Lemonsjøen Utvikling AS Detaljregulering Fjellsida

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Lemonsjøen Utvikling AS Detaljregulering Fjellsida"

Transkript

1 Lemonsjøen Utvikling AS Detaljregulering Fjellsida Oppdragsgivar Lemonsjøen Utvikling AS Oppdrag Detaljregulering Fjellsida Rapport type Planomtale Prosjektnr Dato , rev Planomtale

2 Nordplan side 2 Prosjektnr: Dato: Status Rev. gjeld: Dato: Sign: KS: /Rev: 0 Utkast RKGS SL 1 Revisjon for 2. gongs behandling ØS SL 2 Revisjon for 2. gongs behandling ØS SL Kontaktinformasjon: Nordplan AS Pb Nordfjordeid Tlf: Kundeinformasjon: Vågå kommune Edvard Storms veg Vågå Kontaktperson: Laila Nersveen Ansvarleg for oppdraget: Nordplan AS Utarbeidd av: Ruth Karin Gunnes Selsjord Øyvind Sødal Prosjektleiar: Øyvind Sødal Sign: Kontrollert av: Steinar Løkken Sign:

3 Nordplan side 3 Lemonsjøen Utvikling AS Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 1 Rammer og retningsliner for planen Bakgrunn for planarbeidet Lokalisering Godkjende planar og utgreiingar Avgrensing av planområdet Krav til planprosess 5 2 Viktige omsyn i planarbeidet Nasjonale føringar Kommunale føringar Bruk av planområdet i dag Registreringar i planområdet 7 3 Medverknad og planprosessen Kunngjering av planoppstart Heimelshavarar og naboar som er varsla Innkomne merknadar 9 4 ROS-analyse Innleiing Avgrensing av analysen ved bruk av sjekkliste Metodikk for vurdering av hendingar Vurdering av konsekvensar og sannsynlegheit for moglege hendingar 12 5 Innhald i planen Utfordring, målsetting og strategi Estetisk kvalitet Universell utforming Omsyn til barn og unge sine interesser 15 Innhald: side 5.5 Bebyggelse og anlegg side Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Grønstruktur Landbruk Omsynssone bevaring kulturminne 17 6 Konsekvensar av planframlegget Verknadar for samfunn Verknadar for natur og miljø 19 7 Illustrasjonar Hellingskart Vegen Vedlegg: 1. Terrengsnitt av tomter 2. Flaum og skrevfarevurdering (SGC/Geofare rapport nr ) 3. Overvassplan (SGC/Geofare rapport ) 4. VA-plan, Rev 1 (VA-prosjektering AS, )

4 Nordplan side 4 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 1 Rammer og retningsliner for planen VÅGÅMO 1.1 Bakgrunn for planarbeidet Nordplan AS, avd. Vågå, utarbeider på vegne av Lemonsjøen Utvikling AS reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen. Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for høgstandard fritidsbustadar og utleigeeiningar knytt til skisenteret. Det er ønskje om å planleggje for løysingar med ski-inn og ski-ut til skisenter og langrennsløyper. 1.2 Lokalisering Planområdet ligg ved sørenden av Lemonsjøen i Vågå kommune, i ei skråning som vender nordaust. Området grensar mot Jotunheimen Lemonsjø alpinsenter, fv. 51 og skog. I utgangspunktet bestod planområdet av eit areal på omlag 240 dekar. Etter merknad frå Vågå kommune er området trekt ned frå omlag 1000 m.o.h. til omlag 930 m.o.h. med eit totalt areal på omlag 200 dekar. LEMONSJØEN PLANOMRÅDE PLANOMRÅDE LEMONSJØEN SKISENTER LEMONSJØEN FJELLSTUE LEMONSJØEN 1.3 Godkjende planar og utgreiingar Kommuneplan/kommunedelplanar I gjeldande arealdel til kommuneplanen er området avsett til byggjeområde fritidsbebyggelse (F05)og fritidsbebyggelse kombinert med fritids- og turistformål (F/FT01).

5 Nordplan side 5 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 1.4 Avgrensing av planområdet Planområdet ligg i ei nord-austvendt skråning (nordaustre del av gnr./bnr. 187/1F1112) og grensar mot Lemonsjø skisenter, fv 51 og skog. Areal: 200 dekar. Utsnitt frå kommuneplanens arealdel, vedteke Andre planar Planforslaget baserar seg på planlagt utbygging av byggeområda F/FT01 og F05 i kommuneplanens samfunnsdel og arealdel , vedteke Masterplanen for Lemonsjøområdet har i tillegg vore bruk rettleiande i arbeidet. 1.5 Krav til planprosess Det har vore møte og telefonsamtalar med Vågå kommune der utfordringar kring planarbeidet har vore drøfta. Planområdet ligg i eit regulert byggjeområde der kommunen ynskjer næringsutvikling. Plangrensa har vore vurdert i samråd med kommunen og Statsskog. Statsskog, som er grunneigar i området, stiller seg positiv til ei utbygging. Reguleringsplanen er i store trekk i tråd med gjeldande planar, det er difor ikkje funne naudsynt med planprogram. Offentleg ettersyn av planframlegget har medført behov for detaljert utgreiing av skredfare, og det er er vidare fokusert på avrenning av overvatn

6 Nordplan side 6 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 2 Viktige omsyn i planarbeidet 2.1 Nasjonale føringar Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for å utarbeide nasjonale mål og retningsliner for arealplanlegginga i Noreg. Planar som vert utarbeidd i strid med mål og retningsliner skal avgjerast av Miljøverndepartementet. Kommunen må følgje dei retningslinene og måla som statlege organ og fylkeskommunen kjem med i planprosessen. Dei skal sikre at viktige nasjonale og regionale omsyn til ei kvar tid vert ein del av planvurderinga. Det er viktig å ha ein planprosess med eit godt samspel mellom private lokale interesser og med statlege og fylkeskommunale organ. Kommunen kan eigengodkjenne planen dersom det ikkje ligg føre motsegn frå statleg fagmynde, fylkeskommune eller nabokommune. Fritidsbustadar St.meld. nr 26 Regjeringas miljøpolitikk og rikets miljøtilstand legg føringar for landskapsomsyn i arealplanlegginga. Fritidsbustadar skal lokaliserast og utformast med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk. MD sin rettleiar T-1450 Planlegging av fritidsbebyggelse gjev føringar for utbygging av fritidsbustadar med målsetting om meir miljøtilpassa fritidsbusetnad. Rettleiaren gjev føringar for kva område ein bør unngå hytteutbygging og kva omsyn ein bør ta i planlegginga av nye utbyggingsområde. 2.2 Kommunale planar Vågå kommune har ønskje om å utvikle Lemonsjøen som reiselivsdestinasjon og rekreasjonsområde ytterlegare i tråd med kommunale, overordna planar. Ved sidan av Gjendeosen skal Lemonsjøen vera eit strategisk satsingsområde i reiselivsutviklinga i Vågå. For planlegginga skal det leggjast vekt på følgjande: 1. Infrastruktur I Lemonsjøområdet er det gjort store investeringar i infrastruktur for veg, vatn og avlaup. Det kan vera naudsynt for å utvikle eit nett med gangvegar/ turstigar, parkeringsplassar og oppgradering med tanke på universell utforming. I tillegg er ein del byggjeområde enno ikkje fullt utbygd med veg og VA. 2. Grønstruktur I eit utbyggingsområde er det viktig å sørgje for at områda får ein gjennomført og robust grønstruktur. Dette er med på å auke trivsel i og kvalitet for området, slik at byggjeområda ikkje blir liggjande som grå tekniske øyer i naturlandskapet. 3. Allmenne fritidstilbod Området har i dag eit godt skiløype- og turstignett. Dette må utviklast vidare i omfang og kvalitet. Det er aktuelt med nye trasear, breiddeutviding, kvalitet på løyper og spor, skilting og merking, fiskeplassar, kvile- og rasteplassar, tilrettelegging av kulturminne, setrer, naturinformasjon, turkart m.m. Ein bør unngå at skiløyper kryssar vinterbrøyta veg. 4. Kommersielle fritidstilbod Marknaden etterspør i aukande grad tilrettelagde fritidstilbod, og reiselivsnæringa må heile tida drive produktutvikling på dette feltet. I tillegg er det viktig å kartlegge arealbehov og behovet for tekniske anlegg. 5. Utbygging av overnattings- og serveringstilbod Ei auke i verdiskapinga i reiselivet skjer både ved at kvar gjest brukar meir pengar og ved at ein skaffar seg fleire gjestar. Såleis må ein destinasjon ha gode arenaer der turistane kan bruke pengar. Området har vesentlege reserver når det gjeld byggjeområde, i tillegg kan det vera aktuelt å vurdere nye område. Ved sida av kommersielle fritidstilbod og detaljhandel, er det overnatting og servering som kan gje auka inntening for reiselivet i området. Her er også forholdet mellom varme og kalde senger, og turistsesongen si lengde viktig.

7 Nordplan side 7 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 2.3 Bruk av planområdet i dag Området er dels lite tilgjengeleg og store delar av området er attgrodd, noko som vitnar om at området ikkje er mykje nytta i dag korkje av folk eller beitedyr. 2.4 Registreringar i planområdet Topografi, vegetasjon, solforhold, naturverdiar Planområdet ligg i ei nordvendt li som grensar inn mot løypetrase til Jotunheimen Lemonsjø alpinsenter skisenter i aust og skogkledd li i vest. Området er småkupert, men blir opplevd som nokså einsarta. Lendet er bratt øvst og meir flatt med nokre bekkefar og ryggar lenger ned (sjå hellingskart). Det er stadvis blokklendt særleg i nord-aust. Grunnen er noko myrlendt lengst ned. Blokklendt terreng i nord-aust. Området består av skog med middels til låg bonitet. Det er lauvskog, hovudsakleg av ung bjørk, med innslag av rogn og selje og forskjellig kratt øvst. Lenger ned er det meir barskog med noko gran og nokre fine vaksne furutre. Undervegetasjonen består av kratt, høge bladvekster og gras. Den tette krattvegetasjonen gjer området stadvis lite oversiktleg og vanskeleg framkomeleg. Berggrunnen består av fyllitt og glimmerskifer. Området er dekt med tjukk morene i dei lågare områda og tynn morene med nokre ryggar av bart fjell lenger opp. Som nemnt består vegetasjonen av skog med middels til låg bonitet, og noko myr lengst ned mot fv 51. Området består av tett vegetasjon med meir opne parti. Det er ikkje registrert område som er verna eller framlagt til vern etter naturvernlova eller viktige naturtypar Infrastruktur Planområdet ligg heilt inn til parkeringsplassen til Jotunheimen Lemonsjø alpinsenter. Fv 51 går rett ved. På andre sida av fv 51 ligg fleire hytteområde, og det er kort avstand til Lemonsjø Fjellstue. Planområdet sett frå øvre sør-vestre hjørne.

8 Nordplan side 8 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Det renn ein liten bekk vest i planområdet og fine furutre veks i nedre del. Den nederste delen av området består stadvis av myr Kulturlandskap og kulturminne, kulturverdiar og friluftsverdiar Det er ikkje registrert viktige kulturlandskap og kulturverdiar i planområdet. Heller ikkje lokale og regionale viktige friluftsområde er registrert. Det er registrert tre lokalitetar med automatisk freda kulturminne i planområdet. To kolgroper (AFK1, ID og AFK2, ID ) og eit felt med kollag og malmrester som sannsynlegvis er ein røsteplass (AFK3, ID ). Det er ingen SEFRAK-registrerte bygg i planområdet Landbruksverdiar Det er ikkje registrert beiting i planområdet. Planområdet ligg likevel i kjerneområdet for beitedyr. Tessanden beitelag har sau på sommarbeite i nærleiken. Ei utbygging av området vil føre til meir beiteareal, samstundes som hytteeigarar ikkje alltid er like glade i å ha sauer rett utanfor døra. Det er difor viktig å finne gode løysingar som tek omsyn til landbruksinteresser så vel som hytte-/næringsinteresser i området.

9 Nordplan side 9 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 3 Medverknad og planprosessen 3.1 Kunngjering av planoppstart Planen vart i medhald av plan- og bygningslova av kunngjort oppstarta med annonse i Fjuken og GD og brev til grunneigarar, naboar, lokale og regionale høyringsinstansar, med frist for merknadar sett til Planen er elles utarbeidd etter pbl av 2008 som trådde i kraft Heimelshavarar og naboar som er varsla Gnr./Bnr. Namn Adresse Postnr. Poststad Vågå kommune Edvart Storms v VÅGÅ 187/1, Statskog SF Pb ELVERUM 187/1 F1112 Fylkesmannen i Serviceboks 2626 LILLEHAMMER Oppland Plankoordinator Oppland Serviceboks 2626 LILLEHAMMER fylkeskommune Planseksjonen Oppland Serviceboks 2626 LILLEHAMMER fylkeskommune Kulturseksjonen Statens Vegvesen Boks LILLEHAMMER Region Øst Vegkontoret NVE Region Øst Pb HAMAR Bedriftssenteret Vågå Fjellstyre Pb VÅGÅ Tessanden Åse Odnes 2683 TESSANDEN beitelag 187/1 F1112 Lemonsjøen Alpinsenter Gammelsvevegen VÅGÅ 3.3 Innkomne merknadar Merknad frå Tessanden Beitelag, datert Tessanden Beitelag stiller seg kritisk til at det blir lagt planar for hyttegrend ved Lemonsjøen skisenter fordi dette ligg midt i kjerneområdet for beiting av sau. Det har vore ei uttalt målsetting frå Vågå kommune at beitelaget i minst mogleg grad skal ha beitedyr i område som er regulert til fritidsbustadar og næringsutvikling. Tessanden beitelag ynskjer at utbygginga på Lemonsjøen blir avgrensa til området aust for fv 51 som til no er regulert til fritidsbustadar. Vurdering av merknad: Ei utbygging av planområdet vil føre til meir beiteareal for sau gjennom avskoging og at det vert mykje grønt i vegskråninger og rundt hyttene. I føresegnene er det teke høgde for at eit område på inntil 50 m 2 eller 50 løpemeter kan gjerdast inn på tomta, i tråd med kommunen sine vedtekne retningsliner på dette. Gjerdet skal vera festa til vegg i båe endar. Slik ynskjer utbyggar å skape ein brukbar situasjon for båe partar. Utbygginga vil føre til vesentleg meir beiteareal sjølv om det vert anledning til å gjerde inn eit areal i samband med kvar hytte. Merknad frå NVE, datert Planområdet ligg innafor Sjoa sitt nedbørsfelt. Sjoa med sideelver er varig verna. RPR gjeld for verna vassdrag. NVE minner om at terrenget er bratt og at det derfor er større fare for flaum og ras. Dette må vurderast og takast omsyn til i planlegginga. Utbyggar/kommune har ei sjølvstendig plikt, og ansvar for at faremomenta er vurdert og teke omsyn til. Vurdering av merknad: I NGIs rapport Kartlegging av utvalgte områder for skred datert 26. november 2008 er området vurdert som skredsikkert. Dei nye aktsemdskarta frå NGU syner at den øvste delen av planområdet er potensielt utløpsområde for snøskred. Derfor er det synt eit fareområde for skred i plankartet og stilt krav om at området skal undersøkast nærare før eit utbygging i den øvste delen. Området er ikkje vurdert å

10 Nordplan side 10 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen vera i faresona for flaum. Det går ein liten bekk sør i planområdet, men denne er ikkje vurdert til å gå så flomstor at det vil utgjera fare (sjå bilde side 7). Merknad frå Oppland fylkeskommune, datert Fageining for regional utvikling meiner at det er uheldig å omdisponere eit område som er avsett til aktivitetsområde til hytte-/utleigeføremål før ein får vurdert skikkeleg behovet for utbygging av aktivitetar framover og meiner difor at planarbeidet bør avvente prosessen med ein masterplan for området. Fageining for kulturvern seier at det må gjennomførast registrering av kulturminne i planområdet utover dei registreringane som føreligg. Vurdering av merknad: Utbygging av planområdet er viktig for å styrke grunnlaget for drifta i alpinbakken og ein av grunnane til at det er ynskjeleg med ei utbygging i dette området. Jotunheimen Lemonsjø alpinsenter er positive til utbygginga. Hyttefeltet avgrenser ikkje ei eventuell utviding med nye løypetrasear mot Randsverk som vil vere den mest naturlege utvidinga. Det vil gjennom heile planprosessen bli halde ein tett dialog med kommunen og arbeidet med masterplanen. Registreringar av kulturminne vart gjennomført sommaren Merknad frå Fylkesmannen i Oppland, datert Overordna planar: Fylkesmannen syner til arbeidet med masterplan for området og føreset at arbeidet med reguleringsplanen blir sett i samanheng med dette arbeidet. Fylkesmannen minner om at avvik frå kommuneplanen gjennom reguleringsplanlegging generelt bør gjerast greie for på kommuneplannivå. Konkrete merknadar: Fordi det er relativt stor helling i planområdet blir det anbefalt å ta omsyn til uheldig eksponering ved utarbeiding av plan og føresegner. Vurdering av merknad: Utbyggar har på førehandskonferanse med kommunen fått godkjenning for start av planarbeidet. Det vil, som tidlegare nemnt, gjennom heile planprosessen bli halde ein tett dialog med kommunen og arbeidet med masterplanen. Tiltak for å unngå uheldig eksponering vil bli teke omsyn til i plan og føresegner. Merknad frå Vågå kommune, datert Vågå kommune gir si tilslutning til at det blir utarbeidd eit reguleringsplanforslag etter for hyttegrend ved Lemonsjøen Skisenter. Vågå kommune tilrår at arealet som ligg i høgdesona m o h. blir teke ut av planområdet, ev. regulert til buffersone. Vågå kommune legg til grunn at landskap og estetiske omsyn er viktige premiss for utarbeiding av reguleringsplanen. Ut frå dette tilrår Vågå kommune at arealet som ligg i høgdesona m.o.h. blir teke ut av planområdet, alternativt at arealet inngår i planområdet som ei buffersone mot snaufjellet ved at det blir avsett som t.d. friluftsområde. Det er ikkje naudsynt med KU, men planheftet må gjera greie for konsekvensar for planområdet og må omfatte følgjande tema: Landskap og estetikk Biologisk mangfald Klima og energi Samferdsel Landbruk Vatn og avlaup Friluftsliv, jakt og fiske Kulturminne Samfunnstrygging (m.a. ROS-analyse) Det må bli innarbeidd føresegner om rekkjefølgje som sikrar at naudsynt infrastruktur er på plass før fritidsbustadane kan delast frå og takast i bruk. Det kan bli aktuelt å inngå utbyggingsavtaler.

11 Nordplan side 11 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Vågå kommune legg til grunn at planforslaget må ha tilslutning hjå Statskog SF og vera forankra hjå Vågå fjellstyre før kommunen tek planforslaget opp til handsaming. Vurdering av merknad: Merknadane frå Vågå kommune vil bli teke til etterretning. 4 ROS-analyse 4.1 Innleiing Kommunen har ansvar for å sikre forsvarleg bruk og vern av areal og bygningar i kommunen. Det er ei nasjonal målsetting at tryggleiks- og beredskapsomsyn skal inn som ein viktig del av samfunnsplanlegginga. Det er derfor viktig at aktuelle risikofaktorar blir vurdert ved endring av arealbruk. Det er utarbeidd sjekkliste for utarbeiding av ROS-analyse i samband med utarbeiding av planar. Eitt tema er vurdert til å trenge nærare utgreiing. I samsvar med ny plan- og bygningslov 4-3 samfunnssikkerheit og risiko- og sårbarheitsanalyse er det vurdert alle risiko- og sårbarheitsforhold som har betydning for om området er eigna til utbyggingsformål og kva eventuelle tiltak som må gjennomførast for å oppnå akseptabel risiko. Analysen er gjennomført i samarbeid med kommunen. 4.2 Avgrensing av analysen ved bruk av sjekkliste Emne Naturgjevne forhold/ klima a b c Nei Ja Omgjevnad Bør det gjerast ei vurdering av følgjande ROSforhold? Er området utsett for snø- eller steinskred eller større fjellskred? Er det fare for flodbølgjer som følgje av fjellskred i vatn/sjø? Er det fare for utgliding av området (ustabile grunnforhold)? Verksemdsrisiko Brann- /ulykkesberedskap Infrastruktur d Er området utsett for flaum/flaumskred? e Er det registrert radon i grunnen? f Vil skogbrann/lyngbrann i området vere ein fare for bustader/hus? g Er området sårbart for ekstremvêr/stormflo? h Er området utsett for havnivåendringar? i Jord- og flaumskred Regulerte vassmagasin i nærleiken, med a spesiell fare for usikker is? Naturlege terrengformasjonar som utgjer b spesiell fare (stup etc.)? c Vil drenering kunne føre til overflauming i lågareliggande område? a Omfattar området spesielt farlege anlegg? Vil utilsikta/ukontrollerte hendingar som kan inntreffe i nærliggande verksemder b (industriføretak etc.), utgjere ein risiko for området? Har området utilstrekkelig a sløkkjevassforsyning (mengde og trykk)? Har området dårlege tilkomstruter for b utrykkingskjøretøy? Er det kjende ulykkespunkt på transportnettet a i området? Vil utilsikta/ukontrollerte hendingar som kan b inntreffe på nærliggande transportårer inkl. sjø- og luftfart utgjere ein risiko for området: Er det spesiell risiko knytt til bruk av c transportnett i området: til skole/barnehage? til nærmiljøanlegg (idrett etc.)? Er det transport av farleg gods til/gjennom d området? Kan området vere utsett for trafikkstøy? e (ÅDT>1000)

12 Nordplan side 12 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Kraftforsyning Sårbare objekt Er området påverka/ forureina frå tidligare bruk Ulovleg verksemd Er området påverka av magnetfelt frå a høgspentliner? b Er det spesiell klatrefare i høgspentmaster? Vil tiltaket svekke forsyningstryggleiken i c området? Medfører bortfall av følgjande tenester spesielle ulemper for helse- og omsorgsinstallasjonar, andre viktige off. bygg, informasjons-, kommunikasjons- og a beredskapsinstallasjonar: - elektrisitet? - teletenester? - vassforsyning? - renovasjon/spillvatn? b Er det vassforsyning/drikkevatn i området c Er det spesielle brannobjekt i området? Er det omsorgs- og oppvekstinstitusjonar i d området? a Gruver: opne sjakter, steintippar osb.? b Militære anlegg: fjellanlegg, piggtrådsperringar osb.? c Industriverksemd som t.d. avfallsdeponering? a Er tiltaket i seg sjølv et sabotasje-/terrormål? Finst det potensielle sabotasje-/terrormål i b nærleiken? 4.3 Metodikk for vurdering av hendingar Sannsynleg Generell Skred Flaum 1. Lite s. <1pr./50 år >1/5000 år 2. Mindre s. 1pr.10 år 1pr.50 år >1/1000 år, og <1/5000 år 3. Sannsynleg 1pr. /1 år 1pr.10 år >1/100 år, og <1/1000 år 1 pr./20 år garasje/lager 1pr. /200 år - B/F/K/skule 1/1000 år - sjukehus, beredskap 4. Svært s. > 1 pr. år <1/100 år Som for sannsynleg Begrep Liv/helse Miljø 1. Ufarleg 0 personskade (ps) 0 skade 2. Ei viss fare Få/små ps Små, lokale skader 3. Kritisk Alvorlege ps Omfattande skade, regionale konsekvensar, restitusjon <1år 4. Farleg Alvorlege ps/1 død Alvorlege skadar, regionale konsekvensar, restitusjon >1år 5. Katastrofalt 1 eller fleire døde Svært alvorlege og langvarige skadar, uoppretteleg miljøskade Risikomatrise Konsekvens 1.Ufarleg 2. Ei viss 3. Kritisk 4. Farleg 5. Katastrofalt Sannsynleg fare 1. Svært s. Hending 2. Sannsynleg 3 Mindre s. Hending y 4. Lite s. Raudt felt: Uakseptabelt. Tiltak må setjast inn for å redusere til grøn/gul Gult felt: Indikerer risiko som bør reduserast ved tiltak Grønt felt: Akseptabel risiko 4.4 Vurdering av konsekvensar og sannsynlegheit for moglege hendingar S Hending 1 1 Hending 2 1 K Risiko 3 Risiko for skred som sekundærverknad av flaum/avrenning av overflatevatn 4 Trafikkulukke Kommentar til dei ulike hendingane Hending 1 Risiko for skred som sekundærverknad av flaum/avrenning av overflatevatn

13 Nordplan side 13 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Modellar utarbeida over snøskredfare, syner at det ut i frå hellingsgrad på terreng teoretisk er mogleg at det kan gå snøskred der nedkant av skredet kan koma inn i øvre del av planområdet. plangrensa opp til snaufjellet ikkje blir tynna eller teke ut, men det er lite sannsynleg at skogen det her er snakk om vil bli hogd ut. Skredrapporten som besvarar at utbyggingsformåla tilfredsstiller sikkerheitskriteria S2, i utbyggingsområdene, tek forbehold om at dei naturgjevene forholda ikkje vert endra. Vi vurderar at risikoreduksjonen ein vil oppnå med å legge restriksjonar på skogen over planområdet samla sett er liten, og finn det ikkje naudsynt å innføre dette som avbøtande tiltak. Planområdet er kupert, delvis med blokkmark, og det er ikkje større bekkar eller elver i området. Området ligg i utkanten av Rinda sitt nedbørsfelt. Vasskilet går rett nord for planområdet ved sørenden av Lemonsjøen. Nedbørsfeltet ovanfor planområdet er avgrensa av Kalvfjellet/ Kalvdalen og av alpinanlegget/kalvtjørnbekken. Nedbørsfeltet ovanfor hytteområdet er på om lag 360 dekar. Det er ikkje venta at vatnet vil gjera skade på bygningar eller menneske. Aktsemdskart frå NVE, syner potensiell skredfare som berører planområdet. Det er difor gjort ei vidare utgreiing av reell fare, som syner at det ikkje er reell fare for skred eller flaum i planområdet. Under kraftige nedbørs- og smelteperiodar vil det likevel kunna verta drenert ein del overflatevatn i fjellsida. Utbygging av hyttefeltet vil endre det naturlege dreneringsmønsteret til vatnet, og det er difor utarbeidd ein overvassplan for utbygginga. Denne gjev relevant flaumberekning for 200-årsflaum for nedslagsfelta både før og etter utbygging, samt berekning av naudsynte dimensjonar på flaumvegar og stikkrenner/kulvertar. Da det er kjent ei potensiell fare er det gjort ei vidare utgreiing av den reelle skredfaren i området (SGC/Geofare rapport ), som konkluderar slik: «På bakgrunn av blant anna klima, hellinga til fjellsida, lite nedslagsfelt og ingen samanhengande dreneringsvegar konkluderer vi med at det ikkje er fare for verken skred eller flaum i planområdet.» Vegetasjon kan vera med å avgrense omfanget på eit evt. skred. NGI har i sin oppsummeringsrapport for skog og skredprosjektet, rapport nr 92/2015 mellom annna gjort greie for oppbremsingseffekten fjellbjørkeskog vil kunne ha i utløpsområder for skred, og funne at denne er usikker/liten. Vi kan ikkje utelukke at vegetasjonen frå

14 Nordplan side 14 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Andre forhold i ROS-analysa Radon Det er ikkje gjennomført radonregistreringar i grunnen. Bygg for varig opphald skal sikrast mot radon i samsvar med TEK 10. Trafikkstøy ÅDT på Fv. 51 ligg på mellom Trafikkstøy treng ikkje å vurderast nærare når ÅDT er mindre enn 1000 per/døgn. I sjølve planområdet vil biltrafikk bli ubetydeleg. Sikre flaumvegar for avrenning av overflatevatn. Henta frå overvassplan (SGC/Geofare rapport nr ) Hending 2, trafikkulukke Det vil kunne vera ein liten fare for ulukke mellom bil og skiløparar da planområdet ligg rett ved eit alpinanlegg og området legg opp for skiinn og ski-ut. Fara blir vurdert som lite sannsynleg da det berre er hytteeigarar og leigetakarar som vil nytte vegane i planområdet. Det vil difor vere liten og saktegåande trafikk. Som tiltak vil det vera viktig å leggje opp til korridorar som kan nyttast av mjuke trafikantar til og frå skibakken, eit minimum er at kryssingar blir merka med skilt.

15 Nordplan side 15 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 5 Innhald i planen 5.1 Utfordring, målsetting og strategi Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for høgstandard fritidsbustadar og utleigeeiningar knytt til skisenteret. Det er ynskje om å planleggje for løysningar med ski-inn og ski-ut. Det skal leggjast opp til trinnvis utbygging, slik at ein kan byggje ut eitt område om gongen med veg og VA. Det er søkt å utarbeide ein fleksibel plan som kan tilpasse seg endringar i marknaden. 5.2 Estetisk kvalitet Bygg, anlegg og uteområde skal tilfredsstille rimelege estetiske omsyn både i seg sjølv og i forhold til omgjevnadane. Tiltak skal ha ei god estetisk utforming i samsvar med funksjon og med respekt for naturgjevne og bygde omgjevnadar. Skjemmande fargar skal ikkje tillatast og kan bli kravd endra. Byggverk og offentlege uterom skal ha arkitektonisk kvalitet. I dette ligg det at det skal vera kvalitet både teknisk, funksjonelt og visuelt. Med byggverk vert det i tillegg til bygg også meint tekniske anlegg som t.d. vegar, parkeringsplassar og møteplassar. 5.3 Universell utforming Universell utforming betyr at produkter, byggverk og uteområder som er i alminnelig bruk, skal utformes på en slik måte at alle mennesker skal kunne bruke dem på en likestilt måte så langt det er mulig uten spesielle tilpasninger eller hjelpemidler. Dette inkluderer funksjonsnedsettelser knyttet til syn, hørsel, bevegelse, forståelse og følsomhet for miljøpåvirkning (astma- /allergi). (Henta frå regjeringa sin handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne). Plan- og bygningsloven med TEK 2010 set krav til universell utforming for bygg, anlegg og uteområde retta mot allmenta, det vil seie publikums- og arbeidsbygg, både nye og eksisterande. Det er krav om heis i bygg for allmenta med meir enn éin etasje, jfr. TEK Fritidsbustadar reknast ikkje som bygg retta mot allmenta. Byggverk og uteområde, trafikkareal og parkering skal utformast slik at dei kan brukast av alle, i så stort omfang som mogleg. Det skal leggast vekt på universell utforming av tilkomst, fellesareal og veg-/trafikkareal slik at funksjonshemma og menneske med særskilde behov har høve til å nytte området, både utvendig og innvendig. For publikums-/arbeidsbygg som området avsett til forretning/kontor/tenesteyting kan ein ikkje omgå krav til universell utforming. Det er viktig å plassere byggverket slik at ein oppnår gunstige stigningsforhold og minst mogleg terrenginngrep. 5.4 Omsyn til barn og unge sine interesser Viktige nasjonale mål er å: Sikre eit oppvekstmiljø som gjev tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknadar, og som har dei fysiske, sosiale og kulturelle kvalitetar som til ei kvar tid er i samsvar med eksisterande kunnskap om behova til barn og unge. Ivareta det offentlege sitt ansvar for å sikre barn og unge dei tilbod og moglegheiter som samla kan gje den einskilde utfordringar og ein meiningsfull oppvekst, uansett bustad, sosial og kulturell bakgrunn. I Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging er det m.a. stilt krav til fysisk utforming. Planområdet må vere sikra mot forureining, støy, trafikkfare og anna helsefare. Det må finnast areal der barn kan utfalde seg og skape sitt eige leikemiljø. Dette føreset at areala er store nok og eignar seg for leik, gir høve for ulike typar leik til ulike årstider, og at dei kan nyttast av ulike aldersgrupper. Det er viktig å sikre areal til leik og møteplassar som er trafikksikre og eigna til bruk i dei ulike årstidene.

16 Nordplan side 16 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Området ligg like ved Lemonsjøen Alpinsenter, som også er godt tilrettelagt for ungar med eigne barnebakkar og bru over riksvegen for trygg tilkomst til barnebakken som ligg på andre sida av riksvegen. Det er lagt opp til nedfartsløype/ skiløypetrase gjennom hyttefeltet. Området elles har rik tilgang til naturområde og turmoglegheiter. 5.5 Bebyggelse og anlegg Fritids- og turistføremål Området er tenkt bygd ut med fritidsbustadar, tomannshytter eller fritidsleilegheiter for sal eller utleie. Fordi planen søkjer å vera mest mogleg fleksibel i forhold til stadige endringar i marknaden ønskjer ein å gje opning for bygging av ulike typer utleigeeiningar som enkelthytter, tomannshytter og leilegheiter. Fritidsbustader Den øvre delen av planområdet er tenkt bygd ut med fritidsbustader for sal. Utnyttingsgrad Tomteutnyttinga vert utrekna etter rettleiaren H-2300 (20. jan. 2014) Grad av utnytting. Den er synt med prosent bebygd areal, %-BYA, og er synt på plankartet. Bebygd areal blir rekna etter 3-4 og er summen av areal til: Bygget Overbygde opne areal Naudsynt parkeringsareal Konstruksjonar som er meir enn 0,5 meter over gjennomsnitt terrengnivå Utkraga bygningsdelar med fri høgde over terreng mindre enn 5 m Sjå figur frå rettleiar Grad av utnytting nedanfor. Energianlegg og brannhydrantar Det er sett av plass til trafo i feltet. Brannhydrantar er ikkje merka av på plankartet, men skal monterast i dei ulike delområda før desse kan takast i bruk. Skiløype For å leggje forholda til rette for ski-inn og ski-ut er det oppretta ei skiløype gjennom området med fleire koplingspunkt til løypenedfartane. Skiløypetraseen skal leggast til rette i så stor grad at den fungerer til føremålet. Vegetasjonen skal takast ut. 5.6 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Køyreveg Plangrensa er lagt til senterlinja for fylkesvegen. Veg Vegane i området blir opparbeidd som tilkomstveg A2 i middels tett busetnad i forhold til Statens vegvesen si handbok N100 Veg og gateutforming.

17 Nordplan side 17 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Tilkomstvegar skal opparbeidast inntil 4,5 meters breidde, med grøftbreidde 2,0 meter på kvar side, og med eventuelle møteplassar innafor regulert vegbreidde. Minste byggeavstand er 8 m målt frå vegen si senterlinje. Parkering er ikkje tillatt langs desse vegane. Der skråningsutslag til tilkomstvegen må takast opp med mur, skal denne utførast i naturstein og best mogleg tilpassast terrenget. Parkeringsplassar/mellombels massedeponi Det blir opparbeidd ein parkeringsplass i nedre del av området. Denne parkeringsplassen kan nyttast av alle etter behov, også skitrekket. Under opparbeiding av feltet vil SPA1 kunne nyttast som mellombels massedeponi. I plankartet ligg også parkeringa som er nytta for alpinsenteret som SPA2. Vassforsyning, avlaup-, og overvasshandtering Det er teke utgangspunkt i kommunens VA-norm for vass- og avlaupsplanlegginga. Eksisterande VA anlegg i Lemonsjøen området er dimensjonert for om lag 2000 pe. Full utbygging av Fjellsida hytteområde vil tilsvara om lag 860 pe. Trykkforholda i det eksisterande anlegget gjer at alt areal for etablering av leilegheiter og hytter kan bli forsynt med drikkevatn med naturleg trykk opp til kote om lag 920 moh. Brannvassmengda vil vera dimensjonerande for dimensjonar på leidningar der hydrantar og brannventil skal etablerast. Avløpsleidningar er dimensjonert mot. kapasitet og sjølvrens. Som følgje av den planlagde utbygginga vil avrenningsmønsteret for overflatevatn verte endra. Størst innverknad vil tilkomstvegane ha på den naturlege dreneringa. Ved å etablere gode grøfter på oppsida av vegane, og nytte moglegheitene som finst med fordrøyning i grøft og elles på tomtene, kan desse nyttast som flaumvegar. Det er berekna naudsynte dimensjonar på flaumvegar og stikkrenner/kulvertar. 5.7 Grønstruktur Det er sett av område for å sikra vegetasjonssoner mot områda rundt. Det er sett eit minimum 10 m breidt belte mot traseane i alpinanlegget og ei vegetasjonssone mot Fv Landbruk Planformåla landbruk og grøntareal vil vera tilgjengeleg for utnytting av beiteressursen i området. 5.9 Omsynssone bevaring kulturminne Kulturminna i planområdet vil bli ivareteke gjennom planen, og er sett på som ein kvalitet. 6 Konsekvensar av planframlegget 6.1 Verknadar for samfunn Jakt, fiske Området er i svært avgrensa grad nytta til vilt, og ein reknar ikkje området som brukt i jakt. Det er heller ikkje fiskebekkar/elver i planområdet. Stigar og snarvegar Området er prega av krattskog og det er ingen markerte stigar i området. Like sør for planområdet går det ein merka og tydeleg sti mot Randsverk. Denne blir ikkje rørd av planforslaget. Ved opparbeiding av dei ulike utbyggingsområda skal det leggast til rette for snarvegar og passasjer. Skiløypetraseen (BST1-5) som er regulert gjennom området vil og vera med å sikre dette.

18 Nordplan side 18 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen Friluftsareal og tilgjenge til utmark Planforslaget vil ikkje føre til mindre tilgjenge til friluftsareal og utmark fordi planområdet ligg på eit areal som ikkje er nytta i frilufts- eller utmarkssamanheng i dag. Området er dessutan lite tilgjengeleg. Beitebruk Planområdet er ikkje nytta til beiteareal for sau i dag. Området ligg likevel i kjerneområdet for sauebeite. Ei utbygging av området vil føre til meir ope og tilgjengeleg areal for beiting både i samband med vegskråningar og fritidsbusetnad. Ein kan såleis sjå føre seg ei økt beiting i dette området etter utbygging. I reguleringsplanen er det gjeve rom for inngjerding av deler av tomta. Ved forsvarleg gjerding slik at beitedyr ikkje kan komme til skade, vurderast planforslaget slik at ei utbygging og løyve til å sette opp inntil 50 løpemeter gjerde eller gjerde inn eit areal på inntil 50m 2 i samband med fritidsbustaden ikkje fører med seg vesentlege negative konsekvensar for sauenæringa. Kulturminne Det er funne tre automatisk freda kulturminne i opprinneleg tiltenkt planområde (desse er avmerka på plankartet). Desse er bandlagt i planen med omsynssone på 30 m ikring for å ivareta kulturmiljøa. Inngrep i samband med VA Anlegget må koble seg på eksisterande VA-system. For å gje minst mogleg terrenginngrep vil VA i hovudsak følge vegtrasear. Nokre avstikkarar vil bli naudsynt, desse skal leggjast så skånsomt som mogleg inn i terrenget. For å gje minst mogleg inngrep skal topplaget forsiktig skavast av og leggjast naturleg attende over inngrepet. Dette gjev minst mogleg synleg skade og sikrar naturleg revegetering. Områda VF1 og VF2 er lagt inn i planen med tilhøyrande føresegner om eventuelt høgdebasseng og trykkaukestasjon. Køyremønster/ trafikkbelasting For fv 51 vil utbygging av området føre til minimal auke av ÅDT. Trafikken vil ved full utbygging av feltet kunne bli noko meir konsentrert ved utfartshelger og i feriar. Gjennomføring av planforslaget vil ikkje føre til endring i køyremønsteret. For parkeringsplassen SPA2 ved avkøyringa vil gjennomkøyring til feltet føre til nokre færre biloppstillingsplassar i det søre hjørnet av parkeringsplassen. Støy Det er teke inn støyvarselkart utarbeidd av Statens vegvesen (2013). Støyvarselkartet nyttast der det etter retningslinene for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442) er sannsynleg at det kan førekomme støy. Gul og raud støysone, jf. er vist med H220 (gul sone iht. T-1442) og H210 (raud sone iht. T-1442) på plankartet, og råker ikkje planlagde utbyggingsformål. Trafikkulukke All motorisert ferdsel medfører ei fare for trafikkulukker. I planforslaget er kryssløysinga mot fv 51 utbetra innan planområdet. Det er og planer om utbygging av gang- og sykkelveg på andre sida av fv 51. I sjølve planområdet er vegen utforma smal og med kurvatur som vil vera med å halde farta låg. Det er og lagt opp ein eige trase/skiløype for å leggje området til rette for ski-inn og ski-ut for å hindre farlege situasjonar mellom mjuke trafikantar og bilar. Krysspunkta for skitraseen må skiltast. Ein vil på denne måten søkje å tilrettelegge for minst mogleg farlege situasjonar. Eigedomsforhold Planområdet er festa av Lemonsjøen utvikling AS. Kostnadsoverslag Planen er utarbeida slik at området kan byggast ut etappevis. Slik treng ein ikkje å ta heile utbyggingskostnaden på ein gong, men avvente og tilpassa seg marknaden.

19 Nordplan side 19 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 6.2 Verknadar for natur og miljø Naturmangfald Vurderingar etter 8 i naturmangfaldlova (nml): I kap. 2.4 er det lagt til grunn at det ikkje er registrert særlege verdiar innanfor området, og at det ikkje er naudsynt med ytterlegare kunnskapsgrunnlag for å ta stilling til verknadane av planframlegget. Det er ikkje større sannsynleg gevinst for naturmangfaldet ved å lokalisere planområdet andre stadar ved Lemonsjøen. Området er ut frå ei totalvurdering ei god lokalisering med omsyn til mellom anna behov for nye infrastrukturtiltak som vegar, omsynet til kulturminne og landskap. 11 om at tiltakshavar skal dekke kostnadar ved å hindre eller avgrense skade på naturmangfaldet vert rekna som lite relevant for dette planvedtaket. kombinert med ved. Området ligg godt til rette for varmepumpe luft til luft. Sol/ skugge Planområdet ligg i ei nordaustvendt li. Området har gode solforhold om sommaren. Midtvinters vil det vera mindre sol i området. Vind og lokalklima Området ligg i ei lun li i eit lite verhardt område. Biologisk mangfald Det er ingen raudlisteartar i området. Ei utbygging vil ikkje ha særskilde negative konsekvensar for biologisk mangfald. Innordning i landskapet Området er tett vegetert med krattskog som ikkje har spesielt høg estetisk verdi i seg sjølv. Unntaka er dei store furutrea i nedre del av området som skal takast vare på så langt det er praktisk mogleg. Vegtraséar i området er søkt lagt inn på ein så skånsom måte som mogleg. I et småkupert og tidvis bratt terreng vil vegen stadvis bli eit sår i landskapet. Ved skjøtsel og ivaretaking av vegetasjon vil dette minske virkninga av vegen. På lik linje som for VA trasear skal topplaget, for å gje minst mogleg inngrep, forsiktig skavast av og leggjast naturleg attende over inngrepet. Ved utarbeiding av situasjonsplan for dei enkelt byggeområda skal bygga vera tilpassa terrenget, og byggeområdet gjerast minst mogleg for å ta vare på området sin karakter og gje minst mogleg terrenginngrep. Klima og energi Bygg skal planleggast etter nye energiforskrifter med mest mogleg energieffektive løysingar. Hovudoppvarming vil vera elektrisitet

20 Nordplan side 20 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 7 Illustrasjonar 7.1 Hellingskart

21 Nordplan side 21 Reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen 7.2 Vegen