvalifiseringsstipend og forskingstermin skal og stille krav til at dei etablerte forskarane bør ha: - God rettleiingskompetanse mot kandidatar i doktor- og førstelektorløp - Søkt og fortrinnsvis fått tilslag på forskingsprosjekt med ekstern finansiering og kvalitetssikring siste 3 år Forskarstipend Forskarstipend skal tildelast særskilt aktive forskarar som har fullført doktorgradsutdanninga for mindre enn fire år sidan 5, og som har stort potensiale for ei forskarkarriere innan fagfeltet sitt. Kandidatane skal ha høg kvalitet og omfang på den vitskaplege produksjonen, og bør ha eit etablert fagleg nettverk med andre forskarar og samarbeidspartnarar nasjonalt og fortrinnsvis internasjonalt. Dokumentert formidling av eigne fou-resultat i populærvitskaplege kanalar, og systematisk rettleiing av studentoppgåver innanfor forskingsfeltet vil vere viktige kriterium for å få tildelt forskarstipend. Kandidatane bør ha søkt ekstern finansiering av forskinga si som mogleg forskarprosjekt mot eit av programma, eller som fri prosjektstøtte (FRIPRO), mot NFR. Positiv fagleg evaluering av slike søknader vil vere eit føremon for tildeling av forskarstipend. Forskarstipend er ei post.doc.-ordning som skal stimulere til auka fou-produksjon gjennom undervisningsfri i eit samanhengande og avgrensa tidsrom på 1 år. Forskarstipend kan i spesielle høve tildelast særskilt aktive førstelektorar. Professorkvalifiseringsstipend Professorkvalifiseringsstipend skal tildelast særskilt aktive etablerte forskarar som har potensiale for å kunne sende opprykkssøknad som professor eller dosent innan 3 år. Kandidatane skal ha høg kvalitet og omfang på den vitskaplege produksjonen, skal ha eit etablert nettverk av samarbeidspartnarar med andre forskarar både nasjonalt og internasjonalt, og god kontakt med relevante delar av samfunn- og arbeidsliv. Dokumentert formidlingsarbeid av eiga forsking gjennom foredragsverksemd, populærvitskaplege artiklar og intervju som fagekspert vert vektlagd ved vurdering. Kandidatar skal ha drive systematisk rettleiingsarbeid for studentoppgåver, og ha god rettleiingskompetanse mot stipendiatar og kandidatar i førstelektorkvalifisering. Kandidatar skal ha bidrege vesentleg, og fortrinnsvis fått tilslag, i søknader om forskingsprosjekt med ekstern finansiering og kvalitetssikring i løpet av dei siste tre åra gjerne mot NFR. Positiv fagleg evaluering av prosjekt som ikkje har fått støtte frå NFR vil telje positivt om kandidaten ikkje har fått tilslag. Professorkvalifiseringsstipend til professor eller dosent er ei post.doc.-ordning for førsteamanuensisar og førstelektorar som skal stimulere til vidareutvikling av fagmiljø med høg vitskapleg standard gjennom stimulering av ein forskar til vidare kompetanseheving. Professorkvalifiseringsstipendet har ei normert tid på to år med 50 prosent ekstra fou-ressurs på arbeidsplanen. Det blir oppmoda i samband med professorkvalifiseringsstipendet til å dekke opp resterande tid på arbeidsplanen igjennom eksternt finansierte fou-prosjekt eller gjennom avdelingsvise fou-timar for å få full stilling til kvalifiseringa. 5 Omsorgsperimisjonar i samband med fødsel skal trekkast frå avgrensinga på fire år.

195 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Forskingstermin Forskingstermin skal tildelast særskilt aktive etablerte forskarar som har dokumentert høg kvalitet og omfang på fou-arbeidet dei siste fem åra. Kandidatane skal ha eit etablert nettverk av samarbeidspartnarar med andre forskarar både nasjonalt og internasjonalt, og skal ha samarbeidsprosjekt med relevante delar av samfunn- og arbeidsliv. Dokumentert formidlingsarbeid av eiga forsking gjennom foredragsverksemd, populærvitskaplege artiklar og intervju som fagekspert vert vektlagd ved vurdering. Kandidatar skal ha drive systematisk rettleiingsarbeid for stipendiatar, kandidatar i førstelektorkvalifisering og studentoppgåver. Kandidatar skal ha søkt, og fortrinnsvis fått tilslag, på forskingsprosjekt med ekstern finansiering og kvalitetssikring i løpet av dei siste tre åra gjerne mot NFR. Positiv fagleg evaluering av søkte prosjekt som ikkje har fått støtte frå NFR vil telje positivt om kandidaten ikkje har fått tilslag. Forskartermin skal gjevast til forskarar i professor- og dosentstillingar og særskilt aktive førsteamanuensar. Forskingsterminen har ei normert tid på eitt år med ca. 50 prosent ekstra fou-ressurs på arbeidsplanen, og vil for ei professor/dosent-stilling difor gje moglegheit for å ha eitt samanhengane år til målretta fou-arbeid. Det er karantenetid på fem år etter forskingsterminen før kandidatar kan søke om ny forskingstermin. Førstelektorkvalifiseringsstipend Førstelektorkvalifiseringsstipend skal tildelast høgskulelektorar ved høgskulen som vil søkje opprykk til førstelektor. Førstelektorstipend skal vere ei stimuleringsordning for individuell kvalifisering og kompetanseheving av fou-aktive tilsette, og som eit institusjonelt strategisk tiltak for å møte akkrediteringskrav for bachelor- og masterutdanningar. Kandidatar til førstelektorstipend skal vere i gang med aktivt fou-arbeid, og bør saman med fou-leiar/instituttleiar/dekan ha identifisert ein rettleiar med førstekompetanse ved HiSF som vil ta på seg rettleiingsansvaret. Brei rettleiingserfaring gjennom bacheloroppgåver er eit viktig kriterium for å få tildelt førstelektorstipend, og kandidatar bør ha dokumentert formidlingserfaring gjennom foredragsverksemd, populærvitskaplege artiklar eller fagintervju. Kandidatar til førstelektorstipend skal ha ein fou-plan for stipendperioden som inneheld publiseringsplan, finansieringsplan og framdriftsplan. Det blir forventa at førstelektorstipendet fører fram til opprykkssøknad, og at kandidatane publiserer minst ein poenggjevande vitskapleg artikkel i samband med førstelektorkvalifiseringa. Førstelektorstipend kan gjevast for inntil to år, og gjev ei ein ekstra fouressurs på 27 prosent på arbeidsplanen i tillegg til fagleg oppdatering og administrasjon. Kandidatar blir oppmoda om å søke ekstra fou-tid frå avdelingane for å ha ytterlegare fou-tid i stipendperioden. 1.Lektorstipend - for opprykk til førstelektor Forskarstipend - for nykvalifiserte og aktive forskarar Professorkvalifiseringsstipend - for opprykk innan 3 år til professor Forskingstermin - For etablerte forskarar med høg fagleg aktivitet Krav Fou-resultat Fou-formidling Nasjonalt/internasjonalt nettverk Aktiv rettleiing av bacheloroppgåver Plan for kvalifisering Stipend Aktiv rettleiing/mentor 2 år - 27% ekstra fou-ressurs Krav Fou-resultat Fou-formidling Nasjonalt/internasjonalt nettverk Søknader om eksterne midlar Aktiv rettleiing av master/ bacheloroppgåver Stipend 1 år - 100% fou-tid Krav Fou-resultat Fou-formidling Nasjonalt/internasjonalt nettverk Søknader om eksterne midlar Aktiv rettleiing av master/ bacheloroppgåver Aktiv rettleiing av PhD/1. lektorkandidatar Stipend 2 år - 50% ekstra fou-ressurs Krav Fou-resultat Fou-formidling Nasjonalt/internasjonalt nettverk Eksterne midlar Aktiv rettleiing av master/ bacheloroppgåver Aktiv rettleiing av PhD/1. lektorkandidatar Stipend 1 år 100% fou-tid Merk at førstelektorstipend og professorkvalifiseringsstipend gjev ekstra fou-ressursar inn på arbeidsplanen i 2 år for å legge til rette for mindre undervisningsarbeid i stipendperioden, mens forskarstipend og forskingstermin gjev eitt år med kun fou-arbeid på arbeidsplanen.

196 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Merknader Stipendordningane er konstruerte for å gje ekstra stimulans til fou-arbeid i ein tidsavgrensa periode med klåre målsettingar om å skape gode fou-resultat i stipendperioden. Det blir sett krav til at slike institusjonelle stipendordningar skal sluttrapporterast med ei kort oppsummering av konkrete fou-resultat frå stipendet, og for fleirårlege stipend vert det sett krav om ei kort statusmelding kvart år undervegs i stipendperioden. Låg framdrift gjev grunnlag for å stoppe støtta til fleirårige stipend. Stipendordningane er institusjonelle verkemiddel for å drive individuell og institusjonell kompetanseoppbygging av aktive og sterke fagpersonar i gode fagmiljø. Ordningane er eit supplement til dei fouressursane som kvar avdeling disponerer gjennom sine avdelingsbudsjett, og det er forventa at kandidatar til stipend aktivt søker fou-tid frå avdelingane for å dekke opp eventuell resterande tid på arbeidsplanen i stipendperioden. Det blir og forventa at avdelingane prioriterer slike søknader høgt. Alle fagmiljø oppmodast til å søke finansiering hos NFR, og til å legge inn forskingsstipend i søknadene. Stipendiatstillingane i høgskulen skal som hovudregel koplast opp mot ein intern rettleiar for å styrke stipendiatane si tilhøyrsle til høgskulen. HiSF har ikkje høve til å utdanne doktorgradskandidatar uavhengig av andre institusjonar, og våre rettleiarar vil difor normalt kun vere ein av birettleiarane på doktorgradsarbeidet til våre stipendiatar. Dette føreset at forskarar ved høgskulen tek ei aktiv rolle opp mot den eksterne institusjonen der doktorgradskandidaten er tatt opp, og det blir forventa at vi slik knyter eit sterkare nasjonalt nettverk saman med andre forskarar gjennom sampublikasjonar og felles prosjekt. Vi sikrar at vi har intern rettleiingskompetanse som investerer i doktorgradsstipendiaten, og som har eit aktivt forhold til doktorgradsarbeidet med tanke på gjennomføring og kvalitetssikring av forskingsresultata. Det kan for nokre særskilte tilfelle vere mogleg å få dispensasjon frå kravet om intern rettleiar ved høgskulen der det er umogleg å finne relevant kompetanse i internt eller gjennom målretta rekruttering av bi-stillingar. Ordninga vil til ein viss grad spisse forskingsområda på høgskulen sidan dei forskarane og fou-områda som kan vise til høg kompetanse og høg relevans vil vere dei mest aktuelle kandidatane for stipendordningane. Dette er i all hovudsak positivt for fou-verksemda ved høgskulen, men ein skal vere merksam på at heilt nye fagområde vil ha vanskar med å vekse fram frå botnen utan at fou-kompetanse blir tilsett utanfrå eller at ein har større forskingsprosjekt på nye område saman med relevant samfunn- og arbeidsliv. Dette skal vere ein strategisk faktor i tildelinga av stipenda. Fou-arbeidet i høgskulen skal ikkje gå ut over undervisninga eller rettleiinga av studentane ved høgskulen, men heller styrke studentane si deltaking i fou-arbeid både på bachelor- og masternivå. Det er og viktig å integrere fou-arbeidet ved høgskulen inn i utdanningane vi tilbyr; at vi sikrar at store fagmiljø med mange studentar er fou-aktive, og at aktive og sterke fou-miljø har nok studentar. Det vil difor vere ein strategisk faktor å ta omsyn til ved tildeling av stipend til ulike fou-miljø for å sikre ei berekraftig utvikling av utdaningsmiljøa ved høgskulen, og det er eit mål å bygge sterke fou-miljø rundt utdanningane i høgskulen. Desse miljøa bør knytte til seg formell rettleiingskompetanse gjennom aktiv bruk av II-ar stillingar i ein oppbyggingsfase. Etter regelen skal stipendordningane stimulere fagpersonar med potensiale til å bidra til utvikling av sterke fagmiljø. Det kan vere særskilte moment som må takast omsyn til i tildeling av fou-ressursar innan dei ulike avdelingane eller mellom gruppene av disiplinorienterte eller profesjonsorienterte fagmiljø. Desse fagmiljøa kan ha bruk for ulike verkemiddel for å stimulere fou-arbeidet på grunn av ulik fou-kultur, ulik relevans for nasjonale- og internasjonale forskingsprogram, ulik kompetansesamansetning av fagtilsette eller ulik kopling til praksisfeltet. Fou-stipenda som er føreslegne rettar seg generelt mot aktive forskarar i heile institusjonen uavhengig av fagmiljø, og legg ikkje opp til særskilte føringar for å prioritere nokre av desse momenta over andre. Storparten av fou-stimuleringa vil skje gjennom avdelingane si tildeling av fou-tid, og ulikhetar i fagmiljøa sine behov kan difor i stor grad møtast på avdelingsnivå. Dersom det over

197 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 tid i tildelinga av fou-stipend blir ei skeivheit mellom ulike typar av fagmiljø som høgskulen vil ein ha høve til å gje strategiske føringar for å rette opp dette, samt justere kriterier og målsettingar for stipenda for å betre implementere intensjonen bak opprettinga av stipenda. Prosedyre for tildeling av stipend Søknader til stipendordningane forskartermin, professorkvalifiseringsstipend, forskarstipend og førstelektorkvalifiseringsstipend skal behandlast i høgskulen sitt sentrale fou-utval som har ein representant frå alle avdelingar, representantar frå studentar og stipendiatar, eit eksternt medlem og viserektor for fou som leiar. Utvalet skal gje ei rådgjevande innstilling til rektor basert på ei prioritert liste med søknader til kvart av stipenda frå avdelingane. Søknader om stipend skal adressere dei kriteria som er gjevne under kvar stipendordning, og vere korte søknadar etter ein fast mal med relevante vedlegg. Rektor avgjer stipendsøknader etter å ha innhenta synspunkt på innstillinga frå fouutvalet frå leiargruppa. Tildeling av stipend skal ta omsyn til målet om likestilling i høgskulen. Høgskulen har fått tildelt 12 heimlar for doktorgradsstipendiatstillingar frå Kunnskapsdepartementet, og har med dette i snitt høve til å tilsette i ca. fire nye stipendiatstillingar kvart år med bakgrunn i permisjonar, driftsutgifter og rammer for stipendiatstillingane frå Kunnskapsdepartementet. Det er ynskjeleg at desse stipendiatstillingane går til målretta formell forskarutdanning av gode kandidatar som kan utvikle fagmiljø med høg kvalitet og høg fou-aktivitet. Fagmiljøa må som hovudregel ha formell kompetanse for å rettleie doktorgradsstipendiaten. Fagmiljøa/birettleiar skal ta ei aktiv rolle i utforming innhald i doktorgradsarbeidet, og i oppfølginga av høgskulen sine doktorgradsstipendiatar for å sikre at kandidatane har god progresjon, god fagleg oppfølging og blir godt integrerte i høgskulen sitt fagmiljø. Tildelinga av heimlar for doktorgradsstipend ved høgskulen skal behandlast av høgskulen sitt sentrale fou-utval. Utvalet skal gje ei rådgjevande innstillinga til rektor basert på ei prioritert liste med søknader frå kvar avdeling. Rektor fremjar forslag til styret om tildeling av doktorgradsstillingar til fagmiljø etter at innstillinga frå fou-utvalet er drøfta i leiargruppa. Søknader skal ha identifisert hovudproblemstilling for doktorgradsarbeidet, ekstern hovudrettleiar og doktorgradsgjevande institusjon, samt intern rettleiar ved HiSF. Strategiske prioriteringar og føringar for årets doktorgradsstipendiatstillingstildeling skal vere klare før utlysing av doktorgradsstipend for fagmiljøa ved høgskulen, men etter regelen er det fou-potensialet i søknadane som skal vere det viktigaste kriteriet for tildeling av doktorgradsstipend til eit fagmiljø. Det er ynskjeleg at høgskulen aukar talet på eksternfinansierte stipendiatstillingar gjennom å søke ekstern finansiering av fou-prosjekt. Det er eit føremon for søknader til NFR at høgskulen legg inn eigenfinansiering av fou-aktivitet for å vise forankring i institusjonen, og prosjektsøknader frå høgskulen kan bruke ei av stipendiatstillingane som eigenandel inn i prosjektsøknader som tilfredsstiller minst følgjande krav: - Minimum gjev ei inntekt til HiSF utover eigenfinansieringa på to millionar kroner per år over minimum tre år - Minimum har ei stipendiatstilling ved HiSF i tillegg til eigenfinansiert stipendiatstilling i prosjektet Prosjektsøknader som legg inn stipendiatstillingar som eigenandel i søknader skal ha tilsegn frå viserektor for fou. Doktorgradsstipendiatstillingar som brukast som eigenandel i søknader skal ha oppstart tidligast 1. januar påfølgande år slik at stipendet vil ikkje påverke tildelinga for inneverande år. Det er rom for at høgskulen kan ha 5-7 parallelle søknader inne hos NFR med slik eigenandel sidan tildelingsprosenten diverre er låg for høgskulesektoren.

198 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Arbeid med fou kva betyr dette for den einskilde i rolla si? Dekan Dekan har det overordna ansvaret for fou ved avdelingane i høgskulen, og skal medverke til god strategisk utvikling av fou-aktiviteten ved heile høgskulen. Dekanen har ansvar for å følgje opp strategiske mål innan fou på avdelinga, rådføre seg med fou-utvalet på avdelinga i fou-spørsmål, og skal legge til rette for godt samarbeid og samordning av søknadsfristar innan fou mellom avdelingar. Dekan har ansvar for at avdelinga rådfører og informerer seksjon for fou ved søknader og gjennomføring av ekstern fou-verksemd, og søke støtte til utarbeiding av konsortieavtalar, kontraktar og liknande der dette er naudsynt. Dekan har og ansvar for oppfølging av høgskulen sitt system for kvalitetssikring av fouarbeid. Dekan skal ivareta og utvikle god kontakt med nasjonalt, regionalt og lokalt samfunns- og arbeidsliv for å sikre at fou-arbeidet ved avdelingane er relevant for omverda, og skal bygge saman sterke fou-miljø og sterke utdanningsmiljø til gode fagmiljø i høgskulen. Dekan skal organisere og kvalitetssikre fou-arbeidet ved avdelinga, og koordinere fou-aktivitetar gjennom avdelingsvise rådgjevande fou-utval. Dekan har ansvar for at avdelinga har ein klar og tydeleg foustrategi som gjev retning for fou-arbeidet på avdelinga, og som detaljerer målsettingar og verkemedel for å auke kvaliteten på fou-arbeidet ved avdelingane. Avdelingane sin fou-strategi skal ligge til grunn for tildeling av fou-tid ved avdelinga, og for søknader om doktorstipendiatstillingar, fou-stipend og forskingsleiarressursar. Fou-strategien skal særleg legge vekt på å bygge sterke fou-miljø med høg kompetanse innanfor hovedutdanningane ved avdelinga. Dekan har eit overordna ansvar for å initiere og legge til rette for at fagtilsette kan skape gode fouresultat; søknader om eksternfinansierte fou-prosjekt, vitskapleg publisering, dokumentert formidling og rettleiing. Dekan skal legge til rette for at fagtilsette ved avdelinga kan følgje opp sin eigen kompetanseplan, og syte for at alle som er i kompetansehevingsprogram har ein intern rettleiar ved høgskulen. Instituttleiar Instituttleiar er ansvarleg for fou-aktiviteten ved institutta i høgskulen, og skal følgje opp høgskulen sine strategiske mål på instituttet. Instituttleiar skal legge til rette for godt samarbeid mellom institutt og med andre avdelingar, og skal ha god kontakt med regionalt og lokalt samfunns- og arbeidsliv. Instituttleiar skal legge til rette for at tilsette ved instituttet kan lukkast med fou-arbeidet, og skal implementere avdelinga sin fou-strategi på instituttet. Instituttleiar skal ha medarbeidarsamtalar med kvar einskild fagtilsett der og kompetanseheving, fou-resultat og ambisjonar for den tilsette er sentrale tema. Instituttleiar bør rådføre seg med fou-leiarar i dette arbeidet. Instituttleiar har ansvar for å legge til rette for fou-arbeidet på arbeidsplanen til fagtilsette. Tid til vitskapleg publisering, søknader om eksterne prosjekt, rettleiing av andre (tilsette og studentar), formidling og foredrag skal gjevast eksplisitte ressursar på arbeidsplanen. Andre arbeidsoppgåver som kjem til i løpet av studieåret eller sjukdom skal ikkje einsidig takast av fou-tida på arbeidsplanen, men føre til tilsvarande redusert undervisningsmengde etter andelen undervisning som ligg til stillinga. Instituttleiar skal så langt råd legge til rette for at særskilt aktive og etterspurde fagtilsette som skapar aktivitet for andre skal ha ledig kapasitet til slike oppdrag på arbeidsplanen. Instituttleiar skal legge til rette for at fou-arbeidet på arbeidsplanen i størst mogleg grad kan vere samanhengande fou-tid. Korleis ein kan blokklegge fou-tid i kalenderen til fagtilsette bør vere eit tema i medarbeidarsamtalen, og gjerast i dialog med den enkelte. Ved blokkundervisning bør det leggast til rette for at fagtilsette ikkje har undervisningsoppgåver i samanhengande blokker som kan allokerast til fou.

199 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Der undervisning av fleire emne går i parallell bør det leggast til rette for fleire veker i strekk utan undervisningsoppgåver for den fagtilsette undervegs i semesteret, og at ikkje fleire semester på rad er undervisningsintensive. Fou-leiar Fou-leiarar skal koordinere og utvikle fou-aktiviteten innanfor sitt område, og har ansvar for at forskingsgruppene har ein klar fou-strategi som er forankra i avdelinga og høgskulen sin fou-strategi. Fou-leiarar skal initiere og koordinere søknader og prosjekt med ekstern finansiering, og kan vere fagleg kvalitetssikrar for fou-arbeidet i forskingsgruppa. Fou-leiarar skal vere faglege støttespelar for instituttleiarar og dekan i fou-arbeidet, og ta initiativ til samarbeid med andre avdelingar, forskingsgrupper og forskarar på tvers i høgskulen, og mot eksternt samfunn- og arbeidsliv. Fou-leiarar skal ta ei aktiv rolle i rettleiing av kollegaer, og sjå til at fagtilsette har gode rammevilkår for å skape nye fouresultat ved institutt/avdelingar. Fou-leiar bør vere ein forskingsfagleg representant for kollegiet. Fouleiarar i høgskulen kan vere forskingsleiarar på strategiske satsingsområder, professorar/dosentar innan sine fagområder, og leiarar for avdelingane sine fou-utval. Professor Professorar ved høgskulen skal vere faglege rettleiarar for andre fagtilsette ved høgskulen, og har eit særleg ansvar for å rettleie tilsette i førstelektor- eller doktorgradsløp. Professorar ved høgskulen skal vere særleg aktive forskarar som skapar nye fou-resultat for seg sjølv og andre kollegaer, og saman med eit aktivt nasjonalt og internasjonalt nettverk. Forskingsbasert undervisning, forsking, fagfellevurdert vitskapleg publisering, formidling, og rettleiing av studentar er viktige oppgåver som ligg til stillinga som professor ved høgskulen. Det ligg og eit særleg ansvar for å ta initiativ til å søke ekstern finansiering av fou-aktivitet, og professorar vil normalt få inn eksternfinansierte prosjekt til høgskulen. Desse prosjekta bør stimulere til fou-aktivitet hos andre tilsette, og leie fram til kompetanseheving for andre tilsette ved høgskulen. Ein svært viktig del av fou-resultata til professorar ved høgskulen er rettleiing og kompetanseheving hos kollegaer. Professorar ved høgskulen er faglege seniorar innanfor sitt fagområde, og skal vere faglege støttespelarar for si avdeling. Professorstillinga tel som toppstilling for masterakkreditering. Professorar ved høgskulen kan søke om forskingstermin på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under dette punktet. Dosent Dosentar ved høgskulen skal vere faglege rettleiarar for andre fagtilsette ved høgskulen, og har eit særleg ansvar for å rettleie tilsette i førstelektorløp. Dosentar ved høgskulen skal vere særleg aktive forskarar som skapar nye fou-resultat for seg sjølv og andre kollegaer, og saman med eit aktivt nasjonalt og internasjonalt nettverk. Forskingsbasert undervisning, dokumentert utviklingsarbeid knytt opp mot profesjonane og yrka høgskulen utdannar for, læremiddelproduksjon, vitskapleg publisering, formidling, og rettleiing av studentar er viktige oppgåver som ligg til stillinga som dosent ved høgskulen. Det ligg og eit særleg ansvar for å ta initiativ til å søke ekstern finansiering av fou-aktivitet, og dosentar vil normalt få inn eksternfinansierte prosjekt til høgskulen. Desse prosjekta bør stimulere til fou-aktivitet hos andre tilsette, og leie fram til kompetanseheving for andre tilsette ved høgskulen. Ein svært viktig del av fouresultata til dosentar ved høgskulen er rettleiing og kompetanseheving hos kollegaer. Dosentar er faglege seniorar innanfor sitt fagområde, og skal vere faglege støttespelarar for si avdeling. Dosentstillinga tel som toppstilling for masterakkreditering. Dosentar ved høgskulen kan søke om forskingstermin på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under dette punktet.

200 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Førsteamanuensis Førsteamanuensar ved høgskulen skal vere faglege rettleiarar for andre fagtilsette ved høgskulen. Førsteamanuensar ved høgskulen skal vere aktive forskarar som skapar nye fou-resultat for seg sjølv og andre kollegaer, og saman med eit nasjonalt og internasjonalt nettverk. Forskingsbasert undervisning, fagfellevurdert vitskapleg publisering, formidling, og rettleiing av studentar er viktige oppgåver som ligg til stillinga som førsteamanuensis ved høgskulen. Det ligg eit ansvar for å ta initiativ til å søke ekstern finansiering av fou-aktivitet, og at desse prosjekta stimulere til fou-aktivitet hos andre tilsette. Førsteamanuensar ved høgskulen kan søke om professorkvalifiseringsstipend eller forskarstipend på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under desse punkta. Førstelektor Førstelektorar ved høgskulen skal vere faglege rettleiarar for andre fagtilsette ved høgskulen, og skal vere aktive forskarar som skapar nye fou-resultat for seg sjølv og andre kollegaer, og saman med eit aktivt nasjonalt og internasjonalt nettverk. Forskingsbasert undervisning, dokumentert utviklingsarbeid knytt opp mot profesjonane og yrka høgskulen utdannar for, læremiddelproduksjon, fagfellevurdert vitskapleg publisering, formidling, og rettleiing av studentar er viktige oppgåver som ligg til stillinga som førstelektor ved høgskulen. Det ligg og eit ansvar for å ta initiativ til å søke ekstern finansiering av fouaktivitet, og desse prosjekta bør stimulere til fou-aktivitet hos andre tilsette. Førstelektorar ved høgskulen kan søke om professorkvalifiseringsstipend eller forskarstipend for kvalifisering til dosent på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under desse punkta. Doktorgradskandidat Doktorgradskandidatar ved høgskulen skal ha gode rammevilkår for å fullføre doktorgradsutdanninga på normert tid. Kandidatane skal vere særleg aktive forskarar som skapar nye fou-resultat saman med eit nasjonalt og mulig internasjonalt nettverk. Fagfellevurdert vitskapleg publisering, formidling og rettleiing av studentar er viktige oppgåver som ligg til stillinga som stipendiat ved høgskulen. Stipendiatar ved høgskulen skal som hovudregel ha ein intern birettleiar som er tilsett ved høgskulen i tillegg til hovudrettleiar som er tilsett ved doktorgradsgjevande institusjon. Hovudarbeidsstaden for doktorgradskandidaten er ved høgskulen, men det blir oppmoda til kortare opphald ved doktorgradsgjevande eller anna institusjon for rettleiing og i samband med opplæringsdelen. Høgskulen vil legge til rette for at doktorgradskandidatar som ynskjer å disputere for avhandlinga ved høgskulen skal ha høve til dette. Doktorgradskandidaten har krav på ein plan for gjennomføring av pliktarbeidet ved høgskulen som utarbeidast av instituttleiar/dekan i samråd med rettleiar, og skal gje årlege rapportar om framdrift i doktorgradsarbeidet. Doktorgradskandidatar ved høgskulen kan søke om forskarstipend etter disputas på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under dette punktet. Førstelektorkandidat Førstelektorkandidatar ved høgskulen skal ha gode rammevilkår for å kunne søke om opprykk som førstelektor. Kandidatar som mottar støtte frå høgskulen til førstelektorkvalifisering skal vere aktive forskarar som skapar nye fou-resultat saman med eit nasjonalt og mulig internasjonalt nettverk. Vitskapleg publisering, utviklingsarbeid, undervisningsretta aktivitetar, formidling og rettleiing av studentar er viktige kvalitetar som ligg til stillinga som førstelektorkandidat ved høgskulen. Førstelektorkandidatar skal ha ein intern rettleiar ved høgskulen. Førstelektorkandidatar skal ha ein plan for gjennomføring av førstelektorkvalifiseringa før oppstart, og framdrift i høve til planen skal evaluerast årleg.

201 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Førstelektorar som mottar støtte frå institusjonen bør ha minst ein fagfellevurdert vitskapleg artikkel for å sende inn søknad om opprykk til førstelektor. Førstelektorar ved høgskulen kan etter opprykk søke om forskarstipend på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under dette punktet. Høgskulelektor Høgskulelektorar skal vise ei aktiv interesse og ambisjon for fou-arbeid, og bidra til å skape nye fouresultat som vitskaplege publiseringar, formidle fou-arbeid, gje forskingsbasert undervisning og rettleie studentar. Høgskulelektorar kan søke ekstra fou-tid frå avdelingane utover ressursen til fagleg oppdatering for å drive målretta fagleg samarbeid, fou-prosjekt, formidling eller søknader om eksterne prosjekt dersom dette openbart har eit arbeidsomfang utover den tildelte ressursen. Høgskulelektorar kan søke på høgskulen sine utlyste doktorstipendiatstillingar, eller på førstelektorstipend på bakgrunn av dei kriterier som er detaljerte under dette punktet. Felles for alle stillingar Alle fagtilsette i høgskulen skal vise ei aktiv interesse for fou-arbeid og for å heve sin eigen foukompetanse. Fagtilsette skal gjennom undervisningsarbeid rettleie studentar i fou-arbeid, og gje forskingsbasert undervisning til studentar som fell innanfor ein eller fleire av dei følgjande kategoriane 6 : 1. Lærarsentrert undervisning der innhaldet er forskingsbasert 2. lærarsentrert undervisning som fokuserer på forskingsprosess og vitskapleg tenkemåte 3. Undervisning der studenten aktiv deltar i diskusjon av forskingsbasert innhald 4. Undervisning der studenten inngår i undersøkande læreprosessar Det er forventa at fagtilsette engasjerer seg i fou-arbeidet ved instituttet/avdelinga gjennom bidrag til vitskapleg publisering og formidling av fou, og ved å ta initiativ til fou-aktivitet mot eksterne samarbeidspartnarar, kollegaer og studentar. Ved særlege bidrag til innan fou utover dette kan fagtilsette ved høgskulen søke/tildelast fou-tid på arbeidsplanen for å levere større bidrag i fou-prosjekt, vitskaplege publiseringar, formidling av fou, søknader om prosjekt mot eksterne, rettleiing av kollegaer eller fagleg kompetanseheving. Fou-organisering og ansvar gjennom fou-utval og støttefunksjonar Styringslinja for fou i høgskulen føl ansvarslinja frå rektor gjennom dekan. Dekan er administrativt prosjektansvarleg for fou-prosjekt ved eiga avdeling, mens viserektor for fou er administrativt prosjektansvarleg for strategiske institusjonsprosjekt og fou-prosjekt på tvers av avdelingar mot eksterne oppdragsgjevarar. Fagleg prosjektleiing ligg alltid til ein fagtilsett ved ei av avdelingane. Seksjon for fou har ein støtte- og stabsfunksjon, og skal drive strategisk utvikling og koordinering av fou-arbeidet i høgskulen. Dekan har ansvar for å rådføre seg med og informere seksjon for fou om eksterne fou-prosjekt og søknader som avdelinga deltek i. Seksjon for fou Seksjon for fou er ein rådgjevande og strategisk utviklande teneste for tilsette ved høgskulen for å sikre høg kvalitet i fou-arbeidet ved institusjonen. Seksjon for fou omfattar bibliotektenester og rådgjevingstenester for fou, og er leia av viserektor for fou. 6 «Utdanning + FoU = Sant». Rapport fra arbeidsgruppe nedsatt av UHR, juli 2010.

202 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Seksjon for fou har ansvaret for å koordinere den strategiske utviklinga av fou-arbeidet ved høgskulen saman med dekanar, instituttleiarar og fagmiljøa. Seksjonen si oppgåve er å støtte forskarar, forskingsgrupper, institutt og avdelingar ved høgskulen til å - etablere forskingsgrupper og samarbeidsprosjekt - skape, formidle og rapportere fou-resultat - søke og gjennomføre eksterne forskingsprosjekt mot NFR, EU og næringsliv - heve kompetanse gjennom strukturerte doktorgrads- og førstelektorløp - gje generell støtte og rådgjeving til fou-arbeid i høgskulen Seksjonen for fou drøftar strategisk utvikling av fou-arbeidet ved høgskulen i det sentrale fou-utvalet og i leiargruppa ved høgskulen. Seksjonen forvaltar dei strategiske fou-midlane i høgskulen som går til forskingsleiarressurs for forskingsgrupper og såkornsmidlar til søknadsstøtte. Seksjonen forvaltar og «små driftsmidlar» som er ei øyremerka tildeling frå Kunnskapsdepartementet som ekstra driftsstøtte til forskarar og fou-prosjekt. Seksjon for fou administrerer medlemskapen for høgskulen i forskning.no, og sit i gruppa for forskingssamarbeid i UH-nett Vest. Seksjonen skal utvikle og forvalte felles støttetenester retta mot fou i samarbeid med tilgrensande tenesteområder. Biblioteket i høgskulen skal vere eit moderne forskingsbibliotek som driv forskingsstøtte til studentar og fagtilsette gjennom god tilgang til elektroniske databasar og fysiske papirbaserte forskingskjelder. Bibliotektenesta skal og gje undervisning og rettleiing til mellom anna søk, kjeldebruk og referanseverktøy, og skal gje støtte og rettleiing ved publisering og særskilt ved publisering i Open Access kanalar. Biblioteket har ansvar for kvalitet i forskingsregistrering og rapportering via CRIStin. Fou-utval Høgskulen har eit sentralt fou-utval med 9 medlemer; ein representant frå kvar avdeling, ein stipendiat, ein masterstudent, ein bachelorstudent og viserektor for fou (leiar). Utvalet har ansvar for tildeling av fouprisen ved høgskulen, samt vere eit fagleg rådgjevande organ for høgskulen i tildeling av doktorgradsstipend, forskartermin, professorkvalifiseringsstipend, forskarstipend og førstelektorstipend. Utvalet er og forskingsetisk utval for høgskulen, og skal drive utviklande kvalitetssikringsarbeid for fou i høgskulen. Avdelingsrepresentantane i det sentrale fou-utvalet har eit særskilt ansvar for informasjons-flyten mellom avdelingane og institusjonsnivået, og bør etter regelen vere leiarar av avdelingane sine fou-utval. Rådgjevar for fou har delegert sekretæransvar for det sentrale fou-utvalet frå viserektor for fou. Kvar avdeling i høgskulen skal ha eit fou-utval som skal vere rådgjevande for dekan, og som skal medverke til å følgje opp høgskulen og avdelinga sine strategi- og handlingsplanar for fou. Fou-utvalet ved kvar avdeling kan i tillegg ha andre arbeidsoppgåver og mandat. Utvalet peikar ut sin eigen leiar med vara. Leiaren av utvalet bør sitte i det sentrale fou-utvalet, og vil ha eit særskilt ansvar for informasjonsflyt mellom utvala. Utvalet bør settast saman av dekan, instituttleiarar, forskingsleiarar for strategiske satsingsområder, viserektor for fou, og ein vald representant for dei fagtilsette. Utvalet skal ha ein forskingsadministrativ sekretær som inngår i eit forskingsadministrativt nettverk. Forskingsadministrativt nettverk (Fane) Høgskulen bør ha eit forskingsadministrativt nettverk (Fane) som støttar opp om informasjons- og kunnskapsdeling mellom støttefunksjonar knytt til fou. Kvar avdeling vil ha ein fast forskingskontakt som sit i Fane, som er sekretær for fou-utvalet ved avdelinga og har ein lokal støttefunksjon for fou i budsjettering av fou-prosjekt, formidlingsarbeid, kvalitetssikring med meir. Etablering av forskingskontaktar på kvar avdeling er i stor grad ei organisering av fou-oppgåver som i dag er løyst av tilsette med særskilte oppgåver mot HiSF Oppdrag eller andre administrative team. Fane vil vere eit forum for drøfting av fou-prinsipielle forskingsadministrative spørsmål, og ein pådrivar for å utvikle beste praksis for fou-aktivitetane i høgskulen. Fane vil ha representantar frå seksjon for fou, biblioteket, HiSF Oppdrag, seksjon for økonomi og IT i tillegg til dei avdelingsvise forskingskontaktane. Rådgjevar for fou leiar og koordinerer arbeidet i Fane.

203 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Utviklingstiltak Vedteke av høgskulestyret Tiltak for vidare strategisk utvikling av fou-kompetanse ved HiSF omfattar: - Strategiske utviklingsmidlar til å styrke mindre sterke fou-miljø til auka fou-aktivitet og auka kompetanse som ei strategisk institusjonssatsing - Eit fond for infrastruktur, undervisnings- og forskingsmateriell, og utstyr til laboratorium - Felles kompetansehevingstiltak innan skriving både akademisk, populærvitskapleg og skriving generelt som ferdigheit - Meir samordning av retningslinjer for og forventningar til bruken av fou-ressursar Strategiske utviklingsmidlar Strategiske utviklingsmidlar skal brukast for å særskilt styrke fou-aktiviteten i eitt eller fleire fagmiljø i høgskulen over ein tidsavgrensa periode. Tiltaket skal særleg legge vekt på å auke fou-aktiviteten i fagmiljøet i form av dokumentert fou-arbeid (skriving), kompetanseheving, rettleiing av kollegaer, og prosjekt finansierte frå eksterne midlar. Bruken av midlane kan i stor grad tilpassast behovet i fagmiljøet, og kan ta utgangspunkt i følgjande generelle råd - Tilsetting av II-ar kompetanse som har som hovudmål å styrke fou-aktiviteten - Arbeidstimar til skriverettleiing og inkludering av kollegaer i fou-arbeid - Arbeidstimar til konkrete fou-prosjekt med konkrete mål (gjerne som ein øyremerka strategisk pott i avdelinga sin normale søknadsrunde for fou-ressursar) Dei strategiske utviklingsmidlane skal ha ei årleg ramme på om lag kroner, og kunne gjevast for eitt til to år i gongen. Tildeling er etter kort søknad frå dekan til rektor som tildeler etter råd frå personaldirektør, økonomidirektør og viserektorar (eventuelt etter råd frå utdanningsutval og fou-utval), og etter drøfting i leiargruppa. Alternativt kan rektor innstille til styret om bruke av midlane. Fond for infrastruktur og utstyr Eit fond for infrastruktur og utstyr til lab for undervising- og forskingsformål er skipa for å møte eit aukande behov for midlar til oppgradering av labar, nytt utstyr eller anna i samband både med undervisningsoppgåver og forskingsprosjekt. Nokre utdanningar er av natur meir utstyrskrevjande enn andre, men utstyr til kvalitativ eller kvantitativ datainnsamling ligg og i formålet til fondet slik at det treff større delar av behovet i høgskulen. Eit slikt fond skal medverke til at studentar, doktorgradsstipendiatar og fagtilsette i mindre grad møter utdatert og ressurskrevjande utstyr og infrastruktur, og er viktig for å stimulere både interessa til studentar og tilsette for nye forskingsprosjekt. Fondet skal ha ei årleg ramme på kroner, og dekke i hovudsak investeringar, men og noko drift av utstyr eller labar. Tildeling basere seg på kort søknad til rektor som tildeler etter råd frå viserektor for utdanning, fou og økonomidirektør etter drøfting i leiargruppa. Kompetansetiltak for skriving Eit felles kompetansetiltak for skriveferdigheiter både akademisk, populærvitskapleg og generelt vil styrke både utdanningane og forskingsaktiviteten i høgskulen. Tiltaket skal ha både tilsette og studentar som målgruppe (gjerne for ulike delar av målsettinga), og sette som mål at - Studentar ved HiSF skal levere betre skrivne oppgåver enn i resten av landet - Tilsette ved HiSF skal skrive betre og informative tekstar, kronikkar, og rapportar enn i resten av landet - Fagtilsette ved HiSF skal skrive klårare og betre fou-arbeid, populærvitskaplege og vitskaplege artiklar enn i resten av landet Skriveprosjektet skal ha ei årleg ramme på om lag kroner, og kan drivast av ei prosjektgruppe med representantar frå alle avdelingane, leiinga og med ein intern prosjektleiar. Gruppa kan og styrkast gjennom ekstern kompetanse både til inspirasjon og rettleiing. Prosjektet bør sette i verk tiltak som når

204 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 flest mogleg på tvers av avdelingar og campus, og seminar/kurs, studiepoenggjevande emne, eller faglege reiser med skriving som tema kan vere gode moment. Samordning av retningslinjer og forventningar Samordning av retningslinjer og forventningar til fou-ressursar i høgskulen er eit tiltak som skal arbeide mot ein likare praksis i og mellom avdelingane for den overordna bruken av ressursar til fou, og kva ein forventar av fou-aktivitet hjå tilsette i fagstillingar. Praktisk samordning av karakter med felles søknadsfristar for fou, felles søknadsskjema og vurderingskriterier, og felles handsamingsprosedyrar for tildeling blir ikkje særskilt omtala her. Den overordna bruken av fou-ressursar til å stimulere fou-aktivitet i høgskulen bør vere tredelt med følgjande inndeling: - Ein resultatbasert komponent som tildeler fou-ressursar på bakgrunn av fou-resultat - Ein utviklingskomponent som tildeler fou-ressursar med ynskje om ei strategisk utvikling av fouaktivitet på viktige områder, eller for nytilsette - Ein strategisk komponent som investerer eigne fou-ressursar som eigendelar i eksternfinansierte prosjekt for å få auke sannsynet for tilslag, og for å auke avkastninga på midlane Alle interne fou-ressursar vi brukar i høgskulen skal vere for å investere i ny kunnskap som kan gje avkasting og midlar tilbake på sikt. Ei heving av kompetanse og renommé hos eit fagmiljø gjennom nye lærebøker, vitskaplege publikasjonar, formidling av fou-resultat, eit større nettverk eller tilsette som får opprykk aukar sjansen for at fagmiljøet kan få tilslag på søknader om eksterne forskingsmidlar ved seinare høve, eller bli invitert med i ulike samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Tredelinga av formålet for fou-ressursar i høgskulen treng ikkje vere i tre like store delar, og bør speglast både på institusjonsnivå og på avdelingsnivå. Institusjon Fou-stipend Avdeling Strategiske utviklingsmidlar Resultatbaserte midlar Tilsette Utviklingsmidlar Stipendiatstillingar (eigendelar) Strategiske midlar (eigendelar) 15% FOKUS Førstestillingar (0/3/7%) Professor/Dosentstillingar (25%) Figur 1 Tredeling av fou-ressursar i resultatbaserte midlar, utviklingsmidlar og strategiske midlar. Avdelingane Den resultatbaserte komponenten av fou-ressursar kan vere søknadsbasert for å kunne vurdere relevans og konkrete målsettingar for fou-prosjekta, eller eventuelt tillitsbasert med bakgrunn i tidlegare fou-resultat utan ein eksplisitt relevansvurdering av prosjektet. Likeins kan den utviklingsbaserte komponenten av

205 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 fou-ressursane vere søknadsbasert til ein øyremerka pott, eller strategisk tildelast direkte der det er lettare å identifisere behov og gode tiltak. Dei strategisk midlane som ein vil bruke som eigendelar i søknader om eksternfinansierte prosjekt kan gjevast som førehandstilsegner til fagmiljø basert på ulike kvalitet- og volumkriterier i dei eksterne søknadene (t.d. minst ei eksternfinansiert stipendiatstilling, og minst to millionar i frikjøp av forskarar i året over tre år), eller søknadsbasert. Det er og viktig å merke seg at strategiske midlar til eigendelar i søknader til NFR har ein gjennomsnittleg tilslagsprosent på under 25 prosent, og at desse midlane kan i utgangspunktet løyvast til fleire prosjekt parallelt. Institusjonsnivået bør her ha eit buffer for å handtere situasjonar der fleire prosjekt enn venta får tilslag på ei avdeling samstundes. Den tilsette Forventningane til den einskilde tilsette sin fou-aktivitet er skildra tidlegare i denne strategiplanen. Det er lagt forventningar til fagtilsette i dei ulike stillingskategoriane førstelektor, førsteamanuensis, dosent og professor, og til tilsette i kompetansehevingsløp som førstelektorkandidatar eller doktorgradskandidatar. Særleg er det å skape fou-aktivitet for andre gjennom eksternfinansierte prosjekt og rettleiing viktige forventningar til tilsette i førstestillingar. Fagtilsette har i dag høve til å bruke fou-ressursar både for å skape fou-resultat til å kome i betre posisjon for resultatbasert tildeling, som utviklingsmidlar for å styrke seg på viktige områder ein sjølv er mindre god på, eller som strategiske eigendelar inn i søknader om forskingsprosjekt med ekstern finansiering. Den fagtilsette sin fou-ressursar er i hovudsak tildelt 15 prosent av arbeidsplanen til fagleg oppdatering, kompetanseheving og fou (FOKUS) samt eventuelt tillegg for stillingskategori og tildelte fou-midlar for avdeling eller institusjonen. Avdelingane får i dag tildelt 3 prosent fou-ressurs for kvar tilsett som førstelektor eller førsteamanuensis, og 25 prosent for kvar tilsett som dosent eller professor. Institusjonen Institusjonen brukar i dag midlar til fou-stipend som blir tildelt til forskarar som har høg aktivitet av høg kvalitet innanfor strategisk relevante fagområde. Innan fagområder som både er særskilt strategisk viktige for høgskulen og der vi har gode føresetnader for å bli fagleg leiande har ein oppretta fem strategiske forskingsprogram i tillegg til ei sentersatsing. Institusjonen brukar og stipendiatstillingar aktivt som eigendelar inn i større søknader om eksternfinansierte forskingsprosjekt som til dømes hos NFR. Institusjonen har og innført som verkemiddel eit strategisk utviklingstiltak for å særskilt styrke fouaktiviteten i mindre sterke fagmiljø i ein tidsavgrensa periode for å komplettere dei resultatbaserte og strategiske tiltaka. Internasjonal samhandling i fou (Framlegg til strategi for internasjonal samhandling til handsaming høgskulestyret ). Fou-arbeidet ved HiSF skal ta utgangspunkt i lokale, regionale og nasjonale problemstillingar, men i størst mogleg grad vere internasjonal relevant. Dette ligg til grunn for målsettingane om at HiSF skal til ei kvar tid delta i minst to EU-prosjekt, og skal særleg sikte på å ha prosjekt innan Horisont2020 og ERC (European Research Council) HiSF skal auke delen vitskaplege publikasjonar i internasjonale publiseringskanalar, og auke delen internasjonale samforfattarskap Fagtilsette, og særleg doktorgradsstipendiatar, skal aktivt bygge internasjonale nettverk gjennom utanlandsopphald, og internasjonale forskarar skal inviterast til forskingsopphald ved HiSF Internasjonale forskingsprosjekt innan EU og Horisont 2020 er som oftast eit resultat av målretta internasjonalt nettverksarbeid og felles forskingsprosjekt og publikasjonar over fleire år. Det er difor viktig å ha langsiktige målsettingar på dette området, og at ein ser utdannings- og forskingssamarbeid i

206 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 samanheng for å skape mest mogleg varige samarbeidsrelasjonar som kan styrke både utdanning og forsking. Særleg vil dei strategiske satsingsområda vere områder der ein skal ha EU-ambisjonar, eit godt internasjonalt nettverk, regelmessig forskar- og studentutveksling, og nokre utvalde internasjonale samarbeidsinstitusjonar der ein samarbeider både om utdanning og forsking. Det vil og vere svært positivt med internasjonale bi-stillingar. Eit breitt og godt internasjonalt nettverk og planar om vidareutvikling av dette skal vektleggast ved søknader om fou-stipend og andre strategiske satsingar, og i rekrutteringsprosessar. HiSF skal legge til rette for eit samansett miljø av fagtilsette med ulik bakgrunn gjennom rekruttering og oppfølging, og aktivt bruke fagtilsette med ein internasjonal bakgrunn for å tilføre nye perspektiv i utdanning- og forskingsaktiviteten ved HiSF. Internasjonale medforfattarar på forskingspublikasjonar er ein viktig del av nettverksbygginga for å skape nye moglegheiter på den internasjonale forskingsarenaen, men og som ein indikator som departementet legg vekt på at synleggjer internasjonal kvalitet i forskinga. Departementet legg særleg vekt på prosentdelen vitskaplege tidsskriftsartiklar med internasjonalt samforfattarskap, og HiSF skal ligge over snittet for statlege høgskular på denne indikatoren. HiSF skal og arbeide for å auke delen internasjonale medforfattarar for antologipublikasjonar og monografiar, og arbeide for å auke desse gjennom å bygge og delta i gode internasjonale forskingsnettverk. Forskarar ved HiSF skal ta sikte på å publisere forskingsresultata i internasjonale publiseringskanalar der dette er mogleg for å sikre størst mogleg spreiing av forskingsresultata, og å auke deltakinga på internasjonale fagkonferansar. For nokre fagmiljø er det naturleg å samarbeide og publisere mest innanfor dei nordiske landa, mens andre fagmiljø vil ha eit meir globalt nedslagsfelt for forskinga. Mobilitet gjennom utanlandsopphald for eigne fagtilsette og forskingsopphald for gjesteforskarar frå utanlandske institusjonar er eit viktig ledd for å bygge gode og varige internasjonale nettverk, for å legge til rette for internasjonale sampublikasjonar, og ikkje minst for å delta i internasjonale forskingsprosjekt. Det skal difor vere gode støtteordningar for internasjonal mobilitet ved HiSF. Planlegging av utanlandsopphald for fagtilsette bør vere i tett dialog med instituttleiarane som er ansvarlege for arbeidsplanlegging. Særleg doktorgradsstipendiatar og yngre forskarar 7 skal oppmodast om å reise på utanlandsopphald for å bygge eit internasjonalt nettverk, og for å lære av framifrå internasjonale forskarar. Internasjonal samhandling ved HiSF skal vere ei viktig satsing for sterke forskingsmiljø og -grupper, og særleg skal strategiske satsingsområder ha ambisjonar om å delta i EU-prosjekt. Det er viktig at gode forskingsrelasjonar med internasjonale utdanningsinstitusjonar òg kan styrke det internasjonale utdanningssamarbeidet ved HiSF, og vice versa. Forskingsbasert undervisning med høg fagleg kvalitet vil ha best vilkår på område der det er godt samsvar mellom strategiske satsingar både innan forsking og utdanning. Organisering, utvikling og oppfølging av internasjonale samarbeidsrelasjonar bør difor ligge som ein felles funksjon for forsking- og utdanningsverksemda ved HiSF. 7 Unge forskartalent er forskarar som har godkjent disputas for mindre enn 8 år sidan og som er under 40 år (frå NFR)

207 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Handlingsplan for fou Vedteke av høgskulestyret Handlingsplanen drøftar dei viktigaste målsettingane for fou ved HiSF, og synleggjer prioriteringar, konkrete tiltak og kostnadsestimat for dei ulike tiltaka på dei punkta der dette er mogleg/naturleg. Handlingsplanen bør reviderast årleg gjennom arbeidet med Årsrapporten til Kunnskapsdepartementet for å vurdere måloppnåing på dei ulike punkta, og om satsinga må ytterlegare styrkast for å nå målsettingane. Mål 1: HiSF skal ha høg vitskapleg publisering med 0,5 publiseringspoeng per fagstilling i 2020 Dette er ei svært ambisiøs målsetting for høgskulen, men i nasjonal samanheng var snittet blant statlege institusjonar 0,81 i Blant statlege høgskular var snittet i 2013 på 0,37 poeng per fagstilling, men HiSF var nest sist (berre føre Samisk høgskole) på statistikken med 0,19 poeng per fagstilling. Eit av dei viktigaste kriteria som må vere på plass for å kunne publisere vitskapleg er nok tid til utvikling av idear og design av forskingsprosjekt, datainnsamling og metodisk analyse, og til presentasjon og akademisk samanskriving av forskingsresultata. Ein viktig premiss for å auke den vitskaplege publiseringa vil difor vere å gje meir tid til slikt fou-arbeid til dei som har best føresetnader for å leie og utføre denne fou-aktiviteten. Det er og viktig å styrke bibliotektenesta og tilgangen til forskingslitteratur for sikre at tilsette og studentar har god tilgang til søkerettleiing og relevante forskingsartiklar i arbeidet. I tillegg vil det vere viktig å syte for at resten av støttesystema er på plass; god tilgang til administrativ støtte, utstyr og IKTverktøy med brukarstøtte. Snittet blant dei tilsette som publiserer ved HiSF var i åra frå 2009 til 2012 om lag 1,0 publiseringspoeng per fagstilling, mens det i 2013 endte på 0,6 poeng per publiserande fagstilling. Dei tilsette som går att kvart år på publiseringsstatistikken er i betydeleg grad tilsette innanfor gruppa med professorar, føresteamanusensar og tilsette i doktorgradsløp (om lag 82 prosent av forfattaradressene i 2013). Det kan difor vere rimeleg å anta publiseringspotensialet i nokon grad er realisert innanfor gjeldande rammevilkår for desse stillingane, og at det må endringar i rammevilkåra for å sjå ei auke i publiseringar for desse kategoriane. Professorar og dosentar har 25 prosent fou-tid til stillinga. Dette kjem i tillegg til 15 prosent som er avsett til fagleg oppdatering, fou og kompetanseheving (FOKUS) og 8 prosent til administrasjon. Arbeidsvilkåra ligg tett opp til dei vilkåra som universitetstilsette har, og det er også mogleg å få forskingstermin i eitt år som eit fou-stipend for å stimulere publiseringsaktiviteten. Det er samstundes svært ynskjeleg at denne akademisk toppkompetansen òg kjem studentar til gode gjennom undervisningsaktivitet. Førsteamanuensar og førstelektorar har per i dag opp til 7 prosent fou-tid i tillegg til FOKUS og administrasjon avhengig av avdelingstilknyting (sjå vedlegg 4). Det er potensiale for betre rammevilkår for vitskapleg publisering i desse stillingskategoriane i retning av dei vilkåra som førsteamanuensisstillingar har ved universiteta. Tilsette i førstestillingar skal ha høve til lik tildeling av fou-tid som toppstillingar ved HiSF. Rammevilkåra for førsteamanuensar etter fullført doktorgrad er prega av rask omstilling til ei betydeleg auke i undervisningsaktivitet i forhold til doktorgradsperioden, og det kan vere utfordrande å oppretthalde forskingsaktiviteten. Det ligg her potensiale for mange nye publikasjonar, og aktiviteten i desse første åra etter disputas er viktige for å utvide det faglege nettverket, vidareutvikle forskingshypotesar, integrere sin spesialiserte forskingsaktivitet inn i ei større forskingsgruppe, og særskilt for å legge grunnlaget for vidare

208 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 opprykk til professor. Førstelektorar har jobba intensivt med fou-arbeid i perioden før opprykkssøknad, og har potensielt mange fleire arbeid som kan skrivast ut og publiserast etter opprykk. Førstelektorar skal og tilpasse seg ein kvardag der dei skal ta meir ansvar for rettleiing av kollegaer i fou-arbeid, og har fått meir ansvar for å søke ekstern finansiering av fou-aktivitet som kan stimulere til fou-aktivitet utover seg sjølv. Talet søknader til forskarstipend i utlysingane av fou-stipend har synt at det er mange tilsette som har svært gode fou-planar etter disputas, men det har til no kun vore mogleg å gje to tilsette slike foustipend kvart år innanfor dei økonomiske rammene. Slike arbeidsvilkår vil og kunne vere eit viktig tiltak for å gjere HiSF attraktive for tilsette med førstekompetanse i rekrutteringssamanheng, og gjere det lettare å halde på tilsette etter fullført doktorgrad og førstelektorkvalifisering. Handlingsplanen for innfører ei ordning der tilsette i førstestillingar har høve til å få like fouvilkår som i toppstillingane ved HiSF. Det er eit mål at ordninga når ein vesentleg del av dei tilsette i førstestillingar for å stimulere til auka vitskapleg produksjon, søknadsaktivitet mot ekstern finansieringskjelder og samarbeid internt og eksternt for å styrke fou-arbeidet ved HiSF. Tildelinga av ekstra fou-tid til førstestillingar er søknadsbasert etter kort søknad. Dette blir gjort med bakgrunn i at det er vanskeleg å finne vanskeleg å finne stringente og målbare kriterier som gjev like høve til å kvalifisere seg til ekstra fou-tid på tvers av fagtradisjonar, og som i tillegg tek premierer samarbeid. Ordninga med publiseringspoeng var ved innføring i 2005 ikkje tilrådd å brukast på individnivå for å måle forskingsaktivitet, og bør difor brukast med stor varsemd som einaste parameter i resultatbaserte ordningar. Det blir difor tilrådd å gjere både ei kvalitativ og ei kvantitativ vurdering av fou-resultat i tildelinga av stipend. Kriterier for å få tildelt stipend vil vere etter kort søknad med skissert forskingsplan som skal innehalde forventa resultat, kopling mot utdanningar og satsingar, studentinvolvering i prosjektet, deltaking i kompetanseprogram, og forskingssamarbeid internt og eksternt. I fou-resultat blir det lagt vekt på fagfellevurderte og poenggjevande vitskaplege artiklar, dokumentert utviklingsarbeid, dokumentert kompetanseheving i form av eige opprykk, rettleiing av kollegaer i vitskapleg fou-arbeid, dokumentert formidling av fou-resultat, og søknader til NFR/EU med god fagfellevurdering. Søkjarane vil bli prioritert frå avdelingane sine fou-utval, og tilrådd frå det sentrale fou-utvalet om kven og kor mange som bør få tildelt førstestipend. Tilrådinga vil bli handsama i leiargruppa før rektor tildeler stipenda. Det er gjennom ei auke av fou-tid til tilsette i førstestillingar naudsynt å sjå på innføring av ei normativ nedre grense for frikjøp frå undervisning og pedagogisk arbeid for tilsette i kombinerte stillingar for undervisning, forsking og formidling. Det kan vere utfordrande dersom mange tilsette i førstestillingar og toppstillingar i stor grad er kjøpt fri frå undervisning i lengre periodar gjennom eksterne midlar som kjem i tillegg til intern fou-tid, og slik ikkje er med på å halde oppe utdanningskvaliteten ved studia. Ei nedre grense på tid som skal brukast på utdanningsføremål av arbeidstida skal greiast ut for alle stillingskategoriar, og det vil då ikkje vere mogleg å bli kjøpt fri frå undervisning ut over dette utanom for særskilte grunnar (prosjektleiing av større forskingsprosjekt etc.). Det vil samstundes og greiast ut om det i staden bør takast i bruk andre verkemiddel for å stimulere auka søknad om eksternfinansierte forskingsprosjekt har stor grad av frikjøpt tid, til dømes i form av B-tillegg i løn ved tilslag på søknader. Både ei nedre grense på tid til undervisning og premiering i form av B-tillegg er i bruk ved andre institusjonar i sektoren i dag. Mål 2: Del tilsette med førstekompetanse/toppkompetanse er 50 pst. i 2018, og samstundes fleire med toppkompetanse og fleire stipendiatstillingar Mange av måla i strategiplanen for HiSF er knytt til auke i forskingsaktivitet og den formelle kompetansen hjå tilsette ved HiSF. Desse måla kan styrkast samstundes gjennom å bruke eigne midlar for å finansiere doktorgradsstipendiatar ved HiSF. Doktorgradsstipendiatar skal både publisere og formelt utdanne seg til forskarar gjennom doktorgradsarbeidet. I tillegg er dei viktige ressursar i bygginga av sterke forskingsmiljø der dei er integrerte delar av eit større forskingsmiljø ved HiSF.

209 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 HiSF skal eigenfinansiere doktorgradsstipendiatar Eigenfinansierte doktorgradsstipend ved HiSF bør ha tre hovudmålsettingar; eigendelar i større forskingssøknader, kompetanseheving for eigne tilsette, og som ledd i utvikling av doktorgradsprogram. Det er i dag aukande krav om å synleggjere strategisk prioritering gjennom eigeninnsats i søknader til NFR og EU, og doktorgradsstipendiatar er ein god måte å synleggjere at søknaden er ein del av ei strategisk satsing ved HiSF. Samstundes er det og ein vinst ved slik bruk av doktorgradsstipendiatar i at dette utløyser fleire doktorgradsstipendiatar finansiert av NFR dersom søknaden får tilslag. Det er mange tilsette i høgskulen som har motivasjon og evner til å gjennomføre eit doktorgradsløp, men som ikkje får tilslag i den svært harde konkurransen om stipenda som er finansierte av KD. Desse stipenda må og lysast ut eksternt før tilsetting, og kan slik ikkje direkte brukast som målretta kompetansehevingstiltak for nøkkeltilsette i dag. Gjennom eigenfinansierte doktorgradsstipend har ein større fridom til å disponere stipendet som fou-tid på arbeidsplanen, og slik intern tildeling til dei som 1) har fått opptak på doktorgradsprogram og 2) som høyrer til prioriterte fagområder. Dei prioriterte fagområda bør veljast både ut i frå kompetanseprofil i dei ulike fagmiljø ved HiSF, og ut frå strategiske satsingar på fagmiljø som skal bli nasjonalt/internasjonalt leiande. Innanfor denne siste gruppa bør vi finne dei fagområda der høgskulen skal starte eigne doktorgradsutdanningar. I tillegg til ei satsing på å bygge doktorgradskompetanse bør ein ha ei målretta satsing for å bygge førstekompetanse gjennom meir organiserte førstelektorløp. Høgskulelektorar ved HiSF bør i stor grad motiverast til å kvalifisere seg vidare til førstelektor, og bli møtt av eit meir organisert utviklingsløp enn det som er tilgjengeleg ved HiSF i dag. Det er etablert ei ordning for institusjonelle førstelektorkvalifiseringsstipend med rettleiarar for dei som er i førstelektorløp, og finansiering av denne ordninga bør styrkast dei neste åra for å få eit betydeleg volum av førstelektorar kvalifiserte innan I tillegg til stipendordninga bør HiSF og tilby kurs og emne i relevante tema for å styrke tilsette i fouaktivitet. Det skal etablerast eit kompetanseprogram for fou ved HiSF Det bør vere eit tilbod til alle fagtilsette at ein kan delta på kvalifiserande emne og kurs i til dømes forskingsmetodikk, kvantitativ analyse, kvalitativ analyse, statistikk, vitskapleg skriving, forskingsleiing, etiske retningslinjer og søknadsskriving. Desse emna skal gjere tilsette som ikkje har formell forskarutdanning, eller som ynskjer å utvide kompetansen sin, betre i stand til å planlegge, gjennomføre og publisere frå forskingsprosjekt. Emna bør vere opne for studentar på bachelor, og særskilt på masternivå, for å styrke den forskingsbaserte utdanninga ved HiSF. Dette skal gjere studentar betre i stand til å delta i dei ulike delane av eit forskingsprosjekt som er nødvendige for å kunne stå som forfattarar på vitskaplege artiklar. Mykje av kompetansen og innhaldet i fleire av desse emna er allereie tilgjengeleg for høgskulen gjennom eigne tilsette eller tilsette i bistillingar, men eit slikt kompetanseprogram skal framover organiserast strammare for å lettare kunne legge eit godt kompetanseløp for den einskilde tilsette i medarbeidarsamtalar. Det er i målsettinga om 50 prosent førstestillingar ved HiSF i 2018 og lagt vekt på å auke talet toppstillingar (professor/dosent). Det er allereie etablert ei stipendordning for kvalifisering til toppstillingar, og denne kan styrkast ytterlegare for å auke talet på tilsette som kvalifiserer seg til toppstillingar. Det har i dei åra dette fou-stipendet har vore lyst ut vore svært gode søkarar som ikkje har fått tildelt slikt stipend på grunn av dei økonomiske rammene for stipenda. Talet fou-stipend til professorkvalifisering og førstekvalifisering skal aukast

210 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Førstekvalifiseringsstipend er viktige for å nå målsettinga om delen førstekompetanse i fagstillingar, og professorkvalifiseringsstipend vil gje førstelektorar og førsteamanuensar betre rammer for å kvalifisere seg til høvesvis dosent- og professorstillingar. Særskilt bør ei satsing på kvalifisering til professor vere ei viktig satsing for å stette krava til ei eventuell etablering av eigne doktorgradar ved HiSF. Forskarstipendet ved HiSF bør oppretthaldast sjølv om det vert nye rammevilkår for førsteamanuensar sidan dette er ei ordning som og rettar seg mot yngre forskarar i starten av karriera, og som nett har disputert eller fått opprykk. Det kan på sikt vere grunn til å evaluere talet på slike stipend opp mot erfaringane frå innføring av førstestipend. Ordninga med forskingstermin bør og oppretthaldast eller moderat aukast dei neste åra for å gje motivasjon og vilkår for toppstillingar til å bygge opp gode forskingsgrupper ved HiSF. For å styrke moglegheitene for å få opprykk til professor kan det på sikt vere aktuelt å etablere stipend for ha adjungerte stillingar ved andre institusjonar; bistillingar der HiSF betalar andre institusjonar for å ha våre tilsette i deltidsstillingar. Slike stillingar gjer større høve til å vere (hovud)rettleiar for doktorgradsstipendiatar, og innan fleire fagområder er dette eit krav for å få opprykk til professortittel. Mål 3: PhD-utdanning; utgreiing innan 2018, og etablert PhD-utdanning innan 2020 Satsing på eigne PhD-utdanningar i 2020 vil legge vesentlege føringar og ei sterk prioritering i forskingsaktiviteten ved HiSF sjølv om satsinga skal realiserast i samarbeid med andre. Krava til å få akkreditert ei PhD-utdanning i 2015 er minst åtte årsverk med førstekompetanse (minst seks i heiltidsstillingar), og minst fire av desse med professorkompetanse. Det må i tillegg dokumenterast at institusjonen har potensial og kapasitet til å rekruttere minst 15 doktorgradsstudentar i løpet av fem år, og oppretthalde dette volumet. Det skal etablerast 1-2 prioriterte strategiske satsingsområder ved HiSF Desse prioriterte satsingsområda skal utviklast til å bli nasjonalt leiande innanfor sin profil innan 2020, og ha betydeleg internasjonal aktivitet. Forskingsmiljøa bør sjølve peike ut kva profil satsingane skal ha, og bør inviterast til å sjølve definere rammene for eit større forskingsprogram som skal leie fram mot doktorgradsutdanning. Satsingsområda må prioriterast ved tildeling av doktorgradsstipend og professorkvalifiseringsstipend, og gjevast rammevilkår som gjer at ambisjonane om doktorgradsutdanning kan lukkast. Det er viktig at dei strategiske satsingsområda ved HiSF har god rekruttering av studentar og tilsette, høg publiseringsgrad og høg kompetanse, høg del av ekstern finansiering frå eksterne kjelder og gjennomgåande utdanningsløp frå bachelor via master til PhD. Tiltaka med eigenfinansierte doktorgradsstipend og styrking av professorkvalifiseringsstipendordninga er svært viktige for å kunne nå målsettinga om PhD-utdanning. Satsinga på ei kompetanseprogram for fou vil og vere eit naudsynt steg i utviklinga av doktorgradskurs som skal vere ein del av den formelle forskarutdanninga i tredje syklus. Mål 4: Sterke forskingsmiljø og forskingsgrupper med høgt tilslag av ekstern finansiering i NFR og vesentleg aktivitet mot EU i 2020 Ein betydeleg auke i eksternfinansierte fou-prosjekt vil vere eit svært viktig middel for å realisere HiSF sine ambisjonar i 2018 og Målretta bruk av stipendiatstillingar som eigendel i søknader, god søknad- og prosjektoppfølging, og ein godt utvikla «best practice» søknadskultur vil vere viktige moment for å lukkast i konkurransen om eksterne midlar. Det skal etablerast eit felles tiltak for kvalitet i søknader om forskingsmidlar

211 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Tiltaket skal etablere ein søknadskultur på tvers av avdelingar i høgskulen med vekt på kva som skal til for å lukkast, og korleis prosessen fram mot innlevering av søknad kan gjennomførast. Tiltaket skal ha utarbeidd gode rutinar for budsjettering av forskingssøknader mot NFR og EU og for språkvask av søknader. Krav til dei søknadsmiljøa som ynskjer å legge inn eigenfinansiering frå HiSF i søknaden i form av intern kvalitetsvurdering av søknaden i ulike fasar og deltaking på kurs/seminar i søknadsskriving kan innførast. Det vil og kunne vere tenleg å innføre ei ordning der svært gode søknader (med karakter 6 eller betre frå NFR) som ikkje får finansiering kan få tilført stimuleringsmidlar for å vidareutvikle søknaden til neste utlysing. Tiltaka vil i stor grad krevje tilførsel av kompetanse både på søknader mot NFR og EU, og i mindre grad tilførsel av driftsmidlar. Mål 5: Framifrå forskingsbasert undervisning i 2018 Tiltaka under målsetting 2 med eit kompetanseprogram for fou der studentar kan delta vil auke deira høve til å delta i fleire av dei ulike fasane av eit forskingsprosjekt. Dette kjem i tillegg til den aktiviteten kvar fagtilsett må drive for å motivere og engasjere studentar i eiga forsking der dette fell innanfor undervisningsemna, og i å drive ulike måtar av studentaktiv undervisning på. Forskingsbasert undervisning er ei viktig målsetting for HiSF, og det er utvikla ein eigen handlingsplan for forskingsbasert undervisning som ein del av Strategi- og handlingsplen for utdanning Mål 6: Målretta kompetanseoppbygging i 2018 Tiltaka under målsetting 2 med eit kompetanseprogram for fou vil gje alle fagtilsette høve til å drive målretta modulbasert kompetanseoppbygging innan fou. Det kan og vere tenleg å innføre eit kompetanseprogram for administrativt tilsette for opplæring og utvikling innanfor støttetenestene, men dette ligg utanfor denne handlingsplanen. Mål 7: Styrka internasjonalisering og auka mobilitet i 2018 Internasjonalisering er eit vidt omgrep som famnar om både studentar og tilsette. I denne handlingsplanen ser vi kort på tiltak som kan stimulere fagleg mobilitet og utveksling med internasjonale forskingsmiljø. Det skal opprettast internasjonaliseringsstipend etter mal frå NFR ved HiSF Det er tre hovudmålsettingar med internasjonaliseringstiltaka innan for fou; 1) forskarar ved HiSF reiser ut, 2) internasjonale forskarar hospiterer ved HiSF, og 3) doktorgradsstipendiatar har eit internasjonalt forskingsopphald som ein del av doktorgradsutdanninga. Målet med at forskarar skal reise ut for periodar er for å skaffe seg internasjonale nettverk, ha internasjonale sampublikasjonar og kome i posisjon til å søke internasjonale forskingsmidlar. Dette er viktig fordi det gjev nye impulsar og utviklar forskingsaktiviteten ved HiSF. Ynskje om at internasjonale forskarar skal vitje HiSF treff mange av dei dei same målsettingane, og synleggjer i tillegg av HiSF er ein attraktiv institusjon innan nokre fagmiljø internasjonalt. Eit av måla med doktorgradsutdanninga er å gje kandidatar eit internasjonalt fagleg nettverk å bygge vidare på etter fullført grad, og det er ved mange doktorgradsgjevande institusjonar ein norm at kandidatar bør ha eit opphald utanlands i utdanninga. Det blir difor føreslege å innføre eigne internasjonaliseringsstipend ved HiSF som skal gje økonomisk støtte til forskarar og stipendiatar som reiser ut, og til besøkande forskarar som kjem på gjesteopphald. Det blir føreslege å følgje Forskingsrådet sine satsar for slik støtte, men i tillegg at aktuelle kandidatar får støtte og rettleiing til å søke finansiering for slik utveksling gjennom ordningar i Forskingsrådet og i Erasmus+. Stipenda kan koplast opp mot dei fou-stipenda som allereie er etablerte ved HiSF.

212 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Øvrige tiltak i handlingsplan for fou For å styrke og støtte fou-aktiviteten ved HiSF skal det opprettast ei eiga støttestilling på fou innan statistikk og IKT-støtte. Stillinga kan delast i to 50 prosent stillingar for å sikre god kompetanse på desse ulike fagfelta. For å sikre tilgang til nødvendig forskingslitteratur og støtte til forskingsprosjekt bør ein auke ramma for elektronisk tilgang til litteratur og tilføre meir ressursar til forskingsstøtte og søkerettleiing/undervisning til biblioteket. Tiltaka plasserer seg som ulike byggeklossar i det ein kan kalle fou-pyramiden ved HiSF. SSOstrategiske satsingsområder Skriving Strat. forskingsprogram PhDstipend Foustipend Kompetanseprogram Søknadskompetanse Infrastruktur Utviklingsmidlar Det øvste nivået i pyramiden treff dei spissa satsingsområda der vi skal vere nasjonalt og om mogleg internasjonalt leiande på området, og der vi skal arbeide for å utvikle eigne doktorgradsprogram og status som nasjonale framifrå forskingssentra. Neste nivå i pyramiden treff noko smalare, men stiller og høgare krav til dei fagmiljøa og tilsette som deltek. Publikasjonar, kompetanse og evne til å hente ekstern finansiering er med på å kvalifisere fagmiljø og tilsette til ulike typar fou-stipend, til leiingsressursar for strategiske forskingsprogram, og for doktorgradsstipendiatstillingar. Tiltak som er meint å treffe breitt og mange ligg i botnen av pyramiden. Utviklingsmidlar skal stimulere til å kome i gang med forskingsaktivitet i fagmiljø, skriving skal sette god kvalitet i skriving på dagsorden, eit fond for infrastruktur skal vere med å støtte opp om forsking- og utdanning for å gje god tilgang til utstyr, søknadskompetanse skal gje søknadsstøtte og kvalitetssikring av søknader om ekstern finansiering, og kompetanseprogrammet skal vere ein naturleg del av kvar tilsett si faglege utvikling fram mot opprykk og kvalifisering.

213 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24 Handlingsplan for fou ved HiSF for Mål 1: HiSF skal ha høg vitskapleg publisering med 0,5 publiseringspoeng per fagstilling i 2020 Tiltak: - Førstestillingar ved HiSF skal, gitt visse føresetnader, ha høve til lik tildeling av fou-tid som toppstillingar ved HiSF frå Mål 2: Del tilsette med førstekompetanse/toppkompetanse er 50 pst. i 2018, og samstundes fleire med toppkompetanse og fleire stipendiatstillingar Tiltak: - HiSF skal eigenfinansiere 5 doktorgradsstipendiatar frå HiSF skal ha etablert eit kompetanseprogram for fou innan Det skal tildelast 4 professorkvalifiseringsstipend og 5 førstelektorkvalifiseringsstipend kvart år Mål 3: PhD-utdanning; utgreiing innan 2018, og etablert PhD-utdanning (tredje syklus) innan 2020 Tiltak: - HiSF etablerer 1-2 prioriterte strategiske satsingsområder våren 2015 som skal danne grunnlaget for etablering av framtidig PhD-utdanning ved HiSF Mål 4: Sterke forskingsmiljø og forskingsgrupper med høgt tilslag av ekstern finansiering i NFR og vesentleg aktivitet mot EU i 2020 Tiltak: - HiSF skal etablere eit felles tiltak for kvalitet i søknader om forskingsmidlar hausten 2015 Mål 5: Framifrå forskingsbasert undervisning i 2018 Tiltak: - HiSF skal utarbeide ein handlingsplan for forskingsbasert undervisning i 2015 Mål 6: Målretta kompetanseoppbygging i 2018 Tiltak som under målsetting 2. Mål 7: Styrka internasjonalisering og auka mobilitet i 2018 Tiltak: - HiSF opprettar internasjonaliseringsstipend for fagtilsette etter mal frå Forskingsrådet frå 2016 Viktige føresetnader for å nå målsettingane: - Fullfinansierte stipendordningar - Nye administrative ressursar til 1) kompetanseprogram, 2) NFR-søknader, 3) EU-søknader, 4) Statistikk/IKT-støtte til forskingsprosjekt - Finansiering av eksterne fagkrefter, tilgang til litteratur, ustyr og anna vesentleg infrastruktur

214 Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategi- og handlingsplan for fou av 24

215 45/15 Delårsrapportering 1. tertial 2015 Arkivsak-dok. 14/ Arkivkode. 134 Saksbehandler Karianne Bergheim Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Rekneskapsrapport for 1.tertial 2015 vert teke til vitande. Saksvedlegg: Leiingskommentar til rekneskapen 1. tertial Tidlegare saker som vedkjem denne saka: Sak Budsjett Saksframstilling Føremålet med denne saka er å gje styret informasjon om den økonomiske stoda pr. 30. april Saka byggjer på tertialrapporteringa pr. 1. tertial 2015 som er send Kunnskapsdepartementet (KD). Denne er godkjend av styreleiar og rektor etter fullmakt frå styret. Rekneskapen pr er sett opp i samsvar med reglane i dei statlege rekneskapsstandardane og Kunnskapsdepartementet sitt rapporteringsoppsett. Inntekts- og kostnadsramme for 2015 HiSF har fått tildelt ei ramme frå staten på kr 362,7 mill. i 2015 til ordinær drift. I tillegg har vi budsjettert diverse andre inntekter på kr 3,1 mill, som gjev ei total inntektsramme på kr 365,8 mill. Kostnadsramma for 2015 er budsjettert til kr 365,6 mill. noko som gjev eit budsjettert mindreforbruk i 2015 på kr 0,2 mill. Økonomisk ramme for ordinær drift 2015 Løyving KD Dekningsbidrag Materiellpengar 960 Forskotert studiepoeng inntekter HiSFO Sum økonomisk ramme for dekking av driftsnivået for Vedtatt kostnadsramme Budsjettert overskot Tal i heile tusen 27

216 Inntektsramma er det knytt lite usikkerheit til, løyvinga frå Kunnskapsdepartementet er sikker og utgjer 99 % av inntektsramma for ordinær drift. Usikkerheita er knytt til kostnadsramma. Vi har hatt ei oppfølging av periodiserte kostnader. Tabellen under viser rekneskapen til avdelingane samanlikna med forventa forbruk (periodisert kostnadsbudsjettet) pr april. Totalt overskot pr april 2015 inkluderer over/underskot frå Einingane er ansvarlege for å halde budsjettramma på si avdeling og eit over/underskot blir vidareført til neste år. Vi har difor skilt ut ein kolonne som viser over/underskot overført frå 2014, dette for å gje eit bilete av over/underskot separat for I tabellar og tekst nyttar vi over/underskot som i denne samanheng er eit meir- eller mindreforbruk i høve til kostnadsbudsjettet for Resultat løyvingsfinansiert verksemd 2015 Budeining Rekneskap pr april 2015 Kostnadsbudsjett pr april 2015 Totalt overskot pr april 2015 Over- /underskot frå 2014 Over- /underskot 2015 AHF AIN ALI ASF Fagavd Fellestenester HiSF Oppdrag Totalt HiSF Tal i heile tusen Tabellen over viser den interne budsjettoppfølginga for HiSF. Denne viser at vi har eit mindreforbruk i høve budsjett på om lag 6 mill, og av dette er 4,6 mill overført frå Overskotet isolert for i 1. tertial utgjer 1,4 mill. Fagavdelingane har eit overskot i høve budsjett på 2,3 mill. medan fellestenester og HiSF Oppdrag har eit underksot på 0,9 mill. Alle fagavdelingane avdelingane har med seg eit overskot frå 2014 etter at ein dekke underskotet på ASF med 2,5 mill. i Ser vi isolert på 2015 har AHF og AIN eit overskot medan ALI og ASF har eit lite underskot. Avdeling for helsefag Avdelinga har eit overskot pr april 2015 på kr 1,4 mill. Dette kjem eit mindreforbruk på løn med 1,1 mill og eit mindreforbruka andre driftskostnader med 0,3 mill. Avdeling for ingeniør og naturfag Avdelinga har eit totalt overskot pr april 2015 på kr 1,3 mill, der ingeniør har eit overskot på kr 0,6 mill og naturfag har eit overskot på kr 0,7 mill. 28

217 Avdeling for lærarutdanning og idrett Avdelinga har eit underskot pr april på -0,3 mill. Dei viser eit overforbruk på løn med 1 mill. og mindreforbruk andre driftskostnader på 0,9 mill. I tillegg kjem eit meirforbruk til investeringar på 0,1 mill. Resterande relaterer seg til avrekningar og interne disponeringar. Avdeling for samfunnsfag Avdelinga har eit lite underskot pr april. Dette kjem hovudsakeleg av eit meirforbruk på reiser, dette er spesielt relatert til refusjon av reiser for studentar i praksis. Oppsummert for avdelingane Vi har budsjettbalanse for avdelingane ved årets utgang. Lønskostnadane utgjer nesten 90 % av totalkostnaden for fagavdelingane. Utarbeiding av arbeidsplanar for fagleg tilsette er eit godt styringsverktøy for å ha kontroll på lønskostandane. Fellestenestene og institusjonsnivå har eit underskot pr april på kr 0,9 mill. Dette skuldast store investeringar i første tertial på 3,5 millionar som relaterer seg hovudsakeleg til innkjøp av nye PC ar og skjermar. Andre investeringar vi skal gjennomføre i år er skifte printerar/kopimaskiner. Lync skal nyttast i staden for dagens fasttelefonar. Når desse investeringane er gjennomført, vil vi nytte avsette utstyrsmidlar for å dekke meirforbruket i høve budsjett som følgje av desse investeringane. HiSF Oppdrag si administrative drift går om lag i budsjettbalanse. Det er eit lite meirforbruk på løn og eit mindreforbruk på andre driftskostnader. Kommentar til dei største kostnadspostane for fellestenester og institusjonsnivå: Lønskostandane er kr 3,8 mill. lågare enn budsjett Investeringar viser eit meirforbruk på kr 2,6 mill. Meirforbruket på investeringar er kommentert over Utgiftene til husleige og straum er om lag kr 0,7 mill lågare enn budsjett og utgjer om lag 3% av dei budsjetterte kostnadane for perioden Avsetnader Avsetnader er inntekter til aktivitet som er vedteke, men som strekkjer seg utover inneverande rekneskaps periode, og skal brukast seinare. Tabellen under samanliknar avsettingane pr med avsetting pr

218 Avsetting pr Avsetting pr Endring i Inntektsført løyving perioden Kunnskapsdepartementet SUM utsett verksemd SUM strategiske føremål SUM større investeringar Overskot løyvingsfinansiert verksemd Andre avsettingar SUM andre avsettingar Sum unytta løyving frå Kunnskapsdepartementet Avsetting pr Avsetting pr Endring i Ikkje inntektsført bidrag perioden Sum andre statlege etatar Sum Norges forskningsråd Regionale forskningsfond Sum andre bidragsytarar Sum ikkje inntektsført løyving og bidrag Tal i heile tusen Inntektsførte løyvingar og bidrag Avsett unytta løyving frå Kunnskapsdepartementet utgjer 66,4 mill ved 1. tertial Dette er motteken løyving som vesentleg er avsett til strategiske føremål og større investeringa. Ved nyttår 2014 var denne avsettinga kr 63,4 mill og pr april 2015 har avsettinga auka med kr 3 mill. Det er naturleg at vi har ein auke i avsetnadane 1. tertial då ein overfører midlar til interne prosjekt for bruk i løpet av året. Ikkje inntektsførte løyvingar, bidrag og gåver Denne avsettinga har ein vesentleg reduksjon. Dette skuldast at vi har inntektsføring meir av løyvinga frå KD enn det vi har fått utbetalt pr 1. tertial. Vi har store kostander i starten av året til årsavgifter og abonnement, men som vedkjem heile Dette har vi og periodisert i budsjettet, det er difor naturleg at vi nyttar meir av løyvinga frå KD enn det vi har fått utbetalt. Likviditet Tal i heile tusen Januar Februar Mars April Inngåande kontantbeholdning Netto reduksjon/auke Utgåande kontantbeholdning Tal i heile tusen Likviditeten har store svingingar og skuldast at vi mottek løyving frå KD kvart tertial. Tabellen viser at vi hadde ein auke i behaldninga i januar då vi mottok innbetalinga frå departementet. Dei resterande månadane blir behaldninga redusert, men vil auke igjen i mai når vi får neste innbetaling frå KD. Oversikta viser at høgskulen har god likviditet. 30

219 Vurdering I høve til budsjettert kostnadsramme syner den ordinære drifta pr eit overskot på kr 1,4 mill. Dette utgjer under 1 % av budsjett og ligg godt innanfor normal uvisse. Når ein tek med mindreforbruk for 2014 på kr 4,6 millionar så er det samla mindreforbruket kr 6 millionar. Samanliknar vi overskotet pr april mot tidlegare år ser vi at overskotet er vesentleg mindre. Pr april 2014 hadde vi eit overskot for dei fire første månadane på 7,4 mill. og for same periode i 2013 var dette 4,3 mill. mote årets 1,4 mill. Store IT investeringane til utskifting av PC ar og skjermar kan forklare noko av desse skilnadane. Samla sett er den økonomiske stoda ved høgskulen god, men marginane er små, og det er det viktig å ha ei tett økonomisk oppfølging gjennom heile året. Vedlegg til sak 31

220

221

222

223

224 46/15 Utdanningsutvalet - endring av mandat og samansetjing Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 012 Saksbehandler Kari Thorsen Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Styret vedtar samansetjing og mandat for Utdanningsutvalet frå i samsvar med saksutgreiinga Saksvedlegg: Uprenta vedlegg: Evaluering av kvalitetssikringssystemet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Rapport frå sakkunnig komité. Saksframstilling Styret vedtok Reglement for Utdanningsutvalet i 2011 med heimel i Lov om universiteter og høgskoler 9.1 (2). Reglementet omfattar samansetjing og mandat for arbeidet. Med bakgrunn i NOKUT si evaluering av høgskulen sitt kvalitetssystem, og utvalet si eigen evaluering av arbeidet får styret i denne saka eit framlegg til reglement der samansetjinga er noko presisert, og der det vert foreslått nokre endringar i mandatet. NOKUT sin rapport etter evaluering av høgskulen sitt kvalitetssystem 2015 inneheld nokre vurderingar av Utdanningsutvalet sitt arbeid sett i forhold til utvalet sitt mandat og rolle i kvalitetssystemet. Utdanningsutvalet har ei sentral rolle i kvalitetsarbeidet på institusjonsnivå. Utvalet har hovudansvar for å utvikle og forvalte høgskulen sitt kvalitetssikringssystem, det har ansvar for å sikre god kvalitet på dei utdanningane høgskulen tilbyr, det godkjenner alle nye studieplanar med omfang over 30 studiepoeng og har ansvar for institusjonen sin rapport om utdanningskvalitet som vert lagt fram for styret. NOKUT-kommisjonen si vurdering er at kvalitetssikring av nye studieplanar er tilfredsstillande, medan det vert stilt spørsmål til korleis Utdanningsutvalet arbeider med kvalitetssikring av eksisterande studieprogram. Kommisjonen meiner Utdanningsutvalet bør ta ei meir aktiv rolle i kvalitetssikring av eksisterande studium og rår høgskulen til å flytte fokus frå emnenivå til kvalitet og utvikling av heile studieprogram. Utvalet bør og kunne gjennomføre meir tematiske evalueringar der det kan vere tenleg. Kommisjonen er og opptatt av korleis Utdanningsutvalet arbeider med rapport om utdanningskvalitet på institusjonsnivå. Denne har vore utarbeidd av Seksjon for utdanning med basis i dekan- og instituttleiar sine rapportar frå kvar avdeling. Kommisjonen rår sterkt til at Utdanningsutvalet bør ta ei meir aktiv rolle i utarbeiding av institusjonen sin rapport om utdanningskvalitet. Utvalet bør vere tettare involvert i korleis dekanane sine rapportar og forslag til tiltak kan nyttast vidare inn i institusjonsrapporten. Det bør leggast større vekt på analysar og vurdering av data på alle rapporteringsnivå. Det vart og peika på 32

225 Utdanningsutvalet sitt ansvar for å sikre oppfølging av dei foreslåtte tiltaka i institusjonsrapporten. For å imøtekome desse synspunkta foreslår rektor å gjere nokre presiseringar i mandatet til utdanningsutvalet. Rektor foreslår vidare å nytte Utdanningsutvalet sin kompetanse inn mot meir strategiske vurderingar som gjeld utvikling av høgskulen sin studieportefølje. Utvalet vil slik kunne få ei rolle for utdanningsfeltet som ligg tettare opp til FoU-utvalet si rolle innanfor Fou-området. I anna sak til dette styremøtet legg rektor fram forslag til Strategi- og handlingsplan for utdanningskvalitet. Det vert foreslått at Utdanningsutvalet får ansvar for oppfølging og ein årleg revisjon av Strategi- og handlingsplanen. Arbeidet i Utdanningsutvalet vert meir krevjande, og det vil vere viktig å sikre god forankring av arbeidet. Det vert difor foreslått at utvalet møtest tre gonger kvart semester, og at alle avdelingane vert representert på leiarnivå i utvalet. Framlegg til revidert Reglement for Utdanningsutvalet Ny tekst er i kursiv. Tekst som vert foreslått fjerna er sett strek over. Samansetjing Utdanningsutvalet skal ha åtte medlemmer med personlege varamedlemmer og ha følgjande samansetjing: Viserektor for utdanning, leiar Fire leiarar dekan eller instituttleiar i undervisnings- og forskarstilling Ein ekstern medlem To studentar Alle medlemmer og varamedlemmer med unnatak for studentrepresentantane vert oppnemnde av styret med funksjonstid fire år. Alle avdelingar skal vere representert. Rektor er vararepresentant for leiar. Studentrepresentantane vert oppnemnde av Studentparlamentet med funksjonstid på eitt år. Seksjon for utdanning er sekretariat for utvalet. Mandat Utdanningsutvalet er eit rådgjevande utval for rektor i saker som gjeld kvaliteten på HiSF sine utdanningar. Utvalet skal: Bidra til strategisk utvikling av høgskulen sin studieportefølje Stimulere og initiere utvikling av forskingsbaserte utdanningar med høg kvalitet Stimulere og initiere utvikling av pedagogisk og digital kompetanse i høgskulen Bidra til internasjonalisering av høgskulen sine utdanningar 33

226 Gjennomføre tematiske evalueringar, analysere resultat og setje i verk tiltak for utvikling av kvaliteten i høgskulen sine studieprogram Utarbeide ein årleg rapport om utdanningskvalitet som vert lagt fram for styret Følgje opp Strategi- og handlingsplan for utdanning i samsvar med vedtak i styret Utvalet er delegert avgjerdsmynde når det gjeld å: Kvalitetssikre og godkjenne studie- og emneplanar sjå til at desse er i samsvar med høgskulen si forskrift og overordna krav Utvikle og forvalte høgskulen sitt system for kvalitetssikring Fastsetje forskrifter og reglement som regulerer opptak, eksamen, studium og grader, og studentane sine rettar og plikter i forhold til høgskulen. Unntak frå dette er forskrifter som i følgje lovverket skal fastsetjast av styret sjølv eller der styret har delegert fullmakt til andre organ Lyse ut og tildele Utdanningsprisen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Gjennomføre programevaluering for utvalde studieprogram med ekstern deltaking Revidere Strategi- og handlingsplan for utdanning kvart år Vurdering Utdanningsutvalet har ei sentral rolle i arbeid med utdanningskvalitet i høgskulen. Etter fire år er det naturleg å gå gjennom reglementet for utvalet både med tanke på samansetjing og mandat. Rektor meiner det er viktig å følgje opp dei forslaga til utvikling av kvalitetssystemet som NOKUT foreslår. Dei foreslåtte endringane i mandatet skal opne for at utvalet i større grad vert involvert i strategiske drøftingar, og utvalet får eit tydelegare ansvar for å gjere val og prioritere tema for nærare analysar og kvalitetsvurderingar. Høgskulen har sjølv ansvar for pedagogisk og fagleg kvalitet i utdanningane, kvalitetssikring av studieplanar for alle typar studium og god forvaltning av regelverk knytt til opptak og studiegjennomføring. Fleire masterutdanningar, fellesgradar og samarbeid om utdanningar med andre institusjonar er område der Utdanningsutvalet får ei viktig rolle i arbeid med utforming av kvalitetssikringstiltak framover. Rektor meiner det vert viktig at utvalet er slik sett saman at alle avdelingane er representert, og vil foreslå representantar med leiarroller. Målet er at arbeidet i utvalet skal skje i tett kontakt med institutta sitt arbeid med utdanningskvalitet. 34

227 47/15 Oppdatert mandat og samansetjing av fou-utvalet ved HiSF Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 012 Saksbehandler Erik Kyrkjebø Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Styret sluttar seg til framlegget til oppdatert mandat og samansetjing av fou-utvalet ved HiSF. Saksvedlegg: Saksframstilling Styret vedtok gjeldane mandat for fou-utvalet ved HiSF i juni 2011, og ei utviding frå 3 til 4 fagtilsette i utvalet i november Vidare vart mandatet for fou-utvalet utvida i november 2014 til og å vere HiSF sitt forskingsetiske utval. Det blir i denne saka lagt fram forslag om å behalde mandatet i stor grad slik det er for neste periode, men med nokre oppdateringar for å reflektere tidligare utvidingar og det som har etablert seg som gjeldande praksis i utvalet. Utvalet sitt mandat slik det går fram av vedtaket frå juni 2011 har ikkje personleg vara for dei fagtilsette sidan alle avdelingar ikkje var representert i utvalet, og det var ynskjeleg at varamedlemmet kom frå den avdelinga som ikkje hadde fast representasjon. Etter utvidinga til 4 medlemmer frå dei fagtilsette ein frå kvar avdeling har det ofte vore naudsynt å kalle inn vara, og denne er då henta frå same avdeling som representanten som har meldt forfall. Dette har sikra god kommunikasjonsflyt mellom dei ulike avdelingane og fou-utvalet, og det blir foreslått å formalisere denne praksisen. Det ligg i gjeldande mandat at minst ein av studentrepresentantane skal vere masterstudent. Studentmedlemmene av utvalet blir valde av studentane sjølve, og slik er det vanskeleg å ha eit absolutt krav til dette. Dette blir føreslege endra til at minst ein av studentmedlemmene bør vere masterstudent. Det er ynskjeleg at medlemmene i fou-utvalet representerer eit breitt fagleg perspektiv, og at utvalet er samansett av både disiplinfagleg og profesjonsfagleg kompetanse, både kvalitative og kvantitative perspektiv, og både naturvitskapleg og samfunnsvitskapleg bakgrunn. Rektor vil vurdere dette aspektet ved oppnemning av representantar frå dei fagtilsette, og det er skrive inn i som ei setning under samansetjing av utvalet. Det er vidare føreslege at faste medlemmer av høgskulestyret og leiargruppa (utanom viserektor for fou som er leiar av utvalet) ikkje skal kunne nemnast opp som (vara- )medlemmer av utvalet sidan desse ofte skal handsame tilrådingar frå utvalet i leiargruppa eller styremøter i etterkant. 35

228 Saka legg fram eit framlegg til oppdatert mandat og samansetjing av fou-utvalet ved HiSF i saksutgreiinga, og der endringar i mandatet er markert (understrekingar er nye punkt, strykingar er sletta punkt). Framlegget til oppdatert mandat og samansetjing utan markerte endringar står til slutt i saka. Framlegg til oppdatert mandat og samansetjing av fou-utvalet ved HiSF Mandat Fou-utvalet er eit rådgjevande utval for rektor i saker som gjeld fou-arbeidet ved høgskulen Utvalet skal: Bidra til at styret sine strategiske føringar på fou-området blir følgde opp, og gje rektor råd om tiltak og strategiar som kan heve kvaliteten på HiSF sitt fou-arbeid Initiere og stimulere til forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet, til vitskapleg publisering på høgt nivå og til allmennretta formidling av høg standard Bidra til utvikling av høgskulen sitt system for kvalitetssikring av fou-arbeid Bidra til at HSF deltek aktivt i samhandling med andre forskingsmiljø og fou-finansierande organ. Bidra til utvikling av gode rammevilkår og støttefunksjonar for fou-arbeidet Fungere som høgskulen sitt forskingsetiske utval som detaljert i «Mandat for Høgskulen i Sogn og Fjordanes forskningsetiske utvalg» Utvalet er delegert avgjerdsmynde i følgjande saker: Utlysing og tildeling av fou-prisen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Samansetjing Fou-utvalet skal ha 9 medlemmer med følgjande samansetjing: Viserektor for fou, leier av utvalet Fire tilsette i forskings- og undervisningsstilling Eit medlem frå stipendiatane Eit eksternt medlem To studentrepresentantar, der minst ein er bør være masterstudent. Alle medlemmer med unnatak av stipendiaten og studentrepresentantane vert oppnemnde av rektor med funksjonstid fire år. Samansetninga av utvalet bør i størst mogleg grad representere det faglege spekteret ved høgskulen. Faste medlemmer av høgskulestyret og leiargruppa kan ikkje oppnemnast som medlemmer av utvalet. Funksjonstida for stipendiaten er to år. Studentrepresentantane vert oppnemnde av Studentparlamentet med funksjonstid eitt år. Det er ikkje personlige varamedlemmer med unntak av at rektor er vararepresentant for viserektor. Sekretær Viserektor for fou er sekretær for utvalet. 36

229 Vurdering Rektor nemner opp følgjande medlemmer frå dei fagtilsette til fou-utvalet ved HiSF for perioden til : Jacob Yde, (vara Erling Holden), AIN Ulrike Spring (vara Magne Mæhle), ASF Astrid Wahl (vara Anne-Grethe Halding), AHF Amund Riiser (vara Ann Karin Sandal), ALI Med bakgrunn i saksutgreiinga tilrår rektor at styret sluttar seg til framlegget til oppdatert mandat og samansetjing av fou-utvalet for HiSF for perioden til Oppdatert mandat og retningslinjer for samansetjing av fou-utvalet ved HiSF blir med dette: Mandat Fou-utvalet er eit rådgjevande utval for rektor i saker som gjeld fou-arbeidet ved høgskulen Utvalet skal: Bidra til at styret sine strategiske føringar på fou-området blir følgde opp, og gje rektor råd om tiltak og strategiar som kan heve kvaliteten på HiSF sitt fou-arbeid Initiere og stimulere til forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet, til vitskapleg publisering på høgt nivå og til allmennretta formidling av høg standard Bidra til utvikling av høgskulen sitt system for kvalitetssikring av fou-arbeid Bidra til at HSF deltek aktivt i samhandling med andre forskingsmiljø og fou-finansierande organ. Bidra til utvikling av gode rammevilkår og støttefunksjonar for fou-arbeidet Fungere som høgskulen sitt forskingsetiske utval som detaljert i «Mandat for Høgskulen i Sogn og Fjordanes forskningsetiske utvalg» Utvalet er delegert avgjerdsmynde i følgjande saker: Utlysing og tildeling av fou-prisen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Samansetjing Fou-utvalet skal ha 9 medlemmer med følgjande samansetjing: Viserektor for fou, leier av utvalet Fire tilsette i forskings- og undervisningsstilling Eit medlem frå stipendiatane Eit eksternt medlem To studentrepresentantar, der minst ein bør være masterstudent. Alle medlemmer med unnatak av stipendiaten og studentrepresentantane vert oppnemnde av rektor med funksjonstid fire år. Samansetninga av utvalet bør i størst mogleg grad representere det faglege spekteret ved høgskulen. Faste medlemmer av høgskulestyret og leiargruppa kan ikkje oppnemnast som medlemmer av utvalet. 37

230 Funksjonstida for stipendiaten er to år. Studentrepresentantane vert oppnemnde av Studentparlamentet med funksjonstid eitt år. Sekretær Viserektor for fou er sekretær for utvalet. 38

231 48/15 Oppnemning av institusjonsansvarleg og leiar for skikkanemnda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Arkivsak-dok. 15/ Arkivkode. 012 Saksbehandler Kari Thorsen Saksgang Møtedato Saknr 1 Høgskulestyret /15 Framlegg til vedtak: Dekan Anne-Grethe Naustdal vert oppnemnd som leiar av skikkanemnda ved Høgkulen i Sogn og Fjordane frå 1.august juli Instituttleiar Osvald Lykkebø vert oppnemnd som medlem av skikkanemnda for same periode. Høgskulelærar Mariann Iren Vigdal vert oppnemnd som institusjonsansvarleg for skikkasaker ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 01.august Saksvedlegg: Skikkavurdering HiSF Rapport frå institusjonsansvarleg Anne-Grethe Naustdal Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning Uprenta vedlegg: Lov om universiteter og høgskoler Saksframstilling Høgskulen har ansvar for å gjennomføre skikkavurdering i samsvar med Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Forskrifta er frå 2006, og ei revidert forskrift har vore til høyring i sektoren. Det vert truleg ikkje endringar som har konsekvensar for denne saka. Ved HiSF er det studentar i lærarutdanningane og helse- og sosialarbeidarutdanningane som er underlagt skikkavurdering. Definisjonen av skikkavurdering er slik i forskrifta: Løpende skikkethetsvurdering av alle studenter skal foregå gjennom hele studiet og skal inngå i en helhetsvurdering av studentens faglige og personlige forutsetninger for å kunne fungere som lærer eller som helse- eller sosialpersonell. En student som utgjør en mulig fare for barnehagebarns og elevers eller pasienter, klienters og brukeres liv, fysiske og psykiske helse, rettigheter og sikkerhet, er ikke skikket for yrket. Det er utarbeidd kriterier som vert nytta i slik skikkavurdering, og forskrifta inneheld formelle krav til informasjon, prosessar og vedtak. Dersom ein student vert funnen ikkje-skikka til yrket vedkomande utdannar seg for, kan institusjonen si klagenemnd gjere vedtak om utestenging frå studiet i inntil tre år. Vedtaket gjeld for tilsvarande studium ved alle institusjonar under lova. Skikkavurderinga vert gjort av ei eige skikkanemnd som innstiller til Klagenemnda ved høgskulen. Det er klagenemnda som gjer vedtak i skikkasaker. Samansetjing av 39

232 skikkanemnda er regulert av forskrifta, og leiar skal vere fagleg leiar for ei avdeling eller fakultet. Eva Marie Halvorsen, AHF, har vore leiar av skikkanemnda. Når ho sluttar som dekan, er det behov for at styret oppnemner ein ny leiar. Det er vidare krav om at ein medlem skal vere fagleg studieleiar. Denne funksjonen har instituttleiar Aud Marie Stundal, ALI, hatt. Når ho sluttar som instituttleiar, er det og bruk for ein ny medlem i denne rolla. Instituttleiar Osvald Lykkebø, ALI, vert foreslått som ny medlem. Noverande skikkanemnd er oppnemnd med funksjonstid fram til desember Rektor vil kome tilbake med framlegg til øvrige medlemar i skikkanemnda til hausten. I samsvar med forskrifta skal styret nemne opp ein institusjonsansvarleg for skikkasaker. Ved HiSF har Anne-Grethe Naustdal hatt denne rolla frå forskrifta kom i Naustdal ber no om avløysing. Ho har skrive ein rapport til styret om arbeidet med skikkasaker ved HiSF som ligg ved saka. Naustdal har stor interesse for dette arbeidet, og stiller seg til disposisjon som leiar for skikkanemnda. Anne-Grethe Naustdal vert foreslått som ny leiar av skikkanemnda. Som ny institusjonsansvarleg for skikkasaker foreslår rektor høgskulelærar Mariann Iren Vigdal. Vigdal har sidan august 2014 vore tilsett som høgskulelærar ved avdeling for samfunnsfag, institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Vigdal er utdanna cand. mag og klinisk sosionom med tverrfagleg vidareutdanning innan behandling, rehabilitering og oppfølging av menneske med alvorlege psykiske lidingar. Ho er i innspurten som student på Master i samhandling ved HISF. Vigdal er godkjend rettleiar, og har i tillegg ei vidareutdanning innan vald i nære relasjonar. Vigdal har mykje erfaring med rettleiing, krevjande samtalar og skriftleg dokumentasjon frå tidlegare arbeid. Vurdering Tal saker som fører fram til skikkavurdering er ikkje så stort i høgskulen. Det er heller ikkje noko mål i seg sjølv at saker skal gå til handsaming i skikkanemnda. Høgskulen søkjer helst å rettleie slike studentar ut av studiet på annan måte. Men skikkavurderinga er viktig, og det er aukande forståing for alvoret i slike saker. Det er behov for opplæring og informasjon til studentar og tilsette i høgskulen om kva skikkavurdering inneber. Det same gjeld opplæring og forståing for skikkavurdering i praksisfeltet, og korleis skikkavurdering skil seg frå anna vurdering av studentane. Kvart år arbeider institusjonsansvarleg med eit ikkje ubetydeleg tal tvilsmeldingar. Det krev vurderingssamtalar og utarbeiding av opplegg for utvida rettleiing. Institusjonsansvarleg legg til rette for møte med instituttleiar og andre, og har ansvar for skriftleg dokumentasjon av heile prosessen fram mot eventuell skikkavurdering. Med tanke på skikkavurdering og eventuell sak om utestenging, er det avgjerande at høgskulen har god kvalitet på all skriftleg dokumentasjon. Skikkavurdering er svært alvorleg og kan få store konsekvensar for den det gjeld. Studenten har rett til å nytte advokat, og høgskulen må sikre at alt vert gjort formelt rett undervegs. Rektor er glad for å kunne foreslå dekan Anne-Grethe Naustdal, ASF, som ny leiar for skikkanemnda. Slik får høgskulen ein særs kompetent og engasjert leiar i nemnda og sikrar samstundes kontinuitet i arbeidet. For at skikkanemnda skal vere fullstendig, vert det foreslått at instituttleiar Osvald Lykkebø, ALI, vert oppnemnt i staden for Aud Marie Stundal som no går av som instituttleiar. 40

233 Som ny institusjonsansvarleg forslår rektor å oppnemne høgskulelærar Mariann Iren Vigdal, ASF. Ho arbeider på eit institutt der utdanningane er omfatta av skikkavurdering og har mykje relevant erfaring frå arbeid av liknande karakter. Vedlegg til sak 41

234 Til styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane Skikkavurdering HiSF Anne-Grethe Naustdal Institusjonsansvarleg for skikkavurdering Høgskulen i Sogn og Fjordane Juni 2015

235 Innhold 1. Innleiing Skikkasaker HiSF Korleis har sakene gått? Kjenneteikn ved skikkasaker Nasjonalt arbeid med skikkavurdering Nasjonal politiattestnemnd Skriftlege arbeid Foredrag Sluttord

236 1. Innleiing Høgskulestyret oppnemner institusjonsansvarleg for skikkavurdering. Underteikna har hatt dette vervet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan ny forskrift kom i Som fyrste institusjonsansvarleg etter ny forskrift fekk eg hovudansvar for å informere om ordninga med skikkavurdering i dei aktuelle utdanningane i HiSF. Eg har tatt hand om tvilsmeldingar som har kome inn på einskildstudentar og har utvikla eit system for handtering av desse sakene. Ved HiSF har eg satt skikkavurdering på dagsorden på leiarsamlingar og på møte ved fagavdelingar i høgskulen og for delar av høgskulen sitt praksisfelt. Denne rapporten gjer greie for sentrale deler av skikkaarbeidet som er utført ved HiSF i tidsrommet Skikkavurdering er eit viktig virkemiddel for å sikre at Høgskulen i Sogn og Fjordane utekseminerar kandidatar som innfrir forventningar samfunnet stiller til profesjonelle yrkesutøvarar. Nasjonalt er 26 utdanningar underlagt Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Å vurdere om ein student er skikka til yrket vedkommande utdannar seg til, omfattar ei vurdering av både faglege og personlege føresetnadar. Forskrifta om skikkavurdering har klare kriterium ein skal vurdere etter. Samstundes er det naudsynt å utøve skjønn i vurderingane. Å utøve skjønn i høve studentane sine personlege eigenskapar i høve dei kriteria yrkesprofesjonen krev, er eit ansvar utdanningsinstitusjonane er pålagt og som må utførast på best mogleg måte av omsyn til alle involverte partar. Formålet med innføringa av skikkavurderinga er omsynet til «den svake part»; ein ynskjer å hindre at born, elevar, pasientar og brukarar av ulike velferdstenester skal møte yrkesutøvarar som ikkje er skikka for det arbeidsområdet dei vil utdanne seg til. Nasjonalt har det ikkje vore så mange skikkasaker til behandling, For å utvikle ein god og felles praksis var eg i 2007 ein av initiativtakarane til å skipe Nettverk for skikkethetsansvarlige. Nettverket samlar årleg alle institusjonsansvarlege for skikkavurdering i Noreg, leiarane av skikkanemndene og nokre nemndmedlemmer. Nettverket har blitt meir formalisert dei siste åra og har fått nytt namn; Nasjonalt forum for skikkethetsvurdering, og har eit eige arbeidsutval, der eg er nestleiar. Vi har kvart år ei samling over to dagar der ulike tema kring skikkavurdering vert belyst og drøfta. Siste del av rapporten gjer greie for arbeidet på nasjonalt nivå for å kvalitetssikre skikkaarbeidet. 1 KD. (2006). Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. KD. (2006). Rundskriv F Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning 2

237 2. Skikkasaker HiSF Tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) 2 syner at det nasjonalt er få skikkasaker. I 2012 vart det rapportert 75 tvilsmeldingar. 6 saker vart behandla i skikkanemnd og 4 studentar vart erklært uskikka. I 2013 vart det rapportert 85 tvilsmeldingar, der 3 saker vart behandla i skikkanemnd og 1 student vart erklært uskikka. I 2014 vart det rapportert 83 tvilsmeldingar, der 8 saker vart behandla i skikkanemnd og 2 studentar vart erklært uskikka. Ved HiSF har eg behandla totalt 25 tvilsmeldingar sidan Tabell 1 syner ein oversikt over tal saker og korleis dei fordelar seg mellom helse- og sosialutdanningane og lærarutdanningane. Tabell 1 Bachelorutdanningane i helse- og sosial har hatt alle sakene, med unntak av ei sak knytt til lærarutdanningane. Sjukepleie-, barnevern-, vernepleie- og sosionomutdanningane har alle hatt saker til behandling. Når institusjonsansvarleg mottar ei grunngjeven melding om tvil om ein student er skikka for yrket han/ho utdannar seg til, skal det gjennomførast ei særskilt skikkavurdering. Studenten skal mellom anna bli gitt tilbod om forsterka rettleiing og oppfølging. Studentar det vert meldt tvil om må ivaretakast på beste måte, men formålet med forskrifta; ivaretaking av sårbare grupper, må alltid stå fremst. Det er store krav til skriftleg dokumentasjon i denne type saker. For institusjonsansvarleg står samarbeid med instituttleiar og rådgjevar i utdanningssaker ved den aktuelle avdelinga sentralt. På alle møter med studenten er alltid aktuell instituttleiar og ein sekretær (rådgjevar ved avdelinga) tilstades. 2 DBH (2015). Skikkethetsvurdering. Database for høyere utdanning. 3

238 Saksgangen i skikkasaker kan skisserast slik; Tabell Korleis har sakene gått? 5 saker vart avslutta etter gjennomføring av vurderingssamtale 5 saker vart avslutta etter vedtak om utestenging i styrets klagenemnd 1 sak vart avslutta ved at studenten gjennomførte ekstra rettleiingsopplegg og fleire oppfølgingssamtalar + ekstra oppfølging i praksis studenten nytta to forsøk på praksis og mista studieretten saka vart ikkje tatt vidare til skikkanemnd fordi studenten ikkje lenger hadde studierett 2 saker vart avslutta etter gjennomføring av vurderingssamtale, dokumentasjon, rettleiing og samtalar. Studentane valde sjølv å slutte. 1 sak vart avslutta etter at studenten ikkje lenger ville møte til samtalar/rettleiing og saka vart meldt vidare til Statens autorisasjonskontor fordi studenten sa han/ho ville søke overflytting til anna skule. Studenten slutta ved HiSF 10 saker avslutta etter gjennomføring av utvida rettleiing. Studentane har fått halde fram i studie 1 sak er framleis under behandling når denne rapporten vert skriven 4

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Sunnfjord Hotell, Førde Dato: 19.05.2016 Tidspunkt: 10:00 16:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Tørvis Hotell, Marifjøra Dato: 17.06.2014 Tidspunkt: 09:00 14:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

Strategi- og handlingsplan for utdanning

Strategi- og handlingsplan for utdanning Strategi- og handlingsplan for utdanning 2015 2020 Drøftingsutkast 08.05.2015 Forankring i Strategisk plan 2014-2018 Strategi og handlingsplan for utdanning byggjer på høgskulen sin overordna strategiplan

Detaljer

Strategi- og handlingsplan for utdanning 2015-2020

Strategi- og handlingsplan for utdanning 2015-2020 Strategi- og handlingsplan for utdanning 2015-2020 Vedteken av styret 17.06.15 Visjon for utdanningsområdet Strategi og handlingsplan for utdanning byggjer på høgskulen sin overordna strategiplan der visjonen

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Møterom 1, Fossbygget Dato: 13.03.2014 Tidspunkt: 10:00 16:30 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret - offentleg

Møtebok for Høgskulestyret - offentleg Møtebok for Høgskulestyret - offentleg Møtestad: Dato: Tidspunkt: Gloppen Hotell, Sandane 05.02.2015 09:00 14:30 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi- Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Kinnaklova/ Kvamshesten, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde Dato: 29.10.2014 Tidspunkt: 10:00 15:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin

Detaljer

MØTEBOK - Høgskulestyret

MØTEBOK - Høgskulestyret MØTEBOK - Høgskulestyret Dato: 12.05.2016 kl 10:00 15:30 Sted: Møterom Stad, 2.etasje i Høgskulebygget, Sogndal Arkivsak: 15/01012 Møtte: Forfall: Administrasjonen: Referent: Trond Ueland (styreleiar)

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Dato: kl. 9:00 11:45 Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012

Dato: kl. 9:00 11:45 Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Dato: 29.09.2016 kl. 9:00 11:45 Stad: Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012 Tilstades: Møtande varamedlemmer: Forfall: Frå administrasjonen: Referent:

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Kviknes Hotell, Balestrand Dato: 6.november 2013 Tidspunkt: 09:00 15:50 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Liv

Detaljer

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 INNHALD Strategiplan for Høgskolen i Ålesund 2010 2011 3: Innleiing 4: Visjon 5: Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon 6: Verdiane 7: Dei overordna måla 8-12:

Detaljer

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: 26.11.2014 Tidspunkt: 12:30-14:30

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: 26.11.2014 Tidspunkt: 12:30-14:30 MØTEBOK Læringsmiljøutvalet Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget : 26.11.2014 Tidspunkt: 12:30-14:30 Til stades: Thomas Nybø, Annicken Lindseth, Heidi Sofie Gommerud, Aud Marie Stundal, Wenche Fjørtoft,

Detaljer

Liv Synnøve Bøyum Ingrid Moe Albrigtsen Medlem Ragna Staven Varamedlem Guro T. Gjerstadberget

Liv Synnøve Bøyum Ingrid Moe Albrigtsen Medlem Ragna Staven Varamedlem Guro T. Gjerstadberget Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Grand Hotell, Oslo Dato: 12.03.2015 Tidspunkt: 09:00 17:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal Frode

Detaljer

Kristin Maurstad for Anneli Nesteng. Inger Grøgard Stensaker og Anneli Nesteng. Rektor Rasmus Stokke og personaldirektør Wenche Fjørtoft (referent)

Kristin Maurstad for Anneli Nesteng. Inger Grøgard Stensaker og Anneli Nesteng. Rektor Rasmus Stokke og personaldirektør Wenche Fjørtoft (referent) MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 24.09.2015 kl. 11:00-14:45 Stad: Walaker Hotel, Solvorn Arkivsak: 15/01012 Møtte: Møtande varamedlemmar: Forfall: Trond Ueland (styreleiar) Hans Johan Breidablik Åse Neraas

Detaljer

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 SAMFUNNSOPPDRAGET gh UTDANNING FORSKING FORMIDLING De statlige høgskolene skal medvirke til forskning, utviklingsarbeid,

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret. Møtestad: Mølla, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fossvegen 6 Dato: Tidspunkt: 10:

Møtebok for Høgskulestyret. Møtestad: Mølla, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fossvegen 6 Dato: Tidspunkt: 10: Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Mølla, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fossvegen 6 Dato: 09.09.2014 Tidspunkt: 10:00 16.30 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar

Detaljer

Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle

Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle MØTEPROTOKOLL Utdanningsutvalet Dato: 20.10.2016 kl. 10:00-14:00 Sted: Møterom Aroma, Sogndal Arkivsak: 15/01263 Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Møterom 1, Fossbygget, Sogndal Dato: 16.12.2014 Tidspunkt: 10:00 14:30 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav

Detaljer

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte Til AMU Møteinnkalling arbeidsmiljøutvalet Det vert med dette kalla inn til møte i arbeidsmiljøutvalet. Møtestad: Stort møterom Foss, Sogndal Dato: Torsdag 17. oktober 2013 Tidspunkt: Kl. 12.15 14.00 Saksliste

Detaljer

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Dato: 1.1.016 kl. 14:00-17:30 Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde Arkivsak: 1/0101 Til stades: Møtande varamedlemmer: Forfall: Andre: Referent: Trond Ueland, Åse Neraas,

Detaljer

Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André Tryti, Bente Sønsthagen

Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André Tryti, Bente Sønsthagen MØTEPROTOKOLL Utdanningsutvalet Dato: 25.02.2016 kl. 10:00 Sted: Sogndal Arkivsak: 15/01263 Tilstede: Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Rullert av rektor pr. 15.01.15, jf. S-sak 63/14 vedtakspkt. 1 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby

Detaljer

H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane 1 H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategiplan for Høgskulen i Sogn og Fjordane 2010-2014 ligg til grunn for biblioteket sine prioriteringar OVERORDNA

Detaljer

Ane Kristiansen Solbraa. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste til møte 26.november 2015

Ane Kristiansen Solbraa. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste til møte 26.november 2015 MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 26.11.2015 kl. 10:00 15:30 Sted: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal Arkivsak: 15/01012 Møtte: Møtande varamedlemmer: Forfall: Administrasjonen: Referent: Trond Ueland (styreleiar),

Detaljer

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Strategi Ny kunnskap ny praksis Strategi 2024 Ny kunnskap ny praksis Visjon og slagord Visjon Leverer kunnskap som løyser samfunnet sine utfordringar. Slagord Ny kunnskap ny praksis Verdiane våre Lærande I tett samspel med samfunns-

Detaljer

MØTEBOK Høgskulestyret

MØTEBOK Høgskulestyret MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 04.02.2016 kl. 09:00-12:00 Sted: Quality Hotell Edvard Grieg, Bergen Arkivsak: 15/01012 Møtte: Trond Ueland (styreleiar), Hans Johan Breidablik Anneli Nesteng Kari Kjenndalen

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Dato: Tidspunkt: Bestebakken, Hafslo 17.06.2015 10:00 16:30 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi- Kathrin Osland Styreleiar Liv Horvei Medlem Olav

Detaljer

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing STUDIPLANMAL 2011 med brukarrettleiing Felt med informasjon som vises i studieplanen på nettsidene vert markert med Felt med intern (administrativ) informasjon vert markert med I Felt: I/ Forklaring: Val:

Detaljer

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering FoU ved HVO faglege satsingsområde Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering Innstilling frå Forskingsutvalet Volda, 28.05.04 Innleiing Forskingsutvalet oppnemnde i møte

Detaljer

MØTEBOK Høgskulestyret

MØTEBOK Høgskulestyret MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 04022016 kl 09:00-12:00 Sted: Quality Hotell Edvard Grieg, Bergen Arkivsak: 15/01012 Møtte: Trond Ueland (styreleiar), Hans Johan Breidablik Anneli Nesteng Kari Kjenndalen

Detaljer

Side 1 av 1 Fylkesrådmannen postmottak@kd.dep.no. Sakshandsamar: Ina Therese Sørfonden E-post: Ina.Sorfonden@sfj.no Tlf.: 41530709 Vår ref. Sak nr.: 15/5202-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt

Detaljer

Møteprotokoll for Høgskulestyret

Møteprotokoll for Høgskulestyret Møteprotokoll for Høgskulestyret Møtestad: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde Dato: 18.06.13 Tidspunkt: 15:00-17:45 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav

Detaljer

Dato: kl. 10:00 15:30 Rom Keisarinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012

Dato: kl. 10:00 15:30 Rom Keisarinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012 MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 10.11.201 kl. 10:00 15:30 Sted: Rom 2020 - Keisarinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012 Tilstede: Møtende varamedlemmer: Forfall: Frå adm møtte: Referent: Trond

Detaljer

Strategifrukost/lunsj

Strategifrukost/lunsj Strategifrukost/lunsj Det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet kva legg vi i det? Mai 2018 Ein kort repetisjon: Kva skal vi lage? Ein overordna strategi for Høgskulen på Vestlandet: Skal gi HVL

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/2015 14/01734-3 Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/2015 14/01734-3 Godkjenning av innkalling og sakliste 2 MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet Dato: 26.03.2015 kl. 14:00-15.45 Stad: Veten 3085, Høgskulebygget Arkivsak: 14/00822 Tilstade: Inger Auestad (arbeidstakar/leiar), Tone Skjerdal (arbeidstakar), Ingebjørg

Detaljer

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF Saksframlegg Dato Referanse 31.05.2011 2011/551-2955/2011 Sakshandsamar Bente Heiberg/Wenche Fjørtoft, tlf 57 67 61 20 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 11/47 Høgskulestyret 16.06.2011 ORIENTERING OM

Detaljer

Solfrid Kjoberg, Lene Borgen Waage, Anne Gro Dalland, Espen Fosse. 5/18 18/ Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Solfrid Kjoberg, Lene Borgen Waage, Anne Gro Dalland, Espen Fosse. 5/18 18/ Godkjenning av innkalling og sakliste 2 MØTEPROTOKOLL Utdanningsutval HVL Dato: 01.10.2018 kl. 11:15 14.15 Sted: Skype Arkivsak: 18/07914 Tilstade: Møtende varamedlemmer: Forfall: Andre: Protokollfører: Bjørg Kristin Selvik, Anne-Grethe Naustdal,

Detaljer

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå MØTEPROTOKOLL Utdanningsutval HVL Dato: 09.11.2018 kl. 12:30 Sted: Skype Arkivsak: 18/07914 Tilstede: Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte Møteinnkalling Læringsmiljøutvalet Møtestad: Stort møterom Foss : 09.04.2014 Tidspunkt: 13:15-15:15 Aud Marie Stundal - leiar Marte Bjørnstad Andressen - nestleiar Annicken Lindseth - medlem Morten André

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Offentleg. Styreleiar Jon Naustdalslid hadde meldt forfall. I hans stad fungerte Heidi Kathrin Osland som møteleiar.

Offentleg. Styreleiar Jon Naustdalslid hadde meldt forfall. I hans stad fungerte Heidi Kathrin Osland som møteleiar. Offentleg Møteprotokoll for Høgskulestyret Møtestad: møterom v/studenttorget Fossvegen 6, Sogndal (Høgskulen i Sogn og Fjordane) Dato: 17.12.2009 Tidspunkt: 10:00 14.00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon

Detaljer

STRATEGISK PLAN

STRATEGISK PLAN STRATEGISK PLAN 2006-2010 Versjon 30.05.06 Innleiing Den strategiske planen til Høgskulen i Volda (HVO) inneheld mål og strategiar knytte til hovudoppgåvene til høgskulen: utdanning forskings- og utviklingsarbeid

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn

Detaljer

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk. Til strategi@hvl.no FRÅSEGN FRÅ NTL: HØYRING PÅ HVL-STRATEGI Det er med blanda kjensler NTL skriv høyringsvar på HVL-strategien for 2023. Stoda i dag når det gjeld bemanning og arbeidsvilkår i fleire fakultet

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018 Regional samhandling Statleg leiargruppe Januar 2018 + + Høgskulen på Vestlandet 1. januar 2017 slo Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund seg saman til Høgskulen

Detaljer

MØTEINNKALLING Arbeidsmiljøutvalet (AMU) 2015-19

MØTEINNKALLING Arbeidsmiljøutvalet (AMU) 2015-19 MØTEINNKALLING Arbeidsmiljøutvalet (AMU) 2015-19 Dato: 17.09.2015 kl. 10:00 Sted: Veten (H-3085) Høgskulebygget Arkivsak: 14/00822 Arkivkode: Forfall meldast til Liv Synnøve Bøyum liv.boyum@hisf.no / 57676124

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send høyringsinnspel

Detaljer

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET Sak 1/10 Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 08.02.2010 Tid: Kl 18.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET 2/10

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret Styremøte 1/2017 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 26.01.2017 kl. 11:00:16:35 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Kjell Einar Dagfinrud Terje Heggem Endre

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

OMTALE AV HiSF SITT KVALITETSSYSTEM Revidert h- 11

OMTALE AV HiSF SITT KVALITETSSYSTEM Revidert h- 11 OMTALE AV HiSF SITT KVALITETSSYSTEM Revidert h- 11 Mål for kvalitetssystemet Kvalitetsprosessar... 2 Studentmedverknad... 2 Forankring i overordna planar... 3 Kvalitetshandboka... 3 Roller og ansvar i

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap Høgskolen i Nord-Trøndelag 2013 2016 Nærleik til kunnskap Vedteken av styret i HiNT 7. juni 2012 2 HiNTs rolle og eigenart (Foto: Simon Aldra) Samfunnsoppdraget til Høgskolen i Nord-Trøndelag er å utdanne

Detaljer

Rådgjevarkonferansen 2009

Rådgjevarkonferansen 2009 Rådgjevarkonferansen 2009 Dei neste 15 min. Tørre facts om HSF Utfordringar for HSF HSF - ein attraktiv høgskule? Utdanningar ved HSF og spennande planar Ta med elevane på besøk til HSF! Tørre facts Høgskulen

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2014 Rullering Framlegg frå rektor 26.02.14 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby utdannings-, forskings-

Detaljer

Utfordringar for barnehagelærarutdanningane. Høgskolen i Bergen - Senter for utdanningsforskning

Utfordringar for barnehagelærarutdanningane. Høgskolen i Bergen - Senter for utdanningsforskning Utfordringar for barnehagelærarutdanningane Følgjegruppa skal: Følge og vurdere utviklinga i den nye utdanninga særleg kvaliteten og relevansen i dei enkelte programma Gjennomføre dialogmøte med institusjonane

Detaljer

TILLITSVALD- HANDBOKA

TILLITSVALD- HANDBOKA TILLITSVALDHANDBOKA DU! Hei, Foto: Line Sjohelle Gratulerer med verv som tillitsvald! Du har no tatt på deg ei ansvarsfull oppgåve. Å vere tillitsvald betyr at du blir ein viktig kontaktperson for dine

Detaljer

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Handlingsplan for internasjonalisering

Handlingsplan for internasjonalisering Handlingsplan for internasjonalisering - Hovudmål 1: HVO skal ta aktivt del i EU-programma for utdanning, forsking og innovasjon, samt nordiske og nasjonale satsingar knytt til internasjonaliseringsfeltet.

Detaljer

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) Innleiing/grunngjeving I Bachelorstudiet i nyskaping og samfunnsutvikling skal studentane

Detaljer

Strategi og handlingsplan 2013-2016

Strategi og handlingsplan 2013-2016 Strategi og handlingsplan 2013-2016 SISOF Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane STUDENTSAMSKIPNADEN I SOGN OG FJORDANE Forretningsidè: SISOF skal drive velferdstilbod for studentane ved HiSF. Vi skal

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE: MØTEPROTOKOLL Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 19.04.2016 Tid: 09:00-11:00 Funksjon Navn Forfall Møtt for SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak Eid kommune Arkiv: FE - 140 JournalpostID: 17/824 Saksbehandlar: Anne-Grete Eikås Vedtaksdato: 20.01.2017 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 006/17 Eid ungdomsråd 28.02.2017 006/17 Råd for menneske med

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/8496-4 Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser Fylkesdirektøren rår

Detaljer

Kvalitetssystemet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2014

Kvalitetssystemet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2014 Kvalitetssystemet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2014 Mål Roller og ansvar Utval og fora Viktige element i studiekvalitetsarbeidet Evaluering Studiekvalitet og læringsmiljø Institusjonen sin rapport

Detaljer

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16. Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16. Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16 Vår sakshandsamar Liv Synnøve Bøyum, tlf. +7 7 67 6 vedtak av Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 0-6 (vedtak.06., basert på AMU sak 0/0) Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 0-6. Innleiing.

Detaljer

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet MØTEINNKALLING Forskingsutvalet Møtedato: 26.01.2016 kl. 12:15 Møtestad: BK 220 (VIP romet) Arkivsak: 15/01148 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Terje Bjelle, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Mildrid Haugland, Bente Sønsthagen. Esther Haugland og Martina Søvik Olsen

Terje Bjelle, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Mildrid Haugland, Bente Sønsthagen. Esther Haugland og Martina Søvik Olsen MØTEPROTOKOLL Utdanningsutvalet Dato: 22.10.2015 kl. 11:00 Sted: Sogndal, H-2020 Keiserinna Arkivsak: 15/01263 Tilstede: Møtende varamedlemmer: Forfall: Andre: Protokollfører: Terje Bjelle, Osvald Lykkebø,

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet Møtedato: 22.04.2016 kl. 13:15 Møtestad: Møterom SR 307 Arkivsak: 15/01198 Møtt : Lisa Storheim Kalvø Leif Roar Strand Marit Holstad Aarsæther Ingunn Elisabeth Teigen

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Studenttinget 2015/2016

Studenttinget 2015/2016 Studenttinget 2015/2016 Sakspapir 7. møte, 16.03.16. Sak 00-15/16: Konstituering... 2 Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-15/16: Godkjenning av sakliste og dagsorden... 4 Sak

Detaljer

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar

Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar 1 Studentar som lukkast Kunnskap som endrar Strategisk plan 2014-2018 for HiSF (Vedteken på HiSF-styremøte 17.6.2014) 1 2 Innleiing Høg studiekvalitet og svært god studentgjennomstrøyming, relevant forsking

Detaljer