Tokke kommune. Møteprotokoll. Kommunestyret. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 18:00

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Tokke kommune. Møteprotokoll. Kommunestyret. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 18:00"

Transkript

1 Tokke kommune Kommunestyret Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 18:00 Møteprotokoll Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Tone Dale Solvang Varaordførar SP Sigrunn Taraldlien Medlem AP Olav Seltveit Urbø Medlem SP Kjell Magne Grave Medlem AP Birgit Johanne Kovajord Medlem SP Olsnes Thor Arne Heggtveit Medlem SP Geir Arild Djuve Medlem SP Hilde Alice Vågslid Medlem AP Knut Kristian Vadder Medlem SP Ellen Ofte Jakobsen Medlem KRF Laila Karlsen Taraldlien Medlem SP Olav Storåslid Medlem AP Solbjørg Frantzen Medlem AP Tor Øystein Gravdal Medlem AP Mona Sofie Skafså Medlem AP Birger Nygård Medlem SP Olav Godtland Medlem AP Vidar Ragnvaldson Vindal Medlem AP Jarand Felland Ordførar SP Knut Seltveit Urbø Medlem SP Joachim N. Skogrød Medlem SP Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Sverre Bakke MEDL SP Olav S Urbø MEDL SP Vidar R Vindal MEDL AP Mona S. Skafså MEDL AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Ingen vara Sverre Bakke Knut Mostøyl Olav S Urbø SP Romeo A. Brown Vidar R. Vindal AP Helge Vildalen Mona S. Skafså AP Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling John Kleiv Rådmann

2 Saksliste Utvalssaksnr RS 18/1 RS 18/2 Innhald Referatsaker frå NVE - Avslag på søknad om løyve til bygging av Borsæ kraftverk Vedta frå NVE - Godkjenning av søknad om løyve til bygging av Hylebu kraftverk Politiske saker til handsaming PS 18/1 Interkommunalt samarbeid mellom Vest-Telemark kommunane - etablering av felles NAV kontor i Tokke PS 18/2 PS 18/3 72/37/2 - Flytting av Bedehus i Høydalsmo Om Noreg skal slutte seg til EU's tredje energimarknadspakke PS 18/4 Årsmelding for kontrollutvalet i Tokke for 2017 PS 18/5 Tolkning av føresegn i rusmiddelpolitisk handlingsplan Lukka... Informasjon om breibandsutbygginga.... Til dagsorden: Hilde Alice Vågslid etterlyste innleiingsvis oppfylgjing av vedtak om ordning med saksordførar, jf KS-sak 17/068.

3 Referatsaker RS 18/1 frå NVE - Avslag på søknad om løyve til bygging av Borsæ kraftverk RS 18/2 Vedta frå NVE - Godkjenning av søknad om løyve til bygging av Hylebu kraftverk

4 Politiske saker til handsaming PS 18/1 Interkommunalt samarbeid mellom Vest-Telemark kommunane - etablering av felles NAV kontor i Tokke Rådmannen si tilråding: Rådmennene i Vinje, Seljord, Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Tokke får i oppdrag å etablere eitt felles nav-kontor for Vest-Telemark innan , og utarbeide ein avtale for eit slikt felles kontor. Felles NAV-kontor for Vest-Telemark skal vere på Dalen i Tokke, og fungere som vertskommunesamarbeid etter 28-1 i kommunelova. Solbjørg Frantzen stilte spørsmål om sin gildskap. Ho vart samrøystes kjent ugild og deltok ikkje i handsaminga av saka. Det var ikkje kalla inn varamedlem, og kommunestyret talte 19 røysteføre medlemer under handsaminga av denne saka. Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteke. Rådmennene i Vinje, Seljord, Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Tokke får i oppdrag å etablere eitt felles nav-kontor for Vest-Telemark innan , og utarbeide ein avtale for eit slikt felles kontor. Felles NAV-kontor for Vest-Telemark skal vere på Dalen i Tokke, og fungere som vertskommunesamarbeid etter 28-1 i kommunelova. PS 18/2 72/37/2 - Flytting av Bedehus i Høydalsmo Rådmannen si tilråding: Tokke kommune løyver ,- til flytting av Bedehuset i Høydalsmo frå dagens plassering til ny tomt ved omsorgsbustadane. Midlane vert finansiert av konsesjonsavgiftsfondet. Saksprotokoll i Formannskapet Framlegg frå ordførar: Føresetnaden til reguleringsplanen frå 2011 er endra, sidan E-134 blir flytt til lenger unna bedehuset, Formannskapet ber om at det blir sett i gang reguleringsendring som fylje av dette. Det vart røysta over rådmannen sin tilråding mot framlegget til ordførar. Rådmannen sin tilråding fall med 7 0 røyster.

5 Føresetnaden til reguleringsplanen frå 2011 er endra, sidan E-134 blir flytt til lenger unna bedehuset, Formannskapet ber om at det blir sett i gang reguleringsendring som fylje av dette. Ellen Ofte Jakobsen stilte spørsmål om gildskap i saka. Ho vart samrøystes vedteke ugild. Vararepresentant Asborg Skjong Kroken deltok i saka. Framlegg frå Hilde Alice Vågslid, Ap/KrF: Rådmannen tilråding med endring av pris til kr Framlegg frå Tone S. D. Solvang, Sp: Nytt pkt 2: Tomta skal vere ei festetomt på om lag 500 m2. Det vart røysta over formannskapets vedtak mot samla framlegg: Formannskapets vedtak fall med 15 5 røyster. 1. Tokke kommune løyver ,- til flytting av Bedehuset i Høydalsmo frå dagens plassering til ny tomt ved omsorgsbustadane. Midlane vert finansiert av konsesjonsavgiftsfondet. 2. Tomta skal vere ei festetomt på om lag 500 m2. PS 18/3 Om Noreg skal slutte seg til EU's tredje energimarknadspakke Lokalt for Tokke som vertskommune for kraftproduksjon er ev auka marknadsprisar på straum positivt for kommunekassa, men ei tilsvarande ulempe for straumforbrukarane. Så lenge ordninga med konsesjonskraft held fram vil kommunen mest truleg kunne levere straum til redusert pris til dømes med pristak, men det er vel ikkje utenkjeleg at slike særordningar også kan koma under press når eit delmål med EU sin energiunion også er redusert straumforbruk. Auka effektkøyring og nedtappa vassmagasin også om sumaren er ein annan mogleg verknad av auka integrering i det europeiske kraftforsyningssystemet slik det her vert lagt opp til. Betre overføringskapasitet legg til rette for å køyre kraftverka når prisane er høgast både i løpet av døgnet (effektkøyring) og året (auka sumarproduksjon = lågare vasstand i reguleringsmagasin). Men om ikkje verda får kontroll på klimagassutsleppa gjennom overgang til lågkarbosamfunnet så vil det også kunne gje uheldige verknadar for Noreg. Ein avgrensa og kontrollert integrering i det europeiske straumnettet med dei fordelar og ulemper dette inneber, er vel eit tiltak nasjonen Noreg må vere med på å yte? I alle fall er det dette omsynet som rådmannen legg til grunn for å gje ei positiv tilråding i denne saka.

6 Rådmannen si tilråding: Tokke kommune er samd i at Stortinget sluttar seg til EU s tredje energimarknadspakke, men vil understreke at det også i framtida må vere nasjonal kontroll over eigarskapen til kraftproduksjon og overføringsanlegg, samt konsesjonsordningane og skatteordningane for energisektoren. Framlegg frå Tokke KrF, Ap og Sp: Tokke kommune meiner at norsk kraft skal brukast til å utvikle Norge. Tokke kommune kan ikkje akseptere at Norge gjev frå seg suvrenitet over eigne kraftressursar til EU s energibyrå ACER. Stortinget må sørge for at norsk kraft heile tida er under nasjonale myndighetars kontroll og også gjennom lov sikrar at det ikkje vert bygd private straumkablar til utlandet. Stortinget må reservere seg mot suvrenitetsavståelse til ACER. Det vart røysta over rådmannen sin tilråding mot framlegget. Framlegget vart samrøystes vedteke. Tokke kommune meiner at norsk kraft skal brukast til å utvikle Norge. Tokke kommune kan ikkje akseptere at Norge gjev frå seg suvrenitet over eigne kraftressursar til EU s energibyrå ACER. Stortinget må sørge for at norsk kraft heile tida er under nasjonale myndighetars kontroll og også gjennom lov sikrar at det ikkje vert bygd private straumkablar til utlandet. Stortinget må reservere seg mot suvrenitetsavståelse til ACER. PS 18/4 Årsmelding for kontrollutvalet i Tokke for 2017 Kontrollutvalet si tilråding: Kommunestyret tek vedlagte: «Årsmelding for kontrollutvalet 2017», til vitande. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. Kommunestyret tek vedlagte: «Årsmelding for kontrollutvalet 2017», til vitande.

7 PS 18/5 Tolkning av føresegn i rusmiddelpolitisk handlingsplan Rådmannen si tilråding: Saka vert lagt fram for HSU til drøfting utan tilråding. Saksprotokoll i Helse- og sosialutvalet Framlegg til vedtak frå Laila K. Taraldlien, Sp: Me ynskjer at det vert fremja ei sak for kommunestyret for avklaring på spørsmålet om det skal gjevast skjenkeløyvee for brennvin (gruppe 3) til enkelt arrangement med minimun aldersgrense 20 år. Åge Verpe la fram fyljande forslag til vedtak: HSU tolkar rusmiddelspolitisk handlingsplan slik at det ikkje er opna for sterkvin ved enkeltløyve. Det var fyrst stemt for Åge Verpe sitt forslag : 4-2 Det var så stemt for Laila Taraldlien sitt forslag: HSU tolkar rusmiddelspolitisk handlingsplan slik at det ikkje er opna for sterkvin ved enkeltløyve. 2. HSU ynskjer at det vert fremja ei sak for kommunestyret for avklaring på spørsmålet om det skal gjevast skjenkeløyvee for brennevin (gruppe 3) til enkelt arrangement med minimum aldersgrense 20 år. Det vart oppdaga ein feil i protokollen frå HSU.(dette er retta opp i etterkant) HSU sitt vedtak skulle lyde: 1. HSU tolkar rusmiddelpolitisk handlingsplan slik at det ikkje er opna for sterkvin ved enkeltløyve. 2. HSU ynskjer at det vert fremja ei sak for kommunestyret for avklaring på spørsmålet om det skal gjevast skjenkeløyve for brennevin (gruppe 3) til enkelt arrangement med minimum aldersgrense 20 år. Ellen Ofte Jakobsen fremja fylgjande forslag på vegne av Tokke Krf: Tokke kommunestyre held fast ved vedtaket i punkt 6.1. i gjeldande rusmiddelpolitiske handlingsplan slik det står: Skjenkeløyve for enkelthøve i lokale som til vanleg ikkje har fast skjenkeløyve, kan berre gjevast for gruppe 1 og 2 (øl og vin), og skal ha som vilkår 18 års aldersgrense.

8 Olav Storåslid fremja fylgjande slikt forslag, Ap: Rusmiddelpolitisk handlingsplan, tillegg i siste setning punkt 6.1.: Det kan likevel gjevast skjenkeløyve for brennevin (gruppe 3) til arrangement med minimum aldersgrense 20 år. Framlegget frå Tokke Krf vart sett opp mot framlegget frå Olav Storåslid. Framlegget frå Olav Storåslid vart vedteke med 13 røyster, 7 røysta for Tokke Krf sitt forslag. Rusmiddelpolitisk handlingsplan, tillegg i siste setning punkt 6.1.: Det kan likevel gjevast skjenkeløyve for brennevin (gruppe 3) til arrangement med minimum aldersgrense 20 år.