STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Prosjektinvesteringar i ikt i Helse Vest 2018
|
|
- Elling Berntsen
- 5 år siden
- Visninger:
Transkript
1 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Prosjektinvesteringar i ikt i Helse Vest 2018 ARKIVSAK: 2018/96 STYRESAK: 009/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret i Helse Vest RHF vedtar ei investeringsramme på 405 MNOK for regional ikt prosjektportefølje for 2018.
2 Oppsummering Helse Vest har i heile perioden frå 2002 til i dag gjennomført betydelege systemanskaffingar med innføring og konsolidering, og etablert felles løysingar som støtte for betre prosessar og auka verdiskaping i verksemdene. For perioden ser vi ein topp i den regionale systeminnføringa. Dette skuldast at vi konsoliderer og vidareutviklar løysingane for økonomi, innkjøp og logistikk (LIBRAprogrammet) samtidig som vi er i gjennomføringsfase/ sluttfase både for felles journal, kurve og legemiddel (HELIKS-programmet) og for digitalisering og brukartenester (Alle Møterprogrammet).Det er difor behov for investeringsrammer utover det som i dag ligg i langtidsbudsjettet. Fakta Heilt sidan starten av Helse Vest i 2002 og fram til i dag har investeringane i IKT-teknologi for effektivisering og forbetring auka jamt og trutt. Figuren nedanfor viser auken i reine investeringar. Direkte kostnader og innsatsen frå eigne medarbeidarar kjem i tillegg. Innrammingane viser tilgjengeleg budsjettramme, medan dei blå felta viser resultatet og dei gule viser prognose for dei neste to åra. Figuren viser utviklinga i investeringar i perioden frå 2010 til 2019, kva som er realisert og planlagt. I 2017 har vi i tillegg til investeringane på 300 MNOK hatt direkte prosjektkostnader på 70 MNOK.Dette er arbeid som ikkje kan aktiverast, som organisasjonsutvikling, opplæring og liknande. 2
3 Utover dette er eigeninnsatsen i porteføljen berekna til å utgjere i storleik MNOK. Dette betyr at den samla porteføljeaktiviteten i 2017 utgjer godt over 400 MNOK. Dei samla behova vil med det investeringsbehovet som er skissert på rundt 400 MNOK då ligge i overkant av 500 MNOK for kvart av åra 2018 og Figuren illustrerer også at tilgjengelege økonomiske rammer ikkje fullt ut har vore utnytta. Det er i hovudsak to årsaker som forklarer dette. For det første opplever vi forseinkingar i leveransar frå leverandørane, eller at leveransane manglar forventa/bestilt kvalitet. Dette medfører forseinkingar og typisk også ein kostnadsauke. Den andre årsaka går på tilgjengelege ressursar for eigeninnsats. Prosjekta er avhengig av nøkkelpersonar i verksemdene for å realisere verdiskapinga av investeringane, og i ein hektisk kvardag vil den daglege drifta alltid ha prioritet framfor utviklingsarbeidet. Dette er det ikkje alltid lett å ta høgde for i planleggingsarbeidet. Dei siste åra, etter nedgangen i oljeindustrien, har vi erfart ein betra tilgang på personell, særleg på senior prosjektleiarar og porteføljekompetanse. Dette opplever vi er godt utnytta i føretaksgruppa, og vi har forbetra fordelinga mellom eigne medarbeidarar og eksternt innleigde i porteføljen, samtidig som vi har auka kapasiteten. Vi ser no at dette kan vere i ferd med å endre seg igjen, men meiner vi likevel står godt rusta med kapasitet til å kunne handtere den auka innsatsen som det er behov for. Kommentarar Den regionale prosjektporteføljen er i den perioden vi er inne i, , bygd rundt tre store programsatsingar. Ei organisering i programområde strukturerer porteføljen på ein god måte, slik at vi samlar dei initiativa som leverer innan det same strategiske området. Samtidig er programorganisering også ein reiskap til å handtere kontrollspennet i ein stor portefølje og bygge meir effektive styringsmekanismar for ein best mogleg verdiskapning. HELIKS HELIKS står for heilheit i kliniske system, og er i det regionale perspektivet ei vidareføring av Felles-EPJ-programmet og innføringa av elektroniske pasientjournalar (DIPS-systemet). Vidare skal HELIKS også levere på dei nasjonale måla, uttrykt i «Ein innbyggar ein journal». Dei viktigaste prosjekta i HELIKS er: DIPS Arena: Dette er neste generasjon av pasientjournalar (gjerne kalla 3.gen.), kjenneteikna med mykje meir strukturert informasjon, som dermed gir prosesstøtte og beslutningsstøtte på ein heilt annan måte. Den strukturerte informasjonen gir også betre føresetnader for forsking og analysearbeid. 3
4 KULE-prosjektet, kurve og legemiddelhandtering: Systemløysing frå Meona, som skal gi ei lik elektronisk kurve i heile regionen. Papirkurver blir avskaffa. DMA-prosjektet og radiologiprosjektet: DMA, Digitalt MediaArkiv, samlar alle typar bilete knytt til journalen i eit felles lager, og med styrt tilgang samordna med journalen og med rett pasient. Radiologiprosjektet konsoliderer systemløysingane for røntgeninformasjonssystem (RIS) og røntgenbildearkiv (PACS). Her har vi til no hatt ulike systemløysingar i dei fire sjukehusføretaka, dette blir no samordna både ved ei felles regional løysing for RIS/PACS og med eit PACS som inngår i DMA. Alle Møter Alle Møter programmet står for digitalisering av samverknaden mellom pasient/brukar og helsetenesta. Programmet arbeider både på regionalt og nasjonalt nivå. Ulike offentlege sektorar gjennomgår ei digital fornying, og Alle Møter samlar helsetenesta sine initiativ på dette området. Mål og hensikt med programmet er uttrykt i to formuleringar: - Pasientar og pårørande skal ha rett informasjon som er lett tilgjengeleg. - Aktivitetane i poliklinikkane er planlagde og effektive. Dei viktigaste prosjekta i Alle Møter er: Vestlandspasienten: Dette er ei eiga nettside integrert med helsenorge.no. Nye funksjonsområde blir tilført kontinuerleg ut frå brukarbehov og frå nasjonale føringar. Mitt timeval: Samordning mellom pasienttimar og legekalender, med mål om eigen booking. Open linje: Telefonitenestene i føretaka i stort, tilgjengelegheit og struktur. Vel Møtt: Innsjekk og betaling, anskaffing av ny teknologi for ankomst og for betalingsløysingar, viktig funksjon for alle føretaka også i samband med all nybygginga som går føre seg. LIBRA LIBRA-programmet (Lager, innkjøp, budsjett, regnskap, avtalar) samlar området økonomi, innkjøp og logistikk. Økonomiområdet var det første som vart samordna etter reforma, i perioden , og systemløysingane som vi brukar i dag er no utgåande og etter kvart ikkje lenger støtta frå leverandørmarknaden. 4
5 Programmet har gjennomført prosjekt for samordning av ulike register og dataadministrasjon, samt gjort eit betydeleg prosessarbeid i forkant av anskaffinga. Ein omfattande kontrakt er inngått i 2017 og planleggingsarbeidet pågår for fullt. Dei første systeminnføringane skal vere klar frå januar Til saman inneheld desse tre programma, LIBRA, HELIKS og Alle Møter i storleik eit 20-tals prosjekt samt ein del andre tiltak som blir gjennomført på programnivå. I tillegg inneheld den regionale porteføljen til ei kvar tid også større og mindre enkeltprosjekt, der det ikkje er formålstenleg å lage ei programoverbygging. Dei største prosjekta som går føre seg no er: Produksjonsstøttesystem for sjukehusapoteka Avslutning av eit sett prosjekt innan meldingar; adressering og meldingsutveksling Førebuing for digital patologi Realisering av regional laboratorieplan med teknologitiltak Anskaffing av nytt informasjonssystem for nukleærmedisin/ PET Logistikk og sporing for sterilforsyning Verdiskapinga i prosjektporteføljen Heilt fram til i dag har sanering av utgåande system og konsolidering av systemløysingane i føretaksgruppa vore eit viktig delmål. Vi ser no slutten på ein konsolideringsperiode. Samordning av systemløysingane har i seg sjølv gitt store økonomiske innsparingar i perioden. Ei forenkla forvaltning (drift av ei felles løysing kontra fire ulike, pr. føretak) gir både ein betydeleg økonomisk gevinst og reduksjon i personellbruk. Vidare er det realisert betydelege gevinstar gjennom forbetra prosessar og arbeidsrutinar, understøtta av nye systemløysingar. Arbeidet med planlegging av gevinstar og gevinstpotensiale er ein heilt sentral del i den etablerte porteføljeprosessen. Sjølv om konsolideringsgevinstane er betydelege, så ligg dei store gevinstane i forbetra og meir effektive arbeidsprosessar i alle deler av verksemda. Vi gjer no endå tydelegare koplingar mellom utviklingsarbeidet i porteføljen og endringsarbeidet i linjeorganisasjonen. Det er etablert eit sett med verktøy, rutinar og rollar for planlegging og dokumentasjon av gevinstar. Dette arbeidet er basert på felles statlege rettleiarar, og kvart program i porteføljen har no eigne gevinstansvarlege som skal støtte linje-funksjonane i realiseringa av skapt verdi. Det er ofte krevjande å kunne talfeste gevinstar på planstadiet, men vi ser at med forbetra verktøy og forbetra arbeidsprosessar er vi i stand til å handtere ein auka produksjon og oppnå ein auka behandlingskapasitet utan å gjere tilsvarande auke i medarbeidarstaben. Dette vil bidra til den forventa produktivitetsveksten som vi treng framover. 5
6 Prosjektportefølje 2018 Langtidsbudsjettet tek ikkje fullt ut inn over seg den toppen som no kjem i utviklingsbehovet. Vi legg difor til grunn at det også må arbeidast med revidering av langtidsbudsjettet for dei kommande åra. Investeringar Direktekost År SUM SUM Langtidsbudsjettet For 2018 er investeringsbehovet berekna til 405 MOK, medan estimatet for direkte kostnad ligg innanfor ramma i langtidsbudsjettet. Figuren viser dei estimerte behova i prosjektportefølje for 2018: Investering Drift År Langtidsbudsjettet Estimerte behov i porteføljen Investeringar Direktekost Program/prosjekt Program HELIKS 8 DIPS Arena 27 Kurve og legemiddel (KULE) Digitalt MediaArkiv (DMA) 3 Felles radiologi 39 3 SUM HELIKS Program Alle møter 6 Vestlandspasienten 10 0 Vestl.pas. Digital post og skjema 11 1 Vel møtt 47 5 Mitt timevalg 3 2 Åpen linje 6 0 SUM ALLE MØTER Økonomi, innkjøp, logistikk (LIBRA) 1 6 Systemleveranse 41 4 Felles register 4 Integrasjonar 17 Teknisk prosj. 7 3 Innføringsprosjekt 2018 (P50) 30 3 SUM LIBRA Prosjekt utanom program: Ny LIMS - Nukleærmedisin/PET 2 0 Produksjonssystem legemiddel 5 0 Bedrifthelseteneste (BHT) 3 2 Meldingar og adressering 0,7 0,8 Logistikk og sporing for steril 3 0 FDV for MTU&BHM, Medusa 8 1 Digital patologi regionalt 2 Unilab innføring, Fonna og Førde: 5 0 Virtuell AMK - forprosjekt LAB-løysingar - forprosjekt SUM ENKELTPROSJEKT 26 7 TOTAL PROSJEKT OG PROGRAM IKT Infrastruktur 70 PC-leige 44 SUM: Forutan dei regionale programma og prosjekta er også den nasjonale prosjektporteføljen aukande. Sjølv om beløpa her er relativt mindre, forventar vi å bruke meir ressursar framover. Nasjonal IKT ligg an til å ha ein prosjektportefølje i 2018 på totalt 74 MNOK, som skal fordelast ut nasjonalt. 6
7 Vi ser fleire grunnar som gjer det viktig å kunne ferdigstille det vi held på med regionalt før vi aukar innsatsen nasjonalt. Ei effektiv innføring av dei felles regionale løysingane bør ikkje strekkast for langt ut i tid. Dette er viktig både for å oppretthalde motivasjon hos medarbeidarane, og for å sikre verdiskapinga i verksemdene. Samtidig vil det vere nyttig å kunne «ta unna» mest mogleg av dei regionale løysingane som no er i innføringsfase, før fleire leveransar frå dei nasjonale anskaffingane treff oss. Dette er også noko av forklaringa på den toppen vi no ser dei næraste par åra. Vurdert opp mot auka kapasitet og gjennomføringsevne i organisasjonen, ser vi det som realistisk å kunne gjennomføre ein auke i aktivitet tilsvarande dei estimata som ligg i porteføljen for Gitt framtidsbiletet, vurderer vi summen av regional og nasjonal porteføljeaktivitet til framleis å vere aukande dei neste fem åra. Vi vil difor halde fram med å betre kapasitet og gjennomføringsevne i organisasjonen. Målet vil vere å ta unna mest mogleg av det som no er i innføring regionalt i løpet av dei to neste åra, for dermed å vere best mogleg rusta for kommande nasjonal koordinering og samordning. Konklusjon Det er planlagt med ein auka prosjektaktivitet i 2018 og 2019 for å ferdigstille og realisere verdi av dei mange anskaffingar som er gjennomført, samt for å sikre innføring i verksemdene innan eit forsvarleg tidsrom. Ein godt gjennomført regional konsolidering med innføring både av nye løysingar, nye prosessar og rutinar og med tilhøyrande verdiskaping i verksemdene - er ein avgjerande føresetnad før vi kan gå vidare og auke aktiviteten i det nasjonale portefølje-perspektivet. 7
STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Prosjektinvesteringar i Helse Vest 2017 ARKIVSAK: 2017/65 STYRESAK: 006/17
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Prosjektinvesteringar i Helse Vest 2017 ARKIVSAK: 2017/65 STYRESAK: 006/17 STYREMØTE:
DetaljerSTYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Terje Arne Krokvik m/fleire frå Helse Vest IKT SAKA GJELD: Prosjektinvesteringar i IKT i Helse Vest 2019
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 18.02.2019 SAKSHANDSAMAR: Terje Arne Krokvik m/fleire frå Helse Vest IKT SAKA GJELD: Prosjektinvesteringar i IKT i Helse Vest 2019 ARKIVSAK:
DetaljerSTYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 09.11.2018 SAKSHANDSAMAR: Lars Erik Solend /Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Rapportering om prosjekt i Helse Førde ARKIVSAK: 2013/3778 STYRESAK:
DetaljerStyresak. Sjur Olav Sandal Investeringsbudsjett 2017 Helse Førde HF. Arkivsak: 2016/4657 Styresak: 076/2016 Styremøte:
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 06.12.2016 Sakshandsamar: Saka gjeld: Sjur Olav Sandal Investeringsbudsjett 2017 Helse Førde HF Arkivsak: 2016/4657 Styresak: 076/2016 Styremøte:
DetaljerSTYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:
DetaljerSTYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Hovudaktivitetar/leveransar frå prosjekta og programma i 2016 STYREMØTE: 24.2.
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 10.2.2016 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Hovudaktivitetar/leveransar frå prosjekta og programma i 2016 STYRESAK: 19/16 O STYREMØTE:
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 30.08.2016 SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt ARKIVSAK: 2016/1349
Detaljer1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.
DetaljerStyresak. Bjørn Munthe Styresak 10/15 B Etablering av Helse Vest Innkjøp HF. Samandrag
Styresak Går til: Styremedlemmer Foretak: Helse Stavanger HF Dato: 6.02.2015 Saksbehandler: Saken gjelder: Bjørn Munthe Styresak 10/15 B Etablering av Helse Vest Innkjøp HF Arkivsak 6 2015/193/012 Framlegg
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.08.2019 SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport vaskehall og sterilsentral - Helse Bergen ARKIVSAK: 2019/7785 STYRESAK:
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK
DetaljerStyresak. Styremedlemmer Sjukehusapoteka Vest HF GÅR TIL: FØRETAK: Kst. Administrerande direktør Ola Rye DATO: FRÅ
Styresak GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Sjukehusapoteka Vest HF DATO: 07.12.2016 FRÅ Kst. Administrerande direktør Ola Rye SAKSHANDSAMAR: Kst. Økonomisjef Tor Erik Tveit og IKT leiar Jimmy Tvedt Thomsen
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 02.03.2017 SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse 2035 - strategi for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2017/644 STYRESAK:
DetaljerSTYRESAK ARKIVSAK: 2017/234 STYRESAK: 047/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tek saka til orientering.
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 19.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Liv Sundfør SAKA GJELD: Orientering om arbeidet med anskaffing og innføring av IKTløysing for rekneskap og budsjett,
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 15.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Felles risikostyringsmål for 2018 ARKIVSAK: 2017/1078 STYRESAK: 125/17 STYREMØTE:
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 14.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 020/2018
DetaljerStyresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Etablering av Helse Vest Innkjøp HF
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: 03.02.2015 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Etablering av Helse
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 29.09.2014 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Orientering om pasienterfaringar ved norske sjukehus ARKIVSAK: 2014/790/ STYRESAK: 104/14
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Lars-Johan Frøyland SAKA GJELD: Etablering av nytt innkjøpsføretak i Helse Vest - Helse Vest Innkjøp HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 10.02.2015 SAKSHANDSAMAR: Lars-Johan Frøyland SAKA GJELD: Etablering av nytt innkjøpsføretak i Helse Vest - Helse Vest Innkjøp HF ARKIVSAK:
Detaljer«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»?
«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»? NAV konferanse 26.10.2017 Administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen Dette er Helse Vest Har det overordna ansvaret
DetaljerRapportering frå verksemda per januar Vedlegg
Rapportering frå verksemda per januar 2019 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar Grenseverdiar
DetaljerSTYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 04.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Carina Mæland, Hans K. Stenby og Torleiv Bergland SAKA GJELD: Tilgjenge til avtalespesialistar innan psykisk helsevern
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017
DetaljerRapportering frå verksemda per oktober Vedlegg
Rapportering frå verksemda per oktober 2018 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar Grenseverdiar
DetaljerSTYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 19.09.2018 SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/ Helge Robert Midtbø SAKA GJELD: Løysing for kontorarbeidsplassar i Helse Førde ARKIVSAK: 2018/3310
DetaljerStyresak. Framlegg til vedtak. Dato: 15.01.2015 Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 15.01.2015 Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF Arkivsak 2015/185/ Styresak 008/2015 A Styremøte
Detaljer20 år med PACS Hvor går veien videre i Helse Sør-Øst? Thomas Bagley. Direktør Teknologi og ehelse, Helse Sør-Øst RHF
20 år med PACS Hvor går veien videre i Helse Sør-Øst? Thomas Bagley Direktør Teknologi og ehelse, Helse Sør-Øst RHF Helse Sør-Øst skal tilby rett behandling på rett sted og dette krever en sikker og effektiv
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 10.03.2016 SAKSHANDSAMAR: Lars-Johan Frøyland SAKA GJELD: Orientering om Helse Vest Innkjøp HF ARKIVSAK: 2016/2675 STYRESAK: 049/16 STYREMØTE:
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 11.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 052/2018
DetaljerStyresak. Sjur Olav Sandal Investeringsplan 2015 Helse Førde HF. Arkivsak 2014/4637/ Styresak 071/2014 A Styremøte 11.12.2014
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 05.12.2014 Sakshandsamar: Saka gjeld: Sjur Olav Sandal Investeringsplan 2015 Helse Førde HF Arkivsak 2014/4637/ Styresak 071/2014 A Styremøte
DetaljerRapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg
Rapportering frå verksemda per november og desember 2018 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 29.08.2018 SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2 ARKIVSAK: 2013/2681
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 21.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Finansiering av forsking i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1741 STYRESAK: 049/15 STYREMØTE:
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016
DetaljerSTYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 16.01.2018 SAKSHANDSAMAR: Divisjonsdirektør Askjell Utaaker SAKA GJELD: Fullmakter i utbyggingsprosjekt STYRESAK: 12/18 A STYREMØTE: 25.01.2018
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 25.11.2015 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 ARKIVSAK: 2015/2352 STYRESAK: 123/15 STYREMØTE: 10.12. 2015
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 14.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Kjell-Einar Bjørklund, Hans K Stenby, Terje Arne Krokvik SAKA GJELD: Igangsetting av forprosjekt «Bygg Aust» Helse
DetaljerStatus og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma
NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 18.03.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma ARKIVSAK:
DetaljerStyringsmodellar for auka gjennomføringsevne
Styringsmodellar for auka gjennomføringsevne EHiN, Oslo, 9. november 2015 Herlof Nilssen Adm. dir. Helse Vest RHF Styreleiar Helse Vest IKT AS Styreleiar Nasjonal IKT HF Styremedlem Norsk Helsenett SF
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 16.03.2017 SAKSHANDSAMAR: Charlotta Schaefer og Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Felles retningslinjer for brukarmedverknad ARKIVSAK: 2017/60
DetaljerSTYRESAK: DATO: 15.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Styring av prosjekt i føretaket STYREMØTE: 30.09.2015
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 15.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Styring av prosjekt i føretaket STYRESAK: 63/15 O STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG TIL VEDTAK
DetaljerSTYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Kristin Pundsnes SAKA GJELD: Budsjett 2017 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 12.06.2016 SAKSHANDSAMAR: Kristin Pundsnes SAKA GJELD: Budsjett 2017 STYRESAK: 56/16 O STYREMØTE: 23.06.2016 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per november og desember 2017
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 23.01.2018 SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per november og desember 2017
DetaljerSTYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 18.01.2017 SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling STYRESAK: 11/18 O STYREMØTE: 25.01.2018 FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka
DetaljerStatusrapport på utvikling og drift i Sykehusinnkjøp divisjon vest per april 2018
Statusrapport på utvikling og drift i Sykehusinnkjøp divisjon vest per april 2018 1 Innhald 1 Oppsummering divisjonsdirektøren sin vurdering... 3 2 Verksemdsutvikling... 3 3 Drift... 4 3.1 Status anskaffingar...
DetaljerFORSLAG TIL VEDTAK 1. Inntektene til helseføretaka blir justert med følgjande beløp i heile tusen kroner:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 03.06.2016 SAKSHANDSAMAR: Terje Arne Krokvik SAKA GJELD: Revidert nasjonalbudsjett 2016 ARKIVSAK: 2015/2397 STYRESAK: 0076/16 STYREMØTE: 20.
DetaljerRapportering frå verksemda per juli Vedlegg
Rapportering frå verksemda per juli 2018 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar Grenseverdiar Regionalt
DetaljerDigitalisering av helsesektoren hvilke utfordringer og muligheter står vi ovenfor?
Digitalisering av helsesektoren hvilke utfordringer og muligheter står vi ovenfor? FØRST 2014 Scandic Hotel Fornebu, Oslo 31. mars 2014 Adm. dir. Erik M. Hansen, Helse Vest IKT AS Noen nøkkeltall: Aksjeselskap
DetaljerDIGITAL FORNYING -for bedre pasientsikkerhet og kvalitet
Helse Sør-Øst RHF Gode og likeverdige helsetjenester til alle som trenger det, når de trenger det, uavhengig av alder, bosted, etnisk bakgrunn, kjønn og økonomi. DIGITAL FORNYING -for bedre pasientsikkerhet
DetaljerRapportering frå verksemda per august Vedlegg
Rapportering frå verksemda per august 2018 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar Grenseverdiar
DetaljerRealisering av helhetlige kliniske løsninger i Helse Vest. ehelse 2019 Vika Kino, Oslo, 8. mai 2019 Adm. dir. Erik M. Hansen, Helse Vest IKT AS
Realisering av helhetlige kliniske løsninger i Helse Vest ehelse 2019 Vika Kino, Oslo, 8. mai 2019 Adm. dir. Erik M. Hansen, Helse Vest IKT AS 07.12.18 11.12.18 13.12.18 2019 09.02.19 16.02.19 28.03.19
DetaljerDigitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland
Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune,
DetaljerRapportering frå verksemda per februar Vedlegg
Rapportering frå verksemda per februar 2019 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar Grenseverdiar
DetaljerProgram LIBRA. Samling føretakstillitsvalde og føretakshovudverneombod i Helse Vest. 15. september 2014
1 Program LIBRA Samling føretakstillitsvalde og føretakshovudverneombod i Helse Vest 15. september 2014 2 HVA? HVORFOR? NÅR? 3 Program LIBRA Lager Innkjøp Budsjett Regnskap Anskaffelse Forprosjektrapport
DetaljerUtfordringar, organisering heilskap og samanhengar
Utfordringar, organisering heilskap og samanhengar NTVA Teknologiforum 12.09.2013 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF Helse Vest Overordna ansvar for sjukehusa på vestlandet. Eigar
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 12.09.2016 SAKSHANDSAMAR: Kari Holvik Furevik SAKA GJELD: Pasienterfaringar med norske sjukehus i 2015 ARKIVSAK: 2014/2585 STYRESAK: 049/2016
DetaljerForslag til styremøte Styringsdokument Helse Vest IKT AS
Forslag til styremøte 04.03.2014 Styringsdokument 2014 Helse Vest IKT AS 1 Innleiing... 3 2 Helse 2020... 3 3 Ressursgrunnlag og resultatkrav... 3 3.1 Finansieringsmodell... 3 3.2 Balansekrav... 4 4 Styringsbodskap
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 26.02.2018 SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2017/3570 STYRESAK:
DetaljerStyresak. Framlegg til vedtak: Dato: 18.01.2011 Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 18.01.2011 Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010 Arkivsak 2010/37 Styresak 004/2011 A Styremøte
DetaljerFagsjef IKT, Helse Stavanger HF, Ivar Terje Solberg
STYRESAK GÅR TIL: FORETAK: Styremedlemmer Helse Stavanger HF DATO: 13.09.2016 SAKSBEHANDLER: Ørjan Andersen, prosjektleiar EPJ-optimalisering Fagsjef IKT, Helse Stavanger HF, Ivar Terje Solberg SAKEN GJELDER:
DetaljerSTYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen SAKA GJELD: Orientering om strategisk kompetanseplanlegging og Nasjonal bemanningsmodell
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 26.04.2018 SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen SAKA GJELD: Orientering om strategisk kompetanseplanlegging og Nasjonal bemanningsmodell ARKIVSAK:
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11.2014 SAKSHANDSAMAR: Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Risikovurdering i Helse Vest per 2. tertial 2014 ARKIVSAK: 2013/863/ STYRESAK:
DetaljerOppsummering Det blir vist til krav i føretaksprotokoll gitt til dei fire regionale helseføretaka for 2019:
NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 23.08.2019 FRÅ: Administrerande direktør Herlof Nilssen SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen SAKA GJELD: Rapport kunnskapsgrunnlag bruk av helsepersonellvikarar
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG
DetaljerE-helse muligheter og forutsetninger i det nasjonale perspektivet
E-helse muligheter og forutsetninger i det nasjonale perspektivet NSFs e-helsekonferanse 17. februar 2017 Roar Olsen, divisjonsdirektør Strategi Direktoratet for e-helse sine to roller Myndighet Sørge
DetaljerOm anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF
Om anbodssystemet innan rushelsetenesta Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF 1 Dette er Helse Vest Har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
DetaljerNOTAT. DATO: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Legemiddelkostnad nye kostbare medisinar
NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.05.2019 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Legemiddelkostnad nye kostbare medisinar ARKIVSAK:
DetaljerProgrammandat. Regional klinisk løsning
1 / 9 Programmandat Regional klinisk løsning Versjoner Versjon Navn Rolle Dato 1.0 Fornyingsstyret Programeier 2 / 9 INNHOLDSFORTEGNELSE 1 PROGRAMMETS NAVN... 4 2 PROGRAMEIER... 4 3 FORMÅL, BAKGRUNN OG
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest,
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest, 2016-2018 ARKIVSAK: 2015/1778 STYRESAK:
Detaljer1. Det blir oppretta to samarbeidsorgan, eit om forsking og innovasjon og eit om utdanning.
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 09.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Samarbeidsorgan mellom Helse Vest RHF og utdanningsinstitusjonane ARKIVSAK: 2014/1272
DetaljerRapportering frå verksemda per april Vedlegg
Rapportering frå verksemda per april 2018 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. Alle møter 5. HMS 6. Bemanning 7. Økonomi/finans Grenseverdiar Grenseverdiar
DetaljerStyresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 13.05.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta Arkivsak
DetaljerStyresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: 23.06.2010. Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i 2010-2011
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Førde HF Dato: 23.06.2010 Sakshandsamar: Jon Bolstad Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i 2010-2011 Arkivsak 2009/2936 Styresak 042/10
DetaljerFøretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.
Handlingsplan for Pasientreiser, Helse Fonna Ved Margareth Sørensen, funksjonsleiar Pasientreiser, Svanaug Løkling, seksjonsleiar akuttmottak Haugesund og Anne Hilde Bjøntegård, klinikkdirektør. Oversikt
DetaljerØrjan Andersen, prosjektleiar EPJ-optimalisering. SAKA GJELD: Verksemdsoverdraging EPJ-forvaltning til Helse Vest IKT
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Førde HF DATO: 13.09.2016 SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven/ Ørjan Andersen, prosjektleiar EPJ-optimalisering SAKA GJELD: Verksemdsoverdraging EPJ-forvaltning
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Terje Arne Krokvik og Hans K. Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport - utbyggingsplan for Førde sentralsjukehus
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 22.11.2015 SAKSHANDSAMAR: Terje Arne Krokvik og Hans K. Stenby SAKA GJELD: Konseptrapport - utbyggingsplan for Førde sentralsjukehus ARKIVSAK:
DetaljerHøyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting
Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11
DetaljerStyresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Økonomirutinar, internkontroll og fullmaktstruktur
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: 27.3.2014 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Økonomirutinar, internkontroll
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby, Terje Arne Krokvik og Kjell-Einar Bjørklund SAKA GJELD: Forprosjektrapport - Nye Førde Sjukehus
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 20.11.2018 SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby, Terje Arne Krokvik og Kjell-Einar Bjørklund SAKA GJELD: Forprosjektrapport - Nye Førde Sjukehus
DetaljerStyresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 01.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Tilleggsdokument til oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet, dagsett
DetaljerSTYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2018
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 19.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2018 ARKIVSAK:
DetaljerFORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret for Helse Vest RHF vedtar å stifte Helse Vest Innkjøp HF i samsvar med framlagde stiftelsesprotokoll.
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: mer Helse Vest RHF DATO: 20.03.2015 SAKSHANDSAMAR: Lars-Johan Frøyland SAKA GJELD: Stifting av Helse Vest Innkjøp HF ARKIVSAK: 2015/1486/ STYRESAK: 038/15 STYREMØTE: 07.04. 2015
DetaljerSTYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Odd Andrew Storetvedt / Kristin Blehr Patterson SAKA GJELD: STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 10.10.2017 SAKSHANDSAMAR: Odd Andrew Storetvedt / Kristin Blehr Patterson SAKA GJELD: Miljøstyringssystemet i sjukehuset STYRESAK: 88/17
DetaljerNOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering
NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: SAKA GJELD: Styremedlemmer Helse Fonna HF Administrerande direktør Prosess for leiing og organisering ARKIVSAK: STYRESAK: STYREMØTE: Administrerande direktør
DetaljerSAK NR TERTIALRAPPORT FOR IKT-PROGRAMMET DIGITAL FORNYING
Saksframlegg Saksgang: Styre Møtedato Styret Helse Sør-Øst RHF 18. juni 2015 SAK NR 040-2015 TERTIALRAPPORT 1 2015 FOR IKT-PROGRAMMET DIGITAL FORNYING Forslag til vedtak: Styret tar status for gjennomføringen
DetaljerSTYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømmemåling 2016 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 12.01.2017 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømmemåling 2016 STYRESAK: 09/17 O STYREMØTE: 25.01.2017 FORSLAG TIL VEDTAK Styret i Helse
DetaljerStyresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008
Styresak Går til: Styremedlemer Føretak: Helse Førde HF Styremøte: 26. mars 2008 Styresak: 024/08 O Arkivkode: Arkivsak: 2008/236 Dato skrive: 12.03.2008 Sakshandsamar: Tove Hovland Godkjent av: Jon Bolstad
DetaljerRapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg
Rapportering frå verksemda per november og desember 2017 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. HMS 5. Bemanning 6. Økonomi/finans Grenseverdiar Kort status pr
DetaljerStrategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
DetaljerRapportering frå verksemda per oktober Vedlegg
Rapportering frå verksemda per oktober 2017 Vedlegg Innhold 1. Grenseverdiar 2. Aktivitet 3. Kvalitet og pasientbehandling 4. HMS 5. Bemanning 6. Økonomi/finans Grenseverdiar Kort status pr januar 2017
DetaljerLangtidsbudsjett 2010-2015, vidare prosess
Helse Fonna HF Postboks 2170 5504 Haugesund Vår ref.: Deres ref.: Saksbehandler: 2009/414-1243/2010 Terje Arne Krokvik, 51 96 38 27 D?4?03.2010 Langtidsbudsjett 2010-2015, vidare prosess Styret i Helse
DetaljerStyret Helse Sør-Øst RHF 24. august 2018 SAK NR STATUS OG RAPPORTERING REGIONAL IKT-PORTEFØLJE PER FØRSTE TERTIAL 2018
Saksframlegg Saksgang: Styre Møtedato Styret Helse Sør-Øst RHF 24. august 2018 SAK NR 068-2018 STATUS OG RAPPORTERING REGIONAL IKT-PORTEFØLJE PER FØRSTE TERTIAL 2018 Forslag til vedtak: Styret tar status
DetaljerDATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Arealplan - oppstart forprosjekt «Nye Førde sjukehus»
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 07.10.2016 SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Arealplan - oppstart forprosjekt «Nye Førde sjukehus» ARKIVSAK: 2013/2929 STYRESAK:
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 25.05.2016 SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen og Hilde Christiansen SAKA GJELD: Rutinar og system for anonym varsling ved særleg graverande
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11.2014 SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby, Kjell-Einar Bjørklund og Terje Arne Krokvik SAKA GJELD: Planlegging av utbygging av Haugesund
DetaljerRisikorapport SAV 2014
Risikorapport SAV 2014 A: Endring i overordna risikobilde Nye element tatt inn i rapporten: Tertial 1 Tertial 2 Tertial 3 Element med redusert risiko og tatt ut av rapporten: Tertial 1 Tertial 2 Tertial
DetaljerFusjonsprogrammet HiB, HiSF og HSH. Prosjektplan Digitalisering
Fusjonsprogrammet HiB, HiSF og HSH Prosjektplan Digitalisering Innhald 1. Bakgrunn... 3 2. Organisering av prosjektet... 4 3. Overordna mandat og målsettingar... 4 3.1 Avgrensning av prosjektet / tolking
Detaljer