Fordelingseffektar av forslaget frå Pensjonskommisjonen

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fordelingseffektar av forslaget frå Pensjonskommisjonen"

Transkript

1 18/ Fordelingseffektar av forslaget frå Pensjonskommisjonen Av professor Asbjørn Rødseth, Universitetet i Oslo, medlem av Pensjonskommisjonen Fordelingseffektane av det systemet for alderspensjon som Pensjonskommisjonen har foreslått er enkle og lette å forklara. Likevel har kanskje ikkje essensen komme klart fram. Bærebjelken i forslaget til modernisert folketrygd er inntektspensjonen. Den blir finansiert ved at alle betaler ein premie på 17,5 prosent av pensjonsgivande inntekt. På pensjoneringstidspunktet blir årleg pensjon fastsett (forenkla forklart) ved at summen av innbetalingar over livsløpet blir delt på forventa gjenståande leveår. Folk får igjen i same forhold som dei har betalt inn. Inntektspensjonen har altså ingen omfordelingseffektar mellom folk som er på ulike inntektsnivå. Inntektspensjonen vil med dei føresetnadene om levealder som gjeld for år 2010 gi alle som går av ved 67 år ein pensjon det første året på 61,25 av gjennomsnittleg pensjonsgivande inntekta som dei har hatt over sidan dei blei myndige 18 år gamle (1,25 prosent per år). Inntektene det enkelte året er da oppjustert med gjennomsnittleg lønnsvekst. Det er to viktige omfordelande element som er lagt inn i modernisert folketrygd. Dei som har tent opp minst inntektspensjon får eit garantitillegg. Det sikrar at alle får ein samla pensjon minst på nivå med dagens minstepensjon. Mindre garantitillegg blir også gitt til pensjonistar som har ein inntektspensjon opp til 30 prosent over minstepensjonen. Garantitillegget er finansiert med vanlege skattar. Det er først og fremst kvinner med låg yrkesaktivitet som vil vera mottakarar, men også ein del menn med svak tilknyting til arbeidslivet. Vidare vil staten gjera ekstra premieinnbetalingar til inntektspensjonen for personar som har omsorg for nære familiemedlemmer, vanlegvis barn, og som av den grunn har låg pensjonsgivande inntekt. Innbetalinga for ei mor som er heime på heiltid vil typisk bli ca kroner per år i inntil seks år for kvart barn. Effekten på samla pensjon vil likevel i mange tilfelle bli moderert gjennom samordning med garantitillegget. 1

2 I tillegg vil det vera omfordeling innan inntektspensjonen mellom grupper som har ulik forventa levealder. Her er det ei systematisk og stor overføring frå menn til kvinner på alle inntektsnivå. Endeleg er det, som før, ein regel om kombinert pensjon for etterlatne ektefellar som først og fremst vil komma kvinner til gode. Taket på pensjonsgivande inntekt (8G, ca kroner) legg til rette for å ha ein høg bruttoskatt på inntekt over dette nivået, sidan det ikkje blir betalt pensjonspremie av desse inntektene. Modernisert folketrygd har altså innebygd systematiske og store overføringar frå menn til kvinner og frå dei som har høg til dei som har låg inntekt. Kritikken av forslaget har tatt utgangspunkt i samanlikningar med dagens folketrygd. Av fleire grunnar er det ikkje lett å gjera slike samanlikningar. For det første er det ingen eigne pensjonspremiar i dagens system, og derfor vanskeleg å sjå finansiering og utbetaling i samanheng. For det andre kan dagens system ikkje oppretthaldast utan auka innbetalingar. For det tredje er dagens system meir komplisert bygd opp enn modernisert folketrygd og fordelingseffektane ekstremt uoversiktlege. For å skjera gjennom det første problemet kan ein prøva seg med ein føresetnad om at summen av pensjonspremiar og skatt til sjuande og sist vil bli den same med begge systema. Da er det nok å samanlikna pensjonsutbetalingane. For å skjera gjennom det andre problemet kan ein føresetja sparetiltak også i dagens system som endrar utgiftsnivået utan å endra fordelinga. Da er det nok å samanlikna relativ fordeling av pensjonane i dei to alternativa (men med likt nivå på minstepensjonen). For å ikkje fortapa seg heilt i kompleksiteten i dagens system er det nyttig å tenkja seg systemendringane delt i to, dei som kjem av overgangen til livsløpsprinsippet i oppteninga og dei som kjem av endringar i inntektsprofilen i oppteninga. Med inntektsprofilen så tenkjer eg da på den samanhengen mellom inntekt og pensjon som gjeld for folk som har jamne inntekter over livsløpet. Overgangen til livsløpsprinsippet er overgangen til at summen av pensjonsgivande inntekt over livet avgjer pensjonen frå dagens system der folk som har tent like mykje kan få svært forskjellig pensjon avhengig av korleis inntekta har vore fordelt over livsløpet. Endringa i inntektsprofil er lettast å få oversyn over. På grunn av at garantitillegget berre blir avtrappa gradvis mot eigen opptent pensjon, vil det vera ei 2

3 gruppe med låge inntekter som får høgare pensjonar med modernisert folketrygd. Dei med høgast inntekt vil også komma betre ut med modernisert folketrygd. Det kjem av at pensjonsoppteninga i dag har ein knekk ved ei inntekt på 6 G (ca kroner). Høgare inntekter gir berre 1/3 i utteljing i pensjon. I modernisert folketrygd er dette knekkpunktet fjerna, og dermed får dei med inntekter over 6 G meir i pensjon. Effekten er likevel dempa for dei høgaste inntektene ved at taket for inntekt som gir opptening er redusert frå 12 til 8 G. Dermed blir det dei som har jamne inntekter år ut og år inn på 8G (ca kroner) som vinn mest (om slike finst). Endringane i positiv retning kan bli større for dei med høge enn dei med låge inntekter. Vi formulerte spørsmålet slik at gjennomsnittleg pensjon skulle vera den same i dei to systema. Når både dei med låg inntekt og dei med høg inntekt kjem relativt betre ut, så er det enkel logikk at dei på midten kjem relativt dårlegare ut. Spørsmålet er korfor ein skal heva knekkpunktet når den skeivare fordelinga av pensjon, som venta, vekkjer ein del sterke motreaksjonar. Ein grunn er at folketrygda helst bør vera eit godt pensjonssystem for storparten av befolkninga. Hovudtyngda av menn har inntekter i intervallet mellom 4 og 8 G, og toppunktet i fordelinga ligg like under 6 G. Det er svært mange menn, og ein del heiltidsarbeidande kvinner, som tener over 6 G i delar av den yrkesaktive perioden sin, mange fleire nå enn da folketrygda blei innført. For å oppretthalda oppslutninga om folketrygda er det truleg viktig at eit stort fleirtal, også blant menn, opplever at dei får full utteljing for det dei betaler inn. Det er også slik at dersom folk som tar lang utdanning skal få kompensert for låg opptening i studietida, så må dei få full utteljing for opptening over 6 G. Men saka gjeld ikkje berre dei med høgare utdanning. LO og YS bad i eit brev til Pensjonskommisjonen i 2002 om at knekkpunktet blei heva. Proporsjonalitet mellom inntekt og pensjon, slik som i modernisert folketrygd, er elles vanlegvis sett på som eit god eigenskap ved eit pensjonssystem. Som kjent tar dei fleste tenestepensjonsordningar i Noreg sikte på full proporsjonalitet mellom inntekt og samla pensjon. Dei kompenserer da høginntektsgruppene for at dei har relativt låg pensjon frå folketrygda. Det er litt vanskeleg å forstå dei som forsvarer full proporsjonalitet for offentleg tilsette, men avviser proporsjonalitet for dei som berre har folketrygda. Tilpassing av tenestepensjonane til det nye pensjonssystemet vil truleg 3

4 redusere gevinsten for dei som tener mellom 6 og 8 G og har tenestepensjon, mens dei med låg lønn kan komma betre ut. Når det gjeld overgangen til livsløpsopptening, har det vore mange misforståingar. Det har for eksempel blitt hevda at avskaffing av besteårsregelen vil gå sterkt ut over kvinner, mens det faktisk er menn som har tent mest på denne regelen. Overgangen til livsløpsopptening gir størst positive effektar for dei som arbeider fulltid i meir enn førti år og har relativt jamne inntekter (mest menn med kort utdanning). Effekten er liten for dei som har kort oppteningstid (mest kvinner). Dei som taper er personar med relativt lang oppteningstid, men store forskjellar i inntekt (mest menn). Mange enker med låg yrkesaktivitet vinn. Den viktigaste grunnen er truleg at dei ofte har vore gift med menn som har lang oppteningstid og stabile inntekter. Dei tener også på at opptening frå første krone gir dei utteljing for mange småjobbar. Dagens oppteningssystem fører til mange urimelege og til dels vilkårlege forskjellar mellom folk. Eg trur at etter kvart som debatten går vidare, vil dei fleste sjå at livsløpsopptening er eit langt meir rettferdig system. Dei nåverande oppteningsreglane har ikkje i noko tilfelle framtida for seg. Dersom levealderen held fram med å stiga, så er det nødvendig å opna for at folk kan arbeida lengre for å oppretthalda nivået på pensjonane. Da må ein gi full og lik utteljing for alle år, og dermed må besteårsregelen og 40-årsregelen bort. Dette er eit svært viktig ledd i arbeidet for å betra incentiva til arbeid for alle aldersgrupper. Det er også denne forenklinga av pensjonssystemet som gjer det muleg å laga årlege kontoutskrifter som viser den enkelte kor mykje pensjon han eller ho har tent ut. Oppsummert så kjem dei største endringane i fordelinga av to forhold: At knekkpunktet er heva frå 6 til 8 G, og at taket på kor mange oppteningsår ein kan ha er oppheva. Begge delar aukar pensjonar som frå før er relativt høge, og begge er mest til fordel for menn. Men mange med relativt låge pensjonar frå før kjem også relativt godt ut, og blant dei er det flest kvinner. Så kan ein halda på i det uendelege med å fortelja korleis det slår ut for den og den. Men kanskje er ikkje dette så interessant. Føresetnadene for samanlikninga kan lett svikta, særleg fordi endringar kan tvinga seg fram i alle fall. Dessutan er det vanskeleg å spå om yrkesmønsteret for kvinner og menn femti år fram i tid. Hugs også at inntektspensjonen er noko ein betaler for, ikkje noko ein får givande. 4

5 Slik vi har samanlikna gammalt og nytt, så kan ein hevda at dei som taper på overgangen er folk som med dagens system får meir enn dei har betalt for. Dei som tener er dei som nå får mindre enn dei har betalt for. Det går an å ta stilling til forslaget til modernisert folketrygd slik det ligg føre utan å samanlikna med den temmeleg vilkårlege fordelinga som ligg dagens lite levedyktige pensjonssystem. Hovudsaka er at forslaget til modernisert folketrygd gjer det eit pensjonssystem skal gjera: Sikrar ei minsteinntekt til alle pensjonistar og sikrar det store fleirtalet av folket at dei kan gå av ved oppnådd pensjonsalder utan å gå for sterkt ned i inntekt. Dersom ein ønskjer å overføra inntekt frå dei som tener over middels til dei som tener litt under middels, så kan ein gjera det ved hjelp av skattesystemet utan at ein samtidig treng å laga eit innfløkt og lite tenleg pensjonssystem. 5

Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd

Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd Asbjørn Rødseth 26/1 2004 Kompensasjonsgradar for par i modernisert folketrygd I ein artikkel i Søkelys på arbeidsmarkedet nr 2 2003 drøfta eg mellom anna korleis dagens folketrygd verkar for par med ulike

Detaljer

Samanlikning av SVs forslag og fleirtalsforslaget

Samanlikning av SVs forslag og fleirtalsforslaget Asbjørn Rødseth 29/3 2004 Samanlikning av SVs forslag og fleirtalsforslaget Finansiering: I modernisert folketrygd blir det betalt ein premie for inntektspensjonen på 17,5 prosent av pensjonsgivande inntekt

Detaljer

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Alderspensjonistar som bur i utlandet Alders som bur i utlandet Av: Od d b j ø r n Ha g a Samandrag Talet på alders som bur i utlandet har auka mykje dei siste åra. I 199 var dei færre enn 6, i 27 om lag 27. Talet veks jamt med knapt 1 5 i

Detaljer

Meld. St. 23. ( ) Melding til Stortinget. Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Meld. St. 23. ( ) Melding til Stortinget. Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer Meld. St. 23 (2014 2015) Melding til Stortinget Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 17. april 2015, godkjend

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.03.2014 14659/2014 Henny Margrethe Haug Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 Ny pensjonsordning for folkevalde frå

Detaljer

Bør pensjonsreforma reformerast?

Bør pensjonsreforma reformerast? Bør pensjonsreforma reformerast? Professor Asbjørn Rødseth, Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo Foredrag, Økonomisk institutt 18. januar 2005 Eg vil nytta denne sjansen til direkte og indirekte å

Detaljer

Vedlagt oversendes vår høringsuttalelse til pensjonskommisjonens innstilling til ny pensjonsordnong for folketrygden,

Vedlagt oversendes vår høringsuttalelse til pensjonskommisjonens innstilling til ny pensjonsordnong for folketrygden, Vedlagt oversendes vår høringsuttalelse til pensjonskommisjonens innstilling til ny pensjonsordnong for folketrygden, Vennlig hilsen Per Sørensen Leder Arendal Høyre Tel: 37033808 Mob: 92032760 Mail: pso@flosta.com

Detaljer

INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING. Søkelys på arbeidsmarkedet 2/2003. Alderspensjon og arbeidsincentiver. Privat arbeidsformidling

INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING. Søkelys på arbeidsmarkedet 2/2003. Alderspensjon og arbeidsincentiver. Privat arbeidsformidling INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING Søkelys på arbeidsmarkedet 2/2003 Alderspensjon og arbeidsincentiver Privat arbeidsformidling Inkluderende arbeidslivsvirksomheter Lønnskonsekvenser av arbeidsinnvandring

Detaljer

Det norske pensjonssystemet Nye prinsipper etter pensjonsreformen. Carry C. Solie, fagansvarlig pensjon Borge Rotary, 2. juni 2015

Det norske pensjonssystemet Nye prinsipper etter pensjonsreformen. Carry C. Solie, fagansvarlig pensjon Borge Rotary, 2. juni 2015 Det norske pensjonssystemet Nye prinsipper etter pensjonsreformen Carry C. Solie, fagansvarlig pensjon Borge Rotary, 2. juni 2015 Agenda Det norske pensjonssystemet og reformen fra 2011 Folketrygden -

Detaljer

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING

Detaljer

Meld. St. 26. ( ) Melding til Stortinget. Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Meld. St. 26. ( ) Melding til Stortinget. Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer Meld. St. 26 (2015 2016) Melding til Stortinget Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 15. april 2016, godkjend

Detaljer

Opptjening og uttak av alderspensjon i folketrygden

Opptjening og uttak av alderspensjon i folketrygden Opptjening og uttak av alderspensjon i folketrygden St.meld. nr. 5 (2006 2007) 20. oktober 2006 Svakheter ved dagens pensjonssystem Lite lønnsomt å arbeide Null opptjening for lave inntekter og inntekter

Detaljer

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR 1 TEMA SOM BLIR OMHANDLA I KURSET 1. Innleiing og generelt om pensjon 2. AFP 62 64 år, 65 67 år 3. Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4. Uførepensjon 5. Kvar

Detaljer

Høyringsnotat. 30. juni Tilpassing av supplerande stønad til pensjonsreforma

Høyringsnotat. 30. juni Tilpassing av supplerande stønad til pensjonsreforma Høyringsnotat 30. juni 2010 Tilpassing av supplerande stønad til pensjonsreforma (utkast til endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg) 1. Hovudinnhaldet i og bakgrunnen

Detaljer

PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars

PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars 1 TEMA FOR DENNE ØKTA 1. Generelt om pensjon 2. AFP 3. Offentlig tjenestepensjon 2 TARIFF 2009

Detaljer

Pensjonssystemet i framtida

Pensjonssystemet i framtida Pensjonssystemet i framtida Asbjørn Rødseth, Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo Foredrag for Pensjonskommisjonen 19. november 2001 Tilbake til start Det er viktig med stabilitet i pensjonssystemet.

Detaljer

Vurdering av framtidsutsikter

Vurdering av framtidsutsikter kapittel 5 Vurdering av framtidsutsikter Endring er en del av livet. Vår oppgave er å forutse den Pensjonsreformen er den største velferdsreformen i Norge siden folketrygden ble innført i 1967. 01. 01.

Detaljer

Alderspensjon frå folketrygda

Alderspensjon frå folketrygda Alderspensjon frå folketrygda // Alderspensjon Kjenner du reglane for alderspensjon? 1. januar 2011 blei det innført nye reglar for alderspensjon frå folketrygda. Kva inneber reglane for deg? Kva moglegheiter

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Finansdepartementet Vårt saksnr: 05/521. "Effekt av besteårsregel kontra allårsregel i forhold til kjønn.

Finansdepartementet Vårt saksnr: 05/521. Effekt av besteårsregel kontra allårsregel i forhold til kjønn. Spørsmål nr. 1c) fra Finanskomiteen/ Sosialistisk Venstrepartis fraksjon av 31.1.2005 vedrørende St. meld. nr. 12 (2004-2005) "Effekt av besteårsregel kontra allårsregel i forhold til kjønn. I dagens folketrygd

Detaljer

Pensjonsreformen, hva og hvorfor

Pensjonsreformen, hva og hvorfor YRKESORGANISASJONENES SENTRALFORBUND Pensjonsreformen, hva og hvorfor ØRNULF KASTET YS Hva inneholder pensjonsreformen Ny alderspensjon Ny uførestønad Obligatorisk tjenestepensjon Ny AFP Supplerende pensjoner

Detaljer

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013 // Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte

Detaljer

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB Kort om føresetnader for befolkningsprognosen Befolkningsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflytting (innflytting minus utflytting). Over lengre tidshorisontar

Detaljer

Lysark til presentasjon av Pensjonskommisjonens foreløpige rapport

Lysark til presentasjon av Pensjonskommisjonens foreløpige rapport Lysark til presentasjon av Pensjonskommisjonens foreløpige rapport 4. september 22 Hovedpunkter i mandatet Hovedmål og prinsipper for et samlet pensjonssystem Statens, arbeidslivets og den enkeltes ansvar

Detaljer

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon NAV 14-05.05 FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon Den som får barn ved fødsel eller adopsjon, og er medlem av folketrygda, har rett på foreldrepengar eller eingongsstønad. Du finn meir informasjon

Detaljer

Finansdepartementet Vårt saksnr: 05/930

Finansdepartementet Vårt saksnr: 05/930 Finansdepartementet Vårt saksnr: 05/930 Spørsmål nr. 8 fra Finanskomiteen/Arbeiderpartiets fraksjon av 1. mars 2005 vedrørende St.meld. nr. 12 (2004-2005) Jeg vil be om å få gjort en rekke beregninger

Detaljer

Ny alderspensjon i folketrygden

Ny alderspensjon i folketrygden Ny alderspensjon i folketrygden «.. En alderdom uten store økonomiske bekymringer» Da forrige generasjon arbeidet med å innføre allmenn folketrygd formulerte Arbeiderpartiet «at alle skal kunne gå sin

Detaljer

Pensjonsreform Trygghet for pensjonene

Pensjonsreform Trygghet for pensjonene Pensjonsreform Trygghet for pensjonene Finansminister Per-Kristian Foss Arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten 10. desember 2004 1 Færre år som yrkesaktiv flere år som pensjonist 90 80 70 60 50 40

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

1. Innledning og sammendrag

1. Innledning og sammendrag 1. Innledning og sammendrag 1.1 Om høringsnotatet Stortinget har gjennom vedtak av 26. mai 2005 og 23. april 2007 klargjort hovedtrekkene i ny alderspensjon i folketrygden. Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Detaljer

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma Sjå liste med høyringsinstansar Dykkar ref Vår ref Dato 200602334- /CW 20. oktober 2010 Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma Denne høyringa

Detaljer

Pensjonen din. i KLP!

Pensjonen din. i KLP! Pensjonen din i KLP! 1 2 Innhald: 4 Kort om KLP 6 Kven er omfatta av offentleg tenestepensjonsordning i KLP? 8 Kva er du sikra i KLP? 10 Alderspensjon / Avtalefesta pensjon (AFP) 12 Attførings- og uførepensjon

Detaljer

Pensjonsreformen konsekvenser for bedriften og den enkelte

Pensjonsreformen konsekvenser for bedriften og den enkelte Pensjonsreformen konsekvenser for bedriften og den enkelte Torunn Jakobsen Langlo, 1.3.11 www.danica.no Agenda Ny alderspensjon i folketrygden Ny alderspensjon i NAV Tilpasning av tjenestepensjonene 2

Detaljer

Vi snakker om kvinner og pensjon

Vi snakker om kvinner og pensjon Vi snakker om kvinner og pensjon Økonomi hvorfor er vi så lite opptatt av det? 44 prosent vil om skilsmissemønsteret forblir uendret, ha minst én skilsmisse bak seg, innen de er 60 år (kilde ssb) Folketrygdens

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

YRKESORGANISASJONENES SENTRALFORBUND. Pensjonsreformen ØRNULF KASTET YS

YRKESORGANISASJONENES SENTRALFORBUND. Pensjonsreformen ØRNULF KASTET YS YRKESORGANISASJONENES SENTRALFORBUND Pensjonsreformen ØRNULF KASTET YS Hvorfor pensjonsreform Økende levealder Det antas at levealderen øker med ca 1 år per tiår Vi går lenger på skole Økende antall uføre

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017

Detaljer

Økonominettverksamling, 3. og 4 juni 2019

Økonominettverksamling, 3. og 4 juni 2019 Økonominettverksamling, 3. og 4 juni 2019 Fylkesmannen i Vestland KLP v/anders Austrheim Pensjonssystemet i endring Kvifor og kva er konsekvensane? Kvifor? «Kombinasjonen av en økende andel eldre og høyere

Detaljer

Den personlege økonomien din

Den personlege økonomien din 3 Eg og mitt Den personlege økonomien din Personleg økonomi: disponering av eigne pengar, det vil seie korleis vi skaffar oss inntekter og korleis vi prioriterer utgifter. Pengane du disponerer, kan brukast

Detaljer

Fagforbundet - 24. februar 2009. V/ Anders Austrheim, fylkesansvarleg Sogn og Fjordane

Fagforbundet - 24. februar 2009. V/ Anders Austrheim, fylkesansvarleg Sogn og Fjordane Fagforbundet - 24. februar 2009 V/ Anders Austrheim, fylkesansvarleg Sogn og Fjordane Agenda Litt om KLP Offentleg tenestepensjon i dag Ny folketrygd, ny AFP, ny offentleg tenestepensjon Fakta om KLP KLP

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

22 år etterdet startet med AFP for 66 åringene ny AFP fra 2010

22 år etterdet startet med AFP for 66 åringene ny AFP fra 2010 22 år etterdet startet med AFP for 66 åringene ny AFP fra 2010 LO om tariffoppgjøret 2008 Pensjonsforum mai 2008 En skisse av pensjonssystemet -pensjonsalder 67år 100 % Totalt 66% Tjenestepensjon OTP Folketrygd

Detaljer

Norske tenåringsmødrer få, men fattige

Norske tenåringsmødrer få, men fattige Norske tenåringsmødrer få, men fattige Det blir stadig færre tenåringsmødrer i Noreg, samstundes er dei økonomiske levekåra til desse mødrene klårt dårlegare enn for mødrer som får barn seinare i livet.

Detaljer

Folketrygden i støpeskjeen hva skjer? Seniorrådgiver Fredrik Haugen Forsikringsforeningen 26. mars 2008

Folketrygden i støpeskjeen hva skjer? Seniorrådgiver Fredrik Haugen Forsikringsforeningen 26. mars 2008 Folketrygden i støpeskjeen hva skjer? Seniorrådgiver Fredrik Haugen Forsikringsforeningen 26. mars 2008 Hvorfor pensjonsreform? Behov for arbeidskraft kort og lang sikt Rette opp urettferdigheter Enkle

Detaljer

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd Notat Dato: 23.02.2015 Arkivsak: 2014/12154-8 Saksbehandlar: fromann Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesrådmannen Sjukefråvær

Detaljer

Høringsuttalelse Januar 2004

Høringsuttalelse Januar 2004 Høringsuttalelse Januar 2004 NOU 2004:1 Modernisert folketrygd - bærekraftig pensjon for framtida Litt historikk Under oppbyggingen av det norske velferdssamfunnet har det gått et skille mellom de som

Detaljer

PENSJON FOR ALLE 4. MAI 2017

PENSJON FOR ALLE 4. MAI 2017 PENSJON FOR ALLE 4. MAI 2017 Åsne Skjelbred Refsdal, NTL Abelia nettverkssamling NTL HVA FÅR DERE? DERE FÅR IKKE Et kurs som gir svar på absolutt alle spørsmål Et ekspertkurs som tar utgangspunkt i at

Detaljer

Pensjonsordbok. Av Stein Stugu, De Facto, mars 2011

Pensjonsordbok. Av Stein Stugu, De Facto, mars 2011 Pensjonsordbok Av Stein Stugu, De Facto, mars 2011 Alleårsregel Grunnlaget for opptjening av pensjon i ny folketrygd. All inntekt opp til 7,1 G (grunnbeløp) i året skal gi høyere pensjon. Gjelder inntekt

Detaljer

2014/

2014/ Notat Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesdirektør organisasjon Referanse 2014/12154-1 17.02.2014 Dato Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2013 Samandrag Samla sjukefråvær

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014 // Notat 2 // 2015 656 000 tapte årsverk i 2014 NAV Juni 2015 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

om ny alderspensjon Mo i Rana 10. februar

om ny alderspensjon Mo i Rana 10. februar Informasjonsmøte om ny alderspensjon Mo i Rana 10. februar Agenda Informasjonsmøte om ny alderspensjon Introduksjon Hva betyr det nye regelverket for deg? Slik beregner du din fremtidige pensjon Pensjonsprogrammet

Detaljer

PENSJONSKOMMISJONENS INNSTILLING

PENSJONSKOMMISJONENS INNSTILLING Vedlegg 1 PENSJONSKOMMISJONENS INNSTILLING Kopi av lysarkene som Einar Madsen brukte i sin innledning. Når 68-erne blir 67 De er krevende vil bestemme selv De har tid vil ha aktivitet De er rike og vil

Detaljer

FORSVARSBYGG LIKESTILLING. VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG RAPPORT FOR

FORSVARSBYGG LIKESTILLING.   VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG RAPPORT FOR FORSVARSBYGG RAPPORT FOR LIKESTILLING 20 VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG 17 www.forsvarsbygg.no Målet vårt er at arbeidsmiljøet i Forsvarsbygg skal pregast av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling.

Detaljer

Pensjonsreformen og folketrygdens ytelser til uføre

Pensjonsreformen og folketrygdens ytelser til uføre Pensjonsreformen og folketrygdens ytelser til uføre Oppfølging av NOU 2007: 4 Ny uførestønad og ny alderspensjon til uføre Pensjonsforum 12. mars 2010 Roar Bergan, Disposisjon 1. Status for pensjonsreformen

Detaljer

Status for den norske pensjonsreformen

Status for den norske pensjonsreformen NFT 4/2007 Status for den norske pensjonsreformen av Fredrik Haugen Arbeidet med reform av det norske pensjonssystemet begynte i 2001. Gjennom to omfattende forlik om pensjonsreformen i Stortinget i 2005

Detaljer

Høring om ny alderspensjon i folketrygden - gjennomføring av pensjonsforliket

Høring om ny alderspensjon i folketrygden - gjennomføring av pensjonsforliket Høring om ny alderspensjon i folketrygden - gjennomføring av pensjonsforliket Bjarne Håkon Hanssen 28. januar 2008 Hvorfor pensjonsreform? Behov for arbeidskraft kort og lang sikt Rette opp urettferdigheter

Detaljer

Utviklingen i alderspensjon pr. 30. september 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg

Utviklingen i alderspensjon pr. 30. september 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET/ STATISTIKKSEKSJONEN Utviklingen i alderspensjon pr. 3. september 216 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg // NOTAT Ved utgangen av 3.kvartal 216 var det 889 personer

Detaljer

Pensjonen din. i KLP!

Pensjonen din. i KLP! Pensjonen din i KLP! Innhald: 4 Kort om KLP 6 Kven er omfatta av offentleg tenestepensjonsordning i KLP? 8 Kva er du sikra i KLP? 10 Alderspensjon / Avtalefesta pensjon (AFP) 12 Attførings- og uførepensjon

Detaljer

Framtidige behov for hjelpemiddel

Framtidige behov for hjelpemiddel Framtidige behov for hjelpemiddel AV SIGURD GJERDE SAMANDRAG Hjelpemiddelformidling er ein stor og viktig del av hjelpetilbodet for alle med funksjonsvanskar. Samfunnet satsar store ressursar på formidling

Detaljer

PENSJON FOR ALLE 27. MARS 2017

PENSJON FOR ALLE 27. MARS 2017 PENSJON FOR ALLE 27. MARS 2017 Jorunn Folkvord Utdanningsforbundet Åsne S. Refsdal NTL 1872 - DEN ENKELTES ANSVAR De ansatte maa holde sig friske. Lønudbetalinger standses øjeblikkelig i Tilfælde Sykdom.

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

DET KONGELIGE FORNYINGS OG ADMINISTRASJONSDEPARTEMENT. Deres referanse V& re(erfutse Dato /SEB /AKH

DET KONGELIGE FORNYINGS OG ADMINISTRASJONSDEPARTEMENT. Deres referanse V& re(erfutse Dato /SEB /AKH 2Ø-HF'R-2ØØ8 11 : Ø2 FRA S.ø1iø5 DET KONGELIGE FORNYINGS OG ADMINISTRASJONSDEPARTEMENT Arbeids- og inkluderingsdepartementet Postboks 8019 Dep 0030 OSLO ARBEIDS - OG INKLUDERINGSDEPARTEMENTET MOTTATT 28

Detaljer

Alderspensjoner (1) Nico Keilman. Befolkning og velferd ECON 1730 Høst 2010

Alderspensjoner (1) Nico Keilman. Befolkning og velferd ECON 1730 Høst 2010 Alderspensjoner (1) Nico Keilman Befolkning og velferd ECON 1730 Høst 2010 Pensum Bongaarts, J.: Population Aging and the Rising Cost of Public Pensions St. melding nr. 5 (2006-2007): Opptjening og uttak

Detaljer

Utviklingen i alderspensjon pr. 31. mars 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg i samarbeid med Ole Christian Lien og Atle Fremming

Utviklingen i alderspensjon pr. 31. mars 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg i samarbeid med Ole Christian Lien og Atle Fremming ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET/ STATISTIKKSEKSJONEN Utviklingen i alderspensjon pr. 31. mars 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg i samarbeid med Ole Christian Lien og Atle Fremming Bjørnstad //

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016

Detaljer

Din pensjon i KLP GJELDANDE FRÅ

Din pensjon i KLP GJELDANDE FRÅ Din pensjon i KLP GJELDANDE FRÅ 01.05. 2017. Innhold Kort om KLP 4 Kriterium for innmelding i pensjonsordning i KLP 6 Kva er du sikra i KLP? 8 Alderspensjon og Avtalefestet pensjon (AFP) 10 Uførepensjon

Detaljer

tapte årsverk i 2011

tapte årsverk i 2011 662 000 tapte årsverk i 2011 Av Jorunn Furuberg, Xu Cong Qiu og Ola Thune Samandrag I 2011 gjekk til saman 662 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dette er ein auke

Detaljer

Framflyt. Modellverktøy for flytteprognosar

Framflyt. Modellverktøy for flytteprognosar Framflyt Modellverktøy for flytteprognosar Disposisjon Del 1: Generelt om Framflyt bakgrunn, logikk, oversyn Del 2: Rettleiing i bruk av Framflyt Problem i fjor Ved målstyring etter nettoflytting kan PANDA

Detaljer

Korfor obligatorisk pensjon?

Korfor obligatorisk pensjon? Korfor obligatorisk pensjon? Om føremåla med obligatoriske pensjonsordningar og vilkåra for at dei skal bli oppnådd Ein rapport på oppdrag frå Pensjonskommisjonen av Asbjørn Rødseth Professor i samfunnsøkonomi

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Ny alderspensjon fra folketrygden

Ny alderspensjon fra folketrygden 2. opplag januar 2011 Ny alderspensjon fra folketrygden // Mer fleksibelt for deg Kjenner du de nye reglene for alderspensjon? 1. januar 2011 ble det innført nye regler for alderspensjon fra folketrygden.

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 1/2018 Tittel: Innbyggarhøyring

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

MOTTATT Z 9 APR2008. LHLs hovedsynspunkt

MOTTATT Z 9 APR2008. LHLs hovedsynspunkt Arbeids- og sosialdepartementet Postboks 8019 Dep ARBEIDS - OG INKLIIDERINGSDERARTEMENTET MOTTATT Z 9 APR2008 0030 Oslo ref. AKH/FRJ/MOJ/ ab Deres r 200800221- /SEB Dato 25. april 2008 HØRINGSNOTAT OM

Detaljer

Forventa pensjoneringsalder

Forventa pensjoneringsalder // Forventa pensjonerings : Delmål 2 i IA-avtalen er oppfylt // Rapport Nr 2 // 2009 Forventa pensjonerings -: Delmål 3 i IA-avtalen er oppfylt Av Oddbjørn Haga Samandrag Etter ein moderat nedgang frå

Detaljer

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen Notat Dato: 02.03.2017 Arkivsak: 2014/12154-17 Saksbehandlar: fromann Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesrådmannen Sjukefråvær

Detaljer

FRAM TIL NÅ: Fullkomne marknader (1. velferdsteorem gjeld): Fullstendige betinga kontraktar.

FRAM TIL NÅ: Fullkomne marknader (1. velferdsteorem gjeld): Fullstendige betinga kontraktar. FRAM TIL NÅ: Fullkomne marknader (1. velferdsteorem gjeld): Fullstendige betinga kontraktar. - full rasjonalitet - full informasjon NÅ: Informasjonsasymmetri: Fullstendige kontraktar, men ikkje alle variable

Detaljer

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008 Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 87 21 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008 Av Heidi-Iren

Detaljer

ALDERSPENSJON ETTER REFORMA NÅR KJEM INNSPARINGA?

ALDERSPENSJON ETTER REFORMA NÅR KJEM INNSPARINGA? ALDERSPENSJON ETTER REFORMA NÅR KJEM INNSPARINGA? Av Oddbjørn Haga Samandrag Pensjonsreforma har som føremål å gjera alderspensjonen økonomisk berekraftig i framtida. Innføring av levealdersjustering og

Detaljer

Utviklingen i alderspensjon pr. 30. juni 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg og Atle Fremming Bjørnstad

Utviklingen i alderspensjon pr. 30. juni 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg og Atle Fremming Bjørnstad ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET/ STATISTIKKSEKSJONEN Utviklingen i alderspensjon pr. 30. juni 2016 Notatet er skrevet av Helene Ytteborg og Atle Fremming Bjørnstad // NOTAT Ved utgangen av 2.kvartal 2016

Detaljer

Ny alderspensjon fra folketrygden

Ny alderspensjon fra folketrygden Ny alderspensjon fra folketrygden // Mer fleksibelt for deg Kjenner du de nye reglene for alderspensjon? Nye regler for alderspensjon fra folketrygden er vedtatt. Det får betydning for oss alle. Hva innebærer

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden » MEDBORGERNOTAT #2 «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden 2013-2017» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Juni 2017 Sympatibarometer for norske politiske parti

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 21.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Finansiering av forsking i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1741 STYRESAK: 049/15 STYREMØTE:

Detaljer

Folketrygden. ! Tallene er fra 01.05.04. kilde: Pensjonskommisjonen

Folketrygden. ! Tallene er fra 01.05.04. kilde: Pensjonskommisjonen Folketrygden! Minstepensjon - grunnbeløp (G) - 58 778 kroner + særtillegg til de som ikke har nok tilleggspensj. = 105 407 kr for enslige 190 000 for ektepar! Tilleggspensjon i forhold til inntekt og antall

Detaljer

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling Note 1 Resultatrekneskap med fordeling Fordelt driftsoverskot: (tal i tusen) Kraftomsetjing: kr. 5.741 kr. 5.241 Nett kr. 619 kr. 1.013 Anna kr. 71 kr. 97 Breiband kr. 64 kr. 70 Sum kr. 6.495 kr. 6.422

Detaljer

Pensjonsforhandlingene i offentlig sektor Fredrik Oftebro 2. nestleder

Pensjonsforhandlingene i offentlig sektor Fredrik Oftebro 2. nestleder Pensjonsforhandlingene i offentlig sektor 2018 Fredrik Oftebro 2. nestleder Uravstemning om Offentlig tjenestepensjon 3 Offentlig tjenestepensjon NTLs og LOs mål for en god pensjon 66% Gjennomsnittlig

Detaljer

Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019

Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019 Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019 NYNORSK Eit viktig vegval Kven som styrer i kommunane og fylka er viktig for velferda vår, for jobben vår og for staden der vi bur. Kommunane har ansvar

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Personalforsikringar. for tilsette i Gaular kommune. Gruppelivsforsikring Yrkesskadeforsikring Fritidsulykke

Personalforsikringar. for tilsette i Gaular kommune. Gruppelivsforsikring Yrkesskadeforsikring Fritidsulykke Personalforsikringar for tilsette i Gaular kommune Gruppelivsforsikring Yrkesskadeforsikring Fritidsulykke JUNI 2005 Kjære medarbeidar Denne brosjyra gir ein oversikt over dei forsikringane Gaular kommune

Detaljer

AGENDA. Kvifor reform Korleis pensjonen vert bygd opp Eksempel på kva pensjonen blir Korleis finne ut kva ein får

AGENDA. Kvifor reform Korleis pensjonen vert bygd opp Eksempel på kva pensjonen blir Korleis finne ut kva ein får AGENDA Kvifor reform Korleis pensjonen vert bygd opp Eksempel på kva pensjonen blir Korleis finne ut kva ein får KVIFOR «NYTT» PENSJONSSYSTEM? Oljeformuen er mindre enn vi trur ca. 1 mill. pr.pers. Vi

Detaljer

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad Austrheim kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret 1.1.011 187/11 Olav Mongstad. Saksansv.: Olav Mongstad Arkiv: FA-B11 Arkivsaknr: 11/981 - Høring - forslag

Detaljer

DATO: 20.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

DATO: 20.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 20.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø SAKA GJELD: Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Detaljer

Hva vet folk om pensjon og hvordan vil pensjonsreformen påvirke pensjoneringsatferden?

Hva vet folk om pensjon og hvordan vil pensjonsreformen påvirke pensjoneringsatferden? Hva vet folk om pensjon og hvordan vil pensjonsreformen påvirke pensjoneringsatferden? FAFO Pensjonsforum 06.11.09 Anne-Cathrine Grambo Arbeids- og velferdsdirektoratet NAV, 06.11.2009 Side 1 Hvordan vil

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Pensjon for dummies og smarties

Pensjon for dummies og smarties Pensjon for dummies og smarties John Torsvik, leder Utdanningsforbundet Hordaland 1S Pensjonsvilkårene er en viktig del av medlemmenes lønns- og arbeidsvilkår. De viktigste elementene er: ( Folketrygdens

Detaljer

Alderspensjoner (1) Nico Keilman. Befolkning og velferd ECON 1730 Høst 2014

Alderspensjoner (1) Nico Keilman. Befolkning og velferd ECON 1730 Høst 2014 Alderspensjoner (1) Nico Keilman Befolkning og velferd ECON 1730 Høst 2014 Pensum Bongaarts, J.: Population Aging and the Rising Cost of Public Pensions St. melding nr. 5 (2006-2007): Opptjening og uttak

Detaljer

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018

Kunnskapsdepartementet. Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018 Kunnskapsdepartementet Høyringsnotat forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2019 Oktober 2018 Innhald 1. Hovudinnhaldet i høyringsnotatet... 3 2. Bakgrunn... 3 3. Hovudtrekk i ordningane for tilbakebetaling

Detaljer

En ny og god offentlig tjenestepensjonsordning

En ny og god offentlig tjenestepensjonsordning En ny og god offentlig tjenestepensjonsordning Kjære LO-medlem Etter lange forhandlingar saman med Unio, YS og Akademikerne, har vi endeleg har fått på plass ein avtale som sikrar tilsette i offentleg

Detaljer

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå www.husbanken.no. INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå www.husbanken.no. INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3 Renter og avdrag RENTER OG AVDRAG Brosjyren gjev eit oversyn over hovudtrekka i renteog avdragsvilkåra i Husbanken. Dei nedbetalingsvilkåra du vel, vil få betydning for den framtidige økonomiske situasjonen

Detaljer