Dåpen sin plass i kyrkja sitt liv

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Dåpen sin plass i kyrkja sitt liv"

Transkript

1 Dåpen sin plass i kyrkja sitt liv Kjetil Kringlebotten Semesteroppgåve i kyrkjesamfunna og kyrkja si eine tru (KRL102) NLA Høgskulen, Bergen, våren 2009 Innhald 1 Innleiing 2 2 Forskjellen mellom låg- og høgkyrkjelege dåpssyn 3 3 Bibelen og vedkjenninga Den nye fødselen Avslutning 8 5 Kjelder 9 Lettare kosmetisk redigert utgåve av semsteroppgåva. Ingenting er endra av innhaldet. 1

2 1 Innleiing Det eg har fått i oppgåve å skrive om er dåpen sin plass i kyrkja sitt liv. Dette er ikkje eit enkel tema å skulla skriva om. For dåpen er så å seie inngangen til Guds rike, og det kan vera vanskeleg å sjå relevansen den har til det vidare livet i kyrkja. På same måte som vår naturlege fødsel ikkje alltid virkar relevant for livet her og no. Eg skal prøva å svara på dette spørsmålet: Kva plass har dåpen i kyrkja sitt liv? I den samanhengen er det viktig å sjå på dåpen sin status som sakrament, og forholdet mellom dåpen og frelsa. Eg skal fyrst ta for meg forholdet mellom kyrkjesamfunna sine (o e svært forskjellige) dåpssyn, og deretter samanlikne desse med Bibelens vitnemål om dåpen. Oppgåva vil difor ligga i spenninga mellom dei forskjellige kyrkjesamfunna og kyrkja si eine apostoliske og katolske tru, som vi finn i Skri a og i kyrkja sine vedkjenningar. 1 ovudtyngda mi vil difor liggja på Skri a og på Den nikenske truvedkjenninga (Nikenum) i sin opphavlege form. 2 Eg bruker ei rekke kjelder, frå Arve Brunvoll og Ola Breivega til Alexander Schmemann og Kjell Olav Sannes. Desse er å finna bakarst i oppgåva. 1 Katolsk er her forstått tradisjonelt som den ålmenne trua, og ikkje romersk-katolsk. I Apostolikum (som er skrive på latin) vedkjenner vi at det er «ei heilag, ålmenn (katolsk) kyrkje.» Ordet katolsk (ålmenn) er eit gresk ord i ein elles latinsk tekst. Grunnen til dette er, i fylgje Arve Brunvoll, truleg at ordet «hadde teke til å få ei fast tyding; det målbar ikkje berre dette at kyrkja er ålmenn, men òg noko om den trua som kyrkja stod for.» (Brunvoll: 1979: 19) 2 Det vil seie at eg ikkje tek med Filioque, då denne ikkje var med i Nikenum sin opphavlege form. 2

3 2 Forskjellen mellom låg- og høgkyrkjelege dåpssyn Dei fleste kyrkjesamfunna definerer dåpen som eit sakrament. Eit sakrament er, i fylgje Augustin, «eit synleg middel som Gud gjev oss sin usynlege nåde ved.» 3 (Dvs. eit nådemiddel. ) Ein kan tolka dette forskjellig, men før eg går vidare vil eg presisere at eg prøver eg å styre unna omgrep som vaksendåp og barnedåp i denne oppgåva. Spørsmålet er ikkje om vaksne eller born kan døypast, men om dåpen bekre ar (den allereie eksisterande) frelsa hovudposisjonen innan lågkyrkjeleg protestantisme eller om den formidlar frelsa hovudposisjonen innan høgkyrkjeleg katolisisme. 4 Eg skal ikkje bruke mykje plass på den lågkyrkjelege (kalvinske) forståinga. Her legg ein vekt på at dåpen bekre ar den eksisterande frelsa, at sakramentet 5 er eit bilete på frelsa. Dåpen vert ikkje definert som nådemiddel, men eit ytre teikn på at ein allereie er frelst. 6 I ein artikkel om sakrament på nettsidene til frelsesarmeen står det at frelsesarmeen «mener at en personlig tro er det eneste nødvendige for å bli frelst.» Og at dåpen «ikke er avgjørende for frelse og at Gud ikke har gjort seg avhengig symboler for å handle med mennesket.» 7 I meir høgkyrkjelege krinsar fokuserer ein derimot på at dåpen formidlar frelsa. Den katolske kyrkja si katekisme slår fast at «Herren selv sier at det er nødvendig å bli døpt for å bli frelst.» Og: «Kirken kjenner intet annet middel enn dåpen for å nå evig salighet.» 8 Vi finn også dette i CA 9: «[Dåpen er] naudsynleg til frelse, og 3 Sannes: 1978: Sjå fotnote 1. 5 Enkelte vil her styre unna sakraments-omgrepet. 6 For å lesa litt meir omkring dette, les Sannes: 1978: Sakramentsyn (Frelsesarmeen)

4 at Guds nåde vert boden fram ved [den].» 9 Men kva tilnærming ligg nærast det vi finn i Bibelen og i vedkjenninga? 3 Bibelen og vedkjenninga Dersom vi les kva Bibelen sjølv seier om dåpen, og kva som vert lagt fokus på i vedkjenninga, er det den katolske tilnærminga som ligg nærast. Med Nikenum vedkjenner vi at vi «trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande.» Og vidare vedkjenner vi «éin dåp til forlating for syndene.» 10 Med utgangspunkt i dette skal eg ta for meg det eg trur er det viktigaste dåpsperspektivet i Bibelen; den nye fødselen. 3.1 Den nye fødselen Den katolske kyrkja si katekisme seier at dåpen er «er grunnvollen i hele det kristne liv; den er porten inn til livet i Ånden (...), og døren inn til de andre sakramentene.» 11 I dåpen vert vi kalla ut 12 av denne verda, og inn i Guds rike. Vi ser dette spesielt i samtalen mellom Jesus og Nikodemus (Joh 3). Der seier Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» 13 Han held fram: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.» 14 9 Brunvoll: 1979: Ibid.: Kyrkje = gr. ekklesia, utkalla. 13 Joh 3:3. Om ingenting anna vert nemnt, bruker eg bibelselskapet sine omsetjingar av 1978/85 (GT) og 2005 (NT). 14 Joh 3:5f 4

5 Vi les her at for å nå til himmelen må ein verta «fødd på nytt,» noko Nikodemus misforstår. Kristi meining, som kjem fram i v.5, er at ein må verta fødd av Gud, fødd ovanifrå. 15 Ut frå dette må vi seie at dåpen gjev oss del i frelsa, noko som kjem endå meir eksplisitt fram i Titus 3. «Han frelste oss,» skriv Paulus der, «ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande.» 16 Her får vi to opplysningar. For det fyrste at frelsa er Guds verk, og ikkje vårt eige. Og for det andre at Gud frelsar oss ved dåpen, ved eit konkret teikn. Vi ser av dette at dåpen er eit sakrament, eit nådemiddel. Men det er også viktig å poengtere at nåden er Guds eige liv, og ikkje ein ting eller ein substans som vert gjeve til oss. I CA 5 står det at «med Ordet og sakramenta som middel vert Den Heilage Ande gjeven, han som verkar trua, kvar helst og når Gud tykkjer om det.» 17 Å få del i nåden ved ord og sakrament er altså, i fylgje luthersk (og ortodoks) tradisjon å få del i Guds eige liv, i Heilaganden. Vi vert ikkje lik Gud er i seg sjølv, men får «del i guddomleg natur,» 18 del i Guds liv. 19 I ortodoks tradisjon vert dette sterkt understrekt. «I guddomleggjeringi,» skriv Ola Breivega, «vert mennesket ved nåden alt det Gud er av natur. Men det vert verande ein skapning slik Kristus, motsett, vart verande Gud jamvel etter inkarnasjonen.» 20 Men kvifor handlar Gud med oss på ein slik konkret måte, og med konkrete middel? Her ser ein heilt konkret skilnaden mellom den lågkyrkjelege protestan- 15 Brown: 1966: Tit 3:5, jmf. v Brunvoll: 1979: 49. Mi utheving. 18 2Pet 1:4 19 I austleg-ortodoks teologi vert dette poengtert ved distinksjonen mellom Guds vesen, som vi ikkje kan kjenna, og Guds energiar (gr. energeia, verksemd ) som vi kan ha del i. Ta sola: vi kan ikkje få del i hennar natur, men vi kan ha del i solstrålane hennar. For vidare lesing, sjå Ware: 1995: Breivega: 1994: 40 5

6 tismen og den høgkyrkjelege katolisismen. Fyrstenemnde har alltid hatt ein slags intellektualisme og rasjonalisme i botn, kombinert med ei mistru til at Gud (t.d. i dåpen) vil handla gjennom det konkrete. Slik står det på nettsidene til frelsesarmeen: «Vi tror at dåp ikke er avgjørende for frelse og at Gud ikke har gjort seg avhengig symboler for å handle med mennesket.» 21 Ja, Gud har ikkje gjort seg sjølv avhengig av symbol, men Han har gjort oss avhengige av dei, 22 av di vi er konkrete, kroppslege vesen. I ein artikkel som kjem i bladet Lære og liv 23 skriv eg at «kyrkja sitt sakramentale liv er ein logisk konsekvens av inkarnasjonen.» Og at vi difor kan «forholda oss til [Gud] på lekamlege måtar og med konkrete middel.» I ei bok om eukaristien poengterer Alexander Schmemann at «the purpose and function of a symbol is not to illustrate... but to manifest and communicate what is manifested.» 24 Symbolet står altså ikkje i ein slags fiendskap til det indre, men er intimt knytt til det. 25 Schmemann tar også for seg dette i ei bok om dåpen, der han kritiserer det moderne, vestlege skiljet mellom vesen og form. 26 Han poengterer at det i den etter-patristiske tida utvikla seg eit skilje mellom liturgien og teologien, inkludert ei konflikt mellom dåpens vesen og dåpens form. Han skriv: e most striking aspect of this discrepancy is the inability of modern or post-patristic theology to explain the relationship beteween Baptism and the Death and Ressurection of Christ, a relationship clearly 21 Sakramentsyn (Frelsesarmeen) 22 I 1257 i Den katolske kyrkja si i katekisme står det at «Gud har bundet frelsen til dåpens sakrament, men selv er Han ikke bundet av sine sakramenter.» 23 Kringlebotten: Schmemann: 2003: For å lese litt meir, sjå artikkelen min i Lære og liv. (Kringlebotten: 2009) 26 Schmemann har det med å skapa nokre stråmenn til tider, spesielt i sin kritikk av vesten, men eg trur at han hovudsakleg har rett. 6

7 affirmed by both liturgy and Tradition. Not only do they affirm it but they make this relationship the very content and meaning of the sacrament. 27 Dette kjem klart fram i Rom 6. «Vi vart gravlagde med [Kristus],» skriv Paulus, «då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.» 28 Schmemann sitt poeng er at vi må ikkje la rasjonaliseringa ta overhand, men rett og slett ta inn over oss at dåpen, som dei andre sakramenta, er eit mysterium som gjev oss del i frelsa og samfunn med Gud. Spørsmålet i denne oppgåva er kva plass dåpen har i kyrkja sitt liv. For å svare på det er det viktig å presisere at Bibelen åtvarar om at frelsa kan mistast. «Den som held ut til enden, skal bli frelst» seier Jesus. 29 Dåpen er inngangen til den nye pakta, liksom omskjeringa (for jødiske menn) var inngangen til den gamle. 30 Vi må difor leva i den, og kvar dag fornya den i bøn og tilbeding. Men det er ikkje lett å skulla definere dåpen sin plass i kyrkja sitt liv. Det virkar o e som om den ikkje er fullt så viktig. Den vert o e sett på som ein vag ting i fortida. Men det er svært viktig å huska på at dåpen er for det kristne livet kva fødselen er for vårt naturlege liv. Utan dåpen hadde det ikkje vore noko åndeleg liv å snakka om. Den opnar opp for dei kristne dygdene, og lar oss få leva eit heilagt liv. Fr. Arfinn Haram skriv: To [Paul], the Christian life as completely steeped in his teachings onand his experience of the sacrificed and risen Christ. (...) To Paul [the] 27 Schmemann: 1997: Rom 6:4f 29 Matt 24:13 30 Men i den nye pakta er det opent for alle, jmf. Gal 3:28. 7

8 mystical identification and unity with Christ is experienced and transfered through the Sacraments. First and foremost and in a fundamental way through Baptism. In Romans, chapter 6, the Apostle is talking about Baptism as dying and rising with Christ (Romans 6, 1ff). And he uses this common knowledge, this well known tradition of the sacramental death and resurrection, to motivate his ethical parenesis, his ethical teachings, his exortations. A holy life which is the vocation of the holy people, the covenant people - is to be a life of freedom, freedom understood as slavery to Christ, and not to sin. 31 Dåpen gjev oss nåde til å leva eit heilagt liv. Den er ei vasskjelde «som bryt fram og gjev evig liv.» 32 «Arbeid på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt» skriv Paulus. «For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.» 33 I Tit 3:5 poengterer Paulus at Gud er det handlande subjekt i dåpen, og i 1Kor 12:6 skriv Han at Gud «er verksam og gjer alt i alle.» 4 Avslutning Det er ikkje enkelt å skulle definere dåpen sin plass i kyrkja sitt liv. Den virkar o e ern, liksom vår naturlege fødsel. Men utan dåpen hadde det ikkje vore noko liv å snakka om. I fødselen fekk vi det vi treng til å leva som menneske. Men i dåpen får vi «del i guddomleg natur,» 34 del i Heilaganden sjølv 35 og hjelp til å «vandra i eit nytt liv.» Haram: Joh 4:14 33 Fil 2: Pet 1:4 35 Jmf. CA 5 36 Rom 6:4 8

9 5 Kjelder Bibelen. Den heilage skri a. Oslo: Det norske bibelselskap 2006 Breivega, O. (1994). Austanljos: Glimtar av ortodoks kristentru. Bergen: Norsk Bokreidningslag Brown, R.E. (1966). e Gospel According to John. Volume 1. Translated with and introduction and notes by Raymond E. Brown. London: Geoffrey Chapman Brunvoll, A. (1979). Vedkjenningsskri ene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde Den katolske kirkes katekisme. Oslo: St. Olav 1994 Haram, A. (Fr) (2008). «Christian Ethics: Ethics of Discipleship or Universal Ethics?» Lisensiat-førelesing heldt på Angelicum i Roma, 9. oktober [Henta: ] Kringlebotten, K. (2009). «Liturgi og sakramentalitet.» Lære og liv, nr. 1/2009 «Sakramentsyn.» Frelsesarmeen.no [Henta: ] Sannes, K.O. (1978). Dåpen og dens plass i kirkens liv. Oslo: Aschehoug Schmemann, A. (2003). e Eucharist. Crestwood: SVS Press (1997). Of Water and the Spirit. Crestwood: SVS Press Ware, K. (1995). e Orthodox Way. Revised edition. Crestwood: SVS Press 9

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta Vedlegg til KR-sak 41/15 Revisjon av dåpsliturgien KR 41.2/15 Omsetjing til nynorsk av NFGs framlegg til revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta, vedteke i møtet 18.juni 2015 Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Detaljer

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR KONFIRMASJON ORDNING FOR KONFIRMASJON NYNORSK INNHALD KVA ER KONFIRMASJONEN?... 2 MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGA... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovudstyret mai 2011. 1

Detaljer

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss Ordning for Dåp i hovudgudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. ELLER L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande: Vår skapar,

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Om ordning for dåp... 2. Om dåpen... 4. Dåp av barn... 6. Dåp ved neddykking... 9. Dåp utan at forsamlinga er til stades... 10. Dåp av vaksne...

Om ordning for dåp... 2. Om dåpen... 4. Dåp av barn... 6. Dåp ved neddykking... 9. Dåp utan at forsamlinga er til stades... 10. Dåp av vaksne... ORDNING FOR DÅP NYNORSK INNHAD Om ordning for dåp... 2 Om dåpen... 4 Dåp av barn... 6 Dåp ved neddykking... 9 Dåp utan at forsamlinga er til stades... 10 Dåp av vaksne... 11 Dåp ved neddykking... 14 Dåp

Detaljer

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje. Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje. FYRSTE BODET Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. Vi skal ottast og elska Gud over alle

Detaljer

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste ORDNING FOR Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta) kallar og ordinerer

Detaljer

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net Kommentarar til innhald Presentasjonen er skrive på nynorsk, men bibelsitata er

Detaljer

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta Revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta (nn) - KM 05/17. Ordning for dåp i hovudgudstenesta 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. L Med takk og glede kjem vi i dag

Detaljer

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga Norsk Den hellige Messe Innledende riter I Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn. Vår Herres Jesu Kristi nåde, Guds kjærlighet og Den Hellige Ånds samfunn være med dere alle. Og med din ånd. Nynorsk

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Helgatun / Danielsen

Helgatun / Danielsen Helgatun / Danielsen 03.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Vigsling av tilsynsmann

Vigsling av tilsynsmann ORDNING FOR Vigsling av tilsynsmann Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Når ein synode eller eit presbyterium vel nye tilsynsmenn, vigslast desse til teneste for kyrkjelydane og fellesvirket

Detaljer

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 4. Forenkla gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten Gudsteneste Redigert av Kjetil Kringlebotten Denne gudstenesta er laga etter mål av ei rekke forskjellige liturgiar: Den nattverdsgudstenesta som vert brukt på NLA Høgskolen i Bergen, tidebønstradisjonen;

Detaljer

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2 DEN ORTODOKSE KYRKJA Kap. 2 s. 44-45 «Ortodoks»: frå gresk, tyder å halde seg til den rette trua og læra. Halde seg til den rette lovprisinga og tilbedinga av Gud. - Ortodokse kristne meiner at dei har

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss

Detaljer

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine Lindås 17.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av GRATIA Nåden

Detaljer

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar Godøya 23.02.2014 Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror Brotne relasjonar Vi kan gjere det verre Ignorere Angripe person i staden for sak Manipulere Involvere feil menneske Snakke

Detaljer

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille,

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD 1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD I. SAMLING 1. FØREBUING Kyrkjerommet er ope ein halv time før gudstenesta, med høve til å tenna lys, sitja stille i ettertanke og bøn. Ei krukke for skrivne

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Soknepresten i Øygarden

Soknepresten i Øygarden Påskedag 2012. Mine kjære kyrkjelydar! Nåde vere med dykk og Fred frå Gud vår Far, og Herren Jesus Kristus. Til årsmøtet i år har eg noko viktig å seia dykk alle, anten de er vanlege kyrkjegjengarar, eller

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

04.04.2015. 2. Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

04.04.2015. 2. Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull. Vi kan lese om offer gjennom heile Bibelen. Både Kain og Abel, Noah, Abraham, Isak, Jakob osv. bar fram offer. Seinare vart det gitt særskilte ordningar knytta til ofringa ved heialgdomen / tabernakelet.

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang Skattejakt for 8-åringar Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang Kort sagt Dette opplegget bygger på boka Skatten i Liljedal der dei tre hovudpersonane

Detaljer

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje Tingnes kirke el møtt til Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke I Gudstenesta kjem vi saman for å søkja Gud. Gud tener oss, og vi blir rusta til teneste for kvarandre. Gud vil ha fellesskap med oss.

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV. BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV. Hensikten med denne artikkelen er å visa kva Bibelen lærer om kor lenge det er sidan Adam og Eva levde og kva tid me kan forventa Jesu gjenkomst. Dette seier Bibelen: år e.

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv Kalvåg 09.06.2017 Sola frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine Skrifta sitt vitnemål

Detaljer

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Jesus var svært moderne! Den gong tenkte folk flest at barna ikkje var verdfulle. Mange foreldre kjenner at Jesus gjorde det einaste rette. For han såg barna

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse) ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse) I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat

Detaljer

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten Vedlegg til KR-sak 41/15 Revisjon av dåpsliturgien KR 41.1/15 NFGs forslag til revidert Ordning for dåp i hovedgudstjenesten, vedtatt i møtet 18. juni 2015. Ordning for dåp i hovedgudstjenesten 1 Mottakelse

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben BREV I BIBELEN Av Marit og Preben Brev Tid Forfattar Adressat Romarbrevet 56-57. e. kr. Paulus Romarane 1. Korintarane 55 e. kr. Paulus Korintarane 2. Korintarane 56 e. kr. Paulus Korintarane Galatarane

Detaljer

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik) Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik) Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive

Detaljer

ÅRSPLAN(TRUSOPPLÆRING Kvar%T'dag%er%merka%med%"T"%og%nummer,%samt%"S"%(for%Stord%kyrkjelyd)%eller%"N"%(for%Nysæter%kyrkjelyd) T14%er%ikkje%sett%inn%,%fordi%den%er%sett%saman%av%ei%rekkje%med%hendingar%over%eit%heilt%skuleår.%Det%pregar%likevel%oppsettet%av%andre%T'dagar,%t.d.%ved%at%det%er%liten%aktivitet%i%april/mai%som%er%tida%for%konfirmasjonar%hos%oss.

Detaljer

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg.

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg. MENIGHETSRÅDET I BORGE MENIGHET HAR (12.10.11) VEDTATT FØLGENDE: Ordning for Dåp i hovedgudstjenesten I MOTTAKELSE TIL DÅP En dåpssalme synges enten her, før forsakelsen og troen eller som avslutning på

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM VELSIGNING AV HUS OG HEIM Liturgien for Velsigning av hus og heim er vedteke av Kyrkjemøtet 16. april 2013 med heimel i Lov om Den norske kyrkje 24, andre leddet. 1 Denne liturgien kan nyttast når folk

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet Gjelder fra 1. s. i advent 2011 og tas i bruk senest 1. s. i advent 2012.

Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet Gjelder fra 1. s. i advent 2011 og tas i bruk senest 1. s. i advent 2012. Fra Gudstjenesteboken 2011 Ordning for Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet 2011. Gjelder fra 1. s. i advent 2011 og tas i bruk senest 1. s. i advent 2012. I. mottakelse til dåp En dåpssalme synges

Detaljer

04.04.2015. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology

04.04.2015. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology Lukas 24:44-48 44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det laut oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane. 45 Då opna

Detaljer

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK INNHALD FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP... 2 1. MUSIKK MED EVENTUELL INNGANG... 2 2. SONG/SALME... 2 3. NÅDEHELSING/OPNINGSORD... 2 4. SKRIFTLESING...

Detaljer

2 - Dei oldkyrkjelege symbola

2 - Dei oldkyrkjelege symbola Fellesskapskyrkja Sandane er ein sjølvstendig kyrkjelyd som vedkjenner Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og trur og forkynner at heile Bibelen er Guds ord. 1 - Skrifta 1 / 23 Fellesskapskyrkja Sandane

Detaljer

i. Samling 1 Preludium 2 Inngangssalme 3 Inngangsord Ordning for Dåp i eiga gudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017

i. Samling 1 Preludium 2 Inngangssalme 3 Inngangsord Ordning for Dåp i eiga gudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 Ordning for Dåp i eiga gudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 1 Før gudstenesta startar, tek dåpsfølgjet plass i kyrkja. 2 Under ledd 1 Preludium kan det vera prosesjon. Dersom ein bruker prosesjonskross,

Detaljer

Reform av kirkens gudstjenesteliv Forslag til ny dåpsliturgi

Reform av kirkens gudstjenesteliv Forslag til ny dåpsliturgi Forslag til ny dåpsliturgi MOTTAKELSE L Vi skal feire dåp i Faderens og Sønnens og den Hellige Ånds navn. Med takk og glede kommer vi med NN/disse barna til Gud, som har skapt oss i sitt bilde. Ved vann

Detaljer

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Ståle Aklestad Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Treeiningssøndag Det er treeinigssøndag. Og vi skal langt bort. Og djupt ned i jorda. For i Roma, nede i ei av katakombane, som er tidlege, kristne gravplassar,

Detaljer

I. MOTTAKELSE TIL DÅP

I. MOTTAKELSE TIL DÅP Forslag til dåpsliturgi i hovedgudstjenesten til KR sept 2010 etter BM-vedtak I. MOTTAKELSE TIL DÅP Dåpssalmen kan synges her, før skriftlesningen, før forsakelsen og troen som avslutning på dåpshandlingen.

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel. VIGSEL Allmenne føresegner 1. Ekteskap vert inngått ved at kvinne og mann offentleg, i nærvere av vitne og for godkjend (borgarleg eller kyrkjeleg) styremakt, gjev løfte til kvarandre om at dei vil leva

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Korleis er Guds rike synleg i dag? Nyttårsmøte, Frekhaug,

Korleis er Guds rike synleg i dag? Nyttårsmøte, Frekhaug, Korleis er Guds rike synleg i dag? Nyttårsmøte, Frekhaug, 07.01.2017 Den tida som kjem har på ein måte begynt: Heb 6:5 «og har smaka Guds gode ord og kreftene frå den komande verda» I Skrifta og trua finn

Detaljer

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22 Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22 Bakgrunn I dåpen vert ein, ved vatn og Den Heilage Ande fullt og heilt innlemma i kyrkja samfunnet av dei heilage. Sjølve ritualet dreg både fortid

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD 1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD I. SAMLING 1. FØREBUING Kyrkjerommet er ope ein halv time før gudstenesta, med høve til å tenna lys, sitja stille i ettertanke og bøn. Ei krukke for skrivne

Detaljer

Dåp i eiga gudsteneste Fastsett av Kyrkjemøtet Gjeld frå 1. s. i advent 2011 og skal takast i bruk seinast 1. s.

Dåp i eiga gudsteneste Fastsett av Kyrkjemøtet Gjeld frå 1. s. i advent 2011 og skal takast i bruk seinast 1. s. Frå Gudstenesteboka 2011 Ordning for Dåp i eiga gudsteneste Fastsett av Kyrkjemøtet 2011. Gjeld frå 1. s. i advent 2011 og skal takast i bruk seinast 1. s. i advent 2012 1 Før gudstenesta byrjar, tek dåpsfølgjet

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme ORDNING FOR Vigsling av misjonær Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som misjonær i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

i den hellige dåp. I dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.

i den hellige dåp. I dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus. Ordning for Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet 2017 1 Mottakelse til dåp L I Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn. ELLER L I Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn: Vår skaper,

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Dåp ImF-Bryne Mars 2007

Dåp ImF-Bryne Mars 2007 Dåp ImF-Bryne Mars 2007 Bakgrunn a) Utgangspunkt i skapelsen: o Ved Ånden og Ordet skaper Faderen mennesket i Guds bilde. 1.Mos.1-2 o Adam og Eva blir skapt til fellesskap med Gud og hverandre. o Mennesket

Detaljer

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP Vangskyrkja på Voss I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet skal vere ope ei stund før gudstenesta, med høve til å sitja i stille, i ettertanke og bøn. Klokkeringing Tre klokkeslag

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Trude Bukve Institutt for lingvistikk, litteratur og estetiske fag Kort om masteroppgåva.. Ei undersøking av finansterminologi

Detaljer

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Apg 9:11 «For sjå, han ber!» Mosby 18.01.2017 Luk 18:1-8 1 Han sa ei likning til dei om at dei alltid skulle be og ikkje trøytna. 2 I ein by var det ein domar som ikkje hadde frykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske. 3 Og

Detaljer

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar Gravferd Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Vanlege ordningar 1. Når ein person er død, sørgjer dei som stod vedkomande nær, vanlegvis familien, for at den døde vert teken hand om på verdig vis og får

Detaljer

Dåp - folkekirke 36 572 døpte 2013

Dåp - folkekirke 36 572 døpte 2013 Samtale Det er andre møtet i barselgruppa. Ellen har akkurat fortalt hvor fantastisk flott det var i kirka på søndag da Cornelius ble døpt. Anne(38, førstegangsmor) sier: Petter og jeg hadde en skikkelig

Detaljer

3. Prosesjon og inngangssalme kan eventuelt kombinerast. På same vis kan forsamlinga eventuelt gå ut i prosesjon under postludiet.

3. Prosesjon og inngangssalme kan eventuelt kombinerast. På same vis kan forsamlinga eventuelt gå ut i prosesjon under postludiet. Ordning for KM 14.1.1/11 Dåp i eiga gudsteneste 1 Før gudstenesta startar, tek dåpsfølgjet plass i kyrkja. 2 Under ledd 1 Preludium kan det vera prosesjon. Dersom ein bruker prosesjonskross, skal denne

Detaljer

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda? KAPITTEL 2 Katolsk og ortodoks kristendom 1 korttekst Side 32 43 i grunnboka Den katolske kyrkja Katolsk tyder «for alle menneske» I Noreg i dag har den katolske kyrkja litt over 55 000 medlemmer (tal

Detaljer

S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse

S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse S.f.faste Joh. 12. 20-33 1 Familiemesse Maria hadde gledet seg til å være med til kirken! Det var familiemesse, og i kirken var det helt fullt av mennesker. Presten hadde lest om de som var grekere, og

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Vigsling av evangelist

Vigsling av evangelist ORDNING FOR Vigsling av evangelist Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som evangelist i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

1.5 Luthers lille katekisme.

1.5 Luthers lille katekisme. Organisasjons- og personalhåndbok / Bekjennelsesskrifter / Luthers lille katekisme 1.5 Luthers lille katekisme. 1. DE TI BUD Første budet Du skal ikke ha andre guder enn meg. Det er: Vi skal frykte og

Detaljer

dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.

dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus. Ordning for Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet 2017 Liturgien tas i bruk i menighetene senest innen 1. september 2017 Liturgien vil foreligge trykt i mai. Det kan da bli noen mindre endringer

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Rop det ut med hjertets jubel, gledesbudet fra ham selv: Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er synd og gjeld! Ordet vitner høyt og hellig om hans kjærlighet og makt.

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

Ledersamling Betania 19.1.2011 Av Olav Vestbøstad

Ledersamling Betania 19.1.2011 Av Olav Vestbøstad Ledersamling Betania 19.1.2011 Av Olav Vestbøstad 2 Kor 9,6-8 Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning. 7 Kvar må gje

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2011-2013 Strategidokument_Varhaug_Misjonshus_2011-2013_v1-0.doc Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2010-2015 Innhold 1.Om Varhaug Misjonshus...3 1.1.Visjon...3

Detaljer