BEREDSKAPSPLAN FOR HYSTAD SKULE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "BEREDSKAPSPLAN FOR HYSTAD SKULE"

Transkript

1

2 Side: 1. Framside 2. Innhald 3. Mål og innleiing 4. Oversikt over system og rutinar 5. Ansvarsdeling i krise- og katastrofesituasjonar 6. Handlingsplan ved alvorlege ulukker 7. Handlingsplan ved alvorlege ulukker (framhald) 8. Katastrofe i lokalmiljøet 9. Dødsfall 10. Dødsfall 11. Dødsfall 12. Elevar forlet skulen eller forsvinn 13. Tiltak i samband med vald på skulevegen. 14. Tiltaksplan ved aggresjonsutbrot, ukontrollert åtferd og andre kritiske situasjonar 15. Situasjonar som krev at elevane må bli att på skulen 16. Situasjonar som krev at elevane må bli att på skulen 17. Pandemiar 18. Pandemiar 19. Handlingsplan ved ulukker i basseng 20. Handlingsplan ved ulukker i basseng 21. Etter ulukka 22. Branninnstruks 23. Branninnstruks 24. Evakuering av skulen 25. Mobbing 26. Mobbing 27. Viktige telefonnummer

3 MÅL: Å gjera dei tilsette ved Hystad skule best mogeleg skikka til å ivareta elevane og dei tilsette sine omsorgsbehov i krisesituasjonar. Å sikra at skulen i ein gitt situasjon handlar adekvat etter klar ansvarsfordeling mot. leiing og organisering. Å beskriva korleis me skal opptre i ulike krisesituasjonar for å redusera skadeverknadane til eit minimum. Planen skal vera ei god støtte i vanskelege situasjonar som kan oppstå. Det er viktig å ha gode prosedyrar, struktur og rutinar for å kunna ta dei mest mogeleg rette vala på ein slik måte at alle involverte i skulekvardagen blir ivaretekne. Alle bør også ha ei klar oppfatning av ansvarsog oppgåvefordeling om slike situasjonar skulle oppstå. Planen skal til ei kvar tid vera oppdatert og gjort kjent for personalet. Han skal være tilgjengeleg i kvart bygg, på personalrommet, på kontoret, hos sosiallærer og helsesøster. Me må våga å tenkja det utenkjelege, slik at me kan ta høgde for ekstreme hendingar når me planlegg og øver.

4 Tilgjengeleg i alle bygg på skulen og på skulen si heimeside Gjennomgang av beredskapsplanen med heile personalet på ein av planleggingsdagane i august kvart år Informasjon på heimesida og på foreldremøte System for registrering og melding av manglar/feil på bygget Jamleg internkontroll med fokus på tryggleik og forsvarleg drift Tilstrekkeleg med vakter ute

5 ANSVARSDELING I KRISE- / KATASTROFESITUASJONAR. Læraren som har elevgruppa, har ansvar for elevane. Dersom situasjonen varer over tid, skal kontaktlærar overta ansvaret. Teamleiar har ansvaret for lærarane og skuleassistentane på teamet (debriefing) til evt. andre fagpersonar tar over. SFO-leiar har ansvar for SFO-personalet (debriefing) til evt. andre fagpersonar tar over. Assisterande rektor og sosiallærar eller den rektor pålegg ansvaret, har ansvar for kontakt med pårørande. Rektor har ansvar for kontakt med presse/media. Rektor eller fungerande rektor har ansvar for at handlingsplan og ansvarsdeling fungerer. Hystad skule september Liv Skjønberg rektor

6 HANDLINGSPLAN VED ALVORLEGE ULYKKER. Den som først kjem til ulykkesstaden, syter for at førstehjelp blir gitt lege/ambulanse blir tilkalla elevane blir haldne borte frå ulykkesområdet rektor blir varsla Rektor, eller fungerande rektor, syter straks for at politiet blir tilkalla ved trafikkulykker, alvorleg personskade og ulykker der strafferettsleg ansvar kan bli gjort gjeldande foreldre / føresette blir varsla personalet blir orientert

7 Følgjande strakstiltak blir, så langt det er mogeleg, sette i verk for dei andre elevane: Lærarane / SFO-tilsette tar elevane / barna med til klasseromma / basane. Sosiallærar tar seg av søsken til den skadde. ( Dersom sosiallærar ikkje er til stades, den som rektor pålegg dette ansvaret.) Lærarane / SFO-tilsette har ansvar for at sjokkskadde elevar får ekstrahjelp, og at rektor får melding dersom lege må tilkallast. Lærarane / SFO-tilsette må, så langt råd er, syta for at elevane / barna får følgje med kvarandre på heimvegen. Lærarane / SFO-tilsette vurderer om foreldre / føresette må kontaktast for henting av elevar / barn som treng spesiell omsorg. Debriefing Så snart det er praktisk mogeleg, syter rektor, eller den som fungerer for rektor, for å kalla saman til eit møte med personalet, PPT, helsepersonell og andre for å drøfta og tilretteleggja oppfølgingstiltak. Det må leggjast vekt på augevitne sine behov for hjelp og bearbeiding av inntrykk. Det må leggjast vekt på at elevane får snakka ut om det dei har opplevd, og det må inviterast til open dialog mellom heim og skule.

8 Katastrofe i lokalmiljøet: Skulen får informasjon frå politiet, kommunalsjef eller pårørande. Personalet vert informert. Elevgrupper / klassar vert orienterte. Flaggheising når dette er aktuelt. Elevar som er råka / involverte, vert teken hand om av sosiallærar eller andre i administrasjonen. Heimen blir kontakta. Sosiallærarar ( eller andre i administrasjonen ) føl eleven heim.

9 DERSOM EIN ELEV DØYR. Personalet vert samla på personalrommet. Rektor orienterer. Elevgruppene vert orienterte av kontaktlærar. Flaggheising på skuleplassen. Minnestund i gymnastikksalen. Nært samarbeid med heimen og med diakon / prest. Song, salme, lytting til musikk. ( Ta kontakt med sosiallærar ) Rektor orienterer. Minneord ved rektor og evt. kontaktlærar. Samling av elevgruppene der kontaktlærar har ansvaret. Samtale og bearbeiding av følelsar og inntrykk t. d. gjennom teikning. Elevane skal ikkje gå heim. Foreldremøte for foreldra i elevgruppa for å orientera dei, samtala om korleis barn opplever sorg og bearbeiding av sorg. Førebuing med tanke på å følgja i gravferd. Rektor og kontaktlærar samarbeider om dette. Eit lys, bilete av eleven og blomar på den tomme pulten. Denne vert teken bort når dette kjennest naturleg, t. d. ved slutten på skuleåret. Elevgruppa besøkjer grava.

10 DERSOM EIN AV PERSONALET DØYR. Me følgjer stort sett samme plan som i punkt 1. Rektor / inspektør / sosiallærar tar seg av elevgruppa til vedkommande. Kontaktlærar vert innkalla og orienterte, evt. foreldremøte. Læraren sine elevar kan ta del i gravferda saman med foreldra sine. Skulen har stengt denne dagen. DERSOM NOKON DØYR I FERIEN. Skulen har ei minnehøgtid så snart skulen startar. Elevgruppa besøkjer grava. Blomehelsing.

11 DERSOM FORELDRE / SØSKEN TIL EIN ELEV DØYR. Tekstlesing / dikt. Høyra på musikk, t.d. Ole Edvard Antonsen: Vitae Lux. Samtale om døden, sorg og det å mista nokon som ein er glad i. Tenna lys. Ein person frå administrasjonen er med kontaktlærar i klassen. Elevane skriv trøystebrev / teiknar til medeleven. Evt. flaggheising og informasjon til heimen.

12 Tiltak dersom elevar forlet skulen eller forsvinn. Foreldra blir kontakta på telefon dersom ein elev forlet skulen utan lov og ikkje kjem attende innan ein time. Dersom ein elev forsvinn, skal det straks leitast etter eleven. Rektor og assisterande rektor skal ha melding snarast råd er. Foreldra vert kontakta på telefon. I samråd med foreldra vert politiet eventuelt kontakta.

13 Ekstraordinært tiltak i samband med vald på skulevegen. Eleven må gå frå skulen 10 min. før /etter dei andre for å dempa/hindra aggresjon og vald på skulevegen. Avgjerda vert teken av rektor med verknad frå bestemt dato. Eleven vert orientert om tiltaket av sosiallærar og/eller rektor. Foreldra vert orienterte om dette av sosiallærar/rektor i møte/telefonsamtale. Både eleven og foreldra må ha full forståing for vedtaket.

14 TILTAKSPLAN VED AGGRESJONSUTBROT, UKONTROLLERT ÅTFERD OG ANDRE KRITISKE SITUASJONAR. STRAKSTILTAK: 1. Om mogeleg, sjå signala og motivera eleven til å forlata situasjonen. 2. Ved fysisk utagerande åtferd: * Ta eleven/dei andre elevane/dei som kan bli skada bort frå situasjonen. * Snakka roleg med eleven: " Eg ser at du er uroleg og lei deg, og dette må me snakka om... Det er skulen sitt ansvar at du ikkje skadar deg sjølv eller andre... Eg er villig til å hjelpa deg, slik at du ikkje gjer noko som du vil angra på seinare." Lytta til det eleven har å seia, halda augekontakt med han og prøva å få til ein dialog. Beskriva situasjonen. 3. Tilkalla ekstra hjelp. 2 elevar i elevgruppa kan ha ansvar for dette. Elev A hentar rektor /ass. rektor / sosiallærar. Elev B hentar 2 mannlege lærarar (oversikt finst ved spesielle behov). I friminutt/pausar og midttime må elevane henta hjelp på personalrommet.

15 TILTAKSPLAN VED AGGRESJONSUTBROT, UKONTROLLERT ÅTFERD OG ANDRE KRITISKE SITUASJONAR ( framhald) Fysisk grensesetjing: - halda eleven til han er roleg - gjera avtale før ein slepp 4. Rektor /ass. rektor / sosiallærar kontaktar heimen. PPT vert kontakta og ev. politi. 5. Etterarbeid. Rektor /sosiallærar har samtale med eleven og andre aktuelle elevar. Kontaktlærar har samtale med elevgruppa. Rektor har ansvar for informasjon til/samtale med tilsette

16 SITUASJONAR SOM KREV AT ELEVANE BLIR ATT PÅ SKULEN. Dersom det er katastrofe i nærmiljøet av slik art at elevane må vera att på skulen, har heile personalet ansvar for å ta seg av elevane. Melding om ein slik situasjon vert gitt av rektor eller den som er i rektor sin stad. Lærarar / SFO-tilsette orienterer elevgruppene / basane. Informasjonen må vera sakleg og bli gitt på ein roleg måte. Det kan vera aktuelt å samla alle elevane i gymnastikksalen for informasjon. Administrasjonen fordeler oppgåvene med å kontakta foreldre på telefon/via sms.

17 SITUASJONAR SOM KREV AT ELEVANE BLIR ATT PÅ SKULEN. Fordeling av oppgåver: trinnet: Rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 3. og 4. trinnet: Assisterande rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 5. og 6. trinnet: Sosiallærar ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 7. trinnet: Sekretæren ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra Elevane går til følgjande hus: 1. og 2. trinnet går til Valdaihuset. 3. trinnet går til Paviljongen. 5. trinnet går til Landskap I. 6. og 7. trinnet går til Landskap II. 4. trinnet går til Nybygget. SFO held til i sine avdelingar. Alle er sikra tilgang til kjøkken og toalett.

18 PANDEMIAR, EPIDEMIAR ELLER ANDRE AKUTTE SITUASJONAR. Personallogistikk Ansvars- og oppgåvefordeling når store deler av personalet er borte: Assisterande rektor er fungerande rektor når rektor er borte. Sosiallærar er fungerande rektor når rektor og assisterande rektor er borte. Teamleiarane er fungerande rektor for kvar sine team når rektor, assisterande rektor og sosiallærar er borte. SFO-koordinator er fungerande rektor for sitt fagområde når rektor, assisterande rektor og sosiallærar er borte. Scenario: 40% - 50% av personalet er borte: Dei vaksne som er att på skulen får ansvar for kvar si elevgruppe. Opplæringslova vert sett til side, og det primære vert å gje elevane tilsyn og omsorg. Elevane kan arbeida med arbeidsplanar eller oppgåver som går fram av vekeplanen. Foreldra får informasjon gjennom Hystad skule sine informasjonskanalar.

19 PANDEMIAR, EPIDEMIAR ELLER ANDRE AKUTTE SITUASJONAR. Svært mange elevar er blitt sjuke Skulen kontaktar smittevernlege for å avklara om det er pandemi eller epidemi. Informasjon til heimen. Førebyggjande tiltak på skulen med fokus på handhygiene og andre smitteførebyggjande tiltak. Svært mange av personalet, elevane og foreldra er blitt sjuke Skulen må stengja i samråd med smittevernlege. Administrasjonen fordeler oppgåvene med å kontakta foreldre på telefon/via SMS etter følgjande plan: trinnet: Rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 3. og 4. trinnet: Assisterande rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 5. og 6. trinnet: Sosiallærar ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 7. trinnet: Sekretæren ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra Informasjon til heimane via media

20 HANDLINGSPLAN VED ULYKKER I BASSENG. Nysæterbass. : Ring 113. Kulturhuset: Alarmplan - oppslag i bassenget. Den som oppdagar ein skadd person, varslar straks dei andre og set i gang bergingstiltak. Den som har hovudansvar for aktiviteten i bassenget tar over bergingsarbeidet så snart råd er set i gang naudsynt førstehjelp følgjer med den foruluykka til lege / sjukehus NB! Er det mistanke om nakke- / ryggskade, må det visast stor varsemd! Symjeassistent / medlærar: ringjer etter oppsettet i Alarmplan ( sjå oppslag i bassenget ) hjelper til med bergingsarbeidet assisterer ved og hentar utstyr til førstehjelp får dei andre elevane ut av bassenget og tar dei med til garderobane ser til at tilkomstvegen for ambulanse / hjelpepersonell er open og tar imot desse orienterer skuleleiinga, som tar kontakt med pårørande tar elevane med tilbake til skulen

21 Etter ulykka: Den ansvarlege skriv rapport om ulykka til overordna, som har ansvar for at skademelding vert utfylt. Den overordna syter for at kopi av rapporten vert sendt til politi / lensmann. Det impliserte personalet skal ikkje gi opplysningar om dette til andre enn dei som er nemnde i pkt. 4. og 5.

22 BRANNINSTRUKS. DEN SOM OPPDAGAR BRANN I SKULEBYGNINGANE, MÅ STRAKS SLÅ ALARM PÅ NÆRASTE BRANNMELDAR PÅ SKULEN. BRANNALARMEN VERT DÅ UTLØYST. MELDINGA GÅR DIREKTE TIL BRANNVESENET. RING 110 BRANNALARM: SKULEKLOKKA RINGJER MANGE KORTE RINGESIGNAL. Straks brannalarmen lyder, marsjerer elevgruppa / SFO-gruppa samla ut under leiing av lærar / leiar i SFO. Ingen må springa. Skulesaker og ytterklede skal liggja att. Dører og vindaugo må lukkast. Læraren / leiar i SFO kontrollerer at alle elevane kjem seg ut av undervisningsrommet og ser til at dei som treng hjelp, får det. Elevgruppa / SFO-gruppa marsjerer samla til idrettsplassen/fotballbanen der elevane stiller opp. Læraren / leiar i SFO gir melding til rektor / brannvernleiar så snart gruppa har stilt opp Dersom brannalarmen går i friminutt eller midttime, går elevane / barna til idrettsplassen og stiller opp her. Læraren / leiar i SFO gir melding til rektor / brannvernleiar så snart gruppa har stilt opp. Like etter at skulen har begynt om hausten, skal kontaktlærar / leiar i SFO gå gjennom branninnstruksen med elevane / barna.

23 Skulen skal halda 2 brannøvingar i skuleåret for at elevane skal læra korleis dei raskt og roleg skal forlata skulen i tilfelle brann. Både elevane og dei tilsette skal vita om den første brannøvinga. Brannvernleiar for bygningen går gjennom skulebygget og ser etter at alle er komne seg ut. Brannvernleiarar Brannvernleiarar Valdaihuset: Torunn, Renathe Landskap I: Anita, Signy Huset i skogen: Guro, Liv Torunn Landskap II: Per, Randi Paviljongen: Trond, Kari Johanne Adm. Avdelinga: Ass. rektor Gymnastikksalen: Gymnastikklærar Kunst og handverk: Lærar Nybygget Irene, Brit Rektor

24 HANDLINGSPLAN SOM KREV EVAKUERING AV SKULEN. Ved brann vil det verta varsla ved at ringeklokka / alarmen ringjer fleire korte ringjesignal. Ved anna evakuering kan også denne alarmen verta nytta. Det kan også verta aktuelt å evakuera skulen ved at alle får melding via telefon eller munnleg beskjed frå rektor eller inspektør. Hald deg i ro og vent til alle er klare til å gå samla ut. Ved brann skal yttertøy og skulesaker liggja att inne. Sjå til at vindaugo og dører er attlatne. Alle går samla til den store fotballbanen. Meld frå til rektor om talet på elevar, og om nokon eventuelt manglar. Evakuering del II: Rektor gir melding om vidare evakuering. Denne skjer ved at alle klassane marsjerer ned til Idrettsbanen i Prestegardsskogen. Her får elevane melding om at dei må evakuerast til Kulturhuset med buss. Kulturhuset er ekstern evakueringsplass for Hystad skule. Trond Nyhammer er brannvernleiar når rektor og assisterande rektor er borte. Per Nes Valvatna er brannvernleiar når rektor, assisterande rektor og Trond Nyhammer er borte. Det er berre rektor, eller den som er i rektor sin stad, som uttalar seg til pressa.

25 Kva er mobbing? Me seier at ein person er mobba når han eller ho, gjentekne gonger over ei viss tid, er utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar. (Olweus 1992) Mobbing er kjenneteikna av 3 forhold: aggressiv eller vondsinna åtferd som vert gjenteken og går føre seg over ei viss tid i ein mellommenneskeleg relasjon som er kjenneteikna av ein viss ubalanse i styrke- eller maktforholdet Det kan vera nyttig å skilja mellom direkte mobbing - med opne angrep på offeret og indirekte mobbing i form av sosial isolering og utestenging frå gruppa, spreiing av rykte og løgner for å få andre til å mislika den som vert utsett.

26 HYSTAD SKULE REGLAR MOT MOBBING EG SKAL IKKJE MOBBA ANDRE. EG SKAL PRØVA Å HJELPA DEI SOM BLIR MOBBA. EG SKAL OGSÅ VERA SAMAN MED ELEVAR SOM GÅR ÅLEINE. DERSOM EG VEIT AT NOKON BLIR MOBBA, ELLER EG SJØLV BLIR MOBBA, SKAL EG FORTELJA DET TIL EIN VAKSEN PÅ SKULEN OG TIL DEI HEIME.

27 VIKTIGE TELEFONNUMMER: Liv Skjønberg, rektor: Pål Helland, ass. rektor: Gro Dregelid, sosiallærar: Guro Lund, verneombod: Per Nes Valvatne, ATG:

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) GRUNNLEGGJANDE DEFINISJON AV MOBBING. Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger og over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Hafslo barne- og ungdomsskule - Tiltaksplan mot mobbing Revidert juni 2012 9 A opplæringslova: Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013 Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013 Elevane sine rettar 1. Elevane skal ha påverknad på arbeidsmengd, undervisningsopplegg og innhald i vekeplan og halvårsplan. 2. Elevane skal ikkje ha

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen skal ved førebyggjande tiltak forhindre at elevar blir utsett for mobbing. Skulen sine rutinar skal avdekkje om mobbing føregår Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer

Detaljer

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging Side 1 av 5 1.0 Mål Målet med denne retningslinja er å kvalitetssikre korleis den enkelte skole skal førebygge og handtere vald og trusselhandlingar som elevar utøvar mot tilsette på skolane. 2.0 Omfang

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Handlingsplan ved ulukker og krise

Handlingsplan ved ulukker og krise Handlingsplan ved ulukker og krise Viktige telefonar 110 BRANN 112 POLITI 113 AMBULANSE 916 02 107 RÅDMANN 53 65 55 00 Ølen legekontor 52 76 74 00 Skjold legekontor (Vindafjord legesenter) 116 117 Legevakten

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Respekt på Rommetveit skule

Respekt på Rommetveit skule Respekt på Rommetveit skule Frå og med hausten 2014 er Rommetveit skule ein RESPEKT-skule. Det vil seie at RESPEKTprogrammet skal vere gjennomgåande i heile vår kultur og alt vårt arbeid. RESPEKT er ikkje

Detaljer

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

DEL I: REGLAR OVERORDNA: DEL I: REGLAR OVERORDNA: ALLE ELEVAR I GRUNNSKULEN OG VIDAREGÅANDE SKULE HAR RETT TIL EIT GODT FYSISK OG PSYKOSOSIALT MILJØ SOM FREMJAR HELSE,TRIVSEL OG LÆRING. 9a-3.ledd i Opplæringslova. 1.ÅTFERD: På

Detaljer

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune For pedagog/assistent/vikar som jobbar i skule og barnehage i Naustdal kommune Krav til aktivitet 1.) Du skal ha regelmessing gjennomgang av og opplæring i prosedyrer for rutiner ved brann, brannøvingar,bruk

Detaljer

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Opplæringslova 9a-3 første ledd, seier følgjande: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune. BEREDSKAPSPLAN i Jølster Kommune. Vedlegg 6.5.3: Plan for psykososial støttegruppe. Vedteken i kommunestyret 01.03.05, K sak 09/05. Revidert juni 2006, juli 2012, februar 2014, desember 2014. 1 Innhald:

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune. BEREDSKAPSPLAN i Jølster Kommune. Vedlegg 3: Plan for psykososial støttegruppe. Vedteken i kommunestyret 01.03.05, K sak 09/05. Revidert juni 2006. 1 Innhald: 1.0 Generelt om støttegruppa:... 3 1.1 Innkalling

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Forord --------------------------------------------------------------------

Forord -------------------------------------------------------------------- BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER 9A OPPVEKSTSENTERETS HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Forord Side 2 1. Kva er mobbing Side 3 2. Oppvekstsenterets arbeid for eit trygt barnehage og skulemiljø Side 5 3. Avdekking av

Detaljer

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd Øystese barneskule Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd Definisjonar: -Mobbing -Åtferdsproblem Kva gjer me? - Tiltak - Mal for tiltaksplan 2011-15-03 1 MOBBING Definisjon: Same elev/elevar

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR Ogna skule 2018 2021 Innleiing Kapittel 9 A i opplæringslova skal bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen, slik at elevane trivs og kan læra best

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1.0 Plan for å sikre elevane eit godt og trygt miljø Opplæringslova kap. 9A handlar om elevane sitt skulemiljø.

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-2019 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Bø skule, Høyland skule, Motland skule, Nærbø ungdomsskule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INNHALD Alle barn og unge har rett til eit arbeidsmiljø utan mobbing... 3 Kva er

Detaljer

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vår ref. Dykkar ref. Dato: 03/1009-1/N-244//AGNH 23.07.2003 Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vedlagt ligg søknadsskjema for treningstid ved Øystese Idrettshall for hausten 2003

Detaljer

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag Krisehandtering i Leikanger skyttarlag Oppdatert pr. 01.05.2016 INNHALD KRISEHANDTERING I LEIKANGER SKYTTARLAG 1. Overordna prinsipp 1.1. Krise/hending scenario 1.2. Prinsipp for handtering 1.3. Prioritet

Detaljer

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Føreord av rektor Mobbing skal ikkje skje, verken i skuletida eller på fritida. Born og unge har rett til å kjenne seg trygge og bli

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

* yter førstehjelp * tilkaller ambulanse

* yter førstehjelp * tilkaller ambulanse HANDLINGSPLAN VED ALVORLIGE ULYKKER ELLER DØD I SKOLE- TIDEN I FORHOLD TIL DEN FORULYKKEDE: Den først ankomne ansatte: * yter førstehjelp * tilkaller ambulanse * varsler rektor Ved rektors fravær varsles

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule, målet med denne planen: - Sørge for oppfylling av hensikt i Opplæringslova kap 9, at elevane på

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utdrag frå Opplæringslova: Kapittel 9a. Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing 2013-2016 Handlingsplan mot mobbing Skulane på Nærbø: Bø, Høyland, Motland, Vigre, Nærbø ungdomsskule 4 reglar mot mobbing 1. Me skal ikkje mobbe andre 2. Me skal forsøke å hjelpe andre elevar som vert

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Tiltaksplan mot mobbing og rasisme Oma skule Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Innhald 1. Visjon s. 3 2. Hovudmål s. 3 3. Føresetnader s. 3 4. Definisjon s. 3 5. Førebyggjande arbeid

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INDRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE 1 FORORD Alle barn har rett til skulegang, og dei har rett til å eit godt og trygt skulemiljø, fritt for mobbing og krenkjande handlingar. Frå våren

Detaljer

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar. ORDENSREGLAR FOR TJØDNALIO SKULE: Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø er blitt styrka gjennom opplæringslova 9a.I opplæringslova 2-9 er konsekvensar for dei som bryt reglane blitt

Detaljer

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved Handlingsplan mot mobbing og anna krenkjande åtferd ved Åheim skule Godkjent i SU 26.10.2015 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 5. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette

BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette Innhald Innleiing s. 2 Beredskapsteam s. 3 VARSLINGSPLAN s. 4 Kriseteam s. 5 Handlingsplan ved alvorleg ulykke s. 6 Handlingsplan ved

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette. SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette. Gjer dykk kjent med reglane som gjeld for dei ulike punkta i instruksen, og spør personalet dersom det er noko som er uklart.

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN VED TVERLANDET SKOLE

BEREDSKAPSPLAN VED TVERLANDET SKOLE BEREDSKAPSPLAN VED TVERLANDET SKOLE HJELP OG STØTTE I SORG OG KRISER MÅLSETTING: Å gjøre skolens ansatte best mulig skikket til å ivareta ansattes og elevers omsorgsbehov ved ulykker og / eller dødsfall.

Detaljer

Heilt einig. Litt einig

Heilt einig. Litt einig Trivsel Korkje eller u u u Barnet mitt trivst på skolen Barnet mitt har medelevar å være saman med i friminutta https://elfu.udir.no/administrasjon/order/preview.aspx?acid=1003&sid=364&bid=124660&did=1933&roleid=57&ugid=861002&qid=0&aid=0&lid=1&demo

Detaljer

Foreldremøte 19. september 2018

Foreldremøte 19. september 2018 Foreldremøte 19. september 2018 Folkestad skule NB: Husk å slå på mobiltelefonen når møtet er ferdig! Presentasjon av personalet TEMA FELLESDEL Praktisk info Samarbeidet skule heim Digitalt medvit «Ta

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I VINDAFJORDSKULANE Utgåve oktober 2010 (tilrådd i samla rektormøte vedteke av rådmann) Lokalt tilpassa Sandeid skule pkt 4 (vedtatt i Skulemiljøutvalet 17.11.10) FØREORD Det

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utarbeidet av skolen i samarbeid med elevrådet, foreldrenes arbeidsutvalg (FAU) og samarbeidsutvalget (SU) høsten 2007 HANDLINGSPLAN FOR Å FOREBYGGE, OPPDAGE OG STOPPE MOBBING

Detaljer

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne 14.11.2013 Elevane sine rettar 1. Elevane skal ha påverknad på arbeidsmengd, undervisningsopplegg og innhald i vekeplan og halvårsplan. 2. Elevane skal ikkje ha

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN OTTA SKOLE. (Oppdatert august 2012)

BEREDSKAPSPLAN OTTA SKOLE. (Oppdatert august 2012) 1 BEREDSKAPSPLAN OTTA SKOLE (Oppdatert august 2012) VARSLING VED UHELL OG ULYKKER 2 Følgende skal ha varslingsliste for foresatte: - kontoret + kopi på Frivilligsentralen (perm) - klassekontaktene (for

Detaljer

Harstad kommune FELLES FOR SKOLER FELLESPROSEDYRER SKOLER

Harstad kommune FELLES FOR SKOLER FELLESPROSEDYRER SKOLER Harstad kommune FELLES FOR SKOLER FELLESPROSEDYRER SKOLER ALVORLIGE ULYKKER/DØDSFALL FOR ELEVER I SKOLETIDEN Godkjent : Kvalitetsutvalget for skole Skrevet : Gunn-Karin Agersborg, Eli Vara og Grethe Akselsen,Wenche

Detaljer

SORGPLAN FOR TERRÅK SKOLE

SORGPLAN FOR TERRÅK SKOLE Side 1 av 8 SORGPLAN FOR TERRÅK SKOLE Side 2 av 8 Viktige telefonnummer Innhold Oversikt over materiell i kriseboks - Cd-er med aktuell musikk - duker - stearinlys - lysestaker - sanger (tekster, noter)

Detaljer

Handlingsplaner ved alvorlig ulykke, skade, dødsfall eller krise som har store konsekvenser for Vikhammer ungdomsskole.

Handlingsplaner ved alvorlig ulykke, skade, dødsfall eller krise som har store konsekvenser for Vikhammer ungdomsskole. Handlingsplaner ved alvorlig ulykke, skade, dødsfall eller krise som har store konsekvenser for Vikhammer ungdomsskole. Beredskapsledelse VUS: tlf 73980240 Ester Sandtrø (rektor) mob 95065928 Cecilie Karlsen

Detaljer

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1. HMS PLAN Det er utarbeida ein eigen plan for helse, miljø og tryggleik som skal vere med å sikre alle

Detaljer

HANDLINGSPLAN VED MOBBING

HANDLINGSPLAN VED MOBBING HANDLINGSPLAN VED MOBBING TILTAK 1. Når man blir vitne til eller gjort oppmerksom på fysisk eller psykisk mobbing eller plaging a. Den voksne oppsøker situasjonen, får oversikt over problemet og rydder

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE Ordensreglementet er heimla i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) 9A-10 og 9A-11. 1 Føremål Ordensreglementet

Detaljer

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt Ordensreglar Sæbø skule. Gjeldande frå 31.03.2014 Reglane for skulen gjeld på skulen sitt område i heile opningstida til skulen: 07:30 16:30. Reglane gjeld og ved undervisning utanfor skulen sitt område.

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR Danielsen Ungdomsskule Osterøy Lovverket Arbeidet mot mobbing og krenkingar har si forankring i lovverket. Opplæringslova kapittel 9A handlar om elevane sitt skulemiljø

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Innhald 1. Formål 2. Innleiing 3. Opplæringslova 9a 4. Definisjonar 5. Førebygging 6. Avdekking av negativ åtferd 7.

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I VINDAFJORDSKULANE Utgåve oktober 2010 (tilrådd i samla rektormøte vedteke av rådmann) FØREORD Det er nulltoleranse når det gjeld mobbing i Vindafjordskulane. Denne planen skal

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING FOLDNES SKULE FJELL KOMMUNE KUNNSKAP MEiSTRING BEGEISTRING TRYGGLEIK TRIVSEL HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skiftedalsvegen 1 Tlf 55 09 69 50 5353 Straume Fax 55 09 69 51 E-post: FoldnesSkuleAdministrasjon@fjell.kommune.no

Detaljer

Beredskapsplan for Strømme skole

Beredskapsplan for Strømme skole Beredskapsplan for Strømme skole Plan for å håndtere dramatiske hendelser og krisesituasjoner; ulykker og dødsfall. Katastrofesituasjoner Med en katastrofesituasjon menes en så omfattende og dramatisk

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Vedtatt i Skulemiljøutvalet Vedtatt i Skulemiljøutvalet 17.11.2010 FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD 1. Lovheimel Ordensreglementet er heimla i 1. Opplæringslova, 2-9: Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer